• No results found

Skulens arbeid med elevanes utbytte av opplæringa TILSYNSRAPPORT

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Skulens arbeid med elevanes utbytte av opplæringa TILSYNSRAPPORT"

Copied!
48
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Stryn kommune

Tonningsgata 4 6783 Stryn

TILSYNSRAPPORT

Skulens arbeid med elevanes utbytte av opplæringa

Stryn kommune – Olden skule Sak 2016/4326

(2)

2 Innhald

Samandrag ... 3

1. Innleiing ... 5

2. Om tilsynet med Stryn kommune – Olden skule ... 6

2.1 Fylkesmannen fører tilsyn med offentlege skular ... 6

2.2 Tema for tilsyn ... 6

2.3 Om gjennomføringa av tilsynet ... 6

3. Skulens arbeid med opplæringa i fag ... 7

3.1 Rettslege krav ... 7

3.2 Fylkesmannens observasjonar ... 8

3.3 Kommunens merknader på førebels rapport - skulens arbeid med opplæringa i fag ...13

3.4 Fylkesmannens vurderingar og konklusjon ...14

4. Undervegsvurdering for å auke eleven sitt læringsutbytte ...16

4.1 Rettslege krav ...16

4.2 Fylkesmannens observasjonar ...17

4.3 Kommunens merknader på førebels rapport – auke eleven sitt læringsutbytte ...23

4.4 Fylkesmannens vurderingar og konklusjon ...24

5. Undervegsvurdering som grunnlag for tilpassa opplæring og spesialundervisning ...26

5.1 Rettslege krav ...26

5.2 Fylkesmannens observasjonar ...27

5.3 Fylkesmannens vurderingar og konklusjon ...29

6. Vurdering av behov for særskild språkopplæring ...31

6.1 Rettslege krav ...31

6.2 Fylkesmannens observasjonar ...31

6.3 Kommunens merknader på førebels rapport - behov for særskild språkopplæring 33 6.3 Fylkesmannens vurderingar og konklusjon ...34

7. System for å vurdere og følgje opp at krava blir etterlevde ...34

7.1 Tilsynet er ikkje utvida til å omfatte skuleeigarens system ...34

8. Førehandsvarsel om vedtak ...36

9. Kommunen sin frist til å rette ...38

Vedlegg: Dokumentasjonsgrunnlaget ...39

Vedlegg: Intervju ...48

(3)

3

Samandrag

Tilsynsrapporten gir ikkje ei heilskapsvurdering av skuleeigaren og skulen. Rapporten omhandlar berre resultat knytt til temaet som er valt og på det tidspunktet tilsynet er gjennomført. Når det gjeld metode for tilsyn etter opplæringslova, har

Utdanningsdirektoratet utarbeidd eiga handbok som Fylkesmannen skal nytte. Handboka1 ligg på Utdanningsdirektoratets nettsider.

Tema og føremål

Temaet for tilsynet er retta mot skulens arbeid med elevanes utbytte av opplæringa. Det overordna formålet med tilsynet er å medverke til at alle elevar får eit godt utbytte av opplæringa. Hovudpunkt i tilsynet er:Skulens arbeid med opplæringa i fag,

undervegsvurdering for å auke elevane sitt læringsutbytte, undervegsvurdering som grunnlag for tilpassa opplæring og spesialundervisning, og vurdering av behov for særskild språkopplæring.

Gjennomføring

Våren 2015 gjennomførte Fylkesmannen ei dagsamling med kommunane i Nordfjord der vi informerte skulefagleg ansvarlege, rektorane/inspektørane om retteleiingsmateriellet for det felles nasjonale tilsynet 2014 -2017

.

På samlinga det òg lagt vekt på at

kommunane og skulane, uavhengig av om dei fekk tilsyn, burde nytte tida framover til å vurdere eigne system og praksis opp mot tilsynstemaet. Samlinga var lagt til

Nordfjordeid.

Seinare er RefLex2 tatt i bruk, spesielt med tanke på skulens og skuleeigars eigenkontroll.

Tilsynet med Olden skule i Stryn kommune vart opna gjennom varselbrev 06.12.2017.

Den 08.02.2017 gjennomførte vi opningsmøte og intervju med elevar, rektor og lærarar som underviser på 8., 9. og 10. årstrinn i faga kunst og handverk, norsk og matematikk.

Elevane på 8., 9. og 10. årssteg har svart på eit eige spørjeskjema med åtte spørsmål om undervegsvurdering i faga kunst og handverk, norsk og matematikk.

Det er levert inn tre anonyme elevsaker om spesialundervisning og tre elevsaker om særskild språkopplæring.

1 Metodehåndbok for tilsyn - en håndbok for tilsyn i metode for tilsyn etter barnehageloven og opplæringsloven.

2 RefLex er eit nettbasert verktøy som skal gi offentlege skular og skuleeigar hjelp til å vurdere om eigen praksis er i samsvar med opplæringslova med tilhøyrande forskrifter.

(4)

4 Brot på regelverket

Det er avdekt brot på regelverket under følgjande undertema:

• Skulens arbeid med opplæringa i fag

• Undervegsvurdering for å auke elevane sitt læringsutbytte

• Vurdering av behov for særskild språkopplæring

Status på rapporten og vegen vidare

Kommunen fekk tilsendt førebels tilsynsrapport 06.03.2017 der dei fekk frist til

27.03.2017 med å kommentere dokumentet. Det vart gjennomført sluttmøte med Stryn kommune og Olden skule 16.03.2017. Møtet vart gjennomført som videomøte med skule- og kultursjef, nestleiar skule- og kulturetaten og rektor på Olden skule. Vi mottok svar frå kommunen innan fristen. Kommunen sine merknader er vurdert i den endelege tilsynsrapporten.

Fylkesmannen har i kapitla 3 til 6 konstatert regelverksbrot.

Det er kommunen som har det overordna ansvaret for at krava i opplæringslova blir etterlevde, jf. opplæringslova § 13-10 første ledd. Kommunen er derfor adressat for denne tilsynsrapporten.

Stryn kommune får ein frist til å rette regelverksbrota, jf. kommunelova § 60 d.

Frist for retting er 18.09.2017.

Kommunen må innan denne datoen sende Fylkesmannen ei erklæring om at det ulovlege forholdet er retta. Dersom regelverksbrot ikkje er retta innan den fastsette fristen, vil Fylkesmannen vedta pålegg om retting. Eit eventuelt pålegg om retting vil ha status som enkeltvedtak og kan klagast på, jf. forvaltningslova kapittel VI.

(5)

5

1. Innleiing

Fylkesmannen opna 06.12.2016 tilsyn med skulens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa ved Olden skule i Stryn kommune.

Felles nasjonalt tilsyn 2014-17 handlar om elevanes utbytte av opplæringa og inneheld tre tilsynsområde: Skulens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa (som denne rapporten handlar om), forvaltningskompetanse og skulebasert vurdering.

Utdanningsdirektoratet har utarbeidd rettleiingsmateriell3 knytt til tilsynet, og Fylkesmannen har gjennomført informasjons- og rettleiingssamlingar.

Det er kommunen som har det overordna ansvaret for at krava i opplæringslova blir etterlevde, jf. opplæringslova § 13-10 første ledd. Kommunen er derfor adressat for denne tilsynsrapporten.

Tilsynet har avdekt brot på regelverket knytt til dei tre deltema i rapporten: skulens arbeid med opplæringa i fag, undervegsvurdering for å auke elevane sitt læringsutbytte, og vurdering av behov for særskild språkopplæring.

3 http://www.udir.no/Regelverk/Tilsyn/_Tilsyn/Rettleiingsmateriell-for-felles-nasjonalt-tilsyn-2014-2017/

(6)

6

2. Om tilsynet med Stryn kommune – Olden skule

2.1 Fylkesmannen fører tilsyn med offentlege skular

Fylkesmannen fører tilsyn med kommunen som offentlege skular, jf. opplæringslova § 14-1 første ledd. Fylkesmannens tilsyn på opplæringsområdet er tilsyn med det lovpålagde, jf. kommunelova § 60 b.

Fylkesmannens tilsyn med offentlege skular er utøving av mynde og skjer i samsvar med reglane for dette i forvaltningsretten.

I dei tilfella der Fylkesmannen konkluderer med at eit rettsleg krav ikkje er oppfylt, blir dette sett på som regelverksbrot, uavhengig av om det er opplæringslova eller forskrifter fastsett i medhald av denne lova som er brotne.

2.2 Tema for tilsyn

Temaet for tilsynet er retta mot kjerneverksemda ved skulen: skulens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa. Det overordna formålet med tilsynet er å medverke til at alle elevar får eit godt utbytte av opplæringa.

Hovudpunkt i tilsynet vil vere:

• Skulens arbeid med opplæringa i fag

• Undervegsvurdering for å auke elevane sitt læringsutbytte

• Undervegsvurdering som grunnlag for tilpassa opplæring og spesialundervisning

• Vurdering av behov for særskild språkopplæring

Tilsynet skal medverke til at kommunen som skuleeigar syter for at elevane:

• får kjennskap til og opplæring i måla som gjeld for opplæringa

• får tilbakemeldingar og blir involverte i eige læringsarbeid for å auke utbyttet av opplæringa

• får vurdert kontinuerleg kva for utbytte dei har av opplæringa

• blir følgde opp og får nødvendig tilrettelegging når utbyttet av opplæringa ikkje er tilfredsstillande

Manglande etterleving av regelverket kan føre til at elevane ikkje får realisert sine moglegheiter eller får lite utbytte av opplæringa.

