• No results found

Helge Sandøy

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Helge Sandøy"

Copied!
20
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Helge Sandøy – Innleiing

Artikkelen har sin bakgrunn i iveren som direktøren og styret i det nye Språk- rådet hadde for å få gjennomført ein revisjon av nynorskrettskrivinga – etter at det «gamle» Språkrådet hadde erkjent at motstanden mot revisjon var for stor i den breie målrørsla. Den nye iveren etter 2004 var kopla til påstandar som blei repetert og repetert utan at Språkrådet viste interesse for å drøfte det faglege innhaldet i dei. Ettersom det nye Språkrådet ikkje har noko breitt organ med representantar for ulike interesser, men berre eit styre av handplukka per- sonar – som i dette tilfellet viste seg å ha same meininga – oppstod ingen fagleg debatt der. Det samstemte Språkrådet blei ein maktfaktor i ein prosess som skapte motløyse i målrørsla. «Realpolitikarar» innsåg at Språkrådet kom til å kjøre politikken sin igjennom, og ein måtte berre håpe på minst muleg skade.

Denne politiske prosessen er ein god demonstrasjon av ei viktig svakheit med det nye Språkrådet: mangelen på representativitet og brei intern debatt. Språk- rådet er blitt eit direktorat.

Det var den politiske frustrasjonen. Men artikkelen min gjeld påstandane som ligg innbakt i mandatet rettskrivingsnemnda fekk.

Skriftkulturen er prega av tydelegare normer enn talemålet er det. Difor er refleksjon kring normer relevant for arbeidet ved Ivar Aasen-instituttet. Indi- rekte formidlar sjølve mediet som skriftspråket er, ideal og verdiar som uttryk- kjer klåre ideologiar. Der skriftkultur er studieobjektet, bør dét tematiserast og analyserast. Eit sentralt tema må då vere autoriteten i språket.

Ivar Aasen-namnet gir ikkje opplagt støtte til den diskusjonen. Ivar var klår på at språkforma burde vere stram og trong. Dét er idéhistorisk svært forståeleg.

I samtida var einskap i det nasjonale kjennemerket sjølvsagt, og dei europeiske skriftspråka (ofte omtalt som «kulturspråka») hadde relativt nyleg utvikla ein- skap – som ein parallell til den stadig sterkare einskapsstaten. Men Ivar Aasen hadde samtidig ein grunnleggande demokratisk ideologi om språket, og dét blei svært tidleg kimen til det som utvikla seg til å bli den faktiske nynorsktra- disjonen: variasjon og fridom. Altså eit tvisyn på normene. Eit nynorsk skrift- kulturstudium bør tematisere den indre spenninga kring autoriteten som ligg i nynorsk-tradisjonen.

Denne teksten verken har hatt eller får noko å seie for mitt faglege liv. Men kritikken av normer og autoritet har eg vore oppteken av frå den politiske opp-

(2)

vakninga i 1968. Den har spela ei stor rolle i faglivet mitt. Spørsmål om normer (og dermed språk og politikk) har til dels styrt interessefeltet mitt, og dei har gitt politisk perspektiv på det daglege arbeidet.

(3)

Stramt språk? Mytar om nynorsk

Helge Sandøy

Språk er fasinerande. Språkevna som menneska har fått som gudsgåve, har uende- leg mange utformingar i dei 6000–7000 språka i verda. Nei, forresten: Det inte- ressante er at det ikkje er uendeleg stor variasjon; det er mønster som går att i dei fleste språka, og som dermed kan seie noko om sjølve språkevna. Dét er eit for- skingsperspektiv i den strukturelle språkvitskapen.

Men tankanefolk gjer seg om språk, er ikkje mindre interessante. Det er eit fasinerande emne for språksosiologien. Både språkidéane og språkideala skiftar frå samfunn til samfunn, og dei skiftar frå tidbolk til tidbolk. Dei treng ikkje ha så mykje med sjølve språket å gjere. Idéane fortel mest om korleis menneska eller samfunnet dyrkar språket som kulturfenomen. Om noko blir sett på som eit eige språk. Om det har prestisje eller ikkje. Om det er viktig å vise fram at ein sjølv har greie på språket. Språket er på den måten eit kulturelt objekt, til liks med andre kulturobjekt som måleri, musikk, arkitektur, mat osv., der interessa for fenomenet er like interessant som sjølve fenomenet. Det interessante her òg er når ein ser mønster i tankane, verdiane og i dyrkinga.

Styret i det nye Språkrådet vedtok hausten 2009 for andre gong at nynorsk- norma skulle reviderast. Bakgrunnsmusikken for vedtaket var diskusjonar gjennom fleire år om valfridommen i nynorsk (Fretland 2007), og styremedlemmer hadde der vore med og prega debatten med å framheve ulemper med valfridommen. Det nye Språkrådet (etter 2004) markerte eit tydeleg stemningsskifte frå 1980-talet då klimakset blei nådd for den sanninga at skriftmålet blei lettare å bruke viss det låg nær talemålet. Sanninga om at variasjonen var ein rikdom, varte i 20-30 år. Så blei det motsette sant.

Gjengangaren i dei ymse fråsegnene frå språkdirektør og språkstyre etter 2004 var innstramming, innstramming, innstramming. Dette er fagleg problematisk, for premissen for den nye politikken har ikkje grunnlag i nokon påviselege ulemper med nynorsken slik han er i dag (dvs. før 2012). Politikken og mandatet for den oppnemnte rettskrivingsnemnda byggjer på mytedanning. Mandatet var:

1) På grunnlag av utgreiinga om nynorsknorm i 2003, seinare offentleg ordskifte, språkmeldinga frå 2008 og drøftinga av denne i Stortinget våren 2009 set styret

(4)

i gang arbeidet med å laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Denne nye norma skal vera eit tilbod til alle som ynskjer å skriva korrekt nynorsk, og ho skal gjelda for alle som pliktar å skriva innanfor ei norm.

2) Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid.

Norma skal vera lett å bruka uavhengig av formell utdanning og språkkompe- tanse.

3) Norma skal vera slik at nynorsken framleis kan appellera til språkbrukarar over heile landet og gi rom for former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar. Breitt talemålsgrunnlag, mykje brukte former og ord, geogra- fisk spreiing og skriftspråktradisjonar er difor blant dei viktigaste faktorane som skal balanserast i den nye norma. (Rettskrivingsnemnda 2011: 27.)

Stikkorda i dei to første punkta er tydeleg, enkelog stram. Desse orda har ikkje opp- lagt ulike betydningar; dei skal kanskje berre gi ulike assosiasjonar og kjensler? Når tredje punktet opnar for «at nynorsken framleis skal appellera» breitt, altså tradi- sjonell nynorskideologi, fekk utgreiingsnemnda ei temmeleg umuleg arbeidsopp- gåve.

Myte 1: For stor variasjon i nynorsk

Somme har som ideal at det prinsipielt ikkje skal finnast variasjon i språket. Det skal me komme tilbake til. Av målformene i Norge er det nynorsken som først og fremst blir skulda for stor valfridom. Det er eigentleg «sjølvforskyldt», for me har lagt vekt på ein målideologi som nettopp skal ha brei appell. Strammar ein inn, reduserer ein appellen.

Argumentet mot valfridommen går ut på at han skaper eit forvirrande skrift- bilde, som så skal ha negative følgjer for innlæringa.1Akkurat dét har ingen greidd å påvise. Derimot er det resultat som tyder på at valfridommen ikkje gir nokor ulempe (Hoel 1996). Men korfor blir dette drege fram berre i diskusjonen om ny- norsk? Det blir underforstått at bokmålet er uproblematisk fordi det ikkje har val- fridom og variasjon i skriftbildet. Nynorsken skal vere vanskeleg å lære fordi han har stor variasjon og valfridom, og eit fast skriftbilde får ikkje festa seg hos lesaren.

Første spørsmålet kan då vere: Er den skriftlege verkelegheita slik?

Korleis er det skriftbildet lesarane i Norge får inn gjennom auget? Det er det muleg å finne litt ut om. Eg tok ein dag for meg ei avis som tillèt stor variasjon og praktiserer liten rettskrivingssensur i spaltene sine, nemleg Romsdals Budstikke. Mel-

1. Jamfør f.eks. Bergens Tidende3.1.2011 del 2 s. 4, Dag og Tid4.2.2011 s. 16–17.

(5)

lom to nynorskjournalistar i Romsdals Budstikke17. januar 1997 var det knapt 12 rettskrivings forskjellar per spaltemeter. Desse skilnadane gjeld nesten berre formene blir – bleimot vert – vart, og dei bør nok ikkje reknast for rettskrivingsvariantar, men som ulike synonyme ord. (Dét presiserte det gamle Språkrådet.) I same num- meret av avisa var det to bokmålsjournalistar som per spalte meter hadde 28 rett- skrivingsavvik frå NTB-bokmålsnorma, som òg får god plass i avisa. (Av dette utgjorde halvdelen hokjønnsartikkel ei/enog hokjønnsendinga -a/-en.) Desse tala vil seie at eit bokmålsauge må venje seg til dobbelt så stor variasjon som nynorskauget.

Førestillinga om at bokmålet er meir einsarta enn nynorsken, er dermed ikkje rett.

Samanliknar ein mellom to aviser, blir bildet òg interessant. Den som kostar på seg Dagbladetog Aftenpostensame dagen, blir like forvirra som den som berre les f.eks. Romsdals Budstikke. Sjølv etter at Aftenposteni løpet av 1990-talet gjekk bort frå riksmål, er spranget over til det moderate Dagblad-språket markert.

I Bergens Tidendeer språkhomogeniseringa (eller språksensuren) sterk. Her var tala den aktuelle dagen vel 4 forskjellar per spaltemeter blant nynorskjournalistane og 2 blant bokmålsjournalistane. Det som kan skape ein stor forskjell i den prak- tiserte nynorsken, er infinitivsendinga, som er svært frekvent i tekstar. I Bergens Tidendekunne ho ha vore årsak til 28 rettskrivings forskjellar per spaltemeter viss det hadde dukka opp ein a-målsbrukar i materialet 18. januar 1997, den dagen eg gjorde granskinga. Den som trur variasjonen i skriftbiletet øydelegg for nynorsk- strategien, veit dermed kvar offensiven bør setjast inn!

Korfor kjem det ingen offensiv når det gjeld infinitivsendinga? Truleg pga. at ein erkjenner at begge endingane er nødvendige for den breie appellen, og at val- fridommen neppe skaper lærevanskar. (Derimot hugsar eg det skapte problem då læraren min på folkeskulen ville «tvinge» oss e-målstalande til å bruke a-infinitiv!

Ein praktisert manglande valfridom var eit problem.) Situasjonen i dag er nok at dei fleste vel det eine alternativet ein gong for alle i sin eigen skrivepraksis, og der- etter lèt ein andre sine skriveformer flyge forbi auget utan å bli noko forvirra. Ar- gumentet om det faste skriftbildet ramlar saman når ein skal prøve det ut på konkrete tilfelle, og det fortel nok at det går bra når me får skrive morsmålet vårt ut frå det talemålet me allereie meistrar. Og slik bør det vere.

