• No results found

Økologisk produksjon og omsetnad

5. Økologisk jordbruk

5.2. Økologisk produksjon og omsetnad

Fram til og med 2016 var det eit mål at 15 prosent av matproduksjonen og matforbruket i Noreg skulle vere økologisk i 2020. Målsetjinga for matforbruket omfattar både norskproduserte og importerte varer, sett i forhold til

totalomsetnaden i kroneverdi for varer som har eit økologisk alternativ.

Tala for 2016 viser at det blei produsert 51,2 millionar liter økologisk kumjølk, dette er 0,2 millionar liter mindre enn i 2015. Den økologiske mjølkeproduksjonen har dei tre siste åra utgjort 3,4 prosent av den totale mjølkeproduksjonen.

Det er registrert ein svak auke i den samla mengda av økologisk kjøtt dei siste åra, men produksjonen utgjer framleis knapt 1 prosent av den totale kjøttproduksjonen.

Samla kjøttproduksjon for sau, storfe, geit og svin var 245 000 tonn i 2016, av dette utgjorde den økologiske produksjonen 2 402 tonn. Produksjonen av økologisk storfekjøtt var 1 485 tonn, sauekjøtt 622 tonn, svinekjøtt 293 tonn og geitekjøtt 2 tonn. I prosent av totalproduksjonen for vedkommande kjøttslag, utgjorde dette for storfekjøtt 1,8 prosent, for sauekjøtt 2,5 prosent, for geitekjøtt 1,0 prosent og for svinekjøtt 0,2 prosent.

Produksjonen av økologisk fjørfekjøtt har dei siste åra lege på rundt 0,2 prosent av totalproduksjonen. I 2016 var totalproduksjonen av fjørfekjøtt 96 600 tonn, av dette utgjorde den økologiske mengda 228 tonn.

Figur 5.8. Del økologisk produksjon av totalproduksjon for mjølk, kjøtt, egg og korn

Kjelde: Landbruksdirektoratet.

Det blei produsert 3 294 tonn økologiske egg i 2016 og dette er ein auke på 4,2 prosent frå året før. Delen økologisk eggproduksjon av totalproduksjonen auka frå 5,2 prosent i 2015 til 5,4 prosent i 2016.

Mengde økologisk korn, inkludert erter og oljefrø, auka frå 12 100 tonn i 2015 til 14 700 tonn i 2016, noko som svarar til ein auke på 22 prosent. Delen økologisk av den totale kornproduksjonen auka frå 0,9 til 1,2 prosent.

Den norske produksjonen av økologiske poteter, grønsaker, frukt og bær er liten.

Det manglar framleis ei fullstendig oversikt over den norske produksjonen av desse produkta, og importen utgjer framleis ein betydeleg del av omsetnaden. Men nokre av dei norske produkta utgjer stadig ein større del av omsetnaden, og for fleire kulturar er etterspurnaden større enn produksjonen.

Litt mindre produksjon av økologisk mjølk

Svak auke i økologisk kjøttproduksjon

Små mengder økologisk fjørfekjøtt

Framleis auke i produksjonen av økologiske egg Meir økologisk korn

Liten økologisk produksjon av poteter, grønsaker, frukt og bær i Noreg

Figur 5.9. Utvikling av godkjende økologiske produkt og talet på verksemder1 som foredlar, importerer og omsett økologiske produkt

1 Frå og med 2013 er ikkje serveringsverksemder medrekna.

Kjelde: Debio.

Debio har ansvaret for kontroll og godkjenning av økologisk produksjon i Noreg.

Alle økologiske matvarer og fôrprodukt skal vere godkjent av Debio, og det er ein føresetnad for å bruke Ø-merking av produkta i marknadsføringa. Det var om lag 6 400 godkjente Ø-merka salsprodukt i 2016. Debio har òg ansvaret for kontroll og godkjenning av verksemder med økologisk foredling, import og omsetnad. Per 31.12.2016 var det 854 slike verksemder med Debio-godkjenning, dette er 135 fleire enn året før. Frå og med 2013 blir ikkje serveringsverksemder medrekna på grunn av at Debio har etablert ei ny merkeordning for desse. Denne merkeordninga gjeld for kaféar, restaurantar, hotell og andre servervingsstader kor det blir laga og servert økologisk mat og drikke. I 2016 var det drygt 300 serveringsverksemder som inngjekk i denne merkeordninga, dette er ei dobling sidan 2013.

Figur 5.10. Omsetnad av økologiske matvarer i daglegvarehandelen

Kjelde: Landbruksdirektoratet.

Den verdimessige omsetnaden av økologiske mat- og drikkevarer har auka mykje dei siste åra. I 2016 var den samla omsetnaden av økologiske varer 3,88 milliardar kroner. Av dette utgjorde omsetnaden gjennom daglegvarehandelen 2,48 milliardar

0

2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016

Verksemder

2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 Millionar kroner

Stor vekst i salet av økologiske matvarer

kroner. Frå 2015 til 2016 auka det verdimessige økologiske salet gjennom daglegvarehandlen med meir enn 24 prosent. Størst omsetnad var det for varegruppa grønsaker/poteter med 569 millionar kroner, deretter kom meieriprodukt med 374 millionar kroner.

Omsetnaden gjennom andre salskanalar utanom daglegvarehandelen utgjorde 1,40 milliardar kroner i 2016. Salskanalar som Bondens marknad, abonnement,

bakerier, storhusholdningar og spesialbutikkar hadde ein omsetnad av økologiske mat- og drikkevarer på 484 millionar kroner, ein vekst på 10 prosent frå 2015.

Andre salskanaler omfattar òg helsekostkjedar og Vinmonopolet, og tal frå desse aktørane viser ein omsetnad på til saman 917 millionar kroner. Det var

storhusholdningar, Vinmonopolet og bakerier som hadde størst auke i omsetnaden av økologiske varar, med respektive 23, 19 og 9 prosent. Dei andre salskanalane gjekk noko tilbake i 2016. Abonnement gjekk mest tilbake, med 21 prosent.

Abonnement på økologiske varar inneber at kunden får levert økologiske produkt på døra.

Figur 5.11. Del økologisk omsetnad av total omsetnad (verdi) i daglegvarehandelen for alle mat- og drikkevarer og utvalde produkt

Kjelde: Landbruksdirektoratet.

Summen av økologiske mat- og drikkevarer utgjorde 1,8 prosent av total omsetnad i daglegvarehandelen i 2016. Dette er ein auke på 0,2 prosentpoeng frå 2015. Det blei registrert ein auke i alle fylka, og størst økologisk omsetnad var det i Oslo og Akershus.

Sjølv om delen økologisk sal framleis er låg, hadde alle varegrupper større

omsetnad i 2016 enn i 2015. I 2016 utgjorde det økologiske salet 8,1 prosent av det totale salet for egg. For grønsaker/poteter var delen 4,3 prosent, for meieriprodukt 1,9 prosent, for kornprodukt/bakevarer 1,5 prosent og for kjøtt 0,4 prosent.

Økologisk barnemat er ei varegruppe som har hatt stor vekst dei siste åra, og delen av det totale salet var 35 prosent i 2016.

Omsetnaden av økologiske matvarer omfattar både varer produsert i Noreg og import. Per i dag finnes det ikkje noko samla oversyn over import av økologiske varer da tollsystemet i liten grad skil mellom økologiske og konvensjonelle varer.

0,0

poteter omsett for 569 millionar kroner

Størst auke i omsetnaden av økologiske kornprodukt/bakevarer og grønsaker/poteter