13. Idrett og friluftsliv
13.5. Om statistikken
Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) er det øvste organet i Noregs største interesseorganisasjon, med i underkant av 2,1 millionar medlemskap fordelte på drygt 11 330 idrettslag (inkludert bedriftsidrettslag). NIF har som mål å vere den fremste bidragsytaren for å oppnå idrett for alle (NIF 2018).
Alle opplysningane og tala i statistikken er grunna i elektroniske rapportar frå kvar enkelt klubb som er medlem av NIF, og frå kvar særidrettsgruppe i klubben.
Rapporteringa er per 31. desember i rapporteringsåret og vert avslutta ved utgangen av april året etter rapporteringsåret. Medlemskap er i denne publikasjonen framleis summen av medlemer i kvar enkelt klubb, og ikkje talet på personar som totalt er medlemmar i den organiserte idretten. Talet på personar er lågare fordi mange er medlemmar i fleire klubbar. Det har enno ikkje vore mogleg å gjeve eit totaltal på einskilde som er medlem (NIF 2017). Tala i denne publikasjonen omfattar berre statistikk over medlemskap for dei ordinære idrettskrinsane. Tal for bedriftsidretten og aktivitetstala er ikkje med i statistikken.
Det nye samordna rapporteringssystemet vart teke i bruk i 2016. Etter dette skal alle idrettslaga registrere organisasjonsopplysningar og medlemsopplysningar (fødselsdato, kjønn, adresse og så vidare).
Idrettsanlegg.no, frå 2017 anleggsregisteret.no, som er Kulturdepartementets register over idrettsanlegg og søknader om spelemidlar, er eit register over alle idrettsanlegga i Noreg. Anleggsregisteret omfattar anlegg og tiltak for friluftsliv, frå dei store anlegga som er bygde og utforma for internasjonale meisterskapar til små balløkker og skileikanlegg. Anleggsregisteret.no inneheld eit nettgrunna søknadssystem for spelemidlar til idrettsanlegg, eit register over alle idrettsanlegga i Noreg, og ein kartfunksjon som viser den grafiske plasseringa til anlegga i standard kart (Anleggsregisteret 2018). Det er opp til kvar enkelt kommune å oppdatere opplysningane i registeret for anlegg innanfor eigen kommune.
Anlegga for friluftsliv er òg registrerte så langt det er funne formålstenleg. Alle anlegga og tiltaka for friluftsliv som har fått tilskot av spelemidlane, er registrerte. I 2017 var det om lag 72 000 anleggseiningar i registeret, men data brukt i tabellane 13.2 og 13.3 tek utgangspunkt i status «eksisterande» i registeret. Anlegga er
2 800 mil med maskin- preparerte skiløyper i
kommunane
Idrettsregistreringa
Anleggsregisteret.no
registrerte med desse data: anleggsnummer i registeret, namnet på anlegget, anleggsstad (idrettspark eller liknande), kva for ein kommune anlegget ligg i, anleggskategori (til dømes: fotballanlegg, kart, friluftsliv), anleggstype (til dømes:
grasbane, orienteringskart, badeplass), karakteristiske mål, anleggsklasse (til dømes: nasjonalanlegg, kommuneanlegg/ordinære anlegg, nærmiljøanlegg), plassering (kartkoordinatar i økonomisk kartverk) og eventuelt ombyggingsår, eigar, tildelte spelemidlar og året for tildelinga. Dei siste åra har det kome ein ny variabel i anleggsregisteret som seier noko om status på universell utforming.
Anleggsregisteret vart oppretta i 1992, og sidan har opplysningar om anlegg for idrett og friluftsliv vorte registrerte inn etter kvart. Oppdatering av registeret skjer normalt ein gong i året. Ein kan søkje i det nye anleggregisteret og hente ut data frå 1.10.2017.
