• No results found

Rapport fra inspeksjon ved Ragn-Sells Sorteringsanlegg på Bjørkemoen Kontrollnummer: 2018.034.I.FMHO

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Rapport fra inspeksjon ved Ragn-Sells Sorteringsanlegg på Bjørkemoen Kontrollnummer: 2018.034.I.FMHO"

Copied!
8
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Fylkesmannen i Hordaland

RAGN SELLS AS AVD VOSS Bergen, 9. april 2018

Bjørkemoen 56 5709 Voss

Sendt på e-post til: OveAndre.Algroy@ragnsells.com

Dykkar ref.: Vår ref.(oppgi ved svar):

Tommy Holandsjø 2016/3929

Sakshandsamar:

Sissel Storebø

Rapport fra inspeksjon ved Ragn-Sells Sorteringsanlegg på Bjørkemoen

Kontrollnummer: 2018.034.I.FMHO Kontaktpersonar ved inspeksjonen:

Frå verksemda:

Tommy Holandsjø, Lars Bjørke og Ove Andre Algrøy

Frå Fylkesmannen i Hordaland:

Sissel Storebø Nina Vadøy

Resultat frå inspeksjonen

Denne rapporten gjeld resultatet frå inspeksjon ved Ragn-Sells Sorteringsanlegg på Bjørkemoen den 9. mars 2018. Rapporten er å sjå på som endeleg dersom vi ikkje får tilbakemelding om faktiske feil innan to veker etter at rapporten er motteken.

Fylkesmannen i Hordaland avdekka 3 avvik og ga ingen merknader innan følgjande tema:

 krav i løyvet

 handtering av farleg avfall

 internkontrollen for ytre miljø

Avvika er nærare omtalte frå side 4 og utover i rapporten. Oppfølginga etter inspeksjonen er nærare omtalt på side 3.

Elektronisk dokumentert godkjenning, utan underskrift

Nina Vadøy Sissel Storebø

overingeniør senioringeniør

Kopi til: Voss kommune

(2)

1. Informasjon om den kontrollerte verksemda

Ansvarleg eining

Namn: RAGN-SELLS AS AVD VOSS

Organisasjonsnr.: 994441418 Eigd av: 952187627

Bransjenr. (NACE-kode): 38.110 - Innsamling av ikke-farlig avfall

Kontrollert eining

Namn: Ragn-Sells Sorteringsanlegg på Bjørkemoen Anleggsnr.: 1235.0019.02

Kommune: Voss Fylke: Hordaland

Anleggsaktivitet: Avfall - mottak, mellomlagring og sortering

Løyve gitt: 11.07.2011 Sist endra: 16.10.2017

2. Bakgrunn for inspeksjonen

Inspeksjonen vart gjennomført for å kontrollere om gjeldande krav som er fastsette i eller med heimel i, vert overhaldne. Inspeksjonen inngår i Fylkesmannen sin aksjon for mottak og mellomlagring av farleg avfall. Aksjonen er landsdekkande.

Tilsynet er gjennomført med heimel i forureiningslova § 48.

Inspeksjonstema

 Farleg avfall: mottakskontroll, journalføring, handtering, lagring, vidarelevering og finansiell sikring

 Utsleppskontroll

 Internkontroll: avvikssystem, risikovurdering og beredskap

 Vilkår i løyvet

Rapporten gjeld avvik som vart avdekka under inspeksjonen. Han gir ingen fullstendig tilstandsvurdering av miljøarbeidet eller miljøstatusen til verksemda.

Definisjonar

Avvik: Manglande etterleving av krav fastsette i eller med heimel i lov.

Merknad: Eit tilhøve som tilsynsetatane meiner det er naudsynt å peike på for å ivareta ytre miljø, men som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik.

Andre tilhøve: Saker som kom fram under inspeksjonen og som det kan vere nyttig for verksemda og sakshandsamarar å kjenne til. Informasjon om verksemda og

kommentarar til tema som vart tekne opp under inspeksjonen, men som ikkje vart klassifisert som avvik eller merknader, kan også inngå her.