Parallellfører me dette i bokmålet, kan ein seie at det der må vere mykje verre med variasjonen mellom -aog -eni hokjønn bestemt form (sola – solenosv.), for i tillegg til at det gir eit «kaotisk» skriftbilde, overlèt ein til skribenten å ta ubehage- lege val i ein kulturkonflikt på kvar femte linje. (Dei fleste skribentane seier jo -a, men skriv -en.) Men ingen seier at bokmålet er forvirrande.

For å dokumentere endå grundigare korleis faktisk språkbruk og tankane (eller påstandane) om språkbruken er vidt forskjellige, kan eg òg ta med dette eksperi- mentet: Eg skreiv i januar 2009 ned ein dagsnyttbulleteng på eitt minutt. Den var lesen på moderat bokmål (BM1), dvs. det som lenge har dominert nyheitsopples-

(6)

inga. Så skreiv eg same teksten om til det folkelege bokmålet (BM2) som no fleire og fleire opplesarar brukar. Det blei 24 forandringar. Når ein skriv same teksten om til ein nynorsk som ligg så nær bokmålet som muleg (NN2), men innafor læ- reboknormalen for å vere akseptabel etter språkreglane i NRK, må ein forandre på 37 stader i teksten i forhold til den folkelege bokmålsvarianten. Men denne forma for nynorsk høyrer ein knapt; opplesarane legg seg heller etter ein midt- straumsnynorsk (NN1) eller ein meir markert nynorsk med avstand frå bokmålet.

Me held oss framdeles innafor læreboknormalen, og den siste dagsnyttopplesaren har laga 9 forandringar i tillegg til den første nynorsklesaren. Dei fire tekstversjo- nane kan dermed plasserast på ei linje der me får fram variasjonen i dei to normerte talemåla våre:

BM1 BM2 NN2 NN1 0 24 61 70

Største forskjellen (på 37 forandringar) ligg sjølvsagt mellom bokmål og nynorsk.

Men forskjellen på dei to bokmålsvarietetane er 24, og dei to på nynorsk er berre 9! Oppfatningane om variasjonsbreidda i bokmål og nynorsk stemmer altså dårleg med faktisk språkbruk.

Nynorsken er altså temmeleg homogen når ein samanliknar med tilstanden i det praktiserte bokmålet. Konklusjonen er at Språkrådsstyret har formidla ein myte. Eit kultursosiologisk spørsmål etter siste rekneøvingane er: Korfor skal den vesle variasjonen i nynorsk framstillast som eit problem når den store variasjonen i bokmålet er uproblematisk. Eller like godt: Korfor er bokmålet alltid uproble- matisk og nynorsk problematisk? Kven styrer tankane våre? Korfor formidlar Språkråds-leiinga eit gale bilde?

Myte 2: Det blir så mange feil i nynorsk pga. valfridommen

Dette er vidareføringa av førre punktet, og argumentet har vore formulert uendeleg mange gonger. Men er det sant? Jan Olav Fretland, styremedlem i Språkrådet då mandatet blei laga, har fleire gonger fortalt at han som forskar ser denne saman- hengen mellom valfridommen og problema med å skrive nynorsk rett (m.a. i Af- tenposten29.4.2009 s. 13 og Norsk Tidend2-2008). Men han har foreløpig ikkje vist korleis han har forska på dette.

Vi er fleire som har vore nysgjerrige på slikt, og eg tok hausten 1996 bunken av eksamenssvar eg skulle rette på grunnivået i universitetsfaget nordisk, og laga ei oversikt over alle nynorskfeila. «Nynorskfeila» kan stort sett setjast i to grupper:

(7)

1) ord som nynorsknorma ikkje godtek,

2) bøying ar/bok staveringar som vik av frå skriftnorma på det aktuelle punktet.

Denne siste gruppa kan så delast i to underpunkt: a) avvik som kan seiast å ha støtte i bokmålet (f.eks. fortid leste), eller som kan seiast å vere «tenkte» ut frå bok- mål (f.eks. historikarne), og b) avvik som har støtte berre i talemålet (f.eks. byggjing, markerar). I tillegg kjem også ein del feil som ikkje har med nynorsken å gjere.

Ordfeila under punkt 1 blei det opplagt mange færre av etter vedtaket i 1999 om å utvide nynorskordlistene med ei mengd kvardagsord frå dialektane. Statistikken for dei to typane under 2) er mest interessant, og han viser:

a) Former som samsvarer med eller er tenkt ut frå bokmålet, utgjer heile 80 % b) Avvik med støtte berre i talemålet utgjer 20 %.

Dette er ei svært enkel oppstilling, men ho viser det interessante i denne diskusjo- nen. Det er nemleg heilt umuleg ut frå ein slik feilstatistikk å seie at årsaka til «elen- det» er den store valfridommen i nynorsk. Viss dét er muleg, skulle eg gjerne ha fått demonstrert metoden og resonnementet. Derimot er det lett å seie at viss ny- norsknorma hadde utvida valfridommen, ville talet på feil i eksamenssvara ha gått ned, og frustrasjonen hos elevar og studentar hadde truleg blitt mindre. Ein kunne fått ned feilprosenten med heile 20 utan å «gi etter» for bokmålet, slik tala ovafor viser.

