• No results found

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova § 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Granvin herad – Granvin barne- og ungdomsskule November 2017

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "TILSYNSRAPPORT Opplæringslova § 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Granvin herad – Granvin barne- og ungdomsskule November 2017"

Copied!
6
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

1

TILSYNSRAPPORT

Opplæringslova § 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring

Granvin herad – Granvin barne- og ungdomsskule

November 2017

(2)

2

Innhold

1. Innleiing ... 3

2. Rettsleg grunnlag for tilsynet ... 3

3. Tema for tilsynet ... 3

4. Rettslege krav ... 3

Opplæringslova § 2-15 Rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring: ... 3

Opplæringslova § 2-11 Permisjon frå den pliktige opplæringa ... 4

5. Skriftleg dokumentasjon ... 4

6. Oppsummering av dei skriftlege tilbakemeldingane... 5

Informasjon ... 5

Innkjøp av PC/ programvare eller utstyr ... 5

Arrangement i regi av skulen og finansiering av desse ... 5

Arrangement i regi av foreldre ... 6

Gåvekasse/gåvekonto ... 6

Permisjonar ... 6

7. Fylkesmannens vurdering ... 6

8. Konklusjon ... 6

(3)

3

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Granvin herad, Granvin barne- og ungdomsskule. Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering av skulen. Tilsynet er gjennomført ved å vurdere praksis og rutinar som er omtalt i tilbakemeldingane frå heradet og skulen opp mot lovkrav.

2. Rettsleg grunnlag for tilsynet

Etter opplæringslova § 14-1 har Fylkesmannen heimel til å føre tilsyn med offentlege skular.

Kommunelova har utfyllande reglar om dette i kapittel 10A, jf. § 60c. Tilsynsmyndigheita skal i denne samanheng ha tilgang til skuleanlegg og dokumentasjon.

Tilsynet har ikkje avdekt lovbrot.

3. Tema for tilsynet

Tema for tilsynet var om Granvin barne- og ungdomsskule følgjer krava i opplæringslova § 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring.

§ 2-15 seier:

Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa.

Vidare er det vurdert om krava i opplæringslova § 2-11 om permisjon frå den pliktige opplæringa er følgt når denne regelen blir aktualisert i samanheng med gratisprinsippet.

§2-11 første ledd seier:

Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.

Retten og plikten til opplæring varer til eleven har fullført tiande skuleåret. Grunnskuleopplæringa skal vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet, under dette fag- og timefordelinga.

Heradet gjev forskrifter om skule- og feriedagar for elevane. Det går fram av opplæringslova § 2-2 at opplæringa skal strekkje seg over minst 38 skuleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker i skuleåret. Heradet står fritt til å fastsetje eit anna tal undervisningsdagar enn 190, dersom dagane blir fordelte innanfor ei ramme på minst 38 og maksimalt 45 samanhengande veker.

Forskrift til opplæringslova § 1-6 seier at undervisninga som regel skal gå føre seg mellom kl. 08.00 og kl. 15.30. Unnatak frå denne regelen kan gjerast i enkelte tilfelle. Eit døme kan vere å forlenge skuledagen dersom elevane skal på teaterbesøk som ein del av undervisninga på ettermiddag/kveld.

4. Rettslege krav

Opplæringslova § 2-15 Rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring:

Utdanningsdirektoratet har tolka denne retten og seier: Lova slår fast at den offentlege

grunnskuleopplæringa skal vere gratis for elevane. Det tyder at heradet/skulen ikkje kan krevje

(4)

4 betaling frå elevane eller foreldra for verken undervisningsmateriell eller aktivitetar (faglege og sosiale) som går føre seg i skuletida og i skulen sin regi, og som er ein del av grunnskuleopplæringa i samsvar med opplæringslova og forskriftene til lova. Dei døma som er nemnde i lovparagrafen er ikkje uttømmande. Forbodet mot å krevje eigenbetaling gjeld all verksemd i samband med

opplæringa, også aktivitetar som går føre seg utanom ordinær skuletid når desse aktivitetane er ledd i at skulen gjennomfører opplæringa i samsvar med lov og forskrift.

Opplæringslova § 2-11 Permisjon frå den pliktige opplæringa

Ordlyden i opplæringslova § 2-11 regulerer permisjonar knytt til den enkelte elev, og regulerer difor ikkje permisjonar for grupper av elevar. Opplæringslova § 2-11 kan heller ikkje brukast når turen er ein del av grunnskuleopplæringa.

