• No results found

2.3 Den nye nordområdepolitikken

3.2.1 Fiskeri og lakseimportstopp

Fiskerisaker var og høgt oppe på dagsorden i 2006 og ei rettssak i Tromsø mot to russiske trålarar, frå trålarflåten i Arkhangelsk samt Murmanrybprom frå Murmansk, som hadde vorte arrestert av norske styresmakter i oktober 2005, denne føljetongen fekk ein god del merksemd og Regnum.ru følgde rettssaka nøye.

Her var stridsspørsmålet at ein russisk trålar frå trålarflåten i Arkhangelsk ikkje hadde

informert norske styresmakter om omlasting av fisk i norsk farvatn. Reiarlaget hadde dermed vorte ilagt ei kraftig bot. Her er stridsspørsmålet ifølgje ein talsmann frå trålarflåten i

Arkhangelsk at sjølve omlastinga ikkje er lovstridig i følgje russisk lov, men at Noreg likevel seier at retten er på norsk side. Denne saka grip og inn i spørsmålet om fiskerirettane rundt Svalbard og leiarskapet i trålarflåten i Arkhangelsk, seier at dei saman med andre båteigarar har vorte gissel i den uavklarte situasjonen rundt Svalbard. To tidlegare arrestasjonar av russiske trålarar i farvatnet rundt Bjørnøya var ifølgje ekspertar eit resultat av ein «rettsleg kollisjon», sidan det rettslege grunnlaget knytt til fiskeri i det norsk-russiske forholdet er aldeles uregulert og uryddig og at ulike russiske lover motseier kvarandre (Regnum 2006a).

Ein annan artikkel frå Regnum.ru omhandlar frifinninga i norsk rett. Etter frifinninga uttrykker dei russiske partane i rettssaken at dei har fått gjennomslag for sitt syn, og ser det som at retten anerkjende at fiskarar ikkje må verta gissel av den manglande samordninga

37 mellom russiske og norske styresmakter når det gjeld fiskeria rundt Spitsbergen (Regnum 2006b). Ein tredje artikkel knytta til rettssaka tek opp att dei same trådane. Her får ein referert ytringane til Viktor Losjtsjevskij, visedirektøren i trålarflåten i Arkhangelsk. Han seier

mellom anna: «[...]Etter mi mening må norsk og russisk side ha like rettar og ikkje i noko tilfelle diktere kvarandre vilkår som det vart gjort frå norsk side.», men han legg og til at

«Nordmennene forsto situasjonen og tok den rette avgjerda.» (Regnum 2006c). Her kan ein altså sjå ei førestilling om at ein blir diktert vilkår frå Noreg.

Russiske trålarar som vert arrestert av norsk kystvakt er saker som ofte vert rapportert. Her er arrestasjonen av trålaren Opon i mars 2006 ikkje noko unnatak. Dette vart plukka opp av Lenta.ru men oppslaget er samstundes ikkje stort større enn ein notis. Arrestasjonen fann stad i Barentshavet og ikkje i noko omstridd område (Lenta 2006).

Tjuvfiske var og eit tilbakevendande tema i 2006. Fyrst ut har me ytringane til Vadim Sokolov, då visedirektør for avdelinga for næringsmiddel, fiskeri og landbruk i

fylkesadministrasjonen i Murmansk. Artikkelen vert innleidd med å sei at i Murmansk fylke har ingen vorte stilt til straffeansvar for tjuvfiske. Sokolov seier her kva han meiner bør gjerast for å få bukt med tjuvfiske som eit problem. Her vert Noreg trekt fram som eit godt førebilete i kampen mot tjuvfiske, iallfall når det gjeld materielle vilkår, i motsetnad til kva som skjer på russisk side: «I Nord-Noreg er det alltid eit fly i lufta, to helikopter og åtte kystvaktskip. […] Norge opptek seg med desse spørsmåla meir enn russiske styresmakter.»

Resten av artikkelen kan sjåast på som eit hjartesukk rundt det russiske lovverket. Her er oppfatninga om at Noreg er flinkare til å kjempa mot tjuvfiske i Barentshavet vel ytra så klart som det er mogleg å gjere det (Regnum 2006d).

Tjuvfisket i Barentshavet vert og teke opp på nytt av Novaja Gazeta i ein lengre artikkel under tittelen «I Barentshavet opererer eit verdsomspennande nettverk av tjuvfiskarar». Artikkelen startar med å sveipa innom Elektron-saka og ein har intervjua mellom anna Peter Gullestad, den dåverande direktøren i fiskeridirektoratet, om samarbeidet med Russland og tjuvfiske.

Her vert russiske veterinærstyresmakter sitt forbod mot innføring av norsk laks til Russland sett på som eit asymmetrisk svar på norsk styresmakter si handtering av saka. Eit framhald på dette vert identifisert etter at norsk kystvakt i september 2006 arresterte fleire russiske skip og der dei russiske veterinærstyresmaktene svarte med å innføre nye avgrensingar på leveransar av norsk fisk til Russland. Denne oppfatninga er ikkje unik, noko eg kjem tilbake til seinare.

