• No results found

Biologisk mangfald i Solund kommune

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Biologisk mangfald i Solund kommune"

Copied!
35
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Biologisk mangfald i Solund kommune

Miljøfaglig Utredning, rapport 2006-56

(2)

M i l j øfagl i g Utredni ng AS Rapport 2006-56

Utførende institusjon:

Miljøfaglig Utredning AS

Kontaktperson:

Geir Gaarder

ISBN-nummer:

82-8138-153-1

Prosjektansvarlig:

Geir Gaarder

Finansiert av:

Solund kommune

Dato:

September 2006

Referanse:

Gaarder, G. 2006. Biologisk mangfald i Solund kommune. Miljøfaglig Utredning Rapport 2006-56. 35 s.

Referat:

Som eit ledd i Stortinget sitt ønske om at alle kommunar skal kartlegge sitt biologiske mangfald, er det samla informasjon frå Solund kommune i Sogn og Fjordane fylke. Hovudvekta av arbeidet er lagt på verdfulle naturtypar, men det er også sett saman ein del generell informasjon om naturtilhøva i kommunen og førekomst av raudlisteartar.

4 emneord:

Biologisk mangfald Raudlisteartar Kommune Registrering

Forsidebilete: Landskapsbilete der ein ser nordover frå Vardefjell ut mot Hognefjorden, Stokkevågnova og Funneheia, med Alden og Askvoll i det fjerne. Foto: Tor Arne Hauge

(3)

Forord

Miljøfaglig Utredning ved Geir Gaarder har samla informasjon om det biologiske mangfaldet i Solund. Oppdraget er gjeve av Solund kommune.

Prosjektet har vore samkjørt med tilsvarande kartleggjing i dei fire andre kommunane i HAFS- regionen (Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Solund).

Hovudansvarleg for oppdragsgjevar har vore Tor Arne Hauge, som skal ha en stor takk for god

hjelp, m.a. under feltarbeidet, skaffe fram bakgrunnsmateriale, samt korrekturlesing og bildemateriell. I tillegg er det motteke viktig informasjon frå Fylkesmannen si miljøvern- avdeling gjennom deira startpakke. Digitalisering av lokalitetar og utarbeiding av kart er gjort av Helge Fjeldstad i Miljøfaglig Utredning.

Tingvoll, 31. desember 2006

Geir Gaarder

(4)

Innhald

Forord...3

Innhald...4

Samandrag...5

1 Bakgrunn...10

2 Metodar ...11

2.1 Innsamling av informasjon...11

2.2 Presentasjon...11

2.3 Verdsetting...12

2.4 Ordforklaringar...12

3 Naturgrunnlaget...14

3.1 Historisk utforsking av Solund ...14

3.2 Klima og geologi...15

4 Hovudnaturtypar...17

5 Lokalitetar...22

5.1 Nye lokalitetar...22

5.2 Endring i høve til tidlegare registreringar...25

6 Raudlisteartar...27

6.1 Raudlista karplanter ...27

6.2 Raudlista insekt og moser ...28

6.3 Raudlista sopp...28

6.4 Raudlista lav ...28

7 Nye undersøkingar ...31

8 Kjelder...33

8.1 Generell litteratur ...33

8.2 Litteratur om Solund...33

8.3 Andre skriftlege kjelder...35

8.4 Observatørar ...35

(5)

Samandrag

Bakgrunn og formål

Det biologiske mangfaldet i Solund er kartlagt etter retningsliner frå Direktoratet for naturforvaltning (1999a). Kommunen har vore ansvarleg for prosjektet og har brukt konsulentfirmaet Miljøfaglig Utredning til å gjere det praktiske arbeidet.

Hovudformålet med prosjektet har vore å få registrert kjente, verdfulle naturtypar i kommunen.

I tillegg har det vore eit mål å få oversikt over kunnskapsnivået om mangfaldet, innbefatta potensielt verdfulle naturmiljø og sjeldne og truga artar.

Metoder

Direktoratet for naturforvaltning (1999a) si handbok i kartleggjing av naturtypar er brukt som rettesnor for arbeidet. Som databaseverktøy er Natur2000 brukt, medan Fylkesmannen har stått for digitalisering av lokalitetane (på grunnlag av mottatte manuskart frå ØK).

Kunnskap om det biologiske mangfaldet er samla ved søk i skriftlege kjelder som litteratur, databaser, herbarium og dagboksnotat, ved kontakt med eksterne fagfolk og ved nye feltregistreringar. Kvaliteten på registrerte artar og naturførekomster er vurdert, og naturområda er verdsett som svært viktige (”A”), viktige (”B”), lokalt viktige (”C”) eller utan sikre naturverdiar.

Resultata føreligg i form av denne rapporten, databasen og digitale kart for kjente lokalitetar.

Historisk utforsking av Solund

Solund er ein ganske stor og variert kystkommune. Han har vore vitja av fleire naturfagleg interesserte folk utanifrå opp gjennom åra, sjølv om omfanget av undersøkingane ikkje er særskilt stort.

Dei fyrste kjente undersøkingane vart gjort på slutten av 1800-talet av professor Axel Blytt frå Oslo, som vitja mange stader i kommunen. Andre

registreringar omfattar Torkjel Lillefosse (1920- talet), E. Jørgensen (1920-talet) og Sigmund Sivertsen (1960-talet).

Dei siste 20 åra har det vori gjort fleire og meir systematiske registreringar i kommunen. Desse har særleg fokusert på kulturlandskapet, men også i skogsmiljøa har det vori spreidde undersøkingar. Ulike fagfolk og fagmiljø har stått for arbeidet, t.d. Høgskulen i Sogn og Fjordane og fleire av universiteta. I tillegg kjem den

kommunale kartlegginga av biologisk mangfald, av Kjersti Isdal i 2000, og Miljøfaglig Utredning i 2003-2005.

Dei fleste undersøkingane har vore retta mot virvelldyr og karplanter, medan sopp, moser og lav har vore omfatta av færre prosjekt. Spesielt er kunnskapen om virvellause dyr dårleg.

Naturgrunnlaget

Solund dekkjer totalt 228 km2 land og ferskvatn.

Den er den einaste øykommunen i Sogn og Fjordane. Den overvegande harde devonske berggrunnen har ført til at oppsprukke, bart fjell med mange små dalganger, fjordarmar og bukter mellom er typisk, og fører til at Solund har eit svært særprega landskap, også nasjonalt sett.

Sjølv om mykje av berggrunnen forvitrar sakte og gjer opphav av lite og berre nøysam vegetasjon, er det også fleire stader innslag av mykje rikare og meir kravfull flora. Klimaet er sterkt prega av at kommunen ligg langt ut mot havet, og kystbundne artar er typiske, der fleire har sine nordlegaste førekomster i landet her.

Dette gjeld truleg særleg artar som er noko varmekjære og toler lite frost, men det finst også fleire sjeldsynte artar som krev jamn og ganske høg luftråme og helst mykje nedbør.

Sjølv om mykje av kommunen er prega av berg og stein og det er få plassar ein kan drive landbruk, er Solund likevel markert kulturpåverka.

(6)

halden i hevd, sjølv om areala ofte kan vere små. Skogen har nok vore hardt utnytta tidlegare.

No får skogen ofte stå i fred og vert gradvis eldre, men mykje skog kjem det nok aldri til å bli i Solund.

Naturtypar i Solund

Alle dei sju hovednaturtypane førekjem i Solund;

myr, rasmark/berg og kantkratt, fjell, kulturlandskap, ferskvatn/våtmark, skog og havstrand/kyst.

Myr er det lite av i kommunen, sjølv om klimaet er ganske fuktig. Til det er det for kupert terreng med mykje berg og grunnlendt mark.

Ingen verdfulle myrlokalitetar er hittil kartlagt, men det bør kunne finnast einskilde førekomstar av rikmyr og intakt låglandsmyr.

Berg, rasmark og kantkratt under skoggrensa er det mykje av. Det meste av desse miljøa ser ut til å vere artsfattige og trivielle. Fleire stader er det likevel funne interessante skjerma berghamrar med sjeldsynte og dels også raudlista artar, og fleire slike finst sikkert. Det er også kjent

sørvende, varme berghamrar med ein kravfull og sjeldsynt flora (Mjåta) og også av slike kan det vere fleire.

Fjell er det mykje av i Solund. Likevel er ingen lokalitetar kartlagt. Truleg er nok det aller meste av vegetasjonen fattig og triviell. Ein kan likevel ikkje utelukke at det finst parti med rikare og meir kravfull flora.

Kulturlandskapet er den best undersøkte hovudnaturtypen i kommunen, sjølv om det ikkje dekker så store areal. Ein del av areala er biologisk lite interessante, enten fordi dei er hardt oppgjødsla og intensivt utnytta, eller fordi dei har grodd att i for lang tid. Framleis finst det likevel att ein god del biologisk verdfull kulturmark i

kommunen. Dette omfattar særleg

naturbeitemarker og kystlynghei, men også einskilde slåtteenger og andre kulturbetinga naturtypar. Eit stort antal raudlistearter er funne i kulturlandskapet her, særleg av sopp som trivst i

gamle, lite gjødsla enger. Solund skil seg ut frå dei fleste andre kystkommuner på Vestlandet ved at landskapet over store område fortsatt er ganske åpent og lite prega av attgroing, og med stadvis jamnt innslag av biologisk interessante miljø. Her kan difor fleire kravfulle kulturbetinga artar ha betre sjansar for å overleve på sikt enn andre stader.

