• No results found

Supplerande naturtypekartlegging i Luster kommune

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Supplerande naturtypekartlegging i Luster kommune"

Copied!
98
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Gaarder, G., Enzensberger, T. & Fjeldstad, H. 2011. Supplerande naturtypekartlegging i Luster kommune. Miljøfaglig Utredning Rapport 2011:11. ISBN 978-82-8138-466- 8.

Figur 1

Supplerande naturtypekartlegging

i Luster kommune

(2)

Supplerande naturtypekartlegging i Luster kommune

Framsidebilete: Cortinarius vesterholtii (EN), ein uvanleg vakker og samtidig svært sjeldsynt slørsopp, som vart funnen som ny for Noreg i nokre rike hasselkratt ved Notedal sør for Marifjøra hausten 2009. Arten er varme- kjær og sørleg, og har berre nokre få funn også i Sverige og Danmark. Foto: Geir Gaarder

(3)

Miljøfaglig Utredning AS

Rapport 2011:11

Utførande institusjon:

Miljøfaglig Utredning AS

Prosjektansvarleg:

Geir Gaarder

Prosjektmedarbeidar(e):

Tanaquil Enzensberger og Helge Fjeldstad

Oppdragsgjevar:

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, miljøvernavdelinga

Kontaktperson hos oppdragsgjevar:

Tore Larsen

Referanse:

Gaarder, G., Enzensberger, T. & Fjeldstad, H. 2011. Supplerande naturtypekartlegging i Luster kommune. Miljøfaglig Utredning Rapport 2011-11: 1-27 + vedlegg. ISBN 978-82- 8138-466-8.

Referat:

Det er utført supplerande kartlegging av naturtypar i Luster kommune, Sogn og Fjordane fylke, på oppdrag frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Særleg vekt har vori lagt på å un- dersøke naturtypemiljø og lokalitetar som under tidlegare naturtypekartlegging vart tilrådd undersøkt (Larsen 2002). Dette omfatta i alt 27 ulike område, og 18 av desse vart under- søkt i 2009.

I alt er det skildra 35 lokalitetar i denne rapporten. Av desse var 5 tidlegare kjent, men un- dersøkt på ny og med ny omtale ut frå feltarbeid i 2009, 26 lokalitetar er heilt nye og 4 loka- litetar er ut frå litteraturkjelder som har kome til etter den førre kartlegginga. Heile 8 av dei nye lokalitetane i 2009 har fått verdi svært viktig – A og berre tre verdi lokalt viktig – C. Sa- man med eit relativt lågt totaltal kartlagde lokalitetar indikerer dette at det framleis står att å finne store naturverdiar i Luster, men at desse verdiane er arbeidskrevjande å finne og do- kumentere.

Under feltarbeidet i 2009 vart det i tillegg gjort 62 funn av i alt 34 ulike raudlisteartar. Fleire av desse er svært sjeldsynte nasjonalt og høgt raudlista. Særleg er det grunn til å nemne slørsoppen Cortinarius vesterholtii (EN) som vart funne som ny for Noreg, dundå (EN) som ny for Sogn og Fjordane, og funn av fleire soppartar knytt til gammal og frodig almeskog (ferskenpote EN, skarlagenskjermsopp EN, smaragdhuldrehatt EN og kastanjestilkkjuke VU). Samla sett styrker resultata Luster kommune sitt store nasjonale og internasjonale ansvar for å ta vare på artsmangfaldet knytt til gamle almeskogar.

Det er ikkje utarbeidd noko dekningskart for naturtypekartlegginga i Luster, som følgje av den svært varierte topografien, det store totalarealet og lokalt høge konsentrasjonar av na- turverdiar. Med grunnlag i den nye kunnskapen om kommunen har vi lista opp 10 område vi trur det er serleg grunnlag for å finne fleire verdifulle miljø, samt kva slags naturtypar som det er mest viktig å fange opp.

4 emneord:

Biologisk mangfald Luster

Naturtypar Kvalitetssikring

(4)

Forord

Miljøfaglig Utredning AS har, i samarbeid med Tanaquil Enzensberger, utført kvalitetssikring og nykartlegging av naturtypar i Luster kommune, Sogn og Fjor- dane fylke.

Hovudansvarleg for prosjektet har vori Geir Gaarder frå Miljøfaglig Utredning, medan Tanaquil Enzensberger, VTE og Helge Fjeldstad i Miljøfaglig Utredning har vori prosjektdeltakarar. Helge Fjeldstad har vori ansvarleg for kartproduksjo- nen.

Utredninga er utført på oppdrag frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, der Tore Larsen har vore kontaktperson og hovudansvarleg. Han skal ha takk for hjelp med framskaffing av diverse bakgrunnsinformasjon.

Tingvoll / Vang i Valdres / Oslo, 03/03 2011 Miljøfaglig Utredning AS

Geir Gaarder Tanaquil Enzensberger Helge Fjeldstad

(5)

Innhald

FORORD ... 4  

INNHALD ... 5  

1   INNLEIING ... 6  

2   METODE ... 7  

2.1   GENERELT ... 7  

2.2   VERDISETTING ... 7  

2.3   FORKLARING AV ORD OG UTTRYKK ... 8  

3   RESULTAT ... 10  

3.1   OPPFØLGING AV TIDLEGARE KARTLEGGINGSRÅD ... 10  

3.1.1   Generelle råd ... 10  

3.1.2   Undersøking av spesielle område ... 12  

3.2   NYE OG REVIDERTE LOKALITETAR ... 15  

4   RAUDLISTEARTAR ... 21  

5   KUNNSKAPSNIVÅ ... 23  

6   OPPFØLGJANDE ARBEID ... 24  

7   SKRIFTLEGE KJELDER ... 26  

VEDLEGG FAKTAARK FOR REGISTRERTE LOKALITETAR………...……….…28

Figur 1. Skarlagenskjermsopp Pluteus aurantiorugosus (EN) vart funnen som ny for Sogn og Fjordane i ei grov og innhol alm ved Bjørk i Fortunsdalen. Arten er svært sjeldsynt i Noreg og sterkt knytt til grove, gamle alme- tre, eit element som Luster har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på. Foto: Geir Gaarder

(6)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 6 –

1 Innleiing

I Stortingsmelding nr. 58 om bærekraftig utvikling (Miljøverndepartementet 1997) bestemte Stortinget at «alle landets kommuner skal ha gjennomført kartlegging og verdiklassifisering av det biologiske mangfoldet på kommunens areal i løpet av år 2003». Direktoratet for naturforvaltning (DN) har utarbeidet ei handbok til hjelp for kommunane i kartleggingsarbeidet (Direktoratet for naturforvaltning 1999a, seinast supplert i 2007).

Luster kommune fekk sluttført si kartlegging i 2002, sjå Larsen (2002) for opplys- ningar om arbeidet. Det var avgrensa med midlar til denne kartlegginga. I tillegg er Luster ein uvanleg stor og mangfaldig kommune, den største i Sør-Noreg. Det stod difor opplagt att mykje verdifull natur å kartlegge i kommunen. Ein del slike loka- litetar der det allereie fanst indikasjonar på naturverdiar vart da også lista opp av Larsen (2003).

I Sogn og Fjordane vart naturtypekartlegginga starta opp alt i 1999 med Flora kommune. I perioden 2001-2005 vart det teke 3-5 kommunar kvart år, og førte til at dei aller fleste kommunane då fekk gjennomført den fyrste kartleggingsrunden.

Med nye undersøkingar i Solund i 2006 og i Flora i 2007 starta ein så smått opp med andre kartleggingsrunde. I nokon grad har dette vori ein kvalitetskontroll av gamle, dårleg dokumenterte og usikre naturtypedata, men i fyrste rekkje er det ny kartlegging som det har vori satsa på. Dels er det snakk om å sjekke opp gamle opplysningar som indikerer verdifulle naturmiljø og dels leiting etter tidlegare ukjente førekomstar.

For sesongen 2009 fekk Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ein del midlar til kvali- tetskontroll og ny kartlegging, og Miljøfaglig Utredning fekk i samarbeid med Tanaquil Enzensberger i oppdrag å gjennomføre arbeidet. Fylkesmannen valte i dette tilfellet å prioritere undersøkingar av område som tidlegare ikkje var kartlagt, men som Larsen (2002) tilrådde undersøkingar i etter den fyrste kartleggingsrun- den. Dels var det prat om miljø som vart rekna som generelt interessante og viktige og dels lokalitetar det det allereie fantes konkrete indikasjonar på verdiar.