Me kan forresten sjå på feiltype b): Dei som skriv demonstrerar, er mest sann- synleg slike som seier nettopp demonstrerareller demonstrerai notid. Dette er den forma som dominerer i talemålet i Nynorsk-Norge, og språkbrukarane er vane med at -arer god nynorsk, og dei trur at nynorsken skal nettopp vere uttrykk for slik dei snakkar. Norma har her laga ei unødvendig felle for skriftmålsbrukarane, og det er ei meiningsløyse at ar-bøyinga ikkje er tillaten. Og det prinsipielt viktige:

Det er faktisk større valfridom som her gjer nynorsken enklare.

Skulle ein på språkteknokratisk vis lage ei enkel og stram norm, kunne ein f.eks. innført ein regel om at presens av verb aldri kan ha -ar, for det er muleg å øve seg opp i at presens på -ai talen skal bli til -e i skrift så lenge det er konsekvent.

Men eg håpar ingen foreslår den innstramminga, for så lenge nynorsken skal av- spegle talemålsgrammatikken, må ein godta òg den grammatikken. Det enklaste å skrive kan vere det grammatisk mest kompliserte − som her med klassebøying av verba.

Eksempelet ovafor viser at Språkråds-styret blandar saman enkelt oppsett av grammatikken med enkelt å lære å bruke. I sjølve mandatet er det formulert retorisk:

«Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar.» Ein må gå ut frå at det er rettskrivinga styret har i tankane ettersom det gjeld mandatet for

(8)

ein rettskrivingsrevisjon. Men det er nok mangt anna enn rettskrivinga som gjer det vanskeleg å vere nynorskbrukar i landet vårt. Dette anna skulle ikkje den ak- tuelle nemnda arbeide med.

Min påstand her er at diagnosen som styret i Språkrådet har lagt til grunn, er fullstendig feil. Derfor føreskriv det også galen medisin.

Det er jo faktisk ein annen ikkje ukjent faktor som kan forklare mange av prob- lema med å skrive feilfri nynorsk: Elevar og studentar les for lite av målforma. Kanskje berre 5 % av leseinnputtet hos elevane er på nynorsk, 95 % er på bokmål.2Korleis kan ein då få «rein» nynorsk som utputt frå lære prosessen? Det er ikkje underleg at ein får feiltype a ovafor. Ein kan heller seie at det er impo nerande at så mange greier å lære denne målforma så godt med dette magre nynorskinntaket. Kanskje dét er fordi nynorsken er så lett å lære? Det trur eg er tilfellet – under elles like vilkår.

Ein kan òg resonnere slik: Når elevar og studentar greier å skrive nynorsk utan å lese så mykje nynorsk, kan ei årsak vere at dei nettopp byggjer på talemålet sitt.

Feiltype b) (byggjingog demonstrerar) er ein indikasjon på det, for slike former ser dei aldri i lærebøker. Me ser altså at hjertespråket betyr mykje for skriveferdigheita, og det bør ikkje normerarane oversjå eller stagge. Det har nettopp med enkelheit å gjere, det òg.

Trude Hoel (1996) har jamført skriveferdigheita hos elevar som har gjennom- ført vidaregåande skule / gymnas i dei tre skandinaviske landa. Dette er eit perfekt laboratorium, for her er mykje likt utanom akkurat det ein skal teste: effekten av valfridom. I dansk og svensk rettskriving er valfridommen minimal, i norsk nokså stor. Viss myten her skulle vere rett, skulle norske elevar ha mange fleire feil i skri- vearbeida sine enn elevane i nabolanda. Men det har dei ikkje. Tilstanden er lik i alle tre landa. Denne typen resultat grev grunnen vekk unna dei som vil legge om den norske språkpolitikken.

Det blir ført fram ymse feilregistreringar og resonnement kring denne påstan- den, men det er utført berre éi grundig gransking i Norge som er så stor og syste- matisk at ho her er relevant: «Første lese- og skriveopplæring på dialekt» var eit stort prosjekt gjennomført på solid laboratoriemåte (Bull 1985). Tove Bull legg i rapporten nøkternt fram resultata, for dei er som i anna pedagogisk forsking ikkje slik at ein kan seie ein har pålitelege bevis. Men konklusjonen er at slik opplæring stimulerer elevane til å bli flinke språkbrukarar meir enn vanleg undervisning som legg vekt på korrektheit. Resultata frå denne granskinga må motseiast før ein snur om nynorsken til å bli eit stramt språk.

2. Aanes 2010 s. 87f. har tal frå ei spørjegransking, og dei viser overraskande liten kontakt med nynorsk sjølv på Sunnmøre. Men tala lèt seg ikkje overføre til ei berekning av lesemengd. Eiksund 2011: 54 har ein del kvantifiseringar frå utvalte skular, og elevar på Sunnmøre les naturleg nok meir nynorsk enn elles, men tala frå Eiksund tyder nok på at dei 5 % eg antydar her, er for høgt anslag for landet som heilskap.

(9)

Myte 3: Så vanskeleg å ha oversikt i nyorsken

Ikkje sjeldan blir det framheva at det blir så vanskeleg å ha oversikt over valfri- dommen når han er stor. Det kan jo vere rett. Men treng me alle ha oversikt? Dét er spesialistarbeid. Igjen må me stille oss spørsmålet: Kor mange har oversikt over valfridommen i bokmålet? Det kjem ikkje fram i debatten, for bokmålet er uprob- lematisk for dei som definerer problemstillingane i samfunnsdebatten. Eg blir stun- dom spurt av norske studentar i faget nordisk om det verkeleg er «lov» å skrive blei på bokmål. Dei som spør, har hatt bokmål som hovudmål i opplæringa i 13 år.