Nærmiljøanlegg er anlegg eller område som er lagde til rette for utandørs, eigenorganisert fysisk aktivitet og gjerne ligg i tilknyting til bustad- og/eller aktivitetsområde. Områda skal vere fritt allment tilgjengelege og laga for eigenorganisert fysisk aktivitet, framfor alt for barn og ungdom, men òg for lokalbefolkninga elles. Nærmiljøanlegg skal ikkje dekkje behovet for anlegg til organisert idrettsleg aktivitet eller ordinære konkurransar i idrett. Nærmiljøanlegg kan plasserast i tilknyting til eit skuleanlegg og/eller eit idrettsanlegg.
(Kulturdepartementet 2017).
Norsk friluftsliv vart stifta i 1989 og er ein fellesorganisasjon for 16 norske friviljuge friluftslivsorganisasjonar (i 2017), med til saman 941 800 medlemskap og om lag 5 100 lokale lag og foreiningar. Organisasjonane har individuelle medlemskapar og er opne for alle. Medlemsskapstalet i Norsk Friluftsliv er summen av medlemsskap i medlemsforeiningane. Talet på einskilde personar vil vera lågare fordi fleire er medlemmer av fleire foreiningar.
Norsk Friluftsliv arbeider mellom anna for å fremja eit allsidig, enkelt og naturvenleg friluftsliv i tråd med norsk friluftslivstradisjon. Norsk Friluftsliv fremjar friluftsliv for alle gjennom tradisjonelle og nye aktivitetsformer, og fremjar saker av felles interesse for organisasjonane overfor styresmakta og andre aktuelle målgrupper og ser slik ein svært viktig bidragsytar til idrettspolitikkens målsetjing om «idrett og fysisk aktivitet for alle. Norsk Friluftsliv har òg som mål å fremje allemannsretten (retten til fri ferdsel i norsk natur) og allmentas tilgang til og bruk av naturen (Norsk Friluftsliv 2018).
Statistisk sentralbyrå gjennomfører kvart tredje år ei utvalsundersøking, der folk i alderen 9-79 år vert spurde om bruken av ulike fritidstilbod. Levekårsundersøkinga EU-SILC vert gjennomført årleg. Frå og med 2011 utgjer undersøkinga ein årleg fast kjerne av spørsmål og temabolkar med varierande tema. Tema vert tekne oppatt med ein syklus på tre år. I 2011, 2014 og 2017 var tema friluftsliv, orga- nisasjonsaktivitet, politisk deltaking og sosialt nettverk. I 2012 var temaa bustad og buforhold og i 2013 og 2016 var tema kulturbruk, idrett og fysisk aktivitet.
I Levekårsundersøkinga 2011 er det tidsbrot i måling av friluftsliv. Frå 2011 er enkelte friluftsaktivitetar tekne bort, og nokre av spørsmåla er endra noko i høve til åra 1997-2007. Framfor alt er lengda på enkelte aktivitetar endra. Tidlegare gjorde ein skilnad mellom dagstur og tur med overnatting, nå skil ein mellom kort og lang tur (over/under tre timar). I tillegg til dette er innsamlingsmetoden endra. Tidlegare vart dette temaet innhenta postalt, medan det i 2011og 2014-undersøkingane er samla inn via telefonintervju. Les meir på Levekårsundersøkelsen 2017.
Nærmiljøanlegg
Norsk friluftsliv
Levekårsundersøkingane
Referansar
Anleggsregisteret 2017: https://www.anleggsregisteret.no/
Kulturdepartementet 2012. Universell Utforming av idretts- og nærmiljøanlegg V- 0511). https://www.regjeringen.no/no/tema/kultur-idrett-og-
frivillighet/innsiktsartikler/idrett/publikasjoner-om-idrettsanlegg/id86915/
Kulturdepartementet 2017. Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet – 2017 (V-0732 B), 3. utgåve oppdatert november 2017 Henta frå https://www.regjeringen.no/contentassets/34fad27c0ac4485c9f9d7aa01875bfe1/v- 0732-b_2017_3-utgave_oppdatert-nov-2017_nett.pdf
Levekårsundersøkelsen 2017. Henta frå https://www.ssb.no/kultur-og- fritid/statistikker/fritid/hvert-3-aar
NIF 2017. Årsrapport 2017. Henta frå https://www.idrettsforbundet.no/om- nif/rapporter/
NIF 2018. Henta frå https://www.idrettsforbundet.no/om-nif/om-norges idrettsforbund/
Norsk Friluftsliv 2018: http://www.norskfriluftsliv.no
Meir informasjon
Kulturdepartementet 2018. Idrett. URL:https://www.regjeringen.no/no/tema/kultur- idrett-og-frivillighet/id920/
Statistisk sentralbyrå (27. oktober 2017): Åtte av ti går i skog og fjell.
