• No results found

..stein på stein

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "..stein på stein"

Copied!
95
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

”Møtast for å tenke saman Ikkje berre ein og ein

Korleis bygge felles framtid Korleis legge ..

..stein på stein”

Forvaltnings- og utviklingsplan for

kvernsteinslandskapet i Hyllestad

(2)
(3)

Tittel:

Stein på stein. Forvaltings- og utviklingsplan for kvernsteinslandskapet i Hyllestad.

Rapportnr:

10/2008

Forfatter:

Marte Tørud Håland og Trude Knutzen Knagenhjelm

Dato:

26.3.2009 Referanse:

Håland, M. T. og T. K. Knagenhjelm. 2008. Stein på stein. Forvaltnings- og utviklingsplan for kvernsteinslandskapet i Hyllestad. Aurland Naturverkstad rapport 10/2008.

Oppdragsgjevar:

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kontaktperson oppdragsgjevar:

Svein Arne Skuggen Hoff og Eva Moberg Referat:

Etter innspel frå Riksantikvaren har Aurland Naturverkstad utarbeida ein forvaltnings- og utviklingsplan for kvernsteinslandskapet i Hyllestad, på oppdrag frå Kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Det vert i planen gjeve eit oversyn over forskings- og kunnskapsstatus på områda kulturminne, natur og landskap. Planen er elles tufta på ei områdeanalyse med verdivurderingar av kulturminne og landskap, sårbarheit og utviklingspotensial. Det har vore arrangert folkemøte og idédugnad i Hyllestad, og dette danna grunnlag for ei rekkje viktige innspel til planen.

På bakgrunn av verdivurderingane og innspela er det utarbeida retningslinjer for tiltak og arealdisponering i steinbrotsområda og prioritering av tiltak knytt til kulturminne, områdeutvikling, tilrettelegging og formidling.

Forsideillustrasjon:

Dikt av jordbrukssjef Bjørn Ivar Hjelmeland frå idéverkstad i Hyllestad 28.03.08

Teikning av Marte Tørud Håland. Vasskvernstein på Myklebust med Lihesten i bakgrunnen.

Emneord:

Kulturminne Kulturmiljø

Historisk stadanalyse Landskap

Kvernsteinsbrot Produsert av:

Aurland Naturverkstad BA Postboks 27

5741 Aurland

Tlf. 57633629, Fax: 57633516 e - post: [email protected]

(4)
(5)

Forord

Kvernsteinsbrota i Hyllestad er gjenstand for eit stort lokalt engasjement og er eit unikt kulturminne i

landssamanheng. Det er den tidlege produksjonen av kvernstein attende til merovingartida, samt den samanhengande driftsfasen på 1300 år som gjer brota i Hyllestad til særeigne.

Aurland Naturverkstad har hatt i oppdrag å utarbeide ein plan som skal vere eit overordna rammeverk for

forvaltninga av landskaps- og kulturminneverdiane i det kulturhistoriske steinbrotslandskapet i Hyllestad kommune.

Planen er utarbeidd etter innspel frå Riksantikvaren, og på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Arbeidsprosessen har involvert mange partar. Ikkje minst har lokalbefolkninga medverka med viktige innspel gjennom folkemøte og idédugnad.

Fleire personar har vore hjelpsame med informasjon og vore med på synfaring. Ein spesiell takk går til

grunneigarane Audun Oppedal, Gunnar Rønneseth og John Berge, Torbjørn Løland i Kvernsteinsnemnda/Åfjordstein, jordbrukssjef Bjørn Ivar Hjelmeland og prosjektleiar for Kvernsteinprosjektet, Astrid Waage.

Svein Arne Skuggen Hoff er prosjektansvarleg ved Sogn og Fjordane fylkeskommune. Eva Moberg har vore

kontaktperson frå Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Referansegruppa for planen har vore samansett av grunneigarrepresentantane Tove Rønneseth, Gunnar Rønneseth og Audun Oppedal, Astrid Waage og Bjørn Ivar Hjelmeland frå Hyllestad kommune, Torbjørn Løland, Finn Borgen Førsund og Per Bygnes frå Kvernsteinsnemnda, Irene Baug frå Universitetet i Bergen, Tom Heldal frå NGU, Svein Arne Skuggen Hoff og Eva Moberg frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Marte T. Håland frå Aurland Naturverkstad. Takk for alle gode innspel.

Karta i rapporten er utarbeidd av Christoffer Knagenhjelm og Lars Andre Uttakleiv. Kartdata (N50 kart for Hyllestad kommune, Norge digitalt) er lånt ut frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Bilete i rapporten er teke av Aurland naturverkstad med mindre anna er nemnt.

Aurland, 26. mars 2009 Marte Tørud Håland Trude Knutzen Knagenhjelm

(6)
(7)

Til Hyllestad-seminaret Ei bygd seg speglar i stille fjord Eit berg fortel om ei soge stor

til mat for tanken og ordet Her er eit ekko, ein stille sang frå tusen år fylt av meiselklang då stein gav brød på bordet I tusen år møtte meisel stein

eit yrke lagra i merg og bein ein arbeidsdag utan ende Dei løyste steinen frå berget fast Ved hjelp av sjøvegen last på last til inn- og utland vart sende Men så ein morgon var gruva still

Ei næring hadde sett livet til ein rise mista si verksemd Ei mektig soge låg still og grå og mang ei grop vaks det mose på Ei fortid heilt utan merksemd

I hundre år tagde berget stilt og magre marker i landskap vilt gav andre vegar til føda Dei hausta næring frå kyst og fjord Dei rydda skogen og dyrka jord og berga livet på grøda Så, langt om lenge fekk soga ord ei kviskring vaks til eit mektig kor ei segn vart avdekt og sanna Frå teikn i fortidas fotefar det vaks til vitskap og seminar

for kunnskapstida eit manna Nyfikne kjem som eit folketog fornminnegranskar og geolog for skrift i stein å lese Og spor av steinbrot det finst her flust frå Skiveneset til Myklebust og hamn ved Otringsneset Kjem ofte godt, den som først var sein

og tung i steget som gjort av stein som ut av berget kropen Ein framtidsbygning krev mange fag Her er ein grunnstein, for no i dag er kvernsteinsoga open

Bjørn Ivar Hjelmeland

(8)
(9)

Forord ... iii

1 Innleiing ... 1

1.1 Hyllestad - eit av dei største kvernsteinsbrota i Europa ... 2

1.2 Føremål ... 3

1.3 Overordna bakgrunn ... 3

1.4 Viktige problemstillingar ... 4

1.5 Arbeidsprosessen ... 5

1.6 Ansvar og rollefordeling ... 7

1.6.1 Lokale initiativ ... 7

1.6.2 Stiftinga Norsk Kvernsteinssenter ... 8

1.6.3 Kommunenettverk KVERNSTEIN... 8

1.6.4 Sogn og Fjordane fylkeskommune... 8

1.6.5 Verdiskapingsprogrammet - Riksantikvaren ... 8

1.6.6 Formelt ansvar og forvalting av kulturminne ... 8

1.7 Gjeldande kommunalt planverk ... 9

2 Kunnskapsstatus - ”kven veit”? ... 10

2.1 Kulturminne ... 10

2.2 Natur ... 12

2.3 Handverk, formidling og undervisning ... 13

2.4 Prosjekt Kvernsteinshistoria formidla gjennom handlingsboren kunnskap ... 15

2.5 Prosjekt Det norske kvernsteinslandskapet ... 15

3 Områdeanalyse – med vekt på verdi av kulturminne og landskap ... 16

3.1 Kort om metode ... 16

3.2 Overordna landskapsskildring ... 18

3.3 Næring ... 20

3.4 Registrerte kulturminne ... 21

3.4.1 Kvernsteinsbrot ... 21

3.4.2 Andre kulturminne ... 24

3.5 Einskaplege delområde - innhald, oppleving og utviklingspotensial ... 26

3.5.1 Hyllestad - Buavika ... 28

3.5.2 Kvernsteinsparken ... 31

3.5.3 Myklebust ... 35

3.5.4 Kyrkjefjellet ... 38

3.5.5 Sæsol - Gåsevatnet ... 41

3.5.6 Stigedalen – Sørefjorden ... 44

3.5.7 Rønsetlia – Berge ... 46

3.5.8 Stuberget – Rønsetklubben ... 50

3.5.9 Rønset med Ottringsneset ... 52

3.5.10 Punktførekomstar ... 56

3.6 Oppsummering og samla verdivurdering av det kulturhistoriske steinbrotlandskapet ... 58

3.6.1 Kvernstein som identitetsskapande symbol ... 58

3.6.2 Lang tidsdjupn – kontinuitet i tradisjon ... 58

3.6.3 Stort omfang – heilskapeleg miljø og intakte kulturminne ... 58

3.6.4 Opplevingsrikt landskap ... 58

3.6.5 Undervisnings- og kunnskapsressurs ... 59

4 Steinbrotlandskapet som verdiskapingsressurs ... 60

4.1 Strategi for kulturminnebasert verdiskaping i Hyllestad ... 60

4.2 Stadformidling ... 60

4.3 Landskapsskjøtsel og stell av kulturminne ... 62

4.4 Stønadsordningar ... 64

4.5 Kunnskapsutvikling og vidare forsking i området... 65

(10)

5 Retningslinjer for aktuelle tiltak ... 68

5.1 Offentleg arealplanlegging og forvalting ... 68

5.2 Jordbruk ... 68

5.3 Skogbruk ... 70

5.4 Arealdisponering – utbygging og råstoffutvinning ... 71

5.5 Reiseliv ... 72

6 Prioritering av innsatsområde ... 73

6.1 Kulturminne- og skjøtselstiltak ... 73

6.2 Formidling og tilrettelegging ... 74

6.2.1 Ei tidsreise i Hyllestad ... 75

6.3 Turstiar... 75

6.4 Områdeutvikling ... 76

6.4.1 Fjordane Geopark ... 76

7 Sluttmerknad /oppsummering ... 78

8 Kjelder ... 79

9 Figurliste ... 82

10 Vedlegg ... 83

(11)
(12)
(13)

1 Innleiing

Sogn og Fjordane Fylkeskommune har etter innspel frå Riksantikvaren teke initiativ til å utarbeide ein forvaltnings- og utviklingsplan for kvernsteinslandskapet i Hyllestad kommune, Sogn og Fjordane (fig.