Målsettinga med denne rapporten er å gi ein kortfatta oversikt over resultata frå den supplerande kartlegginga, samt nokre råd om korleis ein skal gå fram for å få ei enda betre naturtypekartlegging i kommunen. Resultata frå dei undersøkte lokalite- tane er samtidig lagt inn i den nyaste versjonen av databasen Natur2000, og resul- tata kan langt på veg kunne overførast direkte til Naturbase.

(7)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 7 –

2 Metode

2.1 Generelt

Direktoratet for naturforvaltning (2007) si handbok i kartlegging av biologisk mangfald har vore ei sentral rettesnor for korleis arbeidet har vorte lagt opp. Hand- boka sine metodar for kva for naturtypar som skulle registrerast, verdsetjast og presenterast, har vore styrande.

Handboka deler norsk natur inn i 7 hovudtypar og har valt ut 56 naturtypar innan- for disse som skal prioriterast i kartlegginga. Den same hovudinndelinga og dei same prioriteringane av naturtypar er brukt i dette prosjektet. Også handboka sitt verdsettingssystem er brukt, samt at alle lokalitetar er lagt inn i ein egen database.

Som databaseverktøy er NaturkartDA sin base Natur2000 brukt. I tillegg vart loka- litetane avgrensa rett etter feltundersøkingane på kart eller flyfoto med bruk av kartprogrammet GisLink, og seinare digitalisert med bruk av ArcGis.

Som grunnlag for prosjektet vart den gamle kommunale Natur2000-basen nytta, samt same informasjon som låg ute på Direktoratet for naturforvaltning (2009) sin Naturbase. I tillegg kjem sluttrapporten frå den tidlegare kartlegginga (Larsen 2002), der ikkje minst ein del potensielt interessante lokalitetar vart lista opp, og Artskart (Artsdatabanken 2009) med oversikt over digitaliserte artsfunn. Det vart også halde møte med miljøansvarleg i kommunen (Inger Moe) og diskutert pro- sjektet.

Kartlegginga vart i stor grad utført i samsvar med råd og ønskjer frå Fylkesman- nen, men både vertilhøve (det var periodevis svært mykje nedbør med flaum og rasfare hausten 2009, men samstundes også til dels en god soppsesong) og praktis- ke omsyn (kor lett tilkomsten var og kor mange lokalitetar som låg nær kvarandre hadde innverknad på prioriteringane) førte til mindre endringar i høve til dette.

Under feltarbeidet har det vorte samla inn belegg av raudlisteartar og andre regio- nalt sjeldne artar. Disse er oversendt Botanisk Museum i Bergen eller Oslo. Nam- nebruk for artane er basert på vanleg, gjeldande namnsetting og systematikk for dei ulike artsgruppene.

2.2 Verdisetting

Alle lokalitetar er verdisett etter Direktoratet for naturforvaltning (2007) sitt sys- tem, som deler inn lokalitetane i viktige (B) og svært viktige (A) område. I tillegg kjem område som er lokalt viktige (C).

Det er satt opp 5 kriterium for verdisetting av lokalitetane:

Storleik og kor godt utforma dei er (verdien aukar med storleiken og kor godt utforma dei er)

(8)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 8 –

Grad av tekniske inngrep (tekniske inngrep reduserer verdien) Førekomst av raudlisteartar (verdien aukar med tal og trugsmåla) Preg av kontinuitet (verdien aukar med miljøet sin alder)

Sjeldsynte utformingar (nasjonalt og regionalt

Førekomst av raudlisteartar er ofte eit vesentlig kriterium for å verdisette ein loka- litet. Ny norsk raudliste kom hausten 2010 (Kålås m.fl. 2010), og denne inneber ein del viktige endringar i høve til tidlegare raudlister. IUCNs kriterium for raudlisting av artar (IUCN 2005) er for første gong brukt i raudlistearbeidet i Noreg, og dette har m.a. ført til at ein del artar med store førekomstar, men som der det er doku- mentert at dei går attende, har vorte ført opp på raudlista. Hittil har ikkje Direktora- tet for naturforvaltning ført opp med retningslinjer for korleis førekomst av raudlis- teartar skal virke inn på verdisetting av naturtypar. De nye raudlistekategoriane med rangering og forkortingar er (med engelsk namn i parentes) :

RE – Regionalt utrydda (Regionally Extinct) CR – Kritisk truga (Critically Endangered) EN – Sterkt truga (Endangered)

VU – Sårbar (Vulnerable)

NT – Nær truga (Near Threatened) DD – Datamangel (Data Deficient)

Elles vises det til Kålås m.fl. (2010) for nærare forklaring av inndeling, metodar og utval av artar for den norske raudlista. Der er det også kortfatta gjort reie for kva for miljø artane lever i og viktige typar trugsmål.

2.3 Forklaring av ord og uttrykk

Her følgjer korte forklaringar på nokre del ord og uttrykk som er brukt.

Beitemarkssopp: Marklevande sopp knytt til grasmarker som er lite gjødsla, jord- arbeidd og som har langvarig hevd. Dei har difor eit tyngdepunkt i utbreiinga i naturbeitemarker og naturenger.

Biologisk mangfald: Dette er mangfaldet av alt levande. Uttrykket skal både om- fatte variasjonen av naturtypar, av artar og mellom artar (genetisk variasjon). Det vert ofte fokusert sterkt på å ta vare på mangfaldet av artar, men det er viktig å få med seg at vi også må ta vare på variasjonen av naturtypar, sjølv om dei ikkje alltid er spesielt artsrike eller inneheld truga artar. Det er heller ikkje nok å ta vare på levedyktige førekomstar av ein art, men også den naturlege, genetiske variasjonen til arten må sikrast. Det betyr at artar må sikrast tilfredsstillande levekår over heile utbreiingsområdet sitt.

Naturbeitemark: Gamal beitemark som er lite jordarbeidd, lite gjødsla og har vore i langvarig hevd. Dette er artsrike miljø der mangfaldet for å overleva treng at tradisjonell skjøtsel vert halden ved like.

(9)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 9 –

Natureng/slåtteeng: Gamle slåttemarker med liten grad av opparbeiding, lite gjødsling og med langvarig hevd. Dette er artsrike miljø der mangfaldet er avheng- ig av at den tradisjonelle skjøtselen vert halden ved like for å overleva.

Naturtype: Naturtypar er eit praktisk, forvaltningsretta verktøy for å kunne dele inn naturen i einingar eigna for grensesetting og kartlegging. Direktoratet for natur- forvaltning (2007) skriv det slik i si rettleiing for den kommunale kartlegginga:

"Naturtypene er et slags felles multiplum der en prøver å fange opp alle de viktigs- te variasjoner på økosystemnivå". Inndelinga er biologisk basert, men er utan ein einskapleg naturfagleg basis. Fagleg grunnlag og vinkling på kartlagde naturtypar varierer difor, og systemet er planlagt revidert.

Raudliste: Se eiga oversikt i kapittel 2.2. Raudlister er ingen fasit for status til artsmangfaldet og dei femner ikkje om heile variasjonsbredda til det biologiske mangfaldet. Dei har likevel vist seg å få svært stor gjennomslagskraft i miljøfor- valtninga i dei seinare åra, m.a. fordi dei er oversiktlege, konkrete, dei rangerer artene og dei gjør det mogeleg å samanlikna artar og område.

Signalart: Ein art som indikerer miljø med høye naturverdiar.

Vegetasjonstypar: Dette er plantesamfunn som stiller ganske like krav til vekse- stadne, som tilgong på lys, basemetting, næring og fukt, og kor same artar går att der disse tilhøva førekjem (sjå t.d. Fremstad 1997).

