Fylkesmannens kommunebilete
Bygland kommune 2013
Innhald
1 Innleiing 3
2 Planlegging og styring av kommunen 4
2.1 Demografi 4
2.2 Likestilling 5
2.3 Økonomi og økonomistyring 8
2.4 Busetjing og kvalifisering av flyktningar 12
3 Tenesteyting og velferdsproduksjon 14
3.1 Barnehage 14
3.2 Tidlig innsats 17
3.3 Utdanning 19
3.4 Verjemål 25
3.5 Byggesak 25
3.6 Folkehelse og levekår 27
3.7 Barneverntenesta 31
3.8 Helsesøster- og jordmorteneste 34
3.9 Helsetenester 35
3.10 Tjenester i sykehjem 37
3.11 Velferdsprofil 39
3.12 Arealplanlegging 41
3.13 Forureining 42
3.14 Landbruk 43
1 Innleiing
Kommunebilete, som Fylkesmannen utarbeider for alle 15 kommunane i Aust- Agder, er eit viktig element i styringsdialogen mellom kommunane og
Fylkesmannen. Det gir ikkje eit fullstendig utfyllande bilete av verksemda til kommunen, men gjeld dei felta der Fylkesmannen har oppdrag og dialog mot kommunane. Det er eit dokument som peikar på utfordringar og handlingsrom.
Fylkesmannen er oppteken av at kommunane kan løyse oppgåvene sine best mogeleg og ha politisk og administrativt handlingsrom. Det er viktig at kommunane har eit best mogeleg grunnlag for dei vala dei tek. Mellom anna difor er
kommunebilete eit viktig dokument.
Kommunebilete er delt inn i tre
1. Innleiing
2. Planlegging og styring av kommunen 3. Tenesteyting og velferdsproduksjon
Under kvart punkt har vi summert opp Fylkesmannen si vurdering av
utfordringspunkt for kommunen. Dette er punkt vi tilrår kommunen å leggje til grunn i vidare kommunalplanlegging.
Kommunebilete er et godt utgangspunkt for å få eit makrobilete av kommunen og bør brukast aktivt i kommunen – ikkje minst av dei folkevalde.
Arendal 16.09.2013
Øystein Djupedal
Fylkesmann i Aust-Agder
2 Planlegging og styring av kommunen
2.1 Demografi
Befolkningsutvikling
Bygland kommune kan berre forvente vekst i befolkninga ved høy nasjonal vekst.
Størst auke frå 2013 til 2040 (MMMM) i prosent er i aldersgruppa mellom 67-79 år og 80 år eller eldre med 46 prosent og 167 prosent vekst.
Bygland kommune kan forvente høgast nedgang frå 2013 til 2040 (MMMM) i prosent i aldersgruppa 13-15 år, 20-44 år og 45-66 år med 26 prosent, 21 prosent og 21 prosent.
Ved middels nasjonal vekst forventa en nedgang frå 2013 til 2040 med 22 innbyggarar, ved lav nasjonal vekst en nedgang med 163 innbyggjarar og ved høy nasjonal vekst ein auke på 164 innbyggjarar.
Ved middels nasjonal vekst er det aldersgruppa opp til 5 år, 16-19 år og de over 67 år og oppover som forventa å auke.
Utfordring
Oppdatert kommuneplan og arealplan for ein befolkningsauke.
Blir Bygland ein vekst kommune eller ein fråflytting kommune?
Utfordring med at den eldre delen av folkesetnaden aukar mest prosentvis.
Figur 1. Befolkningsutvikling 1994-2040. Kilde SSB
2.2 Likestilling
Likestilling er her avgrensa til kjønnslikestilling. Likestillingsloven gjev eit vern mot diskriminering på grunn av kjønn. Kvinner og menn skal gjevast lik høve til utdanning, arbeid, kulturell og fagleg utvikling. Loven pålegg arbeidsgivaren og offentlege styresmakter ei plikt til aktivt likestillingsarbeid.
Andel barn med barnehageplass seier noko om korleis det offentlige legg til rette for potensiell likestilling mellom kjønna. Nasjonalt har det vore ein auke i andel barn som har nytta barnehage dei siste fem år.
Funn frå denne kommunen:
Det har vore ei auke dei tre siste årene i andel barn med barnehageplass i Bygland.
For landet utan Oslo er andel barn med barnehageplass 90,8 prosent i 2012, for Aust-Agder fylket er andelen 89,2 prosent, og for Bygland er det 114,9 prosent.
2. Tabellen viser utvikling i andel barn i barnehage i prosent av folkemengda i tilsvarande aldersgruppe. Kilde: SSB
Nasjonalt er det fleire kvinner enn menn som arbeider deltid. Deltidsarbeid er ei utfordring for reell kjønnslikestilling. Samstundes som mange kvinner vel redusert arbeidstid jobbar mange ufrivillig deltid.
Funn frå denne kommunen:
Nasjonalt er det 35,5 prosent sysselsatte kvinner som jobber deltid, i Aust- Agder er det 44,7 prosent. Bygland har 50,4 prosent og er dermed over snittet nasjonalt og for fylket.
3. I tabellen er deltid definert som avtalt arbeidstid under 30 timer i veka. Kilde: SSB 2012, tall for 2011
Funn for kommunen:
Andel kvinner med høyere utdanningsnivå er større enn andelen for menn i alle kommunene i Aust-Agder
Andel kvinner med høyere utdanning nasjonalt er 30,7 prosent, for Aust- Agder 27,6 prosent og for Bygland 29,5 prosent.
Utfordring
Sjølv om kvinner har høgare utdanning enn menn, ser ikkje dette ut til å gi jamnare fordeling av deltidsarbeid. Høy andel sysselsette kvinner som arbeider deltid i Bygland.
Viktig å sjå kjønnslikestilling i samanheng med levekår.
Det er nå i gang eit arbeid med likestillingsplan for Agder-fylka. Kommunen bør vere aktiv i denne prosessen og gje innspel på høyringsutkastet til planprogrammet.
4. I tabellen er høyere utdanning definert som universitets- og høyskoleutdanning på lavere eller høyere grad. Kilde: SSB 2013, tall for 2011
2.3 Økonomi og økonomistyring
Driftsutgifter
Kommunen har klart å snu trenden frå 2006 ved å ha negativ brutto driftsresultat til å ha positiv brutto driftsresultat i 2012 på konsernnivå.
Bygland kommune har vert avhengig av høge inntekter frå Agder Energi AS og konsesjonskraftsal for at kommunen skal gå i pluss. Historisk har kommunen brukt meir midlar på si drift enn deira inntekt skulle tilsei.
