• No results found

Trus- og livssynssamfunn og Den norske kyrkja

In document PDF 2017 (sider 196-200)

eller 54 000 medlemmer. Medlemstalet i nokre av dei andre religionane har halde seg på om lag det same nivået gjennom fleire år. Buddhisme utgjorde 2,8 prosent, medan hinduisme og sikhisme stod for høvesvis 1,4 og 0,6 prosent av medlemstala utanom Den norske kyrkja i 2017, sjå tabell 14.1.

Livssynssamfunn hadde 92 000 medlemar i 2017, eller 15 prosent av medlemstala utanom Den norske kyrkja, sjå tabell 14.1. Av desse livssynssamfunna utgjorde talet på medlemmer i Human-Etisk Forbund 89 400. Det er ein auke på 2 500 medlemmer frå året før. Andre livssynssamfunn hadde på det same tidspunktet 3 500 medlemmer, som òg er ein auke på over 700 (SSB 2017).

Figur 14.2. Medlemmer1 i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja, etter fylke.

2017. Prosent

1 Omfattar berre medlemmer det vert motteke offentleg stønad for.

Kjelde: Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja, Statistisk sentralbyrå.

Talet på medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja fordeler seg ulikt mellom fylka. Høgast del var det i Oslo der 21,1 prosent, eller 140 600 personar, av befolkninga var medlemmer i eit anna trus- eller livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja. Lågast del var det i Sogn og Fjordane med 5,3 prosent av befolkninga, sjå figur 14.2 og tabell 14.2.

Svak auke for humanetikarane

Geografisk skilnad

I Oslo var 8,7 prosent av befolkninga medlemmer i eit islamsk trussamfunn, 8,1 prosent medlemmer i eit kristent samfunn utanom Den norske kyrkja og 2,9 prosent medlemmer i eit livssynssamfunn. Til samanlikning var ein prosent av befolkninga i Sogn og Fjordane medlem i eit islamsk samfunn og 3,3 prosent i kristne samfunn utanom Den norske kyrkja. Aust- og Vest-Agder er dei fylka som har høgast del i kristne trussamfunn utanom Den norske kyrkja, høvesvis 10,6 og 12,4 prosent, sjå tabell 14.2.

Nær 34 prosent av alle medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja bur i Oslo og Akershus, om lag det same talet som åra før. Dei andre fylka hadde alle under 10 prosent av medlemmene, lågast del i Finnmark med 0,8 prosent, sjå tabell 14.2.

Ved årsskiftet 2017/2018 var 70,6 prosent av Noregs befolkning medlemmer i Den norske kyrkja, sjå tabell 14.2. Denne prosentdelen er 0,1 prosentpoeng høgare i høve til nøkkeltala i KOSTRA-publiseringa. Årsaka til at medlemstalet som kjem fram i tabell 14.2 er høgare, er at dei medlemmene som har ukjend bustad eller adresse er med i tala. Desse får ikkje utdelt noko kommunenummer og er difor ikkje med i KOSTRA-tala. Totalt var det 3 741 000 medlemmer i Den norske kyrkja 31. desember 2017. Sett i høve til befolkninga i dei ulike fylka, har delen medlemmer gått ned i alle fylka, det vil seia at talet på medlemmer i Den norske kyrkja veks mindre i høve til befolkninga. Det same gjeld dei absolutte tala som viser ein nedgang i alle fylka unnateke Vest-Agder som hadde ein svak auke, sjå tabell 14.2.

I 2017 melde 15 500 personar seg ut av kyrkja mot over 41 000 i 2016. I 2016 vart oppretta ei digital lenke kor det var mogleg å melde seg ut av Den norske kyrkja.

2017-tala er på tilsvarande nivå som i 2015. 2 400 melde seg inn, som representerer 700 færre innmelde i høve til i 2016 (SSB 2018a), sjå tabell 14.4.

30 300 personar vart døypte i Den norske kyrkja i 2017 mot 32 600 året før. Dette er ein nedgang på 2 200 personar eller 7 prosent.

Talet på døypte vart i 2016 endra til å omfatte totaltal på døypte rapportert gjennom kyrkjeboka, ikkje som tidlegare gjennom årsstatistikken som viste utførde

dåpshandlingar i soknet. Sjølv om talet ikkje direkte kan samanliknast med tidlegare år på grunn av endra definisjon, kan vi konstatere at talet på døypte går nedover. Som ein indikator kan vi sjå at frå 2005 til 2017 gjekk talet på

dåpshandlingar ned med 12 700, tilsvarande 29 prosent, sjå figur 14.3.

Figur 14.3. Den norske kyrkja. Talet på døypte1 og konfirmerte

1 Endra definisjon på døypte i 2016.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

0 5 000 10 000 15 000 20 000 25 000 30 000 35 000 40 000 45 000 50 000

2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016¹ 2017 Døypte Konfirmerte Den norske kyrkja – 71

prosent av befolkninga medlem

Lågare dåpstal …

Prosentdelen døypte i høve til talet på fødde var i 2017 på 54 prosent. Frå 2005 har prosentdelen døypte i høve til talet på fødde gått ned frå 76 prosent. (SSB 2018a), sjå figur 14.4.

Figur 14.4. Den norske kyrkja. Døypte1 og konfirmerte. Prosent

1 Døypte i prosent av talet på fødde: Dåpstala frå og med 2016 viser totalt tal døypte i soknet og kan ikkje samanliknast med tidlegare indikator.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Dåpstala går jamt nedover i alle bispedøme.

35 500 unge valde kyrkjeleg konfirmasjon i Den norske kyrkja i 2017. Det er ein nedgang på 1 900 konfirmasjonar samanlikna med 2016. Det var nedgang i konfirmasjonar i alle bispedøma unnateke frå Borg som hadde ein svak auke. I 2005 var talet på konfirmerte 42 100, og har dermed ikkje gått ned i same grad som dåpstala.

Ein lågare del av 15-åringane konfirmerte seg kyrkjeleg i 2017 i høve til i 2005. I 2017 var konfirmasjonsprosenten 58 på landsbasis, medan 66 prosent av

15-åringane konfirmerte seg kyrkjeleg i 2005, sjå figurane 14.3 og 14.4.

Ifølgje tabell 14.4 vart 44 100 personar døypte i 2002. 15 år seinare, i 2017, er desse i konfirmasjonsalder. Som nemnd over vart 35 500 personar konfirmerte i 2017. Med atterhald om at desse personane ikkje er heilt dei same som i 2002, viser tala at 8 600, 19,5 prosent, av dei som vart døypte i 2002 ikkje valde kyrkjeleg konfirmasjon i 2017. Tilsvarande tal var 46 100 døypte i 2001 og 19 prosent av desse som ikkje vart konfirmerte i 2016.

I 2017 var det totalt 5,5 millionar til stades på dei 61 000 gudstenestene i Den norske kyrkja. Dei fem siste åra har deltakarar på gudstenestene vore under 6 millionar. Både talet på gudstenester og deltakarar på gudstenestene har gått ned dei siste åra. Frå 2016 til 2017 var det om lag 230 000, eller 4 prosent, færre deltakarar på gudstenestene, ein større nedgang i høve til året før. Det er størst prosentvis nedgang i deltakinga på gudstenestene søndagar og helgedagar med 5,1 prosent. Totalt var 4,2 millionar til stades på dei 45 500 gudstenestene som vert haldne på søndagar og helgedagar, ein nedgang på 224 000 deltakarer, sjå tabell 14.5.

I 2005 var det totale besøket på gudstenestene 6,7 millionar fordelt på 70 000 gudstenester. Gudstenestedeltakinga har gått ned kvart år sidan 2005, unnateke frå i 2011. Samanlikna med 2005 representerer 2017-tala ein nedgang på drygt 1,3 million deltakarar. I og med at òg talet på gudstenester er redusert kvart år i same

0 10 20 30 40 50 60 70 80 90 100

2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016¹ 2017 Prosent

Døypte i prosent av antall fødte Konfirmerte i prosent av 15-åringer

…. og færre kyrkjelege konfirmasjonar

Færre deltek på gudsteneste

In document PDF 2017 (sider 196-200)