• No results found

Musikk

In document PDF 2017 (sider 73-76)

5. Musikk og scenekunst

5.1. Musikk

Figur 5.1 viser at Oslo Filharmonien med 833 hadde flest tilhøyrarar per konsert i 2017. Dernest hadde Edvard Grieg Kor i gjennomsnitt 693 tilhøyrarar per konsert i 2017. I 2015 hadde Oslo Filharmonien høgst gjennomsnitt med 1 189 tilhøyrarar per konsert, medan Edvard Grieg Kor hadde høgst gjennomsnitt med 882 til- høyrarar per konsert i 2016.

Dei fleste institusjonane som var aktive både i perioden 2013-2016 og i 2017 hadde ein oppgang i gjennomsnittleg tilhøyrarar per konsert i det siste året. Det Norske Blåseensemble hadde høgst oppgang med 257 fleire tilhøyrarar per konsert i 2017.

På den andre sida av skala opplevde Musikkselskapet Harmonien ein nedgang med 203 færre tilhøyrarar per konsert i 2017.

Vi gjer merksam på at både institusjonane og aktiviteten og formata deira er særs ulike. Ei direkte samanlikning mellom institusjonar kan difor gjeve eit noko skeivt bilete.

Kvar av dei 13 NTO-medlemmene hadde gjennomsnittleg 6 297 tilhøyrarar på konsertane sine retta mot barn og unge i 2017. Dette var1 591 færre tilhøyrarar, tilsvarande 20 prosent nedgang, samanlikna med året før. Musikkselskapet Harmonien arrangerte flest konsertar retta mot barn og unge, og hadde flest tilhøyrarar. Det vart 113 tilhøyrarar per konsert retta mot barn og unge i regi av Musikkselskapet Harmonien, medan Trondheim Symfoniorkester hadde flest, 733 tilhøyrarar per konsert retta mot barn og unge i 2017.

Oslo Filharmonien hadde 28 400 tilhøyrarar på sine 23 konsertar i 2016, medan i 2017 arrangerte Oslo Filharmonien 36 konsertar med til saman 9 400 tilhøyrarar, det vil seia 260 tilhøyrarar per konsert retta mot barn og unge.

Tabell 5.1 viser elles at talet på konsertar retta mot barn og unge har variert mykje sidan 2003. Det har òg talet på tilhøyrarar.

Seks kororganisasjonar i Koralliansen rapporterte 2 200 kor med 64 500 songarar i 2017. Tala frå 2017 er difor ikkje samanliknbare med tal frå året før då ni kor- organisasjonar hadde rapportert sine tal. Figur 5.2 viser at Norges Korforbund framleis er den største organisasjonen i alliansen. Forbundet hadde 1 007 kor med 29 500 korsongarar. Desse utgjorde 46 prosent av alle kor og same prosentdel av alle korsongarar i 2017.

Norges Korforbund rapporterte tre færre kor og over 400 færre korsongarar i 2017 i høve til året før.

Noregs songarforum organiserte 10 683 songarar i 370 kor, medan Ung i kor hadde 10 845 songarar i 290 kor. Songarane i desse to organisasjonane til saman utgjorde 33 prosent av alle korsongarane i 2017.

I gjennomsnitt var det 29 songarar per kor. Ung i kor hadde høgast gjennomsnitt med 37 songarar, medan Norges kyrkjesongarforbund hadde lågast gjennomsnitt med 23 songarar per kor.

Oslo Filharmonien hadde flest tilhøyrarar per konsert

6 300 tilhøyrarar per konsert

2 200 kor og 64 500 korsongarar

Figur 5.2. Talet på kor i Koralliansen, fordelt på organisasjonane. 2017

Kjelde: Norges Korforbund/Koralliansen.

Flest korsongarar finn ein i Oslo, tett følgt av Trøndelag (Nord- og Sør-Trøndelag samla) og Hordaland, høvesvis 9 600 og 7 900 og 7 400 songarar. Tabell 5.2 viser fordelinga på type kor, men i denne tabellen er ikkje alle kororganisasjonane representerte.

I tillegg til tala for kora presenterte i tabellane 5.2 og 5.3 gjer vi merksam på at det òg finst ein del uorganiserte kor mellom anna i form av skulekor, verksemdskor og liknande. Desse kora har vi ikkje oversikt over.