Ferskvatn og våtmarker er det mange av i Solund, i form av små tjern og bekkedrag. Berre eit fåtal lokalitetar er likevel kartlagt så langt, av di dei fleste er fattige på næring og artar. Ein må likevel rekne med at betre undersøkingar, ikkje minst av vasstilknytta moser og insekt vil føre til at ein finn fleire verdfulle våtmarksmiljø.

Skog har det alltid vore heller lite av i kommunen. Nokre verdfulle og særprega skogsmiljø er likevel kartlagt, både av varmekjær lauvskog og kystnær furuskog. Ein må rekne med at det meste av skogen i Solund er av avgrensa interesse i ein større samanheng, men han kan vere viktig nok lokalt i eit skogfattig landskap. Det er likevel grunn til å rekne med at det finst fleire verdifulle skogsmiljø, særleg i indre delar av kommune som det står att å undersøkje.

Det er til slutt eit lite paradoks at ein kommune som er så prega av sjøen, berre har fått kartlagt ein einaste lokalitet knytt til dette miljøet. Ei viktig forklaring er nok at det meste av strandlina er omfatta av hardt berg, men heller dårlegare undersøkingar må også ta sin del av skylda.

Ved bevaring av biologisk mangfald i Solund er det grunn til å trekkje fram kommunen sitt ansvar for å ta vare på naturbeitemark og kystlynghei, men også knytt til kystnær skog og nordvendte kystberg er det kjent store verdiar.

Verdifulle naturområde

I alt er det påvist 57 verdfulle naturområde i Solund med grunnlag i DN (1999a) sitt system, sjå Figur 1. Dei fleste har vorte oppdaga under kartleggingane på 2000-talet. Nedanfor er områda fordelt etter naturtypar og verdi. Storleiken varierer mykje mellom lokalitetane.

(7)

Tabell 1

Verdifulle naturområde i Solund fordelt på naturtypar og verdi. A=svært viktig, B=viktig, C=lokalt viktig og U=uprioritert.

Naturtype Verdi

A B C U

Myr

Rasmark, berg og kantkratt

Sørvendte berg og rasmarker 1

Nordvendt kystberg og blokkmark 3

Fjell

Kulturlandskap

Slåtteenger 2 3 1 2

Slåttemyr 2

Naturbeitemark 8 6 3

Kystlynghei 5

Hagemark 1

Parklandskap 1

Store gamle trær 2 5

Artsrike vegkanter 1

Ferskvatn/ våtmark

Naturleg fisketomme innsjøer og tjern 1

Viktige bekkedrag 1

Skog

Rik edellauvskog 1 3 1

Kystfuruskog 3

Havstrand/kyst

Brakkvasspoll 1

Sum 19 24 12 2

Raudlisteartar i Solund

Opplysningar om karplanter, lav, moser og sopp i Solund er samla frå litteratur, herbarium,

databaser og eigne feltundersøkingar.

Kunnskapen om raudlisteartar i kommunen er ufullstendig. Dei nye undersøkingane dei siste par åra har særleg forbetra kunnskapen om sopp og dels lav, men sjølv for desse gruppene står nok enno mykje att. No er den best for sopp og planter (og virvelldyr), noko dårlegare for lav, og dårlegast for virvellause dyr og moser.

Feltarbeidet dei siste par åra fleirdobla både tal raudlistearter og tal funn. Det er likevel all grunn til å rekne med at nye undersøkingar kan auke kjente førekomster av raudlisteartar i kommunen monaleg.

Figur 1: Solund er prega av berg og grunnlendt mark. Dette landskapet på sørsida av Rånøyna er typisk i så måte. Foro: Geir Gaarder

(8)

Tabell 2

Førekomst av raudlisteartar i Solund kommune. Oversynet er ut frå data innlagt i Natur2000 våren 2006, med eit par supplement. Raudlistekategoriane er: E (direkte truga), V (sårbar), R (sjeldsynt) og DC (omsynskrevjande).

Raudlistekategori Antal funn Organisme-

gruppe

Artar

E V R DC funn

Karplanter 4 3 1 13+

Sopp 35 5 10 5 15 69

Lav 3 2 1 6

Sum 42 5 15 5 17 88+

Trong for nye undersøkingar

Sjølv om det i dei siste åra er samla mykje data om det biologiske mangfaldet i Solund, trengs det fortsatt meir kunnskap. I kapittel 5.2 og 7 er det lista opp i alt 16 lokalitetar det er god grunn til å tru inneheld spesielle kvalitetar, men der dette må undersøkjast betre. Det er i tillegg liten tvil om at mange verdfulle og dels også svært verdfulle naturmiljø framleis er heilt ukjent og står att å finne. Vi tilrår å prioritere framtidig

kartleggjingsarbeid på fleire felt.

Organismegrupper som det er særskilt viktig å fange opp innanfor typane er sett opp i parentes.

Supplerande kartlegging av verdfulle kulturlandskap. Dette gjeld både

naturbeitemarker, kystlynghei og slåtteenger (sopp, planter, insekt)

Registrering av intakte låglandsmyrer og rikmyrer (karplanter).

Supplerande kartlegging av varmekjære lauvskoger, samt gamal kystfuruskog på Losna og nordaustre delar av Sula.

Systematisk registrering av viltveksande barlind.

Registrering av nordvendte og fuktige berg og rasmarker (moser, lav).

Supplerande kartlegging av sørvendte, rike berghamrar.

Systematisk registrering av fisketome vatn (virvellause dyr), og søk etter næringsrike vatn (karplanter) og interessante bekkedrag (moser).

Kartleggjing av strandenger og brakkvassmiljø (karplanter).

Solund har mange særprega og verdifulle naturmiljø. Fortsatt mangelfull kunnskap om dei, fører til at vi rår kommunen til å prioritere høgt å fortsetje med kartlegginga av biologisk mangfold.

Inntil slike er utført bør kommunen vere varsam med å tillate nye store inngrep og bruksendringar.

(9)

Figur 2. Kart med oversikt over registrerte, verdifulle naturtypar i Solund kommune. Kartet er utarbeida av Helge Fjeldstad, Miljøfaglig Utredning.

(10)

1 Bakgrunn

I Stortingsmelding nr. 58 om berekraftig utvikling (Miljøverndepartementet 1997) har Stortinget vedteke at

«alle landets kommuner skal ha gjennomført kartlegging og verdiklassifisering av det biologiske mangfaldet på kommunens areal i løpet av år 2003».

Direktoratet for naturforvaltning har laga ei handbok til hjelp for kommunene i arbeidet (Direktoratet for naturforvaltning 1999a). Våren 2003 vedtok

kommunane i HAFS-regionen (Askvoll, Fjaler, Solund, Hyllestad og Solund) å gjennomføre denne

kartleggjinga. Til fagleg bistand i arbeidet knytta dei til seg Miljøfaglig Utredning som konsulentselskap.

Kontaktperson og ansvarleg for Solund kommune har heile tida vore Tor Arne Hauge i Solund, som også har hatt koordineringsansvaret for HAFS.

Kartleggjinga skal vere av lokalitetar med verdfulle naturtypar. Viktige utvalgskriterium er (Direktoratet for naturforvaltning 1999a):

 førekomst av raudlisteartar (artar på DN 1999b si liste over sjeldsynte og truga artar )

 kontinuitetsområde

 artsrike naturtypar

 sjeldsynte naturtypar

 viktig biologisk funksjon

 spesialiserte artar og samfunn

 naturtypar med høg produksjon

 naturtypar som går sterkt attende

På den andre sida har kartleggjinga ikkje som mål å:

 få ei total oversikt over alle kjente artar (vanlege artar vert ikkje registrerte)

 få total oversikt for alt areal (vanlege naturtypar vert ikkje registrerte)

 kartleggje artar (artar skal i fyrste rekkje registrerast innafor verdifulle naturtypar)

Kunnskapen om det biologiske mangfaldet i Solund har vorte bygd opp gjennom lang tid.

Denne informasjonen har vore spreidd på ulike institusjonar og kjelder, men Isdal (2000) samla og samanstilte mykje av det som har vore gjort.

Statleg og kommunal forvaltning har hatt

kjennskap til mykje av denne informasjonen, men ikkje alle kjelder har vorte fullt utnytta. Målet med dette prosjektet har vore å få ein supplert Isdal (2000) sitt arbeid, ikkje minst med resultat frå nye registreringar dei siste åra. Sjølv om dette har blitt gjort, er likevel kunnskapsmanglane fortsatt store.

Det er opplagt mange lokalitetar som ikkje er fanga opp, og sjølv innafor kartlagte område er

kunnskapen om artsmangfaldet ofte mangelfull.

Det krevst ein god del større kartleggjings- ressursar før Solund kommune har god nok kunnskap til å få ei forvaltning som tek vare på det biologiske mangfaldet.

Figur 3: Sandvik i Austrefjorden, ein idyllisk liten plass klemt inn i eit skar mellom blanskurte kystberg og med Alden i bakgrunnen. Eit karakteristisk landskapsdøme frå Solund. Foto:

Tor Arne Hauge

(11)

2 Metodar

Direktoratet for naturforvaltning (1999a) si handbok i kartleggjing av biologisk mangfald har vore rettesnor for arbeidet. Kva slags naturtypar som skal registrerast, verdsetjast og leggast fram, har vore styrt av metodane i handboka. Ho deler norsk natur inn i 7 hovudtypar og har valt ut 56 naturtypar innafor desse som skal prioriterast. Også handboka sitt verdsetjingssystem er følgt, samt at alle

lokalitetar er lagt inn i ein eigen database. Handboka vart revidert våren 2006, med ein del endringar i inndeling og grunngjeving for verdiar, noko som det i stor grad er teken omsyn til her. Som

databaseverktøy er NaturkartDA sin base Natur2000 brukt (grunnlagt på programmet

FileMakerPro). Datautvekslingsfiler frå Natur2000 er levert kommunen som ein del av avtala.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane v/Tore Larsen har digitalt kartfesta lokalitetane på økonomiske kart, og skal sende desse m.a. til kommunen.

