• No results found

Det performative verket: Om litterære dialogar og samhandling med lesaren i Helle Helle sin roman Hvis det er

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Det performative verket: Om litterære dialogar og samhandling med lesaren i Helle Helle sin roman Hvis det er"

Copied!
108
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Det performative verket

Om litterære dialogar og samhandling med lesaren i Helle Helle sin roman Hvis det er

Karoline Furset

Universitetet i Bergen

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium NOLISP350

Masteroppgåve i nordisk litteratur

Mai 2016

(2)
(3)

Takk:

Mange av filosofane eg skriv om hadde vanskar med å publisere stoffet sitt fordi dei aldri såg seg ferdige med det arbeidet dei heldt på med. Det dukka alltid opp noko som ikkje passa overeins med resten av teorien, eller så kunne dei få ei ny innsikt som gjorde til at det som allereie var skrive måtte endrast på. Eg kan ikkje påstå at eg har så mykje til felles med dei store tenkarane, men dette eine kan eg kjenne meg att i; det er vanskeleg å legge frå seg eit arbeid og seie seg ferdig med det. Alt som ein kan stusse over, og som enten er feil skrive eller lagt fram på feil måte, må eg fullt og heilt stå inne for sjølv, men mange har hjelpt meg og fortenar ei takk for at denne oppgåva ser ut som ho gjer i dag.

Eirik Vassenden: Takk for at du stilte opp som rettleiar for meg på kort varsel. Dine gode tips og refleksjonar rundt det eg skriv om har hjelpt meg mykje. Utan di tru på prosjektet mitt hadde eg aldri komme i mål med denne oppgåva.

Mamma og pappa: Takk for at de lærte meg å like bøker. Lesegleda har gitt meg veldig mykje i løpet av livet. I tillegg er de gode som gull når eg ringer for trøyst og gode råd, takk for at de alltid minner meg på at eg er flink og at alt ordnar seg til slutt.

Birte: Takk for at du tok deg tid til å vere mitt engelskspråklege alibi.

Frida: Takk for at du har heia på meg og halde kroppen sterk – sjølv når hovudet har vore svakt.

Thea: Takk for at du fiksa opp i rare formuleringar og kreative nynorskbøyingar, og for at du har vore den beste medsamansvorne eg kunne hatt på UiB.

Mari: Takk for at sofaen din i Oslo alltid har plass, for di klokkereine tru på meg og for at du har gitt meg så mykje anna enn masteren å tenke på dette året.

Mattias: Å flytte saman med ein psykolog var nok det luraste eg gjorde før masteråret tok til.

«Det går bra» har hatt ein magisk verknad dei siste månedane. Takk for at du orka å lese korrektur, for at du alltid har så uendeleg mykje kjærleik å gi og for at du passar så godt på meg.

(4)

Innhaldsliste

1.  INNLEIING  ...  1  

1.1  KVIFOR  HELLE  HELLE?  ...  1  

1.2  PROBLEMFORMULERING  OG  TEORETISK  BAKGRUNNSTEPPE  ...  2  

1.3  HELLE  I  SØKELYSET    DET  AKADEMISKE  FOKUSET  ...  4  

1.4  TALEHANDLINGSTEORI  I  LITTERÆR  ANALYSE  ...  5  

1.5  UTDJUPING  OG  OPPBYGGING  ...  7  

2.  HELLE,  ROMANEN  OG  LESAREN  ...  9  

2.1.  KVEN  ER  HELLE  HELLE?  ...  9  

2.2.  HOVUDRETNINGAR  I  TIDLEGARE  RESEPSJON  ...  10  

2.2.1.  Ny  roman  i  same  spor?  ...  12  

2.3.  HELLE  SINE  LESARAR  ...  12  

2.3.1.  Når  forfattaren  er  død  må  lesaren  trå  til  ...  13  

2.4.  EIT  MØTE  MED  LESAREN  ...  15  

2.4.1.  Ein  prosa  ein  kan  flytte  inn  i  ...  15  

2.4.2.  «For  stille  og  roligt»  ...  16  

2.4.3.  Helle  hintar  og  lesarane  anar  ...  18  

2.5.  Å  ERFARE  ALT  SOM  IKKJE  BLIR  SAGT  ...  20  

3.  TALEHANDLINGSTEORI  ...  21  

3.1.  Å  GJERE  NOKO  MED  ORD    AUSTIN  ...  21  

3.2.  DEN  LINGVISTISKE  ARVEN  ...  23  

3.2.1.  Ei  systematisk  tilnærming  til  indirekte  talehandlingar  ...  23  

3.2.2.  Å  samtale  er  å  samarbeide  ...  25  

3.3.  PROBLEMATISKE  ASPEKT  I  TEORIEN  ...  28  

3.4.  UMOGLEG  Å  SETJE  LITTERATUREN  UTANFOR  ...  30  

3.5.  EIT  EG  UTAN  MOGLEGHEIT  TIL  Å  FORTELJE  OM  SEG  SJØLV  ...  33  

3.6.  KORLEIS  BRUKE  TALEHANDLINGSTEORIEN  I  LITTERÆR  ANALYSE?  ...  34  

4.  OM  HVIS  DET  ER  ...  37  

4.1.  HANDLING  ...  37  

4.2.  KVEN  ER  DEI?  ...  39  

4.2.1.  Hovudperson-­‐en/ane  ...  39  

4.2.2.  Den  tiltakslause  kvinna  er  blitt  ein  uroleg  mann  ...  40  

4.2.3.  Handlekraftig,  men  utan  mål  ...  42  

4.3.  FORTELJETEKNISKE  GREP  ...  45  

4.3.1.  Oppbygginga  av  romanen  ...  45  

4.3.2.  Kven  er  forteljarane?  ...  46  

4.3.3.  Ein  medviten  forteljar  ...  51  

4.3.4.  Simultan  narrasjon  –  Realistisk  og  umogleg  på  same  tid  ...  53  

4.3.5.    Forteljinga  kvilar  på  eit  ustabilt  grunnlag  ...  54  

4.4.  EVENTYRTREKK  ...  56  

4.5.  Å  KONSTRUERE  EI  VERKELEGHEIT  GJENNOM  FORTELJINGA  ...  57  

5.  VERBAL  OG  IKKJE-­‐VERBAL  KOMMUNIKASJON  ...  60  

5.1.  EI  KLARGJERING  AV  KOMMUNIKASJONSOMGREPET  ...  61  

5.2.  DIALOGANE  ...  63  

5.2.1.  Brot  på  maksimane  ...  63  

5.2.2.  Nye  roller  ...  69  

5.2.3.  Kvinna  samtalar  også  med  andre  ...  73  

5.3.  Å  FORMIDLE  EIT  BODSKAP  UTAN  ORD  ...  78  

5.3.1.  Talande  kroppsspråk  ...  78  

(5)

5.3.2.  Det  auditive  nærveret  ...  79  

5.4.  ALT  SOM  IKKJE  BLIR  SAGT  BLIR  OGSÅ  SAGT  ...  82  

5.5.  KOMMUNIKASJON  MELLOM  ROMANPERSONAR  OG  MED  LESARANE  AV  ROMANEN  ...  84  

6.  AVSLUTTANDE  REFLEKSJONAR  ...  86  

6.1.  FORTELJING  OM  FORTELJINGAR  ...  86  

6.2.  SYNER  FRAM  DEN  MENNESKELEGE  KOMMUNIKASJONEN  ...  86  

6.3.  NY  LESEMÅTE  ...  88  

MELDINGAR  AV  HVIS  DET  ER:  ...  91  

LITTERATURLISTE:  ...  95  

SAMANDRAG:  ...  100  

ABSTRACT:  ...  101  

PROFESJONSRELEVANS:  ...  102    

(6)

Det er vel noen veldig introverte mennesker som tvinges til å være det motsatte, som likevel plutselig evner å være sosiale. Selv om de ikke trodde de var det. De evner faktisk et fellesskap (Helle Helle i intervju med Astrid Fosvold om Hvis det er)

(7)

1. Innleiing

1.1 Kvifor Helle Helle?

– Hvor længe har du så løbet? siger hun.

– Måske en halv time.

– Okay. Altså nu her.

– Ja.

– Men ellers?

– Jeg har ikke rigtig løbet før. Eller, efter ting har jeg selvfølgelig.

– Det er klart (Helle, 2014, s. 14).1

Hovudpersonane i Helle Helle sin roman Hvis det er hamnar i ein situasjon der det blir

nødvendig å halde saman i nesten to døgn.2 I løpet av denne tida får vi eit innblikk i liva deira gjennom samtalar og tilbakeblikk, og det er to personar som står fram som isolerte i det samfunnet dei lever i som trer fram for oss. Sitatet eg innleia med viser ein typisk samtale hos Helle. Sjølv om tonen er enkel er det noko i dialogen som får meg til å stusse. Slik har det vore med forfattarskapet til Helle frå første gong eg leste ei av bøkene hennar. Det er noko med tekstane som ikkje heilt lèt seg forklare. Vi får ikkje vite alt; forteljaren held mykje for seg sjølv. På same tid får vi vite veldig mykje om enkelte ting, som til dømes korleis

romanpersonane pustar i ein kald gapahuk i skogen. Når ein les romanane kan det kjennest ut som ein blir halden utanfor på eit vis, som om ein er i teateret og har fått ein plass der ein ikkje kan sjå alt som skjer på scena. Denne kjensla av å stå utanfor blir skapa dels gjennom å lese dialogane. Dei er nesten banale i si enkelheit, likevel verkar det som om personane får sagt alt det dei vil seie til kvarandre. Dermed blir det til at eg går og lurer på kva eg ikkje får tak i i kommunikasjonen deira. Det er undringa over kva som skjer i språket til Helle Helle som er grunnlaget for denne masteroppgåva.

