• No results found

Einheitstenking og skilnadstenking

Kapittel 2: Einheitstenking og hulelikning

2.2. Einheitstenking og skilnadstenking

Irigaray kritiserer einheitstenking og etterspør skilnadstenking. Hjå Irigaray er einheitstenkinga eit grunnleggande problem for feminisme, fridomskamp og for samfunnet generelt. For å motvirke einheitstenkinga er det viktig å tenke skilnad. Skilnadstenkinga er ein innstilling til sjølve livet som skil seg grunnleggande frå einheitstenkinga. Å tenke skilnad vil seie å vere open for at ting kan vere annleis, skilje seg ut, bringe noko nytt, noko utanfrå. I An ethics of sexual difference skriv Irgaray følgande:

Sexual difference is one of the major philosophical issues, if not the issue, of our age.

According to Heidegger, each age has one issue to think through, and one only. Sexual difference is probably the issue in our time which could be our salvation if we thought it through.104

Å skulle tenke skilnad er eit stort prosjekt av di einheitstenkinga er sjølve grunnlaget for vestleg tenking dei siste tusenåra. Irigaray har synt «how a single subject, traditionally the masculine subject, had constructed the world and interpreted the world according to a single perspective.»105 Med dette meiner ho at måten vi tenker på i vestlege samfunn er noko som er basert på og konstituert utifrå eit einaste subjekts ståsted, som er kjønna maskulint. Heile historia og dei tallause byggesteinane for det moderne samfunn er basert på ein forståing, ein logikk og

104 Irigaray 1993, s.6.

105 Lorraine 1999, s.20.

ein tenkemåte med eit mannleg premiss. Det fører til at det som skil seg frå det mannlege, både kjønnsskilnad og djupare sett skilnad som sådan, hamnar utanfor og vert nedvurdert. Det er viktig å tenke skilnad av di einheitstenkinga skapar djupe problem og konfliktar, av di det gjer at ein vert avstengd frå å akseptere det som skil seg ut. Når einheitstenkinga, som er grunnleggande for vestleg kultur, har innbakt i seg ei innramming av det kvinnelege som sekundert og underordna, avdekker det ein latent aggresjon mot det kvinnelege. Einheitstenkinga utgjer dermed ein undertrykkande struktur: kvinnefiendtlegheit er ein del av samfunnets grunnmur.

Irigarays prosjekt er å undersøke kvifor skilnadstenkinga ho etterlyser ikkje har kunna utvikle seg.106 Ho vil forstå korleis einheitstenkinga har klart å fortrenge kjønnsskilnaden frå etikkens, estetikkens, logikkens og religionens verd. For Irgaray handlar det om korleis felt som eigentleg høyrer saman vert dissosierte: kropp og sjel, seksualitet og andelegheit. Det handlar om "lack of passage for the spirit" - ei mangel på rom for fri rørsle, eit nærver av grensar som ikkje er smidige og elastiske.107 Ifylgje Irigaray er strukturane organisert på ein slik måte at desse felta vert strengt åtskilt og set i motsetnad til kvarandre. Som vi skal sjå, dreiar det seg mellom anna om to ulike formar for mimesis.108 Mimesis tydar etterlikning og er eit sentralt omgrep i den greske filosofiens tenking om erkjenning av røynda og sanninga. Menneskje erkjenner røynda ved å lage etterlikningar av ideane, eller formane (eidos). Den vanlege, mest kjende mimesis er den som freister å skape så like etterlikningar som mogleg.

Å innføre rigide skiljer og grenser mellom ting som eigentleg heng tett saman, handlar om det same som vi møter på i dei andre kapitla, nemleg kontroll. Den reaksjonære impulsen, eller begjæret etter å dominere, som vi vart kjend med i kapittel ein, krev at desse delane av livet skal vere åtskilt for å unngå grenseoverskriding som utfordrar dominans. Kva dominans er det snakk om her? Det er dominansen til det rasjonelle, intellektuelle egoet som ser seg sjølv heva over det kroppslege og banale, det kalde mannlege intellektet som ikkje let seg påverke av kjensler. Det er å halde livet på avstand, å ville «stige opp hinsides livet» som Sampson skriv.109 Det