Bygland kommune sitt utgiftsbehov for 2013 er berekna til og vere litt lågare enn utgiftsbehov for 2012. Størst utgiftsbehovsauke for born mellom 6-15 år og størst nedgang i utgiftsbehov for born mellom 2-5 år og
personar mellom 80-89 år.
For 2013 har kommunen budsjettert med eit netto driftsresultat på -1,9 prosent. Det tydar på at Bygland er i ein negativ utviklingstrend ut i frå netto driftsresultat frå 2011, 2012 og budsjett 2013.
Figur 5. Brutto og netto driftsresultat. Kilde: SSB 17. juni 2013
Lånegjeld
Bygland kommune har gjort liten nedgang i netto lånegjeld per innbyggjar frå 2011 til 2012.
Kommunen vil ikkje auke lånegjelda nemneverdig jamfør dei vedtekne budsjetta til kommunen og økonomiplan.
6. Netto lånegjeld. Kilde: SSB 17. juni 2013
Skjønnstildeling
2011 2012 2013
Kommune Hoved skjønn
5 mill til inntekts svake kom i Sør- Norge
Rest- skjønn
Hoved skjønn
7 mill til inntekts svake kom i Sør- Norge
Rest- skjønn
Hoved skjønn
7 mill til inntekts svake kom i Sør- Norge
Rest- skjønn
Diff hoved og innt.
svake 2013- 2012
Risør 1 400 0 1 100 1 500 0 0 1 500 0 0 0
Grimstad 1 750 950 150 1 900 1 450 225 1 650 1 450 80 -250
Arendal 4 000 1 950 400 3 750 2 550 750 3 850 2 550 250 100
Gjerstad 3 050 0 0 3 100 0 100 3 100 0 200 0
Vegårshei 2 850 0 0 3 000 0 100 3 100 0 0 100
Tvedestrand 1 000 700 150 700 1 100 0 600 1 100 250 -100
Froland 500 300 0 400 500 75 300 500 200 -100
Lillesand 1 700 700 200 1 400 900 1 250 1 600 900 1 257 200
Birkenes 700 400 100 600 500 600 650 500 413 50
Åmli 2 700 0 400 2 710 0 250 2 710 0 100 0
Iveland 1 250 0 0 1 240 0 100 1 240 0 100 0
Evje og Hornnes
600 0 0 500 0 0 500 0 350 0
Bygland 1 100 0 0 1 000 0 0 1 000 0 400 0
Valle 200 0 400 200 0 400 200 0 0 0
Bykle 0 0 0 0 0 250 0 0 0 0
Tilbakeholdt 3 000 0 4 100 0 3 600 0 0 -500
Aust-Agder 25 800 5 000 2 900 26 100 7 000 4 100 25 600 7 000 3 600 -500
30 800 33 100 32 600
7. Fylkesmannens skjønnstildeling. Kilde: FMAA
Fondsmidlar
2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012
Disposjonsfond 437 794 3 433 863 1 132 3 787 3 727 1 418 7 175 11 174
Bundne driftsfond 20 730 20 101 20 651 21 820 21 665 27 920 29 295 -4 653 25 193 24 654 Ubundne
investeringsfond 8 165 9 344 1 653 1 139 0 3 992 1 982 871 2 120 3 517
Bundne
investeringsfond 227 227 227 226 226 226 99 0 99 264
Regnskapsmessig
mindreforbruk : 465 : 0 1 439 0 0 1 199 4 128 2 872
Regnskapsmessig
merforbruk -449 0 -572 -2 196 0 0 0 0 0 0
Udisponert i
investeringsregnskapet 708 799 647 0 115 268 2 274 -89 1 857 0
Udekket i
investeringsregnskapet : 0 : 0 -827 0 0 0 0 0
Likviditetsreserve 2 031 755 2 603 0 1 297 0 0 0 0 0
8. Kommunens fondsmidlar, ikkje Konserntall. Kilde: SSB
Kommunen disposisjonsfond har vorte styrka sidan 2006 fram til i dag med ein liten nedgang i 2010. Disposisjonsfondet utgjer 8,6 prosent av
kommunen sin driftsinntekter i 2012.
Grunnlikviditet
(tall i 1000 kroner) 2003 2004 2005 2006 2007 2008 R2009 R2010 R2011 R2012
Omløpsmidler 50 994 48 371 56 467 43 781 55 901 74 969 65 293 -3 818 61 571 63 171 Korrigert for premieavvik 1 409 1 534 1 485 204 2 736 5 026 4 654 1 027 6 165 9 900 Fond (eksl. Disp fond) 29 122 29 672 22 531 23 185 21 891 32 138 31 376 -3 782 27 412 28 435
Ubrukte lånemidler 39 1 181 10 957 240 10 180 20 339 8 246 -5 269 3 605 -1 753
Kortsiktig gjeld 19 107 14 705 18 968 21 952 20 668 20 388 21 622 2 704 21 999 26 523 Beregnet grunnlikviditet 1 317 1 279 2 526 -1 800 426 -2 922 -605 1 502 2 390 66
9. Kommunens grunnlikviditet, ikkje konserntall. Kilde: SSB og kommunale regnskap
Kommunen sin grunnlikviditet har vore positiv i heile perioden med unntak av 2006, 2008 og 2009.
Utfordring
Korleis skal Bygland kommune klare eit netto driftsresultat på 3 prosent i framtida?
Korleis skal Bygland snu den negative utviklingstrenden i kommunens netto driftsresultat?
Korleis skal Bygland kommune balansere sine driftsinntekter med sine driftsutgifter framover?
Korleis skal Bygland kommune styrkja si «grunnlikviditet»?
2.4 Busetjing og kvalifisering av flyktningar
Busetjing
På landsbasis sit over 4400 personar med oppholdstillatelse og ventar på å busetje seg i ein kommune. Dette er 1000 fleire enn på same tid i fjor. 700 av desse er born. Årsakene til at rekordmange ventar på å bli busett er at fleire asylsøkere enn før innfrir krava til flyktningstatus, og at Utlendingsdirektoratet (UDI) handsamar søknader raskare. Det auka bosettingsbehovet vil heller ikkje avta i åra framover.
Busetjing av flyktningar må anerkjennast som ein permanent kommunal oppgåve som inngår i det langsiktige kommunale planarbeidet. Integrerings- og
mangfoldsdirektoratet (IMDi) har anmoda kommunane i Aust-Agar om å ta imot 380 personar i 2014, og 335 personar kvart av dei to neste åra. I 2013 sa
kommunane i Aust-Agder ja til å busetje 160 personar. Dette er 185 færre enn dei vart anmoda om.