Erik Skyum-Nielsen har konkludert med at den danske 90-talsgenerasjonen sine romanpersonar er rotlause rest-eksistensar, som ikkje evnar å finne fram til eit felles språk og som derfor «forbliver lukkede verdener for hinanden» (Skyum-Nielsen, 2000, s. 206). Helle Helle er ein del av denne forfattargenerasjonen som Skyum-Nielsen her kommenterer, og eg finn det han skriv interessant. Mange ser nemleg vekk frå dei språklege møta i romanane til Helle som Skyum-Nielsen her prøver å seie noko om. Det er noko med språket

                                                                                                               

1Eg har nytta 1. utgåve, 4. opplag av Hvis det er. Sidetala det blir referert til er henta frå denne utgåva. I resten av oppgåva kjem eg berre til å vise til sidetal når eg hentar sitat frå romanen.

2 Den norske tittelen er Hvis du vil, men ettersom eg har nytta den danske utgåva i mi nærlesing kjem eg til å omtale romanen med sin originale tittel.

(8)

romanpersonane nyttar som ser ut til å ikkje fungere heilt på same måte som hos andre, eller som i alle fall skil seg ut frå språkbruken i mange litterære tekstar. I Hvis det er har Roar og ei kvinne kvar for seg jogga seg vill i skogen. Kvinna si historie får vi vite mykje om; ho har levd eit nokså vanleg, men einsamt liv prega av flytting og mangel på tilhøyrsle. Roar held derimot fram med å vere ein ukjent gjennom heile romanen. Alt vi får vite om fortida hans kjem fram gjennom korte tilbakeblikk til eit par dagar på jobbseminar, og i små kommentarar til kvinna sine spørsmål. Gjennom nesten to døgn snakkar dei to saman, men samtalane deira rører berre ved overflata. Er desse overflatiske replikkvekslingane i romanen eit godt nok grunnlag for å seie at samtalane mellom dei ikkje fungerer, at dei, som Skyum-Nilsen seier, ikkje evnar å finne fram til eit felles språk?

Ifølgje Helle sjølv er det ein grunn til at ho har valt å plassere Roar og kvinna i skogen:

– Jeg valgte skogen som ramme fordi det er ingenting som kan avspore mine personer, spesielt ettersom de er uten mobildekning. Den spesielle situasjonen de er havnet i gjør at de åpner seg for hverandre på en måte de ellers ikke ville gjort, forklarer Helle Helle (Gjerstad, Adresseavisen, 2015).

Helle meiner altså at Roar og kvinna opnar seg for kvarandre i løpet av romanen på ein måte dei ikkje elles ville gjort. Dette kan nok stemme, men samtalane deira ber likevel preg av å vere mangelfulle, og med lite innhald jamført med alt det ein lesar gjerne vil vite.

1.2 Problemformulering og teoretisk bakgrunnsteppe

Det eg skal gjere i denne avhandlinga er å undersøke dei språklege møta Helle sine

romanpersonar i Hvis det er er involverte i, og sjå om den menneskelege kommunikasjonen som blir synt fram gjennom språkbruken i romanen, kan lære oss noko om korleis vi kan lese tekstar. Eg vil sjå nærare på korleis romanpersonane kommuniserer med kvarandre, i tillegg til å undersøke om denne kommunikasjonen, på eit høgare plan, kan seie oss noko om romanen sin kommunikasjon med lesaren. Meir spesifikt vil eg svare på følgjande spørsmål:

Korleis er den litterære dialogen konstruert i romanen? Evnar dei to romanpersonane å kommunisere saman trass replikkvekslingar som ofte nærmar seg banale? Kan dialogen mellom romanpersonane vise veg mot ein ny lesemåte som kanskje er særskild givande i møte med tekstar som dei til Helle Helle, der spørsmåla er mange og dei sikre svara heller få?

Helle sitt språk er stadig i fokus, men der tidlegare forsking stort sett har sett på språket hennar i samband med litterær stil, vil oppgåva mi konsentrere seg om språket i møta

(9)

mellom romanpersonane. Gjennom ein analyse tufta på talehandlingsteori, vil eg undersøke samtalane til karakterane i romanen. Håpet er at analysen min, i tillegg til å seie noko om korleis romanpersonane nyttar språket, også vil kaste nytt lys over lesarane si rolle i møtet med Helle Helle sine verk. Ettersom kommunikasjon hovudsakleg skjer gjennom språk, og alt som er språk står i posisjon til å kommunisere ulike typar meiningar, meiner eg ein kan seie at ein tekst på eit vis kommuniserer med dei som les han. Lesaren sitt bidrag til å skape meining i ein litterær tekst ligg difor som eit bakgrunnsspørsmål i oppgåva.

Eit anna aspekt som ligg til grunn for avhandlinga er synet på språk som noko som er med på å konstruere verkelegheita framfor å berre skildre ho. Tanken om tale som handling, og slik sett som noko som skaper noko i verda heller enn å skildre ho, er ein idé som går heilt tilbake til antikken (Jordheim, 2001, s. 213). I dag er idéen om ytringar som handlar i stor grad knytt til talehandlingsteorien eller speech act theory, og då altså til John Langshaw Austin si førelesingsrekkje frå 1955 der han byrja med å setje eit skilje mellom konstative og performative ytringar. Teorien er ein pragmatisk språkteori som fokuserer på konteksten ei ytring blir ytra i, og den botnar i ein meir generell lingvistisk pragmatikk som stammar frå Wittgenstein sine seinare arbeid (Jordheim, 2001, s. 213). Tanken er at språket ikkje kan gi att den ikkje-språklege verkelegheita, språket er i staden med på å forme den verkelegheita det er ein del av, mellom anna gjennom talehandlingar.

Teorien om talehandlingar er i stor grad knytt til omgrepa det performative og

performativitet. Det er likevel viktig å huske på at desse omgrepa blir nytta innan svært ulike disiplinar, og dei tyder såleis ulike ting frå fagfelt til fagfelt. Det performative er knytt til tanken om ytringar som handlar, medan omgrepet performativitet har sitt utspring i både Austin sin idé om performative ytringar og frå nemninga performance studies som er kjent innan teatervitskapen. Knytt til termen performance studies finn vi tanken om at kunst i større grad er hendingar enn kunstverk. I litteraturvitskapen blir det performative og performativitet gjerne sett i samband med Judith Butler, og hennar teori om korleis førestillingar om kjønn og identitet blir skapa gjennom performative handlingar. I denne oppgåva er det den språklege performativiteten innanfor fagfeltet språkfilosofi, eg konsentrerer meg om.

Tradisjonen etter Austin, med tanken om tale som handling i høgsetet, har hovudsakleg delt seg inn i to ulike skular. Den lingvistisk-systematiske retninga, som til dømes Herbert Paul Grice og John Rogers Searle høyrer til, har vore viktig i lingvistiske studium, medan den dekonstruktivistiske retninga, der ein finn mellom anna Judith Butler og Jacques Derrida, har vore viktigare innanfor litteraturvitskapen. Eg kjem til å nærme meg begge retningane i løpet av denne oppgåva. Talehandlingsteorien har betydd mykje, blitt

(10)

kritisert og utvikla seg i åra som har gått etter at Austin heldt sine førelesingar; og sjølv om eg ikkje kan komme inn på alt som er skjedd i kjølvatnet av distinksjonen mellom ytringar som skildrar og ytringar som handlar, vil eg risse opp ei forståing av korleis ein kan bruke denne teorien i arbeidet med litterære tekstar.

1.3 Helle i søkelyset – det akademiske fokuset  

I 2011 kom den første boka om Helle Helle sitt forfattarskap. Boka heiter Hvor lidt der skal til: En bog om Helle Helles forfatterskab, og er sett saman av to små tekster av Helle sjølv og ni lesingar av dei verka hennar som var komme i 2011 (altså alle utanom Hvis det er). I tillegg inneheld boka eit e-postintervju med Helle, eit «lesemaraton» av bøkene hennar (Lars

Bukdahl les alle Helle sine bøker så å seie utan avbrot), ein tekst som tek for seg bøkene til Helle som dansklærarlitteratur og ein som ser på forfattarskapet hennar som heilskap innanfor den realistiske og minimalistiske stilen. Dei ni analysane av verka hennar viser fram litt av mangfaldet av tema ein kan diskutere Helle sine tekstar i lys av. Dei tek for seg ulike aspekt som til dømes sjangerspørsmålet, den minimalistiske/realistiske stilen og provinstemaet.