2.3 Om gjennomføringa av tilsynet

Tilsyn med Stryn kommune vart opna gjennom brev 06.12.2016. Fylkesmannen har kravd at kommunen legg fram dokumentasjon med heimel i kommunelova § 60 c.

Fylkesmannens vurderingar og konklusjonar er baserte på skriftleg dokumentasjon og opplysningar frå intervju, sjå vedlegg.

(7)

7

3. Skulens arbeid med opplæringa i fag

3.1 Rettslege krav

Nedanfor har vi opplyst om dei rettslege krava for tilsynet med skulens arbeid med opplæringa i fag. Vi viser òg til kva for reglar i opplæringslova og forskrift til

opplæringslova krava er knytte til.

Rektor skal sikre at innhaldet i opplæringa er knytt til kompetansemål i faget.

Undervisningspersonalet skal leggje til rette og gjennomføre opplæringa etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK06), jf. opplæringslova § 2-3 og forskrift til opplæringslova § 1-1. Det vil seie at opplæringa skal ha eit innhald som byggjer på kompetansemåla i læreplanen og medverkar til at dei blir nådde. Rektor må organisere skulen slik at dette blir sikra, jf. opplæringslova § 2-3.

Rektor skal sikre at undervisningspersonalet tek vare på eleven sin rett til å kjenne til mål for opplæring og kva som blir vektlagt i vurderinga av eleven sin kompetanse.

Undervegsvurdering skal brukast som ein reiskap i læreprosessen og medverke til å forbetre opplæringa, jf. forskrift til opplæringslova § 3-2. Eleven skal kjenne til kva som er måla for opplæringa og kva som blir vektlagt i vurderinga av hans eller hennar kompetanse, jf. forskrift til opplæringslova § 3-1. Det inneber at elevane må kjenne til kompetansemåla i læreplanane for faga, og at dei er grunnlaget for vurderinga av eleven sin kompetanse. Dei skal òg kjenne til kva læraren legg vekt på når læraren vurderer ein prestasjon. Frå og med 8. trinn skal elevane kjenne til kva som skal til for å oppnå dei ulike karakterane. Kravet til at dette skal vere kjent, inneber noko meir enn at

informasjonen er tilgjengeleg for elevane. Rektor må organisere skulen for å sikre at undervisningspersonalet formidlar dette til elevane.

Rektor skal sikre at opplæringa dekkjer alle kompetansemåla på hovudtrinnet og dei individuelle opplæringsmåla i IOP.

Undervisningspersonalet skal leggje til rette og gjennomføre opplæringa etter LK06, jf.

opplæringslova § 2-3 og forskrift til opplæringslova § 1-1. For dei fleste fag i grunnskulen og for nokre fag i vidaregåande skule er kompetansemåla førte opp per hovudtrinn eller etter fleire års opplæring. I slike tilfelle må rektor sikre at elevane får opplæring i alle kompetansemåla i faget / på hovudtrinnet gjennom opplæringsløpet. Opplæringslova § 5-5 heimlar at ein elev som får spesialundervisning, kan ha unnatak frå kompetansemåla i dei ordinære læreplanane. Gjeldande opplæringsmål for eleven skal da gå fram av ein individuell opplæringsplan (IOP). I slike tilfelle må skulen sikre at opplæringa for eleven dekkjer dei individuelle måla.

Alle elevar som har vedtak om spesialundervisning, skal ha IOP.

Skulen skal utarbeide ein individuell opplæringsplan (IOP) for alle elevar som får spesialundervisning, jf. opplæringslova § 5-5. Det må gå fram av IOP-en kva for tidsintervall han gjeld for.

(8)

8

Innhaldet i IOP-en skal samsvare med enkeltvedtaket når det gjeld innhaldet i opplæringa og synleggjere eventuelle avvik frå LK06.

IOP-en skal vise mål for og innhaldet i opplæringa og korleis opplæringa skal

gjennomførast, jf. opplæringslova § 5-5. Reglane for innhald i opplæringa gjeld så langt dei passar for spesialundervisninga. Det kan føre til at måla for opplæringa vik av frå kompetansemåla i læreplanane i LK06.

Før skulen/kommunen gjer eit enkeltvedtak om spesialundervisning, skal PPT utarbeide ei sakkunnig vurdering. Den sakkunnige vurderinga skal gje tilråding om innhaldet i opplæringa, mellom anna realistiske opplæringsmål for eleven, og kva for opplæring som gjev eleven eit forsvarleg opplæringstilbod. Vedtaket om spesialundervisning skal byggje på den sakkunnige vurderinga, og eventuelle avvik må grunngjevast. Vedtaket om spesialundervisning fastset rammene for opplæringa og dermed innhaldet i IOP-en. IOP- en kan først takast i bruk etter at det er gjort enkeltvedtaket om spesialundervisning.

IOP-en må ha eigne mål for opplæringa når eleven si opplæring vik av frå LK06, og skulen må ha ein innarbeidd framgangsmåte for å sikre at IOP-en er samordna med planane for den ordinære opplæringa (klassen).

Reglane om innhald i opplæringa (kompetansemåla i læreplanane) gjeld for

spesialundervisning så langt dei passar, jf. § 5-5 i opplæringslova. Skulen skal leggje vekt på utviklingsmoglegheitene for eleven og dei opplæringsmåla som er realistiske innanfor det same totale undervisningstimetalet som for andre elevar, jf. opplæringslova

§ 5-1. Den individuelle opplæringsplanen skal vise måla for opplæringa, jf.

opplæringslova § 5-5. Dersom vedtaket om spesialundervisning ikkje inneheld avvik frå LK06, eller berre har færre kompetansemål i eit fag enn i den ordinære læreplanen, må dette òg komme klart fram i IOP-en. Det må òg komme klart fram i kva for fag eller delar av fag eleven eventuelt skal følgje ordinær opplæring (i klassen). Skulen må ha ein framgangsmåte som opplyser om korleis ein skal sjå spesialundervisninga og den ordinære opplæringa i samanheng / arbeide saman i slike tilfelle. Framgangsmåten må vere kjent og innarbeidd av dei som har ansvaret for å utvikle IOP-en og for å

gjennomføre opplæringa.

3.2 Fylkesmannens observasjonar

Fylkesmannens vurderingar og konklusjonar er baserte på innsendt skriftleg

dokumentasjon, innsendte eigenvurderingar og opplysningar gitt i intervju av rektor og lærarar på 8., 9, og 10 årssteg i faga; kunst og handverk, matematikk og norsk.

I eigenvurderingane svarar både rektor og lærarane «ja» på kontrollspørsmåla under dette deltemaet.

I kommunen vert vedtak om spesialundervisning gjort på nivået over skulen, dvs. skule- og kulturkontoret i kommunen.

1.1 Sikrar rektor at undervisningspersonalet knyter innhaldet i opplæringa til kompetansemål i det enkelte fag?

• I rektors eigenvurdering går det fram at skulen har utarbeidd felles mal for årsplanar, periodeplanar og vekeplanar som lærarane skal nytte.

(9)

9

• Lærarane arbeider mykje med planane, særleg på planleggingsdagane før skulestart om hausten. Både rektor og lærarar viser til skulens årshjul.4 15. september er fristen for når årsplanar og periodeplanar skal vere på plass på skulens fellesområde. Rektor opplyser i intervju at han sjekkar at planane er ferdige og er lagt på det elektroniske fellesområdet.

• Vi har fått tilsendt årsplanar i norsk, matematikk og kunst og handverk for skuleåret 2016-17 for 8., 9. og 10. klasse. I tillegg har skulen sendt inn

periodeplanar i desse faga. Vekeplanar for 8. klasse (veke 39 og 46 i 2016 ), 9.

klasse (veke 39 og 45 i 2016) og 10 klasse (veke 36 i 2016 og veke 2 i 2017) er innsendt.

• Elevane får utdelt både periodeplanar og vekeplanar. Vi får opplyst at elevane får utlevert vekeplanen på måndag.

• Lærarane forklarer at periodeplanane «(.)inneheld spesifisert/forenkla læringsmål med utgangspunkt i kompetansemåla som gjer det lettare for elevane å forstå kva dei skal lære. Dei inneheld også vurderingsform, pensum og arbeidsmåtar.

Vekeplanane viser kva mål vi jobbar mot i den aktuelle veka.»

• I intervju stadfestar lærarane at dei opplever at det er tydelege føringar gjennom planleggingsarbeidet, dvs. at dei skal ta utgangspunkt i kompetansemåla når dei lagar års-, periode- og vekeplanar. Både rektor og lærarane seier at lærarane ved skulen nyttar eit avskryssingsystem innafor hovudtrinnet for å kunne sikre at alle kompetansemåla i faga er dekka.

1.2 Sikrar rektor at undervisningspersonalet tek vare på den retten eleven har til å kjenne til mål for opplæringa?

• I eigenvurderinga skriv rektor at elevane skal vere kjende med mål for

opplæringa gjennom årsplanar, periodeplanar og vekeplanar. Han viser til at for den einskilde undervisningsøkta skal det setjast mål for kvar økt og viser til fire punkt som er sentrale for læring: «I vurdering for læring har vi sett opp desse fire punkta som viktige for elevane si læring : 1 Elevane skal kjenne til måla for opplæringa. 2 Tilbakemelding. 3 Framovermelding. 4 Eigenvurdering.»

