• No results found

Kapittel 3: Den metapolitiske fascismen

3.6. Etnopluralismen

Vi skal no sjå nærare på rettigheitsbasert retorikk i identitære fascistiske miljø. For å forstå den identitære rørsla, og nyrasisme og samtidsfascisme generelt, lyt ein forstå det som kallast etnopluralisme. Etnopluralismen er eit sentralt ideologisk moment hjå den identitære rørsla, og

233 Ibid, s.348

234 "Thule Society" Encyclopedia.com, vitja 17.11.2020

235 “Freikorps Oberland”, Wikipedia.org, vitja 17.11.2020.

236 Griffin 2009, s.349

237 Unicornriot.ninja, «Neo-nazi ‘American Identity Movement’ Disbands», 02.11.2020.

var i ein lett omskriven variant ein del av manifestet til gjerningsmannen bak Christchurch-massakren i 2019.238 Etnopluralismen eller etnopluralistisk rasisme er ifylgje historikar Rasmus Fleischer kjenneteikna av at ein hentar sin argumentasjon frå tema som økologi, fred, menneskerettigheiter, liberalisme, antiimperialisme og antirasisme.239 Som vi allereie har sett har Det Nye Høgre jobba for å kle rasistisk og fascistisk tankegods i ein ny drakt, mellom anna ved å nytte venstresidas retorikk. Etnopluralisme er ifylgje Fleischer eit omgrep som passar godt på tankegodset dei utvikla.240 Det var Benoist og Charleis Champetier som introduserte Det Nye Høgres etnopluralisme for eit engelskspråkleg publikum i 1999.241 Den etnopluralistiske rasismen let seg best forstå som eit resultat av denne strategien. Fleischer meiner at det er eit skarpt og reelt skilje mellom etnopluralisme og den klassiske nazismen, i det at nazismen var klart aggressivt ekspansjonistisk og imperialistisk, medan etnopluralismen er tvert i mot antiimperialistisk og isolasjonistisk.242 Etnopluralismen vektlegg territorial suverenitet og stabile grenser. Nasjonen står framleis sterkt, men vi kan seie at etnopluralistar vektlegg ein slags pasifistisk nasjonalisme, og ser gjennomgåande andre nasjonar som aggressive og ekspansjonistiske.

Kva er så etnopluralistisk rasisme? Som nemnd er dette ein form for rasisme som nyttar retorikk frå venstresida og frå liberalismen. Medan klassisk rasisme hevdar at somme menneskerasar er overlegne og meir verdt enn andre, og at desse rasane har rett til å herske over dei mindreverdige rasane, seier etnopluralismen at alle rasar er like mykje verdt og har rett til å leve i fred. I etnopluralismen er mangfald av rasar eit gode, men samstundes er det her at etnopluralismen avslører seg. For etnopluralistar er det nemleg slik at for å bevare det rasemessige mangfaldet er det viktig å unngå raseblanding, og dette kan best gjerast ved å innføre og oppretthalde eit strengt raseskilje. Her finn vi òg i argumentasjonen mot innvandring ei påkalling av menneskerettigheiter. Det er nemleg slik at innvandring av folk tilhøyrande andre rasar er noko som bryt med den "innfødde" rasens rett til å leve i fred. Når menneske frå andre verdsdelar kjem

238 Murdoch og Mulhall, s.6-7.

239 Fleischer, s.8

240 Ibid, s.36

241 Murdoch og Mulhall, s.54.

242 Fleischer, s.37

til våre land og freistar å leve her, utgjer det ifylgje etnopluralisten eit overgrep mot oss. Vidare inneber det rasemessige mangfaldet at kvar rase har rett til å få bevare sine eigne særtrekk. Om folk frå andre rasar kjem og får born med folk frå den 'innfødde' rasen, så er det med på å utvatne dei rasemessige særprega. Slik vert raseblanding eit overgrep mot begge rasar og deira rettigheiter.