Helle er elles eit viktig innslag i danske litteraturhistoriebøker, og ho har også fått eit kapittel i Erik Skyum-Nielsen si bok Engle i sneen. Lyrikk og Prosa i 90erne. Teksten handlar om boka Hus og hjem og dei ti novellesamlingane hennar. Kapittelet har fått tittelen Måden hvorpå ingenting sker, og Skyum-Nielsen omtalar Helle som mesterantyderen (Skyum- Nielsen, 2000, s. 198). I lesinga si av novella Køreplaner frå novellesamlinga Rester viser Skyum-Nielsen korleis ein kan lese tekstane på mange ulike måtar: «Midt i realismen og hyper-realismen åbner novellen sig for en meta-fiktiv læsning» (Skyum-Nielsen, 2000, s.

203).

I både Norge og Danmark har eg funne fleire masteroppgåver som omhandlar Helle Helle, men så vidt eg kjenner til er det likevel enno ingen som har skrive om den nyaste romanen hennar. Til no er Hus og hjem, Rødby-Puttgarden og Ned til hundene dei verka resepsjonen har konsentrert seg mest om. For meg har det hovudsakleg vore to

masteroppgåver som har vore relevante i arbeidet med denne avhandlinga. I «Jeg lader fortælleren være kameraet» – om narrative grep og lesaren si rolle i Helle Helles roman Ned til hundene frå 2013 set Marit Tveita Reiso seg føre å finne ut korleis ubestemtheit kjem til syne i romanen til Helle, og  kva som vert resultatet av denne ubestemtheita.3 I tillegg har eg                                                                                                                

3 Ubestemtheit er Reiso si omsetjing av Wolfgang Iser sitt omgrep indeterminacy. Iser meiner indeterminacy i tekstar er ein føresetnad for at teksten kan kommunisere med lesaren: «[...] it is the elements of indeterminacy

(11)

funne interessante blikk på dei metaperspektive laga i Helle sine verk i Preben Anders Martensen-Larsen sitt speciale frå 2014. I oppgåva «– Det handler mest sådan om almindelige mennesker» Et speciale om stilistik, metafiktion og forfattereksistenser i

romanerne Ned til hundene og Dette burde skrives i nutid har han undersøkt romanane både stilistisk og med eit ekstra blikk på dei metalaga ein kan sjå i tekstane.4

Dette er på ingen måte ein systematisk gjennomgang av alt det som er skrive om Helle Helle, eg har valt å dra fram dei akademiske arbeida om Helle og verka hennar som har spela ei rolle i arbeidet mitt med hennar nyaste roman.5

1.4 Talehandlingsteori i litterær analyse  

I Hvor lidt der skal til har Trine Wittenburg Kvorning bidrege med ein analyse av Rødby- Puttgarden. Teksten er skriven med utgangspunkt i oppgåva hennar om søken etter ein undertekst i eit utval litterære tekstar. Oppgåva Det usagte – analyser av underteksten i skønlitterære dialoger frå 2008 er eit integrert speciale i dansk og engelsk. I tekstane sine nyttar Kvorning mellom anna Paul Grice sitt omgrep implikatur og John Searle sin tanke om indirekte talehandlingar for å analysere nokre utvalde dialogar frå Rødby-Puttgarden.

Kvorning undersøker kva Tine og Jane gjer med språket sitt, og prøver å få svar på kva som

«gemmer sig bag de overfladiske samtaler i Rødby» (Kvorning, 2011, s. 165).

Kvorning peikar på at det interessante ved personane i Rødby-Puttgarden er «netop deres tilsyneladende gnidningsfri overfladiske samvær» (2011, s. 163). Ho meiner at det skin meir igjennom i samtalane til dei to søstrene enn det som kjem eksplisitt fram i teksten. Etter å ha analysert dialogane i fleire verk kjem Kvorning fram til at avsendaren av ei talehandling alltid vil at mottakaren skal forstå ho. Dette gjeld også dei implisitte talehandlingane.

Underteksten romanpersonane er driven av, som kjem fram gjennom språket dei nyttar, fører                                                                                                                

that enable the text to ’communicate’ with the reader, in the sense that they induce him to participate both in the production and the comprehension of the work’s intention» (Iser, 1978, s. 24).

4 I tillegg til desse to har eg funne følgjande masteroppgåver om Helle sitt forfattarskap: I virkeligheden er virkeligheden skrive av Julie Holst Rasmussen, Mere end Rester; En analyse af Rødby-Puttgarden i forhold til realismebegrebet og Helle Helles tidligere forfatterskab av Jane Blichfeldt Fogh, Herfra min verden går: Den nye Hjemstavnslitteratur av Anne Sofie Læssøe Møller, Uhyggelig hygge. Om Hus og hjem og Ned til hundene av Helle Helle skrive av Linn Saltnes Rottem, En undersøgelse af tomme pladser og læserens rolle i Ernest Hemingways Cat in the Rain, Raymond Carvers A Serious Talk, Helle Helles En stol for lidt og Simon Fruelunds Sommer skrive av Julie F. King, Gule sko: En komparativ analyse av tilhørighet og identitet i senmoderne fortellinger om kvinner av Thea Maria Dolva og Det usagte – analyser av underteksten i skønlitterære dialoger av Trine Wittenburg Kvorning.

5 Det finst ei oversikt over artiklar i bøker og tidsskrift om Helle sine verk og tekstar til sist i Hvor lidt der skal til (2011).

(12)

likevel til at dei ofte ikkje blir forstått.6 Kvorning meiner at den uroa vi sit igjen med etter å ha vore vitne til dialogane, kjem av alle dei ulike talehandlingane som er til stades: «Og det er tilstedeværelsen af alle disse forskellige talehandlinger, der efterlader læseren med en

knugende mavefornemmelse og bevirker, at denne type litteratur bobler af smerte og længsler under overfladen» (2008, s. 104). Kvorning undersøker altså talehandlingar i dialogane for å komme fram til kva som ligg bak det romanpersonane seier.

Ei anna oppgåve eg har funne som tek for seg talehandlingar i litteraturen, er Kristin Marie Berstad si masteravhandling frå 2011. I oppgåva En indre dialog. Brutte løfter i Søren Kirkegaards Enten-Eller i lys av talehandlingsteori ser ho på korleis dei to «forfattarane» i Kirkegaard sin roman gir eit løfte til lesaren om kven dei er. Med dette løftet utfører dei eit performativ gjennom dei tekstane dei skriv. Berstad kjem fram til at forfattarane bryt løfta sine, og ho spør dermed om dei ikkje er i stand til å ta ansvar for talehandlingane sine. Ved å undersøke tekstane som talehandlingar ser Berstad på det performative på handlingsplanet i teksten, men også på eit høgare nivå enn der romanpersonane opererer. Ho vel å sjå vekk frå den lingvistiske arven etter Austin sin teori fordi ho meiner at denne primært dreiar rundt lingvistikk og ikkje litteratur. Berstad følgjer altså den dekonstruktivistiske tradisjonen gjennom tankegodset til Derrida og Butler. Ho dreg også inn lesaren av verket i det at ho meiner at dei to personane i verket utfører ei talehandling overfor lesarane av romanen; slik sett ser ho på korleis romanen kommuniserer med lesarane sine gjennom talehandlingar.

I boka Speech Acts in Literature frå 2001 presenterer Joseph Hillis Miller

talehandlingsteorien med utgangspunkt i John Langshaw Austin, Jacques Derrida og Paul de Man. Miller brukar dei siste kapitla i boka på å vise korleis talehandlingsteorien kan vere verdifull å ha med seg når ein skal tolke litterære tekstar. Her ser han på tekststadar som ikkje openlyst inneheld performative ytringar eller dreiar seg om talehandlingar for å vise at

«Speech-act theory is useful or even necessary in order to read justly even passages not overtly containing performatives» (Miller, 2001, s. 179). Med boka Literature As Conduct:

Speech Acts in Henry James (2005) vier Miller eit heilt verk til å undersøke ulike

talehandlingar i tekstane til den engelske forfattaren Henry James. Miller undersøker både talehandlingar utført av romanpersonane i verket og dei som forfattaren utfører i det han skriv ein litterær tekst (særleg med utgangspunkt i James sine forord til mange av tekstane).

Eg har valt å støtte meg på arbeida til Miller i denne avhandlinga ettersom han i så stort omfang har gjort det som eg har sett meg føre; nemleg å nytte talehandlingsteorien i                                                                                                                

6 Undertekst er eit omgrep som stammar frå Konstantin Stanislavskij (russisk forfattar og teaterinstruktør).

Omgrepet står for det som styrer ein litterær person sin motivasjon og siktemål (Kvorning, 2011, s. 164&165).