DN har i si rettleiing lagt særleg vekt på at ein skal få fram eksisterande kunnskap og i mindre grad utføre nye undersøkingar. Dette vart følgt opp av Solund kommune gjennom Kjersti Isdal sitt prosjekt i 2000. Ho gjorde også noko feltarbeid, og vi supplerte dette ytterlegare både i 2003, 2004 og dels 2005.

Under feltarbeidet har det vorte samla inn belegg av nokre interessante artar som er oversendt botanisk museum i Bergen og Oslo.

Artsomtalar er ut frå vanleg, gjeldande namnsettjing og systematikk for dei ulike artsgruppene.

2.1 Innsamling av informasjon

Kunnskapskjeldene om det biologiske mangfaldet i Solund er summert i kapittel 8. Det er 3 hovedtypar kjelder:

 skriftlege kjelder

 personlege meldingar

 nye registreringar

Dei skriftlege kjeldene kan delast inn i:

 litteratur (verneplanarbeid, rapporter frå ulike forvaltningstilknytta prosjekt, referat frå utferder, ulike biologisk retta registreringsnotat, rapportar og artiklar)

 databaser (databasane til botanisk museum i Bergen og Oslo over sopp, lav og karplanter) Dei personlege meldingane er lista opp i kapittel 8.4, saman med ei oversikt over andre fagfolk som har vitja kommunen. Det dreier seg både om fagfolk busett utanfor kommunen og naturinteresserte frå Solund.

Nye registreringar gjennomførte i 2003, 2004 og 2005 gav både meir informasjon om kjente lokalitetar og fleire funn av nye, verdifulle område.

I kapittel 7 er det gitt eit oversyn over aktuelle lokalitetar som enno ikkje er lagt inn i databasen, fordi dei bør undersøkjast betre først.

2.2 Presentasjon

Prosjektet har gitt 3 hovedprodukt:

 Denne rapporten

Database oppbygd i Natur2000 med alle registrerte og prioriterte lokalitetar innlagt, med opplysningar om m.a. stad, verdi, kjente naturkvalitetar og kjelder

Digitale kart med innlagte lokalitetar Rapporten er bygd opp på tradisjonelt vis med forord, innhald, samandrag, innleiing, materiale og metodar samt framvising av resultat og kjelder.

Resultata omfattar:

 ein generell del om naturgrunnlaget og naturtypane i Solund

(12)

 ein spesiell del med utskrift av lokalitetane i databasen

 ein spesiell del som viser funn av raudlisteartar i kommunen.

Databasen er bygd opp ved hjelp av såkalla modular, der den grunnleggjande eininga er

lokalitetsbasen som fastlegg lokaliteten sitt namn og nummer, koordinatar for sentralpunkt i lokaliteten, samt hovudnaturtype,og kor nøyaktig ein har vore ved stadfesting m.v. Deretter kan ein gå inn i andre basar og leggje inn opplysningar om naturmiljø og artsmangfald, men ut frå lokalitetane brukt i lokalitetsbasen.

Naturtypebasen vert nytta for å leggje inn prioritert naturtype etter DN sitt system,

vegetasjonstypar, områdeskildring og forslag til skjøtsel og omsyn. Vanlegvis har vi også lagt inn ei vurdering av nøyaktigheit på avgrensinga av lokalitetane, samt grunngjeving av verdsettinga.

I tillegg kjem tre artsdatabaser. Viltbasen inneheld funn av virvelldyr, karplantebasen av karplanter og basen for andre arter tek for seg lav, mosar, sopp og virvellause dyr.

Desse basane fokuserer på artane, der det for kvart artsfunn kan førast inn opplysningar om lokalitet, funndato, finnar, mengd, kvalitetsvurdering m.m.

2.3 Verdsetting

Alle lokalitetar er verdsett etter Direktoratet for naturforvaltning (1999a) sitt system, som deler inn lokalitetane i viktige («B») og svært viktige («A») område. I tillegg kjem område av lokal betydning («C») som Direktoratet for naturforvaltning (1999c) har lagt til i etterkant av handbokarbeidet. I nokre få tilfelle er også uprioritert (”U”) nytta for lokalitetar der ein er for usikker til å setje nokon verdi.

DN har satt opp 5 kriterium for verdsetting av lokalitetane:

 storleik og utviklingsgrad (verdien stig med aukande areal og utviklingsgraden)

 grad av tekniske inngrep (tekniske inngrep reduserer verdien)

 førekomst av raudlisteartar (verdien auker med antal og omfang av trugsmål)

 preg av kontinuitet (verdien aukar med miljøet sin alder)

 sjeldsynte utformingar (nasjonalt og regionalt) Vi har prøvd å følgje rettleiinga frå DN ved verdsetting av lokalitetane så godt som råd. Dette for å få mest mogeleg like resultat mellom kommunane og uavhengig av kven som utfører arbeidet. Noko skjøn er likevel ofte naudsynt. Ein kan difor ikkje utelukke at andre fagfolk i nokre tilfelle ville ha sett ein andre verdiar på lokalitetane.

Førekomst av raudlisteartar er ofte eit vesentleg kriterium for å rekne ein lokalitet som viktig eller svært viktig, og i handboka til Direktoratet for naturforvaltning (1999a) har også raudlisteartar fått direkte verdi som viktige (artar i kategoriane omsynskrevjande og bør overvakast) eller svært viktige (artane i kategoriane direkte truga, sårbar og sjeldsynt). Raudlistekategoriane sin rangering og forkortingar er (med engelsk namn i parentes) :

Ex – utrydda (extinct) E – direkte truga (endangered) V – sårbar (vulnerable) R – sjeldsynt (rare)

DC – omsynskrevjande (declining, care demanding) DM – bør overvakast (declining, monitoring species)

For øvrig vil vi vise til Direktoratet for

naturforvaltning (1999b) si raudliste for nærare forklaring av inndeling, metodar og artsutval i den norske raudlista. Der er det også kortfatta omtaler av miljøa artane lever i og viktige trugsmål.

2.4 Ordforklaringar

Her følgjer korte forklaringar på ein del ord og uttrykk som av og til blir brukt ved kartleggjing av biologisk mangfald.

Beitemarkssopp: Marklevande sopp som er knytt til lite gjødsla og jordarbeidde grasmarker med

(13)

langvarig hevd. Dei har difor eit tyngdepunkt i utbreiinga i naturbeitemarker og naturenger.

Biologisk mangfald: Dette er mangfaldet av alt levande. Uttrykket skal omfatte både

variasjonen av naturtypar, av artar og mellom artar (genetisk variasjon). Det blir ofte fokusert sterkt på å ta vare på artsmangfaldet, men det er viktig å få med seg at vi også må ta vare på variasjonen av naturtypar, sjølv om desse ikkje alltid er spesielt artsrike eller inneheld truga artar , og at vi ikkje berre må ta vare på levedyktige bestander av ein art, men også den naturlege, genetiske variasjonen til arten.

Naturbeitemark: Gamal beitemark som er lite jordarbeidd, lite gjødsla og har vore i langvarig hevd. Dette er artsrike miljø der mangfaldet treng framleis tradisjonell skjøtsel for å overleve.

Natureng/slåtteeng: Gamle slåttemarker som har vore lite jordarbeidde, lite gjødsla og med langvarig hevd. Dette er artsrike miljø der framhald av tradisjonell skjøtsel må til for at mangfaldet skal overleve.

Naturtype: Naturtypar er eit praktisk, forvaltningsretta verktøy for å kunne dele inn naturen i eininger eigna til avgrensing og

kartleggjing. Direktoratet for naturforvaltning (1999a)

seier det slik i samband med den kommunale kartleggjinga: ”Naturtypene er et slags felles multiplum der en prøver å fange opp alle de viktigste variasjoner på økosystemnivå”.

Inndelinga er grunnlagt på biologi, men er utan nokon einskapleg naturfagleg basis. Det faglege grunnlaget og vinklinga på dei kartlagte naturtypane varierer difor. Vi må rekne med at inndeling og system kan bli endra etter kvart som det blir betre kunnskap og erfaring med systemet.

Raudliste: Sjå eiga oversikt i kapittel 2.3.

Raudlister gjev ingen fasit for status til artsmangfaldet og dei fangar ikkje opp heile variasjonen til det biologiske mangfaldet. Dei har likevel vist seg å få svært stor gjennomslagskraft i miljøforvaltninga i dei seinare åra, m.a. fordi dei er oversiktlege, konkrete, dei rangerer artane og dei gjev høve til å samanlikne artar og område.

Signalart: Ein art som indikerer miljø med høge naturverdiar.

Vegetasjonstypar: Dette er samfunn av planter som stiller ganske like krav til næring og råme, og dei same artane går att der desse tilhøva finst. Sjå Fremstad (1997) for nærare forklaring og

oppbygging av kartleggjingssystemet.

(14)

3 Naturgrunnlaget

Her legg vi fram grunnlaget for kunnskapen om det biologiske mangfaldet i Solund.