1). Geologiske og arkeologiske undersøkingar har dei siste åra vore med å gi heilt ny og verdfull kunnskap om omfang og alder på dette særeigne kulturminnet og produksjonslandskapet.

Dei viktigaste initiativa for å få gjennomført faglege granskingar av steinbrota har kome frå lokalt hald gjennom Hyllestad kommune og Kvernsteinsprosjektet. Prosjektet som vart sett i gang i 1995 har som siktemål å få auka og formidla kunnskapen om kvernsteinsproduksjonen i Hyllestad, å sikre og verne brota, og å gjere området til ein attraksjon for lokalmiljøet og for reiselivet. Dette munna mellom anna ut i opninga av Kvernsteinsparken i 2002.

Denne forvaltningsplanen er utarbeidd parallelt med Kommuneplan for Hyllestad kommune 2009 – 2020 som vart vedteken hausten 2009 etter gamal plan- og bygningslov. Etter ny plan- og

bygningslov vil retningslinjer og sjekklister som forvaltningsplanen her foreslår, kunne jamførast med forslag til føresegner til omsynssoner i ein områdeplan.

Figur 1. Oversiktskart over Hyllestad si plassering.

(14)

1.1 Hyllestad - eit av dei største kvernsteinsbrota i Europa

Steinbrota ligg spreidd i eit belte med bergarten granatglimmerskifer langs nord og austsida av Åfjorden og tilsvarar ifylgje dei siste geologiske kartleggingane til NGU, 0,14 kvadratkilometer (Heldal 2007), (fig. 2). I tillegg finn ein og spor etter utskipinga av kvernstein i sjølve fjorden i form av tapte kvernsteinar og ballaststein. Til saman gjer dette produksjonslandskapet i Hyllestad til eit av dei største kulturminna frå førhistorisk tid her til lands og samstundes eit av dei største kvernsteinsbrota i Europa (Belmont 2006).

Spora i området er resultat av ein steinproduksjon som gjekk føre seg i ein periode på over 1000 år (frå om lag 700–1930), der hovudproduktet var kvernsteinar. På bakgrunn av arkeologiske og historiske kjelder har forsking vist at det allereie før vikingtida låg ei overordna organisering til grunn for bergverksdrifta. Det er difor grunn til å kalle produksjonen i Hyllestad for eit av landets tidlegaste industriføretak. Basert på funn frå heile Nord-Europa, så langt aust som Polen, veit vi òg at produkta frå Hyllestad var eksportprodukt. Dei mengdene stein som er funne i både Sverige og Danmark fortel oss dessutan at dette har vore ein organisert handel heilt tilbake i vikingtid og tidleg mellomalder (Baug 2002). Bryner frå skiferbrota i Eidsborg i Telemark er tidlegare blitt kalla Noregs første eksportartikkel, men har no fått selskap av produkta frå Hyllestad.

Grunna den høge alderen og den samla storleiken på kulturminna, samspelet mellom kulturminna og landskapet og særskilt stillinga som desse kulturminna har som identitetsskapande symbol gjer at kvernsteinslandskapet i Hyllestad er av nasjonal verdi. Til no har desse kulturminna hovudsakeleg vore av lokal interesse, med unntak av forskingsmiljøa. Det ligg difor ei stor utfordring i å setje

Figur 2. Kart som syner kvernsteinsbrota som raude felt langs Åfjorden (kjelde: NGU 2007).

(15)

Hyllestad på kartet og nyttiggjere området si stilling som historisk fyrtårn i Nord-europeisk samanhang.

1.2 Føremål

I oppdraget frå Sogn og Fjordane fylkeskommune heiter det at forvaltningsplanen skal vere eit overordna rammeverk for forvaltninga av landskaps- og kulturminneverdiane i steinbrotslandskapet i Hyllestad kommune.

Landskaps- og kulturminneverdiar er hovudfokus for denne planen. Planen skal vere eit verktøy for å fremje bruk av kulturminna og landskapet dei ligg i, samstundes som dei vert verna og skjøtta på ein forsvarleg måte.

Planen skal innehalde eit oversyn over område med behov for meir detaljerte planar for skjøtsel og landskapspleie, samt retningslinjer for planlegging av tiltak innan jordbruks- og skogbruksdrift, næringsutvikling og reiseliv. Dette fordrar at planen ikkje blir eit statisk dokument, men er ope for endringar.

Forvaltningsplanen skal gje oversikt over viktige problemstillingar kring bruk og vern av kulturminna og skissere tiltak som kan gjennomførast for å fremje ei balansert forvaltning innanfor dei rammene som kulturminnevernet set.

Forvaltningsplanen skal dokumentere og grunngje landskaps- og kulturminneverdiane i området.

Desse verdivurderingane skal danne grunnlag for kulturminneforvaltninga sine innspel til planarbeid på alle nivå.

1.3 Overordna bakgrunn

Den europeiske landskapskonvensjonen vart vedteken av alle dei 45 medlemslanda i Europarådet i oktober 2000. Konvensjonen vart sett i verk i landa som hadde ratifisert avtalen i 2004 og Noreg var her blant dei første.

Landskapet er i følgje konvensjonen både ein verdi som skal forvaltast, men òg ein ressurs som kan utviklast og gje grunnlag for ny verdiskaping. Landskapet kan sjåast som eit fellesgode; både for den fastbuande, turisten og den næringsdrivande, ulike samfunnssektorar og forvaltningsnivå. God planlegging og forvaltning av landskap treng medverking frå mange aktørar.

Stortingsmelding nr. 16-2005 ”Leve med kulturminner” trekker opp retningslinjene for

kulturminnepolitikken framover og omhandlar i stor grad det verdiskapingspotensialet som ligg i kulturminna som ressursar for lokalsamfunn, både økonomisk, sosialt og kulturelt. Ofte er den indirekte økonomiske verdien av kulturminne særs stor i samband med reiseliv og marknadsføring av attraktive besøksområde. Eit viktig temaområde i denne planen vil difor vere å skaffe oversikt over kva område som egnar seg særskilt godt til framvisning og formidling.

Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning har utarbeidd ein strategi for arbeid med landskap. Strategien har fokus på ei heilskapeleg forvaltning av omgjevnadane våre og har som målsetjing å bygge opp ei langsiktig, kunnskapsbasert forvaltning av landskap. Måla kan nåast ved å

(16)

styrke landskapsarbeidet i kommunane og ved å auke engasjementet i høve til landskap i lokalsamfunna (Strategi for arbeid med landskap 2007).

1.4 Viktige problemstillingar

Forvaltning og daglegliv

Spora etter kvernsteinsproduksjonen finn ein mange stader i ”kvardagslandskapet” til folk i Hyllestad.

Her skal folk bygge og bu og ha moglegheit til å utfalde seg, samstundes som kvernsteinslandskapet som kulturminne skal forvaltast på ein berekraftig måte. Spreidd lokalisering frå fjøre til fjell, ved tun og inntil vegar krev ei differensiert forvaltning av dei ulike områda.

Vern og forvaltning

Korleis fungerar vern og forvaltning av eit større landskapsområde som inneheld både automatisk freda- og nyare tids kulturminne på best mogleg måte? Kvernsteinsbrota i Hyllestad er automatisk freda kulturminne etter Kulturminnelova. I dette ligg det at kvar enkelt brotstad er freda. Med unntak av steinbrotområdet på Rønset som er verna som edellauvsskogsreservat etter

Naturvernlova, er det ikkje utforma spesielle verneforskrifter for kvernsteinsbrota i form av områdefreding eller liknande.

Ein stor del av kulturminna knytt til kvernsteinsproduksjonen i Hyllestad er lause kulturminne i form av m.a. kvernsteinsemne, feilprodukt og hoggeavfall. Mange av desse ligg opp i dagen, med fare for flytting, fjerning og tjuveri. Dette stiller særskilte krav til informasjon og sikring.

I arealdelen av Kommuneplan for Hyllestad kommune 2009–2020 er område med store

konsentrasjonar av kvernsteinsbrot gjeve planstatus LNFK (Landbruks- natur- og friluftsområde med kulturminne). Førekomsten av steinbrota skal vere retningsgjevande for arealbruken i desse områda.

Meir spreidde kvernsteinsbrot er kartfesta som einskildbrot og rune-R. Føresegnene seier at desse områda skal forvaltast i samsvar med denne forvaltningsplanen.

