• No results found

Foretaksmøte i Helse Vest RHF 03.12.07

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Foretaksmøte i Helse Vest RHF 03.12.07"

Copied!
3
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

PROTOKOLL

FRA

FØRETAKSMØTE I HELSE VEST RHF

Mandag 3. desember 2007 kl 1530 vart det halde føretaksmøte i Helse Vest RHF. Møtet vart halde som telefonmøte.

Saksliste:

1. Føretaksmøtet blir konstituert 2. Dagsorden

3. Oppretthalding av base for ambulansefly i Brønnøysund

Frå Helse- og omsorgsdepartementet møtte: Ekspedisjonssjef Per Bleikelia Frå styret møtte: Styreleiar Oddvard Nilsen

Kari Oftedal Lima Reidun Korsvoll

Frå administrasjonen møtte: Administrerande direktør Herlof Nilsen Også til stades: Avdelingsdirektør Mette Bakkeli

Riksrevisjonen var varsla i samsvar med lov om helseforetak og møtte ved Kristin Madsen.

Sak 1: Føretaksmøtet blir konstituert

Ekspedisjonssjef Per Bleikelia ønskte, som øvste eigarmyndigheit, velkommen og leste opp fullmakt frå statsråden. Han spurde om det var merknader til innkallinga.

Det var ingen merknader til innkallinga.

Styreleiar Oddvard Nilsen og avdelingsdirektør Mette Bakkeli vart valde til å underskrive protokollen.

Ekspedisjonssjef Per Bleikelia overlet møteleiinga til Oddvard Nilsen.

Føretaksmøtet vedtok:

Innkallinga er godkjend. Føretaksmøtet er lovleg sett.

Protokoll frå føretaksmøte i Helse Vest 3. desember 2007. Side 1 Sign: MB ON Ai

(2)

Sak 2: Dagsorden

Møteleiar spurde om nokon hadde merknader til den utsende dagsorden.

Det var ingen som hadde merknader til dagsorden.

Føretaksmøtet vedtok:

Dagsorden er godkjend.

Sak 3: Oppretthalding av base for ambulansefly i Brønnøysund Det ble vist til tidligare dialog mellom Helse- og omsorgsdepartementet og

representantar frå dei regionale helseføretaka knytt til vurdering av basestruktur for ambulanseflytenesta i samband med anbod og kontraktsinngåing for perioden frå 1. juli 2009.

Føretaksmøtet viste til at Luftambulansetjenesten ANS har gjennomført ein prosess for kjøp av ambulanseflytenester for perioden frå 1. juli 2009 til 30. juni 2015 med

moglegheit for 2+2 års forlenging. I ei pressemelding frå Luftambulansetjenesten ANS mandag 19. november d.å. gjekk det fram at Lufttransport AS er innstilt for tildeling av kontrakt på heile ambulanseflytenesta.

I innstillinga til kontrakt er det i følgje pressemeldinga lagt opp til at det skulle vere to fly på basen i Bodø, noko som inneber at ambulanseflybasen i Brønnøysund skulle avviklast. Forslaget inneber vidare at det eine flyet skulle gjerast om til dagfly.

Føretaksmøtet la til grunn at vedtaket som er fatta av selskapsmøtet for Helseforetakenes Nasjonale Luftambulansetjeneste ANS, representert ved dei fire regionale helseføretaka som eigarar, er basert på ei heilskapleg utgreiing om kapasitet og organisering av ambulanseflytenesta. Utgreiinga har vore på brei høyring. Føretaksmøtet har og merka seg dei faglege og økonomiske forholda som er lagt til grunn for vedtaket i

selskapsmøtet.

Etter ei heilskapleg samfunnsmessig vurdering finn føretaksmøtet at det likevel vil vere riktig at det blir haldt oppe base for ambulansefly i Brønnøysund. Føretaksmøtet la derfor til grunn at vedtaket som er fatta av selskapsmøtet for Helseforetakenes Nasjonale Luftambulansetjeneste ANS, blir omgjort, slik at det blir haldt oppe base for

ambulansefly i Brønnøysund også etter 1. juli 2009.

Føretaksmøtet vedtok:

Vedtaket som er fatta av selskapsmøtet for Helseforetakenes Nasjonale Luftambulansetjeneste ANS, blir omgjort, slik at det blir haldt oppe base for ambulansefly i Brønnøysund også etter 1. juli 2009.

Protokoll frå foretaksmøte i Helse Vest 3. desember 2007. Side 2 Sign: MB t4I5 Ot" 7 Q

(3)

Møtet vart heva kl 1535

Mette Bakkeli Oddvard Nilsen

Protokoll frå føretaksmøte i Helse Vest 3. desember 2007. Side 3 Sign: MB t-CO ON

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

For at ordninga skal fungere etter intensjonane, blir følgjande definert nærare: Kva ein meiner med alvorlege hendingar, kva umiddelbart varsel etter at hendinga har skjedd

I samsvar med helseforetaksloven § 47 fjerde ledd la avviklingsstyrets leder følgende skriftlige forslag til avviklingsoppgjør frem for foretaksmøtet til godkjenning, i samsvar

For at ordningen skal fungere etter intensjonene, vil følgende defineres nærmere: Hva som menes med alvorlige hendelser, hva umiddelbar varsling etter at hendelsen har

Styreleder Kolbjørn Almlid og avdelingsdirektør Frode Myrvold ble valgt til å underskrive protokollen.. Avdelingsdirektør Frode Myrvold overlot møteledelsen til

Foretaksmøtet la til grunn at Helse Sør Øst RHF sørger for at helseforetakene søker å finne løsninger som gjør at de ikke bidrar til at antall barnehageplasser reduseres i

september 2013 fikk dei regionale helseføretaka, med bakgrunn i tidlegare utgreiingar, i oppdrag å setje i gong idéfase for etablering av fire regionale sentre for

Foretaksmøtet oppnevner Svenn Are jenssen som styremedlem i styret for Helse Nord RHF, med tjenestetid fra dags dato og frem til ny styreoppnevning i januar 2016.

Nasjonale Luftambulansetjeneste ANS, omgjøres, slik at det opprettholdes base for ambulansefly i Brønnøysund også etter 1.