http://www.ssb.no/fritid/
Vaage, Odd Frank 2015. Fritidsaktiviteter 1997-2014. Rapporter 2015/25, Statistisk sentralbyrå. http://www.ssb.no/kultur-og-fritid/artikler-og- publikasjoner/fritidsaktiviteter-1997-2014
Vaage, Odd Frank 2016. Norsk kulturbarometer 2016, Statistisk sentralbyrå.
https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/artikler-og-publikasjoner/norsk- kulturbarometer-2016
Tabell 13.1. Talet på idrettslag og medlemskap, etter idrettskrins Talet
på lag
Medlemskap1
I alt Menn Kvinner
I alt 0-12 år 13-19 år 20- år I alt 0-12 år 13-19 år 20- år 2001 7 136 1 430 597 880 658 214 268 151 983 514 407 549 939 162 050 105 199 282 690 2002 7 292 1 534 868 945 645 238 936 169 299 537 410 589 223 182 895 118 250 288 078 2003 7 531 1 579 550 975 016 250 267 176 490 548 259 604 534 190 571 122 714 291 249 2004 7 633 1 649 311 1 008 923 258 629 182 892 567 402 640 388 204 094 131 704 304 590 2005 7 791 1 675 737 1 018 786 265 888 187 810 565 088 656 951 211 619 136 842 308 490 2006 7 870 1 701 153 1 028 524 271 278 186 601 570 645 672 629 220 699 138 241 313 689 2007 7 725 1 738 086 1 047 103 275 608 188 242 583 253 690 983 222 743 139 818 328 422 2008 7 760 1 770 720 1 059 933 276 787 188 906 594 240 710 787 226 673 141 748 342 366 2009 7 813 1 758 229 1 050 413 281 904 186 578 581 931 707 816 233 203 140 594 334 019 2010 7 894 1 771 961 1 062 766 287 429 185 076 590 261 709 195 236 332 137 743 335 120 2011 7 894 1 791 297 1 072 816 289 917 187 875 595 024 718 481 240 661 139 443 338 377 2012 7 929 1 864 031 1 115 241 299 625 189 071 626 545 748 790 252 763 139 322 356 705 2013 7 967 1 868 840 1 114 735 304 231 187 500 623 004 754 105 258 189 138 997 356 919 2014 7 953 1 908 896 1 135 179 314 081 185 991 635 107 773 717 269 786 140 950 362 981 20152 7 819 1 888 180 1 122 159 304 703 185 824 631 632 766 021 263 119 141 538 361 364 2016 7 736 1 921 019 1 133 921 301 518 189 282 643 121 787 098 269 688 147 065 370 345 2017 7 641 1 926 301 1 136 761 303 893 189 584 643 284 789 540 272 303 147 772 369 465 Idrettskrins
Østfold 378 85 321 53 579 12 724 8 397 32 458 31 742 11 032 6 094 14 616
Akershus 649 243 764 146 034 43 655 26 031 76 348 97 730 38 202 19 052 40 476
Oslo 582 267 143 160 658 42 696 22 946 95 016 106 485 33 896 16 031 56 558
Hedmark 351 74 526 44 276 12 301 7 553 24 422 30 250 10 842 5 895 13 513
Oppland 386 77 314 44 476 11 084 7 407 25 985 32 838 10 242 6 262 16 334
Buskerud 370 99 929 60 394 15 079 10 082 35 233 39 535 13 215 7 720 18 600
Vestfold 299 77 781 49 594 11 261 7 737 30 596 28 187 8 589 5 180 14 418
Telemark 293 63 415 37 367 8 848 6 331 22 188 26 048 8 159 5 438 12 451
Aust-Agder 180 43 078 25 015 6 220 4 100 14 695 18 063 5 703 3 217 9 143
Vest-Agder 274 59 980 35 174 9 538 6 368 19 268 24 806 9 377 5 155 10 274
Rogaland 554 153 037 89 832 29 034 14 986 45 812 63 205 27 524 12 081 23 600
