• No results found

KLAGER OVER VALET

In document Valghåndboken (sider 149-152)

23.1 Kven har klagerett?

Alle som har røysterett ved valet, har klagerett, jf. vallova § 13-1 og § 13-2. Dette gjeld både ved stortingsval og ved kommunestyreval/fylkestingsval. Ved kommunestyreval har ein klagerett i den kommunen ein er manntalsført. Ved stortingsval og fylkestingsval har ein klagerett i det valdistriktet ein er manntalsført.

Kravet om manntalsføring gjeld ikkje for den som klagar, dersom klaga gjeld

spørsmål om røysterett eller om høvet til å røyste. Då kan også dei som ikkje er blitt manntalsførte, klage.

23.2 Kva kan det klagast over

Det er felles reglar for stortingsval og kommunestyreval/fylkestingsval på dette området, jf. vallova § 13-1 og § 13-2, første ledd i begge. Ein kan klage over «forhold i forbindelse med forberedelsen og gjennomføringen av valget». Det betyr at ein i prinsippet kan klage over alle typar forhold. Det er ingen avgrensingar ut over at forholdet må vere knytt til førebuingane og gjennomføringa av valet på ein eller annan måte. Det er ikkje krav om at det for eksempel dreier seg om eit

enkeltvedtak.

23.3Særreglar som gjeld krav om retting i manntalet og klage som gjeld listeforslag

For enkelte typar forhold har vallova visse særreglar om klage. Det gjeld for det første krav om retting i manntalet i § 2-7. Den som meiner at vedkomande sjølv eller nokon annan uriktig er blitt innført eller utelaten frå manntalet i kommunen, kan krevje at valstyret rettar feilen. Sjå nærmare om høvet til å krevje retting i

manntalet i kapitlet om røysterett og manntal. For det andre er det ein særregel i § 6-8 om listeforslag. Klager over vedtak i valstyret/fylkesvalstyret om å godkjenne eller forkaste eit listeforslag må setjast fram innan sju dagar etter at dei godkjende

vedtaket, kan også eit registrert politisk parti sentralt klage over eit vedtak, dersom dei meiner at eineretten til partinamnet deira er krenkt. Sjå nærmare om dette i kapitlet om listeforslag og behandlinga av desse.

23.4 Klagefrist

Klagefristen er sju dagar etter valdagen, jf. § 13-1 og § 13-2, andre ledd i begge. Det er likevel høve til å setje fram klager over forhold som gjeld valførebuingane og

gjennomføringa, også tidlegare. Det mest føremålstenlege vil naturleg nok vere at klaga blir sett fram så tidleg som mogleg, slik at eventuelle feil kan rettast med verknad for valet. Klaga må innan sju dagar etter valdagen vere komen inn til eit av dei organa klaga skal setjast fram for, jf. punkt 23.7. Det er ikkje nok at klaga er postlagd innan fristen.

Fristen for å fremje ei klage over valoppgjeret er sju dagar etter at valoppgjeret er godkjent av fylkestinget eller kommunestyret.

23.5 Krav om skriftlegheit

Etter § 13-1 og § 13-2, tredje ledd i begge, er det eit krav at klaga skal vere skriftleg.

23.6 Kvar klagen skal setjast fram

Klager ved stortingsval skal setjast fram for valstyret i kommunen, fylkesvalstyret, Statsforvaltaren, departementet eller Stortingets administrasjon.

Ved kommunestyreval skal klaga setjast fram for valstyret i kommunen. Ved

fylkestingsval skal klaga setjast fram for fylkesvalstyret. Ei klage som gjeld forhold av betydning for begge vala, kan setjast fram anten for valstyret eller for fylkesvalstyret.

Uansett gjeld prinsippet om at forvaltningsorganet har rettleiingsplikt og skal sende saka til rett instans dersom ho er komen feil stad.

23.7 Kven som er klageinstans 23.7.1 Stortingsval

Vallova § 13-1 fjerde ledd regulerer kven som behandlar klager ved stortingsval.

Stortinget er klageinstans når det gjeld klager om røysterett og retten til å røyste.

