• No results found

Rundskriv N-1/2021 - Garantisum for løyver for 2021 - Oppheving av Rundskriv N-1/2020

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Rundskriv N-1/2021 - Garantisum for løyver for 2021 - Oppheving av Rundskriv N-1/2020"

Copied!
3
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Postadresse Postboks 8010 Dep 0030 Oslo

[email protected]

Kontoradresse Akersg. 59

www.sd.dep.no

Telefon*

22 24 90 90 Org.nr.

972 417 904

Avdeling Veg-, by- og

trafikksikkerhetsavdelinga

Saksbehandlar Jan Vidar Weltzien 22 24 82 51

Rundskriv N-1/2021 - Garantisum for løyver for 2021 - Oppheving av Rundskriv N-1/2020

1. Garantisum for 2021

Etter forskrift 26. mars 2003 nr. 401 om yrkestransport innenlands med motorvogn og fartøy (yrkestransportforskriften) § 7 skal søkjar ved søknad om eit løyve leggje fram ei

garantierklæring frå bank eller forsikringsselskap på ein kroneverdi tilsvarande 9000 euro.

For løyver ut over dette gjeld ein kroneverdi tilsvarande 5000 euro for kvart løyve.

Etter yrkestransportforskriften § 7 skal verdien på euro i kroner fastsetjast for ein periode på eitt år. Kroneverdien av euro skal fastsetjast i samsvar med forordning (EU) nr. 1071/2009 art. 7 nr. 1 for alle løyvekategoriane. Kursen skal vere den kursen som er kunngjort offisielt i kvar EFTA-stat per 1. oktober 20201. Norges Bank publiserer valutakursar kvar dag i

samsvar med forskrift 8. august 2001 nr. 914 om Norges Banks notering av markedskurser for valuta uttrykt i norske kroner. Valutakursane er tilgjengelege på heimesidene til Norges Bank2. Kursen på 1 euro per 1. oktober 2020 er NOK 10,9073.

I perioden frå 1. januar 2021 til 31. desember 2021 er garantisummen etter avrunding sett til 98 000 kr for det første løyvet og 55 000 kr for dei påfølgjande løyva i kvar løyvekategori.

Det skal ikkje gjerast endringar i eksisterande garantiar, bortsett frå i tilfelle som nemnt i pkt.

2.

2. Ombyting av garanti

1 https://eur-lex.europa.eu/legal-content/EN/ALL/?uri=CELEX:C2018/353/01

2 https://www.norges-bank.no/statistikk/valutakurser/

Ifølgje liste

Dykkar ref Vår ref

20/2317-1

Dato

19. oktober 2020

(2)

Side 2

Når ein garanti avløyser ein annan, reknast dette for ombyting av garanti. Dette gjeld både ved skifte av garantist og ved opptrapping og nedtrapping av talet på løyver. Ved ombyting av garanti må garantisummen reknast på grunnlag av dei nye garantisummane for alle løyvene til løyvehavaren.

3. Garantierklæring ved årsskiftet 2020/2021

Søknad om løyve som kjem inn før 1. januar 2021, kan følgje den garantisummen som gjaldt på søknadstidspunktet dersom søknaden er komplett.

Søknad om løyve som kjem inn etter 1. januar 2021, må bruke garantisum for 2021.

4. Historiske garantisummar Historiske garantisummar er som følgjer:

År Første løyve i kvar løyvekategori Påfølgjande løyve i kvar løyvekategori

2020 90 000 50 000

2019 85 000 47 000

2018 84 000 47 000

2017 81 000 45 000

2016 85 000 47 000

2015 73 000 41 000

2010-2014 77 000 43 000 2005-2009 75 000 42 000

2000-2004 75 000 42 000

5. Oppheving av rundskriv

Rundskriv N-1/2020 vert oppheva frå 1.1.2021 Med helsing

Lasse Lager (e.f.) avdelingsdirektør

Jan Vidar Weltzien seniorrådgjevar

Dokumentet er signert elektronisk og har derfor ikkje handskrivne signaturar

(3)

Side 3

Adresseliste

Agder fylkeskommune Innlandet fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune NHO Transport

Nordland fylkeskommune Norges Lastebileier-Forbund Norges Taxiforbund

Norges Transportforbund Norges Turbileierforbund

Oslo kommune - Byrådsavdeling for miljø og samferdsel Rogaland fylkeskommune

Statens vegvesen

Statens vegvesen Region vest Troms og Finnmark fylkeskommune Trøndelag fylkeskommune

Vestfold og Telemark fylkeskommune Vestland fylkeskommune

Viken fylkeskommune Yrkestrafikkforbundet

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

I det reformerte pensjonssystemet byrjar kvar kohort å heve pensjon ved fylte 62 i staden for ved fylte 67, men dei går ut av modellen på same tidspunkt som i dagens..

Eg var skeptisk til om alle eksempla frå fattige land og land med mykje dårlegare helseteneste enn vi har, kunne fungere hos oss.. Men det gjer dei så

For å bidra til at aktiviteten i dette markedet skal kunne gjenopptas så fort begrensingene på deltakerantall er hevet, foreslår regjeringen å etablere en støtteordning for

I samband med at publikum har brukt nettstaden utmelding.no har Kyrkjerådet registrert eit behov for å klargjere rutinane for handsaming av førespurnader om utmelding.. Den som

Vedtak: Allmennlegeforeningen besluttet etter en vurdering å ikke avgi høringssvar Sak 146/2021 Høring - Rundskriv for vurdering av egnethet ved assistert befruktning

På denne bakgrunn ønsket vi å gjennomgå kunnskapsstatus om hvordan nedtrapping av antipsykotiske legemidler bør foregå. Vi har fokusert på hvilket kunnskapsgrunnlag som finnes

vied store typer bruker Dag- bladet beicgnelsen <(d0vstum- mc», en bctegnclsc som det i mange i r cr arbeidet med a 1&. En dev som ogs4 er stum ci imidlcftid svicrt

vied store typer bruker Dag- bladet beicgnelsen <(d0vstum- mc», en bctegnclsc som det i mange i r cr arbeidet med a 1&. En dev som ogs4 er stum ci imidlcftid svicrt