• No results found

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova § 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Kvinnherad kommune – Husnes ungdomsskule

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "TILSYNSRAPPORT Opplæringslova § 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Kvinnherad kommune – Husnes ungdomsskule"

Copied!
6
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

1

TILSYNSRAPPORT

Opplæringslova § 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring

Kvinnherad kommune – Husnes ungdomsskule

(2)

2

Innhold

1. Innleiing ... 3

2. Rettsleg grunnlag for tilsynet ... 3

3. Tema for tilsynet ... 3

4. Rettslege krav ... 3

Opplæringslova § 2-15 Rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring: ... 3

Opplæringslova § 2-11 Permisjon frå den pliktige opplæringa ... 4

5. Skriftleg dokumentasjon ... 4

6. Oppsummering av dei skriftlege tilbakemeldingane... 5

Informasjon ... 5

Arrangement i regi av skulen og finansiering av desse ... 5

Arrangement i regi av foreldre ... 5

Gåvekasse/gåvekonto ... 6

Permisjonar ... 6

7. Fylkesmannens vurdering ... 6

8. Konklusjon ... 6

(3)

3

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Kvinnherad kommune, Husnes ungdomsskule. Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering av skulen. Tilsynet er gjennomført ved å vurdere praksis og rutinar som er omtalt i tilbakemeldingane frå kommunen og skulen opp mot lovkrav.

2. Rettsleg grunnlag for tilsynet

Etter opplæringslova § 14-1 har Fylkesmannen heimel til å føre tilsyn med offentlege skular.

Kommunelova har utfyllande reglar om dette i kapittel 10A, jf. § 60c. Tilsynsmyndigheita skal i denne samanheng ha tilgang til skuleanlegg og dokumentasjon.

Tilsynet har ikkje avdekt lovbrot.

3. Tema for tilsynet

Tema for tilsynet var om Husnes ungdomsskule følgjer krava i opplæringslova § 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring.

§ 2-15 seier:

Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa.

Vidare er det vurdert om krava i opplæringslova § 2-11 om permisjon frå den pliktige opplæringa er følgt når denne regelen blir aktualisert i samanheng med gratisprinsippet.

§2-11 første ledd seier:

Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.

Retten og plikten til opplæring varer til eleven har fullført tiande skuleåret. Grunnskuleopplæringa skal vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet, under dette fag- og timefordelinga.

Kommunen gir forskrifter om skule- og feriedagar for elevane. Det går fram av opplæringslova § 2-2 at opplæringa skal strekkje seg over minst 38 skuleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker i skuleåret. Kommunane står fritt til å fastsetje eit anna tal undervisningsdagar enn 190, dersom dagane blir fordelte innanfor ei ramme på minst 38 og maksimalt 45 samanhengande veker.

Forskrift til opplæringslova § 1-6 seier at undervisninga som regel skal gå føre seg mellom kl. 08.00 og kl. 15.30. Unnatak frå denne regelen kan gjerast i enkelte tilfelle. Eit døme kan vere å forlenge skuledagen dersom elevane skal på teaterbesøk som ein del av undervisninga på ettermiddag/kveld.

4. Rettslege krav

Opplæringslova § 2-15 Rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring:

Utdanningsdirektoratet har tolka denne retten og seier: Lova slår fast at den offentlege

grunnskuleopplæringa skal vere gratis for elevane. Det betyr at kommunen/skulen ikkje kan krevje

(4)

4 betaling frå elevane eller foreldra for verken undervisningsmateriell eller aktivitetar (faglege og sosiale) som går føre seg i skuletida og i skulen sin regi, og som er ein del av grunnskuleopplæringa i samsvar med opplæringslova og forskriftene til lova. Dei døma som er nemnde i lovparagrafen er ikkje uttømmande. Forbodet mot å krevje eigenbetaling gjeld all verksemd i samband med

opplæringa, også aktivitetar som går føre seg utanom ordinær skuletid når desse aktivitetane er ledd i at skulen gjennomfører opplæringa i samsvar med lov og forskrift.

Opplæringslova § 2-11 Permisjon frå den pliktige opplæringa

Ordlyden i opplæringslova § 2-11 regulerer permisjonar knytt til den enkelte elev, og regulerer derfor ikkje permisjonar for grupper av elevar. Opplæringslova § 2-11 kan heller ikkje brukast når turen er ein del av grunnskuleopplæringa.