Dette blir sett på som ein ny salve i det som vert kalla «fiskekrigen». At noko slik føregår vert

38 avvist av begge partar, frå norsk side seier ein at ein ikkje førar nokon krig, men derimot berre sørgjer for orden på havet, og at ein ikkje berre arresterer russiske skip. For å komme til botna i denne «fiskekrigen» har ein intervjua norske fiskarar og artikkelen oppsummerer det norske standpunktet slik:

«Sjølvsagt forstår me at russiske fiskarar treng å leve på ein eller annan måte og brødfø familiane sine. Me forstår at i desse vanskelege forholda som finst hjå dykk i Russland er ein klar for alt. Men forstå og oss. Me vil at det skal vera orden på havet.

Viss ein ikkje stoppar piratfangsten av fisk vert det snart verken fisk eller fiskarar igjen. Det omhandlar alle, ikkje berre nordmenn.» (Novaja Gazeta 2006)

Delelineforhandlingane vert og tatt opp og vert beskrivne som å ha ein «utprega bismak av olje og gass på arktisk sokkel. I fyrste rekke av Sjtokman-feltet i Barentshavet.» Når det gjeld fiskerireglement ser ein freistingar frå begge sider på å gjere sine reglar gjeldande: «Både Noreg og Russland gjer krav på å bestemme spelereglane for fiskeri i heile Barentshavet og ikkje berre i sine særskilde soner.» Vidare vert det vist til norske data om tjuvfiske om at det for kvart tonn lovleg fiska fisk kan det vera like mykje fiska uregistrert. Dette gjer at

nordmennene derfor: «slår alarm: viss dette heldt fram vidare vil det snart ikkje vera fisk igjen i nord. Det er nødvendig å ufråvikeleg følgje reglane for fornuftig fangst etter vitskapeleg velfunderte kvotar.» I tillegg til det som finst av tjuvfiske frå russisk side vert det og tatt opp at det er mange trålarar i Barentshavet frå land der ein gjerne ser mellom fingrane med tjuvfiske, her vert mellom anna Marokko og Namibia brukt som døme. Ifølgje dåverande fiskeridirektør Peter Gullestad ser ein framgang på russisk side, med rettssaker mot kapteinen på Elektron og mot andre kapteinar og skipseigarar. Dei russiske problema vert summert slik:

«Sant, nordmennene forstår utmerka godt dei særeigne problema til sin austlege nabo.

Russland er i dag ikkje i stand til å kontrollere fiskeriflåten sin og innføre orden på havet. Pluss ein mektig russisk fiskemafia og altomfattande innanlands korrupsjon.»

Alt i alt gjev artikkelen eit bilde av eit Noreg som freistar å kjempe mot tjuvfiske i

Barentshavet, med eller utan russisk hjelp og at tjuvfiske er noko som i alle fall på norsk side vert oppfatta som øydeleggjande fiskebestandane i Barentshavet. Men kommentaren til artikkelen som kjem på slutten teiknar eit ganske anna bilete. Her kjem Jurij Medvedev som fyrste viseformann i statsdumaen sin komité for økonomisk politikk, næringsvirksomhet og turisme med sine innspel. Han gjer fyrst greie for sine forsøk på å forbetra lovverket før han kjem med følgande syn på norsk fiskeripolitikk:

39

«Når det gjeld Noreg er saken, sånn eg ser den, ikkje kor mykje eller lite fisk me fiskar, det er i grunnen ikkje viktig om me fiskar. Russiske skip er harde konkurrentar til norske og dei er redde for å mista profitten sin. Viss praten går om ei eller annan kvote vil nordmennene snakka om økologi og krevja at me fiskar mindre men sjølv halde fram som før. […]» (Novaja Gazeta 2006)

Novaja Gazeta sin artikkel om tjuvfiske i Barentshavet er ikkje aleine om å sjå på russiske veterinærstyresmakter sine avgrensingar på importen av norsk laks som ei politisk handling, i dette tilfellet som eit svar på norske arrestasjonar av russiske trålarar i området rundt

Svalbard. Ein artikkel frå Kommersant den 27.10, «Rossel’khoznadzor kveler norsk laks»

kjem med den same påstanden. Rossel’khoznadzor er den russiske føderale veterinærstyresmakta. Som det står i artikkelen:

«Offisiell grunngjeving: i fisken er det funne for høgt innhald av tungmetaller noko som er farlig for menneskehelsa. Imidlertid forklarar mange forbodet med politiske grunnar. Forholdet mellom dei to landa [Noreg og Russland] forverra seg i oktober i fjor etter at den norske kystvakten arresterte fleire russiske trålarar rundt Spitsbergen-øygruppa.» (Kommersant 2006)