Forvaltningsplanen og kunnskapsutvikling

Gjennom dei arkeologiske og geologiske registreringane og undersøkingane som er gjort har vi fått eit bilete av den omfattande kvernsteinshistoria. Likevel finst det enno fleire spørsmål enn svar og sannsynlegvis har ein berre sett toppen av isfjellet. Det vil heilt sikkert dukke opp nye brot og ny informasjon etterkvart som tida går. Det betyr òg at forvaltningsplanen må vere dynamisk og at han må kunne tilpassast utviklinga og nye ting som dukkar opp. Ei rullering av forvaltningsplanen i takt med den generelle samfunnsutviklinga og ny kunnskap om kvernsteinsbrota er ein føresetnad for at han skal fungere.

Aktivisering av landskapet

Ei utfordring i dag er å ta vare på det tradisjonelle kulturlandskapet og samstundes å ta landskapet i bruk på nye måtar. Vern av kulturminne kjem sjeldan høgt på prioriteringslista i eit lokalsamfunn dersom dei ikkje kan takast i bruk i samanhengar som er viktige for folk i dag. Eit døme på ei fruktbar tilnærming i denne samanhengen er lanseringa av omgrepet ”det kulturelle landskapet”:

(17)

Eit kulturelt landskap er eit landskap som engasjerer, inkluderer, gjev identitet og rom for deltaking.

Det er ikkje ein bestemt arealkategori som skal vernast! Kulturelle landskap sjåast på som

verkstader, der ålmenta har tilgang til å involvere seg i omgjevnadane gjennom deltaking i arbeid, rekreasjon og anna oppleving og bruk som gjev høve til å skape ein eigen identitet i høve landskapet.

Omgrepet vert nytta for å skilje mot den tradisjonelle bruken av omgrepet kulturlandskap, som ofte vert oppfatta som eit særskilt skjøtselsobjekt og ikkje del av ei utvikling (Erling Krogh, UMB).

Formidling

Kva vil vi formidle og korleis skal det gjerast? Kulturminna i Hyllestad har eit omfang som krev god planlegging og ei medviten haldning til desse spørsmåla. Gjennom eit heilskapeleg perspektiv vil det vere mogleg å peike på område som eignar seg i formidlingssamanheng. Sett saman med ei vurdering av målgruppe for formidlinga kan det takast val om type medium for formidlinga. Døme på ulike typar formidlingsmedia er skilt, kultursti, guidia turar, besøkssenter, brosjyrar m.v. Ved tilrettelegging av kulturløyper og stiar er det avgjerande å utarbeide gode avtalar med grunneigarar.

1.5 Arbeidsprosess og forankring

1.5.1 Forankring og medverknad

Under arbeidet med utarbeidinga av framlegget til forvaltningsplanen har vi søkt å gje alle involverte partar og andre interesserte høve til å kome med innspel undervegs.

Den lokale forankringa har vore, og er heilt avgjerande for om planen vert eit nyttig reiskap for framtidig utvikling og verdiskaping. Det er viktig å skape lokal merksemd og oppslutning om dei verdiane og moglegheitene som kulturminna representerer.

Oppstart av arbeidet med forvaltningsplan vart kunngjort i januar 2007. Brev med informasjon om arbeidet vart sendt til alle aktuelle grunneigarar. Det kom ikkje inn innspel i oppstartsfasen.

Det er etablert ei referansegruppe for forvaltningsplanen med representantar frå kommunen, grunneigarane, kvernsteinsnemnda, geolog, arkeolog og fylkeskommunen. Gruppa har halde to møter. I tillegg vart det halde eit ope folkemøte/idéverkstad i mars 2008. Der var òg

primærnæringsprosjektet i Hyllestad spesielt invitert for å presentere sitt arbeid.

Hyllestad kommune har informert om arbeidet på sine heimesider http://hafs.ws.no og gjennom informasjonsbladet ”Kvenna” som distribuerast til alle husstandane i Hyllestad. Det har og vore informert om arbeidet med forvaltningsplanen samt folkemøte på www.kvernstein.no

Sogn og Fjordane fylkeskommune har informert om arbeidet med forvaltningsplanen samt referat frå folkemøte i mars på sine heimesider: www.sfj.no

På Hyllestadseminaret 20. april 2008 informerte Fylkeskommunen om arbeidet med forvaltningsplanen.

Ut over det som her er nemnt tek forvaltningsplanen i hovudsak utgangspunkt i eksisterande

kunnskap, kartleggings- og registreringsarbeid gjort av NGU og Universitetet i Bergen. Opplysningane i rapporten er elles basert på tilgjengeleg litteratur og databasar på Internett. Sjå kap. 8 for oversyn over kjeldene.

(18)

Møte

11.12.07 Oppstartsmøte med Hyllestad kommune, referansegruppa og Sogn og Fjordane fylkeskommune

17.01.08 Møte med Torbjørn Løland i Kvernsteinsnemda 28.02.08 Møte i referansegruppa

28.03.08 Ope folkemøte/idéverkstad på Storelia motell, Salbu

Synfaringar

11.12.07 Kort synfaring i Kvernsteinsparken ved Torbjørn Løland i Kvernsteinsnemda 17. og 18.01.08 Hovudsynfaring gjennomført av Lars André Uttakleiv og Marte T. Håland Synfarte område: Sæsol: kjentmann Audun Oppedal

Rønset med Ottringsneset: kjentmann Gunnar Rønneseth

Kvernsteinsparken og Myklebustområdet: kjentmann Torbjørn Løland I tillegg vart strekninga Leirvik – Hyllestad – Skiveneset samt Rutle synfart frå bil med korte stopp for fotografering.

28.03.08 Berge: kjentmenn John Berge og Gunnar Rønneseth

29.03.08 Ottringsneset

Høyring

Planen vart lagt ut til høyring 2. april 2009, der fristen for å gje innspel vart sett til 2. juni 2009.

Hyllestad kommune bad om forlenga høyringsfrist til 22. juni 2009.

Det kom inn fire høyringsuttaler frå:

· Hyllestad kommune/Kvernsteinsnemnda

· Folkeakademiet i Hyllestad

· Stiftelsen Bergens Sjøfartsmuseum

· Universitetet i Bergen – Bergen museum – De kulturhistoriske samlinger

1.5.2 Implementering

Forvaltnings- og utviklingsplanen vert m.a. sett i verk gjennom Hyllestad kommune sin

kommuneplan, der det vert lagt til rette for at forvaltning og arealplanlegging i kommunen skal ta omsyn til kvernsteinsbrota i samsvar med forvaltningsplanen. Kommuneplanen legg òg opp til at førekomsten av steinbrot skal vere retningsgjevande for arealbruken i område som er kartfesta som

Viktige innspel frå folkemøtet:

· Auka fokus på turstiar gjennom steinbrotslandskapet

· Utnytte Hyllestad sin strategiske plassering langs kystvegen mellom Ålesund og Bergen – mellom anna ved å arrangere tematurar

· Utarbeide plan for skilting av kvernsteinsbrota

· Lyssetting av landskapet – skape nye opplevingar for publikum

· Peike ut område der ein kan ta ut stein i framtida – til ulike produksjonar og næringsverksemder, til dømes til produksjon av suvenirar

(19)

LNFK og at forvaltnings- og utviklingsplanen for kvernsteinslandskapet bør integrerast i det kommunale planverket, t.d. som ein kommunedelplan.

Det er eit mål at planen skal forankrast politisk både i kommunen og på fylkesnivå.

1.6 Ansvar og rollefordeling

1.6.1 Lokale initiativ

Mange aktørar har både ansvar og interesse for kvernsteinsbrota i Hyllestad. Heilt frå 1968 har Folkeakademiet Hyllestad (FH) gjort ein stor innsats for å sikre og vekke interessa for desse kulturminna, både lokalt og regionalt. Gjennom FH sine oppfordringar om freding og forsking og formidling i form av foredrag og liknande vart mykje av grunnlaget lagt for det aukande

engasjementet rundt kvernsteinsbrota.

Hyllestad kommune har, gjennom Kvernsteinsprosjektet og Kvernsteinsnemda, teke eit stort ansvar og allereie gjort ein formidabel innsats for å auke kunnskapen om, og formidle historia om

kvernsteinsproduksjonen. Kommunen er i tillegg engasjert internasjonalt gjennom deltaking i den europeiske kvernsteinsorganisasjonen Moleriae.

Kvernsteinslauget er ein laus organisasjon med om lag 30 medlemmar. Laugsmedlemmane har mykje kunnskap om kvernsteinshistoria og er såleis ein ressurs for forskarar og fagmiljø som arbeider i tilknyting til kvernsteinsprosjektet. Gjennom aktivt dugnadsarbeid er dei med å vidareutvikle Kvernsteinsparken og å levandegjere kvernsteinshistoria for publikum gjennom praktisk steinhogging.

Hyllestadseminaret vart første gong skipa til i 1998 og fram til 2008 har det vore avvikla seks seminar med ulike tema. Målsettinga med seminara er å spreie kunnskap om kvernsteinsdrifta og

nærliggande tema i fagmiljø både innanlands og utanlands, og å gjere lokalsamfunnet medvite om kva for ressursar ein sit med, bør ta vare på og hauste av. Tilskipar av Hyllestadseminaret er Hyllestad kommune v/Kvernsteinsnemnda, Kvernsteinslauget og Hyllestad folkeakademi. Hyllestadseminaret har si eiga fagnemnd, samansett av forskarar innan arkeologi, geologi og historie. Seminaret vert støtta av Sogn og Fjordane fylkeskommune og foredraga frå seminara gis ut i eigne

seminarrapportar. Rapportane er ledd i arbeidet med å byggje opp ein kunnskapsbank.