Riksvalstyret skal gje ei fråsegn til Stortinget om klagesakene. Andre klager blir behandla av riksvalstyret. Riksvalstyret sender vedtaka sine i klagesaker til Stortinget.

23.7.2 Kommunestyreval og fylkestingsval

Departementet er klageinstans for klager over kommunestyreval og fylkestingsval, jf.

§ 13-2 fjerde ledd. Vedtaka departementet gjer i klagesaker, er endelege. Dei kan ikkje førast inn for domstolane til overprøving. Bakgrunnen er behovet for ei snarleg og endeleg avgjerd.

23.8 Klagebehandlinga og følgjene av denne

For klagebehandlinga gjeld alminnelege forvaltningsrettslege prinsipp.

Valstyret/fylkesvalstyret skal prøve saka og vurdere om ei klage skal få medhald.

Dersom ei klage ikkje får medhald, skal saka sendast over til riksvalstyret (ved stortingsval) eller departementet (ved lokalval) til behandling.

Valmyndigheitene kan gjere om avgjerdene/vedtaka sine på vanleg måte, innanfor

grensene som forvaltningslova set. Vedtaksorganet kan oppheve eller endre enkeltvedtak dersom klaga blir vurdert som grunngjeven, jf. forvaltningslova § 33. Det same gjeld for klageinstansen, jf. forvaltningslova § 34. Det er på nærmare vilkår høve til å rette enkeltvedtak også utan at det er klaga, jf. forvaltningslova § 35. Elles er det fritt opp til valmyndigheitene å rette eventuelle feil, enten det er klaga eller ikkje.

Riksvalstyret avgjer om ei klage skal takast til følgje, i dei tilfella der det har avgjerdsmyndigheit i klagesaker. Elles gjev riksvalstyret fråsegn til Stortinget.

Departementet fungerer som sekretariat for riksvalstyret i klagesakene.

Stortinget avgjer om stortingsvalet er gyldig, jf. vallova § 13-3 første ledd. I samband med det kan Stortinget i klagesaker også vurdere og eventuelt gjere om avgjerder i

riksvalstyret.

Vallova § 13-2 fjerde ledd regulerer høvet departementet har til å kjenne eit val ugyldig.

Dersom det ved kommunestyreval er gjort feil som ein går ut frå har hatt betydning for mandatfordelinga mellom listene, og som ikkje kan rettast, skal valet i kommunen kjennast ugyldig. Dersom det ved fylkestingsval er gjort feil som ein reknar med har verka inn på mandatfordelinga mellom listene, og som ikkje kan rettast, skal

departementet kjenne valet i ein kommune eller i heile fylket ugyldig.

23.9 Klager over forhold som ikkje kan rettast

Mange forhold knytte til førebuinga og gjennomføringa av valet vil det ikkje vere mogleg å rette på det tidspunktet når klaga blir sett fram. Valstyret/fylkesvalstyret kan då ikkje ta klaga til følgje. Det er fordi ein feil i så fall må rettast ved å kjenne valet ugyldig, noko valstyret/fylkesvalstyret ikkje har kompetanse til.

Valstyret/fylkesvalstyret skal førebu saka. Behandlinga av slike klagesaker hastar.

Derfor må det straks etter at ei slik klage er motteken, det vil seie før

valstyret/fylkesvalstyret har behandla klaga, sendast kopi av klaga til departementet.

Samtidig bør kommunestyret eller fylkestinget orienterast ved lokalval.

Ved lokalval tek departementet stilling til om det er gjort feil som ein må rekne med har hatt betydning for mandatfordelinga. Dersom ein må rekne med at ein eventuell feil er av betydning for mandatfordelinga, kjenner departementet valet ugyldig og påbyr omval.

Reknar ein med at ein feil ikkje har betydning for mandatfordelinga, sender

departementet underretning om det til valstyret/fylkesvalstyret, som legg dette til grunn når det fremjar si innstilling for det nyvalde kommunestyret/fylkestinget.

Ved stortingsval er det Stortinget sjølv som gjer vedtak om valet er ugyldig, og påbyr eventuelt omval.

24 OPPBEVARING, AVHENDING OG TILINKJESGJERING

In document Valghåndboken (sider 149-152)