• I innsendt dokument som gjeld forventningar5 står det m.a.: «Skrive instruksjon og mål for timen på tavla.» I intervju seier rektor at dette dokumentet vart utforma i samband med skulens arbeid med «(…)klasseleiing og PALS.»

• I eigenvurderingane frå lærarane svarar alle «ja» på kontrollspørsmålet. I intervju med lærarar seier dei at rektor forventar av dei at måla skal vere forståelege for elevane.

• Vår spørjeundersøking meiner stort sett alle av elevane på ungdomstrinnet at læraren forklarer dei kva som er måla i faget, slik at du forstår kva dei skal lære.

Forholdet er òg stadfesta i intervju med elevane der dei gir uttrykk for at det er lett å forstå måla på vekeplanen. Elevane forklarer at vekeplanen vert delt ut på måndag. I tillegg til vekeplanen får dei også utdelt emneplanar som går over ein lengre periode.

• Elevane forklarer at til vanleg startar læraren timen anten med å skrive eller snakke om måla for timen. Det hender òg at læraren snakkar om kva dei skal gjere i løpet av veka, gjerne i samband med utdeling av vekeplanen.

4 Årshjul Olden skule 2016-2017 - ADM

5 Forventningar i klasserommet

(10)

10

• I innleverte vekeplanar finn vi at måla i faga norsk og matematikk tek i vare elevens rett til å kjenne til mål for opplæringa, også i andre fag er det jamt over oppført mål som formulerer kva eleven skal lære.

• I faget kunst og handverk er det levert inn periodeplanar som òg imøtekjem elevens rett til å kjenne til mål for opplæringa.

1.3 Sikrar rektor at undervisningspersonalet tek vare på den retten eleven har til å kjenne til kva som blir vektlagt i vurderinga av elevane sin kompetanse?

• I eigenvurderinga skriv rektor at dette vert synleggjort for eleven då: «Skulen har utarbeidd vurderingskriterier i det enkelte fag. Elevane skal vite kva som vert vektlagt når læraren vurdere eleven sin kompetanse. Dette skal gjerast når ein startar på eit nytt emne.»

• I eigenvurderingane frå lærarane svarar lærargruppene litt ulikt, m.a. at dei utarbeider vurderingskriterier i samband med prøver, dvs. større prøver, kapittelprøver og munnlege prøver. Andre seier at dei utarbeider skriftlege vurderingskriterier ved oppstart av arbeid. Det står òg at utarbeiding av vurderingskriterier er krav frå leiinga.

• I intervju med rektor forklarer han at det er faggruppene som utarbeider vurderingskriteriene og at dei i stor grad nyttar «(…) tredelte skjema med låg, middels og høg meistring.» Nokre av skjema har dei laga sjølve, i tillegg til dei nyttar andre, t.d. Utdanningsdirektoratets kjenneteikn på måloppnåing6.

• I faget norsk og matematikk er det innlevert dokument med vurderingskriterier, t.d. i samband med munnleg prøve (matematikk) og artikkel (norsk). I faget kunst og handverk er det levert inn årsplanarar for 8. , 9. og 10 klasse, men kva som blir vektlagt i vurderinga av elevens kompetanse er forholdsvis generelle.

Dette forholdet gjeld òg for innleverte periodeplanar i faget.

• I intervju med lærarar seier dei at dei diskuterer vurderingskrieterier på fagmøta.

Dei forklarer at dei går igjennom kva dei legg vekt på før prøver og innleveringar, men at dette ofte vert gjort munnleg då elevane ikkje alltid klarer å nytte

utarbeidde «eigenvurderingar» (sjekklister). Dei viser òg til at elevar får

vurderingskriterier på periodeplanane. Lærarane seier at rektor har tilgang til t.d.

periodeplanar der det er utarbeidde vurderingskriterier, men at dei ikkje kjenner til i kva grad rektor vurderer desse opp i mot lovkrava.

• Innleverte årsplanar i matematikk 8. klasse viser at «Innsats i timane» er oppført under vurdering. Dette er også tilfellet i periodeplanen «Tal og talforståing, veke 33 – 36». I faget norsk er det òg i eigenvurderingsskjema til eleven spurt etter innsats: «Vurdering av min eigen arbeidsinnsats i denne perioden (på skulen og heime).» I notat etter fagsamtale i norsk (08.12.16) er det formulering som går på innsats: «(…) kan nå middels ved «hardt arbeid».», men samstundes finn vi i det same dokumentet døme på ros som har direkte merksemd mot det eleven har prestert i faget. « (…) god på å samtale om/oppsummere innhald i tekstar».

6 Utdanningsdirektoratet: Kjennetegn på måloppnåelse

(11)

11

1.4 Sikrar rektor at opplæringa samla dekkjer alle kompetansemåla på hovudtrinnet?

• Både i intervju og i eigenvurderingar seier rektor og lærarane at dei nyttar ein matrise7 som skal fyllast ut for kvart fag. På skjemaet står alle kompetansemåla for hovudtrinnet, og det er kolonnar for avkryssing av kompetansemåla på kvart årstinn på hovudtrinnet. For kvart årstrinn skal faglærar signere.

• Lærarane sier i intervju at dei anten gjer avkryssingar undervegs, men frå rektor er kravet at faglæraren skal krysse av og signere ved skuleslutt. Rektor kontroller at dette vert gjort, og protokollane er plasserte på rektors kontor.

• Både rektor og lærarane forklarer at det hender at eit planlagt emne eller

kompetansemål vert forskuve mellom årstrinna på hovudtrinnet, men til slutt skal alle kompetansemåla på hovudtrinnet vere dekka.

• På spørsmål om læreplanverket i faga som skulen nyttar, dekker alle kompetansemåla, svarer lærarane at nokre av læreplanverka ikkje er heilt oppdaterte, men at dei supplerer difor med anna læremiddel for å sikre alle kompetansemåla.

1.5 Sikrar rektor at opplæringa samla dekkjer alle dei individuelle opplæringsmåla i IOP?

• I kommunens overordna rutine8 går det fram at «(…)IOP vert utarbeidd og levert skule- og kulturkontoret innan 30. juni før skuleåret startar. IOP skal vise mål for innhaldet i opplæringa og korleis opplæringa skal drivast. Lærar utarbeider IOP etter fastlagt mal i Oppad Lærar web, sikker sone. Rektor godkjenner eller sender tilbake til lærar for bearbeiding. Når rektor godkjenner vert IOP arkivert i eleven si saksmappe i Acos web, sikker sone.» I rutinen går det òg fram at det er skule- og kulturkontoret som gjer enkeltvedtak om spesialundervisning og til vanleg skjer dette i mars månad.

• I eigenvurderinga viser rektor til kommunens prosedyre for utarbeiding av IOP og opplyser at det er kontaktlærar som utarbeider IOP.

• I skulens årshjul for team9 går det òg fram at IOP’ar for komande skuleår skal vere ferdige i juni.

• Lærarane skriv i eigenvurderingane at dei «(…) nyttar tilpassa vekeplan til elevar med IOP. Desse følgjer klassen sine tema i faget, men er tilpassa elevane sitt nivå.» Vidare skriv lærarane at rektor har tilgang til tilpassa vekeplanar og tilpassa periodeplanar på sikker sone.

• På spørsmål under intervju svarar rektor at det inspektøren ved skulen som har ansvar for å gå gjennom og godkjenne IOP’ane, dvs. for å sjå etter kva fag og kva ressursar som vert nytta i forhold til enkeltvedtaka. Ved tvil diskuterer

inspektøren aktuelle IOP’ar med rektor. Rektor opplyser at han ein gong har sendt IOP attende til kontaktlærar då han meinte det var for stor avstand mellom

innhaldet i IOP’en og læreplanen.

7 Oversikt oppfylling kompetansemål

8 Kvalitetslosen. Spesialundervisning – skule

9 Årshjul for Olden skule - team

(12)

12

1.7 Har alle elevar som har vedtak om spesialundervisning IOP?

• I kommunens overordna rutine er det klargjort at det for elevar med vedtak om spesialundervisning skal det utarbeidast IOP.

• I eigenvurderinga seier rektor at på Olden skule utarbeider dei «(…) IOP for kvart skuleår.» Han stadfestar òg dette forholdet i intervju: « Alle elevar med vedtak har IOP.»

• Rektor forklarer vidare at elevar med såkalla «styrking» ikkje har vedtak og heller ikkje IOP, men elevane har ein eigen «styrkingsplan». Desse elevane følgjer den ordinære læreplanen og har ikkje avvik frå læreplanen. Rektor seier at foreldre til elevar med «stryking» til ei kvar tid kan be om spesialundervisning, dvs. at skulen skal gjennomføre undersøkingar som er nødvendige for å finne ut om eleven treng spesialundervisning.

1.8 Samsvarer innhaldet i IOP-en med enkeltvedtaket når det gjeld innhaldet i opplæringa, medrekna når det er gjort avvik frå LK06?

• Skulen har sendt inn tre anonymiserte elevsakar, dvs. sakkunnig vurdering, enkeltvedtak, IOP og årsrapport. Enkeltvedtaka er daterte i veke 17 og 18 i 2016 og gjeld for skuleåret 2016-2017.

• Ein gjennomgang av IOP’ane viser at alle er i samsvar med dei aktuelle enkeltvedtaka.

1.9 Har IOP-en eigne mål for opplæringa når eleven si opplæring skal avvike frå ordinære læreplanar?

• Skulen har sendt inn tre anonymiserte elevsakar, dvs. sakkunnig vurdering,

enkeltvedtak, IOP og årsrapport. Enkeltvedtaka er daterte i veke 17 og 18 i 2016.