Den kulturbaserte verksemda Åfjordstein er driven av Torbjørn Løland som produserer

handkvernsteiner, smykke og suvenirar i granatglimmerskifer. Gjennom arbeidet vert samstundes historie og kunnskap om kvernsteinsdrifta formidla gjennom deltaking og oppleving for lokale grupper, turistar, firma, lag og organisasjonar.

(20)

1.6.2 Stiftinga Norsk Kvernsteinssenter

I kommunestyremøte den 20.12.2007 vedtok Hyllestad kommune å opprette stiftinga Norsk Kvernsteinssenter. Stiftinga skal fungere som ein driftsorganisasjon med føremål innan forsking, forvaltning, formidling og samarbeid med skuleverket og organisasjons- og næringslivet.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane gjorde i møte den 24.3.2009 vedtak om at Sogn og Fjordane fylkeskommune går inn som medstiftar.

1.6.3 Kommunenettverk KVERNSTEIN

Fram til 2010 deltek Hyllestad kommune i Kommunenettverk KVERNSTEIN under programmet

”Livskraftige kommuner” som blir drifta av KS og finansiert av Miljøverndepartementet

(www.livskraftigekommuner.no). Nettverket består av dei fem kommunane som har dei største førekomstane av kvernsteinsbrot i landet og Riksantikvaren er involvert som ressurs m.o.t. kulturarv som grunnlag for nærings- og samfunnsutvikling. Målsetjinga med nettverket er å samle

kommunane til nettverkssamlingar for å medverke til utvikling av kulturminne som grunnlag for nærings- og samfunnsutvikling.

1.6.4 Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkeskommunen har gjeve fagleg råd og rettleiing, samt økonomisk tilskot til utvikling av Kvernsteinsprosjektet i perioden 2003–2008. I tillegg har fylkeskommunen i mange år støtta

Kvernsteinseminaret. Samla fylkeskommunal innsats nærmar seg ein million kroner i tillegg til eigen arbeidsinnsats.

1.6.5 Verdiskapingsprogrammet - Riksantikvaren

Riksantikvaren utnemnde i 2006 Kvernsteinsprosjektet til eit pluss- prosjekt i

Verdiskapingsprogrammet. Utnemninga var basert på det store verdiskapingspotensialet knytt til kunnskap om produksjon av kvernstein, forsking, formidling og næring og den innsatsen

lokalsamfunnet gjer for å formidle den kunnskapen som kjem fram gjennom forsking på kvernsteinsområda. Med dette følgde ei økonomisk stønad på 350 000 kroner.

1.6.6 Formelt ansvar og forvalting av kulturminne

Ansvaret for forsvarleg bruk og vern av kulturminne ligg hos dei ulike organa som forvaltar desse.

• Kommunen har ansvar for å følgje opp den nasjonale kulturminnepolitikken og for å ta vare på kulturminne og kulturmiljø av lokal verdi. Kommunen har eit særskilt ansvar for at det blir teke omsyn til dei lokale kulturminna gjennom ansvarleg bruk og vern av areal. Kommunen skal følgje opp, ivareta og samordne i samsvar med Plan og bygningslova.

• Fylkeskommunen har ansvar for å følgje opp den nasjonale kulturminnepolitikken og for å ta vare på kulturminne og kulturmiljø av regional verdi. Vidare har fylkeskommune eit særskilt ansvar for forvaltninga av dei automatisk freda kulturminna og dei freda bygga. Som regional utviklingsaktør

(21)

skal fylkeskommunen ta initiativ og legge til rette for at kulturminne og kulturmiljø vert oppfatta som viktige ressursar i lokalsamfunna. Fylkeskommunen står som ansvarlege for utarbeidinga av denne forvaltningsplanen.

• Statens naturoppsyn (SNO) er tillagt mynde i form av oppsyn med kulturminne. SNO er ei tilsynseining under DN, og har som formål å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygge miljøkriminalitet.

• Bergen Museum, Universitetet i Bergen er forvaltar av staten sin eigedomsrett til lause kulturminne funne på land, og har ansvar for utgravingar og undersøkingar av arkeologiske kulturminne i

Hordaland, Sogn og Fjordane og på Sunnmøre.

• Bergens Sjøfartsmuseum har regionalt ansvar for kulturminne under vatn.

• Riksantikvaren er Miljøverndepartementet sin rådgjevande og utøvande faginstans med ansvar for å følgje opp den nasjonale politikken for kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren har eit særskilt ansvar for å sikre tilstrekkelege verkemiddel for freda kulturminne og legge til rette for at lokale og regionale aktørar kan utføre sine oppgåver. Riksantikvaren er dispensasjonsmyndigheit i høve Lov om kulturminne.

1.7 Gjeldande kommunalt planverk

Kommuneplan for Hyllestad kommune 2009 – 2020

For heile Hyllestad kommune gjeld kommuneplan 1999-2020. Eit planframlegg med tekstdel med mål og handlingsprogram, arealdel med plankart og tilhøyrande føresegner, samt konsekvensutgreiing av nye byggjeområde vart lagt ut til offentleg ettersyn den 12.02.2009. Endeleg planvedtak vart gjort 1.

oktober 2009.

Reguleringsplanar

Innanfor området omfatta av denne forvaltningsplanen gjeld også reguleringsplan for Hyllestad sentrum. Planen gjeld sentrumsområdet til og med Kvernsteinsparken.

Reguleringsplan for Myklebust II. Planen gjeld ein utviding av eksisterande bustadfelt på Myklebust mot aust.

Aktuelle tematiske kommunedelplanar

Tiltaksplan for skogbruk i Hyllestad kommune 1999-2008 systematiserar og peikar på dei lokale tilhøva innan skogbruk. Fokus i planen ligg på skogsforvaltning og hogst i høve til potensial, forklaring av utviklingstendensar, nisjeprodukt og lokal foredling av råstoff frå skogen.

Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet & utbyggingsplan for lokale kulturbygg 2007–

2010 gjeld innanfor følgjande område:

• Planlagt og målretta utbygging av anlegg og tilrettelegging for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

• Føresetnad for tildeling av statlege spelemidlar

• Verktøy for budsjett- og økonomiplanarbeid

• Hjelp for organisasjonane si planlegging og prioritering

• Gode drifts- og vedlikehaldsopplegg

• Grunnlag for fylkeskommunal planlegging

(22)

2 Kunnskapsstatus - ”kven veit”?

Som ei naturleg følgje av å bu i området, sit grunneigarar og andre i lokalsamfunnet på mykje

kunnskap om kulturminna i Hyllestad. Kunnskapsstatusen kring steinbrota i Hyllestad er elles resultat av fleire års arbeid innan fleire ulike fagfelt som historie, geologi, marinarkeologi, arkeologi,

formidling og handverk. Dette kapitlet inneheld ei kortfatta oversikt over denne forskingshistoria.

2.1 Kulturminne

Agrarhistorikaren Ottar Rønneseth var den første som studerte kvernsteinsbrota i Hyllestad, og då nærare bestemt brotstaden og dei synlege spora etter kvernsteinshogginga, publisert i to artiklar frå 1968 og 1977. Desse første overflateregistreringane påviste rundt 30 store steinbrot innafor eit område på ca. 27 kvadratkilometer.

I 1990-åra vart det gjort marinarkeologiske registreringar av kvernstein. Undersøkingane vart utført av marinarkeologen og historikaren Arild Marøy Hansen ved Bergens Sjøfartsmuseum (1992 og 1997). Det var særleg distribusjonen av hyllestadsteinen som var målet med undersøkingane og ikkje produksjonsstaden. Utgangspunktet var eit kvernsteinsfunn som stamma frå eit forlis i

Alverstraumen i Lindås kommune i Nordhordland, der museet tok opp 13 tonn kvernsteinar. Hansen kjem i denne samanhengen inn på utskipingsstader og transportsoner for kvernstein frå Hyllestad.

Då funnet av lasta i Alverstraumen vart kjent, tok Folkeakademiet Hyllestad initiativ til at delar av lasta skulle deponerast i Hyllestad i samråd med Bergens Sjøfartsmuseum. Vel 500 steinar frå lasta er i dag utstilt i Kvernsteinsparken.

Under utgravingane på Bryggen i Bergen (1955-1979) vart det funne kvernstein med opphav i Hyllestad. Kvernstein frå Hyllestad er òg påvist i stor utstrekning i Danmark og Sverige.

Mellomalderarkeologen Peter Carelli ved Universitetet i Lund og geologen Peter Kresten (1997) har i si undersøking teke utgangspunkt i kvernsteinsmateriale med opphav i Hyllestad som er funne i Lund i Sverige, på Sjælland og fleire mellomalderbyar i Sør Skandinavia. Studiar av distribusjon og

kronologi har kasta nytt lys over både handelsvegar og handel med kvernstein i dei tidlegare byane på overgangen vikingtid/mellomalder.

I 1995 starta Hyllestad kommune eit forprosjekt som skulle vurdere potensialet for eit framtidig museum i Hyllestad, basert på kvernsteinstradisjonen i kommunen og steinane som vart funne i Alverstraumen (T. Rønneseth 1996). I denne samanhengen vart det gjort ei meir systematisk registrering/kartlegging av brotstadar og utskipingsstader i Hyllestad. Det vart i tillegg utført marinarkeologiske registreringar av kvernstein i fjorden.