Hordaland 815 178 537 104 272 30 009 19 023 55 240 74 265 28 758 15 261 30 246 Sogn og Fjordane 191 45 413 25 819 5 969 4 622 15 228 19 594 5 349 3 873 10 372 Møre og Romsdal 472 93 133 53 445 13 240 9 186 31 019 39 688 12 655 7 867 19 166 Sør-Trøndelag 484 142 534 81 821 19 497 12 840 49 484 60 713 17 777 10 041 32 895
Nord-Trøndelag 268 58 734 33 004 7 501 6 182 19 321 25 730 7 315 5 220 13 195
Nordland 530 70 599 40 287 11 436 7 297 21 554 30 312 10 373 6 177 13 762
Troms Romsa 373 60 565 34 073 9 527 5 889 18 657 26 492 8 759 4 702 13 031
Finnmark Finnmárku 192 31 498 17 641 4 274 2 607 10 760 13 857 4 536 2 506 6 815
1 Medlemskapsoversikta viser summen av medlemmar i kvar enkelt klubb, ikkje talet på personar totalt som er medlem i den organiserte idretten. Dette talet vil vere mykje lågare fordi mange har medlemskap i fleire klubbar. Det er enno ikkje mogleg å registrere eit totalt tal på einskilde medlemmar i den organiserte idretten. 2 Tala kan ikkje samanliknast med tidlegare år på grunn av nytt rapporteringssystem.
Kjelde: Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité.
Tabell 13.2. Norsk Friluftsliv. Lokallag og medlemskap
2010 2012 2014 2016 2017
Lokal- lag
Medlem- skap
Lokal- lag
Medlem- skap
Lokal- lag
Medlem- skap
Lokal- lag
Medlem- skap
Lokal- lag
Medlem- skap Heile landet 3 623 587 682 4 685 722 578 4 838 760 155 5 092 913 081 5 047 941 752 Den Norske Turistforening4,8 56 241 520 110 246 011 191 257 750 355 290 790 365 308 408
Forbundet Kysten 116 9 336 124 9 814 125 9 963 126 10 270 126 10 085
Skiforeningen5 8 57 731 7 67 065 9 72 052 9 72 864 9 72 805
Norges Jeger- og Fiskerforbund 567 121 223 571 117 613 575 113 850 573 114 368 573 112 428 Norges turmarsjforbund1, 4 236 20 000 498 41 600 505 67 084 535 41 578 536 41 687
KFUK-KFUM-speidarane 249 12 285 206 9 573 225 10 332 222 10 956 228 10 958
Norges Klatreforbund1 162 12 583 181 17 872 195 19 819 202 20 541 210 23 038
Norsk orientering1 386 23 169 379 22 386 381 24 205 369 24 064 365 24 101
Norges Padleforbund 104 15 656 111 16 652 119 18 900 124 18 977 125 21 505
Norges Røde Kors6 - - - - - - 380 154 613 383 164 490
Norges Røde Kors Hjelpekorps6 320 12 000 303 14 745 302 14 438 - - - -
Norges Seilforbund7 - - - - - - 130 23 544 123 23 550
Norges speiderforbund 552 20 216 509 18 040 494 19 045 465 18 849 453 19 090
4H Norge1 635 16 663 625 16 288 610 15 075 577 14 888 486 14 111
Syklistenes landsforening 12 11 000 12 12 500 13 10 187 15 9 847 14 9 868
Kristen Idrettskontakt2 220 14 300 242 14 196 296 14 322 211 15 100 245 14 935
Norsk Kennel Klub3 - - 807 98 223 798 93 133 799 71 918 806 70 693
1 Endra namn i 2014. 2 Ny medlem 2010. 3 Ny medlem 2011. Frå 2016 ny teljemåte, tel no unike personar som har betalt kontingent, mot tidlegare tald medlemskap. 4 Avvikande teljingsmåte. 5 Har avvikande teljingsår, 1.9-31.8 6 Frå mai 2016 gjeld medlemskapen i Norsk Friluftsliv heile Norges Røde Kors. Og inkluderer lag og medlemskap for Norges Røde Kors Hjelpekorps som tidlegare var oppførd som eigen gruppe. 7 Ny medlem 2016. 8 Frå 2016 inkludert Barnas turlag.