• I ei av sakene går det fram av enkeltvedtaket at eleven skal følgje klassens plan.

• I to av vedtaka er det avvik frå den ordinære opplæringa, og i begge desse sakene det er utarbeidd eigne mål for opplæringa i elevens IOP.

1.10 Har skulen ein innarbeidd framgangsmåte som sikrar at IOP-en er samordna med den ordinære opplæringa (klassen)?

• Rektor skriv i eigenvurderinga at dette skjer i eit samarbeid mellom kontaktlærar, spesiallærar og faglærar: «Utarbeiding av IOP vert gjort i samarbeid mellom kontaktlærar, spesiallærar og faglærarar for trinnet.»

• Dette samarbeidsforholdet er òg stadfesta av lærarane i deira eigenvurderingar.

• Rektor seier i intervju at dette vert sikra med at ein ved utarbeiding av IOP må « (.) sjå kva som ligg i årsplanen, og lage IOP opp mot dette. Så gjer ein

justeringar etter kvart.» Vidare seier rektor at dersom det er «(…) same lærar som har faget som IOP, er dette lettare å koordinere. Eg ser at dette kan vere ei utfordring å ha på plass.»

• I intervju seier lærarane at dei fleste elevane med IOP har individuelle

vekeplanar, men at dei likevel følger klassens vekeplan, men det kan «(…)vere forskjellig frå fag til fag.»

• Innsendte elevsaker viser at IOP’ane er laga 6. og 8. juni for skuleåret 2016- 2017, og årsrapportane er skrive den 13. og 15. juni. Under tidlegare

(13)

13

kontrollspørsmål (1.1) går det fram at lærarane arbeider spesielt med års-, periode- og vekeplanar på planleggingsdagane før ved skulestart om hausten.

• På spørsmål til lærarane om kva som er skulens framgangsmåte for å sikre samordning IOP og klassens planar under denne delen av prosessen, dvs. ved skulestart, er dei usikre på dette. Vi finn heller ikkje heilt klare svar på kva som er skulens framgangsmåte elles i skuleåret for å sikre samordning mellom IOP og den ordinære opplæringa.

3.3 Kommunens merknader på førebels rapport - skulens arbeid

med opplæringa i fag

Fylkesmannnens pålegg 1:

1. Stryn kommune må syte for at det lokale arbeidet med læreplanar ved Olden skule oppfyller krava til opplæringslova §§ 2-3, jf. forskrift til opplæringslova §§ 1-1, 3-1 og 3-2.

Stryn kommune må i samband med dette sjå til at:

a. Rektor sikrar at undervisningspersonalet tek vare på elevens rett til å kjenne til - kva som blir vektlagt i vurderinga av kompetanse.

Stryn kommune si tilbakemelding:

Olden skule har starta arbeidet med å justere planar, endre rutinar og instruksar slik at dei skal oppfylle krava i opplæringslova og forskrift til opplæringslova. Dei har sett opp ein framdriftsplan for gjennomføring av dette arbeidet(vedlegg: plan for vidare arbeid). Stryn kommune vil følgje opp arbeidet på skulen i dialogmøte hausten 2017.

Fylkesmannens pålegg 2

2. Stryn kommune må syte for at arbeidet med individuelle opplæringsplanar ved Olden skule er i samsvar med opplæringslova §§ 5-1 og 5-5.

Stryn kommune må i samband med dette sjå til at:

a. Skulen har ein innarbeidd framgangsmåte for å sikre at IOP-en er samordna med planane for den ordinære opplæringa i klassen.

Stryn kommune si tilbakemelding:

Ny mal for IOP vart utarbeidd i 2016. Den er ikkje lagt ut i sikker arbeidsflyt p.g.av konkurs i Oppad som var levrandør av SAS(viser også til forklaring i sluttmøte 16.03.17). Uavhengig av ny mal så vert samordninga mellom IOP og planane for den ordinære opplæringa i klassen lagt inn som eige punkt i Årshjulet for skule og barnehage. Dette vert også lagt inn i skulane sin årsplanar. Kommunen vil følgje opp dette med skulane i samband med skulestart hausten 2017. Prosedyra for spesialundervisning er også endra slik at dette punktet er dekka opp mot lovverket.

Ny mal for IOP vert å ta i bruk ved neste søknadsperiode i desember 2017.

(14)

14

3.4 Fylkesmannens vurderingar og konklusjon

Under dette temaet «Skulens arbeid med opplæringa i fag» er fleire av kontrollspørsmåla retta mot om «rektor sikrar». Å sikre inneber at rektor både må gi føringar og ha

oppfølging slik at skulen har eit system.

Rektor skal sikre at innhaldet i opplæringa er knytt til kompetansemål i fag, dvs. at opplæringa skal ha eit innhald som byggjer på kompetansemåla i læreplanen og

medverkar til at dei blir nådde. Rektor må organisere skulen slik at dette blir sikra. Både gjennom dokument og intervju er det stadfesta at skulens planar, t.d. års-, periode- og vekeplanar tek utgangspunkt i kompetansemåla i fag. Elevane får utdelt vekeplanar der det står læringsmål for veka i faga, og elevane får òg periodeplanar i nokre fag med mål for den aktuelle perioden.

Rektor skal sikre at undervisningspersonalet tek vare på eleven sin rett til å kjenne til mål for opplæring og kva som blir vektlagt i vurderinga av elevens kompetanse. Skulen har utarbeidd forventningar til lærarane, t.d. skal læraren skrive instruksjonane eller mål for timen på tavla. Innleverte veke- og periodeplanar ivaretek elevanes rett til å kjenne til måla. Elevane uttrykker både gjennom spørreskjemaundersøking og intervju at det er lett å forstå måla. Vi vurderer at det er samanheng mellom års-, periode- og vekeplanar.

Det er krav om at rektor må sikre at undervisningspersonalet tek vare på elevanes rett til å kjenne til kva som blir lagt vekt på i vurderinga av deira kompetanse. Vi har vist til at det er utarbeidd vurderingskriterier, t.d. gjerne i samband med ulike prøver. Lærarane forklarer at dei òg går gjennom krava munnleg for elevane.

I innleverte dokument, t.d. i matematikk og norsk i går det fram at innsats eller arbeidsinnsats er vektlagt i vurderinga av elevens kompetanse. Det er berre i faget kroppsøving at elevens innsats skal vere ein del av grunnlaget for vurdering, jf. forskrift til opplæringslova § 3-3.

Rektor skal sikre at opplæringa dekkjer alle kompetansemåla på hovudtrinnet og dei individuelle opplæringsmåla i IOP. Skulen har eit system med års-, periode- og

vekeplanar. Både i intervju og i eigenvurderingar seier både rektor og lærarane at dei nyttar ein matrise der alle kompetansemåla for hovudtrinnet er ført opp. For kvart årstrinn skal faglærarar kvittere ut for dei kompetansemåla som er gjennomgått. På den måten vil både rektor og lærar relativt tidleg ha oversyn over kompetansemål som er gjennomgått og kva kompetansemål som står att. Når det gjeld i kva grad rektor sikrar at opplæringa dekkjer dei individuelle opplæringsmåla i IOP, går skuleleiinga ved

inspektør gjennom alle IOP’ane for m.a. å kontrollere dei individuelle opplæringsmåla opp enkeltvedtaket.

Opplæringslova seier at det skal utarbeidast IOP for alle elevar som har vedtak om spesialundervisning. I kommunes overordna rutine er det klargjort at for elevar med vedtak om spesialundervisning skal det utarbeidast IOP, dvs. IOP for neste skuleår skal vere ferdig innan 30. juni. Gjennom intervju med rektor og lærarar er det stadfesta at for alle elevar med vedtak om spesialundervisning er det utarbeidd IOP.

Innhaldet i IOP-en skal samsvare med enkeltvedtaket når det gjeld innhaldet i opplæringa og synleggjere eventuelle avvik frå LK06. Innleverte elevsaker viser at IOP’ane er i samsvar med vedtaka.

(15)

15

IOP-en må ha eigne mål for opplæringa når eleven si opplæring avvik av frå LK06, og skulen må ha ein innarbeidd framgangsmåte for å sikre at IOP’en er samordna med planane for den ordinære opplæringa (klassen). I to av dei tre innleverte enkeltvedtaka er det avvik frå ordinær læreplan, og det er her ført opp individuelle mål i elevanes IOP.

Når det gjeld samordning mellom klassens plan og elevar med IOP, viser innsendte elevsaker at IOP er laga i byrjinga av juni for skuleåret etter. Lærarane arbeider spesielt med års-, periode- og vekeplanar på planleggingsdagane før skulestart om hausten. Vi finn det uklart kva form for samordning som skjer mellom dei utarbeidde IOP’ane som allereie er utarbeidde, opp imot arbeidet med klassens planar som ved skulestart. Rektor uttrykker òg at dersom det er forskjellige lærarar har ansvar for den ordinære

opplæringa i klassen og for spesialundervisninga, kan dette vere ei utfordring med tanke på samordning.

I kommunens tilbakemelding på førebels rapport under dette deltemaet går det fram at kommunen10 og skulen11 er komen i gang med rettingsarbeidet, men vi finn førebels ikkje grunnlag for å gjere endringar på dei varsla pålegga. I kommunens tilbakemelding må dei vise til korleis dei ulike planlagde tiltaka på skulen er følgt opp og gjennomført.