(13)

analyse av litterære tekstar. Det som er viktig å vere klar over er at Miller høyrer til den dekonstruktivistiske linja etter Austin. Miller var til dømes ein del av Yale-skulen, og han les altså Austin med eit dekonstruktivistisk blikk.7 Dette ser ein særleg igjen i standpunktet til Miller om at Austin går seg fast i sin eigen teori i løpet av forelesingsrekkja han held (Miller, 2001, s. 12). Miller er ein kjent tilhengar av Derrida, og på same måte som Derrida er han kritisk til mykje av talehandlingsteorien slik Austin la han fram. Det har til dømes vore peika på at Derrida går igjen som orienteringspunkt for Miller si utforsking av talehandlingar i Literature as Conduct: «From this orientation Literature as Conduct may be read as a speech act that works to (re)define ’Derrida’» (Zacharias, 2007, s. 125). Eg har lese Miller sine verk med denne vissa i bakhovudet, og ettersom eg nærmar meg teorien til Austin både frå den lingvistiske og frå den dekonstruktivistiske sida meiner eg at teorien blir presentert på eit nyansert sett i avhandlinga mi.

1.5 Utdjuping og oppbygging  

Eg kjem til å bruke omgrepa frå talehandlingsteorien både når eg ser på verket som heilskap og i den konkrete analysen min av kommunikasjonen til romanpersonane. Då det blir for omfattande å analysere absolutt alle samtalane som finst i romanen, vil eg velje ut eit passande utval. Eg vil hovudsakleg sjå på samtalane mellom kvinna og Roar, men eg kjem i tillegg til å undersøke korleis kommunikasjonen fungerer i samtalane kvinna har i historia som finn stad utanfor skogen. Eg vel mellom anna å sjå på samtalar mellom kvinna og dei andre i kollektivet ho held til i ein periode, mellom kvinna og éin av utleigarane ho har, mellom kvinna og mannen ho etter kvart flyttar saman med og mellom kvinna og to born dei møter i skogen. Talehandlingsteorien vil ikkje fungere som ein eksplisitt metode for analyse i avhandlinga, han vil i større grad bli nytta som eit teoretisk bakteppe som eg hentar idéar og omgrep frå gjennom heile oppgåva. Sjølv om eg er fullt klar over at dialogane er litterære, og altså konstruert av ein forfattar, vil eg i analysearbeidet behandle dei som om dei er verkelege dialogar som finn stad på «ekte». Dei konstruerte dialogane som finst i litteraturen vil på mange måtar opptre som vanlege dialogar som går føre seg heile tida i dagleglivet. Det eg vil gjere er å bruke omgrepa frå talehandlingsteorien for å prøve å sette ord på korleis

romanpersonane kommuniserer; eg skal altså undersøke korleis dialogane fungerer eller eventuelt ikkje fungerer. Oppgåva vil ikkje handle om å prøve å forstå kva personane                                                                                                                

7 Yale-skulen er kjent som den amerikanske retninga innan poststrukturalismen og dekonstruksjonen frå ca.

1966-1984.

(14)

eigentleg meiner å seie i samtalane sine; dei seier det som står der, verken meir eller mindre.

Difor kjem eg heller ikkje til å bruke mykje tid på å fylle ut tomme stadar, eller leite etter ei meining som kanskje ligg der.

Avhandlinga er bygd opp av til saman seks kapittel, og er organisert på følgjande måte: Kapittel to er eit resepsjonskapittel. Her ser eg på kva lesarane har konsentrert seg om i lesinga si av Helle sin litteratur generelt og meir spesifikt i Hvis det er. I kapittel tre

presenterer eg det teoretiske fundamentet i oppgåva, medan kapittel fire inneheld eit handlingssamandrag, ein presentasjon av hovudpersonane og ein narratologisk analyse.

Kapittel fem utgjer analysen av kommunikasjonen i romanen. Her undersøker eg samtalen på karakternivå og ser nærare på korleis den ikkje-verbale kommunikasjonen fungerer. Eg avsluttar med å sjå på korleis romanen kan fungere som ei talehandling i seg sjølv. Heilt til slutt i denne oppgåva kjem dei avsluttande refleksjonane mine. Der vil eg samanfatte dei ulike poenga eg har skrive meg fram til for å vise korleis romanen si framvising av kommunikasjon kan lære oss noko om korleis vi kan lese og forstå ein tekst.

(15)

2. Helle, romanen og lesaren

Helle sine tekstar opnar for ulike realisasjonar; dei kan tolkast på mange ulike sett. I

masteroppgåva si frå 2013 ser Marit Tveita Reiso på korleis ubestemtheita blir danna i Helle sine tekstar, og kva som kjem ut av ho (Reiso, 2013, s. 8). Eg vel å gå endå eit steg vidare i oppgåva mi: Det betyr at eg tek utgangspunkt i at Helle sine tekstar opnar for ulike

realisasjonar gjennom såkalla ubestemtheiter i teksten. Det eg lurer på i samband med dette, er kva som skjer i kommunikasjonssituasjonen mellom roman og lesar, når lesaren kan kjenne på eit medansvar for å skape meining i teksten.

Per Krogh Hansen, ein av dei danske litteraturteoretikarane som har arbeidd mykje med Helle sine tekstar, svarar på spørsmålet mitt på denne måten: «Enten får du læseren til selv at producere alt det, der ikke bliver sagt, eller også gør du det ikke. Hvis ikke det lykkes, bliver det jo hamrende kedeligt. Men det lykkes altid for Helle Helle» (Hansen i Bangsgaard sitt portrett av Helle Helle, Berlingske, 2014). Hansen meiner at lesaren av ein Helle Helle- tekst må bidra i teksten for å finne ei meining, lesaren må altså sjølv produsere noko av det som «manglar».

I dette kapittelet kjem eg til å sjå nærare på korleis den siste romanen til Helle Helle er blitt lesen. Ved å sjå på korleis lesarane handlar i møte med romanen, håpar eg å kunne nærme meg ein ny måte å lese Helle sine tekstar på. Eg trur nemleg ikkje at den mest givande måten å lese på vil vere å sjølv fylle ut tomromma som opnar seg; i nokre tekstar kan kanskje alt som ikkje står skrive ha ein eigen verdi.

2.1. Kven er Helle Helle?

 

Den danske forfattaren Helle Helle debuterte i 1987 med novella Et blommetræ i avisa Information. I utgangspunktet var ikkje namnet hennar Helle Helle. Ho vart døypt Helle Olsen, men etter å ha heitt både Helle Krogh Hansen og Helle Krogh, enda ho til slutt opp med det gamle familienamnet Helle som kan førast tilbake til heimstaden hennar. Helle kjem frå Rødby i Sjælland, og heimprovinsen har vore ein viktig komponent i forfattarskapet.8 Då Kunstfondens Litteraturutval i 2010 bestemte at Helle skulle få livsvarige ydelser

(samsvarande det norske «æresstipendet» eller «æreslønn») stod det mellom anna i

grunngjevinga at Helle står fram som «en af Danmarks vigtigste fortolkere af middelklassen                                                                                                                

8 Per Krogh Hansen skriv i artikkelen Lidt har også ret at Helle gjennom forfattarskapet sitt forsøker å finne eit bindeledd mellom seg og slekta si. Ifølgje Hansen viser også namneskiftet hennar til dette forsøket på å komme i kontakt med eige opphav (2011, s. 14).

(16)

og den danske provins» (Statens Kunstfond, 2010). 9

Bokdebuten fekk ho i 1993 med Eksempel på liv som viser seg å vere vanskeleg å sjangerbestemme, men som ofte blir kalla ei kortprosasamling. Etter den tid har Helle gitt ut to novellesamlingar: Rester (1996) og Biler og dyr (2000) og seks romanar: Hus og hjem (1999), Forestillingen om et ukompliceret liv med en mand (2002), Rødby-Puttgarden (2005), Ned til hundene (2008), Dette burde skrives i nutid (2011) og Hvis det er (2014). I tillegg har ho skrive ei barnebok saman med Lars Nørgaard: Min mor sidder fast på en pind (2003). For romanen Ned til hundene vart ho nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 2009, og i 2015 var ho igjen nominert for Hvis det er. Ho har i tillegg motteke mellom anna De Gyldne Laurbær, Kritikerprisen og P.O. Enquistprisen. I mai 2016 fekk ho også Det Danske Akademis Store Pris. Bøkene hennar er omsett til 15 språk; til norsk er det Trude Marstein som har omsett alle romanane og novellesamlinga Biler og dyr. Den nyaste romanen kom ut på norsk hos Forlaget Oktober i 2015 med tittelen Hvis du vil.

2.2. Hovudretningar i tidlegare resepsjon  

Dei akademiske tekstane som omhandlar Helle sine verk, har i hovudsak konsentrert seg om minimalismen og realismen som stiltrekk, den danske provinsen og lesaren som medskapar av meining i teksten. Desse tre hovudtrekka er også gjerne omtala i meldingar av dei tidlegare utgjevingane hennar. Frå og med Hus og hjem er stilen til Helle skildra som minimalistisk realisme, og tekstane tek for seg den trivielle kvardagen til vanlege menneske i små danske byar eller på den danske landsbygda. Kritikarane har gjerne konsentrert seg om alt som ligg mellom linjene i Helle sine tekstar; det som ikkje blir sagt, men som ein anar når ein les.