Kjelde: Norsk Friluftsliv.
Tabell 13.3. Personar som i løpet av dei siste 12 månadene har delteke på ulike friluftslivaktivitetar, etter år, kjønn, alder, utdanning og landsdel. Prosent
Lengre fottur i skogen eller på fjellet
Kortare fottur i skogen eller på fjellet
Kortare spaser-
tur Bær-
eller sopp-
tur Jakt-
tur Fiske-
tur Tur i kano/
kajakk/
robåt Tur i motor- eller segl-
båt Tur med
sykkel i naturen
Ridetur i natur- om-giv- nadar
Lengre skitur i skogen eller på fjellet
Kortare skitur i skogen eller på fjellet
Stått på skøyter på islagte vann eller vass-
drag
Stått alpint, snow- board
eller telemark
Bada i salt- eller fersk-
vann
2011 54 81 . 37 8 45 25 44 42 4 29 42 9 24 71
2014 52 79 85 34 8 43 24 43 40 4 25 39 7 22 70
2017 53 78 84 36 7 42 24 42 35 4 23 34 7 21 66
2017
Menn 56 79 83 30 11 52 26 46 38 2 25 35 7 26 68
Kvinner 50 76 86 41 3 32 21 37 32 6 20 32 7 17 65
Alder
16-24 år 63 80 77 24 10 47 32 52 33 9 28 32 15 39 78
25-44 år 62 84 86 33 8 47 28 46 41 6 28 42 10 32 73
45-66 år 56 83 87 41 7 44 24 43 39 2 25 36 4 16 69
67 år eller eldre 26 57 82 37 4 25 11 24 18 1 8 16 1 1 43
Utdanning
Grunnskule 40 67 79 28 6 39 19 36 26 4 13 20 6 17 56
Vidaregåande skule 51 78 85 37 8 43 23 40 34 4 20 30 6 20 66
Universitet/
høgskule, kort 66 87 89 41 6 43 28 48 41 4 32 49 8 26 76
Universitet/
høgskule, lang 71 90 89 42 6 44 33 52 47 4 44 55 9 31 79
Landsdel
Oslo/Akershus 54 78 84 33 5 34 23 40 37 4 27 37 8 24 71
Austlandet elles 48 77 84 39 8 36 23 37 38 5 21 34 8 20 69
Agder og Rogaland 52 77 85 27 7 43 23 47 36 4 19 26 5 19 71
Vestlandet 56 78 85 31 5 46 24 44 30 3 21 27 6 23 61
Trøndelag 57 79 84 41 10 50 30 42 34 3 24 44 8 22 66
Nord-Noreg 57 76 83 47 12 58 21 44 31 4 24 37 4 17 52
Kjelde: Levekårsundersøkinga, Statistisk sentralbyrå.
Tabell 13.4. Talet på idrettsanlegg, etter klassifikasjon og fylke I alt Nasjonal-
anlegg1
Ordinære idrettsanlegg
Nærmiljø- anlegg
Andre anlegg2
Anlegg med universell utforming
Del universell utforming3
2004 40 122 5 28 489 11 628 .. .. ..
