• No results found

Kapittel 1: Attføding, lidenskapar og begjær

1.8. Guattaris analyse

Guattari freistar i sin tekst å sette opp eit rammeverk for å sjå på forhaldet mellom menneskeleg begjær og fascisme som fenomen.81 Han påpeiker at menneskeleg begjær og undertrykkinga av dette er noko som finn stad ute i røynda, i mennesket. At dette er eit fenomen som foregår i den verkelege verda medfører at det er i stadig endring og under påverknad frå samfunnet. Difor kan ein ikkje generalisere over begjæret og seie at det er på den eine eller andre måten. Ein kan til dømes ikkje gjere slik som ein del i samtida hans gjorde, nemleg å snakke om eit "revolusjonært begjær". Begjær er ikkje kopla til noko overordna ynskje eller til det Guattari kallar individualisert libido - begjæret berre er, eller tilvert.82 Guattari vil nytte distinksjonen mellom mikropolitikk og

80 Ibid, s.79. Sjå òg Hellesen i Pettersen, Hellesen og Nilsen (red.), 2018, s.175.

81 Guattari, s.154.

82 Ibid, s.155.

makropolitikk for å løyse opp psykoanalysens antatt universelle nytte, det vil seie ødipaliseringas dominans, som vi var inne på tidlegare. Medan politikk ofte vert antatt å handle om store folkemengders anliggande, og det individuelle er overlatt til psykoanalysen, vil Guattari vise at det finst politikk som relaterer seg til det individuelle begjær så vel som det begjæret som kjem til uttrykk på samfunnsnivå. Undertrykkinga ein finn i nære relasjonar opp står den same typen libidinal disposisjon som ligg under av det ein finn av sosiale problem på samfunnsnivå - der fascisme er eit døme - som i sin tur med fordel kan forstås i ljos av ein begjærets mikropolitikk.83

Om ein snakkar om vald, overgrep og kontroll på det individuelle plan eller på det sosiale plan, er det dei same impulsane som er i spel, det er det same begjærsoppsettet. Vi har vore inne på korleis begjæret kan formast av strukturar, og korleis undertrykkande strukturar kan gjere begjæret reaksjonært og kontrollerande. Guattaris poeng er at det totalitære nettopp er avhengig av strukturar som kan forme menneskeleg begjær så det vert anvendeleg for profittøkonomien som opprettheldt pengemaktas dominans. Det må skapast folk som er bade autoritære og lydige: lydige til systemet som gjev dei den autoritære, dominante posisjon dei er forma til å ynskje seg. Pengemakta er avhengig av å forme begjæret for å oppretthalde kontrollen, difor siktar den mot at menneska skal internalisere den foretrukne begjærsmodellen.

Den treng at menneska vert utstyrt med ein viss borndom, seksualitet, forhald til kunnskap, førestilling om kjærleik, ærlegheit:

Capitalist relations of production are not simply established on the scale of great social groupings; from the cradle onward, they shape a certain type of producer-consumer individual.84

Begjæret vert satt opp på ein bestemt måte for å passe eit visst formål. Dette er strukturane som det fascistiske gjenskapar seg gjennom. Den finst i kroppen på oss alle i ulik grad, av di samfunnsstrukturane skapar eit fascistisk begjær i oss og påverkar oss på måtar vi ikkje merkar.

Guattari peiker på korleis militæret utgjer ein slik samfunnsstruktur, for ein må ikkje tru at militæret i det mest demokratiske sosialdemokrati ikkje er i stand til å igangsette det verste av

83 Ibid.

84 Ibid, s.175.

fascistisk undertrykking. Ein militær maskin vil alltid i kraft av sin natur krystallisere eit fascistisk begjær, uavhengig av det rådande politiske regimet.85 Militæret er ein arena der begjæret etter å kontrollere og dominere andre får utalde seg. Det er jamvel innbakt i militærets struktur at ein skal gjere det. Det fascistiske ligg latent i militærets vesen, av naudsyntheit, av di slike organisasjonar er avhengig av at folk fylgjer ordrar for å vere effektive, og vektlegg som oftast blind lydigheit. Då kan makthavarane enkelt kanalisere den enkeltes ressentiment. Theweleit påpeiker som vi skal sjå i kapittel 4 at i Tyskland var ein i stand til å nøytralisere ungdommens fiendskap mot borgarskapet ved å binde dei til militæret, som utgjorde restane av monarkiet, slik at fiendskapet vart redusert til å gjere narr av det borgarlege individ.86 Militæret ufarleggjer misnøya mot det borgarlege samfunnet og kanaliserer det til ein form som tener overklassas interesser, noko som også foregår i antatt progressive regime. I alle situasjonar der ein skal fylgje ordre utan spørsmål vil det fascistiske begjæret ha gode vekstvilkår: Både i den dominerande som gjev ordrane, og i dei som vert dominerte, og av di dei vert fylt av ressentiment, sinne og frustrasjon.