Omsynet bak regelen er at det skal vere mogeleg for foreldre å ta ut elevane frå den obligatoriske grunnskuleopplæringa utanom skulen sine feriar.

Både ordlyden og omsynet bak regelen tilseier derfor at regelen ikkje kan brukast slik at det blir ei omgåing av gratisprinsippet. Kommunen/skulen kan derfor ikkje gje permisjon for ei gruppe elevar med heimel i opplæringslova § 2-11.

5. Skriftleg dokumentasjon

Fylkesmannen har utarbeidd spørsmål som skuleeigar, rektor og leiar for FAU skulle svare på. Det var og høve til å leggje ved annan relevant dokumentasjon.

Fylkesmannen har mottatt svar på spørsmåla frå rektor og FAU-leiar ved Husnes ungdomsskule og frå i Kvinnherad kommune.

Følgjande spørsmål blei stilt:

1. Korleis informerer skulen foreldre og lærarar om retten til gratis grunnskuleopplæring?

2. Er gratisprinsippet drøfta i skulen sine rådsorgan?

3. Gjennomfører skulen turar/arrangement som til dømes;

a. leirskule b. utanlandsturar

c. andre turar med overnatting

d. dagsturar/ekskursjonar (t.d. skidagar, kinobesøk, museumsbesøk) e. jul-/sommararrangement

Gjer nærmare greie for praksisen.

4. Blir turane/arrangementa fullfinansiert av skulen sine midlar?

Dersom svaret er nei på spørsmål 4:

a. korleis blir turane/arrangementa finansiert?

b. blir det kravd eigenandel frå elevar/foreldre?

5. Arrangerer foreldra turar/arrangement for elevane i skuletida, jf. kulepunkta til spørsmål 3?

Dersom svaret er ja på spørsmål 5:

a. korleis vert desse finansiert?

b. kva rolle og deltaking har skulen?

6. Har skulen ei eiga «gåvekasse/gåvekonto»?

a. Er denne i tilfelle for heile skulen eller for enkeltklassar?

(5)

5 b. Kven administrerer gåvekassa?

c. Er foreldra informert om at alle gåver må vere reelt frivillig?

7. Gir skulen elevane permisjon etter opplæringslova § 2-111 for å reise på aktivitetar arrangert av foreldre?

Kva for tilbod får eventuelt dei elevane som ikkje søkjer permisjon?

6. Oppsummering av dei skriftlege tilbakemeldingane

Informasjon

Skuleeigar skriv at det har vore informert om lovverk, rundskriv og resultat av tilsyn i andre kommunar på leiarsamlingar og på møte i kommunalt foreldreutval. Rektor skriv at

gratisprinsippet er tema på foreldremøte kvart år og på fellesmøte i personalet. Leiar for FAU stadfestar dette, i tillegg til at det har blitt gitt informasjon i foreldresamtalar. Vidare skriv både rektor og leiar for FAU at gratisprinsippet blir tatt opp kvart år i FAU og det er tema på møte i samarbeidsutvalet.

Arrangement i regi av skulen og finansiering av desse

Skuleeigar skriv at leirskuleopphald tidlegare blei lagt til ungdomstrinnet. Finansieringa av turane har vore ulik, og unødig press på elevar og foreldre for å finansiere

leirskulen/turen har vore tema. Skuleeigar såg helst at alle leirskuleopphald blei fullfinansiert av skulen, men skriv at dette var svært krevjande økonomisk. Skuleeigar fremja derfor forslag til levekårskomitèen i kommunen om å avslutte leirskuletilbodet i grunnskulen - noko som vart vedtatt. Rektor og leiar for FAU stadfestar at det nå er slutt på leirskuleopphald i heile kommunen.

Skulen arrangerer ikkje utanlandsturar eller andre turar med overnatting. Dette er også stadfesta av leira for FAU.

Skulen arrangerer dagsturar og ekskursjonar på alle tre trinna, men skulen dekkjer alle kostnader. Rektor skriv vidare at skulen arrangerer juleavslutning med underholdning for alle elevane med foreldre, familie og venner. Skulen betaler alle kostnadane med leige av utstyr, lokale og servering. Det er og gratis inngang for elevar, familie og venner til å sjå på

underholdninga. For 10. trinnet arrangerer skulen avslutningsfest for avgangselevane med foreldre. Skulen dekkjer alle kostnadane med leige av lokale, utstyr og servering.