2005 42 526 5 30 146 12 375 .. .. ..
2006 43 718 5 30 479 13 234 .. .. ..
2007 43 911 5 30 343 13 563 .. .. ..
2008 44 168 5 30 417 13 746 .. .. ..
2009 49 326 5 34 150 14 769 401 .. ..
2010 50 990 5 35 616 15 027 341 .. ..
2011 52 223 5 35 974 15 881 361 .. ..
2012 53 423 5 36 202 16 434 779 .. ..
2013 54 051 5 36 452 16 838 752 8 435 15,6
2014 54 938 5 36 802 17 376 746 9 168 16,7
2015 55 532 6 36 960 17 818 746 10 081 18,2
2016 56 033 6 37 149 18 147 731 10 837 19,3
20173 56 151 7 37 655 18 397 92 .. ..
2017
Østfold 2 365 - 1 582 783 - .. ..
Akershus 4 244 - 2 775 1 463 6 .. ..
Oslo 2 281 2 1 329 950 - .. ..
Hedmark 3 452 1 2 528 922 1 .. ..
Oppland 3 288 1 2 367 905 15 .. ..
Buskerud 3 547 2 2 522 1019 4 .. ..
Vestfold 2 293 - 1 560 732 1 .. ..
Telemark 2 315 - 1 600 699 16 .. ..
Aust-Agder 1 939 - 1 222 714 3 .. ..
Vest-Agder 2 722 - 1 664 1 055 3 .. ..
Rogaland 4 300 - 2 578 1 709 13 .. ..
Hordaland 4 459 - 2 713 1 745 1 .. ..
Sogn og Fjordane 2 599 - 1 677 920 2 .. ..
Møre og Romsdal 4 397 - 3 149 1 240 8 .. ..
Trøndelag4 5 481 - 3 856 1609 16 .. ..
Nordland 3 584 - 2 484 1 098 2 .. ..
Troms Romsa 1 972 - 1 350 621 1 .. ..
Finnmark Finnmárku 903 - 691 212 - .. ..
Svalbard 9 - 8 1 - .. ..
1 Nasjonalanlegga er Holmenkollen Ski nordiske grener, Holmenkollen Skiskyting, Ullevål Stadion, Vikingskipet, Kvitfjell, Hafjell (nytt i 2015) og Vikersund.
2 T.o.m. 2016 inkluderer dette fylkesanlegg, riksanlegg, interkommunale anlegg og ikkje oppgitt anleggsklasse. Frå 2017 gjelder tala berre interkommunale anlegg. Dei andre kategoriane har vorte innordna anten i ordinære anlegg eller i nærmiljøanlegg. 3 For 2017 finns det ikkje tal for universell utforming fordi ein betre rapporteringsfunksjon er under utarbeiding. 4 Frå 2017 er tal frå Sør- og Nord-Trøndelag slått saman som følgje av endringar i anleggsregisteret grunna fylkessamanslåinga.
Kjelde: Anleggsregisteret.no, Kulturdepartementet.
