• No results found

Framgangsmåte og rutinar ved røystegjeving

In document Valghåndboken (sider 102-106)

12 RØYSTEGJEVING PÅ VALDAGEN

12.9 R ØYSTEGJEVING I VALLOKALET

12.9.3 Framgangsmåte og rutinar ved røystegjeving

Alle veljarar som møter opp i vallokalet på valdagen(-ane), skal som utgangspunkt få røyste. Veljarar som er ukjende for røystemottakaren, og som ikkje kan legitimere seg, må bli bedne om å kome tilbake med legitimasjon. Røystestyret skal ikkje ta imot røyster frå ukjende veljarar som ikkje kan legitimere seg. Røystestyret må vere bevisst på at når dei kryssar av for veljaren i manntalet, går dei god for at veljaren faktisk er den han eller ho gjev seg ut for å vere. Sjå om kravet til legitimasjon i punkt 10.9, som gjeld tilsvarande på valtinget.

Veljarane skal kryssast av i manntalet før dei legg røystesetlane i urna. Lova har ikkje reglar som fastset om manntalsavkryssinga skal skje før eller etter at veljaren har vore i røysteavlukket. Det avgjerande er at det skjer før røystesetlane blir lagde i urna.

Ved kvart val blir det enkelte stader registrert fleire røystesetlar i urna enn kryss i manntalet. Dette kan blant anna kome av at nokre veljarar for eksempel har brukt ein blank røystesetel som omslag for røystesetelen, eller at veljarar legg røystesetelen i urna utan at røystesetelen er stempla. Avvik mellom talet kryss i manntalet og talet på røystesetlar i urna skal ikkje førekome. Departementet går ut frå at den mest vesentlege årsaka til slike feil er manglande merksemd frå røystemottakaren. God logistikk i vallokalet er derfor svært viktig og nødvendig, sjå punkt 12.9.2.

Bruk av munnbind er tilrådd i visse situasjonar i område med aukande eller høgt smittepress når det ikkje kan haldast avstand. Om det blir innført nasjonale eller lokale råd om at munnbind skal brukast, vil det også kunne gjelde for valet. Det kan vere naudsynt å fjerne munnbindet for at valmedarbeidaren skal kunne identifisere veljaren. Råd for korrekt handtering av munnbind må då følgjast.

Sjå generelle råd i artiklane Munnbind og visir i befolkninga på nettsidene til Folkehelseinstituttet.

Røystesetelen skal brettast saman slik at det ikkje er synleg kva valliste veljaren røystar på. Veljaren skal gjere denne samanbrettinga «i enerom og usett», jf. § 9-5 tredje ledd. Deretter leverer veljaren røystesetelen til røystestyret, som stemplar setelen med eit offisielt stempel. Etter at røystesetelen er blitt stempla, legg veljaren setelen ned i ei urne.

Departementet presiserer at det er viktig å ta forholdsreglar for å sikre at røystegjevinga til veljarane ikkje blir kjend for uvedkomande. Spesielt bør ein leggje vekt på å hindre at veljarane brettar røystesetlane feil veg, slik at det er synleg korleis han eller ho har røysta. Dette er heilt vesentleg for å sikre prinsippet om hemmeleg val, og for å gardere seg mot at uvedkomande kan kontrollere korleis veljaren har røysta. Det er røystestyret sitt ansvar å sjå til at veljarane ikkje kjem ut av avlukket med røystesetelen bretta feil.

Det kan røystestyret gjere ved at ein medlem av røystestyret – eller ein valfunksjonær – er plassert utanfor avlukka og viser veljarane tilbake inn i avlukket dersom han eller ho registrerer at setelen er bretta feil veg. Eit anna tiltak kan vere at ein røystestyremedlem eller ein funksjonær gjev veljarane rettleiing om korleis røystesetlane skal brettast, før dei går inn i avlukket. I alle vallokale bør det finnast informasjon om korleis

røystesetlane skal brettast. Slik informasjon bør finnast både inne i avlukka og på andre stader i lokala.

Det er også viktig med gode rutinar rundt stempling av røystesetelen før han blir lagd ned i urna. I 2002 vart det utarbeidd ein internasjonal standard for

gjennomføring av val («The Code of Good Practice in Electoral Matters») av Venezia-kommisjonen.