Ein tidleg og fleirårig førespurnad gjev kommunane høve til å handsame anmodninga i samband med planen til den einskilde kommune- og
budsjettprosess. Det vil gjere det enklare for kommunen å planleggje sitt arbeid med busetjing og kvalifisering.
Kvalifisering til arbeid og vidare utdanning
Tabellen viser resultat frå norskprøve 2 for 2012, for kommunar som har norskopplæring.
Andel bestått Antall møtt
Muntlig Skriftlig Muntlig Skriftlig
Hele landet 89 62 10012 10393
Aust-Agder 87 53 220 254
Risør 83 36 35 42
Grimstad 93 62 45 55
Arendal 91 56 90 97
Vegårshei - 2 0
Froland - - 6 6
Lillesand 91 71 11 17
Birkenes - - 6 7
Åmli - - 3 3
Evje og Hornnes
- - 4 2
Bygland - - 7 1
Valle - 11 7 19
Bykle - - 4 5
10. Kilde: Vox
Gode dugleik i norsk er viktig for å få arbeid, kunne ta utdanning og for å kunne ta del i det norske samfunnet. Kommunane er ansvarlege for opplæringa i norsk og samfunnskunnskap, og som har plikt til å tilby gratis opplæring til dei som har rett og plikt til slik opplæring. Norskprøve 2 og 3 er avsluttande prøver som
dokumenterer det oppnådde språknivået hos deltakarane. Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) brukar resultata frå prøvene som ein indikator på
kvaliteten på norskopplæringa som blir gjeve. Det nasjonale målet er at 65 prosent skal bestå skriftleg prøve, og 90 prosent bestå munnleg.
Utfordring
Fylkesmannen har i brev til ordførarane av 23. mai 2013 bede kommunane om å imøtekome IMDis anmodning om busetjing for 2014-2016.
Tilgjenge for bustader ser ut til å vere den største utfordringa med å busetje fleire flyktningar. Oppfordrar kommunane til å bruke Husbanken sine verkemiddel.
3 Tenesteyting og velferdsproduksjon
3.1 Barnehage
Utvalde tall barnehagesektoren og dekningsgrad
Ant.
kommunale barnehagar
Ant. private barnehagar
Barn med barnehagepla ss i
kommunale barnehagar
Barn med barnehageplas s i private barnehagar
Dekningsgrad 1-5 år 1-2 år 3-5 år
Risør 4 5 137 177 89,6 80 95,8
Grimstad 5 29 250 1045 92,8 81,5 99,8
Arendal 16 51 705 1675 88,7 76,9 96
Gjerstad 2 0 111 : 89,4 75,9 100
Vegårshei 2 2 56 69 94,7 88,9 98,7
Tvedestrand 4 7 161 145 88,4 74,1 97,6
Froland 5 3 150 195 81,6 67,4 92,1
Lillesand 5 11 288 341 88,6 78,2 96,1
Birkenes 5 3 249 95 86,1 70,1 95,6
Åmli 2 1 47 32 89,8 75,9 96,6
Iveland 2 0 74 : 81,3 68,3 92
Evje og Hornnes
2 2 165 31 82,6 65,3 94,9
Bygland 2 0 55 : 114,9 76,5 136,7
Valle 2 0 68 : 103,2 100 104,8
Bykle 2 0 52 : 97,9 95 100
11. Tabellen viser dekningsgrad med andel barn 1-2 og 3-5 år med barnehageplass i forhold til innbyggjarar 1-2 år og 3-5 år. Kilde: SSB 2013
Funn for Aust-Agder:
Dekningsgraden for landet utan Oslo er for 2012 på 90,8 prosent for barn 1-5 år, 81,1 prosent for 1-2 år og 97,1 prosent for 3-5 år. For Aust-Agder er det 89,2 prosent for barn 1-5 år, 76,9 prosent for 1-2 år og 97 prosent for 3-5 år. For kommunane i Aust-Agder er det lågast andel barn 1-2 år med barnehageplass i Evje og Hornnes med 65,3 prosent, medan Iveland har lågast andel barn 3-5 år med barnehageplass.
Kvalitet i barnehagen – pedagogisk bemanning
12. Kilde: KOSTRA 2013
Det blir stilt store krav til personalet i barnehagen. Barnehagane må ha tilsette som er kvalifiserte og kompetente, med kunnskap, klokskap og evne til refleksjon over eiga rolle. Kvalitetsutvikling i barnehagen inneber ei stadig utvikling av heile personalet sitt kompetanse. Det har nasjonalt vore ein auke i styrarar og pedagogiske leiarar med godkjend utdanning, og tilsvarande har det vore ein nedgang i del tilsette på dispensasjon (Utdanningsspeilet 2013). Likevel manglar framleis om lag 4000 barnehagelærarar nasjonalt.
Fylkesmannen har i 2013 gått gjennom årsmeldingane til alle barnehagane i fylket og sett på bemanninga i forhold til krava i forskrift om pedagogisk bemanning.
Gjennomgangen viste at det var avvik frå minimumsføresegn om talet på pedagogar i over halvparten av barnehagane og i 12 av 15 kommunar. I Stortingsmelding 24 (2012-13) om framtida til barnehagen vart det varsla ei innstramming i høvet til å innvilge varige dispensasjonar frå utdanningskravet til pedagogisk leiar og styrer.
Kvalitet i barnehagen – likestilling
Tabellen viser andel menn tilsett i basisverksemd i barnehage. Det gjeld styrare, styrerassistentar, pedagogiske leiarar og assistentar.
95 92,3 93,9 73,3
88,2 91,2 94,1 88,9
71,8 100
75
110,5 87,5
100 100
91,6 87,1
0 20 40 60 80 100 120
Andel styrere og pedagogiske ledere med godkjent
førskolelærerutdanning
13. Kilde: SSB 2013
For at barn skal ha god utvikling, er det viktig at barnehagen har god kvalitet.
Forsking har vist at god kvalitet kan kjenneteiknast mellom anna ved måten vaksne kommuniserer med borna på, tilstrekkeleg bemanning, stabilt personalet og tilsette både med ulike etnisk bakgrunn og kjønn. Det følgjet av barnehagelovens formål § 1 at barnehagen skal framme likestilling og motarbeid alle former for
diskriminering. Likestilling og likeverd skal ligge til grunn for all verksemd og pedagogikk i barnehagane. En større andel menn i barnehagane er en
hovudnøkkel til økt likestilling i barnehagane. Få mannlige tilsette i personalgruppa kan føre til ei vidareføring av ein tradisjonell, kjønnsdelt arbeidsinndeling om ein ikkje er medviten dette.