3.1 Historisk utforsking av Solund

Solund har eit svært særpega landskap, men er ikkje av av dei kommunane i Sogn og Fjordane som er best kjent for sitt biologiske mangfald. Sjølv om kommunen ligg tungt tilgjengeleg har det likevel vore fleire fagfolk som har vitja kommunen opp gjennom åra og ganske mykje av interesse er funne.

Geografisk har undersøkingane vore ganske godt fordelt over kommunen, med registreringar både på dei store øyane i midtre/indre delar og på øyværa ut mot havet. Naturfagleg sett er

kunnskapen noko dårlegare fordelt. Hovuddelen av registreringane har retta seg mot karplanteflora og fugl. Sopp, lav, moser og virvellause dyr har fått mykje meir tilfeldig og mindre merksemd.

Undersøkingane har også vore fordelte på ulike på hovudnaturtypar. Mest merksemd har lyngheiar og andre kysttilknytte miljø i ytre delar fått.

Dårlegast undersøkt er nok fjellet, men også frå myr, ferskvatn, havstrender og liknande er det overraskande få data. Kulturlandskap og skog er derimot noko betre stilt. Samla sett veit vi no ein del om hovudtrekka i naturtilhøva i kommunen, men det står nok att fleire klare hol.

1800-1960

Ein av dei største botanikarane i det 19. århundret – Axel Blytt – undersøkte floraen utover Sognefjorden alt på 1800-talet. Han kom i 1865 også innom Solund og registrerte ei rad stader i kommunen. I alt reknar han opp 12 ulike plassar (Blytt 1869);

Leknessund, Buskøyna, Færøyna, Lågøyna, Olderøyna, Olderkalven, Inderøyna, Straumsneset, Kolgrov, Steinsundøyna, Tungodden og

Kråkevågen. For karplanter vart m.a. viktige delar av kommunen alt brukbart undersøkt før 1900.

I neste omgang er det god grunn til å trekke fram Torkjel Lillefosse, som hadde fleire turar til kommunen på 1920-talet., særleg i 1925. Han var ein av dei mest aktive karplantesamlarane på Vestlandet i forrige århundret, og gjorde fleire interessante registreringar i ytre delar av

kommunen, m.a. på øyane i Utvær og Indrevær, samt på Losna i 1927. I tillegg samla han også ein god del lav og nokre mosar i kommunen (om enn mest vanlege artar).

For mosar er det nok større grunn til å trekkje fram E. Jørgensen, som hadde eit par turar til kommunen i først på 1920-talet. Han fann da m.a.

fleire uvanlege og fuktkrevjande moseartar på sentrale delar av Sula.

Vidare fram mot 1960-talet var det berre nokre spreidde vitjingar av fagfolk, m.a. av Knut Fægri i 1951.

1960-2001

Kunnskapen om naturen i Solund og omfanget av undersøkingar har auka ein god del dei siste ti-åra.

Det er nok særleg i kulturlandskap det har vore registrert, men også noko i skog og andre naturtypar, tilknytta ulike arbeider med forvaltning og vern, samt på fritida og tilknytta forskning.

I kulturlandskapet er det i grunn til å trekkje spesielt fram at ein av våre største soppekspertar – Sigmund Sivertsen, var busett som lærar i

Hersvikbygda i fleire år frå slutten av 1950-talet til eit stykkje ut på 1960-talet. Dei mest grundige undesøkingane av beitemarkssopp i Noreg, før dei meir omfattande kulturlandskapsregistreringane fra 1990-talet, vart då gjort av ham i og rundt Hersvik, med funn av fleire både nasjonalt og internasjonalt sjeldne og truga artar (diverre ser desse miljøa no ut til å vere attgrodde og er i ferd med å gå tapt).

(15)

I neste omgang kjem Høgskulen i Sogn og Fjordane sin meir generelle kulturlandskaps- kartleggjing (Westbye 1991), samt dei siste 4-5 åra av Geir Gaarder og Finn Oldervik frå Miljøfaglig Utredning. Det har også vori nokre undersøkingar av andre, som Eli Fremstad og Reidar Elven i 1993 og 1994. Noko uventa vart ikkje kommunen med i dei store lyngheiundersøkingane på

Vestlandet på slutten av 1980-talet (Fremstad et al.

1991), på tross av at kommunen har nokre av dei største og mest intakte lyngheiane i fylket.

I skog er det i fyrste rekkje to område som har vore studert. Den rike lauvskogen på Mjåta vart kjent blant norske botanikere på 1980-talet, da Jørn Erik Bjørndalen svært overraskande fann

kongsbregne der. Også andre har vitja staden, og fleire spanande funn er gjort. Det andre området har derimot fattig kystfuruskog og ligg rundt

Engevikvatnet og Krakksfjellet nordaust på Sula.

Her var både Bjørn Moe, Johannes Anonby og Geir Gaarder rundt 1990.

For øvrig må ein nok seie det har vore noko tynt med registreringar i kommunen. Det føreligg berre eit fåtal, spreidde turar som er dokumentert frå fagfolk, og fleire naturtyper har vi til dels

overraskande lite kunnskap om. Dette gjeld m.a.

både havstrand og brakkvassmiljø, vatn og vassdrag, samt myr. Lite systematisk er gjort her.

Det same gjeld fjellet, der det vel knapt har vori fagfolk dei siste 50 åra.

Den kommunale kartlegginga av biologisk mangfald har nok betra kunnskapen noko, gjennom arbeidet til Kjersti Isdal i 2000, og sidan av

Miljøfaglig Utredning i perioden 2003-2005, men også dette har særleg retta seg mot

kulturlandskapet og i liten grad andre naturtypar. Det har likevel gjennom dette arbeidet kome fram mykje viktig informasjon om dei biologisk kvalitetane som finst i Solund, der ikkje minst kommunen sin verdi for å ta vare på kystlyngheiar og naturbeitemark i regionen er dokumentert.

Samtidig har ein fått ei betre sammenstilling av kva

som har vore registrert i kommunen opp gjennom tidene.

3.2 Klima og geologi

Topografi

Solund er den einaste kommunen i fylket uten fastland, men berre med øyer av ulik storleik. Sula er den dominerande øya, med Krakhellenipa i aust på 569 m o.h. som høgaste punkt. Også

Pollatinden på 541 m o.h. i vest stikk godt opp. Dei andre større øyane er Ytre Sula, Rånøyna og Steinsundøyna vest for Sula, Nesøyna på sørsida, Losna på austsida, og Ospa og Færøyna i

nordvest. I tillegg er det ei rad mindre øyar.

Generelt er landskapet svært oppskåre, med mange små fjorder, bukter, tronge dalganger og bratte berghamrar. I så måte har kommunen ikkje sin make i Noreg og terrenget kan vere svært uoversiktleg mange stader. Store flater finst knapt, det nærmaste ein kjem er litt større parti med myr, hei og dels engmark på fleire av øyane i nordvest (inkludert Gåsvær), men sjølv her er det sjeldsynt med slike flate parti på meir enn et par hundre dekar.

Tabell 3

Nokre arealtal (i km2) for Solund kommune (ut frå arealstatistikk til Fylkesmannen si landbruks-avdeling og Statens kartverk).

Tema Areal

0-160 m o.h. 186 160-300 m o.h. 28 Fordeling i høgdelag

(ferskvatn er ikkje

med) 300-600 m o.h. 14

Jordbruksområde 4 Drivverdig skog 15 Herav kulturskog 4

Ferskvatn 8

Naturmiljø

Myr 4

Totalareal Landareal +

ferskvatn

228 Berggrunn og lausmassar

(16)

Det geologiske kartet over Måløy (Kildal 1970) dekkjer mesteparten av Solund. Kartet syner at det aller meste av kommunen er dekt av devonske bergartar, spesielt konglomerat. Denne er hard og gir oftast berre grunnlag for svært nøysam vegetasjon, om det da ikkje er mest berre lav og moser som veks direkte på berget, utan

lausmassar i det heile. Biletet er likevel ikkje så einsarta, då det tydeleg kan vere innslag av vesentleg rikare berg som små årer/sprekksoner m.v., noko spreidde funn av kalkkrevjande karplanter viser.

I tillegg finst det litt rikare berggrunn med gabbro fleire stader, særleg på nordre delar av dei store øyane i kommunen. Klart rikare berggrunn er det derimot i eit smalt belte på sørsida av Sula (ved Mjåta) og på sørlege delen av Losna, truleg mest glimmerskifer. Dette visest då også tydeleg att i floraen, med et høgt innslag av kravfulle og varmekjære planter begge plassar.

Det er generelt lite lausmassar i Solund, og innslaget av bart fjell, stein og grunnlendt mark er høgare enn i dei fleste andre kommunar i Norge.

Tynne morenelag, forvitringsmateriale, skredjord, torvavsetninger og marine avsetninger finst likevel mange stader, men dei dekkjer aldri store areal. I staden opptrer dei mest i smale dalgangar, bukter og flekkvis i flatare terreng.

Klima

Solund er den vestlegaste kommunen i landet.

Nærleiken til havet pregar da også klimaet i vesentleg grad.

Kommunen ligg et stykke ut frå fjellmassiva inne på fastlandet. Nedbørsmengdene vert difor ikkje så store, i det minste samanlikna med nabokommunane. Tal dagar med nedbør i året er likevel nesten like mange, og ligg jamnt over 220 dager i året. Saman med den råmen som havet fører med seg, gjev dette grunnlag for førekomst av

fleire fuktighetskrevjande artar av både lav, mosar og bregner. Eksempel på slike er prikklav, purpurmose og hinnebregne, alle kravfulle og uvanlege til sjeldsynte kystartar.