Ein viktig del av bøkene hennar som eg synest har fått for lite merksemd i

resepsjonen, er dialogen mellom romanpersonane. Måten romanpersonane snakkar saman på, har likevel blitt kommentert av nokre: «Den absurde dialog er efter min mening det allermest karakteristiske ved forfatterens særegne stil. Det er netop i dialogen, at de ellers dystre og tungsindige fortællinger oplades med en livgivende humor og en tve- eller ligefrem

mangetydighed» (Rasmussen, Kristeligt Dagblad, 2011). Anders Juhl Rasmussen meiner at Helle sin dialog kan karakteriserast som «absurd», noko eg ikkje vil seie meg einig i, sjølv om eg ser at dei til tider svært banale replikkvekslingane skil seg ut ifrå det ein kan kalle

«normal» dialog. Likevel meiner eg at Trude Marstein sitt syn på kommunikasjonen i Helle sine bøker har meir for seg: «Personene er ganske uten evne til å snakke sammen, eller ganske                                                                                                                

9 Frå 1. januar 2014 skifta livsvarige ydelser namn til Hædersydelser.

(17)

som folk er i virkeligheten; men i fiksjonen er det langt vanligere at folk klarer å snakke sammen og sette ord på hva de føler og hva de syns er problematisk, derfor blir hjelpeløsheten påfallende» (Marstein, Dagbladet, 2014). Ifølgje Marstein snakkar Helle sine romanpersonar saman på same måte som dei ville gjort det i verkelegheita, men at dette er noko ein ikkje er vane med å sjå igjen i litteraturen. Vi kan kanskje omtale det som eit stiltrekk som er endå meir realistisk enn realismen sjølv, ei form for hyperrealisme som verkar framand og også absurd på folk.10

Frå og med romanen Rødby-Puttgarden er det eit ekstra stiltrekk som blir nemnt i samband med Helle sine romanar, nemleg ei aukande kjensle av metafiksjon. Preben Anders Martensen-Larsen skriv i si masteravhandling at Helle Helle implisitt diskuterer sin eigen litteratur i både Ned til hundene og Dette burde skrives i nutid (Martensen-Larsen, 2014, s.

63). Han meiner at begge bøkene kan seiast å vere bøker om språk, og han syner fram korleis begge hovudpersonane har eit medvite forhold til dei orda dei sjølv nyttar: «Hvor skriften er den ultimative forsvinden og befrielse, bliver fundering over ord og sætninger en midlertidig forløsning, der samtidig giver læseren et ejendommeligt indblik i Bentes karakter»

(Martensen-Larsen, 2014, s. 56). Den metafiktive dreiinga ser vi igjen i Hvis det er. Her er ikkje forteljaren forfattar eller blivande forfattar som tilfellet er i Ned til hundene og Dette burde skrives i nutid, men ein forfattar er likevel med som karakter i romanen. Mot slutten av romanen fortel to born om ein forfattar som er blitt kvelt av ei hårnål i eit anneks kvelden før.

I tillegg til forfattaren sjølv er det fleire setningar i romanen som peikar hen på eit metanivå utanfor forteljinga sin diskurs. Vi har til dømes metasetningar som: «Brug ikke ordet ikke så ofte» (8).

Ein litt morosam observasjon er at mange av kritikarane lèt seg merke av fiffige

detaljar som speglar hen på det metafiktiv eller språkmedvitne. Til dømes er kvinna i romanen 38 år, medan romanen har 38 kapittel. På same vis er skogsturen lagt til veke 44, og romanen har 144 sider. I tillegg er det det samantreffet at Roar er 48 år, like gammal som Helle Helle var då ho skreiv boka (noko som kanskje ikkje er eit samantreff likevel då hovudpersonen i Ned til hundene var 42 år same året som Helle sjølv var 42). Kanskje er det underskotet på ytre handling og fokuset på det trivielle i teksten som får lesarane til å henge seg opp i denne type detaljar.

                                                                                                               

10 Hyperrealisme er ein sjanger hovudsakleg kjent frå foto- eller bildekunsten, men det eksisterer også ei litterær strøyming frå slutten av 1900-talet. Det dreiar seg om at ein skildrar ei verkelegheit som er så rik på detaljar at ho nesten blir for verkeleg. Også Skyum-Nielsen dreg inn hyperrealismen når han snakkar om Helle sine tekstar (sjå side 4).

(18)

2.2.1. Ny roman i same spor?

 

Trass i at det metafiktive gjer seg gjeldande i også denne romanen er det mogleg å peike på fleire aspekt ved Hvis det er som gjer at denne boka skil seg frå dei tidlegare romanane til Helle. For det første er førstepersonforteljaren ein mann, i motsetnad til dei kvinnene som vanlegvis fører ordet i Helle sine romanunivers. For det andre kan ein argumentere for at rammeforteljinga er dramatisk. Roar og kvinna har faktisk gått seg vill i ein skog, dermed er det lagt opp til ei forteljing der handlinga er langt meir spennande enn i dei tidlegare

romanane. Helle har også flytta handlinga i romanen vekk frå provinsen i sitt eige

heimdistrikt og inn i ein skog på Jylland. Til sist kan ein også merke seg at kvinna i romanen verkar å vere langt meir handlekraftig enn til dømes Anne i Hus og hjem, Dorte i Dette burde skrives i nutid eller Jane i Rødby-Puttgarden.

Alle desse elementa ber såleis preg av å vere noko nytt hos Helle, men ser ein nærare etter kan det likevel vise seg at det som ser ut som noko nytt, ikkje skil seg vesentleg frå det vi allereie kjenner frå hennar tidlegare romanar. Det er nemleg slik at sjølv om Roar er den som fortel, kan ein likevel påstå at det er kvinna som er hovudpersonen. I tillegg kan ein spørje seg kor dramatisk det eigentleg er å gå seg vill i ein skog i Danmark. Ettersom skogen er planta kan vi snakke om ein kultivert natur, i tillegg er ingen danske skogar veldig store. På eit nivå verkar det heile dermed ganske komisk sjølv om det ikkje skal så mykje til før det blir livstruande å måtte sove ute i naturen ei haustnatt i nord. I alle fall er det ikkje mykje meir handling i denne romanen samanlikna med dei tidlegare; detaljane står framleis i høgsetet.

Gjennom kvinna si livshistorie får vi dessutan inntrykk av ein person som ikkje har særleg mykje driv i seg likevel. På bloggen Kua blir det stilt spørsmål om Helle har prøvd å gjere noko annleis, men ikkje lykkast heilt. Eller kanskje ho berre latar som: «Eller også lader bare som om hun gør det anderledes, men laver i virkeligheden fis med os og gør som hun plejer?

Jeg ved det sgu ikke» (Due, kua.dk, 2014).

 

2.3. Helle sine lesarar  

Helle skriv bøker som alle på eit vis kan forstå. Språket hennar er enkelt i den forstand at ho brukar enkle ord og ikkje skriv lange, komplekse setningar. Men som Anders Juhl Rasmussen skriv, i si melding av antologien om Helle sitt forfattarskap, ligg det mykje i verket som ikkje nødvendigvis er så enkelt å forstå: «De er nemlig kun på overfladen nemme at læse i

betydningen ligetil at forstå. Derfor tog Politikens kritiker Mikkel Bruun Zangenberg grueligt

(19)

fejl, da han nedladende over for både forfatteren og dansklærerne kaldte værket for dansklærerlitteratur» (Rasmussen, Kristeligt Dagblad, 2011). Ein kan altså diskutere om Helle er så enkel å lese som ryktet fortel, men det er i alle fall ikkje feil å seie at bøkene hennar blir lesne både av erfarne litteraturvitarar og av dei som les mest for fornøyelsen si skuld. I Danmark kjem det fram at nesten alle elevar på vidaregåande skule har jobba med ei novelle eller ein roman av Helle Helle i løpet av skulegangen sin (Mikkelsen, 2011, s. 227), og både i Norge og i Danmark er Helle sine romanar pensum på ulike litteraturstudium.

2.3.1. Når forfattaren er død må lesaren trå til  

Samleomgrepet leseteori viser til dei ulike retningane innanfor litteraturvitskapen som har gitt lesaren ei meir sentral rolle. 11 Den aukande merksemda på lesaren kom i stand utover på 1960-talet, og vi kjenner ho særleg igjen frå Roland Barthes sin vidkjente artikkel

Forfatterens død (1968). Ein død forfattar dukkar, som sagt, også opp i Helle sin roman.

Denne døde karakteren blir ståande som eit stort mysterium i verket; vi får ikkje eingong vite om det er sant at det finst ein død forfattar. Det vi derimot veit er at med mellom anna

artikkelen til Barthes, vart fokuset flytta over mot lesaren av ein tekst. Når forfattaren ikkje lenger står som ansvarleg for kva ein tekst tyder, blir det nødvendig å sleppe til lesaren i meiningsskapinga.