Vi opprettheld difor våre vurderingar om at på dei fleste punkta er skulens praksis i samsvar med minimumskrava i regelverket, men i forhold til to kontrollspørsmål imøtekjem ikkje skulen dei aktuelle lovkrava

Våre førehandsvarsel om pålegg går fram av kap. 8.

10 Stryn kommune: Tilbakemelding på førebels tilsynsrapport

11 Olden skule: Kommentar frå Olden skule til førebels tilsynsrapport frå Fylkesmannen

(16)

16

4. Undervegsvurdering for å auke eleven sitt læringsutbytte

4.1 Rettslege krav

Nedanfor har vi opplyst om dei rettslege krava for tilsynet med skulens arbeid med undervegsvurdering for å auke eleven sitt læringsutbytte av opplæringa. Vi viser òg til kva for reglar i opplæringslova og/eller i forskrift til opplæringslova krava er knytte til.

Elevane skal få rettleiing i kva for kompetansemål frå LK06 eller mål i IOP-en som opplæringa er knytt til.

Elevane skal bli kjende med måla for opplæringa, jf. forskrift til opplæringslova § 3-1.

Dette gjeld for alle årstrinn og gjeld òg for elevar med individuelle mål i ein IOP. Elevane skal bli i stand til å forstå kva dei skal lære, og kva som er formålet med opplæringa.

Lærarane gjennomfører opplæringa og må kommunisere dette til elevane.

Elevane skal få rettleiing i kva det blir lagt vekt på i vurderinga i faget.

Eleven skal kjenne til kva som blir vektlagt i vurderinga av hans eller hennar

kompetanse, jf. forskrift til opplæringslova § 3-1. Det inneber at elevane skal kjenne til kva som kjenneteiknar ulik grad av kompetanse, og kva det blir lagt vekt på i vurderinga av ein prestasjon. Kravet til at det skal vere kjent for eleven, inneber at det ikkje held at informasjonen ligg på Internett, eller at ein kan få informasjonen ved å spørje læraren.

Lærarane må kommunisere grunnlaget for vurderinga til elevane.

Elevane skal få tilbakemeldingar på kva dei meistrar, og rettleiing i kva dei må gjere for å auke sin kompetanse.

Vurderinga undervegs i opplæringa skal gje god tilbakemelding og rettleiing til eleven og vere ein reiskap i læreprosessen, jf. forskrift til opplæringslova § 3-2.

Undervegsvurdering skal medverke til at eleven aukar sin kompetanse i fag, jf. forskrifta

§ 3-11. Undervegsvurdering skal elevane få løpande og systematisk, ho kan både vere skriftleg og munnleg, skal innehalde grunngjeven informasjon om kompetansen til eleven og skal gjevast med sikte på fagleg utvikling.

Elevane skal involverast i vurderinga av eige læringsarbeid.

Elevane skal delta aktivt i vurderinga av eige arbeid, eigen kompetanse og eiga fagleg utvikling, jf. forskrift til opplæringslova § 3-12. Lærarane må syte for at elevane blir involverte i dette. Eleven si eigenvurdering skal vere ein del av undervegsvurderinga.

Elevane skal frå og med 8. årstrinn få halvårsvurderinga utan karakter midt i

opplæringsperioden i alle fag og på slutten av opplæringsåret i fag som ikkje er avslutta.

Skulen må ha ein innarbeidd framgangsmåte som sikrar at lærarane i halvårsvurderinga gjev informasjon om elevane sin kompetanse i faga og rettleiing om korleis elevane kan auke kompetansen sin.

Halvårsvurdering i fag er ein del av undervegsvurderinga og skal uttrykkje eleven sin kompetanse knytt til kompetansemåla i læreplanverket, jf. forskrift til opplæringslova § 3-13. Halvårsvurdering skal òg gje rettleiing i korleis eleven kan auke kompetansen sin i faget.

(17)

17

Halvårsvurdering utan karakter skal elevane få gjennom heile grunnopplæringa og gjeld alle elevar uavhengig av vedtak og type opplæring. Det er ikkje sett krav til kva form vurderinga skal ha. Vurderinga kan derfor vere både skriftleg og munnleg.

Frå og med 8. årstrinn og i vidaregåande opplæring skal vurderinga gjennomførast midt i opplæringsperioden og på slutten av året dersom faget ikkje blir avslutta.

Skulen må gjennomføre halvårsvurderinga utan karakter på riktige tidspunkt og ha ein innarbeidd framgangsmåte som sikrar at vurderinga til lærarane har eit innhald i samsvar med forskrifta.

Skulen må ha ein innarbeidd framgangsmåte som sikrar at årsrapporten inneheld ei vurdering av utviklinga til eleven ut frå måla i IOP-en.

For elevar med spesialundervisning skal skulen, i tillegg til halvårsvurdering med og utan karakter, ein gong i året utarbeide ein skriftleg rapport. Rapporten skal mellom anna gje vurdering av eleven si utvikling i forhold til måla i IOP, jf. opplæringslova § 5-5.

Skulen må ha ein innarbeidd framgangsmåte som sikrar at elevane får årsrapportar på riktige tidspunkt og at årsrapportar har eit innhald i samsvar med forskrifta.

4.2 Fylkesmannens observasjonar

Fylkesmannens vurderingar og konklusjonar er baserte på innsendt skriftleg

dokumentasjon, eigenvurderingar og opplysningar gitt i intervju av rektor og lærarar på 8., 9. og 10. årstrinnet i faga; kunst og handverk, norsk og matematikk.

Under dette temaet har til saman 96 elevar på 8., 9. og 10 årstrinn svart på eit eige spørreskjema.

Det vart utarbeidd åtte spørsmål om vurdering som gjaldt faga matematikk, norsk og kunst og handverk. 1/3 av elevane svarte i forhold matematikk, 1/3 norsk og 1/3 kunst og handverk.

I eigenvurderingane svarar både rektor og lærarane «ja» på kontrollspørsmåla under dette deltemaet.

2.1 Rettleiar lærarane elevane om kva for kompetansemål frå LK06 eller mål i IOP-en som opplæringa er knytt til?

• Rektor viser i eigenvurderinga til års-, periode- og vekeplanar og seier at «(.) ved nytt emne gjennomgår faglærar mål og vurderingskriterier.» Rektor framhevar bestemte punkt i skulens rutine for den enkelte time12: «Starter med å skrive mål på tavla. Mål vert gjennomgått og forklart for elevane. Undervisning gjennomført.

Oppsummering av timen knytt til mål for opplæringa. Har vi nådd målet for timen.»

• Lærarane viser i eigenvurderingane til same rutinar.

12 Forventningar i klasserommet

(18)

18

• På spørsmål om korleis lærarane rettleiar elevane om kompetansemåla, seier lærarane i kunst og handverk at dette er avhengig av kor elevane er i prosessen.

Dei forklarer at i dette faget nyttar dei gjerne periodeplanar.

• På spørsmål om rektor og lærarane har drøfta nærare korleis måla på vekeplanen skal utformast seier dei at dei legg vekt på at det er læringsmål og ikkje gjeremål som skal stå på planen.

• I vår spørjeundersøking svarer ca. 96 prosent av elevane at læraren forklarer dei kva som er måla i faget, slik at dei forstår kva dei skal lære. Forholdet er også stadfesta i intervju med elevane: «Læraren skriv mål på tavla, og av og til snakkar vi om desse måla.», «Om vi har matte på måndagar så snakkar vi om kva vi skal gjere i løpet av veka. Vi har måla på periodeplanar og i bøkene.»

• På spørsmål til elevane i kva grad lærarane startar timen på same måten, svarer dei at vanlegvis skriv lærarane måla på tavla, men ikkje alle: «Dei lærarane som ikkje skriv på tavla, snakkar om det når det er nye tema.»

2.2 Rettleiar lærarane elevane i kva det blir lagt vekt på i vurderinga i faget?

• I rektors eigenvurdering seier han at «Vurderingskriterier og kjenneteikn for måloppnåing vert gjennomgått.»

• I læraranes eigenvurderingar skriv lærargruppa i matematikk til at dette skjer i

«Fagsamtaler, tilbakemelding på prøver/innføring. Rettleiing i timane undervegs.»

Norsklærarane viser til at dei nyttar «(…) modelltekstar, demonstrasjonar m.m. i si rettleiing, for å vise elevane kva som vil bli vurdert og kva som er målet.»

Lærarane i kunst og handverk seier at dei «(.) går igjennom årsplanar og periodeplanar i lag med elevane. Her er det rom for å stille spørsmål, slik at eventuelt uklare punkt vert tydeleggjort for elevane.»

• I samband med dette kontrollspørsmålet har skulen sendt inn desse dokumenta:

Utdanningsdirektoratets kjenneteikn på måloppnåing i matematikk13,

vurderingskriterium for munnleg prøve, evalueringsskjema i norsk14 og årsplanar i kunst og handverk15 med generelle vurderingspunkt.

• I intervju med rektor seier han at lærarane nyttar Utdanningsdirektoratets vurderingsmatriser og at dei gjer lokale tilpassingar. Han seier òg at måten lærarane rettleiar elevane på er noko leiinga ser på når dei er ute i klassane og observerer. Han seier òg at dette er nok dei har diskutert, men «(…)eg har ikkje noko svar på korleis dei gjer det i klasserommet.»

• Lærarane i kunst og handverk seier i intervju at dei gjer dette t.d. ved

introduksjon av emne, men at dei òg rettleiar undervegs i læringsprosessen: «(…) der vi beskriv korleis ein skal utføre arbeidet og eventuelt korleis dei kan utvikle seg.» Lærarane i norsk seier at dei gjere gjer dette i samband med prøver: «Før prøvar og tentamen går eg igjennom kva som blir forventa av eleven (…).» Elles nyttar dei målark: «(…) så kan dei krysse av kva dei kan eller ikkje kan.»