Lokalt god berggrunn og den vestlege

plasseringa fører samtidig til at ein del kystbundne, men meir varmekjære planter finst i kommunen.

Einskilde, som kongsbregna, har her isolerte nordlege utpostlokalitetar. Andre, som skjoldblad og grisnestorr, er sjeldsynte eller manglar heilt lenger nord.

Tabell 4

Klimatiske og vegetasjonsgeografiske data for Solund kommune.

Tema Utbreiing Kjelde

Nedbør 1500-2000 mm i året

Ytre delar av Sula og øyane vestafor 2000-2500 mm i

året

Indre delar av kommunen

Førland &

DNMI 1993

Temper-atur +2 o til 0 o i januar Omtrent heile kommunen

Aune &

DNMI 1993 +12 o - +14 o i juli Omtrent heile

kommunen Vegetas-

jonssone*

Boreonemoral Det mest av kommunen Moen 1998

Alpin Høgareliggande deler (over 200-300 m o.h.) Vegeta-

sjons- seksjon

Sterkt oseanisk, vintermild under- seksjon (O3t)

Det meste av kommunen

Moen 1998

Sterkt oseanisk, humid under- seksjon (O3h)

Austsida av Losna

*- Det vanlege er at dei boreale vegetasjonstypane går gradvis over mot snaufjellet (alpin vegetasjon), men ut mot kysten blir dei så samantrekte, at typisk mellom-, nordboreal og, som i Solund også sørboreal vegetasjon, langt på veg manglar.

(17)

4 Hovudnaturtypar

Solund har alle dei 7 hovudnaturtypane som Direktoratet for naturforvaltning (1999a) bruker:

1–myr, 2–rasmark, berg og kantkratt, 3-fjell,

4–kulturlandskap, 5–ferskvatn/våtmark, 6–havstrand/kyst og 7–skog.

Tabell 5

Oversikt over hovudnaturtypane i Solund kommune, med framheving av viktige område og naturtypar. I tillegg er det sett fram framlegg til kartleggjing for å betre kunnskapen og utarbeide forvaltningsplanar for spesielt viktige område.

Hovudnaturtype, tilstand og status for registreringer Oppfølging Myr

Det er heller lite myr i Solund, på tross av at kommunen ligg ut mot kysten og har eit gjennomgåande fuktig klima. Mykje småkupert terreng med berg i dagen er ei viktig årsak.

Det er ikkje avgrensa prioriterte myrmiljø i kartlegginga, men innslag av verdifull rikmyr er påvist eit par plassar innanfor lokalitetar der andre hovudnaturtypar er meir framtredande. Dette gjeld t.d.

Mjåta, der det er rikmyrsig med innslag av sjeldsynte og kravfulle artar som grisnestorr og vill-lin. Ein annan stad er ved Steinsund, der m.a.

hjartegras er funne. Det er all grunn til å tru at det finst fleire slike små rikmyrsig rundt omkring i kommunen. Sjølv om desse rikmyrene er små, har kartleggjingar vist at dei kan innehalde fleire regionalt sjeldsynte planteartar, og dei er difor viktige å få registrert og teke vare på.

Det er også mogeleg det kan være myrparti som både er store nok og lite nok påverka til at det kan kartleggjast som verdifull kystmyr, kanskje helst på Ospa og Færøyna. Spesielt store verdiar i så måte er det likevel lite sannsynleg at Solund har.

 Alle førekomster (sjølv svært små) av rikmyr bør kartleggjast.

 Ospa og Færøyna bør sjekkast om dei kan ha intakt kystmyr.

 Kommunen bør i størst mogeleg grad unngå grøfting og tilplanting av myr.

Rasmark, berg og kantkratt

Solund har mykje berg og kantsoner mot berg, medan det er mindre med rasmark. Det er avgrensa ein lokalitet med sørvendt berg og rasmark. Dette er Strandanova (lok 26), som har fått lokal verdi. Det er grunn til å tru at det kan finnast andre og kanskje meir verdifulle slike miljø i kommunen, kanskje særleg i dei bratte, til dels lite tilgjengelege liene på sør- og austsida av Sula og Losna.

Av nordvendte kystberg og blokkmark er det avgrensa tre lokalitetar, alle med verdi svært viktig. Lokalitetane er små og ikkje utprega artsrike, men det er funne til dels nokså høgt raudlista kystbundne lavartar her. Det er svært sannsynleg at nokre fleire slike miljø finst i kommunen, kanskje særleg i midtre og ytre delar, på litt skjerma stader nær sjøen.

 Ein bør utføre ei systematisk

kartleggjing av berghamrar nær sjøen, særleg på søk etter kravfulle og raudlista lavartar, men i nokon grad også mosar, bregner og andre karplanter.

 Godt beskytta, spesielt fuktige bergskorter og grov blokkmark bør kartleggjast m.a. på Sula og ?? (Skorpa er i Hyllestad), for betre å klarleggje kor verdfull moseflora som finst der.

 Kommunen bør vere varsam med å tillate inngrep, som t.d. hyttebygging, i

(18)

I tillegg viser fleire funn av den kystbundne hinnebregna og eit par utprega råmekrevjande moseartar (som purpurmose) at det sannsynlegvis også er førekomstar av meir beskytta, tronge kløfter, blokkmark og liknande, med ein artsrik og verdfull moseflora. Slike lokalitetar finn ein helst på litt høgare nivå (særleg 50-300 m o.h.

truleg) på dei litt større øyene i kommunen.

tillate inngrep, som t.d. hyttebygging, i kupert terreng med bratte bergveggar og store steinblokker, inntil betre kartlegginger er utført.

Fjell

Det er for så vidt mykje fjell i Solund, men ingen spesielt verdfulle lokalitetar er så langt kjent. Sidan denne hovudnaturtypen også er ganske dårleg kjent, er det usikkert kor store verdiar det eigentleg er knytt til fjellnatur i kommunen. Truleg er det meste av dei

høgareliggjande delane av kommunen prega av artsfattig berg, men ein kan ikkje utelukke at det finst mindre parti med meir rik berggrunn også på høgare nivå, der kravfulle artar kan vekse. I tillegg er det klårt at sjølv dei meir vanlege fjellplantane kan ha plantegeografisk interessante utpostlokalitetar mot havet i vest i Solund.

 Skulle det bli påvist førekomster av kalkkrevjande fjellplanter eller andre kravfulle og regionalt sjeldsynte fjellplanter i kommunen, er det viktig å ta vare på desse. Folk som går i fjella i kommunen bør vere oppmerksame på dette og melde i frå om dei t.d. finn artar som raudsildre, fjellsmelle og reinrose.

Kulturlandskap

Det er ikkje mykje dyrka mark i Solund, berre nokre små flekkar hist og her. Bruka er difor for det meste små og ligg spreidd i bukter,

fjordarmar og ute på øyane. Nokre jordbruksbygder finst ikkje. Mange stader har bruka vorte lagt ned i nyare tid og attgroing pregar landskapet fleire stader. Dei stadig aukande krava til lønsemd og stordrift, saman med ulike sentraliseringstrender må ta skulda for dettte. Det er likvel overraskande mange stader der bruken framleis blir halden oppe, og fleire stader har det til og med vore rydda beitemark og teken opp at skjøtsel av lyngheier som har fått gro att i ein del år.

Samanlikna t.d. med nabokommunen Gulen er difor dei negative utviklingstrekka mindre tydelege her, og kanskje spesielt gjeld dette for dei biologiske verdfulle elementa. Ganske sikkert er Solund ei av dei viktigaste kommunane på kysten i regionen (frå midtre delar av Hordaland og nordover mot Stadt) når det gjeld bevaring av biologisk mangfald i kulturlandskapet.

Kommunen har fortsatt att ein god del lokalitetar og ganske store areal med både naturbeitemark og skjøtta kystlynghei. Viktige område er m.a. registrert på Steinsundøyna og nordvestre delar av Sula, men mange fleire finst rundt omkring. Dei fleste er prega av den fattige, grunnlendte marka, men det er også innslag at tydeleg meir kalkrike parti med tilhøyrande kravfulle artar, samt at innslag av kystbundne og ofte noko varmekjære artar er jamnt til stades. Ei rad raudlista

beitemarkssopp er funne på desse lokalitetane, samt fleire sjeldsynte planteartar. I tillegg fører denne bruken, i kombinasjon med dei små gardsbruka, til at landskapet i større grad opprettheld ein ganske fin variasjon i kulturtilknytta naturtyper. Medan det vanlege i andre kommunar er at dei verdifulle kulturlandskapsmiljøa nesten alltid ligg som små øyer i eit for øvrig ueigna landskap for artane som lever der, er det grunn til å tru at dei har mykje betre sjanser for å klare seg over tid i det godt beita og samtidig gjennomgåande åpne landskapet som

 Kommunen sitt klare regionale ansvar for bevaring av naturbeitemark og kystlynghei, gjer at det bør utarbeidast ein særskild plan for å oppretthalde det biologiske mangfoldet i desse

naturtypane. Dette inneber at

eksisterande lokalitetar må takast vare på, og at ein bør få opp at skjøtselen på lokalitetar som ikkje har vore for lenge utan drift.

 Det bør gjennomførast fleire og meir grundige biologiske kartleggingar av beitemarker og lyngheier i kommunen.