Figur 2. Safranslørsopp Cortinarius olearoides (VU) Funnen like ved C. vesterholtii (sjå forsidebile- tet) ved Notedal. Også denne arten er sjeldsynt og kravfull, men fins i Noreg nokre stadar i fjordstrø- ka på Vestlandet og rundt Oslofjorden. Foto: Geir Gaarder

(10)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 10 –

3 Resultat

3.1 Oppfølging av tidlegare kartleggingsråd

Fylkesmannen vidareførte i sin førespurnad om supplerande kartlegging, dei vurde- ringane om trongen for nye undersøkingar som vart gjeve i fyrste kartleggingsrun- de av Larsen (2002). Der vart det både gjeve eit generelt råd om kva slags natur- miljø som burde undersøkjast betre og meir konkrete lokalitetar eller område der det fanst indikasjonar på verdiar.

3.1.1 Generelle råd

Larsen (2002) hadde følgjande generelle tilråding: ”Forslag til nye undersøkelser I kapittel 4 er det nevnt en del forslag til nye, oppfølgende undersøkelser i Luster, fordelt på ulike hovednaturtyper. Vi foreslår å prioritere framtidig kartleggingsar- beid på enkelte felt. Disse er oppgitt i prioritert rekkefølge og organismegrupper som det er spesielt viktig å fange opp innenfor typene er satt opp i parentes.

1. Systematisk og grundig kartlegging av biologisk verdifulle skogsmiljøer, der det legges spesiell vekt på følgende skogtyper; rike edellauvskoger (planter, sopp), skoger med gamle styvingstrær – spesielt alm (sopp, lav), skog med gammel og grov osp (lav, fugl, sopp), mineralrike/lågurtpregede furuskoger (sopp) og skog med gamle, døde og døende furutrær (moser, sopp).

2. Bedre kartlegging av verdifulle kulturlandskap. Spesielt bør det letes etter naturbeitemarker (sopp, planter), bl.a. på setervoller og beitemarker under skoggrensa som trolig har vært lite gjødslet tidligere.

3. Systematisk kartlegging av flommarker langs Fortunselva, Mørkri og Jos- tedøla. Viktige elementer er sandbanker (insekter), gråorskoger (planter) og sumpområder (planter).

4. Registrering av viktige kulturlandskapstyper utenom naturbeitemarker. Det- te omfatter i første rekke slåtteenger (karplanteflora), parklandskap (mo- ser) og gamle styvingstrær (lav).

5. Generell kartlegging av verdifulle vassdragsmiljøer, bl.a. av åpne flommar- ker (insekter), flommarksskoger (planter) og fossefall (moser).

6. Kartlegging av kalkrike fjellområder (planter), særlig omkring Hurrunga- ne, mellom Mørkrisdalen og Fortundalen og nord for Gaupne og Dalsda- len..

Under feltarbeidet i 2001 og 2002 er vår erfaring at det var lett å finne nye viktige og svært viktige lokaliteter i Luster kommune. Dette gjaldt spesielt for skogsmiljøer (både rike skogtyper og gammelskog), men også kulturlandskap (særlig naturbei-

(11)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 11 –

temarker). Kommunen har mange verdifulle naturtyper, samtidig som interessante deler av kommunen har vært lite kartlagt tidligere (for eksempel Fortundalen, Bergsdalen og Veitastrond. Det må forventes at mange verdifulle naturforekomster fortsatt ikke er kjent. Nye kartlegginger bør derfor prioriteres høyt. Inntil slike er foretatt, bør kommunen være varsom med å tillate potensielt skadelige arealinng- rep uten forutgående kartlegginger.”

I 2009 vart dette følgt opp slik;

1. Rik edellauvskog, skog med gamle styvingstre og mineralrike og/eller gamle furuskogar vart sjekka i fleire fjordlier og dalføre. For edellauvskog og styvingstre omfatta dette særleg areal i Mørkridsdalen og mellom Mari- fjøra og Indre Eiko, men også m.a. førekomstar i Fortunsdalen, nær Loi og nedre delar av Jostedalen. For mineralrik furuskog omfatta dette areal i nærområdet til Bargarden naturreservat, mellom Røym og Nes søraust for Gaupne, samt i fjordlia sør for Kinsedal. Gamle furuskogar vart ikkje prio- ritert, da slike i fyrste rekkje nok er å finne på tungt tilgjengelege og avsi- desliggjande stader.

2. Kartlegging av flaummarksmiljø i Dalsdalen og Mørkridsdalen, samt av- standsvurderingar i Fortunsdalen.

3. Kartlegging av verdifulle naturbeitemarker vart utført flekkvis, m.a. ved Nes og langs fjorden sør for Kinsedal.

4. Kartlegging av andre verdifulle kulturlandskap vart i liten grad utført. Dette dels fordi det ikkje var så høgt prioritert, og dels fordi det er arbeidskrev- jande å finne denne typen miljø.

5. Kartlegging av verdifulle vassdragsmiljø vart i liten grad utført. Dette fordi det tidlegare vart noko lågt prioritert, samt at det i same tidsrom vart utført ei eiga bekkekløftkartlegging i fylket, m.a. med fleire lokalitetar i Luster.

6. Kartlegging av kalkrike fjellområde vart ikkje utført. Litt slik ny kartleg- ging vart på den andre sida gjort tilknytt planane om Breheimen nasjonal- park, sjå Gaarder m.fl. (2005).

(12)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 12 –

3.1.2 Undersøking av spesielle område

Larsen (2002) lista opp i alt 27 konkrete lokalitetar/område som ut frå artsfunn kunne vera verdt å undersøke nærare.

Tabell 1. Opplistinga til Larsen (2002) over potensielt verdifulle naturområde i Luster. Lokalitetsnamn kan vera skrivne feil eller på ein forelda måte. Herbariebe- legg er vist med ein ”O” (Oslo) eller ”BG” (Bergen) i parentes som kjelde.

Namn Koordinat Opplysningar Kjelde

Bratten-Dalen (Mørk- risdalen)

MP 27 23-24 Gråor-almeskog med styvingstre som er mangelfullt undersøkt og avgrensa. Truleg også verdifulle na- turbeitemarker her.

Anonby 1989

Buset, Krundalen i Jostedalen

MP 02-07 34-36 Funn av kvitkurle i 1931. K. Fægri (BG)

Eikura, Marifjøra MP 10-12 00-05 Fleire interessante plantefunn frå 1800- og 1900- tallet, m.a. lækjesteinskløver i 1867 og 1913.

A. Blytt (O) F. Jebe (O) Feigedalen MP 18 05 Dalsida sør for Hanefossmyrane. Funn av henge-

frytle i 1980.

D. O. Øvstedal &

I. Røsberg (BG).

Fortun (1) MP 30-31 19-20 Rikt lauvskogsberg nedanfor Fortun; funn av lod- neperikum i 1981.

A. Skogen (BG)

Fortun (2) MP 302 186 Funn av billearten Linaeideam aenea (V) før 1920, truleg i gråorskog (vanlegaste habitat).

A. C. Ullmann &

T. G. Munster Gaupne, strandeng MP 08-09 08 Strandeng i botna av Gaupnefjorden. Funn av grus-

starr i 1931 og 1968. Lokaliteten har truleg gått tapt pga utbyggingar.

J. Lid, A. Røsvik

& P. Wendelbo (BG)

Heltne/Flaten i Mørk- risdalen

MP 26 20 Funn av dvergminneblom og vårrublom på tørrberg mellom Heltne og Flaten i 1979.

E. Fremstad (BG)

Hodnadn nord for Dalsdalen

MP 17-19 20-22 Funn av reinrose, sotstarr og snøsøte i 1945. Truleg et kalkrikt område i fjellet.

G. Knaben (BG)

Kjos, Hafslo MN 04 99 Kvitflekkdvergmåler (R) fanget i 1938, truleg eng eller beitemark.

Hansen & Aarvik 2000

Larsamoøya, Mørkri- elva

MP 251 239 Flaummarkskog (storvaksen oreskog) som bør undersøkjast.

Anonby 1989

Liakselen i Jostedalen MP 07-10 38-40 Funn av kvitkurle i 1931. K. Fægri (BG) Marifjøra SØ MP 09-10 04-06 I fjordlia søraust for Marifjøra vart det hørt

kvitryggspett og funne eit gamalt hønsehaukreir i mars 1989. Kan vera viktig skogsmiljø.

G. Gaarder pers.

medd.

Mørkrisdalen, 1,5 km øst for Bolstad

MP 26 20-21 Funn av stammesigd (V), sparsamt på lind i 1979.