Funn for Aust-Agder:
Det en nasjonal politisk målsetting om at minst 20 prosent av tilsette i barnehagane skal være menn. Gjennomsnitt for hele landet er 7,5 prosent og for hele Aust-Agder 7 prosent. Bykle topper lista med 10,5 prosent, mens Valle og Åmli ikkje har mannlig tilsette til basisverksemd.
2,1 9
7,5
3,3 5
3,5 7,6
9,4 6,2
0 6,7
4,1 5,3
0 10,5
7,1 7,5
0 2 4 6 8 10 12
Andel tilsette menn til basisvirksomhet i
barnehagene
Barns opphaldstid i barnehagen
14. Kilde KOSTRA 2013
NOU 2012:1 «Til barnas beste» omtaler barns opphaldstid. Det har vore ein auke i gjennomsnittleg opphaldstid nasjonalt i perioden frå 2003 og fram til i dag.
Tendensen går i retning av heildagstilbod, og ein anteke at dette vil fortsetje dersom prisnivået ikkje blir auka vesentleg. For barn med deltidsplass er tendensen aukande gjennomsnittleg opphaldstid.
Funn for Aust-Agder:
Tall målt for landet utan Oslo viser at 94,1 prosent av barn i barnehage har opphaldstid i 33 timer eller meir per veke. I Aust-Agder finner vi lågast andelen i Iveland med 70,3 prosent og høgast i Valle med 100 prosent og Lillesand med 93 prosent.
3.2 Tidlig innsats
Tidleg innsats må forståast både som innsats på eit tidleg tidspunkt i livet til eit barn, og tidleg inngripen når problem oppstår eller blir avdekt. Det kan vere å setje inn spesialpedagogisk hjelp tidleg etter opplæringslova §5-7, eller å oppdage og hjelpe utsette born på eit tidleg tidspunkt med særleg henblikk på barn som opplever vald og seksuelle overgrep.
Fylkesmannen tok initiativ i 2010 til prosjektet «Tidleg innsats - for god start».
Hovudfokus i prosjektet er tidleg innsats retta mot barn i førskule og
grunnskulealder. På bakgrunn av særlege utfordringar med levekår vart Arendal og Åmli invitert med.
0 20 40 60 80 100 120
Andel barn i barnehage med oppholdstid 33
timer eller mer per uke
I tidleg innsats-prosjektet er det satsa på Kvello-modellen, ein tverrfaglig modell kor målet nettopp er å fange opp og følgje opp born i førskulealder som har behov for ekstra utviklingsstøtte. Òg i Risør, Tvedestrand, Evje og Hornnes, Grimstad, Lillesand og Froland har det vore satsa på samordning av tenester og tverrfaglig samhandling i barnehagane. Barnehagane har en lovfestet plikt (jf.
barnehageloven § 22) til å melde frå til barnevernet når det er grunn til å tro at et barn blir mishandla heime, eller det foreligger andre former for alvorleg
omsorgssvikt, eller når et barn har vist vedvarande alvorlige åtferdsvanskar.
Barnevernets hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid.
Dei fleste barna i dag brukar ein stor del av kvardage i barnehagen. Dette set dei barnehagetilsette i ein særstilling når det gjeld å kunne observere og få
informasjon om livssituasjonen til mange barn. Barnevernet er difor avhengig av samarbeid med barnehagane. Eit godt samarbeid mellom barnehage og barnevern føreset at arbeidet er forankra i den politiske og administrative leiinga i kommunen.
Nasjonale undersøkingar viser at det framleis er mobbing i barnehagane.
Regjeringa lanserte difor i januar 2013 rettleiinga «Barns trivsel- voksnes ansvar»
for korleis barnehagane kan auke trivsel og førebyggje mobbing i barnehagane.
Utfordring
Mangel på styrare og pedagogiske leiare med godkjend utdanning
Få tilsette menn i barnehagane
Kommunen må ha fokus på samordning av tenester og førebyggjande innsats retta mot barn
3.3 Utdanning
Læringsresultat – nasjonale prøver
Tabellen viser nasjonale prøver i lesing 5. trinn, begge kjønn i Bygland.
15. Kilde: Skoleporten
Nasjonale prøver i lesing skal kartleggje i kva grad elevane har dugleik i lesing i samsvar med kompetansemål der lesedugleik er integrert. Dette inneber at nasjonale prøver i lesing ikkje er ei prøve i norskfaget, men ei prøve i dugleik til lesing.
Grafen viser gjennomsnittleg mestringsnivå for det aktuelle utvalet av elevar.
Resultata til elevane på nasjonale prøver 5. trinn blir presentert ved ein skala med tre meistringsnivå, der nivå 1 er lågast og 3 er høgast.
Funn frå denne kommunen:
Sidan 2008-09 har gjennomsnittleg mestringsnivå økt for elever på 5. trinn lesing.
Bygland har dei siste åra vore på nivå med fylket, men under landsgjennomsnittet.
0 0,5 1 1,5 2 2,5
2008-09 2009-10 2010-11 2011-12 2012-13
Bygland Aust-Agder Nasjonalt
Læringsresultat - grunnskulepoeng
Tabellen viser gjennomsnittlig grunnskulepoeng.
2008-09 2009-10 2010-11 2011-
12
Nasjonalt 39,5 39,9 39,9 40,0
Aust-Agder 38,7 39,6 39,3 38,9
Arendal 39,2 38,7 39,8 39
Birkenes 38,0 40,1 40 38,2
Bygland . 41,1 45 42,9
Bykle 40,5 42,6 42,7 .
Evje og Hornnes 39,6 40,5 38,7 42,6
Froland 35,9 35,8 39 38,1
Gjerstad 37,2 42,3 37,1 36,2
Grimstad 39,0 40,3 39,3 38,8
Iveland 36,3 33,9 38,9 39,1
Lillesand 38,2 40,2 38,7 40
Risør 37,6 40 37,9 34,2
Tvedestrand 38,7 41,4 39 38,5
Valle 41,5 40,3 39,6 40,9
Vegårshei 41,8 42,4 38,4 41,4
Åmli 35,0 36,6 34,9 38,1
16. Kilde: Skoleporten
Grunnskulepoeng blir regnt ut ved at alle avsluttande karakterar som blir ført på vitnemålet, blir saman lagt og blir delt på mengde karakterar slik at ein får eit gjennomsnitt. Deretter blir gjennomsnittet ganga med 10.