• I spørjeundersøkinga til elevane svarer 91 prosent av elevane at dei meiner at dei får vite av læraren kva som blir lagt vekt på i vurderinga i faga.

• Skulen har sendt inn anonymiserte vurderingsutskrifter16. Her ser vi at òg innsats vert lagt til grunn for vurderinga i faga: Kunst og handverk: «(.) jobbar godt og

13 Sentralt gitt skriftleg eksamen i MAT0010 Matematikk

14 Munnleg presentasjon av roman

15 Årsplan Kunst og handverk 8.,9. og 10.kl 2016-2017

16 Frå tre vurderingsutskrifter datert 16.02.17

(19)

19

nyttar tida godt.», matematikk: «jobbar godt med faget (…)og jobbar betre og meir systematisk enn tidlegare.» og norsk: «Bra munnleg aktiv – rekk ofte opp handa. Jobbar godt.»

• På spørsmål om lærarane vurderer innsats t.d. i timen som eit vurderingskriterium, seier m.a. lærarane i matematikk at dei meiner

periodeplanane er endra på dette punktet, men at dette ikkje har skjedd med årsplanane. Dei meiner at det er «(…) felles forståing at det er kompetansen som tel og ikkje innsatsen(…). Vi brukar ein matematisk modell for å rekne ut

karakterar, men vurderer måloppnåing i tillegg.»

2.3 Gjev lærarane elevane tilbakemeldingar på kva dei meistrar i faga?

• I eigenvurderinga skriv rektor at tilbakemeldingar til elevane skjer på ulike måtar:

«Århjul. Munnlege og skriftlege tilbakemeldingar i det daglege arbeidet. Planlagde elevsamtaler, utviklingssamtaler og fagsamtalar gjennom året. Faglærar legg inn skriftlege kommentarar i Oppad.» Han meiner dei har prosedyrane i orden,

«(…)men svar på spørsmålet til elevane om dette, fortel oss at vi må bli flinkare til å gje tilbakemeldingar. Spesielt gjeld dette kunst og handverk.»

• I eigenmeldingane skriv lærarane stort sett om det same som rektor.

• Spørjeundersøkinga til elevane viser at 58 prosent av elevane på ungdomssteget meiner at dei får tilbakemeldingar på kva dei meistrar i faga (norsk, matematikk, og kunst og handverk). 41% av elevane meiner difor at dei ikkje får

tilbakemeldingar. Svara fordeler seg òg norsk og matematikk.

• I intervju seier lærarane at dei gir tilbakemeldingar direkte i læringssituasjonen eller i arbeidsmappene. Men legg til at dei kanskje har størst merksemd på framovermeldingar, og kanskje i mindre grad på kva eleven meistrar. Dei meiner at elevane ikkje alltid ser på samtalane i timen som tilbakemeldingar på

meistring, men knyter dette til meir formelle vurderingar, t.d. fagsamtale med faglærarar eller samtale med lærar ute av klasserommet.

• At elevane opplever at dei får tilbakemelding i formelle settingar, kjem òg fram i intervju med elevane: «Vi får tilbakemelding på innlevingar og læraren kjem bort og forklarar. Læraren forklarar ein-til-ein. Vi får vite i foreldresamtale. På

tentamen så får vi tilbakemeldingar om korleis vi kan gjere det betre.»

• Undervegsvurdering skal elevane få løpande og systematisk, ho kan både vere skriftleg og munnleg. I ei anonymisert «vurderingsnotatutskrift» frå skulen står følgande: «Vi har ikkje hatt innleveringar til vurdering i hovudmålet så langt i år.

Akkurat no held vi på med å skrive dikt under emnet lyrikk.(…) Ut over føreståande vurdering av diktmappa, er det tentamen som kjem til å danne grunnlaget for karakter i hovudmål denne terminen.» Vi ser òg at slike meldingar er gitt i andre fag, t.d. engelsk. Dersom vurderinga i for stor drag er avhengig av ein bestemt prøve, vil ikkje dette vere undervegsvurdering som er løpande og systematisk.

(20)

20

2.4 Rettleiar lærarane elevane om kva dei må gjere for å auke kompetansen sin i det enkelte faget?

• Både rektor og lærarane skriv i eigenvurderingane stort sett det same som under kontrollspørsmål 2.3.

• I intervju seier lærarane at dei har mest merksemd på framovermeldingar, dvs.

kva eleven bør gjere for å auke kompetansen i faget, dvs. dei nyttar mest tid på kva elevane må gjere for å kome seg vidare.

• I spørjeundersøkinga svarer 75 prosent av elevane at dei meiner dei får rettleiing i kva dei må gjere for å auke kompetansen i faget, dvs. 25 prosent meiner dei ikkje får rettleiing om kva dei må gjere for å auke kompetansen.

• Elevane seier i intervju at dei får tilbakemeldingar frå lærarane på kva dei må gjere for å bli betre: «Ja, vi får tilbakemeldingar på kva vi kan gjere betre.»

• Vi har elles vist til fleire dokument der det går fram at elevanes innsats i faget utgjer ein del av vurderingsgrunnlaget.

2.5 Syter lærarane for å involvere elevane i vurderinga av eige læringsarbeid?

• I eigenvurderingane viser rektor til: «Elevsamtaler, utviklingssamtaler og fagsamtaler. Skriftlege og munnlege tilbakemeldingar frå eleven. Logg.

Eigenvurderingsskjema i det enkelte fag.»

• Lærarane skriv i eigenvurderingane at dei nyttar ulike former for eigenvurdering, t.d. sjekklister, logg, korte tilbakemeldingar i slutten av timen og at elevane gir karakter til eige arbeid.

• I spørjeundersøkinga svarer ca. 65 prosent av elevane at lærarane involverer dei i vurdering av eige læringsarbeid, dvs. det er 35 prosent som opplever at lærarane ikkje involverer dei i eige læringsarbeid.

• I intervju med elevane seier dei at dei får utlevert eit eigenvurderingsskjema som dei skal «(…) krysse på kva vi er flinke til (..). Læraren ser på det så får vi det tilbake.» Vidare forklarer elevane at i t.d. norsk går læraren gjennom vanskeleg stoff etter at elevane har svart på avkryssingsskjema.

• I ei av sjekklistene er elevane òg bedt om å vurdere eigen arbeidsinnsats:

«Vurdering av min eigen arbeidsinnsats i denne perioden.»

• Innsendte vedlegg under dette kontrollspørsmålet er skjema der elevane skal krysse av og levere inn, t.d. i samband med tentamen eller eit emne.

• Lærarane omtalar desse skjema òg som sjekklister. Det er difor usikkert på kva måte elevane då vert involverte i vurdering av eige læringsarbeid.

• Vi ser ikkje i kva grad logg er nytta regelmessig slik rektor og lærarane skriv i eigenvurderingane.

(21)

21

2.7 Får elevane frå og med 8. årstrinn halvårsvurdering utan karakter midt i opplæringsperioden i alle fag.

• I eigenvurderinga viser rektor til skulens årshjul17: «(..)Elevsamtale og utviklingssamtale i oktober og mars. Fagsamtaler i desember og juni.»

• Lærarane viser i sine eigenvurderingar òg til årshjul, fagsamtale, elevsamtale og utviklingssamtale.

• I intervju seier rektor: «Vi har elevsamtale og foreldresamtale midt i periode, oktober/november. Før eleven får karakter, har læraren ein fagsamtale med eleven i desember og juni. Vi har mål om ha denne fagsamtalen før elevane får karakter i alle fag, men vi når ikkje alltid dette målet.»

• To anonymiserte notat etter fagsamtalar i faget norsk18 er begge daterte til 8. desember 2016. Det er notert både på elevens og lærarens delar, dvs. elevens vurderingar av fagleg nivå og utfordringar, og kva læraren meiner eleven bør arbeide vidare med. I notatet er det nytta høgt og middels nivå, med

konkretisering frå læraren: «God på å utarbeide tekstar gjennom ein prosess + meistrar tekstbinding godt».

• Skulen sine årsplanar viser at skulen gjennomfører elevsamtale og

utviklingssamtale i oktober eller november. Deretter utarbeider skulen individuelle vurderingsnotatutskrifter. Skulen har sendt inn tre slike utskrifter for skuleåret 2016-17, ei av utskriftene er skrivne ut 02.11.16 og dei to andre er skrivne ut 16.02.2017. Alle utskriftene inneheld vurderingar av alle fag og med karakterar.

• I byrjinga av desember gjennomfører lærarane fagsamtalar for elevane frå og med 8. årstrinn, dvs. elevane får no halvårsvurdering utan karakter. Etter dette utarbeider skulen individuelle karakterutskrifter. Vi har fått to anonyme

karakterutskrifter19 som begge gjeld for hausten 2016 med datoar frå byrjinga av september til midten av desember. Rektor seier i intervju at fagsamtalen skal gjennomførast før eleven får karakter, men at det ikkje er alltid dei får til dette. I skulens årshjul kan vi ikkje sjå at det går fram når elevane frå og med 8. årstrinn skal ha vurdering med karakter, dvs. etter at elevane har fått vurdering utan karakter.