Truleg innanfor lok. 141, men bør sjekkast nærare.

H. H. Blom (BG og pers. medd.) Opptun (1) MP 32-33 19-20 Funn av gaffelteikna heifly (R) i 1985, truleg på

beitemark opp mot fjellet.

Hansen & Aarvik 2000

Opptun (2) MP 32-33 19-20 Rik oreskog aust for Opptun i dalen opp mot Turta- A. Skogen (BG)

(13)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 13 –

Namn Koordinat Opplysningar Kjelde

grø med funn av storrapp 1983.

Opptun (3) MP 32-33 19-20 Rik oreskog ved Opptun. Storrapp funne i 1978.

Kanskje same lokalitet som vart synfart av Anonby (1989) i samband med granplanting.

A. Skogen (BG)

Opptun (4) MP 32-33 19-20 Rik lauvskog ovanfor Opptun. Storrapp funnet i 1975.

E. Fremstad & A.

Skogen (BG) Rysdal, Jostedalen MP 07 14 Funn av myskemaure i 1963, truleg edellauvskog. A. Røsvik & P.

Wendelbo (BG) Skogdalsnosi MP 47-54 15-17 Oppunder Skogadalsnosi, rett ovanfor Sko-

gadalsbøen; funn av fjellmarinøkkel i 1953 og lodnebergknapp (ansvarsart) i 1867 og 1951.

S. Manum (O) A. Blytt (O) R. Y. Berg (O)

Solstrand, Luster MP 18 13 Funn av vårarve i 1963. P. Wendelbo (BG)

Steig, Fortundalen (1) MP 31 22 ”Tørrbakkekant med gråorkratt” og ”Rik tørrbak- ke”. Funn av smånøkkel, sprikepiggfrø, bakkefiol og sandfiol 05.07.1986.

A. Skogen (BG)

Steig, Fortundalen (2) MP 31 22 ”Kanten av rik gråorskog mot sump i dalbotna ved Steig”: Funn av storrapp i 1986.

A. Skogen (BG)

Sygnefjell MP 40-42 25 1,5 km vest for Sygnefjell. Funn av mjukveikmose (DD) i 1955.

F. Jørstad (O).

Ulvenes, Lustrafjor- den

MN 138 895 Funn av raudflagre i 1990. Kanskje ein kalkfuru- skogslokalitet.

B. Moe (BG)

Urnes MP 10 97 Tørrbakkar i nærleiken av Urnes stavkyrkje. Funn av vårrublom (1983) og fleirårsknavel (1931).

A. Skogen, J.

Holmboe & J. Lid (O).

Vedvik MP 11 02 Lauvskogsområde med opne tørrberg/engsamfunn mellom Indre Eikjo og Bruknappen, kor det ble registrert svalestjert, kvitryggspett og vendehals i mai 1991.

G. Gaarder pers.

medd.

Dette vart i 2009 ført opp slik, sjå tabell 2 nedanfor.

(14)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 14 –

Tabell 2. Oversyn over kva slags område som vart undersøkt i 2009, med grunnlag i Larsen (2009) sin tabell 10 over potensielt verdifulle naturområde i Luster.

Namn Undersøking

Bratten-Dalen (Mørkrisdalen) Ikkje undersøkt (utegløymd).

Buset, Krundalen i Jostedalen Ikkje prioritert – berre eit gamalt funn av ein planteart.

Eikura, Marifjøra Tilgjengelege delar frå Vedvik vart undersøkt og nye lokalitetar re- gistrert. Områda rundt Ytre Eikjo er vanskeleg tilgjengeleg utan båt og står framleis att å undersøke i nyare tid.

Feigedalen Ligg til fjells med vanskeleg tilgong og vart difor ikkje prioritert i 2009.

Fortun (1) Besøk i 2009 førte til avgrensing av ein lokalitet. Lodneperikum vart ikkje attfunnen.

Fortun (2) Vart undersøkt i 2009, men det vart ikkje funne grunnlag for av- grensning av oreskogen her som prioritert naturtype.

Gaupne, strandeng Restmiljøa vart vurdert i 2009, og ein lokalitet avgrensa.

Heltne/Flaten i Mørkrisdalen Vart besøkt i 2009 og to kulturlandskapslokalitetar vart kartfesta.

Tørrberga nemnt av Larsen (2009) har truleg grodd att.

Hodnadn nord for Dalsdalen Truleg fanga opp i kartlegginga av Breheimen (Gaarder m.fl. 2005).

Kjos, Hafslo Mykje kulturlandskap vart kartlagd på Hafslo alt i 2002, og det vart difor ikkje prioritert meir undersøkingar her i 2009.

Larsamoøya, Mørkrielva Ein lokalitet vart avgrensa i 2009.

Liakselen i Jostedalen Ikkje prioritert – berre eit gamalt funn av ein planteart, og da kanskje oppe i fjellet.

Marifjøra SØ Viktige delar av området vart synfart og eit par lokalitetar avgrensa i 2009.

Mørkrisdalen, 1,5 km øst for Bolstad

Lokaliteten vart ikkje prioritert i 2009, da den vart vurdert å felle innanfor tidlegare kartlagt naturtypelokalitet.

Opptun (1) Lokaliteten ligg oppe på fjellet, og vart difor ikkje prioritert i 2009.

Opptun (2) Vart besøkt i 2009, men det vart ikkje funne grunnlag for å avgrense lokalitetar her.

Opptun (3) Vart besøkt i 2009, men det vart ikkje funne grunnlag for å avgrense lokalitetar her.

Opptun (4) Vart besøkt i 2009, men det vart ikkje funne grunnlag for å avgrense lokalitetar her.

Rysdal, Jostedalen Lokaliteten vart ikkje inventert i 2009.

Skogdalsnosi Ikkje prioritert i 2009

(15)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 15 –

Namn Undersøking

Solstrand, Luster Inventert i 2009 og ein ny skogslokalitet avgrensa, medan vi fann resten av området endra som følgje av attgroing og nedbygging.

Steig, Fortundalen (1) Lokaliteten vart ikkje inventert i 2009.

Steig, Fortundalen (2) Den rike gråorsumpa vart ikkje attfunnen i 2009, truleg grunna ned- bygging.

Sygnefjell Ikkje prioritert i 2009 – gamalt funn av ein moseart av usikker raud- listekategori (DD) i fjellet. Arten (no kalla mjuklundmose), vart kate- gorisert som nær trua (NT) i 2010 og har ingen nyare funn i S & F.

Ulvenes, Lustrafjorden Dels undersøkt i 2009 (furuskogen sørover frå Kinsedal vart under- søkt for kalkskogspreg, men berre sør til Kvalen og ikkje heilt ned til Ulvanes. Fleire kalkskogssopp vart da også funne her og verdiane betre klarlagt).

Urnes Noko av kulturlandskapet på Urnes vart synfart, utan at det vart funne noko av verdi, men det finst andre teikn på at det er mindre areal med verdfulle tørrbakker heilt inntil den gamle stavkyrkja.

Vedvik Areala vart kartlagt hausten 2009, og eit par verdifulle naturtypar avgrensa.

3.2 Nye og reviderte lokalitetar

Med grunnlag i feltarbeidet i 2009, samt innsamling av einskilde rapportar med relevant informasjon som har kome fram etter kartlegginga i 2002, så vart det utar- beidd lokalitetsskildringar og avgrensa i alt 35 naturtypelokalitetar i Luster kom- mune. Av desse er 5 revisjonar av tidlegare kartlagde lokalitetar, 4 er med grunnlag i nyare litteraturkjelder, medan 26 lokalitetar er heilt nye som følgje av feltarbeidet i 2009.

Tabell 3. Oversyn over verdifulle naturtypar som vart rapportert til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane med grunnlag i naturtypekartlegginga i Luster kommune i 2009.

Dato i siste kolonne er tidspunktet lokaliteten sist vart undersøkt i felt.

