• No results found

Foretaksmøte i Helse Vest RHF 27.09.2013

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Foretaksmøte i Helse Vest RHF 27.09.2013"

Copied!
4
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

re ta k sp ro to k ol l H el se V es t R H F w w w .h el se -v es t.n o

Protokoll frå føretaksmøte

Helse Vest RHF

27. september 2013

(2)

Protokoll fra føretaksmøte i Helse Vest RHF 1

27.09.2013 Sign: RMK: ON:

PROTOKOLL FRÅ FØRETAKSMØTE I HELSE VEST RHF

Fredag 27. september 2013 kl. 12.00 vart det halde felles føretaksmøte i dei regionale helseføretaka. Møtet vart gjennomført som telefonmøte.

Dagsorden

Sak 1 Føretaksmøtet blir konstituert Sak 2 Dagsorden

Sak 3 Planlegging av regionale sentre for protonterapi

Frå Helse- og omsorgsdepartementet møtte

Statssekretær Robin Martin Kåss (etter fullmakt frå statsråden)

Frå styret møtte

Styreleiar Oddvard Nilsen

Nestleiar Aud Berit Alsaker Haynes Gunnar Berge

Kjartan Longva Ohene Aboagye Gerd Dvergsdal

Frå administrasjonen møtte

Administrerande direktør Herlof Nilssen Fagdirektør Baard-Christian Schem

Også til stades

Ekspedisjonssjef Frode Myrvold Avdelingsdirektør Maiken Engelstad Underdirektør Helga Daae Seniorrådgiver Mikkel Hovden Aas Spesialrådgiver Ragnhild Kolstad

Riksrevisjonen var varsla i samsvar med lov om Riksrevisjonen § 13, og møtte ved Frode Linna.

Sak 1 Føretaksmøtet blir konstituert

Statssekretær Robin Martin Kåss ønskte, som øvste eigarmyndigheit, velkomen og las opp fullmakt frå statsråden. Han spurte om det var merknader til innkallinga. Det var ingen merknader til innkallinga.

Føretaksmøtet vedtok:

Innkallinga er godkjent. Føretaksmøtet er lovleg sett.

Styreleiar Oddvard Nilsen og statssekretær Robin Martin Kåss blei valde til å skrive under protokollen.

Sak 2 Dagsorden

Statssekretær Robin Martin Kåss spurde om nokon hadde merknader til utsendt dagsorden.

Det var ingen som hadde merknader til dagsorden.

(3)

Protokoll fra føretaksmøte i Helse Vest RHF 2

27.09.2013 Sign: RMK: ON:

Føretaksmøtet vedtok:

Dagsorden er godkjent.

Sak 3 Planlegging av regionale sentre for protonterapi

Prop. 1 S (2012-2013) er det vist til at partikkelterapi, spesielt protonbehandling, er tatt i bruk internasjonalt og at det er grunn til å tru at partikkelterapi vil vere å føretrekke framfor konvensjonell stråleterapi for eit aukande tal kreftformer. Vidare er det vist til at tilbod om partikkelterapi til ein viss grad vil kunne erstatte behovet for nye strålemaskiner.

Med bakgrunn i oppdrag i føretaksmøte 15. oktober 2012 har dei regionale helseføretaka, under leiing av Helse Vest, greidd ut ulike mogelegheiter for etablering av partikkelterapi som

behandling i Noreg. Rapporten låg føre i juni 2013. Etablering av partikkelterapi i Noreg vil være eit betydeleg løft for kreftpasientar og for pasientretta forsking. I rapporten vart det vurdert tre hovudalternativ for organisering av partikkelterapibehandling i Noreg.

Føretaksmøtet la til grunn at alternativet med etablering av mindre, regionale protonanlegg er eit godt alternativ for raskt å kunne tilby protonbehandling i Noreg og på lengre sikt mogeleg etablering av eit felles karbonanlegg i Noreg.

Helse- og omsorgsdepartementet orienterte om at det er ønskeleg å setje i gong idéfase for etablering av fire regionale sentra for protonterapi lokalisert til Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø.

Føretaksmøtet bad Helse Vest RHF å leia oppdraget med idéfasearbeidet for etablering av regionale protonsentre. Føretaksmøtet bad dei andre regionale helseføretaka om å bidra i arbeidet. Føretaksmøtet la til grunn at arbeidet vert gjennomført innan 1. desember 2014, og at det omfattar eit mandat for konseptfasen inklusiv mål, føresetnader og rammer for prosjektet, samt ressursar og plan for gjennomføring av konseptfasen, jf. Veileder for tidligfaseplanlegging i sykehusprosjekter.

I planarbeidet vert det lagt til grunn etablering av ei koordinerande eining ved eit av protonsentra som får ansvar for å sikre geografisk rettferdig fordeling av pasientane og for koordinering av felles protokollar for behandling av pasientane. Vidare skal ein planlegge for utvikling av ein nasjonal samarbeidsmodell der universitetsklinikkar som har protoneiningar samarbeider med andre klinikkar utan anlegg, og at det vert etablert eit nasjonalt

forskingssamarbeid på partikkelterapi.

Føretaksmøte vedtok:

Føretaksmøtet

ber dei regionale helseføretaka i fellesskap gjennomføre i

déf

ase for etablering av regionale protonsenter lokalisert i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Føretaksmøtet ber Helse Vest lede arbeidet med bidrag frå dei andre regionale helseføretaka. Frist for

oppdraget vert sett til 1.desember 2014.

Møtet vart heva kl. 1215.

Oslo, 27. september 2013

(4)

Protokoll fra føretaksmøte i Helse Vest RHF 3

27.09.2013 Sign: RMK: ON:

Robin Martin Kåss Oddvard Nilsen

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

For at ordninga skal fungere etter intensjonane, blir følgjande definert nærare: Kva ein meiner med alvorlege hendingar, kva umiddelbart varsel etter at hendinga har skjedd

I samsvar med helseforetaksloven § 47 fjerde ledd la avviklingsstyrets leder følgende skriftlige forslag til avviklingsoppgjør frem for foretaksmøtet til godkjenning, i samsvar

For at ordningen skal fungere etter intensjonene, vil følgende defineres nærmere: Hva som menes med alvorlige hendelser, hva umiddelbar varsling etter at hendelsen har

Styreleder Kolbjørn Almlid og avdelingsdirektør Frode Myrvold ble valgt til å underskrive protokollen.. Avdelingsdirektør Frode Myrvold overlot møteledelsen til

Foretaksmøtet la til grunn at Helse Sør Øst RHF sørger for at helseforetakene søker å finne løsninger som gjør at de ikke bidrar til at antall barnehageplasser reduseres i

Foretaksmøtet forutsatte at disse retningslinjene legges til grunn for de disposisjoner som både Helse Sør-øst RHF og underliggende helseforetak gjør på området, samt at

september 2013 fikk dei regionale helseføretaka, med bakgrunn i tidlegare utgreiingar, i oppdrag å setje i gong idéfase for etablering av fire regionale sentre for

Foretaksmøtet oppnevner Svenn Are jenssen som styremedlem i styret for Helse Nord RHF, med tjenestetid fra dags dato og frem til ny styreoppnevning i januar 2016.