Ei vidareføring av forprosjektet har resultert i ”Kvernsteinsprosjektet i Hyllestad” som har tre hovudmål med sitt arbeid:

1. Få fram mest mogleg kunnskap om kvernsteinsdrifta i Hyllestad og distribusjon av åfjordsteinen gjennom tverrfagleg forsking.

2. Legge kulturminnet som kvernsteinsbrota representerer til rette for framvisning/formidling.

3. Utvikle og utnytte det næringsmessige potensialet som ligg i kvernsteinshistoria.

Prosjektet har ei eiga styringsgruppe (formannskapet), arbeidsgruppe og prosjektleiar (kjelde: www.kvernstein.no) og inngår i Verdiskapingsprogrammet til Riksantikvaren.

(23)

Dei første målretta arkeologiske undersøkingane i området vart gjennomførte i samband med Irene Baug si hovudfagsoppgåve i arkeologi som kom ut ved Arkeologisk institutt, Universitetet i Bergen i 2001. Målet med oppgåva var å kaste lys over den eldste drifta i Hyllestad både når det gjaldt omfang, tidfesting og teknologi, og i tillegg kva slags produkt som vart utvunne ved dei ulike brota.

Gjennom arkeologiske punktundersøkingar fekk Baug mellom anna tidfesta dei eldste brota tilbake til 700-talet, dvs. merovingartid. Gjennom undersøkingar av eigartilhøva i mellomalderen viste ho òg at gardane med råderett over brota høyrde til større godssamlingar i mellomalderen. Dette vil seie at nokre få, mektige eigarar i form av høvdingar eller stormenn må ha styrt produksjonen i steinbrota, kan hende så langt attende som merovingartid/vikingtid. Ut frå dette er det òg sannsynleg at sjølve steinhoggarverksemda vart driven av personar med lågare status som t.d. leiglendingar.

I si hovudfagsoppgåve om steinkors på Vestlandet frå 2002, kom Kristine H. Gabrielsen inn på

identifisering av bergart. Det synte seg at av dei 14 av dei 30 korsa i undersøkinga skreiv seg frå brota i Hyllestad og at dei som reiste korsa i hovudsak var kongar, stormenn eller større tingsamlingar.

Som ei vidareføring av hovudfagsoppgåva frå 2001 held Irene Baug no på med eit doktorgradsarbeid i arkeologi. Temaet for avhandlinga er bergverksdrift i yngre jernalder og mellomalder, med sosiale og maktpolitiske tilhøve rundt produksjon og distribusjon. Steinbrota i Hyllestad står her sentralt i tillegg til undersøkingar av steinbrot i Ølve og Hatlestrand i Kvinnherad med uttak av takheller,

Figur 3. Brot på Ottringsneset avdekt i samband med arkeologiske utgravingar. Her ser ein spor etter utvinning i to ulike tidsfasar. Øvre del av brotet er langs såkalla kløyvlag medan nedre del er nedtrappa (nyare teknikk).

(24)

bygningsstein og baksteheller. Arbeidet er knytt opp mot Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved UiB, med professor Ingvild Øye som rettleiar. Problemstillingar ved

doktorgradsarbeidet er tidfestingsspørsmålet, utvinningsmåtar og framstillingsteknikk, eksport og organisering.

I samband med doktorgradsarbeidet gjennomførte Baug fleire arkeologiske undersøkingar på gardane Myklebust og Rønset sommaren 2008. Av dei meir oppsiktsvekkande resultata er funna av restane av sju steinkors i eit stort brot på Myklebust (Irene Baug pers. med; http://nyheter.uib.no).

Brotet har elles hovudsakleg vore nytta til handkvernproduksjon, med nokre uttak av vasskvernstein.

Dette er fyrste gong steinkors er funne i steinbrotskontekst i Noreg, noko som set Hyllestad i ei særstilling når det gjeld steinbrotsmiljø. På Rønset dreia undersøkingane i 2008 seg om eit kvernsteinsbrot og eit platebrot.

To masteroppgåver i arkeologi som kan knytast opp mot steinbrota i Hyllestad kom ut ved Universitetet i Bergen i 2008.

Ei undersøking av jordbruksspor på garden Sæsol viser at området vart rydda, beita og dyrka i bronsealderen, perioden 2020–1800 f.Kr. Etter det som truleg var eit opphald i bruken av området gjekk det føre seg ei intensivering av jordbruksaktiviteten frå tidsromet 500–700 e.Kr. og fram gjennom mellomalderen. Jordbruksaktiviteten på innmarka på Sæsol gjekk føre seg både før og samstundes med avviklinga av kvernsteinsbrotet i utmarka. Det er difor mogleg å sjå jordbruket på Sæsol i direkte samanheng med kvernsteinsdrifta (Sætre 2008).

På garden Rønset viser både arkeologiske og pollenbotaniske undersøkingar at jordbruket var godt etablert då kvernsteinsdrifta tok til, seinast i vikingtid (Foyn 2007). Det let seg heller ikkje spore nedgang i åkerdrifta i samband med etableringa av kvernsteinsutvinninga. Medan Sæsol ser ut til å få ein fastare gardsstruktur i yngre jernalder, samanfallande med utvinninga av kvernstein, ser det ut som det vert danna ei fast gardskjerne på Rønset i eldre jernalder, uavhengig av steinproduksjonen.

Sæsol framstår såleis som mindre og meir marginal enn Rønset, både basert på skriftlege og arkeologiske kjelder. Kvernsteinsdrifta på Rønset ser ut til å inngå i ein større godsstruktur, styrt av andre enn dei som dreiv garden, og truleg var det leiglendingar som dreiv garden og hogg kvernstein i kombinasjon (Foyn 2008)

2.2 Natur

Det er òg gjennomført mykje forskings- og kartleggingsarbeid av naturressursar i området. I perioden 2005 til 2007 har Norges geologiske undersøkelse (NGU) arbeida med kartlegging av

kvernsteinsbrota i Hyllestad for å lage eit detaljert kart og ein geografisk eigenskapsdatabase over kvernsteinsbrota med tilhøyrande historisk infrastruktur og geologi. Brota er kartlagt og registrert i databasar ved hjelp av GPS, og kvart av dei er karakterisert på bakgrunn av geologiske trekk,

brytningsmetode, morfologi og storleik. Til saman er 367 steinbrot og prøveuttak registrert, og desse dekker eit område på totalt 0,14 kvadratkilometer. NGU sin rapport kom i 2007 og dannar eit godt utgangspunkt for arbeidet med forvaltningsplanen.

Det er i alt fire verneområde i Hyllestad, eit fuglefredningsområde (Aksevatnet) og tre naturreservat (Ønaholmane, Sakrisøy og Skor), (Naturbasen DN). Aksevatnet er eit av dei største oligotrofe vatna i Hyllestad. Vatnet er omgitt av lynghei, skogkledde lier og jordbruksareal. Fjellgrunnen er hovudsakleg gabbro og kambro-silurske sedimentbergartar. I vatnet er det fleire vegetasjonsrike bukter. I alt er 42 fugleartar med tilknyting til våtmark registrert. Det om lag 3 km lange Botnavassdraget i Skor er eit av dei viktigaste våtmarksområda i Sogn og Fjordane. I lag med Aksevatnet utgjør det ein sentral del av

(25)

våtmarkssystemet i regionen. Areala rundt vassdraget er prega av lauv- og furuskog. Den dominerande bergarten er gabbro. Botnavassdraget har ein allsidig funksjon for fleire artar av vassfugl i regionen, og er særleg viktig som hekke- og trekklokalitet for ande- og vadefugl. Av dyreliv elles i kommunen står hjorten i ei særstilling. Hyllestad er ein framståande hjortekommune i

landssamanheng (Tiltaksplan for skogbruk i Hyllestad).

I samband med verneplan for edellauvskog i Sogn og Fjordane gjorde Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i 2006 framlegg om vern av førekomsten av edellauvskog på garden Rønset.

Edellauvskogreservatet på Rønset vart oppretta 19.06.2009 gjennom vedtak i statsråd. I si melding om vedtaket skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane at det bør vere eit samarbeid mellom naturvern- og kulturminnestyresmaktene om informasjon og tilrettelegging i området (Verneplan for

edellauvskog i Sogn og Fjordane – melding om vedtak i statråd).

2.3 Handverk, formidling og undervisning

Ein stor del av formidlinga av kvernsteinshistoria skjer i dag i Kvernsteinsparken, tusenårsstad i Hyllestad kommune, og opna i 2002. Formidlinga skjer både gjennom eit besøkssenter med skilt og utstilling og gjennom omvisningar i brotområda under nemninga Kvernsteinslandet (sjå òg pkt. 3.4.2 og 5.5). Gjennom sommarsesongen 2008 hadde parken tre tilsette som tok hand om omvisningar og sal av billettar, suvenirar og liknande. Dette var ein elev frå vidaregåande og to åttandeklassingar i delt stilling. Bakgrunnen som desse elevane hadde frå steinhoggarleiren viste seg å vere særs verdifull i formidlinga.

Figur 4. Skuleelevar som formidlarar i

Kvernsteinsparken.

Foto: Eva Moberg.

(26)

Som eit prøveprosjekt fungerte informasjonsbua i parken som turistinformasjon for Hyllestad i sesongen 2008. Erfaringa ein sit igjen med er at parken både har kapasitet og kan tene på tilbodet, både i form av ekstra inntekt og gjester i parken (Astrid Waage, pers.med.).