Nr Namn Naturtype Verdi Dato

39 Bargarden Kalkskog A 07-10-2009

60 Vadøyane Rik sumpskog A 23-08-2009

66 Kinsedal S Kalkskog B 08-10-2009

76 Vårufsi Rik edellauvskog A 23-08-2009

88 Langavik Rik edellauvskog B 22-08-2009

151 Vedvik: Servisgjerdet Rik edellauvskog A 21-08-2009

152 Vedvik: Øygarden Haustingsskog A 21-08-2009

153 Reiarmoen aust Gamal lauvskog C 22-08-2009

154 Stegegjerdet nordaust Rik edellauvskog B 22-08-2009

155 Notedal Rik edellauvskog A 22-08-2009

(16)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 16 –

Nr Namn Naturtype Verdi Dato

156 Indre Eikjo Rik edellauvskog B 22-08-2009

157 Røym sør Rik edellauvskog A 22-08-2009

158 Bjørk Rik edellauvskog A 23-08-2009

159 Luster aust Rik edellauvskog B 23-08-2009

160 Gaupne sørvest Brakkvassdelta C 23-08-2009

161 Nes øvre Naturbeitemark B 07-10-2009

162 Nes nedre Naturbeitemark B 07-10-2009

163 Berge aust Rik edellauvskog B 07-10-2009

164 Kvalen Naturbeitemark B 08-10-2009

165 Loi aust Haustingsskog A 08-10-2009

166 Vormeli Slåttemark A 20-08-2008

167 Nausane Naturbeitemark B 10-09-2009

168 Fortunmarka Store gamle tre C 10-09-2009

169 Hyrnavollen-Tjørna-Øygarden Haustingsskog A 17-09-2009

170 Skåri Naturbeitemark B 03-09-2009

171 Larsamoøya Gråor-heggeskog B 03-09-2009

172 Rebni Hagemark B 03-09-2009

173 Flikkistølen Store gamle tre B 26-08-2009

174 Dalselvi, Raudli Gråor-heggeskog B 26-08-2009

175 Skogsne Gamal lauvskog B 28-08-2009

176 Ospeskaari Gamal lauvskog B 10-09-2009

177 Lauvhjell sør Rik edellauvskog B 02-10-2004

178 Kvernhusøyane Gråor-heggeskog B 28-08-2006

179 Rakefes Gråor-heggeskog B 28-08-2006

180 Kvernelvi øvre Bekkekløft og bergvegg B 28-08-2006

Talet på rapporterte lokalitetar kan ikkje reknast som særleg høgt når ein samanlik- nar t.d. med den første kartlegginga i Luster (Larsen 2002). Då vart det rapportert inn nærare 150 lokalitetar, med om lag same ressursinnsatsen som i 2009. Den sto- re skilnaden har fleire årsakar;

1. Fleire av lokalitetane som vart undersøkt i 2009 er anten relativt store og/eller av høg verdi (heile 11 lokalitetar har A-verdi), noko som oftast er mykje meir arbeidskrevjande enn små og/eller mindre verdifulle lokalite- tar.

2. Det vart i 2009 nytta ein del ressursar til å sjekke potensielle lokalitetar, jf kapittel 3.1, men som synte seg å vera utan spesielle verdiar, eller slike var få.

3. Tidlegare kartlegging omfatta ei rad lokalitetar som berre hadde grunnlag i litteraturkjelder, medan det no berre vart lagt inn 4 nye slike.

4. Mange av dei lettast tilgjengelege lokalitetane var allereie registrert når feltarbeidet starta i 2009.

Det er uansett grunnlag for å peike på den relativt høge andelen lokalitetar med verdi svært viktig (11 stk) og låge andelen med verdi lokalt viktig (3 stk) som vart

(17)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 17 –

undersøkt i 2009. Dette indikerer heilt klart at Luster kommune framleis har att store naturverdiar som enno ikkje er kartlagt. Det er likevel tydeleg at det vert gradvis meir ressurskrevjande å finne og i neste omgang dokumentere desse områ- da.

Det bør også nemnast at det etter 2002 har føregått eit par andre større kartleg- gingar i Luster kommune som ikkje er trekt inn her:

1. Undersøkingar i samband med planane om oppretting av verneområder i Breheimen, m.a. i Mørkridsdalen og på fjellet på vestsida av Fortunsdalen og Dalsdalen (Gaarder m.fl. 2005, Gaarder & Larsen 2007). I alt 27 lokali- tetar vart skildra i den fyrste kartlegginga og 7 lokalitetar i den supplerande undersøkinga.

2. Kartlegging av Vestre Luster Statsallmenning (Gaarder & Larsen 2005). 7 naturtypelokalitetar er skildra.

3. I tillegg vart det i 2008 og 2009 undersøkt naturverdiar i bekkekløftene til Fonndøla, Langdølsgilet og Leirdøla i Jostedalen, Grandfasta, Krokadalen, Logrovi og Mordalselvi (Hofton 2010, Høitomt 2010a, b, c, Klepsland 2010a, b, c). Områdeskildringane er publisert via skogbasen til Biofokus (www.biofokus.no ). Til saman vart da eit ti-tals naturtypelokalitetar fanga opp, samt mange raudlisteartar.

4. Undersøking av Drægnismorki i Fortunsdalen (Hofton 2003). Dataene lar seg vanskeleg overføre til naturtypar, men registreringane gjev klare indi- kasjonar på at det i området finst fleire lokalitetar av høg verdi (inkludert svært viktig – A). Fleire sjeldsynte artar vart funne, m.a. småblæreglye og dalfiol som nye for Sogn og Fjordane.

5. Truleg finst det også data frå einskilde litt mindre kartleggingar som er re- levante. Dette gjeld nok ikkje minst småkraftplaner som vi ikkje har kjennskap til, men også t.d. undersøkingar av biologisk verdifulle kultur- landskap (Enzensberger 2008, samt Enzensberger under arbeid (om Vig- dalsstølen og Ormbergstølen)). Noko kartlegging har vi kjennskap til har vori i høgfjellet (m.a. pers.meld. Torbjørn Høitomt), men kanskje også in- neheld relevante naturtypedata.

Ut frå dette er det samla sett truleg snakk om minst 220 naturtypelokalitetar som er kjent og dokumentert frå Luster kommune.

På dei tre neste sidene er det oversiktskart som viser lokalitetane som vart kartlagt i 2009 i Luster.

(18)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 18 –

(19)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 19 –

(20)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 20 –

(21)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 21 –

4 Raudlisteartar

Det vart gjort ein del nye funn av raudlisteartar i Luster kommune under feltarbei- det i 2009, der nokre var såpass interessante og spesielle at det er grunn til å kom- mentere dei nærare. Nedanfor er alle funna lista opp i tabell 4.

Tabell 4. Oversyn over raudlisteartar funne i Luster kommune under supplerande naturtypekartlegging i 2009. Artane er sorterte etter raudlistestatus og latinsk namn.

Tal i parentes bak lokalitetsnummer (som er det same som brukt i Natur2000 og faktaarka) gjeld artar som er funne innanfor fleire delområde i lokaliteten.

Latinsk namn Norsk namn Status Lokalitetsnummer

Cortinarius vesterholtii - EN 155

Galeopsis ladanum Dundå EN 169

Leucopaxillus gentianeus Bitter traktmusserong EN 66 Melanophyllum eyrei Smaragdhuldrehatt EN 152 Pluteus aurantiorugosus Skarlagenskjermsopp EN 158

Rhodotus palmatus Ferskenpote EN 155

Amaurodon viridis Almegrønnpigg VU 158 Boletopsis grisea Furugråkjuke VU 66 (4) Cortinarius olearioides Safranslørsopp VU 155, 157 (5) Entoloma prunuloides Melraudskivesopp VU 167

Gyalecta flotowii Bleik kraterlav VU 152, 156, 165 Hypoxylon vogesiacum Almekullsopp VU 155

Polyporus badius Kastanjestilkkjuke VU 152, 155, 156, 158, 165, 169, 173

Sclerophora farinacea Blådoggnål VU 152 (2), 158 (3), 165, 169 Bankera violascens Knippesøtpigg NT 66

Cantharellus melanoxeros Svartnande kantarell NT 157, 159 (3)

Cinna latifolia Huldregras NT 169

Clavaria flavipes Halmgul køllesopp NT 161

Dicranum viride Stammesigd NT 76 (2), 154, 158 (3) Gloiodon strigosus Skorpepiggsopp NT 165

Gyalecta ulmi Almelav NT 152 (2), 155, 156, 158,

165, 169, 175 Holwaya mucida Svart tvillingbeger NT 66, 76, 154, 155 Hygrocybe phaeococcinea Svartdogget vokssopp NT 162 (2)