Grovt sett kan ein dele dei ulike leseteoriane inn i ein amerikansk Reader-response criticism og ein tysk Rezeptionsästhetik (Skei, 1991, s. 139). Det er fleire ting som skil dei ulike teoretikarane innanfor kvar av retningane enn det finst ting som samlar dei, men to aspekt mange av dei tek opp er kva type lesar det er snakk om og korleis denne lesaren finn meining i teksten. Wolfgang Iser, som opphavleg var ein del av den tyske Konstanz-skulen, men som også vart ein viktig figur i den amerikanske lesar-respons-retninga, blir gjerne knytt til omgrepet den implisitte lesar. Den implisitte lesaren er ei konstruert lesarrolle som ein finn i teksten sin struktur: «He embodies all those predispositions necessary for a literary work to exercise its effect – predispositions laid down, not by an empirical outside reality, but by the text itself» (Iser, 1978, s. 34). Det er altså ein «lesar» som er til stades i teksten utan å vere ein del av verda utanfor teksten. Ifølgje Iser skapar den implisitte lesaren meining i teksten ved å fylle ut dei tomme stadane og dei ledige romma som finst der. Denne interaksjonen mellom tekst og lesar er det som realiserer det litterære verket, men aktiviteten står ikkje heilt fritt. For                                                                                                                

11 Omgrepet er henta frå kapittelet Subjekt og skrift i boka Moderne litteraturteori (Skei, 1991, s. 139).

(20)

å utføre dette arbeidet riktig må den implisitte lesaren følgje dei retningslinjene som ligg i teksten. Intensjonen finn ein altså i teksten frå før av, men han kjem til uttrykk gjennom den lesinga som blir gjort. Dette forklarar kvifor ulike lesarar sine lesingar av same tekst, ikkje resulterer i den same lesinga.

I resepsjonsstudiar inspirert av Hans Robert Jauss (frå Konstaz-skulen) møter vi den faktiske eller historiske lesaren, og i denne oppgåva vel også eg å sjå på meldingar som faktiske lesarar har skrive etter sitt «møte» med romanen. Eg er interessert i korleis romanen får lesaren til å agere i møte med han, og då er det den faktiske lesar eg må nærme meg, ikkje eit standpunkt i teksten som den implisitte lesar utgjer.

I møte med resepsjonen har eg merka meg at det vankar ueinigheit om korleis lesaren skal gå fram i møte med Helle sine verk. Statens Kunstfonds Legatudvalg for Litteratur skreiv dette om litteraturen hennar då Helle fekk æreslønn i 2010: «Sproget er lettilgængeligt,

dialogerne er mundrette og benytter sig af indforståethed som det væsentligste virkemiddel.

Det usagte, ikke-eksplicitte er ophøjet til metode, læseren skal selv ud fra en ofte skrabet dialog slutte, hvad der er på færde mellem de talende» (Statens Kunstfond, 2010). Her blir lesaren gitt i oppgåve å skape ein heilskap ut ifrå dei små delane ein finn i teksten. Når ein ser på det usagte som ein metode, er det nesten forventa at lesaren skal slutte seg til kva som føregår mellom romanpersonane ut ifrå ei undersøking av kva som ikkje blir sagt, altså det som ikkje står i teksten. Dette samsvarar med Per Krogh Hansen sitt syn; lesaren si oppgåve er å gå inn i teksten og forsøke å «grave» fram ei meining frå implisitte setningar. Trude Marstein har ei anna oppfatning av lesaren si rolle hos Helle. I eit intervju i Dagbladet i 2014 legg ho vekt på at det som ikkje står i teksten, faktisk ikkje finst:

Informasjonen holdes tilbake, men på en naturlig, lite påfallende måte. Det er ikke slik at det usagte dirrer under overflaten. Alt er, og det påstås ikke at noe som ikke er der, er der. Underteksten eller antydningene eller forbindelsene ligger ikke der som gåter som skal løses av leseren. Det fins sammenhenger, men ikke hele tiden, og ikke på de måtene vi forventer i litteratur, og ikke alltid med løsning og forståelse som resultat (Marstein, Dagbladet, 2014).

Det finst altså ulike måtar å forstå lesaren si rolle i møte med Helle sine tekstar. Der Marstein meiner at lesaren ikkje alltid kan vente seg ei løysing eller eit resultat, kjem det fram at Statens Kunstfond si oppfatning er den same som Per Krogh Hansen si; lesaren må gjere ein jobb for å finne ut kva som skjer i teksten.

(21)

2.4. Eit møte med lesaren  

Eg har valt å gå inn i eit utval av meldingane som er publisert om Hvis det er for å sjå kva dei som les romanen har fokusert på når dei formidlar si leseoppleving vidare. På denne måten håper eg å kunne erfare korleis romanen kommuniserer med lesarane sine. Utvalet meldingar eg har lese er tilfeldig, gjennom fleire søk på internett enda eg opp med 38 danske og norske omtalar i aviser og på bloggar. Meldingane er skrivne av ei blanding profesjonelle kritikarar og andre meir eller mindre litteraturinteresserte personar, og eg vil påstå at utvalet

representerer hovudtendensane i den kritikken som finst av romanen. Tanken min var i utgangspunktet å sjå på forskjellane i lesingar gjort av bokbloggarar og av profesjonelle kritikarar, men etter ei nærare undersøking av meldingane synte dei ulike lesingane seg å ikkje vere prega av ein stor skilnad på profesjonell kritikk og «amatør-kritikk». Meldingane er først og fremst subjektive. Det er likevel fleire som har tenkt på det same; på ein av bloggane eg var innom fann eg denne utblåsinga: «Kanskje provoserer det meg litt at bloggerne ikke liker, mens aviskorpsene jubler. Tross alt har jeg kjempet i 6 år (jubile 11. mai) for at verden skal forstå at bokbloggere har hjerte, instinkter for og peiling på litteratur» (Moshonista.no, 2015).

Eg kjem ikkje til å ta for meg kva som står i kvar enkelt melding, det eg har prøvd på er å finne koplingspunkta i dei meldingane eg har lese. Ettersom dette ikkje er ei

resepsjonsoppgåve, men ei nærlesing som trekk inn noko resepsjon, har eg valt å ikkje gå vidare inn på skilnadane mellom det å skrive ei melding som litteraturkritikar og det å skrive om bøker ein har lese på bloggen sin.12

2.4.1. Ein prosa ein kan flytte inn i  

Det første eg kan nemne er at stort sett alle meldingane eg har lese er positive, og det er språket som gong på gong blir drege fram som Helle si fremste styrke. Det finst omtrent ikkje éi melding som unnlèt å nemne dei finskorne setningane, og kor mykje ho får skildra på få ord. Dette skil seg dermed ikkje frå tidlegare romanar; Helle sitt språk og den særeigne stilen hennar er eit hovudtrekk i all tidlegare resepsjon. Språket hennar vart til dømes trekt fram i presentasjonen av dei nominerte til Nordisk råds litteraturpris i 2015: «Når man leser Helle Helle, kan man få lyst til å flytte inn i prosaen hennes og bare bli der [...]» (Norden.org, 2015). Til og med dei meldarane som ikkje er heilt overtydd av romanen lèt seg famne av                                                                                                                

12 I tillegg til den openberre skilnaden i format vil det også liggje etiske skilnadar til grunn. Profesjonelle kritikarar har retningslinjer å halde seg til som bokbloggarane i stor grad slepp å ta omsyn til.

(22)

Helle sitt språk: «Ingen af delene føles helt tilfredsstillende, så lad os søge tilflugt i

replikkerne og sproget igen. Det er så fint og morsomt at læse Helle Helle med mikroskop. Al den mængde af liv, hun kan få ind i sine få ord, den danske provins folder sig ud i al sin magt og vælde» (Nexø, Information, 2014). Tue Andersen Nexø er også ein av fleire som merkar seg at humoren er til stades i teksten i endå sterkare grad enn i dei tidlegare romanane: «Helle Helle skriver som hun plejer, kort og klart og melodisk, men hun har virkelig skruet op for humoren» (Nexø, Information, 2014). I tillegg til språket og humoren er eit av dei positive elementa som går igjen i meldingane at Helle skriv fram menneske i sårbare situasjonar som ein klarar å bry seg om. Karakteristikkane som går igjen er at det er trist, men rørande. Ingunn Økland skriv til dømes i Aftenposten om korleis Helle «skaper ømhet for menneskene, helt uten å stakkarsliggjøre dem» (Økland, Aftenposten, 2015).

2.4.2. «For stille og roligt»

 

Mangelen på ytre handling er det som i all hovudsak blir trekt fram som det negative i romanen. At det ikkje skjer noko i Helle sine romanar har vore ei slags allmenn sanning heilt sidan 1999 då Lars Bukdahl skreiv: «Der sker ikke en skid, men det er den ikke-skid, der sker, der sker» i meldinga si av Hus og hjem (Bukdahl, Weekendavisen, 1999). Blant bokbloggarane ser det ut til å vere ein ikkje uventa korrelasjon mellom eit første møte med Helle og ei framandkjensle overfor stilen ho skriv i. Mangelen på handling står fram som eit problem for dei som har første møtet sitt med ei Helle Helle-bok: «Jeg liker stillferdige bøker men her ble de sekvensene fra skogen litt for detaljerte og ’kjedelige’ om jeg kan kalle det det» (Solberg, beathesbokhjerte.no, 2015a).13 Også Anita Ness peikar på det same i meldinga si:

Det skal sies at det har vært en veldig travel uke, og lite tid og ro og konsentrasjon til å lese. Så kanskje er det ikke Helle Helle sin skyld, kanskje bare omstendighetene.