Ein bør leggje særleg vekt på karplanter og beitemarkssopp, men også insekt kan vere av interesse fleire stader.

 Ein bør sjå spesielt på om det er mogeleg å restaurere nokre av dei tidlegare svært verdifulle beitemarkene i Hersvikbygda.

 Ein bør kartlegge om det kan finnast fleire verdfulle slåtteenger (og eventuelt slåttemyrer) i kommunen.

 Det er viktig å ta vare på alle middelaldrande og gamle tre i kulturlandskapet av naturleg heimehøyrande treslag, som eik, ask, bjørk og osp, medan innførte treslag som ulike granartar og platanlønn med fordel vert fjerna.

(19)

tid i det godt beita og samtidig gjennomgåande åpne landskapet som framleis pregar store delar av Solund. Her er både intensivt drevne jordbrukslandskap og store skogsområde framleis mangelvare.

Det finst også fleire andre verdfulle kulturmarkstypar i kommunen.

Det er registrert ein del slåtteenger, nokre restar av slåttemyr, samt lokale innslag av store gamle tre, parklandskap og hagemark. Desse er nok i ein nasjonal målestokk mindre viktige, men er med på å auke variasjonen i verdifulle kulturlandskapsmiljø i kommunen og betre vilkåra for artane som er knytt til dette landskapet.

fordel vert fjerna.

Ferskvatn/våtmark

Kommunen har eit uttal små vatn og vassdrag, men ingen store. Sjølv om fleire av desse har biologiske verdiar, m.a. som leveområde for laksefisk, fell dei stort sett utanfor lokalitetane som skal kartleggjast i dette prosjektet. Til det er dei for næringsfattige, djupe og/eller renn over bart fjell eller grov grus og stein. Berre eit par lokalitetar er difor fanga opp.

Omtrent alle tjern og innsjøar ser ut til å vere overvegande oligotrofe (næringsfattige og med klart vann) eller dystrofe (humusrike myrtjern). Middels kalkrike eller næringsrike tjern og vassdrag er så langt ikkje kjent. Berggrunnen tilseier da også at slike manglar, så sant ikkje forureining kan ha ført til merkbar auke i næringsinnhaldet. Sjølv om slike fattige og/eller humusrike våtmarksmiljø også for det meiste har eit fattig og trivielt artsmangfald, kan det dukke opp meir kravfulle artar hist og her. Dette gjeld t.d. oseaniske, sjeldsynte mosar. Det er også grunn til å tru at mange små vassansamlinger er uten fisk, noko som fører til eit rikare liv av virvellause dyr, med potensiale for kravfulle og sjeldsynte artar. Slike miljø vil vere av særleg interesse i låglandet, men også i nokon grad på meir høgareliggjande stader.

Det kan også vere at einskilde meir sjeldsynte artar som likar dårleg frost og kulde, og samtidig er noko varmekjære, kan ha interessante utpostforekomster i ytre delar kommunen. Skjoldblad, med nordgrense i Solund, er eit døme på ein slik art.

 Alle naturleg fisketome vatn bør kartleggast, sjølv om dei er små og til dels kan turke ut på sommaren. Ein bør samstundes undersøkje mangfaldet av virvellause dyr knytt til desse miljøa.

 Det bør undersøkast betre om det kan finnast litt meir næringsrike vatn, viktige bekkedrag eller andre verdifulle våtmarksmiljø i kommunen.

 Mosefloraen i ein del bekker bør undersøkast for å klarlegge om det kan vere verdiar knytt til dette elementet i kommune.

Skog

Det er ikkje mykje skog i Solund, men det er likevel til dels store verneverdiar knytt til det som finst, og også nokre konfliktar. To av desse områda – Kraksfjellet og Mjåta - har vore vurdert som naturreservat.

Skogen i Solund er biologisk interessant, ikkje minst fordi den ligg så langt mot vest, men også fordi det er innslag både av gammal og av relativt rik skog. På Mjåta, sørsida av Losna og einskilde andre små plassar finst det restar av rik edellauvskog med mange varmekjære artar. Fleire av desse er sjeldsynte, som t.d. småasal, som berre veks nokre få stader langs Sognefjorden og i Nordland.

Furuskogen på nordaustre del av Sula er til dels ganske gammal (kanskje finst det også litt slik skog på Losna, men denne er ikkje nærare undersøkt) og samtidig vekseplass for ulike kystbundne artar.

For øvrig veks det både i furuskog og lauvskog, og dels også i meir åpne landskap, eit par andre interessante treslag i Solund. Ein tenkjer

 Ein bør undersøke betre om det kan finnast meir varmekjær lauvskog i kommunen, truleg særleg rundt Kråkevåg og austover mot Krakhella på Sula, samt på Losna. Både karplanter, lav, moser og sopp er av interesse.

 Ein bør kartleggje betre den gamle kystfuruskogen på Losna, og på nordaustre del av Sula, både under Krakhellenipa og ut mot Krakksnova.

Ikkje minst bør mosar undersøkjast, men i nokon grad også karplanter og lav.

 Alle førekomstar av barlind bør registrrerast og takast vare på.

(20)

åpne landskap, eit par andre interessante treslag i Solund. Ein tenkjer da på kristtorn, eit eviggrønt lauvtre som dårleg tåler frost, og barlind som er noko kalkkrevjande og ofte sterkt utsett for beite frå hjortedyr.

Begge artane er sjeldsynte i regionen, men finst spreidd i Solund.

Det finst også litt meir ordinær, naturleg skog i kommunen, som yngre furuskog og lauvskog av ulik alder med lite varmekjære planter.

Også desse kan ha verdi, særleg lokalt, sidan det er generelt lite skog i kommunen. Her kan dyr finne ly og fuglar hekkeplass.

Til slutt må ein trekkje fram innslaget av innførte og planta treslag.

Når ein skal ta vare på det biologiske mangfaldet vert slike sett på som negative innslag, sjølv i skogfattige landskap, fordi dei lett fortrengjer dei naturlege, stadeigna artane. Heldigvis er det ikkje planta så mykje av slike treslag, som sitkagran og platalønn i Solund, men hist og her førekjem dei likevel.

registrrerast og takast vare på.

 Ein bør ikkje plante inn meir av ulike granartar og platanlønn i kommunen, men heller søkje å fjerne det som alt finst og særleg der treslaga spreier seg.

Havstrand/kyst

Det er nok ikkje så mange kommunar i Sør-Noreg med lengre strandsone enn Solund. Da er det nestan eit paradoks at det knapt er registrert verdifulle naturmiljø knytt til denne sona. Ein viktig årsak er nok at det for det aller meste er lite lausmassar og stort sett berre bart fjell som fell rett ned i sjøen.

Det er nok likevel grunn til å tru at det finst ein del verdifulle naturmiljø i strandsona likevel. Ein liten brakkvasspoll er registrert, men kart viser at det bør vere ein del fleire slike. Strandenger er det nok lite av, men dei finst hist og her, og har om ikkje anna lokal verdi.

Ein bør også rekne med at det finst viktige straumar og kanskje også korallrev m.m. lenger ute i sjøen, sjølv om dette delvis fell utanfor denne naturtyperkartlegginga.

 Det bør gjennomførast ei meir systematisk kartlegging av brakkvassmiljø i kommunen.

 Det som finst av strandenger bør registrerast og takast vare på.

 Det bør setjast i verk ei generell kartlegging av verdfulle marine område (etter eiga handbok).

(21)

Figur 4: Sørsida av Sula har frodig lauvskog på god berggrunn. Her har det vore mykje meir ope tidlegare, men mindre beitetrykk har ført til at det gror att. Heldigvis har grunneigarane i det siste vist interesse for å få inn fleire beitedyr her, noko som vil vere positivt for det biologiske mangfaldet. Foto: Tor Arne Hauge.

(22)

5 Lokalitetar

5.1 Nye lokalitetar

Databasen over verdifulle naturområde i Solund kommune omfatter ved sluttføring av rapporten 57 lokalitetar. Isdal (2000) hadde i si kartlegging i alt 63 lokaliteter, men 20 av desse er teken ut av ulike årsaker, sjå tabell 7. I Fylkesmannen sin Naturbase (EDNA) frå 1992 ligg det inne 67 lokaliteter, men dei fleste av desse er

viltlokaliteter (særleg hekkeplassar for sjøfugl).

Av dei som no ligg inne i databasen Natur2000 til Solund kommune, har dei fleste vorte registrert anten av Kjersti Isdal eller Miljøfaglig Utredning. I tillegg kjem ein del

kulturlandskapsmiljø kartlagt av Siv Westby, samt ulike lokalitetar frå spreidde andre kjelder.

Det er heller dårleg spreiing på typar lokalitetar. Det aller meste er kulturlandskap, særleg naturbeitemark, men også ein del slåtteenger, kystlynghei og store gamle tre. I tillegg kjem nokre skogsmiljø (rik edellauvskog og

kystfuruskog), samt eit par nordvendte kystberg.

Ellers er det berre snakk om ein og annan lokalitet frå ferskvatn og havstrand, og ingen myrar. Dette er nok delvis i samsvar med korleis

naturverdiane fordeler seg i kommunen, men i nokon grad ligg årsaken i korleis

kartleggingssatsinga har vore innretta.