Schizoanalysen til Guattari avviser falske skilje mellom store sosiale grupper og meir individuelle problem.87 Han avviser tradisjonell marxistisk tilnærming, der det revolusjonære partiet inntar ein posisjon som ein garantist for evig sanning og dermed vert eit gudssubstitutt i nietzschiansk forstand, ein transcendent. Det handlar ikkje om å late som om ein representerer massane eller tolkar deira kampar. Guattaris tilnærming gjer motstand mot tolkingar i form av godt og vondt.

Framfor å forhalde seg til ein transcendent, vél ein å ta utgangspunkt i ein pluralitet av ulike menneskes kampar og erfaringar. Det er med utgangspunkt i det plurale og mangfaldige at ein kan sette i gong skikkelege kollektive kampar. Ein snakkar om samankopling av ei mangfald av molekylære begjær som kan sette i gong endringar i stor skala, som i 68-opprøret.88 I studiet av fascisme og andre paranoide, reaksjonære styresett er det viktig å ta høgde for at ein ikkje kan forenkle modellane, men snarare gjere dei meir komplekse for å kunne forstå dette fenomenet

85 Ibid, s.171.

86 Theweleit 2010b, s.351.

87 Guattari, s.158.

88 Ibid, s.159.

og relaterte prosessar.89 Guattari understrekar at fascisme kjem i alle slags formar og er i stadig utvikling.90 Fascisme må forstås som eit dynamisk og grunnleggande kroppsleg fenomen, forankra i og gjeve retning av impulsane i dei enkelte molekylære elementa, det vere seg mindre fascistiske gjengar eller jamvel hjå enkeltindivida. Berre ved å gå ned på det molekylære nivået kan vi forstå fascismen fullt ut. Hensikten med Guattaris prosjekt er nettopp å unngå dei forenklingane som hindrar oss i å forstå det fascistiske maskineriets genealogi.

Analysen av fascismens molekylære komponentar kan nyttast på mange områdar, då dei same komponentane og impulsane går att. Eit døme på dette er den katolske inkvisisjonen, som fleire har påpeikt at var ein viktig del av utviklinga av moderne rasisme.91 Den utgjorde institusjonaliseringa av jødeforfølgingane som oppstod på den iberiske halvøy etter reconquistaen på slutten av 1400-talet, der jødar og muslimar først vart tvungne til å konvertere til kristendommen, og for sidan å verte diskriminerte mot som «ny-kristne» i motsetning til

«gammel-kristne» som allereie hadde vore katolske i lange tider. For å skilje mellom konvertittar og ekte kristne innførte den katolske kyrkje ein tanke om blodets reinheit, «limpieza de sangre»

og gav reinskapssertifikat til dei som kunne dokumentere kristen slekt i fem ledd bakover.92 Dei som ikkje kunne dette vart forfulgt. Poenget til Guattari er at dei same strukturane finst i dag.

Den same reaksjonære og kontrollerande impulsen viser seg og gjer seg gjeldande i alle arenaer der det finst undertrykking eller krevst at ein lyder autoritetar blindt.

Inkvisisjonen vert løfta fram som ein prototype på fascismen av di den samla desse komponentane til eit maskineri, komponentar ein finn att på områdar som familie, skule, arbeid og i militæret. Å anerkjenne denne kontinuiteten er for Guattari heilt avgjerande for å kunne yte motstand.93 Ulike totalitære system gjev ulike begjærsoppsett, og dette må forstås på bakgrunn av dei enkelte mikropolitiske grunnforholda, både materialistiske og sosiale. Det fascistiske og det totalitære bygger på begjærsmaskinar som er opne og knyt seg til kvarandre utan stengsler,

89 Ibid, s.161.

90 Ibid, s.161-2

91 For meir om dette, sjå Popkin 1983, Sussmann 2016, Skorgen 2002.

92 Bangstad og Døving, s.41

93 Guattari s.162.

og at dette er knytt til ein dynamisk sosial mekanikk som ikkje kan forstår berre gjennom å studere dei reint historiske fakta:

The analysis of fascism is not simply a historian's specialty. I repeat: What fascism set in motion yesterday continues to proliferate in other forms, within the complex of contemporary social space.94