Tabell 13.5. Tal på idrettsanlegg og innbyggjarar per anlegg for nokre utvalde anleggskodar og år1
Type anlegg
2012 2014 2015 2016 20172
Einingar
Inn- byggjarar
per
anlegg Einingar
Inn- byggjarar
per
anlegg Einingar
Inn- byggjarar per
anlegg Einingar
Inn- byggjarar
per
anlegg Einingar Inn- byggjarar
per anlegg
Skianlegg 3 747 1 348 3 722 1 388 3 679 1 417 3 649 1 441 1 228 4 312
Alpinbakkar 555 9 101 562 9 192 575 9 068 572 9 193 582 9 099
Hoppbakkar 721 7 006 681 7 586 665 7 841 649 8 102 646 8 198
Skiløyper3 2 471 2 044 2 479 2 084 2 439 2 138 2 428 2 166 - -
Friluftsliv 3 257 1 551 3 410 1 515 3 459 1 507 3 508 1 499 6 417 825
Tursti 2 957 1 708 3 086 1 674 3 133 1 664 3 171 1 658 3 185 1 663
Turkart 300 16 838 324 15 944 326 15 994 337 15 603 394 13 441
Tur-/skiløyper3 - - - - - - - - 2 838 1 866
Fotballanlegg 4 593 1 100 4 549 1 136 4 615 1 130 4 546 1 157 4 578 1 157
Fotballbaner 4 540 1 113 4 490 1 151 4 549 1 146 4 476 1 175 4 507 1 175
Fotballhallar 53 95 307 59 87 556 66 79 000 70 75 119 71 74 586
Friidrettsanlegg 909 5 557 907 5 695 894 5 832 884 5 948 947 5 592
Fast dekke 144 35 078 151 34 211 156 33 423 156 33 707 219 24 181
Grusdekke 416 12 142 399 12 947 370 14 092 354 14 854 351 15 087
Delanlegg 349 14 474 357 14 470 368 14 168 374 14 060 377 14 047
Hestesportanlegg 348 14 515 357 14 470 362 14 403 361 14 566 382 13 863
Ridebaner 224 22 550 226 22 858 230 22 670 228 23 063 248 21 353
Ridehallar 124 40 736 131 39 434 132 39 500 133 39 536 134 39 520
Isanlegg 68 74 283 76 67 971 77 67 714 77 68 290 121 43 765
Ishallar 45 112 251 52 99 342 49 106 408 50 105 166 51 103 836
Hurtigløpsbaner (kunstis) 13 388 560 14 368 986 14 372 428 14 375 594 52 101 839
Bandybaner (kunstis) 10 505 128 10 516 580 14 372 428 13 404 486 18 294 201
Idrettshallar og aktivitetssalar4 934 5 408 1 003 5 150 1 051 4 961 1 019 5 160 3 950 1 341 Fleirbrukshallar 934 5 408 1 003 5 150 1 051 4 961 1 019 5 160 1 114 4 754
Fleiraktivitetssalar4 - - - - - - - - 2 836 1 867
Skuleanlegg 2 713 1 862 2 662 1 941 2 589 2 014 2 541 2 069 - -
Gymnastikksalar4 2 713 1 862 2 662 1 941 2 589 2 014 2 541 2 069 - -
Nærmiljøanlegg 12 702 398 12 736 406 12 985 402 13 295 396 12 744 416 Balløkker/ballbingar 5 696 887 5 676 910 5 707 914 5 837 901 7 804 679
Aktivitetsanlegg5 5 614 900 5 831 886 6 040 863 6 215 846 - -
Fleirbruksområde5 - - - - - - - - 3 690 1 435
Skulekart/nærmiljøkart 1 224 3 629 1 229 4 203 1 238 4 212 1 243 4 230 1 250 4 236
Symjehallar 1 032 4 895 1 022 5 055 1 015 5 137 999 5 264 1 001 5 290
Symjebasseng 967 5 224 959 5 387 951 5 483 936 5 618 937 5 652
Utandørs symjeanlegg 65 77 712 63 81 997 64 81 469 63 83 465 64 82 744
Golfbaner 127 39 774 137 37 707 138 37 783 138 38 104 139 38 098
18 hol 52 97 140 55 93 924 57 91 473 57 92 251 45 117 680
9 hol 65 77 712 72 71 747 70 74 486 70 75 119 74 71 562
6 hol 10 505 128 10 516 580 11 473 999 11 478 029 20 264 781
Orientering 3 474 1 454 3 485 1 482 3 458 1 508 3 451 1 524 3 448 1 536
Orienteringskart 3 446 1 466 3 457 1 494 3 434 1 518 3 427 1 534 3 448 1 536
Skiorienteringskart6 28 180 403 27 191 326 24 217 249 24 219 097 - -
1 Gjeld eksisterande anlegg i drift per februar. 2 Anleggsregisteret vart endra og omstrukturerte i 2017 og tala kan ikkje fullt ut samanliknast med tidlegare år.