Arrangementet er gratis for elevar og føresette. Leiar for FAU stadfestar dette.

Arrangement i regi av foreldre

Rektor skriv at foreldre har turar og arrangement for nokre klasser i skuletida. Dette blir finansiert av dugnad blant foreldra. Pengane går til ein felles pott til heile klassen og ikkje til

1 Opplæringslova § 2-11, første ledd: ”Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.”

(6)

6

enkeltelevar. Lærarane har vore med i skuletida og hatt undervisningsopplegg, medan

foreldra tar over ansvaret når skuledagen er slutt og lærarane går heim. Leiar for FAU skriv det same.

Gåvekasse/gåvekonto

Både rektor og leiar for FAU svarer nei på spørsmålet om skulen eller klassane har gåvekasse eller gåvekonto.

Permisjonar

På spørsmål om skulen gir elevane permisjon etter opplæringslova § 2-11 for å reise på aktivitetar arrangert av foreldre, svarer rektor at skulen aldri har fått søknader om dette. At skulen ikkje gir slik permisjon, blir stadfesta av FAU-leiar.

7. Fylkesmannens vurdering

Det er kommunen og skulen sitt ansvar å informere elevar og foreldre om dei rettane og pliktane dei har i grunnskuleopplæringa, mellom anna retten til gratis grunnopplæring. Dette kan gjerast på ulike måtar.

Lova gir ikkje noko krav om skriftleg informasjon, men Fylkesmannen ser at skriftleg informasjon i større grad kan sikre at informasjonen når alle elevar og foreldre, ikkje berre dei som er til stades på foreldremøte. Dessutan vil den skriftlege informasjonen vere lik i sin ordlyd og gi eit godt grunnlag for den drøftinga rektor har med foreldra og rådsorgana når problemstillinga skulle bli aktualisert.

Fylkesmannen finn det elles dokumentert at skulen har ein praksis i samsvar med lovkrava.

8. Konklusjon

Fylkesmannen finn at Husnes ungdomsskule sin praksis for finansiering av arrangement og turar i regi av skulen er i tråd med krava i opplæringslova § 2-15 om rett til gratis offentleg

grunnskuleopplæring.

Husnes ungdomsskule sin praksis med å ikkje å gje ei gruppe elevar permisjon for å reise på aktivitetar arrangert av foreldre er i samsvar med § 2-11 i opplæringslova om permisjon frå den pliktige opplæringa.

Jon Fjeldstad Kjetil Stavø Høvig

Tilsynsleiar seniorrådgjevar

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Fylkesmannen vurderer det slik at Kvam ungdomsskule sin praksis for finansiering av arrangement og turar i regi av skulen og foreldra, i opplæringstida, ikkje er i tråd med krava

Tysnes skule sin praksis med å ikkje å gje ei gruppe elevar permisjon for å reise på aktivitetar arrangert av foreldre er i samsvar med § 2-11 i opplæringslova om permisjon frå

Fylkesmannen finn at Fjell ungdomsskule sin praksis for finansiering av arrangement og turar i regi av skulen, i opplæringstida, ikkje er i tråd med krava i opplæringslova § 2-15

Fylkesmannen finn at Moster skule sin praksis for finansiering av arrangement og turar i regi av skulen, i opplæringstida, ikkje er i tråd med krava i opplæringslova § 2-15 om rett

3 Bremstølen og Hellandselva har derimot svært høg verdi som eit nært og kjært tur- og rekreasjonsmål, med gangavstand frå Husnes, den tettast busette delen av Kvinnherad

Onarheim kraftverk er planlagt ved Husnes i Kvinnherad kommune og vil nytte eit fall på 349 m i Hellandselva. Inntaket er planlagt rett nedstraums utløpet av Bremstølvatn. Vassvegen

• Avvik 1: Vindafjord kommune har omgått gratisprinsippet ved å gi kollektiv permisjon for elevar ved turar.. • Avvik 2: Vindafjord kommune har ikkje eit system som sikrar at

Kommunen sikrar ikkje at vaksne med rett til grunnskuleopplæring får enkeltvedtak ved inntak i tråd med reglane i opplæringslova og forvaltningslova1.