• Elevane i 9. klasse avsluttar faget kunst og handverk til jul. Skulens årshjul viser gjennomføring av utviklingssamtaler i oktober, men i det er ikkje klargjort at elevane i 9. klasse får halvårsvurdering utan karakter i faget kunst og handverk midt i opplæringsperioden, dvs. mellom skulestart og skulenslutt før jul.

• På spørsmål om kva som er midt i opplæringsperioden for dette faget i 9. klasse, seier rektor: «Midt i opplæringsperioden (…) er oktober eller november, og dei skal ha ein elevsamtale då. Så skal dei ha ein fagsamtale før jul.» I intervju svarer lærarane slik på spørsmålet: «Dei får vurdering utan karakter i oktober og med karakter i desember.»

• Halvårsvurdering med karakter kan givast litt etter at halvårsvurderinga utan karakter er gjennomført, men ikke seinare enn at det er direkte samsvar mellom vurderinga med og utan karakter.

17 Årshjul for Olden skule - adm

18 Fagsamtale i norsk, datert 08.12.16

19 Karakterutskrift – utskriftsdato 16.02.2017

(22)

22

2.8 Får elevane frå og med 8. årstrinn halvårsvurdering utan karakter på slutten av opplæringsåret i fag som ikkje er avslutta?

• Forholdet er det same som under kontrollspørsmål 2.7., og rektor viser i eigenvurderinga til skulens årshjul: «(..)Elevsamtale og utviklingssamtale i oktober og mars. Fagsamtaler i desember og juni.»

• Lærarane viser til skulens årsplan og skriv i eigenvurderingane at fagsamtalar blir gjennomført i juni.

• I skulens årshjul20 er det klargjort at det skal gjennomførast fagsamtalar og halvårsvurdering utan karakter i juni, og skriftleg vurdering og vurdering med karakter for dei som skal ha det.

2.9 Har skulen ein innarbeidd framgangsmåte som sikrar at det i halvårsvurderinga blir gitt informasjon om eleven sin kompetanse i faga?

Då svara under kontrollspørsmål 2.9 og 2.10 overlappar kvarandre, har vi ikkje splitta opp kontrollspørsmåla.

2.10 Har skulen ein innarbeidd framgangsmåte som sikrar at det i halvårsvurderinga blir gitt rettleiing korleis eleven kan auke kompetansen sin?

• I eigenvurderingane frå både rektor og lærarane er det vist til fagsamtalen og mal for samtalen.

• Skulen har levert inn tre skjema som vert nytta i samband med fagsamtalar. Det eine skjemaet inneheld fire delar og det går fram at dette skjemaet skal vere eit grunnlag for fagsamtalen21. Det andre skjemaet er todelt, dvs. fagsamtale22 for 1.

og 2. halvår. Det er ikkje levert inn døme på utfylte skjema for desse.

• Det tredje skjemaet som skulen nyttar er todelt og skulen har levert inn to

anonymiserte skjema i faget norsk. Den eine delen inneheld elevens vurdering av sitt faglege nivå og sine faglege utfordringar. Den andre delen inneheld lærarens vurdering av elevens faglege nivå og kva læraren meiner eleven bør arbeide meir med. Både eleven og læraren skriv under. Begge delane inneheld kolonne for læringsmål. I dei innleverte skjema viser læraren til konkrete forhold som eleven meistrar, t.d. «Bruk sjekkliste/kompisvurdering og retteprogram aktivt.» Det er òg konkrete råd om kva eleven bør arbeide meir med, t.d. «Ha fokus på variasjon i tekstane (særleg korleis du startar setningar)» og «Ver presis i bruken av kjelder (oppstilling av desse).»

• For dei to andre faga, dvs. kunst og handverk og matematikk, har vi ikkje fått tilsendt døme som viser bruken av dette skjemaet i samband med

halvårsvurdering.

2.11 Har skulen ein innarbeidd framgangsmåte som sikrar at årsrapporten inneheld ei vurdering av elevens utvikling ut frå måla i IOP-en?

• I kommunens prosedyre for spesialundervisning23 går det òg fram at fristen for årsrapport er 30. juni. Det går fram av prosedyren at «(…) eleven skal vurderast ut frå måla som er sette i den individuelle opplæringsplanen til eleven. Læraren skriv rapport i juni etter fastlagt mal(…).»

20 Årshjul for Olden skule - adm

21 Undervegsvurdering I – grunnlag for fagsamtale

22 Fagsamtale – kunst og handverk (kontrollspørsmål 3.1)

23 Kvalietetslosen Spesialundervisning – skule 05.01.2017

(23)

23

• I eigenvurderinga skriv rektor: « Årsrapport - frist 30. juni: Skulen skal ein gong i året utarbeide skriftleg oversikt over den opplæringa eleven har fått, og ei

vurdering av utviklinga til eleven. Utviklinga til eleven skal vurderast ut frå måla som er sette i den individuelle opplæringsplanen til eleven(…). Lærar skriv rapport for opplæringa i juni etter fastlagt mal i Oppad lærarweb, sikker sone. Desse vert sendt til rektor for godkjenning. Når rektor godkjenner, vert dei arkivert i eleven si saksmappe i Acos websak, sikker sone.»

• Lærarane skriv i sine eigenvurderingar at det er mal for årsrapport og rapportane skal òg godkjennast av rektor.

• I samband med tilsynet har skulen levert inn tre saker for skuleåret 2015-16 med sakkunnig vurdering, enkeltvedtak, IOP’ar og årsrapportar. Under dette

kontrollspørsmålet har vi særleg vurdert årsrapporten inneheld vurdering av måla i IOP. I dei innleverte rapportane er det gjort vurderingar er måla i IOP’ane, dvs.

vi finn at dei individuelle måla og vurderingar av desse. I årsrapportane er det gjerne gjort konkrete vurderingar opp mot dei individuelle måla.

4.3 Kommunens merknader på førebels rapport – auke eleven sitt læringsutbytte

Fylkesmannens pålegg 3:

3. Stryn kommune må syte for at den individuelle undervegsvurderinga ved Olden skule medverkar til at elevane får realisert sine moglegheiter til å nå måla for opplæringa, jf. opplæringslova § 5-5 og forskrift til opplæringslova §§ 3-1, 3-2, 3- 11, 3-12 og 3-13.

Stryn kommune må i samband med dette sjå til at:

a. Lærarane rettleier elevane i kva det blir lagt vekt på i vurderinga i det enkelte faget.

b. Lærarane gjev elevane tilbakemeldingar på kva dei meistrar i faga.

c. Lærarane rettleier elevane om kva dei må gjere for å auke kompetanse sin i det enkelte faget.

d. Lærarane syter for å involvere elevane i vurderinga av eige læringsarbeid.

e. Elevane frå og med 8. årstrinn får halvårsvurderinga utan karakter - midt i opplæringsperioden i alle

fag.

Stryn kommune si tilbakemelding:

Olden skulen skal i løpet av våren 2017 innarbeide nye rutinar for

undervegsvurdering(vedlegg:plan for vidare arbeid) slik at skulen medverkar til at elevane får realisert ein moglegheiter til å nå måla for opplæringa. Desse nye rutinane må innarbeidast i nært samarbeid med lærarane på skulen. Rektor saman med leiarteamet ved skulen er ansvarleg for at dette vert gjennomført. Stryn kommune vil følgje dette arbeidet med oppfølgingssamtalar med rektor, og i dialogmøte hausten 2017

.

(24)

24

4.4 Fylkesmannens vurderingar og konklusjon

Under temaet «Undervegsvurdering for å auke eleven sitt læringsutbytte» dreier fleire av kontrollspørsmåla seg i kva grad lærarane «rettleiar» elevane. Elevane skal få rettleiing i kva for kompetansemål frå LK06 eller mål i IOP-en som opplæringa er knytt til. I dette ligg at læraren forklarer måla på ein slik måte at dei er forståelege for elevane.

Skulen har etablert ordning med årsplanar med kompetansemål og læringsmål for ulike emne, periodeplanar med læringsmål og vekeplanar med opplæringsmål. Stort sett alle elevane meiner at læringsmåla blir formidla på ein måte som dei forstår.

Når det gjeld kva som vert lagt vekt på i vurderinga i det enkelte faget, skal dette òg formidlast på ein måte som er forståeleg for elevane, dvs. dei veit kva som kjenneteiknar ulik grad av kompetanse og kva som blir lagt vekt på i vurderinga. Stort sett alle elevane på 8., 9. og 10. klasse meiner at lærarane formidlar vurderingane på slik måte at dei forstår kva læraren legg vekt på. Eigenvurderingane viser at lærarane gjerne gjer dette i samband med prøver, arbeid og oppgåver eller ved at dei går gjennom årsplanen med elevane. Lærarane i kunst og handverk sier at dei gjer dette t.d. ved introduksjon av eit emne, men at dei òg viser elevane i det praktiske arbeidet. Vi har vist til ulike dokument som viser at innsats er lagt til grunn som ein del av vurderingsgrunnlaget i alle tre faga.

Dette er i strid med gjeldande regelverk.

Elevane skal få tilbakemeldingar på kva dei meistrar og rettleiing kva dei må gjere for å auke sin kompetanse. Gjennom undervegsvurderinga skal elevane få gode

tilbakemeldingar og rettleiing slik at det er ein reiskap i læreprosessen. Vurderinga skal skje løpande og systematisk, både skriftleg og munnleg. Informasjon til elevane skal vere grunngjeven med sikte på fagleg utvikling. 58 prosent av elevane på

ungdomstrinnet svarer dei får tilbakemeldingar på kva dei meistrar i faga. 41 prosent meiner at dei ikkje får slik tilbakemelding. Rektor peiker spesielt på at dette gjeld for faget kunst og handverk, men vi ser at svara fordeler seg òg på norsk og matematikk.