Omsynet bak regelen er at det skal vere mogeleg for foreldre å ta ut elevane frå den obligatoriske grunnskuleopplæringa utanom skulen sine feriar.

Både ordlyden og omsynet bak regelen tilseier derfor at regelen ikkje kan brukast slik at det blir ei omgåing av gratisprinsippet. Heradet/skulen kan difor ikkje gje permisjon for ei gruppe elevar med heimel i opplæringslova § 2-11.

5. Skriftleg dokumentasjon

Fylkesmannen har utarbeidd spørsmål som skuleeigar, rektor og leiar for FAU skulle svare på. Det var og høve til å leggje ved annan relevant dokumentasjon.

Fylkesmannen har mottatt svar på spørsmåla frå rektor og FAU-leiar ved Granvin barne- og

ungdomsskule. Rektor ved Granvin barne- og ungdomsskule er også einingsleiar for skule i heradet.

Følgjande spørsmål blei stilt:

1. Korleis informerer skulen foreldre og lærarar om retten til gratis grunnskuleopplæring?

2. Er gratisprinsippet drøfta i skulen sine rådsorgan?

3. Krev skulen eigenandel til innkjøp/ bruk av til dømes PC, programvare eller anna materiell/

utstyr som er nytta i opplæringa?

4. Gjennomfører skulen turar/arrangement som til dømes;

a. leirskule b. utanlandsturar

c. andre turar med overnatting

d. dagsturar/ekskursjonar (t.d. skidagar, kinobesøk, museumsbesøk) e. jul-/sommararrangement

Gjer nærmare greie for praksisen.

5. Blir turane/arrangementa fullfinansiert av skulen sine midlar?

Dersom svaret er nei på spørsmål 5:

a. korleis blir turane/arrangementa finansiert?

b. blir det kravd eigenandel frå elevar/foreldre?

6. Arrangerer foreldra turar/arrangement for elevane i skuletida, jf. kulepunkta til spørsmål 4?

Dersom svaret er ja på spørsmål 6:

a. korleis vert desse finansiert?

b. kva rolle og deltaking har skulen?

(5)

5 7. Har skulen ei eiga «gåvekasse/gåvekonto»?

a. Er denne i tilfelle for heile skulen eller for enkeltklassar?

b. Kven administrerer gåvekassa?

c. Er foreldra informert om at alle gåver må vere reelt frivillig?

8. Gir skulen elevane permisjon etter opplæringslova § 2-111 for å reise på aktivitetar arrangert av foreldre? Kva for tilbod får eventuelt dei elevane som ikkje søkjer permisjon?

6. Oppsummering av dei skriftlege tilbakemeldingane

Informasjon

Rektor skriv at det ikkje er faste rutinar for skriftleg informasjon om retten til gratis

grunnskuleopplæring, men at dei for nokre år sidan endra rutinar og praksis i heradet for å vera innanfor lova sine føresegner. I foreldremøte for 1. klasse vert Pedlex -heftet Ein god

start gått igjennom kvart år. Her er gratisprinsippet omtala. I informasjonen som går ut til

føresette i samband med turar og ekskursjonar er det informert om at tiltaket er

kostnadsfritt for elevane. Rektor stadfester også at gratisprinsippet er drøfta i både FAU, SU og SMU. Leiar for FAU stadfestar dette. Både FAU- leiar og rektor skriv at det ikkje vert lagt opp til aktivitetar som bryt med gratisprinsippet.

Innkjøp av PC/ programvare eller utstyr

Både rektor og leiar av FAU svarer nei på spørsmålet om skulen krev eigenandel til kjøp av undervisningsmateriell. Eventuelle appar (applikasjonar) som vert nytta i til dømes

spesialundervising, kan føresette levere kvittering for og få pengar tilbake for utlegg.

Arrangement i regi av skulen og finansiering av desse

Rektor skriv at ekskursjonar er fullfinansiert av skulen/ heradet. Også leirskulen på 7. trinn er fullfinansiert av skulen. Skiturar med eller utan overnatting vert fullfinansiert av skulen, her også eventuell leige av ski, hjelm og heiskort. Dette vert stadfesta av FAU- leiar.

Skulen arrangerer juleavslutning for 1. til 7. trinn årleg. Dette er eit samarbeidsprosjekt med FAU, kor skulen har ansvar for program og å leggje til rette for den praktiske

gjennomføringa, medan FAU organiserer kurvfest. Dette inneber at foreldre tek med mat og drikke som alle kan forsyne seg med. Det vert også arrangert juleball for elevane på

ungdomsskulen. Her dekker skulen alle utgifter i samband med mat og drikke. Det vert ikkje tatt inngangsbillett frå elevane. Skulen finansierer også eit måltid til alle elevar og føresette i 10. trinn på avslutningsfesten for desse, og måltid til elevane som tek del i leksehjelp på 7. - 10. trinn to gonger i veka. Leiar frå FAU stadfester skulen sin praksis.

1 Opplæringslova § 2-11, første ledd: ”Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.”

(6)

6 Arrangement i regi av foreldre

Rektor skriv FAU har eit eige årshjul med arrangementet dei skipar til utanfor skuletida. Her vert skulen sine lokalar nytta gratis, og den einskilde familie tek med eiga mat. Kontaktlærar vert invitert med til desse samlingane, men deltaking er frivillig. Leiar for FAU skriv det same.

Gåvekasse/gåvekonto

Både rektor og leiar for FAU svarer nei på spørsmålet om skulen har gåvekasse eller gåvekonto. Begge skriv at enkeltklassar kan ha gåvekasse, til dømes pengepremiar klassen vinn ved deltaking i aktivitetar og konkurransar. Denne vert administrert av lærar og klassen saman fram til 8. klasse, etter 8. klasse overtek føresette administrasjonen av kontoen, fram mot turen etter avslutta 10. klasse.

Permisjonar

På spørsmål om skulen gjev elevane permisjon etter opplæringslova § 2-11 for å reise på aktivitetar arrangert av foreldre i opplæringstida, skriv rektor at skulen ikkje innvilgar slike permisjonar. Skuleturen i 10. klasse vert gjennomført etter siste skuledag, og det er difor ikkje naudsynt med permisjon frå undervisninga. FAU- leiar skriv ho ikkje har kjennskap til skulen sin praksis på dette området.

7. Fylkesmannens vurdering

Fylkesmannen finn det dokumentert at skulen har ein praksis i samsvar med lovkrava.

8. Konklusjon

Fylkesmannen finn at Granvin barne- og ungdomsskule sin praksis for finansiering av arrangement og turar i regi av skulen er i tråd med krava i opplæringslova § 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring.

Granvin barne- og ungdomsskule sin praksis med å ikkje å gje ei gruppe elevar permisjon for å reise på aktivitetar arrangert av foreldre er i samsvar med § 2-11 i opplæringslova om permisjon frå den pliktige opplæringa.

Gøril Vikøren Nøkleby Kjetil Stavø Høvig

Tilsynsleiar seniorrådgjevar

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Fylkesmannen vurderer det slik at Kvam ungdomsskule sin praksis for finansiering av arrangement og turar i regi av skulen og foreldra, i opplæringstida, ikkje er i tråd med krava

Tysnes skule sin praksis med å ikkje å gje ei gruppe elevar permisjon for å reise på aktivitetar arrangert av foreldre er i samsvar med § 2-11 i opplæringslova om permisjon frå

Fylkesmannen finn at Fjell ungdomsskule sin praksis for finansiering av arrangement og turar i regi av skulen, i opplæringstida, ikkje er i tråd med krava i opplæringslova § 2-15

Fylkesmannen finn at Moster skule sin praksis for finansiering av arrangement og turar i regi av skulen, i opplæringstida, ikkje er i tråd med krava i opplæringslova § 2-15 om rett

opplevingsverdien. Hedlarelvi er ein flott foss og bidreg til å gjere området der Lussand ligg til eit landskap av stor verdi. Det er på den andre sida ikkje mange

Kommunen kan derfor ikkje innvilge permisjon for ei gruppe elevar med heimel i opplæringslova § 2-11. Avviket er basert på

COOP Marked Granvin Espelandsdalen Camping Granvin Maskinstasjon A/S Halldor og Johs..

Fylkesmannen har peika på at skulen kan vurdere om den skjerpa aktivitetsplikta som gjeld dersom ein vaksen krenkjer elevar, bør omtalast meir konkret i skulens handlingsplan for