Ein kan komme seg feilfritt gjennom 5 års studium og bli norskekspert utan at det er blitt kontrollert kva ein student kan om valfridommen i bokmålet. Dét blir ikkje fokusert i noko debattoppslag. Det er berre «normalt» å ha valfridom utan å vete om han. Korfor skal det vere viktigare å ha slik oversikt i nynorsk enn i bok- mål? Det er i alle fall ikkje språklege grunnar til det. Dette fortel berre om kven som får definere debatten. Språkrådet burde ha vore eit kritisk korrektiv til kul- turhegemoniet i Norge i staden for ein katalysator – som det no var.

Hos dei som har vilja latterleggjere valfridommen, har det vore ein sport å finne fram ord som kan skrivast og bøyast på fleire måtar. Er det både valfrie end- ingar og valfrie skrivemåtar i same ordet, kan det bli mange mulege kombinasjonar.

Når ein kan skrive både sæterog seter, og dessutan har både a-mål og i-mål, blir det i bestemt form sjølvsagt fire mulegheiter: sætra, sætri, setra, setri. Lagar ein så ordsamansetningar eller ordkombinasjonar, kan talet på mulegheiter auke nærast eksponensielt. Denne sporten kan rettast like mykje mot bokmålet. Ein høyrer lite om ulempene med at den korte setninga Barna lovde han beinakan skrivast/bok- staverast på 48 forskjellige måtar i bokmål. Og desse valmulegheitene er verken komiske eller meiningslause. Det kan heller framstillast som ein stor fordel å sleppe mange stemmer til i språket. Valet mellom setraog setrii nynorsk er neppe annleis enn mellom a- og e-infinitiv. Valet treng ein ikkje gjere meir enn éin gong.

Helge Omdal har interessert seg for kva studentar kan om rettskriving, og han fann at 65 % av kullet han undersøkte, retta forma spørsmålenetil spørsmålai bok- mål og 42 % retta kommatil komai nynorsk (Omdal 1996: 141). Dette er sjølvsagt nedslåande med tanke på den intoleransen dei kan komme til å vise når dei skal rette elevarbeid i framtida. Derfor er slike resultat eit argument for litt rettskriv- ingslære for dei som skal bli lærarar. Det kostar ikkje mykje tid å lære seg hovud- draga i «bøyingsfridommen», og dei bør ein lærar kunne. Den ortografiske valfridommen i oppslagsformene er derimot meir slikt også ekspertane bør få bruke handbok til. Sjølv ekspertar må slå opp i ordbøker heile livet for å sjekke betyd- ningsvariasjon, bruksområde, preposisjonsbruk osv., og korfor ikkje òg skrivemåtar (som i praksis gir innsikt i variasjonen i norsk språk). Andre språkbrukarar treng ikkje ha denne typen kunnskapar så present, og derfor er det ikkje rett å måle

(10)

språkferdigheitai målformene våre etter rettskrivingskunnskapar. Det er faktisk to vidt forskjellige ting.

Myte 4: ‘Utydeleg norm’ i nynorsk

«Tydeleg norm» heiter det i mandatet. Kva er det? I sosiolingvistikken er det tale om saliente drag, og ein siktar då til språkdrag som folk legg merke til og har stor bevisstheit om. Slike drag kan ein f.eks. bruke til å identifisere seg med. (Eller dei kan òg brukast til stigmatisering.) Det med identifisering kunne ha vore eit relevant perspektiv å dra inn, for særleg nynorskbrukarane legg ikkje lite identitet i skrift- målet, og ikkje berre i talemålet. Men dette perspektivet var ikkje å spore i man- datet for rettskrivingsarbeidet.

Formuleringa i mandatet tyder heller på at ‘tydeleg’ er eit synonym til ‘stram norm’, og her er nok vinklinga at det stramme skal vere tydeleg for bevisstheita for dei som skal lære språket. Her er det sidemålsopplæringa som er viktig; det kom fram i debattane.

At sidemålselevar kan ha pedagogiske særbehov, er forståeleg. Skal ein lære eit nytt og fremmendtspråk frå botn, begynner ein med enkle kategoriar og system.

Eg har stor sans for tanken om esperanto som felles fremmendspråk i verda, for det har eit system der kvar grammatiske kategori har berre eitt uttrykk. Og ingen valfridom. Dette esperanto-prinsippet som tydeleg ligg i mandatet òg, er sterkaste argumentet for å halde på tonivå-systemet nynorsken har hatt fram til no, for der er det nettopp ein trong læreboknormal, som ein f.eks. kan bruke i opplæringa i nynorsk sidemål.

Men me kan ikkje normere eit morsmåletter esperanto-prinsippet. Då gjer sty- ret nynorsken til sidemål for oss alle. Morsmålet er eit levande og naturleg språk, og skal brukarane identifisere seg med nynorsken, må nynorsken i utgangspunktet akseptere morsmålet slik det er. Dermed blir det fullstendig gale å bruke begyn- narundervisning i sidemålet som mal for korleis me andre skal skrive morsmålet.

Dessutan bør me ha ei offensiv holdning om at dei som lærer nynorsk som sidemål, skal òg kunne oppdage at det kan utviklast til å bli det skriftlege morsmålet deira.

Der har nynorsken eit stort potensial som ikkje blir godt nok utnytta. Det kan me sjå av statistikken nedafor, som viser kor stor prosentdel av elevane i vidaregåande skule synest nynorsk ligg nærast dialekten deira, og kor stor del synest det same om bokmål (Skog o.fl. 1997: 47f.):

(11)

Her bør ein merke seg det store fleirtalet for nynorsk heile vegen frå Agder i sør til landsenden i nord. Når ein jamfører med kva som er det faktiske hovudmålet åt same elevane, jf. tabellen nedafor (òg frå Skog o.fl. 1997: 47f.), oppdagar ein eit avvik som skulle tilseie ein god strategisk posisjon for nynorsken. Men ein må vise klokskap i strategien; ein må appellere til identitet og til nærheit mellom talemål og skriftmål. Ein esperanto-strategi er ikkje vegen å gå.