106 Ibid, s.14-15.

107 Ibid.

108 Sampson s.62

109 Ibid, s.58.

problematiske med einheitstenkinga er at den har eit hierarkisk annethetsomgrep der den Andre vert underordna, nedvurdert som mangelfullt i kraft av å verte framstilt ulik den eine. Det som er ulikt er mindreverdig og det mennesket som skil seg frå den Eine er nærast framstilt som mindre menneskeleg, sidan det ikkje er fullverdig i høve til standarden. I einheitstenkinga er det Mannen som er det handlande og avgjerande subjektet, han er midtpunktet. Kvinnas posisjon i einheitstenkninga er som objekt, som birolle. Mannen vert framstilt som den Eine, medan kvinna vert sett på som eit alternativ, eit tillegg til mannen. Kvinnen er mannens Andre, ho er sekundær, ho er den Eines Andre. Den Eine er den som er subjektet, den sentrale i ein slik mannleg tankeøkonomi, nemleg mannen. Den Andre eller i klartekst den Eines andre er den som i ein slik økonomi er satt til side, som annanrangs objekt for det mannlege subjekt. Ho er definert utifrå hennar relasjon til mannen. Sampson skriv:

Innenfor en slik forestillingsverden blir mannen framstilt som den som er. Kvinnen derimot framvises som mannens – den Enes – andre. Som mannens andre er kvinnen enten negasjonen han konstituerer seg i forhold til, eller en dårligere kopi av ham.110

Det at det kvinnelege er sekundært og berre eksisterer som negasjon, at det kvinnelege ikkje finst i det symbolske som eigen genealogi på same måte som det mannlege gjer, er noko som har konsekvensar for korleis vi som enkeltpersonar relaterer oss til kvarandre. Det ligg djupt i samfunnsstrukturane og er allestadsnær. Alle internaliserar difor denne formen for tenking slik at vi heile tida opererer utifrå vårt eige perspektiv, og vi inntar så godt som aldri perspektivet til den vi møter. I einheitstenkninga tenker vi berre utifrå Den Eine, vi tenker ikkje i den Andres perspektiv, vi inntar aldri den posisjonen. Dette fører til dårlegare relasjonar mellom menneska.

Det fører òg til at vi ofte ikkje tåler syn og perspektiv som skil seg for mykje frå våre eigne.

Det finst ikkje kjønnsskilnad i einheitstenkinga, berre mannen som er den Eine, medan kvinna er ein dårleg kopi. Irigaray meiner det er avgjerande å skifte ut denne måten å tenke på med noko som er radikalt annleis: ei tenking der mannen og kvinna stiller likeverdige som subjekt, og der skilnadane mellom mann og kvinne anerkjennast. Den bakomliggande tanken er at det ikkje er mogleg å finne ei høgare fellesnemnar som dei to kjønn går opp i, utan å gjere seg skuldig i ein

110 Ibid, s. 59-60.

reduksjon av dit eine til ein mindreverdig utgåve av dit andre.111 Den andre vert sett på som

«likeverdig med meg fordi han eller hun er så forskjellig fra meg at ingen av oss kan gjøres til gjenstand for en reduserende definisjon grunnet i en sammenligning med den andre».112 Når kvinner skal «likestillast» inn i denne strukturen, vert dei tvungne til å gjere seg sjølve til menn, altså at dei lyt endre adferd, proriteringar, meiningar og så vidare for å passe inn i ein struktur som er støypt etter eit mannleg ideal, noko dei aldri vil kunne lukkast med fullt og heilt. Når vi seinare kjem inn på Theweleit, vil vi sjå korleis det kvinnelege som Andre kjem til uttrykk i fascismen. Det som vert avdekka når ein undersøker denne nedvurderinga er ein latent aggresjon mot det kvinnelege. Det kan kallast ei dehumanisering av kvinna, som er ein del av djupstrukturane med tanke på korleis vestleg tenking vert til og heile tida formar oss. Det er rimeleg å seie utifrå dette at vestleg tenking ber med seg kvinnefiendtlegheit. At denne kvinnefiendtlegheiten er innbakt i grunnstrukturane får fylgjer for kor langt det kan lukkast for kvinner å frigjere seg om ein ikkje tek eit oppgjer med dette. Irigaray søker eit anna annethetsomgrep som ikkje er hierarkisk. Skilnadstenkinga vil opne eit rom for det som skil seg frå standarden, der det vert sett som likeverdig.

Vi anar kor viktig Irigaray meiner det er å tenke skilnad når ho spør: «Has a world wide erosion of the gains won in women's struggles occurred because of the failure to lay foundations different from those on which the world of men was constructed?”113 Irigaray spør retorisk om feminismen har stagnert eller vorte rulla attende av di vi framleis opererer innafor einheitstenkinga. Det implisitte svaret er ja, og det impliserer eit vidare spørsmål: Kan kvinnefrigjering berre realiserast når vi oppnår ein sann skilnadstenking? Irigaray meiner at sann frigjering kan berre oppnåast om ein legg ned nye grunnstrukturar som alternativ til dei som har mogleggjort undertrykkinga.