Nedanfor er alle lokalitetar lista opp (tabell 6), saman med opplysningar om naturtype, naturverdi og om det er gjort artsregistreringar i området. Opplysningane er ut frå data i

Natur2000. For å få meir detaljert informasjon om lokalitetane må ein gå inn i databasen. Ein systematisk og detaljert gjennomgang av kommunen ville nok ført til at tal lokaliteter hadde vorte fleirdobla. Det står med andre ord enno att ein god del å kartleggje. I kapittel 7 og dels også tabell 7 som kjem etter, er det kome med framlegg om kor nye undersøkingar bør gjerast.

Tabell 6

Registrerte lokalitetar med spesiell naturverdi i Solund kommune, sortert etter naturtype og verdi. Ein prikk i rubrikk for ”andre” tyder at det er gjort funn på lokaliteten av andre artsgrupper, vanlegvis sopp, moser og lav. Lokalitetene med ”nordvendt kystberg og blokkmark” står i basen som ”andre viktige

førekomster” av datatekniske årsaker.

Hovudnaturtype rasmark, berg og kantkratt

Artsregistreringar

Nr Namn Naturtype Verdi Vilt Planter Andre

26 Strandanova Sørvendte berg og rasmarker C •

2 Bukkevika sør Nordvendt kystberg og blokkmark A •

6 Stokkevåg Nordvendt kystberg og blokkmark A • •

9 Avløypet Nordvendt kystberg og blokkmark A •

Hovudnaturtype kulturlandskap

25 Tungodden nord Slåtteenger A •

27 Gåsvær - innmark Slåtteenger A •

28 Steinsund - innmark Slåtteenger B

30 Lågøy - innmark Slåtteenger B

(23)

31 Tverranger Slåtteenger B

29 Nessa Slåtteenger C

32 Ødejord Slåtteenger U

33 Humledalen Slåtteenger U

34 Straumen Slåttemyr A

35 Saltskoren Slåttemyr A

1 Steindalgjerdet ved Bukkevika Naturbeitemark A • •

4 Trovågen Naturbeitemark A • •

7 Råke Naturbeitemark A • •

10 Stroka Naturbeitemark A • • •

13 Elvaneset Naturbeitemark A • •

17 Losnegard - langs sjøen Naturbeitemark A • •

22 Hardbakken nord Naturbeitemark A • •

24 Tungodden sør Naturbeitemark A • •

3 Ekrevatnet nordaust Naturbeitemark B • •

8 Råkeneset Naturbeitemark B •

14 Hersvik Naturbeitemark B • •

19 Einehaugane Naturbeitemark B • •

36 Gåsvær - utmark Naturbeitemark B

37 Strandaneset Naturbeitemark B

5 Husefjellet aust Naturbeitemark C •

18 Losnegard - sommarfjøsmarkane Naturbeitemark C •

20 Nedrelia Naturbeitemark C • •

12 Drengenesstien ved Strandanova Kystlynghei B • •

39 Steinsund - utmark Kystlynghei B • •

40 Kolgrov sør Kystlynghei B • •

41 Lågøy - utmark Kystlynghei B •

42 Rånøyna sør Kystlynghei B •

50 Færøyna - allé Parklandskap C

38 Ravnøy Hagemark B

43 Pollevika Store gamle trær B

48 Losnegard - gamle tre Store gamle trær B

44 Kråkåsen Store gamle trær C

45 Strand Store gamle trær C

46 Færøyna - gammel selje Store gamle trær C

47 Krokihåjen (Eikjehaugen) Store gamle trær C

49 Kråkevåg Store gamle trær C

16 Krakhella Artsrike veikanter B • •

(24)

Hovudnaturtype ferskvatn/våtmark

11 Valen aust Viktige bekkedrag B • •

51 Lauvvikvatnet

Naturlig fisketomme innsjøer og

tjern B

Hovudnaturtype skog

21 Losnalia Rik edellauvskog B •

23 Kråkevågen - Kråkåsen Rik edellauvskog B

53 Mjåta Rik edellauvskog B •

56 Losna - austsida Rik edellauvskog B

52 Kleven ved Kråkevåg Rik edellauvskog U •

15 Dingedalen Kystfuruskog A • • •

54 Engevik Kystfuruskog A • •

55 Krakksfjellet Kystfuruskog A • •

Hovudnaturtype havstrand/kyst

57 Råkepøyla Brakkvannspoller B •

Figur 5: Steindalen/Bukkevika på austsida av Daløyna. Her finst verdfulle restar av gamal beitemark som fortsatt vert halden i ganske god hevd, av den absolutt viktigste kulturlandskapsforvalteren i Solund – sauen.

Foto: Geir Gaarder

(25)

5.2 Endring i høve til tidlegare registreringar

Isdal (2000) la i si tid inn 63 naturtypelokalitetar i ein utgåve av Natur2000 for Solund kommune.

Sjølv databasen har blitt borte, men utskrift av den er brukt som grunnlag for å byggje opp ein ny database til kommunen (jfr. kapittel 2 og 5.1).

Stort sett er Isdal (2000) sine lokalitetar og skildringar vidareført i den nye basen, med

referanse til hennar registreringar eller

primærkilder, men nokre avvik er gjort. Nedanfor er det i tabellform gjeve ei kort grunngjeving for kvifor nokre av hennar lokalitetar ikkje er teke med no.

Tabell 7 Kort grunngjeving om kvifor nokre av Isdal (2000) sine lokalitetar ikkje er tekne med i den nye utgåva av Natur2000 for Solund. ”Isdal (2000)” oppgir nummer i hennar kartlegging. Ein ”*” etter lokalitetsnamnet fortel at den bør undersøkjast på ny.

Namn Isdal (2000) Kommentarar

Ravnøy 2048 Isdal (2000) baserte seg på Westby (1991). Ut frå skildringa verkar den for oppgjødsla til at den bør vere med som prioritert naturtype.

Enstad* 2052 Isdal (2000) baserte seg på Westby (1991). Dagens tilstand og kvalitetar er for dårleg dokumentert til at den bør vere med. Må eventuelt sjekkast ut på ny i felt.

Skarnagel* 2053 Isdal (2000) baserte seg på Westby (1991). Dagens tilstand og kvalitetar er for dårleg dokumentert til at den bør vere med. Må eventuelt sjekkast ut på ny i felt.

Litle- Færøy*

2071 Isdal (2000) undersøkte lokaliteten for seint i sesongen til å kunne gje nokon god skildring og grunngjeving av verdi. Må difor sjekkast ut på ny i felt.

Steinsund* 2017 Isdal (2000) har berre ei kort og generell skildring og manglar verdivurdering. Må difor sjekkast ut på ny i felt før den kan vere med. Delar av lokaliteten (langs vegen) vart vurdert i felt av GGa i 2004 og da ikkje rekna som særleg interessant, men andre delar kan vere det.

Dumba 2010 Isdal (2000) baserte seg på Westby (1991). Skildringa gir ikkje grunnlag for å tru at lokaliteten er særleg verdifull lengre, og ved eigne (GGa) vurderingar frå vegen i 2004 bar området preg av attgroing og små naturfaglege kvalitetar.

Kråkevåg 2051 Isdal (2000) baserte seg på Westby (1991). Skildringa gjev ikkje grunnlag for å gje lokaliteten særleg verdi, og Oldervik (2005) var i området rundt Kråkevågen på ny utan å registrere noko av interesse på denne plassen.

Rustene* 2066 Isdal (2000) baserer seg på eigne undersøkingar i 2000. Det er god grunn til å tru at det her er ei verdifull kystlynghei, men skildringa er for kort og avgrensing manglar, slik at lokaliteten må undersøkjast på ny.

Hågøy 2032 Isdal (2000) baserer seg på eigne undersøkingar i 2000. Det dreier seg om naturtype

”store gamle tre” og gjeld ei stor sitkagran. Metodisk er det feil å ta med slike innførte treslag som verdifulle i denne kartlegginga. Lokaliteten går difor ut.

Færøy 2037 Isdal (2000) baserer seg på eigne undersøkingar i 2000. Det dreier seg om naturtype

”store gamle tre” og gjeld ei stor platanlønn. Metodisk er det feil å ta med slike innførte treslag som verdifulle i denne kartlegginga. Lokaliteten går difor ut.

Færøy 2040 Isdal (2000) baserer seg på eigne undersøkingar i 2000. Det dreier seg om naturtype

”store gamle tre” og gjeld ei stor tuja. Metodisk er det feil å ta med slike innførte

(26)

”store gamle tre” og gjeld ei stor tuja. Metodisk er det feil å ta med slike innførte treslag som verdifulle i denne kartlegginga. Lokaliteten går difor ut.

Hop* 2057 Isdal (2000) baserer seg på muntleg informasjon om at dette er ein rik kulturlandskapssjø, men nokon nærmare grunngjeving manglar. Den må difor undersøkjast på nytt før den eventuelt kjem med.

Storevatnet 2043 Isdal (2000) baserer seg på tidlegare informasjon frå Fylkesmannen. Det er snakk om ein urterik furuskog, men den er truleg planta. Det verkar difor ikkje riktig å ta den med her, i det minste ikkje så lenge det manglar dokumentasjon på spesielle verdiar.

Losna* 2062 Isdal (2000) baserer seg på muntleg informasjon om at dette er ein gamal

kystfuruskog, men nokon nærmare grunngjeving manglar. Det er godt mogeleg det er kvalitetar her, men den må undersøkjast før den kjem med.

Lervika* 2034 Isdal (2000) baserer seg på eigne undersøkingar i 2000, men skildringa er kortfatta og det er dårleg samanheng mellom naturtype og oppgjeve artsmangfald. Det er mogeleg det er kvalitetar her, men den må undersøkjast betre før den kjem med.

