• No results found

Om rutinar ved utmelding av Den norske kyrkja

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Om rutinar ved utmelding av Den norske kyrkja"

Copied!
1
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Rundskriv nr. 3 - 2014 Kyrkjerådet Til kyrkjebokføraren, kyrkjeverja

- og andre som handsamar førespurnader om utmelding av Den norske kyrkja

Om rutinar ved utmelding av Den norske kyrkja

I samband med at publikum har brukt nettstaden utmelding.no har Kyrkjerådet registrert eit behov for å klargjere rutinane for handsaming av førespurnader om utmelding.

Rutinane er fastlagde i § 9 i Lov om trudomssamfunn og ymist anna, i § 3 i Kyrkjelova og i Forskrift om innmelding i og utmelding av Den norske kyrkja.

Den som vil melde seg ut av eit registerført trussamfunn, må anten møte fram sjølv eller sende signert utmeldingsskjema til soknekontoret på bustaden.

Det er Kulturdepartementet som til ei kvar tid bestemmer korleis ein går fram ved inn- og utmelding i Den norske kyrkja, sjå Kyrkjelova §3. Kulturdepartementet har godkjent at utmelding av Den norske kyrkja òg kan skje ved e-post dersom ein legg ved eit inn- scanna dokument som er datert og underskrevet.

Men Kulturdepartementet har ikkje godkjent nokon form for ”elektronisk signatur” i denne samanheng. Dei signaturane som t.d. vert generert frå nettstaden utmelding.no, er dermed ikkje gyldige som signaturar.

Publikum får svar etter desse retningslinene ved kontakt med Kyrkjerådet. Kyrkjerådet oppmodar alle kyrkjebokførarar å følgje dei same rutinane.

Samtidig minner vi om den viktige skilnaden på utmelding og feilretting. Sletting av personer som er feilaktig oppførte i Den norske kyrkja sitt medlemsregister, er ikkje å rekne som utmeldingar og krev difor ikkje noko utfylt utmeldingsskjema.

Det vert vidare vist til nettsida www.kirken.no/medlem

Oslo, 15. oktober 2014

Med venleg helsing

Jens-Petter Johnsen

Direktør Trude Evenshaug

Kommunikasjonsdirektør

Rundskriv

Nr. 3 – 2014

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Data fra Starasak viste at personer som ikke hadde brukt bilbelte i dødsulykkene i større grad enn personer som hadde brukt bilbelte var registrert anmeldt for andre lovbrudd, de

- mellom sokneråda Bruflat, Nord- Etnedal, Bagn, Hedalen, Begnadalen, Reinli og Leirskogen.. Fellesråd Vedtak – sak nr

NÅDEGÅVER: – Vi ortodokse trur ikkje på emos- jonelle andedåpsopplevingar, men vi trur på Gåvene til Anden, seier fader Johannes

Etnedal kommune mener det er naturlig at dette tas med i en eventuell revidering av reguleringsplanen€ som soknet har på Lenningen.. - Reguleringsplaner 151/1 – Bruflat

o De største oppgavene som arbeides med i Etnedal kyrkjelege fellesråd for tiden er kartlegging av vedlikeholdsbehovet ved kirkene, samt finansiering og utførelse av

Den som er valgt som medlem av et lovbestemt kirkelig organ, som Bruflat sokneråd, plikter å delta i organets møter, med mindre det foreligger gyldig forfall.. Arbeidstaker har

Rådsmedlemmer: Kjell Jørgen Fjeld, Marit Slettum, Torill Stubbene, Grethe Nysveen Bjørnødegård, Magnhild Irene Claudius, Ronald Kyrre Rasmussen og Ingun Kompen.. Fra

Vedtak: Bruflat sokn vedtar at det skal kun være 1 gudstjeneste på julaften i Bruflat kyrkje... Sak 41/2020