Kavinia himantia Narrepiggsopp NT 158

Lactarius citriolens Duftsvovelriske NT 76, 151, 157 (3), 159 Lentinellus vulpinus Rynkesagsopp NT 158

Ramaria botrytis Raudtuppsopp NT 159

Sarcodon leucopus Glatt storpigg NT 39, 66 Sclerophora pallida Bleikdoggnål NT 152, 155, 158 Sclerophora peronella Kystdoggnål NT 156

Tremellodendropsis tuberosa Buskgelesopp NT 161 Tricholoma atrosquamosum Svartspetta musserong NT 163

Ulmus glabra Alm NT 151, 152, 154, 156, 163,

164, 165, 168, 169, 170, 127, 173, 175

Fraxinus excelsior Ask NT 164, 170

Sum: 34 artar og 62 funn

(22)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 22 –

Det mest spesielle funnet er opplagt av arten som er vist og omtala på framsida av rapporten – Cortinarius vesterholtii – som vart funne som ny for Noreg ved Note- dal sør for Marifjøra hausten 2009. Også tidlegare er det påvist svært sjeldsynte slørsopper i Luster som nye for landet, under den nordiske soppkongressen i Sogn- dal hausten 2000 (Brandrud 2001), da artane Cortinarius croceocoeruleus (EN) og gul giftslørsopp C. splendens (EN) begge vart funne i lindeskog på nordsida av Solvorn. Både artane har seinare vorte funne eit par gonger også på Sørlandet. Det er nok likevel sannsynleg at C. vesterholtii er enno meir sjeldsynt enn desse, sidan arten er litt større og truleg lettare å leggje merkje til, samtidig som den også er meir sjeldsynt i nabolanda våre.

Funnet av dundå ved Hyrnavollen i Mørkridsdalen er også av stor interesse, m.a.

fordi dette er fyrste gong arten er påvist i Sogn og Fjordane, saman med eit funn i Stryn same år. Karplanter er mykje betre undersøkt enn dei fleste andre artsgrupper, og ikkje minst er det grunn til å reagere når ein art som samtidig er generelt sjeld- synt og går sterkt attende vert funnen som ny for fylket.

Eit par av dei andre høgt raudlista artane er knytt til almetre. Skarlagenskjermsopp og ferskenpote vart funne på almetre (førstnemnde inne i ei grov, innhol alm ved Bjørke i Fortunsdalen og sistnemnde på ein grov almelåg ved Notedal). Like utan- for Notedal, på Vedvik, vart så smaragdhuldrehatt funnen på marka under ein grov almelåg. Både skarlagenskjermsopp og smaragdhuldrehatt er nye for fylket og med svært få funn andre stader i Noreg. Det siste gjeld også ferskenpote, men den arten er tidlegare så vidt påvist oppe i Mørkrisdalen. I tillegg må dei mange funna av kastanjestilkkjuke trekkast fram, i alt 7 ulike lokalitetar. Berre Eikesdalen på Nordmøre kan vise til ein liknande førekomst av denne arten i Noreg (og truleg også i Norden) som også nesten berre veks på grove almelæger. Samla sett er desse funna med på å underbyggje sterkt at Luster kommune har eit nasjonalt og også internasjonalt ansvar for å ta vare på artar knytt til grove og gamle almetre.

(23)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 23 –

5 Kunnskapsnivå

Luster er, som tidlegare omtala, den største kommunen i Sør-Noreg. Sjølv om my- kje er høgfjell, isbrear og fjord, så står det også att mange fjordlier og dalføre med skog, berg og kulturlandskap. Terrenget er generelt kupert og berggrunnen stadvis ganske rik. Grunnlaget for eit variert og rikt biologisk mangfald er difor til stades, og fleire kartleggingar opp gjennom åra har da også dokumentert dette godt.

Sjølv om mykje etter kvart har vorte kjent om mangfaldet og fordelinga i kommu- nen, står det framleis også opplagt mykje igjen å finne. Vi fekk redusert lista over konkrete lokalitetar ein del gjennom kartlegginga i 2009, og det same har fleire andre undersøkingar dei siste 10 åra gjort. Det hadde vori ønskjeleg å få utarbeidd eit kart som gav oversyn over kor godt dekt dei ulike delane av kommunen er, men vi meiner dette framleis er for tidleg til å kunne gjere no. Ein viktig årsak er at den varierte topografien og det store totalarealet, nok vil gjere eit slikt kart både lite oversikteleg og samtidig arbeidskrevjande å få til. Ein annan viktig årsak er at flei- re av dei best undersøkte områda også er dei mest verdifulle og dei som dermed likevel framleis er viktigast å halde fram med undersøkingar i. Gode døme på dette er Mørkridsdalen og Fortunsdalen, der vi fann fleire nye og til dels svært verdifulle lokalitetar i 2009, sjølv om det har vori ein god del undersøkingar der tidlegare.

Figur 8. Rasmark med gammal bjørk- og almeskog rundt nær Bjørk i Fortunsdalen. Store naturverdiar vart funne her, men det står opplagt meir att å finne i Fortunsdalen. Foto: Geir Gaarder

(24)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 24 –

6 Oppfølgjande arbeid

Med grunnlag i den kunnskapen vi har om det biologiske mangfaldet i Luster i dag, og den prioriteringslista som Larsen (2002) sette opp for framtidig naturtypekart- legging i kommunen, har vi framlegg om følgjande reviderte prioriteringsliste:

Tabell 1. Forslag til konkrete område som bør undersøkjast nærare i Luster kom- mune.

Namn Koordinat Vurdering

Ytre Eikjo/Eikuri MP 10-11 00-02 Berre upresise data for området, som kan vere større enn vist og potensialet for svært høge naturverdiar er til stade.

Hafslovatnet sørvest- side

LN/MN 98-01 97-99

Funn av raudlista lav på berg og osp rundt 1990. Mindre lokalitetar av verdi må påreknast.

Fortunsdalen sørside MP 26-31 17-18 Einskilde funn av kravfulle artar. Nordvendt og skuggefullt, med mykje berg og noko grove steinblokkar. Potensial for m.a. fuktkrevjande lav, men truleg små lokalitetar.

Fortunsdalen: Sørvest for Bjørk

Store naturverdiar knytt til gammal og rik edellauvskog er påvist både rett sør og rett nord for denne lia, og det er innslag av dei same viktige treslaga her (lind og henge- bjørk). Truleg store naturverdiar i lia.

Veitastrond I Veitastrond og langs Veitastrondvatnet er det ingen kjende artsfunn av interesse, truleg på grunn av at berggrunnen er fattig granitt og gneis, men og fordi det er vanskjeleg til- gong. Lia på Austsida av dalen i Bygda og stølsmiljøa med blant anna Vårstølen og Tungstølen kan ha kulturlandskap med store naturverdiar.

Veitastrondvatnet Den veglause vestsida av Veitastrondvatnet har fleire kul- turlandskap, kor ein kan søkje etter slåttemark, naturbeite- mark og lauvingslier, blant anna i Kjerringsnes, Aspeholen og Holen. Ospeneset er sannsynleg eit gamalt ospeholt. På nordaustsida av vatnet kan fleire skreder (naturbeiter haldne ope av snøskred) vere av interesse.

Stuagjerdet Lia overfor Luster

Naturbeitemark og intakt slåttemark på stølsvoll i følgje Landbrukskontoret (2010)

Skogadalsbøen Gamal støl på noko kalkrik grunn, no i bruk som turisthytte, påvist brudespore. Truleg spesielle kulturlandskapsverdiar som kan bergas ved skjøtsel.

Steig og Holmestad Fortun Naturbeitemark med turrbakkar, truleg intakt og kanskje slåttemark.

Fuglesteg Slåttemark og naturbeitemark med lang kontinuitet kan søkjas, truleg ikkje gjødsla og med store naturverdiar.

(25)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 25 –

Tabell 2. Forslag til prioritering av ulike naturtypar som bør kartleggjast betre i Luster kommune.

Naturtype Vurdering

Rik og/eller gammal edellauv- skog

Vart høgt prioritert i 2002, og bør framleis prioriterast høgt for nye undersøkingar, sjølv om fleire viktige miljø er funne dei seinare åra.