Myte 5: Nynorsken manglar stabilitet

Siste stikkordet i oppdraget er at norma skal bli stabil over tid. Her er det ikkje mange grunngivingar å finne i bakgrunnsdiskusjonane. Men me høyrer gjenklan- gen av sukka frå 1900-talet om at det har vore for mange rettskrivingsforandringar i Norge. Det blei ei tid terpa så mykje frå riksmålshald på dette klagemålet mot offentleg språkplanlegging at folk har trudd på det. Unge studentar hevdar av og til at nynorsken er vanskeleg fordi det har vore så mange endringar. Dei greier sjølvsagt ikkje å gi meg eksempel, og dei blir overraska når eg seier at det ikkje har skjedd noka vesentleg omlegging sia 1959. (På det tidspunktet var endå ikkje fo- reldra deira begynt på skulen.) Altså ein myte om nynorsken igjen. I normerings- historia etter 1959 er det i nynorsk knapt nokon som har tronge forandre skrivevanane sine pga. innskjerpingar, for tendensen i småjusteringane har vore ST R A M T S P R Å K? MY T A R O M N Y N O R S K 129

Talemål Akershus

og Oslo

Resten av Austlandet

Agder og Rogaland

Vestlandet Trøndelag Nord- Norge

Liknar nynorsk 2 12 81 69 66 73

Liknar bokmål 96 87 18 30 33 26

Anna språk enn norsk 2 1 1 1 1 1

Sum 100 100 100 100 100 100

N= 721 1669 554 831 560 648

Hovudmål Akershus

og Oslo

Resten av Austlandet

Agder og Rogaland

Vestlandet Trøndelag Nord- Norge

Nynorsk 2 4 19 44 1 2

Bokmål 93 95 80 55 99 98

Anna språk enn norsk 5 1 2 1 1 1

Sum 100 100 101 100 101 101

D

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 129

(12)

auka valfridom. Stabiliteten har slik sett vore svært stor i eit par generasjonar. Bok- målet fekk derimot ei utviding av valfridommen i 1981 og ei lita innstramming i 2005.

Det var i første halvdel av 1900-talet at dei store omleggingane skjedde – og me skal vere glade for dei, for her skapte offentleg språkplanlegging to meir de- mokratiske skriftformer.

Sjølve idealet om stabilitet over tid er underleg. Det viktige er at skriftmålet er i samsvar med talemålet i samtida, og det har vore hovudgrunnen til omleggingane på 1900-talet. I norsk samanheng er det faktisk talemålet som har vore mest stabilt – sjølv om ikkje-språkvetarar gjerne trur noko anna. Deretter kjem nynorsken som nest-mest stabil. Viss ein tek tekstar på kvar av målformene frå 1911 og fører dei over til dei dominerande formene av nynorsk og bokmål i 2011, kan ein telje opp og finne det! Det er bokmålet som har vore minst stabilt. Og har det vore nega- tivt?

Heile idéen om stabilitet manglar sakleg grunngiving, og han ser mest ut til å ha utgangspunkt i gammal riksmålspropaganda. Paradoksalt nok er det Aftenposten som har vore minst stabil i skriftforma siste generasjonen.

Autoritær ideologi

Mandatet frå styret er ikkje underbygd. Rettnok viser det til innstillinga frå 2003 (Nynorskrettskrivinga), men der var ikkje konklusjonen at norma må eller bør vere stram. Fleirtalsinnstillinga der gjekk berre inn for visse oppryddingar, slikt som høyrer med i eit vedlikehaldsarbeid. Å framheve det stramme så sterkt fortel om eit ønske om større språkleg disiplin og større språkleg autoritet. Me høyrer igjen ekkoet frå gamle språkdebattar der klagemåla har gått på at dei unge no ikkje lenger veit kva som er rett og gale. Jo mindre ein har lov til, jo tydelegareer norma. Er berre éin ting korrekt, blir han òg svært korrekt, og alt anna feil. Er fleire ting kor- rekte, må korrektheita fordelast litt, og «det blir mindre autoritet på kvar». Kor- rektheita blir dermed mindre fokusert. Og kva er så mest skadeleg? Normhistorisk og idéhistorisk er førestillingar om det korrekte interessante, for dei fortel om kor- leis språket blir dyrka og utnytta politisk til ulike tider. Korrektheitsideologien er uttrykk for at ein ønskjer å utøve makt gjennom skriftkulturen.

Det moderne normomgrepet om at noko er rett og noko er gale når ein skriv, er relativt nytt. I mellomalderen hadde skribentane tydelegvis glede av å skrive same ordet på varierande måte gjerne på same linja. Det fanst rettnok skriveskular, og ein kan sjå mønster i skrivemåtane frå skule til skule, men den moderne tanken om rett og galen bokstavering ser ikkje ut til å ha plaga dei skriveføre. I seinmel- lomalderen dukkar derimot nye tendensar opp i land etter land, og ein ser tydelege

(13)

normeringstendensar (Milroy & Milroy1985, Mugglestone 1995, Sandøy 2000, Deumert & Vandenbussche 2003). Dette går saman med utviklinga av det nye statsomgrepet, som har som idé at staten skal vere sterk, effektiv og tiltaksam. Der- for blir det viktig å markere einskap innafor statsgrensene − også kulturelt.