Eller så er det bare det at jeg ikke er så superbegeistret for slike rolige bøker hvor det ikke skjer noe særlig. Kanskje liker jeg best bøker med mer intensitet, driv, mer konflikt (Ness, artemisiasverden.blogspot.com, 2015).

Men det er ikkje berre blant bokbloggarane romanen nokre gongar slit med å engasjere lesaren: «Teksten gør vist lidt nar af frasen ’stille og roligt’, som Roar ynder at bruge.

                                                                                                               

13 Beathe Solberg tek opp spørsmålet om det finst ein Helle-kode ein må knekke før ein byrjar å setje pris på Helle sine bøker. Svaret er kanskje «ja», det viser seg i alle fall at ho fekk sansen for Helle etter å ha lese nokre av dei tidlegare romanane også: «Nå har jeg lest den tredje boken og jeg vil ha mer så man kan trygt si at Helle Helle har fått en ny tilhenger, og jeg har ambisjoner om å lese alt hun har gitt ut» (Solberg, beathesbokhjerte.no, 2015b).

(23)

Romanens problem er, at den lyder som et ekko af denne beskedne fordring» (Svendsen, Jyllands-Posten, 2014). Erik Svendsen meiner at Helle sin teknikk består i å utstyre romanpersonane sine med hemmelegheiter, og problemet med Hvis det er er såleis at personane manglar appellerande hemmelegheiter.

I mange av meldingane ser ein at adjektivet banal går igjen i oppsummeringa av forteljinga, utan at den karakteristikken ser ut til å vere eit problem hos storparten. Elles er det eit synleg metanivå i romanen som verkar forstyrrande på nokre av kritikarane. Ole Jacob Hoel er klar på at språket ikkje må vere for konstruert om det skal halde seg godt: «I den uventede og tilsynelatende umotiverte setningen ’Ikke bruk ordet ikke så ofte’ på andre tekstside blir jeg veldig i stuss. Hva er dette? En gjenglemt del av korrespondansen mellom Helle og hennes redaktør, eller et ukledelig pompøst meta-element?» (Hoel, Adresseavisen, 2015). Vi ser at Hoel fryktar det han ikkje forstår i teksten, men han er ikkje den einaste som synest metanivået kan bli for konstruert: «Det betyder selvfølgelig, at man kan læse

tvetydigheder ind i historien, akkurat som vi i udgangen hører om en forfatter, der lige er død.

Et fikst metaniveau, der virker som staffage» (Svendsen, Jyllands-Posten, 2014). I nokre av meldingane er også spørsmålet om teksten skal lesast symbolsk eller ikkje igjen drege opp.14 Svendsen, som er éin av dei som er negative til romanen, meiner at teksten er flat utan noko ekstra symbolsk nivå og at dette er negativt, medan Nexø frå avisa Information ser på den moglegvis manglande symbolbruken som noko bra. Fleire av avismeldarane ser element av intertekst i romanen (utan at dette er trekt fram som noko negativt), og dei dreg parallellar til så ulike verk som Den guddomelige komedie, Dekamaronen, og eventyret om Hans og Grethe:  «Og liksom Dante, finn også Roar si Beatrice, som faktisk er ekspeditrise utan at eg trur det er meint å vere eit ordspel. Forskjellen på Beatrice og kvinna i Roars skog, er at Beatrice visste vegen, det gjer ikkje den sporty kvinna i skogen» (Norheim, NRK, 2015).

Ein siste ting eg vil ta med i dette avsnittet er spørsmålet om korleis dei to delane av romanen er sett saman. Nexø er ein av fleire som tek opp at delane ikkje passar i hop: «De føles som forvoksede noveller – eller en novelle og en forhistorie – der er klippet og klistret sammen» (Nexø, Information, 2014). Også Margunn Vikingstad skriv i meldinga frå

Morgenbladet at bandet mellom rammeforteljinga og midtdelen er forteljarteknisk for uklart:

«Er det kvinna som fortel dette sjølv til, og via, Roar? [...] Eller er vekslinga berre eit forsert og mindre vellukka skifte mellom ein eg-forteljar og ein tredjepersonsforteljar?» (Vikingstad,                                                                                                                

14 Spørsmålet om ein kan lese Helle sine tekstar symbolsk er stadig gjenteke, men Helle sjølv meiner at alt ho skriv inn i tekstane sine er der av ein grunn, og denne er ikkje symbolsk: «Jeg er ikke ude på noget symbolsk.

Når jeg skriver, er alt, hvad det giver sig ud at være» (Helle, 2011b, s. 295).

(24)

Morgenbladet, 2015). Vi ser at kritikarane stiller spørsmål til det dei ikkje forstår i teksten, og desse spørsmåla kretsar rundt om det Helle gjer er bra, men litt uforståeleg, eller om det faktisk er eit dårleg grep av Helle.

2.4.3. Helle hintar og lesarane anar  

Det at lesarane stiller seg undrande til ulike element i romanen er gjennomgåande i mange av omtalane. I første omgang kan dette føre til noko positivt; mange nemner til dømes at dei har lese romanen to gongar eller at dei har planar om å gjere det. Nokre av bloggarane har lese romanen for andre gong fordi dei likte han så godt, medan andre prøver å fange opp fleire detaljar ved å lese han igjen. Nils Gunder Hansen innrømde til dømes at han måtte lese romanen to gongar før han skreiv ei melding av han i Kristeligt Dagblad:

Jeg plejer ikke at læse romaner to gange, før jeg anmelder dem. Det er der ikke tid til, og det er vel også vigtigt at skrive på det umiddelbare indtryk. Men det turde jeg alligevel ikke med Helle Helles nye roman, ’Hvis det er’. For ved første

gennemlæsning syntes jeg, at det var en lille pjoske (N. G. Hansen, Kristeligt Dagblad, 2014).

Dette kan jo tyde på at romanen fordrar ein spesiell lesemåte for å komme til sin rett. Ein ser også at sjølv om mange har lese romanen fleire gongar er det lett å hoppe over ein del

detaljar. Trass i at mange peikar på at det ikkje skjer så mykje i romanen, må ein konsentrere seg for å få med seg alt som står. Det kjem til dømes fram at mange av lesarane til og med har vore usikre på kjønnet til hovudpersonen.15 Ein ser at lesarane må legge ned ein innsats for å forstå romanen, og dette finn ein i stor grad igjen i meldingane. Ulike forståingar resulterer i ulike tolkingar, og i handlingsresonnementa ser ein mange ulike svar på spørsmåla om kven dei to menneska er, korleis dei har klart å gå seg vill i ein dansk skog og kva som enda forholdet mellom kvinna og Christian. Men også meir forteljetekniske detaljar, som kven hovudpersonen i romanen er eller korleis dei to historiene er fortalt, er tolkingsspørsmål som ulike lesarar har funne ulike svar på. Lene Aarup skriv til dømes på bloggen sin at kvinna si livshistorie, slik ho kjem til uttrykk i romanen, gir inntrykk av å vere eit resultat av ei ustoppeleg prating frå kvinna si side: «Man kan næsten få indtrykket af, at hun snakker uafladeligt, for hvis man prøver at læse hendes historie højt, er det faktisk ret talesprogsagtigt gengivet. Dog i tredjeperson» (Aarup, bogdamen.blogspot.no, 2015). Elles blir kvinna si                                                                                                                

15 Eit anna døme er at mange kallar kvinna for Vejmand sjølv om det kjem fram i romanen at ho berre nesten heiter Jens Vejmand til etternamn.

(25)

historie omtala som både ei forteljing frå ho til Roar, som ei forteljing frå ein upersonleg forteljar eller som ei forteljing i tredje person fortalt av Roar. Somme ser også på forteljinga hennar som tause tankar og tilbakeblikk eller som eit resultat av kvinna sin indirekte tale.

Grunnen til alle desse ulike tolkingane latar til å vere Helle sin underrapporterande stil. Ein skulle kanskje tru at det var lagt opp til å skje ekstraordinære ting i ein mørk skog midt på natta (eller at det i alle fall skulle utvikle seg ein romanse mellom dei to personane), men Helle fokuserer som vanleg på dei trivielle detaljane: «Hun legger seg helt ned på det mest trivielle og hverdagslige, der en blemme på hælen og en pakke tyggegummi som forsvinner, blir tilsynelatende sentrale temaer» (Larsen, Dagsavisen, 2015). Når historia på denne måten konsentrerer seg om dei små tinga, endar mange av lesarane opp med å sjølve gå på jakt etter svara på dei store spørsmåla. Dei fleste lesarane eg har «møtt» i dei ulike

meldingane ser ut til å vere medvitne at dei har ei eiga rolle i lesinga av Helle sine tekstar:

«Der er altid mere at komme efter, og det er altid en stor oplevelse at gå på jagt efter byttet.