Standpunktkarakterar og eksamensresultat inngår i elevane sin sluttvurdering og skal gje informasjon om kompetansen til elevane ved avslutninga av
grunnopplæringa.
Grunnskulepoeng for skuleåret 2012-13 blir publisert i Skuleporten i september.
Funn frå denne kommunen:
Elevene frå Bygland har dei siste åra fått gjennomsnittleg høgare grunnskolepoeng enn for elever nasjonalt og for fylket.
I 2011-12 hadde elever frå Bygland høgast gjennomsnittleg grunnskolepoeng i fylket.
Læringsmiljø – mobbing på skulen
Tabellen viser mobbing på skulen for 7. trinn, begge kjønn.
2007-08 2008-09 2009-10 2010-11 2011-12
Nasjonalt 1,4 1,4 1,4 1,4 1,4
Aust-Agder 1,5 1,5 1,5 1,5 1,4
Arendal 1,6 1,6 1,6 1,5 1,4
Birkenes 1,6 1,4 1,6 1,3 1,3
Bygland 1,9 1,4 1,7 1,4 1,9
Bykle . 1,8 1,5 1,7 1,4
Evje og Hornnes 1,5 1,5 1,8 1,6 1,6
Froland 1,4 1,3 1,6 1,5 1,6
Gjerstad 1,4 1,9 1,6 1,7 1,5
Grimstad 1,4 1,4 1,4 1,3 1,4
Iveland 1,7 1,6 2,2 2 1,7
Lillesand 1,6 1,4 1,3 1,6 1,4
Risør 1,4 1,5 1,3 1,4 1,5
Tvedestrand 1,5 1,5 1,6 1,4 1,4
Valle 1,5 1,6 1,7 1,3 1,3
Vegårshei 1,1 1,3 1,6 1,3 1
Åmli 1,2 2 1,7 1,5 1,6
17. Kilde: Skoleporten
Alle elevar i grunnskulen og vidaregåande skule har rett til eit godt fysisk og psykososialt læringsmiljø som fremjar helse, trivsel og læring jf. kap. 9a i opplæringslova.
Elevundersøkinga er ein årleg nettbasert undersøking om elevane sine
læringsmiljø. Her blir det kartlagt mellom anna korleis elevane trivst på skulen, kor motiverte dei er og korleis dei opplever den faglege rettleiinga til lærarane. Elevane svarar òg på kor utbreidd mobbing er på skulen deira. Indikatoren er beregnet ut frå kor mange som opplever at dei blir mobba og kor ofte dei blir mobba. Verdien seier ikkje noko om talet på elevar som i snitt blir mobba.
Skalaen går frå 1 til 5. Låg verdi tyder på at det er lite mobbing.
Frå skuleåret 2013-14 vil den obligatoriske elevundersøkinga bli gjennomført på hausten. Resultat for 2013 blir publisert i skuleporten februar 2014.
Funn frå denne kommunen:
Indikatoren viser at det er variasjonar i Bygland over dei siste årene på 7.
trinn av kos mange som opplever at dei blir mobba og kor ofte dei blir mobba.
For skuleåret 2011-12 er Bygland over snittet for fylket og landet for øvre, noko som indikerer høgare førekomst av mobbing.
Ressursbruk - gruppestørrelse i ordinær undervisning
Tabellen viser gjennomsnittleg gruppestørrelse (gruppestørrelse 2) for 1.-10- trinn.
18. Kilde: GSI
Gruppestørrelse 2 viser gjennomsnittleg gruppestørrelse i ordinær undervisning.
Ressursar til spesialundervisning og særskild norsk er ikkje regnt med, og gruppestørrelse 2 er difor ein indikasjon på lærartettheten i ein ordinær undervisningssituasjon.
All opplæring skal vere tilpassa evnene og føresetnadene hos den einskilde eleven, jf. opplæringslova § 1-3. For å få ein tidleg innsats og tilpassa opplæring skal kommunane sørgje for særleg høg lærartetthet på 1.- 4. årstrinn, og vere retta mot elevar med svake ferdigheter i lesing og rekning.
Funn frå denne kommunen:
Bygland har færre elevar per lærar i ordinær undervisning enn resten av landet og fylket.
Elevar med vedtak om spesialundervisning
Tabellane viser andel elevar med vedtak om spesialundervisning i Bygland fordelt på trinn og totalt, begge kjønn.
19. Kilde: GSI
Elevar som ikkje har eller kan få eit tilfredsstillande utbytte av det ordinære undervisningstilbodet, har rett til spesialundervisning, jf. opplæringslova § 5-1.
På byrjinga av 2000-talet var andelen elevar med spesialundervisning stabil på om lag 6 prosent. Sidan då har denne andelen stega betrakteleg. Hausten 2012 var den totale andelen elevar nasjonalt på 8,6 prosent. Andelen elevar med
spesialundervisning aukar i løpet av barnetrinnet og gjennom ungdomstrinnet. Det kan tyde at elevar som først har fått eit vedtak om spesialundervisning, i stor grad fortset med spesialundervisning resten av grunnskulen. Samstundes kjem
spesialundervisninga seint i gang for mange. I Stortingsmelding om «Tidleg innsats for livslang læring» (2006) blir det framheva kor viktig det er å sette i gang tiltak for eleven på eit tidleg tidspunkt når det oppstår eller blir avdekka utfordringar.
Funn frå denne kommunen:
Tendensen er ein jamn stigning i talet på elever som får spesialundervisning på høgare trinn i grunnskulen.
Svært høg andel elever som har vedtak om spesialundervisning på 10.
trinn for skuleåret 2012-13 (15,6), sjølv om det er ein nedgang frå føregåande år.
11,5 prosent får spesialundervisning i Bygland totalt skuleåret 2012-13.
Det er over snittet for Aust-Agder fylket som er 10,6 prosent, og over snittet nasjonalt som er 8,6 prosent.
Fråfall i skulen - gjennomføre vidaregåande opplæring:
Tabellen frå Gjennomføringsbarometeret 2013 viser prosentandel ikkje fullført og bestått vidaregåande etter fem år – gjennomsnitt for 2009-2011 (2004-2006-kulla), etter kommune.
