• No results found

Foretaksmøte i Helse Vest RHF 04.05.2010

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Foretaksmøte i Helse Vest RHF 04.05.2010"

Copied!
3
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Protokoll frå føretaksmøte i Helse Vest RHF 1

PROTOKOLL FRA FORETAKSMØTE I HELSE VEST RHF

Tysdag 4. mai 2010 kl. 11.00 vart det halde føretaksmøte i Helse Vest RHF. Møtet ble halde som telefonmøte.

Dagsorden

Sak 1 Foretaksmøtet blir konstituert Sak 2 Dagsorden

Sak 3 Prøveordning med umiddelbar varsling til Statens helsetilsyn når alvorlege hendingar har skjedd

Frå Helse- og omsorgsdepartementet møtte

Ekspedisjonssjef Per Bleikelia etter fullmakt frå helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm- Erichsen.

Frå styret møtte

Styreleiar Oddvard Nilsen Gro Skartveit

Nestleiar Aud Berit Alsaker Haynes Reidun Johansen Ohene Aboagye

Frå administrasjonen møtte

Administrerande direktør Herlof Nilssen Eigardirektør Ivar Eriksen

Fagdirektør Baard-Christian Schem

Også til stades

Avdelingsdirektør Frode Myrvold Seniorrådgjevar Tjaarke Hopen Seniorrådgjevar Randi Lilletvedt

Seniorrådgjevar Olav Gjestvang

Seniorrådgjevar Hege Louise Østlyngen

Riksrevisjonen var varsla i samsvar med lov om Riksrevisjonen § 13 og møtte ved Kristin Grimshei Madsen.

Sak 1 Føretaksmøtet blir konstituert

Ekspedisjonssjef Per Bleikelia ønskte, som øvste eigarmyndigheit, velkomen og leste opp fullmakt frå statsråden. Han spurde om det var merknader til innkallinga. Det var ingen merknader til innkallinga

Føretaksmøtet vedtok:

Innkallinga er godkjent. Foretaksmotet er lovleg sett.

Styreleiar Oddvard Nilsen og Per Bleikelia blei valde til å skrive under protokollen. Per Bleikelia overWt møteleiinga til styreleiar Oddvard Nilsen.

04.05.2010 ON: 6,*

(2)

Protokoll frå føretaksmøte i Helse Vest RHF 2

Sak 2 Dagsorden

Møteleiar spurde om nokon hadde merknader til den utsende dagsordenen. Det var ingen som hadde merknader til dagsorden.

Føretaksmøtet vedtok:

Dagsorden er godkjent.

Sak 3 Prøveordning med pålegg om umiddelbar varsling til Statens helsetilsyn når alvorlege hendingar har skjedd

Statens helsetilsyn har fått i oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet å etablere ei

utrykkingsgruppe for å styrke den tilsynsmessige gjennomgangen når det har skjedd alvorlege hendingar i spesialisthelsetenesta. Utrykkingsgruppa i Statens helsetilsyn blir etablert som ei prøveordning i to år frå 1. juni 2010. Samtidig blir det innført ei prøveordning i to år med varselplikt for spesialisthelsetenesta til Statens helsetilsyn når alvorlege hendingar har skjedd.

Formålet med å etablere utrykkingsgruppa og varselplikt ved alvorlege hendingar, er å bidra til ei betre og raskare vurdering av dei alvorlege hendingane ved at tilsynsmyndigheitene raskt kjem i dialog med dei som er involverte og som hendinga gjeld, raskt skaffar seg ei oversikt over kva som har skjedd og sikrar innhenting av relevante saksopplysningar. Dette føreset at Statens helsetilsyn får melding om alvorlege hendingar umiddelbart etter at dei har skjedd. Dei innhenta opplysningane vil bli lagt til grunn i den tilsynsmessige vurderinga av hendingane.

For at ordninga skal fungere etter intensjonane, blir følgjande definert nærare: Kva ein meiner med alvorlege hendingar, kva umiddelbart varsel etter at hendinga har skjedd inneber og kven som er ansvarleg for at varsel blir gitt.

Alvorlege hendingar betyr i denne samanhengen dødsfall eller betydeleg skade

pasient kor utfalleter særlig uventa i forhold til pårekneleg risiko.I vurderinga av om slike hendingar skal meldast til Statens helsetilsyn,skal det leggjast vekt

om hendinga kan skyldes feil,

forsømmingar eller uhell på system- og/eller individnivå, om det er uklart kva som har skjedd og om saka er kompleks med fleire involverte helsepersonell.

Umiddelbart varsel betyr så raskt som mogleg og seinast innan påfølgande dag. Varslinga skal skje elektronisk. Nærare retningsliner for varsel vil bli gitt på Statens helsetilsyn sine

heimesider (www.helsetils net.no ) innan 21. mai 2010.

Det er helseinstitusjonen der den alvorlege hendinga har skjedd som skal sende varsel . For at ordninga skal verke slik den er tenkt, må den i tillegg til å omfatte Helse Vest RHF sine

underliggande helseføretak, også omfatte dei helseinstitusjonane Helse Vest RHF og helseføretaka i regionen har avtaler med.

Prøveordninga inneber ingen endringar i helseinstitusjonane si meldeplikt etter

spesialisthelsetjenesteloven § 3-3 og leger si plikt etter helsepersonelloven § 36 til å underrette politiet når det er grunn til å tro at dødsfallet er unaturleg.

04.05.2010 Sign: ON: N

(3)

Protokoll frå føretaksmøte i Helse Vest RHF 3

Føretaksmøtet vedtok:

Helse Vest RHF skal pålegge underliggande helseføretak og institusjonar dei har avtale med å varsle Statens helsetilsyn umiddelbart når alvorlege hendingar har skjedd.

Varselet skal gis frå den aktuelle helseinstitusjonen til Statens helsetilsyn.

Pålegget gjeld som ei prøveordning i to år med verking frå 1. juni 2010.

Møtet vart heva kl. 11.10

Oslo, 4. mai 2010

Per Bleikelia Oddvard Nilsen

04.05.2010 Sign: PB: ON: 0

k,

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

helseforetaksloven § 46 Foretaksmøtet viste til regjeringens beslutning om å slå sammen Helse Sør RHF og Helse Øst RHF og etablere Helse Sør-Øst RHF, jf. Det ble videre vist

I samsvar med helseforetaksloven § 47 fjerde ledd la avviklingsstyrets leder følgende skriftlige forslag til avviklingsoppgjør frem for foretaksmøtet til godkjenning, i samsvar

september 2013 fikk dei regionale helseføretaka, med bakgrunn i tidlegare utgreiingar, i oppdrag å setje i gong idéfase for etablering av fire regionale sentre for

Foretaksmøtet oppnevner Svenn Are jenssen som styremedlem i styret for Helse Nord RHF, med tjenestetid fra dags dato og frem til ny styreoppnevning i januar 2016.

Nasjonale Luftambulansetjeneste ANS, omgjøres, slik at det opprettholdes base for ambulansefly i Brønnøysund også etter 1.

Vedtaket som er fatta av selskapsmøtet for Helseforetakenes Nasjonale Luftambulansetjeneste ANS, blir omgjort, slik at det blir haldt oppe base for ambulansefly

Føretaksmøtet la til grunn at alternativet med etablering av mindre, regionale protonanlegg er eit godt alternativ for raskt å kunne tilby protonbehandling i Noreg og på lengre

- Føretaksmøtet bad dei regionale helseføretaka om å delta i prosjekt, leia av Helsedirektoratet, som skal utarbeide oversikt over risiko og sårbarheit i helse- og omsorgssektoren,