Sjølv svært små førekomstar kan vere av nasjonal interesse i kommu- nen. Dette gjeld særleg for gammal almeskog, rik lindeskog og rike hasselkratt.

Gammal furuskog Vart prioritert ganske høgt i 2002, men ganske lågt i 2009. Nokre nye undersøkingar har støtta ei høg prioritering, og det gjeld framleis, kanskje særleg i øvre lisider til Jostedalen og oppe i lisidane sør for Kinsedalen.

Naturbeitemarker mv Venteleg står ein del verdfulle naturbeitemarker att utan registrering.

Område knytt til støling i fjellet er dårleg dekka i tidlegare under- søkingar. Nede i bygdene er det venteleg fleire gardsmiljø med open beitemark eller hagemarksmiljø som er oversett, særleg i dei brattaste

og tungdrevne områda.

Kalkrike fjellområde Noko har vorte gjort aust for Dalsdalen og mellom Mørkridsdalen og Fortundalen. Derimot burde det ha vori betre undersøkingar m.a. nord for Gaupne, på austsida av Jostedalen. Berggrunnen i øvste delen av Engjadalen (Vorfjellet, Grånosi), Fodnastølen og austsida av Grønn- dalseggi har førekomst av kalkstein og kalkskifer og bør sjekkas.

Flaummarksmiljø Det kan nok vere att noko å undersøke av flaummarksmiljø, kanskje serleg langs Jostedøla. Men vi fekk undersøkt noko langs andre vass- drag (Dalselva og Mørkridselva) samt avstandsvurderte noko langs Fortunselva i 2009, slik at typen er ein del betre dekt opp no og er nok ikkje lenger like viktig for prioritering.

Kalkrik furuskog Vart prioritert ganske høgt både i 2002 og 2009. Kan prioriterast litt lågare i no, sidan det har vorte gjort meir undersøkingar rundt Bar- garden og sør for Kinsedalen, men i Fortunsdalen burde ein ha sjekka slike furuskogsmiljø betre.

Parklandskap Det er lite sannsynleg at det står att mykje ikkje undersøkt park- landskap av interesse. Tusenårsstaden Grandane i Gaupne vart under- søkt i 2009 utan at særskilde naturverdiar vart funne.

(26)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 26 –

7 Skriftlege kjelder

Artsdatabanken 2009. Tjenesten Artskart: http://artskart.artsdatabanken.no/

Brandrud, T. E., Gulden, G., Timmermann, V. & Wollan, A. K. 2001. Storsopper i kom- munene Leikanger, Luster og Sogndal registrert under XV Nordiske mykologiske kong- ress Sogndal 7-12 september 2000. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Rapp. nr. 3-2001:

1-25 + vedlegg.

Direktoratet for naturforvaltning 2007. Kartlegging av naturtyper. Verdisetting av biolo- gisk mangfold. DN-håndbok 13, 2. utgave 2007: 1-258 + vedlegg.

Direktoratet for naturforvaltning 2009. Naturbase dokumentasjon. Biologisk mangfold.

Arealis-prosjektet. Internett: http://dnweb12.dirnat.no/nbinnsyn/

Enzensberger, T. 2008. Kulturlandskapet i Vormeli, Luster kommune i Sogn og Fjordane.

Biologiske verdier og skjøtsel. Rapport VTE 1- 2008. ISBN978-82-997928-0-6 Gaarder, G., Grimstad, K.J., Holtan, D. & Larsen, B.H. 2005. Kartlegging av biologisk mangfold i utredningsområdet for vern i Breheimen, Oppland og Sogn og Fjordane fyl- ker. Miljøfaglig Utredning Rapport 2005-13: 1-81 + vedlegg.

Gaarder G., Larsen B. H. 2005. Naturverdier for lokalitet Luster Vestre Statsallmenning, registrert i forbindelse med prosjekt Statskog 2004, DP 2. NaRIN faktaark. BioFokus, NINA, Miljøfaglig utredning.

Gaarder, G. & Larsen, B.H. 2007. Naturverdier ved Mørkrid i Luster kommune. Miljø- faglig Utredning rapport 2007-68. 32 s. ISBN 978-82-8138-272-5

Hofton, T. H. 2003. Biologiske verdier i Drægnismorki-Yttrismorki, Luster kommune, Sogn og Fjordane. Siste Sjanse, notat 2003-10. 14 s.

Hofton T. H. 2010. Naturverdier for lokalitet Krokadalen, registrert i forbindelse med prosjekt Bekkekløfter 2009. NaRIN faktaark. BioFokus, NINA, Miljøfaglig utredning.

Høitomt T. 2010a. Naturverdier for lokalitet Fonndøla i Jostedalen, registrert i forbindelse med prosjekt Bekkekløfter 2009. NaRIN faktaark. BioFokus, NINA, Miljøfaglig utred- ning.

Høitomt T. 201b. Naturverdier for lokalitet Leirdøla, registrert i forbindelse med prosjekt Bekkekløfter 2009. NaRIN faktaark. BioFokus, NINA, Miljøfaglig utredning.

Høitomt T. 2010c. Naturverdier for lokalitet Logrovi, registrert i forbindelse med prosjekt Bekkekløfter 2009. NaRIN faktaark. BioFokus, NINA, Miljøfaglig utredning.

IUCN 2005. Guidelines for using the IUCN Red List categories and criteria. April 2005.

www.iucn.org/webfiles/doc/SSC/RedList/RedListGuidelines.pdf

Klepsland J. T. 2010a. Naturverdier for lokalitet Mordalselvi, registrert i forbindelse med prosjekt Bekkekløfter 2009. NaRIN faktaark. BioFokus, NINA, Miljøfaglig utredning.

(27)

Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Luster kommune

Rapport 2011:11 – 27 –

Klepsland J. T. 2010b. Naturverdier for lokalitet Langdølsgilet, registrert i forbindelse med prosjekt Bekkekløfter 2009. NaRIN faktaark. BioFokus, NINA, Miljøfaglig utred- ning.

Klepsland J. T. 2010c. Naturverdier for lokalitet Grandfasta, registrert i forbindelse med prosjekt Bekkekløfter 2009. NaRIN faktaark. BioFokus, NINA, Miljøfaglig utredning.

Kålås, J. A., Viken, Å., Henriksen, S. & Skjelseth, S. (red.) 2010. Norsk rødliste for arter 2010. Artsdatabanken, Norway.

Larsen, B. H. 2002. Biologisk mangfold i Luster kommune. Miljøfaglig Utredning Rap- port 2002-20: 1-39 + vedlegg.

Miljøverndepartementet 1997. St. Meld. 58, 1996-97. Miljøvernpolitikk for en bærekraftig utvikling.

Figur 9. Gamalt kulturlandskap med grove, tidlegare styva almetre på Hyrnavollen i Mørkridsdalen, truleg den biologisk sett mest karakteristiske og verdifulle naturtypen i Luster kommune. Foto: Tana- quil Enzensberger

(28)

Lok. nr. 39 Svært viktigA

142610039

Bargarden

Naturtyperegistreringer Naturtype: Kalkskog

Utforming: Tørr kalkfuruskog Mosaikk:

Feltsjekk: 07.10.2009 (siste)

Beskrivelse

Innleiing: Omtalen er ut frå Bjørndalen 6 Brandrud (1989), registreringar av Anders Breili

05.07.2002, samt eige (Geir Gaarder) registrering 02.10.2004 og 07.10.2009.

Plassering/avgrensing/naturgrunnlag: Lokaliteten ligg ovafor Kvålsviki, like aust for Luster

sentrum, på nordsida av Lustrafjorden. Det er snakk om ei bratt li med mykje grunnlendt furuskog og noko meir open ur og berg på ganske kalkrik fyllitt. Avgrensinga er gjort på grunnlag av grensene for naturreservatet.

Naturtypar/vegetasjonstypar: Dette er den mest velutvikla kalkfuruskogen som hittil er

dokumentert i Indre Sogn. Furuskogen danner ei tydeleg stripe i terrenget frå fjorden og opp til 400-500 moh. Det er for det mest snakk om tørr kalkfuruskog, ofte med dårleg utvikla feltsjikt.

Busksjiktet er derimot godt utvikla.