Norsk Handverksutvikling (NHU)/Maihaugen starta i 2006 eit fleirårig prosjekt i samarbeid med Hyllestad kommune og Torbjørn Løland med fokus på handverk og teknikk i steinbrota. Dette er eit delprosjekt knytt til kommunen sitt store kvernsteinsprosjekt. Det vert og sett i samanheng med dei arkeologiske og geologiske undersøkingane som er nemnt ovanfor. NHU ser det som veldig positivt å gjennomføre prosjektet i samarbeid med dei to andre fagområda, geologi og arkeologi sidan det gjev eit særleg høve til å arbeide tverrfagleg og dra nytte av kvarandre sine resultat i prosessen.

Målsettinga for prosjektet er kartlegging, dokumentasjon og rekonstruksjon av dei eldste

hoggeteknikkane som det finst spor av i kvernsteinsbrota i Hyllestad (kjelde: www.maihaugen.no). I samband med dette forskingsprosjektet har Riksantikvaren frigitt eit område øvst i

Kvernsteinsparken for dokumentasjons- og demonstrasjonshogging.

I prosjektet inngår og elevprosjektet ”Steinhoggarleiren” i samarbeid med Hyllestad skule.

Steinhoggarleiren skal vere eit lite samfunn i Kvernsteinparken som gjer livet slik det var i tida då kvernsteinproduksjonen gjekk føre seg levande. Elevane får opplæring i å drifte leiren og å vere vertskap for tilreisande skuleklassar. Formidlingsteknikk (guiding), historie, hogging av kvernstein, smiing, matlaging og leik er blant emna som inngår i opplæringa. Vidare kan dei mest interesserte elevane takast meir aktivt inn i prosjektet med tanke på vidareføring av handverket og formidling av kulturminna. Det er også eit mål for NHU å få fram nokre elevar som kan fungere som instruktørar i hogging av kvernstein.

Figur 5. Frigitt felt til dokumentasjons- og demonstrasjonshogging.

(27)

Hyllestad skule har generelt ei viktig rolle i identitetsbygginga og den lokale formidlinga av kvernsteinshistoria gjennom undervisninga. I tillegg til Steinhoggarleiren har elevane vore med på restaurering av eit gamalt kvernhus på Hyllestad prestegard (no skuleområdet) gjennom

skuleprosjektet Kvern og Kraft. I kvernhuset kan elevar og andre sjå korleis vasskvernstein vert nytta i praksis. Som ei vidareføring av dette skuleprosjektet har Hyllestad skule ei tid arbeidd med planar om eit mogleg minikraftverk i Myklebustelva. Skulen legg vekt på at eit minikraftverk kan fungere som eit visningsanlegg i undervisninga og at anlegget kan inngå i ein heilskapleg plan for skulen sitt

uteområde (Kvenna nr.16).

2.4 Prosjekt Kvernsteinshistoria formidla gjennom handlingsboren kunnskap

Hyllestad kommune har utarbeida ein prosjektplan for Kvernsteinshistoria formidla gjennom

handlingsboren kunnskap, basert på den kompetansen Torbjørn Løland har tileigna seg når det gjeld kvernsteinshogging og formidling, både gjennom privat innsats og samarbeidet med NHU/

Steinhoggarleiren.

Målsetjinga er å vidareutvikle metoden med å formidle kvernsteinshistorie gjennom handlingsboren kunnskap gjennom å byggje opp eit breiare formidlingsmiljø, med sikte på å skape ein

overføringsverdi til andre kulturminne og lokalsamfunn.

2.5 Prosjekt Det norske kvernsteinslandskapet

Eit omfattande tverrfagleg forskingsprosjekt på dei norske kvernsteinslandskapa; The Norwegian Millstone Landscape (MILLSTONES), vert sett i gang i 2009 med stønad frå Norges forskningsråd.

Dette er eit 3-årig prosjektet der NGU har prosjektansvar og ei rekkje norske universitet og forskingsinstitusjonar deltek som partnarar.

Prosjektet er knytt til kommunenettverket KVERNSTEIN og inngår i eit internasjonalt nettverk av forskarar knytt til Moleriae – association européenne des villes meulières.

Fokus i prosjektet skal vere heile det norske kvernsteinslandskapet. Det vil seie både det fysiske gruvelandskapet og landskapet som kjelde til kunnskap og innsikt om handel, økonomi, sosiale og politiske prosessar i dei aktuelle samfunna. Ei eiga heimeside skal utarbeidast for prosjektet.

(28)

3 Områdeanalyse med vekt på verdi av kulturminne og landskap

Ei analyse der ein har som målsetjing å vurdere verdien av kulturminne og landskap vert i denne samanheng kalla ei områdeanalyse. Denne vil i hovudsak vere metodisk forankra innan

landskapsarkitekturen, medan kriteria for verdivurderingane er henta frå Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning.

3.1 Kort om metode

Definisjonen av landskap henta frå Den Europeiske landskapskonvensjonen vert lagt til grunn for oppbygging og innhald i analysene:

”Landskap betyr et område, slik folk oppfatter det, der særpreget er et resultat av påvirkning fra og samspill mellom naturlige og/eller menneskelige faktorer.”

Dette inneber i praksis at ein gjennomfører analysene på to nivå; a) overordna samanhengar innanfor utgreiingsområdet, b) inndeling i delområde som kvar for seg har ein særskild

landskapskarakter (særpreg) og som er funksjonelle einingar i høve vidare planlegging, forvalting og tiltak.

Omgrepet landskapskarakter er ein nøkkel til å kunne uttrykke og forstå samanhengane mellom dei fysiske, historiske, kulturelle og opplevingsmessige eigenskapane ved eit landskap.

Landskapskarakter kan etter dette definerast på følgjande måte (Clemetsen in prep):

”Landskapskarakter er et uttrykk for det spesielle samspillet som oppstår mellom et områdes naturgrunnlag, landformer, vegetasjon, arealbruk, bebyggelse og historisk utforming, slik det framtrer i en romlig sammenheng.”

Analyse av landskapskarakter knytt til avgrensa område opnar for å kunne skildre og formidle den kulturelle forståinga av landskapet, noko som i denne samanheng er særs viktig. Dette gjeld ikkje minst den historiske dimensjonen – korleis har folk levd og utnytta landskapet gjennom tidene og korleis har dette vore med å forme vår tids landskapsuttrykk.

For å kunne skildre landskapsbilete og opplevingsverdiar på ein systematisk måte er kjerneområdet for steinbrota i Hyllestad delt inn i einskaplege område, metodisk basert på Oterholm og Feste (1973) og Landscape Character Assessment metoden i England (Countryside Agency og Scottish Natural Heritage 2002). Områda tek utgangspunkt i romleg avgrensing og framtredande karaktertrekk ved naturmiljø, landform, arealbruk og historisk utvikling med vekt på kvernsteinsproduksjonen.

Samstundes er områda tilpassa ein landskapsmessig skala som samsvarer med landskapsformer og arealstorleik som folk orienterer seg etter, opplever og kjenner seg att i når dei ferdast i landskapet.

Det er i alt skildra ni område som vil danne grunnlag for ulike forvaltningsområde, og brukast som ramme for tilråding til forvaltnings- og utviklingstiltak. I tilegg vil nokre punktlokalitetar med steinbrot langs Åfjorden bli omtalt.

(29)

Verdiar i landskapet er knytt til resultata av geologiske prosessar (landskapsformer), biologisk

mangfald og økologi, kulturpåverking og kulturspor, kultur- og naturhistorie. I Strategi for arbeid med landskap, utarbeidd av Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning vert verdiane del inn i tre hovudtypar:

Kriteria for verdivurdering av kulturminneverdiane som er utarbeidd av Riksantikvaren, er eit utfyllande verktøy i høve til dei tre punkta over. I tillegg til dei nedfelte kriteria i denne rettleiaren vert det i kulturminneforvaltninga ofte referert til graden av kjelde- og kunnskapsverdi, t.d. i fredingssaker. Dette er kriteria som har ligge til grunn under arbeidet med analysen, utan at desse vert referert til spesifikt vidare i teksten.

· Landskap gir viktig kunnskap om prosessene i naturen, kulturhistorien og samspillet mellom menneske og natur gjennom hele vår historie.

· Landskap er en ressurs for opplevelse og livskvalitet og bidrar til stedstilknytning og følelse av identitet og tilhørighet.

· Landskap er en økonomisk ressurs og en bruksressurs som kan nyttiggjøres på mange måter. Betydningen varierer fra landbrukets direkte næringsrettede ressursutnytting til den betydning et attraktivt landskap har både direkte og indirekte for bokvalitet, rekreasjon og reiseliv.

(30)

3.2 Overordna landskapsskildring

Hyllestad er ein kystkommune rett nord for munninga av Sognefjorden i grenselandet mellom Sogn og Sunnfjord (fig. 1). Kommunen strekker seg frå Solund i vest til Høyanger i aust. I nord grensar kommunen til Fjaler og i sør ligg Sognefjorden som ei naturleg avgrensing. Kommunen har ei

flatevidde på 260 km² og 1537 innbyggarar1. Industri, landbruk og offentleg og privat tenesteyting er dei viktigaste næringsvegane.

Det er tre bygdesentra i kommunen, Hyllestad, Leirvik og Sørbøvåg og elles spreidd busetnad.