Kongeriket Danmark-Norge hadde òg slike einskapsambisjonar, som nettopp blei understreka i handfestinga frå 1536 der det går fram at Norge ikkje lenger skulle vere eit eige rike, men berre ein del av fellesriket − til liks med andre delar som Jylland osv. Den språkkulturelle parallellen til denne ambisjonen ser me i den danske bibelomsettinga frå 1550: Sjølv om språkforma der òg ser nokså kaotisk ut frå vår ståstad, viser ho teikn på «innstramming». Språket har altså no fått ein ny politisk funksjon: å demonstrere einskap og å skape felles identitet og lojalitet i folket. I Sverige skjedde det tilsvarande. Dei to skandinaviske rika var fiendar, og skriftmålet kunne nå utnyttast i begge rika til å understreke kor folk høyrte heime.

Dansken var ikkje-svensk, og svensken var ikkje-dansk. Eit uttrykk for denne op- posisjonen uttrykt gjennom språket var f.eks. at svensk så konsekvent brukte a-in- finitiv.

Denne overgangen frå mellomalderen til ny tid gir oss opptakta til ein ny skrift- kultur. Fullt utvikla blir ikkje ideologien før under nasjonalromantikken, som gir ein ny måte å tenkje om språk på, eller å oppfatte språk på. Det første er at språket blir Språk, dvs. at ein begynner å identifisere språkbruken med ei eiga demogra- fisk/geografisk eining med eit namn, og det står i motsetning til ei anna eining.

Folk skal altså oppfatte dansk og svensk som ulike språk, ikkje berre som glidande overgangar i eit stort skandinavisk språkvariasjonsområde.

Språka får på denne måten ein symbolfunksjon, som blir tydelegast om dei står fram som homogene, altså einskaplege, uttrykt gjennom eit språkleg ideal.

Dette idealet må også få autoritet. 1600-talet i Danmark er prega av at gramma- tikarar begynte å framheve overklassespråket i København som det beste språket, og dermed kunne idealet bli tydeleg (Sandøy 2000, Kristiansen 2003). Dessutan fekk det den tilleggsfunksjonen at det kunne representere ein klassedistinksjon;

‘det rette’ gjer altså forskjell på folk, og dei allereie privilegerte får også skriftspråket som sitt privilegium. Statleg autoritet blir kopla med sosial forskjellsbehandling, alt uttrykt gjennom eit abstrakt språkideal. Den nye versjonen av kristendommen kom til oss med dette språkidealet, og eit par hundreår seinare får me spirane til eit skuleverk som kan innprente i kvar sjel dette idealet som det mest sjølvsagte i tilværet. Opplysningstida og framstega blei formidla gjennom denne språklege au- toriteten. Den dominerande krafta i prosessen er tydeleg, og resultatet er det Makt- og demokratiutgreiinga frå 2003 (Østerud o.fl. 2003) kallar mental kolonisering, ein gjennomsyrande ideologi der dei dominerte i samfunnet også gjennom språk- kulturen aksepterer at dei er underlegne. Jo meir sjølvsagt skriftnormene er, og jo meir sjølvsagt standardspråket er, jo større er faren for slik mental kolonisering.

(14)

Denne historia skal her gjerast kort sjølv om utviklinga tok tid. Det var f.eks.

ikkje før i 1775 at første fastsette norma kom for det danske skriftspråket, og kunn- gjeringa frå kanselliet gjekk ut på at skriftidealet skulle vere skrivemåten i den pat- riotiske (nettopp!) historieboka Store og gode Handlinger af Danske, Norske og Holstenereav Ove Malling. Neste fase i utviklinga var nasjonalromantikken, som gjorde det endå meir naturleg å framheve einskap i språket, for språket represen- terte ein innebygd (essensiell) eigenskap i nasjonen. Språkomgrepet blei ideologisk knytt til nasjonsomgrepet og fekk endå djupare og meir mystisk innhald. Dette omgrepet kunne sjølvsagt Ivar Aasen og landsmålsrørsla dra taktisk nytte av, for då måtte norsk vere noko anna enn dansk.

Ivar Aasen gjennomskoda det sosiale i den mentale koloniseringa under dans- ken og argumenterte skarpt imot den, men einskapsprinsippet heldt han fast på.

At eit skriftmål kunne vere noko anna enn einskapleg, var truleg vanskeleg å tenkje seg i situasjonen hans. Derfor argumenterte han imot tilhengarane sine som alt tidleg begynte å skrive landsmålet annleis enn slik Aasen ville ha det. «Nystava- rane», som m.a. Arne Garborg og Steinar Schjøtt blei kalla, var nødvendige for landsmålsrørsla, men dei skapte tidleg språkleg sprik. Parallelt skjedde tilsvarande med norsk-dansken, som på vegen over til norsk form òg opplevde å ha fleire til- latne former. Den vidare norske språkhistoria er dermed eit eksempel på korleis det blei ei opning for å tvile på autoriteten, på einskapstanken og det eigentlege i Språket. Språket blei demokratisert, og nordmenn oppdaga at me sjølve kunne skape skriftspråket.

Språkstriden, eller den norske politiseringa av språkforma, har ført til at det autoritære preget (= ‘berre éin skrivemåte er rett’) er blitt svekt, og Norge har fått utvikla ein annan språkkultur enn mange andre europeiske land. Reklamen nedafor for kurs i engelsk standardtale kunne knapt vore brukt av seriøse marknadsførarar i Norge:

You are judged by the way you speak and write

Just as you judge other people by the way they speak and write, so they in turn judge you. You are continu- ously judged by your employer, your supervisor, your friends, customers – everyone. If you know your work and do it well, if you have good ideas and can talk them over easily with others, if others are impressed by your knowledge and ability – then your future is assured.