Lærarane forklarer dette med at dei kanskje gjev mest tilbakemeldingar til elevane i form av framovermeldingar. Innsendte vurderingsnotatutskrifter viser at vurderinga for ein termin i for stord grad er avhengig av ein bestemt prøve, t.d. tentamen. Dette gjeld for faga norsk og engelsk. Ei slik vurderingspraksis imøtekjem ikkje kravet om at

undervegsvurdering skal vere løpande og systematisk.

Størstedelen av elevane seier dei får tilbakemelding frå lærarane om korleis dei kan auke sin kompetanse. Lærarane seier at dei har størst merksemd på å gje tilbakemeldingar om korleis elevane kan auke kompetansen. Elevane seier i intervju at dei får

tilbakemeldingar på kva dei kan gjere for å bli betre. Men vi har lagt til grunn at innsats utgjer ein del av vurderingsgrunnlaget, dvs. dette gjeld òg kva elevane må gjere for å auke sin kompetanse.

Som ein del av undervegsvurderinga må lærarane syte for at elevane blir involverte i vurderinga av eige læringsarbeid. Elevane skal difor delta aktivt i vurderinga av eige arbeid, eigen kompetanse og eiga fagleg utvikling. Både eigenvurderingar og innsendte dokument syner at elevane ofte skal krysse av og levere inn, t.d. i samband med tentamen eller eit emne. Lærarane omtaler òg skjemene som sjekklister. Det er difor usikkert på kva måte elevane på denne måten deltek aktivt i vurdering av eige læringsarbeid. For å få til dette må skulen legge til rette for at elevane kan vurdere kvalitet eller kjenneteikn på kvalitet, utarbeide standardar (t.d. tekster) dei kan samanlikne seg med og legge til rette for at elevane har ferdigheiter til å kunne observere og gje tilbakemeldingar.

(25)

25

Frå og med 8. årstrinn skal elevane få halvårsvurdering utan karakter midt i

opplæringsperioden i alle fag og dette skal òg skje på slutten av opplæringsåret i fag som ikkje er avslutta. For elevane frå og med 8. årstrinn gjennomfører skulen fagsamtalar i byrjinga av desember og elevane får halvårsvurdering utan karakter. Regelen er at skulen deretter utarbeider individuelle karakterutskrifter, dvs. halvårsvurdering med karakter, men dette forholdet går ikkje klart fram av skulens årshjul i det aktuelle tidsrommet. For vårhalvåret er derimot dette forholdet klargjort.

Når det gjeld faget kunst og handverk, avsluttar elevane i 9. klasse dette faget til jul. I skulens årshjul er det ikkje klargjort at dette årstrinnet får halvårsvurdering utan karakter og med karakter midt i opplæringsperioden. At dette forholdet er uklart er òg stadfesta i intervju. Halvårsvurdering med karakter kan givast litt etter at

halvårsvurderinga utan karakter er gitt til eleven, men ikkje seinare enn at det er direkte samsvar mellom vurderinga med og utan karakter. Dersom det går t.d. to månader mellom vurdering med karakter og utan karakter, er det stor sjanse for det ikkje er direkte samsvar mellom vurderingane.

Lærarane skal i halvårsvurderinga gi informasjon om elevane sin kompetanse i faga og rettleiing om korleis elevane kan auke kompetansen sin. Dette skal vere ein innarbeidd framgangsmåte, dvs. at lærarane veit korleis dei skal gi informasjon om elevens

kompetanse i faga og skulen må følge opp at denne informasjonen blir gitt av lærarane.

Innlevert dokumentasjon i samband med fagsamtale i faget norsk viser læraren konkrete døme på kva eleven meistar og konkrete råd kva eleven bør arbeide meir med. For dei andre faga, dvs. kunst og handverk og matematikk, har vi ikkje sett døme som viser bruken av dette, t.d. korleis skjemaet er nytta i samband med halvårsvurdering i desse faga.

Når det gjeld årsrapporten til elevar med vedtak om spesialundervisning, må skulen ha ein innarbeidd framgangsmåte for å sikre at årsrapporten vert skriven på rett tidspunkt og med utgangspunkt i dei individuelle måla i IOP-en. I dei innsendte elevsakene er det levert årsrapport for skuleåret 2015-2016 som alle viser at dei er daterte i juni månad og inneheld vurderingar av måloppnåing i forhold til måla i dei aktuelle IOP’ane.

I kommunens tilbakemelding på førebels rapport under dette deltemaet går det fram at kommunen24 og skulen25 er i gang med rettingsarbeidet, men vi finn førebels ikkje grunnlag for å gjere endringar på dei varsla pålegga. I kommunens tilbakemelding må dei vise til korleis dei ulike planlagde tiltaka på skulen er følgt opp og gjennomført.

Vi opprettheld difor våre vurderingar som viser at på ein del punkt er skulens praksis i samsvar med minimumskrava i regelverket, men i forhold til nokre av kontrollspørsmåla imøtekjem ikkje skulen fullt ut dei aktuelle lovkrava.

Våre førehandsvarsel om pålegg går fram av kap. 8.

24 Stryn kommune: Tilbakemelding på førebels tilsynsrapport

25 Olden skule: Kommentar frå Olden skule til førebels tilsynsrapport frå Fylkesmannen

(26)

26

5. Undervegsvurdering som grunnlag for tilpassa opplæring og spesialundervisning

5.1 Rettslege krav

Nedanfor har vi opplyst om dei rettslege krava for tilsynet med skulens arbeid med undervegsvurdering som grunnlag for tilpassa opplæring og spesialundervisning. Vi viser òg til kva for reglar i opplæringslova og i forskrift til opplæringslova krava er knytte til.

Skulen må ha ein innarbeidd framgangsmåte som sikrar at lærarane systematisk og løpande vurderer om alle elevane har tilfredsstillande utbytte av opplæringa.

Læraren skal, som ein del av undervegsvurderinga, vurdere om den enkelte eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. forskrift til opplæringslova § 3-11. Skulen må ha ein kjent og innarbeidd framgangsmåte slik at lærarane systematisk og løpande vurderer om elevane har tilfredsstillande utbytte av opplæringa.

Skulen må ha ein innarbeidd framgangsmåte som sikrar at arbeidsmåtar,

vurderingspraksis og læringsmiljø blir vurdert for elevar som ikkje har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, og skulen må vurdere og eventuelt gjennomføre tiltak innafor tilpassa opplæring.

Alle elevar har krav på tilpassa opplæring, jf. opplæringslova § 1-3. Dersom ein elev ikkje har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, skal skulen først vurdere og eventuelt prøve ut tiltak innafor det ordinære opplæringstilbodet, jf. opplæringslova § 5-4. Skulen må sjå på om tiltak knytte til arbeidsmåtar, vurderingspraksis og arbeidsmiljø kan medverke til at eleven får tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Framgangsmåten for dette må vere kjent og innarbeidd. Dette skal skulen gjere før eleven eventuelt får tilvising til PPT for ei sakkunnig vurdering med tanke på spesialundervisning.

Skulen må ha ein innarbeidd framgangsmåte for å vurdere om elevane har behov for spesialundervisning, og sikre at lærarane melder behov for spesialundervisning til rektor.

I nokre tilfelle vil skulens vurdering og eventuelle utprøving av tiltak etter opplæringslova

§ 5-4 konkludere med at eleven ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av opplæringa innafor det ordinære opplæringstilbodet. Eleven har da krav på spesialundervisning, jf.

opplæringslova § 5-1. Det er viktig at prosessen for å kunne gje spesialundervisning blir starta så snart som mogleg etter at behovet for dette er avdekt.

Undervisningspersonalet har derfor både plikt til å vurdere om ein elev treng

spesialundervisning og å melde frå til rektor når det er behov for det, jf. opplæringslova

§ 5-4. Skulen må ha ein framgangsmåte som er kjent og innarbeidd blant lærarane slik at dei vurderer og melder behov for spesialundervisning.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

 I intervju med rektor kjem det fram at det er usikkert om skulen har ei skriftleg rutine som seier at lærarane skal kontinuerleg vurdere om elevane har tilfredsstillande

Fylkesmannen finn at Sveio skule har ein innarbeidd framgangsmåte som sikrar at arbeidsmåtar, vurderingspraksis og læringsmiljø blir vurdert for elevar som ikkje har

Det går fram av dokumentasjonen og intervjua at lærarane saman med leiinga er hovudaktørane i skulen sitt utviklings- og vurderingsarbeid. Plangruppa legg til rette arbeidet med

IOP-en må ha eigne mål for opplæringa når eleven si opplæring avvik frå LK06, og skulen må ha ein innarbeidd framgangsmåte for å sikre at IOP- en er samordna med planane for

Når det gjeld spørsmålet om skulen har ein implementert rutine som sikrar at lærarane systematisk vurderer om alle elevane har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, finn vi

vurderingspraksis og læringsmiljø blir vurdert for elevar som ikkje har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, og skulen må vurdere og eventuelt gjennomføre tiltak innafor

Aurland kommune må syte for å ha eit forsvarleg system for å vurdere og følgje opp krava i opplæringslova med forskrift når det gjeld skulane sitt arbeid med elevane sitt utbytte

vurderingspraksis og læringsmiljø blir vurdert for elevar som ikkje har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, og skulen må vurdere og eventuelt gjennomføre tiltak innafor