Hyllestad er administrasjonssenteret - her ligg kommunehuset, Hyllestad skule, handel og service. I

1 Pr. Januar 2008 Kjelde: Hyllestad kommune si heimeside.

Representativitet

Eit overordna kriterium relatert til målsetjinga om å sikre eit representativt utval på landsbasis, men vert og brukt ved samanlikning mellom ulike objekt eller miljø som fortel same historie, for å finne kva for eitt som best representerer verdiane ein vil ta vare på.

Samanheng og miljø

Er ikkje minst viktig ved vurdering av store tiltak og landskapsinngrep. Å ta vare på samanhengar mellom kulturminne og samanhengar mellom kulturminne og naturgrunnlaget gjev meir kunnskap og oppleving enn einskilde element.

Autensitet

Kan og kallast det ekte eller opphavlege og vert relatert til ein bestemt periode, ein bestemt funksjon m.m. Kriteriet vert tillagt stor vekt ved utval av kulturminne for freding.

Arkitektonisk og kunstnarisk kvalitet

Gjev kulturminnet verdi, enten det gjeld hellemaleri for førhistoriske menneske eller eit byggverk frå det 20. århundre.

Identitet og symbol

Kulturminne og kulturmiljø kan vere viktige for ulike deler av folket, for eit bestemt lokalsamfunn eller for heile nasjonen som identitet og symbol. Kulturminnet kan knytast til konkrete hendingar, personar som er knytt til ein stad, eller til tradisjon om bruken av området.

Fysisk tilstand

Seier noko om ‹‹kulturminnet er ved god helse››. Ved vurdering av korleis eit

kulturminne eller kulturmiljø skal forvaltast, må ein vurdere om det er i ein slik tilstand at det let seg bevare. Der ein har valet mellom to likeverdige objekt eller miljø, vil det vere rimeleg å velje det som har best fysisk tilstand.

Økonomi, bruksverdi og økologi

Når ein vurderer kulturminne og kulturmiljø som bruksressurs, vektlegg ein t.d.

økonomien i å bruke eksisterande bygningsmiljø og anlegg framfor å byggje nytt. I tillegg til vurdering av lønnsemd, bør ein vurdere miljøulemper ved riving og nybygging.

Frå: Kulturminne og kulturmiljø i konsekvensutgreiingar. Riksantikvaren 2003

(31)

Leirvik ligg største arbeidsplassen i kommunen, Havyard Leirvik AS, eit moderne skipsverft. I Sørbøvåg ligg verksemder innan bygningsbransje og handel, samt barnehage og sjukeheim.

Reiseavstand til Førde som er næraste regionsenter er om lag 84 km og 1,5 timar. Bergen ligg vel 130 km og 2 timar unna. Det er gode sjøbaserte kommunikasjonar til kommunen med m.a. Rysjedalsvikja som strategisk kommunikasjonspunkt for båttrafikk.

I fylgje NIJOS sitt nasjonale klassifiseringssystem for landskap, høyrer Hyllestad til landskapsregion 21, Ytre fjordbygder på Vestlandet, underregion 21.6 Fjaler. Karakteristisk for denne delen av regionen er relativt tronge fjordsystem med langsmale, tett avgrensa landskapsrom. Frå vest og sør går fjordarmar innover og stykkar opp landskapet. Den største av fjordarmane er Åfjorden. Skifjorden og Lifjorden er mindre fjordar med tronge utlaup, medan Bøfjorden er open mot Sognefjorden. I nordaust stig landskapet mot fjellområda i grensa mot Fjaler og Høyanger. Ein har heile gradienten frå kystlandskap og strandflate til fjord og hei og nakne fjelltoppar.

Hyllestad har ein variert geologi. Granatglimmerskifer, sandstein og kalkstein dannar frodig jord langs Åfjorden fra Skiveneset og austover mot Skor, Hyllestad, Atterås og Lifjorden. Landskapsbildet er prega av vekslingar mellom ulike åsformer, storkupert hei og markante fjellformasjonar. Innimellom dei snaue toppane ligg det mange små vatn og frodig vegetasjon. I den aust og nordlegaste delen ligg dei største innsjøane Markhusvatnet og Espelandsvatnet. Fjellmassivet ”Lihesten” mellom Åfjorden i nord og Tollesundet i sør er eit av dei mest særmerkte landemerka langs kysten av fylket og eit samlande symbol for folk i Hyllestad (fig. 6).

Figur 6. Hyllestad med fjellet Lihesten og den markante "Gygrekjeften" i bakgrunnen.

(32)

Harde og sure bergartar som gneis og granitt finn ein i indre og høgareliggande strok, Lifjellet er konglomerat. Trondhjemitt, eklogitt og litt kleber finst og medan kvartærgeologiske lausmassar nesten er fråverande. Eit unnatak er den store glasifluviale terassen på Øn. Terrassen er særs flat og den beste MG (marin grense) indikatoren langs Åfjorden. Området er definert som eit område med spesielle naturkvalitetar i Sogn og fjordane på grunn av kvartærgeologiske og geomorfologiske verneverdige førekomstar (www.fylkesmannen.no/EDNA).

Vegetasjonen i området speglar ein variert geologi. Skogen dominerast av furu på høg bonitet, særleg langs sjøen. I liene er det lauvskogen som breier seg opp mot fjellet. I det seinare òg på kulturmark ute av drift. Innimellom bryt små og store plantefelt med gran opp i lauvskogen.

Skogreising er drive aktivt sidan 50-talet. No byrjar so smått dei fyrste felta med gran og bli hogd.

3.3 Næring

Jordbruket er framleis den nest største næringa i Hyllestad. Talet på aktive bruk har gått drastisk ned dei siste 10 åra, og det herskar nok ei oppfatning blant folk om at det tradisjonelle landbruket er eit truga næring. Mjølkeproduksjon og sauehald er framleis viktig, men i nedgang. Grunneigarane søker derfor etter alternative inntektskjelder.

Figur 7. Bergrunnskart over Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Granatglimmerskiferen ligg som eit grønt belte langs Åfjorden (kjelde: www.ngu.no ).

(33)

Når det gjeld skogbruk er dette ei næring med stort potensial for verdiskaping og sysselsetting i Sogn og Fjordane. Etterspørselen etter tømmer er større enn kva næringa klarer å levere. Tømmerprisen har auka og rammevilkåra for skognæringa er gode. Prosjekt kystskogbruket set fokus på skogen som ein naturressurs og ei råvare som bør få større plass i næringslivet i fylket. For Hyllestad spesielt har skogbruket tradisjonelt handla om småskala hausting av furu. No skjer det ei endring der

skogreisinga resulterer i mengder av hogstmoden gran. Etter hogstmoden alder taper grana seg raskt og rotnar om ho ikkje blir hogd i tide. Det ligg store utfordringar i å greie å utnytte dette potensialet og utmarka har ofte liten kommersiell verdi utan veg. Skogsvegar er såleis nøkkelen til ressursane. I Hyllestad manglar ein generelt både tradisjon, utstyr og kunnskap når det gjeld moderne skogsdrift (Tiltaksplan for skogbruk i Hyllestad kommune 1999 –2008).

Gjennom Primærnæringsprosjektet, perioden 2006– 2009, som er eit samarbeid mellom faglaga i landbruket, er målsetjinga å møte utfordringane innan landbruket og å oppretthalde mest mogleg av mjølke- og kjøtproduksjonen, auke hogsten av skog og stimulere til utvikling av tilleggsnæringar som utmarksbasert reiseliv, småkraft og bioenergi.

Hyllestad er i fylgje kommuneplanen 2009-2020 ein einsidig industrikommune, der skipsverftet Havyard Leirvik er den einaste store industriverksemda. Elles er havbruk og fiskeoppdrett ei viktig næring for kommunen.

Når det gjeld reiseliv har kommunen korte tradisjonar, men dette er ei næring i vekst. Dette gjeld særskilt hytteutleige og kulturbaserte opplevingstilbod knytt til kvernsteinsbrota. Under nemninga Kvernsteinslandet har Stiftinga Jensbua og destinasjonsselskapet FjordKysten samla tilbodet i Kvernsteinsparken, verksemda Åfjordstein og andre moglegheiter for opplevingar knytt til kulturminna i kommunen.

Verksemda Åfjordstein, er ei lita bedrift direkte tufta på kvernsteinstradisjonen. Verksemda har motteke Explorer-prisen for si produktutvikling frå Fjord Norge (www.kvernstein.no).

Handlingsmål i kommuneplanen 2009 – 2020 som kan innverke på forvaltning og utvikling av kvernsteinslandskapet er arbeid for å oppretthalde primærnæringane (t.d. intensivering av uttak av skog), fleire og meir differensierte arbeidsplassar m.a. gjennom tilrettelegging av næringsareal, utvida fiskeoppdrett og skjeldyrking og utvikling av reiselivtilbodet.

3.4 Registrerte kulturminne

3.4.1 Kvernsteinsbrot

I fylgje rapporten frå NGU sin kartlegging er det til saman registrert 367 steinbrot og prøveuttak som samla dekker eit område på totalt 0,14 kvadratkilometer (Heldal 2007), (fig. 2). I første rekke vart Hyllestadskiferen nytta til framstilling av kvernsteinar. Det er kvernsteinane som er

hovudproduktet og som vart ”masseprodusert” og som ein godt kan kalle eit av Noregs første industri- og eksportprodukt. Ein kan grovt dele dei inn i to grupper; handkvernstein og

vasskvernstein. Handkvernsteinane er frå 35 til 60 cm i diameter, men dei fleste grupperer seg rundt 40-45 cm. Vasskvernsteinene er større og tjukkare, og diameteren varierer mellom 60-120 cm. Dei fleste grupperer seg rundt 90 cm. Kvernsteinane var ei viktig handelsvare og vart skipa ut frå kaier fleire stader langs Åfjorden til marknader rundt om i Europa.

(34)

Gjennom arkeologiske punktundersøkingar i nokre av brota let det seg gjere å ta ut 14C-dateringar for å tidfeste utvinninga av handkvernsteinar. Dei eldste dateringane skriv seg frå brota på

Otringsneset og Sæsol og går attende til 700-talet, dvs. merovingartid/vikingtid. Dette representerer likevel ikkje dei eldste produksjonsspora ettersom desse er dekt til med produksjonsavfall, men kor langt attende ein kan spore drifta er det for tida ikkje råd å seie noko om (Baug 2002). Av

kvernsteinsbrota i Noreg2 er det berre Hyllestad som ser ut til å ha vore i drift so tidleg som før vikingtid. Det gjer området unikt i norsk samanheng. Ut i frå det ein veit i dag ser det samstundes ut til å vere det mest langliva av dei norske brotområda (Heldal 2007). Same produkt har vorte framstilt på nesten same måte frå vikingtid og fram til moderne tid og ”manns minne”.

I tillegg til dei masseproduserte kvernsteinane vart det og framstilt produkt som nok må ha vore produsert på spesialbestilling, kan hende frå meir velståande og mektige kundar. Over halvparten av steinkrossane som framleis står igjen på Vestlandet, reist mellom 900-talet og 1200-talet er

produsert av Hyllestadskifer (Baug 2002).

2 Andre produksjonsstader er Selbu, Salten, Brønnøy, Vågå, Lierne, Nord Talgje, Meråker, Sørreisa og Rana.

Figur 8. Dei to steinkorsa i Eivindvik som er hogd i granatglimmerskifer frå Hyllestad. Foto: Eva Moberg

(35)

I eit par brot som vart registrert har òg plater (kistelokk og gravplater) vore hovudproduktet i tillegg til meir kvardagsleg "husgeråd" som trau og mortarar, samt ljoresteinar, tråkk- og plattingsheller og golvheller.

På bakgrunn av både arkeologiske og geologiske undersøkingar let det seg spore einskilde mønster i dei store brotområda. Mellom anna kan brota delast inn i typar basert på teknikk og kva produkt som stammar frå brota. Utviklinga har i grove trekk gått frå hogging av emne til handkverner i grunne brot i den første fasen, fram til rundt 1100, til djupare brot og meir effektiv produksjon av vasskvernstein.

Før 1600 vart det truleg slutt på hogginga rett frå fjell, medan sprenging vart den vanlege produksjonsteknikken utover 1700-talet.

Hogginga av emna gjekk føre seg ved å hogge kanalar for å løyse blokkar frå fjellet, eller ved å nivellere bergflata ved hjelp av spisshakke, hammar og meisel. Glimmerskiferen har ein tydeleg planstruktur, kallast ”kløyv”, som skiferen lett vert spalta langs. Det er difor orienteringa på kløyven som avgjer kva for ei retning og utsjånad brotet får. Hogne brot frå kløyvlag er den mest vanlege brotformen i Hyllestad. Her er emna hogge ut i eitt lag slik at brota til slutt framstår som store flater med tomter etter kvernsteinar (op cit.).

Steinkors produsert i Hyllestad:

3 kors på Hyllestad gamle kyrkjegard, Hyllestad kommune Vereide kyrkjegard, Gloppen kommune

Rygg, Gloppen kommune Loen kyrkjegard, Stryn kommune Kinn kyrkje, Flora kommune Svanøy kyrkjegard, Flora kommune Vilnes kyrkjegard, Askvoll kommune Korssund, Askvoll kommune

Eivindvik prestegard, Gulen kommune Eivindvik kyrkjegard, Gulen kommune Brekke kyrkjegard, Gulen kommune Steinbrot på Rønset, Hyllestad kommune

4 kors på Hyllestad gamle kyrkjegard, Hyllestad kommune 3 kors på Guddal kyrkjegard, Fjaler kommune

Lavik kyrkjegard, Høyanger kommune Kyrkjebø kyrkjegard, Høyanger kommune Kvitsøy, Rogaland

Gard 26, Haugesund kommune Tjora kyrkjegard, Sola kommune Kjelde: Baug 2002

Figur 9. Hogge brot frå kløyvlag. Prinsippskisse etter

(36)

Hogne nedtrappa brot vert hogd på tvers av kløyven og emna teke ut i stablar ved sidan av

kvarandre. Teknikken resulterer i brotveggar som står att og skrothaugar som ligg i halvsirklar rundt uttaka. Dei yngste tippene ligg nærast dagens brotfront.

3.4.2 Andre kulturminne

Dei tre kyrkjene i kommunen er alle viktige kulturminne i lag med Hyllestad gamle kyrkjegard der det kan ha stått ei stavkyrkje i mellomalderen (http://askeladden.ra.no). Her står det enno tre gamle steinkrossar som er hogd i kvernsteinsbrota.

I Smilla , på nordsida av Åfjorden, vart det frå om lag 1890 til byrjinga av Andre verdskrigen produsert mur- og gjødselkalk. Restar etter kalkomnen er ikkje lenger synlege, men mura kaiar og vegtrasear står framleis som tydelege spor etter verksemda.

Den Trondhjemske Postvei mellom Dale i Sunnfjord og Leirvik i Sogn vart bygd i perioden 1802-06 som ledd i vekefast postgang mellom Bergen, Molde og Trondheim. Særmerkte for postvegen er dei mange karakteristiske steinbruene. Vegen går gjennom eit variert kulturlandskap med mange interessante kulturminne. Eit av dei er vassbruksmiljøet på Skor, nord for Markhusvatnet. Her finst eit særmerkt miljø av restaurerte kvernhus og ei sag. I Systaddalen står òg eit restaurert kvernhus med kvernstein frå Hyllestad, saman med to steinflorar og lange steingardar.

Det finst i tillegg fleire gamle ferdselsvegar som vitnar om kontakt mellom bygdene før i tida. Ein kan nemne kyrkjevegen mellom Skor og Øn, ferdselsvegen mellom Hyllestad og Øverås over

Dalemannheia, Svartedalen, gamlevegen på Hyllestad. I Hyllestadvikja står eit særprega naustmiljø med sjøbuer og ilandstigingsbryggje og vitnar om lange tradisjonar som viktig knutepunkt og samlingsplass i bygda.

Figur 10. Hogge brot, nedtrappa. Prinsippskisse etter Heldal 2007.

(37)

Figur 11. Kvernhus på Skor.

Foto: Sigrid Solberg.

(38)

3.5 Einskaplege delområde - innhald, oppleving og utviklingspotensial

I det vidare er utgreiingsområdet delt inn i 9 ulike einskaplege delområde (fig. 12).

1. Hyllestad – Buavika 2. Kvernsteinsparken 3. Myklebust

4. Kyrkjefjellet

5. Sæsol – Gåsevatnet 6. Stigedalen – Sørefjorden 7. Rønsetlia – Berge

8. Stuberget – Rønsetklubben 9. Rønset med Ottringsneset

Områda er delt inn etter romlege grenser og andre viktige landskapsmessige avgrensingar.

Delområda ligg konsentrert rundt fjordbotnane Hyllestadfjorden og Sørefjorden. Katleneset stikk omlag 3 km ut i Åfjorden og skil desse to fjordarmane frå kvarandre. Område 1 til 4 ligg lokalisert rundt Hyllestadfjorden og område 5 til 9 ligg lokalisert rundt Sørefjorden.

Delområda samsvarer til dels godt med inndelinga i den geologiske rapporten frå NGU (Heldal 2007).

Omtalen av dei einskaplege områda er basert på fylgjande tema:

• skildring av området med vekt på landskapskarakter, skala og landformer.

• landskaps- og kulturminneressursar

• utviklingspotensial med tanke på formidling, verdiskaping, forsking, skjøtsel etc.

• konfliktar/sårbarheit

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

(Patient Reported Outcome Measures, Item Response Theory og Computer Adaptive Testing.. Måleverktøy valgt

(Paper to) Eighth Meeting of European Labour Court Judges. av The National Labour Court). ”Le mécanisme de contrôle et ses perspectives d’évolution”. [Panelinnlegg, ved

Mange av kommunene trekker fram prosjekt bostedsløse fra 2006 som en viktig start i arbeidet med å få en oversikt over vanskeligstilte på boligmarkedet men også at det

inneholder noe grus, stein og blokk; fuktig, svært skjør, ikke klebrig, ikke plastisk; mange svært fine og fine røtter gjennom hele sjiktet. Det

noe stein og blokk; fuktig, svært skjør, svakt klebrig, svakt plastisk; mange fine og svært fine røtter gjennom

Gråsonen kan tilbakeføres til to forhold. For det første vektleggingen i sysselsettingsloven av at forbudet mot arbeidsleie gjelder nAl' arbeids- takeren er

Kort fortalt ble legene bedt om å benytte aktiv sykmelding sjeldnere, oftere benytte gradert sykmelding og i de tilfellene der pasienten var fulltidssykmeldt ble legen pålagt

Kanskje ligger det en stor ressurs med sand eller grus i kommunen din, litt bortenfor skogbrynet..... Da er det ofte lurt å ta ut den ressursen før politi- kerne bestemmer seg for