11. Film og kino
11.2. Kinobesøk og framsyningar
Amerikansk film stod for nær 70 prosent av kinobesøket i 2017. Eit lågare år for norsk film kan ha gjeve ein høgare marknadsdel til amerikansk film.
Dei tre filmane som topper besøksstatistikken i 2017 var både norske og utan- landske. «Star Wars: The Last Jedi» er den mest sette filmen på kino i 2017, med om lag 402 000 selde billettar. Nummer to på besøksstatistikken er den norske filmen «Askeladden – I Dovregubbens Hall» som fekk 354 000 personar til å gå på kino. Vidare hadde «Skjønnheten og Udyret» 349 000 kinobesøk. Dei neste filmane på lista er utanlandske, fram til halv-norske «Snømannen» som ligg på 12.
plass med 217 000 besøk. Filmen «Den 12. mann» er nest etter «Snømannen» i 2017. Ein del av besøkstala for «Den 12. mann» reknast med i 2018 fordi den hadde premiere i desember. Filmen hadde eit mykje høgare besøkstal totalt, i høve til dei tala som vert vist for desember 2017. I årboka til Film & Kino for 2017 kan du sjå heile lista over dei mest sette filmane.
Kinobesøket for dei fem mest sette filmane i 2017, er 14 prosent av det samla besøket for heile året. Det er mindre i høve til det har vore på femten år, både i besøk totalt, og som del av det samla kinobesøket. Det kan, ifølgje årboka til Film
& Kino for 2017, henga saman med at det var eit lågare besøkstal for dei fem mest populære filmane. Tala kan tolkast som at publikum valde meir variert i kva dei så på kino.
256 nye langfilmar hadde premiere på Norske kinoar i 2017, noko som er det høgste talet på over 10 år. Det er ei auke på 24 fleire nye langfilmar frå året før.
35 av filmane var norske, heile 8 fleire filmar samanlikna med året før, medan det var 11 færre amerikanske filmar. Det har vore ein stor vekst i kor mange
europeiske filmar som vart vist på kino frå 67 året før til 88 i 2017. Samstundes vart 28 filmar ifrå land utanfor Europa og USA vist på kino, noko som er dei høgaste tala i den siste tiårs perioden. Til dømes var 10 av kinofilmane i 2017 ifrå India i 2017. Sjå tabell 11.3 for ei liste over land med flest filmar på norske kinoar.
I 2017 var det i alt 378 000 framsyningar på norske kinoar, drygt 7 400 fleire i høve til førre året. Det har samstundes vore ein nedgang over fleire år i kor mange som ser kvar framsyning. Til dømes var det i 2001 i snitt 51 personar som såg kvar visning, medan det i 2006 var 40 personar, og 34 i 2016. Gjennomsnittleg såg 31 personar kvar framsyning i 2017. Det var 61 200 framsyningar av norske filmar i 2017, men det var jamvel ikkje fleire som gjekk på kino for å sjå norsk film.
Tabell 11.2 syner meir informasjon om kinobesøk.
Kor mange som ser 3D film på kino har vorte mindre over fleire år, men har halde seg stabilt dei to siste åra. 25 prosent såg 3D filmar i toppåret 2011, og 15 prosent såg 3D film på kino i 2015. I 2017 stod 3D film for nærare 10 prosent av kino- besøka som er berre ein prosent nedgang frå 2016. 3D-filmar stod for om lag 11 prosent av alle billettinntektene mot 12 prosent førre året. I alt 171 kinoar har 289 salar som kan vise 3D i Noreg, ein sal meir i høve til førre året (Film & Kino 2018).
75 prosent av befolkninga var i 2017 ein eller fleire gonger på kino dei siste 12 månadene, det er ein liten auke frå 2016 da delen var 72 prosent. Publikummet etter alder har endra seg noko. Dei yngre går framleis mest på kino. I alders- gruppene 9-15 og 16-24 år var 93 prosent på kino i løpet dei siste 12 månadene.
Dei siste åra har fleire og fleire eldre gått på kino. I 2015 var 27 prosent av alders- gruppa 67-79 år på kino, medan det var 40 prosent i 2016 og halde seg på same nivå i 2017 (Vaage 2018).
Aldersgruppa 16-24 år var dei som gjekk oftast på kino i 2017, med 5 kinobesøk i snitt. Dei yngre, mellom 9-15 var i snitt 4 gonger på kino dei siste 12 månadene.
Høgare marknadsdel for Amerikansk film
Større variasjon i kva folk ser på kino
Fleire premierefilmar frå Europa, og færre
amerikanske
Fleire framsyningar og færre ser kvar
Fleire unge går på kino
Dette viser tal frå Norsk mediebarometer 2017, sjå tabell 11.5. At dei unge går mindre hyppig på kino nå i høve til tidlegare, kan ha å gjere med at dei har interesse av kultur i digital form, på mobil eller anna bruk.
Figur 11.2. Personar som har vore på kino dei siste 12 månadene, etter alder. 2017
Kjelde: Norsk mediebarometer, Statistisk sentralbyrå.
I 2016 var delen kvinner og menn som besøker kino heilt identisk, medan i 2017 gjekk fleire kvinner i høve til menn på kino. 73 prosent av mennene, og 78 prosent av kvinnene, hadde sett film på kino dei siste 12 månadene, ifølgje
mediebarometeret for 2017.
Figur 11.3. Personar som har vore på kino dei siste 12 månadene, etter menn og kvinner
Kjelde: Norsk mediebarometer, Statistisk sentralbyrå.
I dei større byene var det 83 prosent som gjekk på kino og i spedbygde strøk gjekk 71 prosent på kino dei siste 12 månadene (Vaage 2018).
Det er variasjonar i delen som går på kino, og kor ofte, mellom landsdelane.
Mellom befolkninga i Oslo og Akershus var det 82 prosent som gjekk på kino dei siste 12 månadene, medan det i Østlandet elles berre var 70 prosent. I Trøndelag gjekk 81 prosent på kino, medan i resten av Nord-Noreg og Vestlandet hadde
0 10 20 30 40 50 60 70 80 90 100
9-15 år 16-24 år 25-44 år 45-66 år 67-79 år
Prosent
50 55 60 65 70 75 80
1995 1997 1999 2001 2003 2005 2007 2009 2011 2013 2015 2017
Prosent
Menn Kvinner Kvinner gjekk på kino meir i
høve til menn i 2017
73 prosent vore på kino dei siste 12 månadene. I Agder og Rogaland hadde 74 prosent vore på kino (Vaage 2018).
Elever og studentar, personar i yrke som krev akademisk, eller anna fagleg
utdanning, er ivrigare kinogjengarar samanlikna med andre grupper. Mellom elevar og studentar har 95 prosent vore på kino dei siste tolv månadene. God hushalds- økonomi og høg utdanning heng òg positivt saman med kinobesøk.