20. Kilde: Folkehelseinstituttet/SSB
Analysar har vist at det er ein klår samanheng mellom talet på grunnskulepoeng og andelen elevar som fullfører og består i vidaregåande opplæring. For å få bukt med det store fråfallet i vidaregåande ble prosjektet Ny GIV innført i 2010. Ny GIV er eit sentralt initiert initiativ som involverer både fylkeskommunar og kommunar.
Opplegget inneber ein satsing på å gje eit utval av elevar med svake karakterar på 10. trinn betre føresetnader for å gjennomføre vidaregåande opplæring.
Som ein del av Ny GIV blir det årleg utarbeidet eit Gjennomføringsbarometer.
Barometeret skal gje relevant informasjon til fylkeskommunar og kommunar som kan bli brukt i deira arbeid for å gjere elevane motiverte og betre fagleg rusta til å fullføre vidaregåande opplæring.
I Aust-Agder er fylkeskommunen mellom anna i gang med eit arbeid med systematisk dataoverføring frå kommunane til fylket. Målet er å sikre god
samanheng mellom grunnskuleopplæringa og opplæringa på vidaregåande skule, jf. og hovudmåla for grunnopplæringa.
Funn for denne kommunen:
Andelen som ikkje fullfører og består vidaregåande opplæring innan fem år varierer mellom kommunane i Aust-Agder frå 17 prosent i Vegårshei til 35 prosent i Birkenes. For Bygland er det 22, 3 prosent. Det er under
landsgjennomsnittet.
Utfordring
God utvikling for grunnskolepoeng, men oversikten nasjonale prøver lesing 5. trinn viser at kommunen framleis bør satse på å auke læringsresultatet i lesing. Kommunen har sjølv fokus i tilstandsrapporten på å minske
andelen på lågaste meistringsnivå.
Svært høg verdi på mobbing 7. trinn for kommunen sett under eitt for 2011-12. Viktig for kommunen å sjå utviklinga på kvar skule og jobbe systematisk med det førebyggjande arbeidet.
Utfordrar kommunen til å skrive under på «Manifest mot mobbing».
Høg og aukande andel elever som får spesialundervisning.
3.4 Verjemål
Den nye lova om verjemål som tek til å gjelde 1. juli 2013, har som hovudsiktemål å betre rettstryggleiken og rettslikskapen for menneske som treng verjemål.
Ansvaret for verjemål blir då overført frå kommunane til Fylkesmannen, lokalisert til fylkeshuset i Arendal. Lovendringa har innverknad på mange einskildpersonar og familiar i Aust-Agder.
Dei kommunale overformynderia blir nedlagde.
Fylkesmannen blir lokal verjemålsmyndighet og ny førsteinstans i verjemålssaker
Sentral verjemålsmyndigheit vert lagt til Statens sivilrettsforvaltning.
Utfordring
Kommunen har framleis meldeplikt. Institusjonar, boformer med heildøgns omsut og pleie samt ansvarleg for kommunen si helse- og sosialtenester utanfor institusjon har meldeplikt der kan vere naudsynt å oppnemnde verje.
Kommunen bør òg kjenne til framtidsfullmakt og legalfullmakt som alternativ til verjemål
3.5 Byggesak
Fylkesmannen som klageinstans legg vekt på å sikre at kommunale vedtak er i samsvar med Plan – og bygningsloven. Fylkesmannen handsama 129 saker i 2012. Vedtaka til kommunen er oppheva eller endra i 50 av sakene, noko som utgjer 38,75 prosent. Fylkesmannen ser eit behov for å styrkja kompetansen om plan-, bygg- og forvaltningsrettslege emnar i kommunane. Ein vil då kunne få ned
mengda opphevingar. Både for kommunar og Fylkesmannen vil det vere mykje å hente på å unngå fleire rundar i forvaltningssystemet for saker som i
utgangspunktet er kurante. Ein annan positiv effekt vil vere at kommunane får reduserte utgifter til klagar sine sakskostnadar.
Tiltak for å betre tida til sakshandsaming og kvaliteten hos Fylkesmannen har høg prioritet. Det er mellom anna innført ekstra ressursar og effektiviseringsgrep. Det har vore møte med dei fem kystkommunane der tid til sakshandsaming,
dispensasjonar og dokumentasjon var tema. Fylkesmannen har òg hatt dialogmøter med kommunar, og fleire er under planlegging.
Utfordring
Kommunen må sikre dokumentasjonen. Gje god rettleiing i starten. Sørgje for at tiltakshavar gjev tilstrekkeleg dokumentasjon, ikkje minst der
dispensasjon er påkravd. Sørgje for at alle relevante opplysningar blir sendt til Fylkesmannen.
Kommunen må sikre dispensasjonsbehandling. Det må undersøkjast om tiltaket krev dispensasjon. Dispensasjonssøknad må handsamast og vedtaket grunngjevast i forhold til dei kriterier loven sett. Må handsame og grunngje som det.
3.6 Folkehelse og levekår
21, Folkehelseprofil 2013
Folkehelse og levekår i planarbeid i Bygland
Kommuneplanen i Bygland er frå 2011 og dei vil no vurdere ein heilskapleg helseplan for kommunen. Heile kommunen, ikkje berre helsetenestene, har no ansvar for å betre folkehelsa til sin befolkning. Jfr. folkehelseloven av 2012, skal kommunen sjøl skaffe seg naudsynt oversikt over helsetilstanden i befolkninga, og dei positive og negative faktorar som kan virke inn på helsetilstanden.
.
Personer med ulike psykiske lidingar i Bygland
22. Figuren viser antall unike personar 0-74 år i kontakt med fastlege eller legevakt per 1000 innbyggjar per år, med psykiske lidingar.
Utfordring
Andelen personer som er i kontakt med einingar i kommunen for psykiske lidingar er samla høgare i Aust-Agder og Bygland enn i landet ellers.
Faktorar som fremmjar psykisk helse er utdanning, god mestringsevne og sosial støtte. Det er viktig at ein legg til rette for gode sosiale møteplassar for alle.
Røyking i Bygland
Figur 23. Figuren viser andel fødande som sa at dei røykte ved starten av svangerskapet i prosent av alle fødande. Statistikken viser 10 års glidende gjennomsnitt.
Figuren viser andel fødande som sa at dei røykte ved starten av svangerskapet i prosent av alle fødande. Statistikken viser 10 års glidande gjennomsnitt.