Irigaray spør altså om einheitstenkinga hindrar kvinnekamp, og understrekar dermed det reaksjonære aspektet i det å ikkje tenke skilnad. Einheitstenkinga er ein i fylgje Irigaray fallisk tankegong, i den forstand at fokuset på eit einaste riktig perspektiv kan kallast monolittisk, noko som tener som eit bilete på at det er det mannlege perspektivet som har vorte sett som det

111 Ibid, s.59.

112 Ibid.

113 Irigaray, 1993, s.6.

riktige.114 Einheitstenkinga får ein fallisk karakter både av den monolittiske kvaliteten og frå opphøyinga av det mannlege. Det kvinnelege er noko mannen reiser seg frå, erigerer seg frå. Det er ein effekt av einheitstenkinga av det det kvinnelege ikkje vert tolerert. Det er mannens ytringar og handlingar som er viktige nok til å måtte forhalde seg til, medan kvinna ideelt sett er ein passiv statist, ein del av interiøret, dekoren. Når ein likevel må forhalde seg til det kvinnelege, når det er aktivt, ytrar seg eller på anna måte påkallar seg merksemd, skapar det frustrasjon og sinne, noko som dette sitatet frå An Ethics of Sexual Difference kjem nærare inn på:

In our terminologies, which derive from this economy of thought but are impregnated with a psychologism unaware of its sources, it is said, for example, that the woman mother is castrating. Which means that, since her status as envelope and as thing(s) has not been interpreted, she remains inseparable from the work and act of man, notably, insofar as he defines her and creates his identity with her as his starting point or, correlatively, with this determination of her being. If after all this, she is still alive, she continuously undoes his work – distinguishing her self from both the envelope and the thing, ceaselessly creating there some interval, play, something in motion and un-limited which disturbs his perspective, his world and its limits. 115

Terminologiane våre, måten vi forstår verda på, er prega av å vere umedviten om sitt eige opphav, og vidarefører denne forståinga. Sitatet opnar med å seie at "woman mother" er kastrerande, noko vi kjem attende til seinare, men lat oss fyrst sjå på korleis mannen definerer kvinna som sitt eige utgangspunkt og hennar funksjon vert redusert til å vere mannens opphav, uåtskiljeleg frå mannen som fenomen. Om ho går utover funksjonen som fødestad, vert ho eit uroelement som "continuously undoes his work", som øydelegg mannens bedrifter og utfordrar grensene i verda hans. Ho "forstyrrar hans perspektiv" og konsentrasjon. Han får ikkje dedikert seg til sine edle syslar av di han vert forstyrra av at kvinna er tilstades samstundes som ho ikkje gjer som ho skal, nemleg vere stille og passiv - ho er i staden aktiv og ukontrollerbar. Kvinnas blotte eksistens er ifylgje dette sitatet noko som forstyrrer mannens verd og tilvære. Før vi kjem attende til dette, må vi fyrst greie ut om andre ting, som til dømes ideen om ein tankeøkonomi.

Kva meiner Irigaray med dette? Ein økonomi er vanlegvis forstått som eit system der varar, tenester og betalingsmiddel som pengar er i sirkulasjon mellom ulike aktørar. Denne

114 Sampson 2011, s.61.

115 Irigaray 1993, s.10.

sirkulasjonen utgjer ein eigen struktur. I ein tankeøkonomi er det tankar som sirkulerast i staden for pengar. I den maskuline tankeøkonomien er det mannens tankegong som rår. Økonomi er dermed eit omgrep som Irigaray nyttar metaforisk for å beteikne ein struktur av maskulin tenking. For å referere til dette vil eg nytte omgrepet mannleg tankeøkonomi, for å minne oss om kva det eigentleg er snakk om.

Einheitstenking refererer til ein både intellektuell og historisk-kulturell struktur der premisset er ein spesiell tilnærming til sanning som noko reint, evig, uforanderleg, og som har innbakt i seg ein latent kvinnefiendtlegheit, og som dannar grunnmuren for utviklinga av dei moderne vestlege samfunna vi kjenner i dag. Einheitstenkinga formar både kvardagen og dei store strukturane.

Einheitstenkinga kan seiast å utgjere ein slags superstruktur, ein djupstruktur som gjev negative effektar av typen kvinnehat og giftig maskulinitet, som igjen skapar andre formar for hat, som fascisme. Som nemnd i kapittel 1 ser Theweleit fascismen i samanheng med kvinnehat.

Fascistsoldatanes hatobjekt, det flytande, er for han ein stedfortreder for det kvinnelege, eller snarare at begge to er symbol på det verkeleg utålelege: det grenseoverskridande og ukontrollerbare. Vi skal no sjå på fleire ulike omgrep Irigaray nyttar for å diskutere denne tenkinga.