Artsmangfald: I tresjiktet dominerar furu. I busksjiktet veks m.a. hassel, dvergmispel, berberis og

den endemiske asal-arten småasal (NT). Av regionalt ganske sjeldsynte artar i feltsjiktet finst m.a.

raudflangre og kantkonvall. Anders Breili fann i 2002 her m.a. brudespore, rognasal, grønburkne, myske, engknoppurt og harekløver. Under kartleggingane hausten 2004 og 2009 var det funne fleire kravfulle og raudlista marklevande sopp her, m.a. fagervokssopp (EN), glatt storpigg (NT), gullslørsopp (NT), fibra slørsopp, svovelslørsopp, kopperraud slørsopp (NT), teglraud

kragemusserong, duftvokssopp og gul furuvokssopp (NT) under furu, samt svartspetta musserong (NT) og grå trompetsopp under hassel. Glatt storpigg og svovelslørsopp vart også funnen her i 2000 (tilknytt den XV Nordiske soppkongress av m.a. Tor Erik Brandrud og Per Marstad. I tillegg beitemarkssopp som krittvokssopp og kjeglevokssopp. Gaarder & Jordal (1995) fann fåresopp i området (ukjent om det var vanleg fåresopp eller kanskje helst raudlistearten furufåresopp).

Påvirkning/bruk/trugsmål: Lokaliteten vert beite av storfe og beitetrykket verkar ganske godt.

Lokalt er det likevel litt attgroing av tre ute på beitemarka, sjølv om feltsjiktet er lågvakse. Det har ganske tydeleg vore litt gjødsla mot kulturmarka nedst, men ut fra soppfunna så kan det også verke som det har vore gjødsla litt over det meste tidlegare. Det har vore rydda litt skog her for nokre år sidan.

Framande artar: Berberis veks i området. Det er i det minste planta litt gran i nærområdet.

Vegetasjon: Xerofil furu-utf / Tørr kalkfuruskog (Rødlistebetegnelse) (B2a)

Verdivurdering: Dette er ein av dei beste utvikla kalkfuruskogane i fylket, kanskje den beste.

Fleire typiske kravfulle og raudlista kalkfuruskogssopp førekjem her. Verdien er difor klart svært viktig - A. Lokaliteten fekk nasjonal verneverdi (***) av Bjørndalen & Brandrud (1989).

Skjøtsel og hensyn: Statusen som natureservat sikrer naturverdiane i området.

Utsnitt frå Naturbase som syner grensene til reservatet.

Litteratur

Bjørndalen, J. E. & Brandrud, T. E. 1989. Landsplan for verneverdige kalkfuruskoger og beslektede skogtyper i Norge. III. Lokaliteter på Vestlandet. Direktoratet for naturforvaltning.

Rapport, 78 s.

Gaarder, G. & Jordal, J. B. 1995. Biologiske undersøkelser av noen kulturlandskap og en edellauvskog i Sogn og Fjordane i 1994. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, miljøvernavd.

Rapport 3-1995: 1-50.

Artsliste for lokaliteten

Totalt 24 art(er) påvist: grønnburkne, hassel, berberis, dvergmispel, småasal (NT), harekløver, skogkløver, engknoppurt, myske, kantkonvall, rødflangre, brudespore (

NT), gullslørsopp (NT),

kopperrød slørsopp (NT), fibret slørsopp, svovelslørsopp, kjeglevokssopp, krittvokssopp,

duftvokssopp, fagervokssopp (EN), gul furuvokssopp (NT), grå trompetsopp, glatt storpigg (NT), svartspettet musserong (NT).

03.03.2011

(29)

Lok. nr. 39 Bargarden forts.

Naturtyperegistreringer Naturtype: Kalkskog

Utforming: Tørr kalkfuruskog Mosaikk:

Feltsjekk: 07.10.2009 (siste)

Beskrivelse

Innleiing: Omtalen er ut frå Bjørndalen 6 Brandrud (1989), registreringar av Anders Breili

05.07.2002, samt eige (Geir Gaarder) registrering 02.10.2004 og 07.10.2009.

Plassering/avgrensing/naturgrunnlag: Lokaliteten ligg ovafor Kvålsviki, like aust for Luster

sentrum, på nordsida av Lustrafjorden. Det er snakk om ei bratt li med mykje grunnlendt furuskog og noko meir open ur og berg på ganske kalkrik fyllitt. Avgrensinga er gjort på grunnlag av grensene for naturreservatet.

Naturtypar/vegetasjonstypar: Dette er den mest velutvikla kalkfuruskogen som hittil er

dokumentert i Indre Sogn. Furuskogen danner ei tydeleg stripe i terrenget frå fjorden og opp til 400-500 moh. Det er for det mest snakk om tørr kalkfuruskog, ofte med dårleg utvikla feltsjikt.

Busksjiktet er derimot godt utvikla.

Artsmangfald: I tresjiktet dominerar furu. I busksjiktet veks m.a. hassel, dvergmispel, berberis og

den endemiske asal-arten småasal (NT). Av regionalt ganske sjeldsynte artar i feltsjiktet finst m.a.

raudflangre og kantkonvall. Anders Breili fann i 2002 her m.a. brudespore, rognasal, grønburkne, myske, engknoppurt og harekløver. Under kartleggingane hausten 2004 og 2009 var det funne fleire kravfulle og raudlista marklevande sopp her, m.a. fagervokssopp (EN), glatt storpigg (NT), gullslørsopp (NT), fibra slørsopp, svovelslørsopp, kopperraud slørsopp (NT), teglraud

kragemusserong, duftvokssopp og gul furuvokssopp (NT) under furu, samt svartspetta musserong (NT) og grå trompetsopp under hassel. Glatt storpigg og svovelslørsopp vart også funnen her i 2000 (tilknytt den XV Nordiske soppkongress av m.a. Tor Erik Brandrud og Per Marstad. I tillegg beitemarkssopp som krittvokssopp og kjeglevokssopp. Gaarder & Jordal (1995) fann fåresopp i området (ukjent om det var vanleg fåresopp eller kanskje helst raudlistearten furufåresopp).

Påvirkning/bruk/trugsmål: Lokaliteten vert beite av storfe og beitetrykket verkar ganske godt.

Lokalt er det likevel litt attgroing av tre ute på beitemarka, sjølv om feltsjiktet er lågvakse. Det har ganske tydeleg vore litt gjødsla mot kulturmarka nedst, men ut fra soppfunna så kan det også verke som det har vore gjødsla litt over det meste tidlegare. Det har vore rydda litt skog her for nokre år sidan.

Framande artar: Berberis veks i området. Det er i det minste planta litt gran i nærområdet.

Vegetasjon: Xerofil furu-utf / Tørr kalkfuruskog (Rødlistebetegnelse) (B2a)

Verdivurdering: Dette er ein av dei beste utvikla kalkfuruskogane i fylket, kanskje den beste.

Fleire typiske kravfulle og raudlista kalkfuruskogssopp førekjem her. Verdien er difor klart svært viktig - A. Lokaliteten fekk nasjonal verneverdi (***) av Bjørndalen & Brandrud (1989).

Skjøtsel og hensyn: Statusen som natureservat sikrer naturverdiane i området.

Litteratur

Bjørndalen, J. E. & Brandrud, T. E. 1989. Landsplan for verneverdige kalkfuruskoger og beslektede skogtyper i Norge. III. Lokaliteter på Vestlandet. Direktoratet for naturforvaltning.

Rapport, 78 s.

Gaarder, G. & Jordal, J. B. 1995. Biologiske undersøkelser av noen kulturlandskap og en edellauvskog i Sogn og Fjordane i 1994. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, miljøvernavd.

Rapport 3-1995: 1-50.

Artsliste for lokaliteten

Totalt 24 art(er) påvist: grønnburkne, hassel, berberis, dvergmispel, småasal (NT), harekløver, skogkløver, engknoppurt, myske, kantkonvall, rødflangre, brudespore (NT), gullslørsopp (NT), kopperrød slørsopp (NT), fibret slørsopp, svovelslørsopp, kjeglevokssopp, krittvokssopp,

duftvokssopp, fagervokssopp (EN), gul furuvokssopp (NT), grå trompetsopp, glatt storpigg (NT), svartspettet musserong (NT).

03.03.2011

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER