• No results found

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova § 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Kvinnherad kommune – Rosendal ungdomsskule

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "TILSYNSRAPPORT Opplæringslova § 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Kvinnherad kommune – Rosendal ungdomsskule"

Copied!
6
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

1

TILSYNSRAPPORT

Opplæringslova § 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring

Kvinnherad kommune – Rosendal ungdomsskule

(2)

2

Innhold

1. Innleiing ... 3

2. Rettsleg grunnlag for tilsynet ... 3

3. Tema for tilsynet ... 3

4. Rettslege krav ... 3

Opplæringslova § 2-15 Rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring: ... 3

Opplæringslova § 2-11 Permisjon frå den pliktige opplæringa ... 4

5. Skriftleg dokumentasjon ... 4

6. Oppsummering av dei skriftlege tilbakemeldingane... 5

Informasjon ... 5

Arrangement i regi av skulen og finansiering av desse ... 5

Arrangement i regi av foreldre ... 5

Gåvekasse/gåvekonto ... 5

Permisjonar ... 6

7. Fylkesmannens vurdering ... 6

8. Konklusjon ... 6

(3)

3

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Kvinnherad kommune, Rosendal ungdomsskule. Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering av skulen. Tilsynet er gjennomført ved å vurdere praksis og rutinar som er omtalt i tilbakemeldingane frå kommunen og skulen opp mot lovkrav.

2. Rettsleg grunnlag for tilsynet

Etter opplæringslova § 14-1 har Fylkesmannen heimel til å føre tilsyn med offentlege skular.

Kommunelova har utfyllande reglar om dette i kapittel 10A, jf. § 60c. Tilsynsmyndigheita skal i denne samanheng ha tilgang til skuleanlegg og dokumentasjon.

Tilsynet har ikkje avdekt lovbrot.

3. Tema for tilsynet

Tema for tilsynet var om Rosendal ungdomsskule følgjer krava i opplæringslova § 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring.

§ 2-15 seier:

Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa.

Vidare er det vurdert om krava i opplæringslova § 2-11 om permisjon frå den pliktige opplæringa er følgt når denne regelen blir aktualisert i samanheng med gratisprinsippet.

§2-11 første ledd seier:

Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.

Retten og plikten til opplæring varer til eleven har fullført tiande skuleåret. Grunnskuleopplæringa skal vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet, under dette fag- og timefordelinga.

Kommunen gir forskrifter om skule- og feriedagar for elevane. Det går fram av opplæringslova § 2-2 at opplæringa skal strekkje seg over minst 38 skuleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker i skuleåret. Kommunane står fritt til å fastsetje eit anna tal undervisningsdagar enn 190, dersom dagane blir fordelte innanfor ei ramme på minst 38 og maksimalt 45 samanhengande veker.

Forskrift til opplæringslova § 1-6 seier at undervisninga som regel skal gå føre seg mellom kl. 08.00 og kl. 15.30. Unnatak frå denne regelen kan gjerast i enkelte tilfelle. Eit døme kan vere å forlenge skuledagen dersom elevane skal på teaterbesøk som ein del av undervisninga på ettermiddag/kveld.

4. Rettslege krav

Opplæringslova § 2-15 Rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring:

Utdanningsdirektoratet har tolka denne retten og seier: Lova slår fast at den offentlege

grunnskuleopplæringa skal vere gratis for elevane. Det betyr at kommunen/skulen ikkje kan krevje

(4)

4 betaling frå elevane eller foreldra for verken undervisningsmateriell eller aktivitetar (faglege og sosiale) som går føre seg i skuletida og i skulen sin regi, og som er ein del av grunnskuleopplæringa i samsvar med opplæringslova og forskriftene til lova. Dei døma som er nemnde i lovparagrafen er ikkje uttømmande. Forbodet mot å krevje eigenbetaling gjeld all verksemd i samband med

opplæringa, også aktivitetar som går føre seg utanom ordinær skuletid når desse aktivitetane er ledd i at skulen gjennomfører opplæringa i samsvar med lov og forskrift.

Opplæringslova § 2-11 Permisjon frå den pliktige opplæringa

Ordlyden i opplæringslova § 2-11 regulerer permisjonar knytt til den enkelte elev, og regulerer derfor ikkje permisjonar for grupper av elevar. Opplæringslova § 2-11 kan heller ikkje brukast når turen er ein del av grunnskuleopplæringa.

Omsynet bak regelen er at det skal vere mogeleg for foreldre å ta ut elevane frå den obligatoriske grunnskuleopplæringa utanom skulen sine feriar.

Både ordlyden og omsynet bak regelen tilseier derfor at regelen ikkje kan brukast slik at det blir ei omgåing av gratisprinsippet. Kommunen/skulen kan derfor ikkje gje permisjon for ei gruppe elevar med heimel i opplæringslova § 2-11.

5. Skriftleg dokumentasjon

Fylkesmannen har utarbeidd spørsmål som skuleeigar, rektor og leiar for FAU skulle svare på. Det var og høve til å leggje ved annan relevant dokumentasjon.

Fylkesmannen har mottatt svar på spørsmåla frå rektor og FAU-leiar ved Rosendal ungdomsskule og frå Kvinnherad kommune.

Følgjande spørsmål blei stilt:

1. Korleis informerer skulen foreldre og lærarar om retten til gratis grunnskuleopplæring?

2. Er gratisprinsippet drøfta i skulen sine rådsorgan?

3. Gjennomfører skulen turar/arrangement som til dømes;

a. leirskule b. utanlandsturar

c. andre turar med overnatting

d. dagsturar/ekskursjonar (t.d. skidagar, kinobesøk, museumsbesøk) e. jul-/sommararrangement

Gjer nærmare greie for praksisen.

4. Blir turane/arrangementa fullfinansiert av skulen sine midlar?

Dersom svaret er nei på spørsmål 4:

a. korleis blir turane/arrangementa finansiert?

b. blir det kravd eigenandel frå elevar/foreldre?

5. Arrangerer foreldra turar/arrangement for elevane i skuletida, jf. kulepunkta til spørsmål 3?

Dersom svaret er ja på spørsmål 5:

a. korleis vert desse finansiert?

b. kva rolle og deltaking har skulen?

6. Har skulen ei eiga «gåvekasse/gåvekonto»?

a. Er denne i tilfelle for heile skulen eller for enkeltklassar?

(5)

5 b. Kven administrerer gåvekassa?

c. Er foreldra informert om at alle gåver må vere reelt frivillig?

7. Gir skulen elevane permisjon etter opplæringslova § 2-111 for å reise på aktivitetar arrangert av foreldre?

Kva for tilbod får eventuelt dei elevane som ikkje søkjer permisjon?

6. Oppsummering av dei skriftlege tilbakemeldingane

Informasjon

Skuleeigar skriv at det har vore informert om lovverk, rundskriv og resultat av tilsyn i andre kommunar på leiarsamlingar og på møte i kommunalt foreldreutval. Rektor skriv at

gratisprinsippet er tema på foreldremøte kvart år og på fellesmøte i personalet.

Rektor og leiar for FAU skriv at foreldre blir informert på første foreldremøte om hausten, og FAU blir informert om gratisprinsippet på første møte om hausten. Det er vist til referat etter første møte i FAU, der gratisprinsippet er omtalt i to saker.

Arrangement i regi av skulen og finansiering av desse

Rektor og leiar for FAU skriv at skulen gjennomfører ei rad aktivitetar som til dømes:

Skidag for alle elevane. Skulen dekker alle kostnadar, inklusiv buss og heiskort.

Overnattingstur for elevar i åttande klasse. Skulen dekker alle utgifter til reise og losji. Kvar elev betalar kr 100 til ei felles matkasse. Dette er eit alternativ til at kvar elev tek med seg eigen middag.

Juleball for alle elevane ved skulen. Skulen dekker alle kostnadar, inklusiv husleige og skyss heim etter ballet. Ingen utgifter for elevane. I samband med juleballet lagar elevane i tiande klasse ein revy. Denne revyen vert synt for alle elevane ved skulen, med gratis inngang.

Avslutningsfest for avgangselevar, med utdeling av vitnemål. Skulen dekker alle utgifter.

Julefrukost der alle elevane tek med pålegg. Like før jul arrangerer nokre klassar julefrukost. Alle elevane tek då med seg eit pålegg eller brød til eit felles måltid.

Arrangement i regi av foreldre

Rektor skriv at foreldra ikkje arrangerer aktivitetar for elevane i skuletida. Dette blir stadfesta av leiar for FAU.

Gåvekasse/gåvekonto

Både rektor og leiar for FAU skriv at skulen ikkje har eigen gåvekasse eller gåvekonto.

1 Opplæringslova § 2-11, første ledd: ”Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.”

(6)

6 Permisjonar

På spørsmål om skulen gir elevane permisjon etter opplæringslova § 2-11 for å reise på aktivitetar arrangert av foreldre, svarer rektor at skulen aldri har fått søknader om dette. At skulen ikkje gir slik permisjon, blir stadfesta av FAU-leiar.

7. Fylkesmannens vurdering

Det er kommunen og skulen sitt ansvar å informere elevar og foreldre om dei rettane og pliktane dei har i grunnskuleopplæringa, mellom anna retten til gratis grunnopplæring. Dette kan gjerast på ulike måtar.

Lova gir ikkje noko krav om skriftleg informasjon, men Fylkesmannen ser at skriftleg informasjon i større grad kan sikre at informasjonen når alle elevar og foreldre, ikkje berre dei som er til stades på foreldremøte. Dessutan vil den skriftlege informasjonen vere lik i sin ordlyd og gi eit godt grunnlag for den drøftinga rektor har med foreldra og rådsorgana når problemstillinga skulle bli aktualisert.

Fylkesmannen finn det elles dokumentert at skulen har ein praksis i samsvar med lovkrava.

8. Konklusjon

Fylkesmannen finn at Rosendal ungdomsskule sin praksis for finansiering av arrangement og turar i regi av skulen er i tråd med krava i opplæringslova § 2-15 om rett til gratis offentleg

grunnskuleopplæring.

Rosendal ungdomsskule sin praksis med å ikkje å gje ei gruppe elevar permisjon for å reise på aktivitetar arrangert av foreldre er i samsvar med § 2-11 i opplæringslova om permisjon frå den pliktige opplæringa.

Jon Fjeldstad Kjetil Stavø Høvig

Tilsynsleiar seniorrådgjevar

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Rothaugen skole sin praksis med å gje ei gruppe elevar permisjon for å reise på aktivitetar arrangert av foreldre er ikkje i samsvar med § 2-11 i opplæringslova om permisjon frå

Fylkesmannen vurderer det slik at Kvam ungdomsskule sin praksis for finansiering av arrangement og turar i regi av skulen og foreldra, i opplæringstida, ikkje er i tråd med krava

Tysnes skule sin praksis med å ikkje å gje ei gruppe elevar permisjon for å reise på aktivitetar arrangert av foreldre er i samsvar med § 2-11 i opplæringslova om permisjon frå

Fylkesmannen finn at Fjell ungdomsskule sin praksis for finansiering av arrangement og turar i regi av skulen, i opplæringstida, ikkje er i tråd med krava i opplæringslova § 2-15

Fylkesmannen finn at Moster skule sin praksis for finansiering av arrangement og turar i regi av skulen, i opplæringstida, ikkje er i tråd med krava i opplæringslova § 2-15 om rett

• Avvik 1: Vindafjord kommune har omgått gratisprinsippet ved å gi kollektiv permisjon for elevar ved turar.. • Avvik 2: Vindafjord kommune har ikkje eit system som sikrar at

Kommunen sikrar ikkje at vaksne med rett til grunnskuleopplæring får enkeltvedtak ved inntak i tråd med reglane i opplæringslova og forvaltningslova1.

Vindafjord kommune hadde i oktober 2013 ingen vaksne med grunnskuleopplæring etter opplæringslova § 4A-1, men sjølv med eit lågt tal på deltakarar krev opplæringslova eit