3. Oppfølging etter inspeksjonen

(3)

Ragn-Sells AS avd. Voss pliktar å rette opp avvika som er omtalte i denne rapporten så snart som råd. For at Fylkesmannen skal kunne avslutte saka, ber vi om at Ragn- Sells AS avd. Voss innan 15. juni 2018 sender ei skriftleg utgreiing som viser korleis

avvika er retta og kva tiltak som er gjennomførte eller planlagde.

Vi ber om at de stiler svarbrev eller e-post (fmhopostmottak@fylkesmannen.no) til Fylkesmannen i Hordaland v/Sissel Storebø.

4. Vedtak om gebyr

Vi viser til informasjon og varsel om gebyrplikt som vart gitt til verksemda den 16. mars 2018. Verksemder skal betale gebyr for kontrollar utførte av Fylkesmannen i samsvar med § 39-3 i forureiningsforskrifta. Gebyret skal dekke kostnader med førebuing,

gjennomføring og oppfølging av kontrollen. Gebyrsatsar for kontroll av verksemder utan løyve etter forureiningslova er fastsette i forureiningsforskrifta §§ 39-7 og 39-8.

På bakgrunn av forventa ressursbruk må Ragn-Sells AS avd. Voss betale eit gebyr på 22 800 kroner for inspeksjonen, jf. forureiningsforskrifta §§ 39-7 og 39-8. Dette svarer til gebyrsats 2 for tilsyn av inntil ein dags varigheit. Miljødirektoratet vil sende dykk ein faktura for innbetaling til statskassa. Fylkesmannen viser elles til forureiningsforskrifta kapittel 39 om innkrevjing av gebyr til statskassa.

Klagerett

Vedtaket om gebyr kan klagast på til Miljødirektoratet, jf. § 28 i forvaltningslova. Ein eventuell klage bør vere skriftleg grunngjeven og adressert til Miljødirektoratet, men han skal sendast via Fylkesmannen i Hordaland. Fylkesmannen vil vurdere endring av

vedtaket eller sende saka vidare til Miljødirektoratet for endeleg vedtak. Gebyret som er fastsett ovanfor, må likevel betalast inn. Dersom Miljødirektoratet tek klagen til følgje, vil for mykje innbetalt beløp bli refundert.

5. Innsyn

Denne rapporten vil vere offentleg tilgjengeleg via postjournalen til Fylkesmannen i Hordaland (jf. offentleglova).

(4)

6. Avvik

Vi fann følgjande avvik under inspeksjonen:

Avvik 1: Verksemda tar imot og sorterer avfall frå hushald Avvik frå:

 Løyve til handtering av avfall datert 11. juli 2011 med endringar 16. oktober 2017 punkt 1.1.

Kommentar til regelverket:

Avfallstypar og aktivitetar

Løyvet gjeld mottak og sortering av maksimalt 20 000 tonn næringsavfall per år. Denne ramma omfattar også mottak og mellomlagring av våtorganisk avfall, farleg avfall og kasserte elektriske og elektroniske produkt (EE-avfall).

Verksemder som leverer farleg avfall skal gje tilstrekkelege opplysningar om avfallets opphav, innhald og eigenskapar, slik at den vidare handteringa av avfallet kan skje på ein forsvarleg måte. Når avfallet vert levert til den som etter § 11-6 og § 11-7 kan handtere avfallet, skal verksemda som leverer avfallet fylle ut eit deklarasjonsskjema som er godkjent av Miljødirektoratet, jf. avfallsforskrifta § 11-12.

Avviket er basert på følgjande observasjonar:

Verksemda tar i mot og sorterer avfall frå private. Verksemda tar også imot farleg avfall frå private hushaldingar og deklarerer dette farlege avfallet som avfallsprodusent til neste mottak.

Verksemda kunne ved tilsynet ikkje gjere greie for kor mykje dei tok imot frå private.

Det vart anslått at dei tek imot om lag 5-6 % av det totale som kom inn til anlegget.

Oversikt over dette er ikkje sendt oss, som var avtalt ved tilsynet.