Kråkevåg* 2055 Isdal (2000) baserer seg på muntleg informasjon om at dette er ein brakkvasspoll, men berre med opplysning om at det er eit rikt fugleliv her. Det er mogeleg dette er ein verdifull naturtype, men den må undersøkjast før den kjem med.

Kverhella* 2067 Isdal (2000) baserer seg på muntleg informasjon om at dette er ein brakkvasspoll, men utan noko meir informasjon. Det er mogeleg dette er ein verdifull naturtype, men den må undersøkjast før den kjem med.

Plittane 2028 Isdal (2000) baserer seg på eigne undersøkingar i 2000. Det dreier seg om naturtype

”kalkrike strandberg”, men registrert artsmangfald forsvarar ikkje denne kategorien.

Dette er nok eit viktig fugleområde, men truleg ikkje nokon verdifull naturtype.

Lokaliteten går difor ut.

Steinane 2029 Isdal (2000) baserer seg på eigne undersøkingar i 2000. Det dreier seg om naturtype

”kalkrike strandberg”, men registrert artsmangfald forsvarar ikkje denne kategorien.

Dette er nok eit viktig fugleområde, men truleg ikkje nokon verdifull naturtype.

Lokaliteten går difor ut.

(27)

6 Raudlisteartar

Eit sentralt verktøy for å finne og klassifisere viktige område for biologisk mangfald er

førekomst av raudlisteartar. Den norske raudlista blir oppdatert med jamne mellomrom av

Direktoratet for naturforvaltning. Den siste kom i 1999 (DN 1999b) og er ut frå kjent kunnskap om ca 15 000 artar innafor 27 artsgrupper. I overkant av 20% av desse artane er ført opp på raudlista.

Dei fleste av artsgruppene som er med på denne raudlista, er framleis dårleg kjent (eller heilt ukjente) i Solund. Best undersøkt er nok fugl, karplanter og sopp. Det har også vore nokre undersøkingar av lav og moser. Framleis er likevel kunnskapen for dei fleste artsgruppene ganske dårleg, og ein bør forvente fleire nye interessante funn.

6.1 Raudlista karplanter

Berre fire raudlista karplanter er sikkert kjent frå kommunen (jamfør tabellen nedanfor er det nokre andre artar også nemnt i ulike kjelder, men der det truleg førligg feil). Dette er mindre enn t.d.

Hyllestad, men det er sannsynleg at fleire arter veks eller har vakse i kommunen. Dette gjeld m.a. engplantene kvitkurle og solblom, som begge tidlegare har vore funne i nabokommunane (men som kan vere utgått der). Det gjeld også einskilde såkalla pusleplanter på kystberg, havstrand og finkorna sediment i brakkvatn, som pusleblomen og havburkna.

Dei fleste funna er gjort av hinnebregne. Dette er ei utprega kystbunden bregne. Arten er råmekrevjande, men ikkje så uvanleg og truga at ho burde ha vore plassert på den nasjonale raudlista. Dette gjeld også i Solund, der

hinnebregna nok finst mange stader i kommunen og antal registrerte funn utgjer opplagt berre ein liten del av det reelle, totale talet.

De andre artane er alle sjeldsynte med berre ein enkelt lokalitet kvar i kommunen, men desse er også svært sjeldsynte både regionalt og nasjonalt. Skjeggknoppurt er ein sårbar art som

tidlegare var kjent frå fleire stader i Hyllestad, men som kan vere heilt borte derifrå. Han finst i Noreg fortsatt att nokre stader på Sørvestlandet, men er i tilbakegang over alt. Førekomsten på Hardbakke vart søkt noko etter under kartlegginga, men ikkje sikkert attfunne (den nærskylde svartknoppurten er derimot vanleg her). Det er viktig å få klarlagt nøyaktig kor den veks og ta vare på

førekomstane.

Blåstjerne er ein annan sårbar art med få vekseplassar i Noreg og i generelt ganske sterk tilbakegang. Arten har ein gamal kjent lokalitet på Gåsvær som er intakt og blir teken vare på. Det er tvilsamt om den veks andre stader i

kommunen.

Kongsbregna er ei sjeldsynt, varmekjær bregne med berre spreidde funn lenger sør på Vestlandet og ingen nordafor. På Mjåta ser den ut til å klare seg godt og kan vere i spreiing

(Bjørndalen 2005). Kanskje kan den vekse i andre utilgjengelege bergskorter på sørsida av Sula også?

(28)

6.2 Raudlista insekt og moser

Insekt utgjer den klart største organismegruppa vi har, og også dei fleste raudlisteartane. Likevel er det funne få raudlista insektartar i dei fleste kommunane i Sogn og Fjordane, og såvidt vi veit er ingen hittil funne i Solund. Den viktigaste grunnen er at det berre er gjort få og spreidde undersøkingar i fylket, og truleg svært lite i Solund. Helst finst det fleire raudlisteartar her, ikkje minst knytt til kystlyngheiane og varme,

sørvendte berghamrar/lisider, kanskje også t.d.

fuktig blokkmark i skyggefull furuskog, men for å vite meir om dette trengs det undersøkingar.

Av mosar er det heller ikkje funne nokre

raudlisteartar. Også for denne gruppa er det grunn til å rekne med at ein og annan art førekjem, men potensialet og mengda funn er nok helst lågare enn for mange andre artsgrupper.

6.3 Raudlista sopp

Av dei 42 raudlisteartane i tabell 8 er det heile 35 artar sopp, og denne gruppa dominerer difor sterkt. Dette er ikkje heilt uventa. Sopp er den mest artsrike organismegruppa vi har, nest etter insekt. Samtidig er det noko lettare å registrere og artsbestemme sopp.

Når det gjeld dei raudlista soppartane, så er alle unnateke ein funne i gamle, lite gjødsla naturbeitemarker. Den siste – trevlemusserong – er ein sjeldsynt art som vel helst danner sopprot (mykhoriza) med ulike treslag, og er funne under planta lerk i Hersvikbygda. Funnet har difor lita interesse for forvaltninga.

Dei raudlista beitemarkssoppene vart dels funne av Sigmund Sivertsen rundt 1960 i

Hersvikbygda, og dels under Miljøfaglig Utredning sine kartleggingar ulike stader i kommunen i perioden 2003-2005. Tal artar er ganske høgt, men det er all grunn til å rekne med at fleire undersøkingar vil auke talet ytterlegare, samt antall lokalitetar for kvar einskild art. Relativt

mange av funna gjeld nasjonalt og internasjonalt sjeldsynte og høgt truga artar. Dette viser både potensialet for å finne meir, og at kommunen har eit viktig ansvar for denne artsgruppa. Det er likevel svært synd at det mest interessante området – rundt Hersvikbygda – stort sett ser ut til å vere i sterk attgroing og meir eller mindre øydelagt. Fleire artar med få andre funn i fylket, som flammevokssopp og grå narremusserong er hittil berre funne her i Solund, og for ein art – grønngul vokssopp – har dette vore einaste kjende vekseplass på Vestlandet. Ein annan direkte truga, internasjonalt sjeldsynt sopp – tinnvokssopp Hygrocybe canescens – vart også truleg funne her, men dette vart aldri sikkert stadfesta (Bendiksen et al. 1996). Heldigvis er det enno att fleire fine beitemarker i kommunen, og kanskje veks nokre av desse artane framleis der?

Det er nok mogeleg at det også finst raudlista sopp i andre miljø, ikkje minst nokre av dei rike hasselkratta på sørsida av Sula, men det er nok færre og relativt sett mindre interessante artar.

6.4 Raudlista lav

Det er gjort ein handfull funn av tre raudlista bladlav i Solund. Alle funna vart gjort under den kommunale kartlegginga i 2003, hovudsakleg på ytre delar av Sula og Steinsundøyna. Det er god grunn til å tru at desse artane og kanskje også andre knytt til same miljø (litt beskytta, rike bergvegger i halvope landskap) veks fleire stader i kommunen.

Den nasjonale raudlista er no under revisjon og ny skal kome ved starten av 2007. Da kjem også skorpelav med. Det er ikkje kjent at nokre skorpelav som er aktuelle på den nye raudlista er funne i Solund, men ein må rekne med at nokre slike også førekjem, uten at ein her skal gjette på kva for artar dette er.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

 Mer selvstendige elever som blir mer aktive i egen læring.?. TENK

Det vart påvist ganske stort mangfald av artar i begge kløftene, men fleirtalet av mosane er likevel vanlege, og det vart ikkje registrert artar som er raudlista.. Lavfloraen

Sjølv om det ikkje er funne raudlista artar er dette ein viktig og sårbar naturtype i forhold til små kraftverk.. Samansettinga

Hvordan vi jobber med barnehage spesielt i forhold til tidlig innsats og kvalitet i barnehagen..

Manglande funn av spesielt interessante artar er i dette høvet ikkje noko klart teikn på at dei ikkje finst i dette

Naturtype N Kommentar Pri E02 Mudderbank 2 Truleg finst svært mange fleire lok., viktige for truga artar 1 E03 Kroksjøar, flaumdammar og. meandrerande elveparti 1 Truleg finst

Verdivurdering: Førekomsten av solblom og andre regionalt sjeldsynte artar gjer at området er særs verdifullt i høve til biologisk mangfald.. Dersom det kan inngåast ein avtale

I en travel klinisk hverdag kan det være en hjelp med flytdiagrammer, men en forut- setning for å kunne anvende disse er at den enkelte må ha noe innsikt, kunnskap og erfaring.