• No results found

Foretaksmøte i Helse Vest RHF 15.02.08

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Foretaksmøte i Helse Vest RHF 15.02.08"

Copied!
3
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

PROTOKOLL FRA

FØRETAKSMØTE I HELSE VEST RHF

Fredag 15. februar 2008 Id. 14.00 vart det halde føretaksmøte i Helse Vest RHF. Møtet vart halde som telefonmøte.

Saksliste:

1. Føretaksmøtet blir konstituert 2. Dagsorden

3. Om forslag til funksjonsendringar ved Helse Førde HF

Frå Helse- og omsorgsdepartementet møtte: Ekspedisjonssjef Per Bleikelia

Frå styret møtte: Styreleiar Oddvard Nilsen

Kari Oftedal Lima Gunnar Berge Ohene Aboagye Nils P. Støyva Gisle Handeland Gerd Dvergsdal

Torhild Selsvold Nyborg Aslaug Husa

Inger Hamborg

Frå administrasjonen møtte: Administrerande direktør Herlof Nilsen Viseadm. direktør Helge Bryne

Også til stades: Avdelingsdirektør Mette Bakkeli Seniorrådgjevar Kai Furberg

Riksrevisjonen var varsla i samsvar med lov om Riksrevisjon § 13, og møtte ved Kristin G. Madsen.

Sak 1: Føretaksmøtet blir konstituert

Ekspedisjonssjef Per Bleikelia ønskte, som øvste eigarmyndigheit, velkommen og leste opp fullmakt frå statsråden. Han spurde om det var merknader til innkallinga.

Det var ingen merknader til innkallinga.

Protokoll fra foretaksmøtet i Helse Vest RHF 15. februar 2008. Side 1 Sign:

(2)

Styreleiar Oddvard Nilsen og ekspedisjonssjef Per Bleikelia vart valde til å skrive under protokollen.

Ekspedisjonssjef Per Bleikelia overlet møteleiinga til Oddvard Nilsen.

Føretaksmøtet vedtok:

Innkallinga er godkjend. Føretaksmøtet er lovleg sett.

Sak 2: Dagsorden

Møteleiar spurde om nokon hadde merknader til den utsende dagsorden.

Det var ingen merknader til dagsorden.

Føretaksmøtet vedtok:

Dagsorden er godkjend.

Sak 3: Om forslag til funksjonsendringar ved Helse Førde HF

Føretaksmøtet viste til tidlegare protokoll frå føretaksmøter 18. juni 2003 og 21. juni 2004 om mellom anna etablering av nærsjukehus i Florø som eit pilotprosjekt. Det blei vidare vist til brev fr å Helse Vest RHF datert 12. desember 2007. Helse Vest RHF gjorde her greie for forslaget om omstilling i Helse Førde HF og driftsendringar ved

sjukehuset i Florø.

Føretaksmøtet tok til etterretning vurderingane frå Helse Vest RHF med omsyn til manglande kommunal medverknad og behovet for omstilling i Helse Førde HF. På bakgrunn av dette konstaterte føretaksmøtet at føresetnadene for drift av dei fem

sengene som spesialisthelsetenesta har ansvar for ved sengeposten ved nærsjukehuset i Florø, ikkje er tilstades.

Føretaksmøtet la til grunn at det skal vidareførast spesialisthelsetenestetilbod i Florø, og at ein søkjer å vidareutvikle driftsmodellen slik det er skissert i brev frå Helse Vest RHF av 12. desember 2007. Dette gjeld mellom anna vidare satsing på og utviding av det polikliniske tilbodet og dagbehandling. Vidare slo føretaksmøtet fast at det er viktig å halde fram med og eventuelt styrke lærings- og meistringsfunksjonane.

Føretaksmøtet la vidare til grunn at det i den vidare prosessen er tett dialog med dei aktuelle kommunane for å betre samhandlinga og søkje å etablere gode tilbod, og kartlegge behovet for å etablere ambulante geriatriske tenester. Det skal sikrast at dei tilsette sine rettar etter lov- og avtaleverk ivaretakast på ein god måte i omstillinga.

Protokoll fra foretaksmøtet i Helse Vest RHF 15. februar 2008. Side 2 Sign: 4/PB ON

(3)

Føretaksmøtet vedtok:

1. Føretaksmøtet konstaterte at føresetnadene for drift av dei fem sengene som

spesialisthelsetenesta har ansvar for ved sengeposten ved nærsjukehuset i Florø, ikkje er tilstades.

2. Føretaksmøtet bad Helse Vest RHF om å vidareføre drift av spesialisthelseteneste i Florø, og at ein søkjer å vidareutvikle driftsmodellen slik det er skissert i brev frå Helse Vest RHF av 12. desember 2007, med mellom anna vidare satsing på det polikliniske tilbodet, dagbehandling og styrking av lærings- og meistringsfunksjonane.

3. Føretaksmøtet bad om at ein i den vidare prosessen har ein tett dialog med dei aktuelle kommunane for å betre samhandlinga og søkje å etablere gode tilbod, og kartlegge behovet for å etablere ambulante geriatriske tenester.

4. Det skal sikrast at dei tilsette sine rettar etter lov- og avtaleverk ivaretakast på ein god måte i omstillinga.

Møtet blei heva kl14.10.

Per Bleikelia Oddvard Nilsen

Protokoll fra foretaksmøtet i Helse Vest RHF 15. februar 2008. Side 3 Sign: PB ON ,isj `!

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

september 2013 fikk dei regionale helseføretaka, med bakgrunn i tidlegare utgreiingar, i oppdrag å setje i gong idéfase for etablering av fire regionale sentre for

Når det gjelder både Nordlandssykehuset HF og Vestre Viken HF, vil jeg fortsatt ha en tett dialog med Helse Nord RHF og Helse Sør-Øst RHF fremover, for å forsikre meg om at

Foretaksmøtet oppnevner Svenn Are jenssen som styremedlem i styret for Helse Nord RHF, med tjenestetid fra dags dato og frem til ny styreoppnevning i januar 2016.

Nasjonale Luftambulansetjeneste ANS, omgjøres, slik at det opprettholdes base for ambulansefly i Brønnøysund også etter 1.

Vedtaket som er fatta av selskapsmøtet for Helseforetakenes Nasjonale Luftambulansetjeneste ANS, blir omgjort, slik at det blir haldt oppe base for ambulansefly

Føretaksmøtet la til grunn at alternativet med etablering av mindre, regionale protonanlegg er eit godt alternativ for raskt å kunne tilby protonbehandling i Noreg og på lengre

- Føretaksmøtet bad dei regionale helseføretaka om å delta i prosjekt, leia av Helsedirektoratet, som skal utarbeide oversikt over risiko og sårbarheit i helse- og omsorgssektoren,

Foretaksmøtet har merket seg det arbeid som er foretatt i Helse Øst RHF vedrørende oppfølging av helseforetakenes systemer for internkontroll, men registrerer at det ikke er gitt