3 Frå 2017 er skiløyper slått saman med turløyper og høyrer til kategorien friluftsanlegg. Tidlegare høyrde skiløyper til skianlegg. 4 Frå 2017 er ikkje skuleanlegg og gymnastikksalar lengre eigne kategoriar. Ny kategori er fleiraktivitetssalar. 5 Frå 2017 er aktivitetsanlegg erstatta og oppdelt. Ny kategori er fleirbruksområde. 6 Skiorienteringskart er slått saman med orienteringskart frå 2017.
Kjelde: Anleggsregisteret.no, Kulturdepartementet.
Tabell 13.6. Netto driftsutgifter og brutto investeringsutgifter for kommunekonsern til idrett, etter fylke Netto
driftsutgifter funksjon 380 Idrett
Netto driftsutgifter funksjon 381 Idrettsanlegg
Netto driftsutgifter funksjonen 380
og 381, idrett.
Prosent av totale netto driftsutgifter til kulturformål
Brutto investerings- utgifter funksjon 380 Idrett
Brutto investerings-
utgifter funksjon 381 Idrettsanlegg
Millionar kroner Prosent Millionar kroner
2008 1 316,9 718,8 27,3 1 020,3 1 503,2
2009 945,5 1 210,1 28,0 703,1 2 605,6
2010 801,8 1 796,3 30,5 357,4 3 077,9
2011 823,9 1 837,1 29,9 315,2 2 809,4
2012 937,4 1 926,6 30,5 357,8 2 536,4
2013 944,8 2 137,0 31,4 243,5 2 428,3
2014 876,0 2 373,3 31,3 246,3 2 591,1
2015 936,7 2 434,7 31,9 222,7 2 621,0
2016 941,5 2 773,3 32,9 285,0 3 035,0
2017 1 100,6 3 700,3 39,5 209,6 3 700,0
2017
Østfold 35,4 128,3 31,3 2,5 83,9
Akershus 95,8 381,2 38,5 48,4 528,5
Oslo 78,4 660,3 39,2 2,6 583,6
Hedmark 20,1 96,7 28,1 0,5 177,5
Oppland 67,2 70,7 32,3 4,1 60,9
Buskerud 84,1 118 34,3 7 130,4
Vestfold 47,7 81,1 30,2 14,6 163,1
Telemark 29,7 86,3 26,8 4,5 11,9
Aust-Agder 23,3 60,8 32,7 17,6 102,6
Vest-Agder 37,3 111,4 29,3 3,1 57,2
Rogaland 161,6 287,6 34,9 0,8 372,5
Hordaland 102,6 283,4 34,1 15,4 408,1
Sogn og Fjordane 17 60,8 31,5 5,2 47,1
Møre og Romsdal 38,3 110,7 30,1 8,6 248,9
Sør-Trøndelag 126,8 162,6 37,6 1,2 112,9
Nord-Trøndelag 29 56,3 26,9 57 38,8
Nordland 45,9 118,8 28 10,8 167,2
Troms Romsa 37,9 74,1 29,8 2,3 298,7
Finnmark Finnmárku 22,3 80,6 40,6 3,4 106,6
Kjelde: KOSTRA, Statistisk sentralbyrå.
Tabell 13.7. Friluftsområde for rekreasjon og friluftsliv i tettstad etter tilgjengelege område og år1
2015 2016 2017
Rekreasjons- og friluftslivsområder tilrettelagt etter prinsipp om universell utforming. Einingar. 2 214 2 209 2 180 Samla lengde skiløyper planlagt maskinpreparert, gitt normale snøforhold. Kilometer. 29 977 24 664 27 979 Samla lengde av turvegar, turstiar og løyper tilrettelagt for sommarbruk. Kilometer. 44 439 39 426 42 502
1 Tala viser totalen av det som er rapportert, inkludert område med kommunalt driftsansvar.
Kjelde: KOSTRA, Statistisk sentralbyrå.