God skovtur, kære læser!» (P. K. Hansen, Berlingske, 2014). Det ser ut til å vere einigheit om at lesarane sjølv må finne meininga, og at den som leitar vil bli lønna. Men som eg skal komme inn på seinare i oppgåva, vil eg likevel påstå at den lesaren som får mest igjen i lesinga av ein Helle-roman er den som ikkje berre søker svar.

Sjølv om mange etterspør meir informasjon om til dømes Roar sitt liv, finst det også dei som er nøgde med alt det dei ikkje veit: «Roars historie forbliver nærmest ufortalt, på nær nogle få detaljer om hans hjemby og en kvinde ved navn Grete, og det er på en eller anden måde helt rigtigt sådan» (literaturanmeldelser.dk, 2015). Om det ikkje er å få svar på alle spørsmåla som er viktig i lesinga, kan det kanskje vere nok å lese teksten slik han faktisk er.

Dette synet fann eg også igjen i éi av meldingane: «Spændingen ligger i læseoplevelsen.

Giver man sig hen til hver enkelt sætning, er de alle små mesterværker, sirligt opbygget af den helleske nidkærhed med sproget» (Vindum, litterturnu.dk, 2014). Som ein ser

konsentrerer somme av lesarane seg om det som er til stades i teksten, utan å bli plaga av alt det som ikkje står der, og dette trur eg er viktig i møte med Helle sin underrapporterte stil.

For å avslutte denne gjennomgangen av resepsjonen av Hvis det er vil eg sjå på det som er skrive om kommunikasjonen mellom romanpersonane. Kommunikasjonen

romanpersonane imellom er, som vi har sett, også teke opp ved somme høve i tidlegare resepsjon, men eg synest det er påfallande at det ikkje er nemnt i større grad i samband med Hvis det er då eg ser det å fortelje, å tolke og å samhandle med andre som ein viktig del av romanen. Kristeligt Dagblad skriv om korleis kommunikasjonen mellom Roar og kvinna er strippa ned til det absolutt minimale: «De skrabede replikskifter og forsigtige følere står og

(26)

svinger mellem det helt banale og det svagt absurde» (N. G. Hansen, Kristeligt Dagblad, 2014). Hos Hansen blir kommunikasjonen igjen kalla banal eller «absurd», medan Beate Ellingsen ser på Roar og kvinna sine einsame posisjonar i samfunnet som direkte knytt til deira dårlege kommunikative evner (Ellingsen, heartartpaintingsandlyrics, 2015). Lise

Vandborg, som har skrive meldinga si på dei danske biblioteka si litteraturside, er den einaste eg har funne som ser på den menneskelege kommunikasjonen som ein viktig del av romanen:

Den vildfarne mand og kvinde forsøger langsomt at nærme sig hinanden, men de taler også forbi hinanden, som mennesker nu gør. Som læser mærker man de sorte huller mellem dem, men ved at skabe et møde mellem to, der umiddelbart er faret vild både i det ydre og indre, bliver den måde, mennesker taler sammen og forbi hinanden, meget nærværende i romanen (Vandborg, litteratursiden.dk, 2014).

Menneskeleg kommunikasjon er ofte ikkje effektiv med eit klart mål i sikte, og dette ser vi igjen i romanpersonane sine språklege møte. Kanskje er det denne hyperrealistiske måten å framstille menneskeleg kommunikasjon på som får mange til å oppleve han som lite fungerande og rett og slett «absurd»?

2.5. Å erfare alt som ikkje blir sagt  

Dei ulike meldingane av romanen har synt oss at lesarane av Hvis det er sit igjen med mange spørsmål når siste side er lesen; mange meiner at ein kan finne desse svara ved å setje delane saman til ein heilskap eller ved å sjølv produsere noko av det som ligg latent i teksten, men som ikkje står der direkte. I Per Krogh Hansen sin artikkel frå Hvor lidt der skal til står det at Helle har uttalt at målet hennar ikkje er å finne ut kva som ikkje blir sagt mellom

romanpersonane i ein gitt kontekst. Det ho vil er å la lesaren erfare nettopp denne ikkje- kommunikasjonen, og å på denne måten la lesaren finne ei eiga interesse for alt som ikkje blir sagt (P. K. Hansen, 2011, s. 23). Eg meiner at dette kan tyde på at det ikkje er nødvendig for lesaren å stille teksten alle dei spørsmåla ein opplever at ein sit igjen med etter å ha lese ein Helle-tekst. Kanskje gir det teksten meir å heller erfare det faktum at det er mange spørsmål ein ikkje får svar på? I ei forlenging av dette går det også an å stille spørsmål om det ikkje er slik at det forteljetekniske er eit større spenningsmoment i teksten enn handlinga i romanen i seg sjølv, og dette er eit poeng eg vil jobbe vidare med i narratologikapittelet. Som Reiso kjem fram til i oppgåva si om Ned til hundene må ein uansett på eit tidspunkt gi opp å prøve å finne ut kvifor ting er som dei er i teksten: «Ein kan spekulere, men spørsmåla vert ståande opne» (Reiso, 2013, s. 78).

(27)

3. Talehandlingsteori

Målet mitt med dette kapittelet er å risse opp hovudtrekka i talehandlingsteorien og kritikken mot han. Først og fremst er dette nødvendig for å vere betre rusta til å nytte omgrepa til Paul Grice og John Searle i analysen min av dei litterære dialogane. Desse to er nokre av dei teoretikarane som i kjølvatnet av Austin, har lansert eigne omgrep i samband med

talehandlingsteorien. Ved å sjå på språk som noko som handlar i verda, kan ein også velje å sjå på kva tekstar gjer, i staden for kva tekstar er. Spørsmålet om kva Helle sine tekstar gjer i møte med lesarane sine er viktig i denne avhandlinga, og difor skal eg også bruke idéane om det performative som er utvikla med utgangspunkt i talehandlingsteorien, til å sjå på teksten som eit performativ i seg sjølv. I det følgjande byrjar eg med å presentere Austin og hans talehandlingsteori, før eg rettar blikket mot den lingvistiske arven som mellom anna Searle og Grice har utvikla vidare. Gjennom omgrep som indirekte talehandlingar og implikatur kjem eg til å legge fram dei analysereiskapane eg seinare skal ta i bruk. Eg kastar også eit blikk på kritikken som er retta mot teorien, hovudsakleg av dekonstruktivistane som har ei meir litterær tilnærming til talehandlingar og det performative, enn kva den lingvistiske retninga har. Til slutt vil eg nærme meg Judith Butler og hennar utvikling av det performative for å sjå korleis ho nyttar omgrepet i samband med dei problema ein støyter på når ein skal fortelje si eiga historie.

3.1. Å gjere noko med ord – Austin  

Gjennom ei førelesingsrekkje på Harvard i 1955 viste den engelske professoren i

moralfilosofi, John Langshaw Austin, korleis visse former for språklege ytringar maktar å endre noko i verda. På denne måten kan ytringa i seg sjølv utføre ei handling: «In saying these words we are doing something» (Austin, 1962, s. 13). Førelesningsrekkja Austin heldt vart gitt ut i boka How to Do Things with Words (1962) etter hans død. Saman med Ludwig Wittgenstein og Stanley Cavell blir Austin rekna som ein føregangsmann innanfor

daglegspråkfilosofien.

Austin innleiar som sagt førelesingsrekkja med å setje opp ein distinksjon mellom konstative ytringar, som ein kan analysere ut ifrå sanningsverdien deira, og performative ytringar, som ikkje kan seiast å vere sanne eller falske, men som utfører ei handling i verda.

Dermed viser han korleis ytringar kan vere noko meir enn analytiske og syntetiske utsegner.

Ta til dømes verbet å love: Om ein seier at ein lovar å gjere noko, kan ein ikkje slå fast at

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

undervisning være høyt gjennom hele studiet (fig 1b). Særlig i starten og slu en av studiet var det e er planen en stor andel studentstyrt undervisning.. Figur 1 Prosentvis bruk

Under punkt 6.2.4 så jeg på hvordan likestillingslovens regler for arbeidslivet i praksis ikke var i stand til å forbedre problemene relatert til de subjektive negative konsekvensene

– Positiv test på ekstrakt kan IKKE skille mellom alvorlig allergi og kryssallergi.. Basofil Aktiverings

Sandberg har sikkert fortalt historien mange ganger før, men blir fortsa blank i øynene når hun forteller om den store le elsen – og hvor viktig det er at det finnes hjertestarter

Hertil kommer også det at foreldrene leser selv og at foreldrene har positive holdninger til lesing (og ikke forbinder lesing til noe de utelukkende driver med når de må)»?.

Hertil kommer også det at foreldrene leser selv og at foreldrene har positive holdninger til lesing (og ikke forbinder lesing til noe de utelukkende driver med når de må)»?.

Hertil kommer også det at foreldrene leser selv og at foreldrene har positive holdninger til lesing (og ikke forbinder lesing til noe de utelukkende driver med når de må)»?.

 Mer selvstendige elever som blir mer aktive i egen læring.?. TENK