• No results found

Kapittel 1: Attføding, lidenskapar og begjær

1.9. Definisjon og oppsummering

Så langt har vi tatt for oss ulike forståingar og definisjonar av fascisme. Hjå Griffin fann vi den definisjonen som det i dag ser ut til å være ein viss einigheit om på fagfeltet, altså fascisme som palingenetisk ultranasjonalisme. Deretter såg vi korleis Paxton vender seg mot eit fokus på handlingar og underliggande emosjonelle tilstandar, og deretter har vi sett korleis Theweleit i likskap med Guattari meiner at det grunnleggande og viktigaste er det menneskelege begjæret.

Griffin plasserer seg på eit meir reint intellektuelt nivå med fokus på idear, medan Paxton kan plasserast i ein mellomposisjon Griffin og Theweleit. For denne oppgåva skal alle desse tilnærmingane verte viktige.

Utifrå det eg så langt har diskutert er det tydeleg at ein rein intellektuell, ideologisk definisjon av fascisme som hjå Griffin vert utilstrekkeleg for å beskrive fenomenet. Denne definisjonen er likevel viktig, då den palingenetiske myta speler ei viktig rolle. Den palingenetiske dimensjonen av fascistiske idear er noko som går att i fascistiske rørsler, både historisk og i samtida. Tanken om å attføde den ærerike nasjonen frå ein samtidig anomi er ein sentral fascistisk trope, og det er viktig å kjenne til dette for å kjenne att samtidsfascismen i dens nye, oppdaterte variantar.

Definisjonen formulert av Griffin har heilt klart sin funksjon i ein analyse av fascisme. Det er dog ein ting å kjenne fascismen att, og noko anna å forstå den. Denne oppgåva vil vise at fascismen i overvegande stor grad er driven av ting som foregår på det emosjonelle planet. Difor er det betre å gå i retning av det Paxton nærmar seg, og som Theweleit, Deleuze og Guattari går i djupna på.

Det er difor noko i alle desse definisjonane som er verdt å ta med seg vidare. Ein kan ikkje forstå fascismen utan å ta med begjærsplanet, men utan den palingenetiske myta som kjenneteikn vert

94 Ibid, s.163.

det vanskeleg å kjenne fascismen att når den har pynta seg. Utifrå dette kan det verke som at den beste definisjonen ein kan gje er noko som byrjar i nærleiken av Paxton men som famnar breiare. Før ein byrjar å lansere nye definisjonar attstår det imidlertid framleis noko å gå gjennom.

Eit vanleg spørsmål er i kva grad fascismen er rasistisk. Somme seier at medan den tyske fascismen Nazistane innførte var klart antisemittisk og rasistisk, var ikkje den italienske fascismen rasistisk før innføring av raselovane i 1938.95 Griffin er ikkje i tvil om at fascismen i seg sjølv er rasistisk av di den ser på folket innad i ein bestemt nasjon som overlegent.96 Det er i dag er vanskeleg å finne fascistiske miljø som ikkje er rasistiske i ein eller anna forstand. I vår samtid vil fascisme og rasisme sjå ut til å gli over i kvarandre, ikkje minst av di at begge delar kan reduserast til dette reaksjonære begjæret som vi har omtalt. Ein kan seie at fascisme, rasisme og kvinnehat er ulike uttrykk for det same, nemleg ein reaksjonær impuls, eller eit begjær etter å dominere.

Det vil gjeve meining å omtale fascismens kjerne som eit reaksjonært hat.

For vegen vidare i denne oppgåva vil det være nyttig med ein oppsummerande definisjon som uttrykker klart og konsist kva slags fascismeforståing som er gjennomgåande her. Difor kan vi no freiste å formulere ein nyttig definisjon av fascisme, som både har med det idehistoriske perspektivet samt dei begjærsfilosofiske innsiktene, på følgande vis:

Fascisme er å forstå som eit grunnleggande menneskeleg begjær etter å dominere som kjem til uttrykk gjennom eit reaksjonært hat, og som på samfunnsnivå kan krystalliserast til ei valdeleg rørsle som ynskjer å gjeninnføre ei antatt ærerik fortid og dermed på ny legge forhalda til rette for dominans.