Denne standarden er ikkje juridisk bindande, men blir ofte nytta som referanse når internasjonale valobservatørar vurderer valsystema i ulike land. Artikkel 35 i standarden fastset:

«The voter should collect his or her ballot paper and no one else should touch it from that point on.»

Dersom veljaren leverer frå seg røystesetelen til den som skal stemple setelen, kan det hevdast at det er i strid med den siterte føresegna, sjølv om setelen er bretta saman slik at ingen kan sjå kva valliste han gjeld for. Departementet meiner det er mogleg å oppfylle krava i standarden, dersom ein går fram slik at veljaren legg den samanbretta røystesetelen på bordet til røystestyret og held fast i han mens han blir stempla, utan at den som bruker stempelet, er i direkte fysisk kontakt med setelen.

Ei anna løysing kan vere at veljaren sjølv får stemple setelen før han blir lagd i urna.

Ved kommunestyre- og fylkestingsval skal begge setlane stemplast dersom veljaren gjev røyst til begge vala. Den som stemplar setlane, må forsikre seg om at

røystesetlane har ulik farge, ein rosa og ein blå. Røystesetlane til begge vala kan leggjast i ei og same urne. Det er likevel høve til å ha to urner ståande på bordet til røystestyret, slik at veljarane kan leggje setlane for kvart val i ulike urner. I slike tilfelle bør kvar urne merkjast godt slik at ein unngår samanblanding av setlane.

måtar kontrollere om han eller ho har eller skal røyste til begge vala.

Dersom det er openbert at veljaren har brukt ein annan røystesetel som omslag, bør likevel røystestyret gjere vedkomande merksam på det.

Dersom veljaren ved ein feil skulle kome til å leggje ein ustempla røystesetel i urna, må røystestyret ikkje opne urna og ta ut røystesetelen for å stemple han. Feilen kan heller rettast ved at veljaren får høve til å hente ein ny røystesetel som

valfunksjonæren stemplar før han blir lagd i urna. Den ustempla røystesetelen blir forkasta. Slike tilfelle må noterast sidan det vil føre til avvik mellom mottekne røystegjevingar og talet på kryss i manntalet. Avvik skal protokollerast i møteboka til røystestyret.

Både røystestyra og valstyra er pålagde å bokføre alt som blir behandla på valtinget, jf. vallova § 10-7, jf. valforskrifta § 41. Departementet viser til at formular for

protokollering og tilhøyrande krav formelt er ei forskrift, og at kommunane er forplikta til å nytte desse. Av formulara går det fram at talet på kryss i manntalet skal avstemmast mot røystene som er gjevne, og at avvik skal grunngjevast.

Sjå oransje boks under punkt 12.4.1 om tilgangen til å opprette ekstra vallokale og kapittel 21 om protokollering av val i ekstra vallokale.

Mottak av røyster i ekstra vallokale:

Måten røyster blir tekne imot på i ekstra vallokale er avhengig av om kommunen nyttar elektronisk avkryssing i manntalet eller papirmanntal. Framgangsmåten følgjer av ny mellombels føresegn i vallova § 9-3 b (2) jf. § 9-5 a.

Ved elektronisk avkryssing i manntal, skal:

røystemottakaren setje kryss ved namnet på veljaren i manntalet

veljaren leggje røystesetelen i urna

Skulle EVA bli utilgjengeleg skal røystesetlane behandlast som beredskapsrøyster etter valforskrifta § 31 a, sjå punkt 12.9.4.

Ved papirmanntal, skal:

røysta gjevast i røystesetelkonvolutt

røystesetelkonvolutten leggjast så i ein omslagskonvolutt

omslagskonvolutten leggjast så i urna

Denne framgangsmåten er naudsynt som følgje av at det ikkje vil vere tilgjengeleg eit krinsmanntal for det ekstra vallokalet.

Sjå oransje boks under punkt 12.4.1 om ambulerande valtingrøyster for karantene og isolasjon, og å gje frå seg valtingrøyster på eigne stader for veljarar i karantene.

In document Valghåndboken (sider 102-106)