Avvik 2: Handtering av farleg avfall er mangelfull Avvik frå:

 Løyve punkt 2.5 og 5.2 Kompetanse

 Løyve punkt 5.4 Deklarering og journalføring

 Løyve punkt 7.1 Registrering

 Avfallsforskrifta § 11-5 Forsvarleg oppbevaring med meir av farleg avfall

 Avfallsforskrifta § 11-13 Plikter for den som handterer farleg avfall Kommentar til regelverket:

Kompetanse

Handtering av farleg avfall skal berre utførast av personell som innehar og opprettheld tilstrekkeleg kompetanse på dette avfallet. Verksemda pliktar å utarbeide planer for kompetanseutvikling for alle medarbeidarane som skal handtere denne typen avfall, jf.

punkt 2.5 og 5.2 i løyvet.

(5)

Deklarering og journalføring

Det skal førast journal som omfattar alle naudsynte opplysningar om det farlege avfallet.

Journalen skal innehalde opplysningar om mengde farleg avfall, type farleg avfall, deklarasjonsnummer, kor avfallet kjem frå med meir. Journalane skal vere lett tilgjengeleg ved kontroll. Dei skal oppbevarast i minst 3 år.

Journal er særleg viktig for å dokumentere vidarelevering av avfallet, då

avfallsdeklarering.no berre dokumenterer levering/mottak til 1. ledd. Det er òg viktig for å ha oversikt over avfall på lager.

Registrering

Det skal førast dagleg oversikt over kva slags avfall og kva mengd som verksemda mottar og passerer anlegget. Registrering av avfallet skal gå føre seg på vekt. I oversikta skal mengde og leveringsstader for utsorterte avfallsfraksjonar gå fram.

Oppbevaring og handtering av farleg avfall

Farleg avfall som verksemda mottar skal leverast vidare til den som etter avfallsforskrifta

§ 11-6 og § 11-7 kan handtere avfallet.

Den som handterer farleg avfall, er ansvarleg for å sjå til at avfallet som blir tatt imot frå verksemder, er deklarert og skal sørgje for at deklarasjonsskjema følgjer alle leveransar ved vidarelevering.

Ulike typar farleg avfall skal ikkje blandast saman dersom dette kan føre til fare for forureining, eller skape problem for den vidare handteringa av avfallet, jf. punkt § 11-5 i avfallsforskrifta.

Avviket er basert på følgjande observasjonar:

Kompetanse

Verksemda har ein oversikt over kva kompetanse dei einskilde tilsette har. Men det er ikkje utarbeidd ein kompetanseutviklingsplan for alle medarbeidarane. Dette arbeidet er starta opp og det vart opplyst at planen vil vere ferdig i slutten av april 2018.

Deklarering og journalføring

Verksemda hadde ikkje ein total oversikt over kor mykje farleg avfall det var på lager, då farleg avfall frå private personar ikkje vart registrert.

Verksemda har ikkje ein samanstillande journal som viser dato for mottak, mengde avfall på lager, dato for vidarelevering og kvar avfallet er levert vidare. Det vart opplyst at deklarasjonsskjema og samledeklarasjonsskjema vart oppbevart i papirformat og

fungerte som journal for vidarelevering. Verksemda bruker datasystemet Reknes WMS til utsending av faktura.

Oppbevaring og handtering av farleg avfall

Bensin som vart mottatt til anlegget vart levert til Ragn-Sells bilopphugging og dermed ikkje deklarert rett.

Einskilde avfallstypar som diesel, fyringsolje og spylevæske vart blanda saman på fat.

(6)

Avvik 3

Internkontrollen er mangelfull på ytre miljø Avvik frå:

Internkontrollforskrifta § 5 andre ledd punkt 6 og 7 Kommentar til regelverket:

Miljørisikovurdering

Verksemda skal kartleggje farar og problem og på denne bakgrunn vurdere risiko, og utarbeide tilhøyrande planar og tiltak for å redusere risikotilhøva.

Skriftlege rutinar

Verksemda skal ha rutinar for å avdekke, rette opp og forebygge brot fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift. Arbeidsrutinar må vere dokumenterte, slik at dei kan inngå i internkontrollen.

Avviket er basert på følgjande observasjonar:

Miljørisikovurdering

Risikovurdering var ikkje tilgjengeleg under tilsynet. Denne vart sendt Fylkesmannen i e- post 13. mars 2018. Risikovurderinga er sist revidert datert 21. desember 2015. Det er ikkje utarbeidd ein handlingsplan knytt til risikovurderinga.