Ein slik definisjon vil ta på alvor korleis fascisme heng saman med den enkeltes begjær, samstundes som det er medviten om viktigheita av den palingenetiske myta som ide. Den tar og med ordet "krystallisering" som i den begjærsfilosofiske analysen av fascismen speler på korleis krystallar samlar seg, og vert nytta som bilete eller modell på korleis små, lokale fascistiske miljø samlar seg til ei stor fascistisk rørsle, slik som i det tyske tilfellet. Fascismen er oppdelt og alle

95 Mosse s.160

96 Griffin 2009, s.7.

stader, den er molekylær, tilstades hjå kvart menneskes begjær, i større eller mindre grad. Dette er mikrofascisme: dei små bestanddelane som ventar på å krystallisere seg ein eller anna stad.97 Ordet dominans er i min definisjon forstått i ein republikansk forstand som vilkårleg makt, der ein person har moglegheit til å kva tid som helt og etter eige forgodtbefinnande gripe inn i ein annan persons liv, utan å frykte konsekvensane.98 Dominans er dermed eit samleomgrep på alle formar for autoritet og undertrykking som er rimeleg å forvente i kjølvatnet av ei slik rørsle. Det er foreldras dominans over barnet, farens dominans over mor og born, lærarens dominans over elevane, militærbefalets dominans over soldatane, sjefens dominans over arbeidarane, diktatorens dominans over folket, dei rikes dominans over dei fattige, storkapitalens dominans over samfunnet elles.

Guattari hevdar at fascismen, eller det fascistiske, lever i oss alle og får næring frå alles begjær.

Fascismen finst i ein saktebrennande variant i mange samfunnsstrukturar der autoritet og dominans får utspele seg. Guattaris tilnærming til dette fenomenet står i kontrast til tradisjonelle filosofiske og historiske forståingar, og særleg til det vi finn i den nye konsensusen som Griffin skriv om. Likevel er ikkje dei to heilt utan forbinding, for medan Guattari peiker på det menneskelege begjæret som vert forma av samfunnsstrukturar og kanalisert av storkapitalen, så er den palingenetiske myta Griffin beskriv eit uttrykk for denne kanaliseringa. Fascistar påkallar myta om ein svunnen stortid som kan attfødast for å kanalisere menneskas begjær mot det noverande samfunnet som undertrykker dei. Den samtidige undertrykkinga vert knytta til rettigheiter som er vunnen av, og dermed den trusselen som representerast ved, arbeidarrørsla, jødar og muslimar og andre utgruppar, og kvinner. Det gjev difor meining å lansere den definisjonen som foreslått ovanfor, der fascisme som menneskeleg fenomen kan forstås som eit grunnleggande dominerande begjær som kjem til uttrykk gjennom eit reaksjonært hat, og som på samfunnsnivå kan krystallisere seg til ei valdeleg rørsle som ynskjer å gjeninnføre ei antatt ærerik fortid og dermed på ny legge forhalda til rette for dominans.

97 Guattari s.175.

98 For meir om dette, sjå Skinner, 2011.

Som Guattari skriv, er fascismen sterk eller svak avhengig av i kva grad den har klart å krystallisere seg. Om vi kan hindre nye krystalliseringar av fascisme avhenger om vi som samfunn klarar å ta menneskeleg begjær på alvor. Det handlar om i kva grad vi klarar å realisere sann fridom utan rom for dominans. Den føreslåtte definisjonen tek innover seg både det palingenetiske aspektet samstundes som det anerkjenner det reaksjonære begjæret etter å dominere. Om definisjonen lukkast, vil den ha sett klare og forståelege rammer for den analysen som fylgjer seinare, så vi får ei oversiktleg gjennomgang av det som er ganske komplisert filosofi - sjølv om «oversiktleg» er eit ord som kanskje ikkje høyrer heime i begjærsfilosofi. I dette kapittelet har vi tatt for oss arbeidet til Griffin, Paxton og Theweleit og satt det i relieff ved hjelp av innsiktane til Deleuze og Guattari, som gjorde oss i stand til å formulere ei eiga definisjon på fascisme. Theweleit, Deleuze og Guattari vert no med oss vidare til neste kapittel der vi vidare utforskar koplinga mellom immanens, kvinnehat og fascisme i eit møte med den franske filosofen Luce Irigaray sitt arbeid med det ho kalla einheitstenkinga og hennar kritikk av Platon.