Utfordringsbilde:
Røyking er den levevanen som har størst negativ innverknad på folkehelsa, og det er store sosiale skilnader i røyking. Det er ein høgare andel med røykjarar i gruppa med kortare utdanning. I Bygland ser det ut til at antall røykjarar går ned, men det er endå mange som røykjar, målt etter antall fødande. Det er viktig å førebyggje tobakksbruk (òg snusbruk) blant ungdom.
Overvekt/fedme for alle kommunar i Aust-Agder fylke
Figur 24. Andel sesjonerte med overvekt eller fedme (dvs. KMI over 25(kg/m2)) i prosent av alle menn på sesjon. Dataene er samlet inn ved hjelp av objektive målingar av høyde og vekt ved sesjon til forsvaret.
3.7 Barneverntenesta
Kommunen har forholdsvis høge netto driftsutgifter til barnevern pr.
innbyggjar, og summen viser ein aukande tendens frå 2011 til 2012.
Bygland rapporterer om at alle undersøkingar er gjennomført innan 3 mnd.
Dette er bra!
Kommunen rapporterer at alle barn med tiltak i kommunen har utarbeidd tiltaksplan. Dette er bra!
Utfordring
Bygland har ein lita nedgang i nye undersøkingar, men ein auke i talet på barn med tiltak og høge kostnader. Det er små tal og det relative utslaget blir høgt. Både tala på sakshandsamingstid og tiltaksplaner er særs positive.
3.8 Helsesøster- og jordmorteneste
Utfordring
Det er positivt at kommunen har så god dekning av jordmor, ein viktig innsats for ein god start i livet.
Fylkesmannen har i 2012 handsama klage på helsestasjonen, og vi håper at desse høva nå er retta. Vi veit ikkje kvifor kommunen ikkje har oppgitt årsverk i helsestasjonen for 2011 og 2012, men legg til grunn at
kommunen er kjent med sine plikter i helse- og omsorgstenestelova.
3.9 Helsetenester
Utfordring
Kommunen har nå ei god og stabil legedekning. Det er positivt at
kommunen no har samarbeid med Evje og Hornnes om kommuneoverlege (samfunnsmedisinske oppgåver). Eit godt forankra samarbeid over
kommunegrenser om legetenester vil både kunne redusere sårbarhet og styrke det faglige arbeidet.
Kommunen har ein relativt låg dekningsgrad for fysioterapi. Kommunen har ansvar for å yte nødvendig helsehjelp til alle innbyggjarar, innafor alle dei områdane som helse- og omsorgstenestelova krevjar. Dette kan og løysast gjennom interkommunale avtaler.
Det er positivt at kommunen har satsa på psykiatrisk sjukepleietenesta, når ein ser på kommunen si utfordringa (sjå folkehelseprofilar).
3.10 Tjenester i sykehjem
Utfordring
Kommunen har låg dekningsgrad for både lege- og fysioterapitenester i sjukeheimen. Dette er underleg, når ein ser på samla legedekning i kommunen. Kommunen må sjå til at pasientar i institusjon har like gode og tilgjengelege tenester som heimebuande.
3.11 Velferdsprofil
3,4 % lever under låginntektsgrensa og dette utgjorde i 2012 41 personar.
Andelen sosialshjelpsmottakarar i høve til innbyggjarar i kommunen er i 2012 1,7 %. Dette talet er lågt.
0,0 1,0 2,0 3,0 4,0 5,0 6,0 7,0 8,0
Andel personer med lavinntekt kommunene
2 010 2 011 2012
0 1 2 3 4 5 6 7
EAKUO… 0901 Risør 0904 Grimstad 0906 Arendal 0911 Gjerstad 0912 Vegårshei 0914… 0919 Froland 0926 Lillesand 0928 Birkenes 0929 Åmli 0935 Iveland 0937 Evje og… 0938 Bygland 0940 Valle 0941 Bykle EKA09 Aust-…
Andelen sosialhjelpsmottakere i forhold til innbyggere
2010 2011 2012
Tal ligg ikkje føre.
Tal ligg ikkje føre.
0 10 20 30 40 50 60
andel sosialhjelpsmottakere med forsørgelsesplikt
2010 2011 2012 0
105 1520 25 3035 40 4550
Andel sosialhjelpsmottakere med stønad i 6 måneder eller mer
2010 2011 2012
Utfordring
Her manglar nødvendige data.
Kommunen har ein relativt høg andel med låginntekt og sosialhjelpsmottakarar i høve til innbyggartal.
3.12 Arealplanlegging
Generelt inntrykk av kommunen sitt planarbeid: Etter en lang prosess i samband med rulleringa av kommuneplanen opplever vi at 2012 har vært et relativt rolig år på plansia. Kommunen har slik Fylkesmanne kan sjå nytta mykje tid på arbeid med strandsoneplanen.
Er nye planer i tråd med kommuneplanen? Ja, stort sett .
Talet på planar vi har fått til handsaming i 2012: 1 plan på høyring og 3 melding om oppstart. Det ble fremme motsegn til ein plan.
Mekling: Ingen i 2012.
Vurdering av dispensasjonsbruk: Vi har motteke vedtak i 23 sakar vi har uttala oss til. Ingen av desse vert klaga på. Bruken av dispensasjon vurderer vi til å vere helt grei.
Statistikken viser talet på klager frå Fylkesmannen på vedtak om dispensasjon, dei siste 6 år:
2007 2008 2009 2010 2011 2012
Arendal 7 17 10 19 6 8
Birkenes 2 2 0 4 1 0
Bygland 1 1 2 4 1 0
Bykle 2 0 0 0 0 0
Evje og Hornnes 1 0 1 0 0 1
Froland 2 4 1 0 0 0
Gjerstad 0 0 0 0 0 1
Grimstad 10 14 8 5 7 1
Iveland 0 0 0 0 0 0
Lillesand 14 7 12 12 2 2
Risør 1 12 5 4 4 0
Tvedestrand 5 3 3 5 0 2
Valle 1 1 4 1 0 1
Vegårshei 1 0 0 1 0 0
Åmli 1 0 0 0 0 1
Totalt 48 61 46 55 21 17
Utfordring
Heiplanen og vindkraftplaner ved Hovatn.
Strandsoneplanen.
3.13 Forureining
Fylkesmannen manglar kunnskap om kommunen sin kompetanse på forureiningsområdet, pga. få saker/lite kontakt.
Fylkesmannen er kjend med vesentlege avvik ved kommunen sitt nye avlaupsreinseanlegg. Fylkesmannen vil følgje dette opp, og ber om at kommunen opprettheld si prioritering, jf. eiga handlingsplan.