Sluk (6 stk.) i sorteringshallen går til oljeutskiljar. Lagring og sortering av papp/plast og lagring av EE-avfall vart lagra rett over eit av sluka, sjå bilde 1 og 2.

Følgjande var ikkje risikovurdert:

 Utslepp frå oljeutskiljar til spreiingsgrøft til resipient/grunn

 Lagring/sortering av papp/plast og EE-avfall i sorteringshallen

 Avfallstypar som vert blanda på fat (diesel, fyringsolje og spylevæske) Skriftlege rutinar

Skriftlege rutine for handtering av farleg avfall kunne ikkje leggjast fram ved tilsynet.

7. Merknader

Det vart ikkje gitt merknader under inspeksjonen.

8. Andre tilhøve

Informasjon om handtering av vindauge som inneheld ftalater og asbest Vindauge som ikkje er farleg avfall på grunn av innhald av PCB- eller klorparafin kan innehalde ftalater eller asbest (Thermopane-vindauge). Miljødirektoratet har i samband med aksjonen opplyst at dei på generelt grunnlag ikkje har tatt stilling til om desse vindauga er farleg avfall. Fugene vil ofte vere farleg avfall, men det er usikkert om heile vindauge er farleg avfall. Desse vindauga må likevel handterast forsvarleg. Dersom desse vindauga blir kasta i restavfallet vil vindauget knuse og det vil vere fare for at vindauget kjem over grenseverdien for farleg avfall. I tillegg kan eksponeringsfaren for asbest auke. Slike vindauge skal derfor ikkje kastast i restavfallet, men leverast heile.

(7)

Ved tilsynet vart det oppdaga eit vindauge i det usorterte næringsavfallet i

sorteringshallen. Det vart opplyst at verksemda skulle plukke dette ut og skrive avvik på leveransen, dersom vindauge inneheldt PCB – eller klorparafin.

Informasjon om lagring av EE-avfall

Lagring av EE-avfall var ikkje tema under aksjonen. Vi vil likevel understreke at EE-avfall inkludert kvitevarer skal lagrast forsvarleg. For dette avfallet vil lagring på fast dekke og skjerming for vêr og vind normalt vere nødvendig. Lagring av avfallet må risikovurderast.

9. Dokumentunderlag

Lovgrunnlaget for inspeksjonen var:

 forureiningslova

 avfallsforskrifta

 internkontrollforskrifta

 løyvet til handtering av avfall

10. Bilete

Bilete teke av Fylkesmannen under tilsynet 9. mars 2018.

Bilde 1: Sortering av papp og plast over sluk i sorteringshallen

(8)

Bilde 2: Lagring av EE-avfall over sluk i sorteringshallen

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Det vart observert knust vindauge som var definert som farleg avfall, men som låg saman med anna avfall og ikkje var emballert forsvarleg.

Verksemda hadde ikkje gjennomført kartlegging av alle utslepp til vatn eller laga oversikt over overvatn og avløpsvatn, inkludert vassmengder, eksisterande røyrsystem og grad

Miljødirektoratet som har svart at dersom det verksemda tek imot ikkje er klassifisert som farleg avfall ved mottak frå offshore, men klassifisert som produkt, så er det ikkje

Verksemda har ikkje rutine for å registrere mengde farleg avfall per år per avfallskunde som skal sikre at verksemda ikkje tek imot meir enn grensa på 1500 kg farleg avfall per

Informasjon om håndtering av vinduer som inneholder ftalat og asbest Vinduer som ikke er farlig avfall på grunn av innhold av PCB- eller klorparafin kan inneholde ftalat eller

Eventuelle merknader må sendast til Fylkesmannen i Hordaland innan to veker etter at denne rapporten er motteken.. Vedtak

Verksemda har ikkje skriftleg definert kva som skal førast som avvik og det var ført få avvik på avfallsbehandling. Verksemda samla avvika i ein perm og laga ikkje ei samanstilling

 Verksemda tok imot farleg avfall utan finansiell sikring, sjå avvik 3..  Sjølv om verksemda har asfaltert store område sidan førre tilsyn, vert framleis mykje avfall lagra