Fleischer synar at etnopluralismen baserer seg på å sette eit etisk likskapsteikn mellom individ og rasar.243 Det som er spesielt interessant med etnopluralisme er at raseskiljet gjerne ikkje berre handlar om bevaring, men òg om å legge til rette for 'divergens', altså evolusjonære prosessar som vert antatt å ligge bak utviklinga av rasar, slik at dei ulike rasane kan utvikle seg til fleire distinkte menneskeartar.244 Det er viktig for etnopluralistar å sikre «reproduktiv isolasjon» for å unngå degenererande raseblanding, altså å hindre at ulike menneskerasar møtast i det heile.

Det er altså skilnad som er det sentrale og viktige for etnopluralismen. Her er det koplingar til Det Nye Høgres retorikk om «differentation», som vi har vore inne på. Griffin syner til at Det Nye Høgre i perioden 1979-1983 utvikla ein doktrine som kan kallast «differentialism», der ein avviste tanken om at visse kulturar eller rasar var i seg sjølve overlegne. I tida etter dette skiftet vart dette spissa mot det å kjempe for å halde alle kulturar i live.245 Den sentrale underliggande myta handla om at eit nytt Europa skulle stige fram, men ikkje i form av ein samling nasjonale statar.

Istaden skulle det nye Europa bestå av rasemessig homogene regionar for autentiske og rotfesta verdiar og kommunitære ideal, som forsvarsverk mot både kapitalistisk og kommunistisk materialisme.246 For Det Nye Høgre vert demokrati totalitært av di det undergrev det dei ser på som det felles gode, medan raseblanding vert rasistisk:

There is a racism which absolutizes the Other to create a Totally Other with whom no one can have anything in common. There is another, more perverse racism which absolutizes the Same, and in the name of the Same, challenges the very idea of difference.247

243 Ibid, s.8

244 Ibid.

245 Griffin 2000, s.10

246 Ibid, s.11

247 Feldman, note 78. Sitat frå s.48 i Benoist, «What is racism" Telos 114 (1999), ss.11-49

Benoist skriv at rasisme skapar ein Andre som ein ikkje har noko til felles med, men at det samstundes finst ein verre rasisme som framheld det Same og ikkje tillét noko som er annleis i det heile. På denne intrikate og sofistikerte måten kan han skoddelegge diskursen om kva som er og ikkje er rasisme slik at det vert vanskeleg for dei fleste å avgjere av det Benoist driv med er rasistisk. Det er for så vidt riktig nok at rasismen gjer det Benoist skriv, men det han underslår er at det identitære og etnopluralistiske tankegodset gjer det same. Både etnopluralisme og vanleg rasisme nyttar eit hierarkisk omgrep om annethet, der den Andre til sjuande og sist er underordna og uønska. Benoist framstiller det som at humanisme og antirasisme utviskar annetheten, men antirasisme har som regel ikkje hatt likskap som ideal, men snarare likeverd eller ikkje-hierarki. Han nyttar retorikk om annethet for å forvirre lesarane. Han gjev inntrykk av å bry seg veldig om den Andre og om skilnad, men det viktigaste i dette tankegodset er og blir den lyshuda mannen.

Etnopluralismen trekk på retorikk frå diskursen om menneskerettigheiter, men nyttar og argument frå urfolksrørsler og frå økologi.248 Det vi har sett visar at Det Nye Høgre har bidratt til å utvikle ein ny utgåve av rasisme, som ved hjelp av retoriske grep inspirert av liberal ordbruk går under radaren for dei fleste. Etnopluralismen grip til frigjeringas retorikk og vender mot dei undertrykte for å undertrykke dei vidare. Slik retorikk har fleire nytteområder. Til dømes vart

"differentialism" sentral for Front Nationals retorikk på 1980-talet, og både myndigheitane i Sambandsstatane og apartheid-regimet i Sør-Afrika nytta argumentasjonen "separate but equal"

for å rettferdiggjere raseskiljepolitikken.249 I dag er denne nye rasismen normen på ytre høgre i Europa og andre stadar. Samtidsfascismen må forstås med dette i bakhovudet, då den ikkje alltid let seg kjenne att om ein ikkje kjenner til desse metapolitiske strategiane. Vi skal no sjå nærare på dei bakomliggande tankemåtane til denne tilnærminga ved å ta for oss Martin Heidegger.

248 Fleischer, s.37

249 Sjå til dømes «Separate but equal» på Wikipedia, og «Separate and unequal: Apartheid's legacy lives on", The Independent, 7.7.2013