Fylkesmannen kjenner ikkje til kommunen sitt tilsynsomfang på
forureiningsområdet. Først og fremst gjeld dette tilsyn med avlaupsanlegg og ulovleg avfallshandtering/forsøplingssaker.
Bygge- og rivningsavfall: korleis sikrar kommunen at dette blir forsvarleg handtert etter at ansvaret vart flytta frå teknisk/forureining til plan- og byggesaksavdelinga?
Utfordring
Korleis vil kommunen følgje opp utfordringane med avlaupsreinseanlegget?
Vi ønskjer avklaring på kven som er kontaktperson på forureiningsområdet.
3.14 Landbruk
Aust-Agder er det nest minste jordbruksfylket i landet, nest etter Finnmark både når det gjeld sum inntekt og jordbruksareal. Nabofylka våre, Telemark og Vest- Agder kjem på dei neste plassane frå botnen. Aust-Agder tilhøyrar ein region der jordbruket til dels er ei sårbar næring.
Utfordringar med fallande antall husdyr, og gjengroing pregar deler mange av kommunane i fylket. Dette har som konsekvens ein stadig endring i
kulturlandskapet. Arendal og Grimstad er dei største jordbrukskommunane i fylket.
Klimamessig har man gunstige forhold og det er ein betydelig potet- og grønsaksproduksjon her.
Generelt er det ein nedgang i sysselsettinga i landbruket for alle kommunar sidan 2008. Landbruket er likevel ein viktig arbeidsplass i mange kommunar.
Arealutvikling i landbruket
Jordbruksarealet i Aust-Agder utgjør 1,2 % av arealet. Dette utgjer ca. 1 dekar jord pr. innbyggar. På landsbasis er det ca. 2 dekar pr. innbyggar, og på verdsbasis ca.
2,7 dekar pr. innbyggar. Av jordbruksarealet i Norge er bare ca. 1/3 egna til matkornproduksjon.
Figur 25. Viser sysselsetting i jord- og skogbruk og verdiskaping (nettoprodukt) i Agder 2009, mill. kr.
Totalt jordbruksareal i drift har heldt seg ganske stabilt over mange år. Derimot har areal i drift per bruk økt over ein lang periode. Det betyr at andelen leiejord aukar for mange av de aktive bruka.
Regjeringa har fastsatt eit nasjonalt mål om å halvere den årlige omdisponeringen av de mest verdifulle jordressursane inne 2010 samanlikna med 10-årsperioden 1994-2003. For Aust-Agder var snittet i denne perioden 183 dekar. Det innebar at Aust-Agder frå 2010 ikkje skulle omdisponere meir enn 91 dekar dyrka mark i året i gjennomsnitt. I perioden 2010-2012 har det i gjennomsnitt blitt omdisponert 70 dekar/år. For og oppretthalda målet vil det i årene framover fortsatt være ein restriktiv politikk overfor omdisponering.
0 20000
Vegårshei Bykle Risør Gjerstad Tvedestand Froland Iveland Lillesand Bygland Valle Evje og…Åmli Birkenes
Arendal Grimstad
Totalt jorbruksar eal i drift 2002 Totalt jorbruksar eal i drift 2012
183
240
81
54
167
74
116 91
46 52
111
0 50 100 150 200 250 300
Snitt 94–03
2004 2005 2006 2007 2008 2009 Mål 2010
2010 2011 2012 Dekar
Jordvernmål og omdisponering – Aust-Agder 2004–2012
Husdyrhold
Det har vært ein betydelig nedgang i antall mjølkebruk i alle kommunar i Aust- Agder dei siste 10 år. Samtidig ser man at nedgangen i antall mjølkekyr er ikkje er like sterk. Dei gjenværende produsentane har i same periode hatt ein auke i størrelsen på sin besetning.
Figur 26. Utviklinga i antall mjølkekyr og antall mjølkebruk i kommunene.
I motsetning til dei andre grovforbaserte husdyrproduksjonane har det vært ein auke i antall ammekyr i hele fylket de siste 10 åra. Ein del produsentar har erstatta mjølkeproduksjon med ein mindre arbeidskrevjande kjøttproduksjon. Slik
produksjon vil for mange kunne kombineras med andre tilleggsnæringar eller jobb utanfor bruket.
0 100 200 300 Bykle
Bygland Vegårshei Risør Valle Iveland Tvedestand Gjerstad Froland Birkenes Lillesand Åmli Grimstad
Evje og…
Arendal
Antall ammekyr 2002 Antall ammekyr 2012
For sau har det vært ein tilsvarande utvikling som for mjølkeproduksjon, med ein betydelig nedgang i antall bruk og antall sau. Valle og Bygland har hatt ein betydelig nedgang i antall sau og sauebruk.
Eggproduksjonen i fylket skjer i all hovudsak i Grimstad og Arendal. Her har det vært ein auke i antall verpehøns sidan 2002. Som for andre produksjonar har det også her vært ein utvikling i retning av færre og større bruk.
Vekstar
Med unntak av Grimstad og Arendal, er det husdyrbasert grovfôr produksjon som utgjør den vesentlige arealbruken. Grimstad har lang tradisjon for dyrking av hagebruksvekstar som grønsaker og bær. Godt klima, sterkt fagmiljø og dyktige produsentar er viktige faktorar. Bedrifta som i dag heter Smaken av Grimstad A/S er ein viktig mottakar for mye av den grønsaksproduksjon som skjer i Grimstad. I kommunar med lav husdyrtetthet blir grovfôr produksjonen stadig meir ekstensiv.
Med ein nedgang i husdyrtall framover vil det bli en utfordring og oppretthalda bruken av jordbruksareala i en del områder.
Skogbruk
Aust-Agder er eit betydelig skogbruksfylke, med fleire store skogbrukskommunar.
Skogbruk kombinert med landbruk og andre tilleggsnæringar har vært viktig næring for mange. Avverking har vært fallande over ein periode. Samtidig har prisen på tømmer nærmast vært stabil, mens priser på innsatsfaktorar og arbeid har hatt ei solid prisauke. Bergene Holm A/S i Åmli er ein viktig mottakar for sagtømmer i fylket. Store investeringar i nytt utstyr vil forhåpentlig gjøre dette til ein sikker mottakar i framtida. Når det gjelder massetrevirke er situasjonen meir usikker. Med stadig mindre treforedling igjen i Norge betyr det at meir av massetrevirke må eksporterast. Hamneanlegget på Eydehavn vil være en viktig port ut mot Europa i så måte.
Figur 27. Viser areal produktiv skog, og avverking og nyplanting i kommunane