Sidan skuleåret 2001 var det for første gang under 100 000 elevar på kommunale kulturskular i 2017, sjå tabell 5.4. Talet på elevar på kulturskular nådde toppen i 2011. Sidan har talet på elevar gått ned frå år til år. I 2017 var det i alt nær 98 700 elevar, det vil seia over 1 400 færre elevar i høve til året før. Samanlikna med toppåret 2011, var det 11 600 færre elevar i 2017, ein nedgang på 11 prosent.

Elevar i grunnskulealder på kulturskular utgjorde 18 prosent av alle barn i same alder i 2011. Same del var på 13 prosent, det vil seia 5 prosentpoeng lågare, i 2017.

Samanlikna med 2016, hadde Finnmark størst nedgang med 1,5 prosentpoeng (frå 17,9 prosent i 2016 til 16,4 prosent i 2017), medan det var størst oppgang i Hedmark med 0,7 prosentpoeng (frå 14,7 prosent i 2016 til 15,4 prosent i 2017).

Utviklinga i elevtala på kommunale kulturskular dei tre siste åra viser ein nedgang i de fleste fylke. Oslo hadde den største nedgangen med over 980 færre elevar i 2017 samanlikna med 2015. Dernest finn vi Vestfold og Hordaland med høvesvis 680 og 600 færre elevar på kulturskular i 2017 enn i 2015. I denne tre årsperioden hadde Hedmark størst oppgang i talet på elevar da fylket hadde nær 450 fleire kulturskuleelevar i 2017 samanlikna med 2015.

Som tidlegare år, utgjorde elevar under grunnskulealder 5 prosent av alle elevane på kulturskular i 2017, medan 86 prosent var i grunnskulealder og 9 prosent var over grunnskulealder. Det var fleire jenter i høve til gutar i alle aldersgruppene.

Mellom elevane i grunnskulealder var det nær dobbelt so mange jenter i høve til gutar, 55 600 jenter mot 28 800 gutar. Som nemnd utgjorde elevane i alderen 6-15 år på kommunale kulturskolar 13,3 prosent av alle 6-15-åringane i kommunane i 2017.

Norges Korforbund 1 007

Norsk sangerforbund

52 Norges

kirkesangforbund 154 Ung i kor

290 Ung kirkesang

326

Norsk sangerforum

370

Total 2 199

kor

Under 100 000 elevar på kulturskolar

Figur 5.3. Elevar i kommunale kulturskular, etter fylke

Kjelde: KOSTRA, Statistisk sentralbyrå.

Delen elevar på kommunale kulturskolar i alderen 6-15 år av totalt tal barn og unge i same aldersgruppe i kvart fylke varierte i 2017 òg. Møre og Romsdal hadde den største delen med 21 prosent. Dernest hadde Sogn og Fjordane og Nord-Trøndelag 20 prosent av alle unge i alderen 6-15 på kulturskolar. Østfold hadde den minste delen med 6,4 prosent.

Talet på elevplassar auka med 1 700 frå 2015 til 2016. Derimot var det ein nedgang på 3 500 elevplassar frå 2016 til 2017, sjå tabell 5.5. I alt var det nær 120 500 elevplassar på kommunale kulturskolar i 2017. Vi gjer merksam på at ein elev i kulturskulen kan ha fleire plassar.

Som førre året var det flest deltakarar i musikkundervisning. I skuleåret 2017/18 vart det òg gjennomført musikkundervisning i to av tre elevplassar i kulturskolane.

I alle fylka fekk de fleste musikkundervisning. Som i 2016 deltok tre av fire elevar på kulturskolar i Aust-Agder, Sogn og Fjordane og Nordland i musikkundervisning òg i 2017.

Etter musikkundervisning var det flest deltakarar i dans. Desse elevane utgjorde 18 prosent av alle elevane i kulturskolar. Troms, Møre og Romsdal og Nord- Trøndelag hadde høgast del deltakarar i dans med høvesvis 30, 29 og 28 prosent. I Vestfold deltek berre ein prosent av elevane i danseundervisning i 2017 slik som det òg var tilfelle i tidlegare åra.

In document PDF 2017 (sider 73-76)