Promotions and higher earnings are sure to come.

(Good English 1989: 5.) ...

A rich, full social life can so easily be yours

Yes, it is indeed true that if you want many friends, if

(15)

you want a rich and full social life, nothing is more essential than the ability to attract and influence others by what you say and how you say it. Well-liked, successful people are al- most always far above average in their speaking, writing, and conversational ability. They continually widen their circle of friends and acquaintances by using their command of English to attract and influence others. (Good English 1989: 6)

Men tonar om at Norge hadde stått seg betre viss me gjorde som «dei store kul- turnasjonane», har me høyrt rett som det er, mest frå riksmålshald. Då blir det ar- gumentert med omgrep som kulturog kvalitet, som i praksis blir det som samsvarar med overklassespråket. For å få fokuset på desse omgrepa må ein avvise at språk er politikk. Somme tyr òg til språkvitskaplege strukturmodellar over register, stillag og sjangrar, som kategoriserer ulike typar språkbruk etter ulike funksjonar i sam- funnet. Blir ein fasinert av desse modellane, kan ein lett gli over til å meine at det er funksjonelt (altså positivt) med at det er forskjell på skrift og tale – og norsk språkstrid er altså parkert på skraphaugen. Beskrivingsmodellen er dermed blitt normativ. Men slike andre fokuseringar tener då som avleiingsmanøvrar, for stillaga og registera er like fullt symbolske uttrykk for sosiale forskjellar.

Det nye Språkrådet har òg slått inn på denne linja med å påstå at språk ikkje er politikk. Etter at Kulturdepartementet hadde bedt Språkrådet om innspel til ei ny språkmelding, utarbeidde rådet i 2006 ei utgreiing som språkdirektør Sylfest Lomheim sendte til oppdragsgivaren. Utgreiinga tek utgangspunkt i Valerij Berkov sine kommentarar til den norske språksituasjonen der han tek som utgangspunkt

‘den europeiske normaltilstanden’ og så rettar kritikk mot det unormale Norge.

Det ‘normale’ europeiske er nettopp autoriteten i språket, der både fransk og russisk er gode eksempel på den politiske motsatsen til det språkdemokratiet me har kjempa fram i norsk språkstrid. Berkov – og altså Språkrådet og språkdirektøren – avviser at språknormeringa har med demokrati å gjere. Argumentet er ikkje vidløftig: Norm er tvang, og «[e]n tvang kan pr. definisjon ikke være demokratisk»!

(Lomheim 2006: 4). Ønsket er at Norge skal komme i takt med Europa. Opp- summeringa s. 5 og den negative framstillinga av den norske språksituasjonen ut- trykkjer ein lengt etter fastheit og autoritet. (I utgreiinga er manglande autoritet omtalt som at norma ikkje har «den nødvendige prestisje». Dette gjeld ikkje ‘pres- tisje’ i sosiolingvistisk forstand, men autoritet.) Her reknar ikkje Språkrådet det som relevant å ta med innsikta frå det store havet av språksosiologisk litteratur om emnet.3

3. Det høyrer med til denne historia at då St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikkkom, oversåg departementet innspelet frå språkdirektøren og skreiv i staden eit heilt kapittel 5 om «Språk og makt» med utgangspunkt i m.a. Makt- og demokratiutgreiinga (Østerud o.fl. 2003).

(16)

Same autoriteten i tre styrkegradar

Grad 1:Logikken i autoritetsideologien skulle tilseie at eit samfunn ikkje berre treng eit einslaga og standardisert skriftmål, det må òg ha eit homogent standard- talemål. Slik er òg det normale i europeiske land, «i kulturnasjoner det er naturleg å sammenligne seg med», som me har høyrt fleire gonger. Tendensar til dette har me hatt i Norge òg; me kjenner godt til standardtalemålet i NRK som skulle gjere alt enkelt å forstå over heile landet. Det interessante her er at utviklinga dei siste 30−40 åra så tydeleg har bevist at det ikkje skaper problem for forståinga med stor talemålsvariasjon. Det tek no også NRK konsekvensen av. Situasjonen når det gjeld talemålet, viser nettopp kor stor evna vår er til å tolke og forstå språkleg variasjon.

Ja, den nye situasjonen gjer variasjonen til ein resurs.

Det finst ingen grunn til å tru at det er annleis når det gjeld skriftmålet. Språk- evna, eller evna til å tolke eit system med ein del variasjon, er neppe mindre i skrift- mediet. Det kan vere vanen vår som er problemet. Dessutan er me jo opplært til å vere intolerante, til å reagere negativt på «avvik». Då skal me kalle det for feil og dårleg språk, og me kan vise kor flinke me sjølve er samanlikna med andre. Rett- skriving er verkeleg eit kulturelt adels- og elitemerke. Det er mange feinschmec- ker-nykkar som hindrar oss å ta imot det språklege uttrykket med toleranse og ope sinn. Det er desse nykkane som er problemet, ikkje litt språkleg fridom.

Grad 2:Sjølve einskapsargumentet har hatt mange former. Den litt milde va- rianten har som premiss at det er forvirrande å lese eit språk i ulike variantar. Den argumentasjonen brukar ein del «respektable» aviser som sensurerer språkforma på sidene sine med eigne husnormer. Dette gjeld ikkje berre overfor journalistane, for også lesarbrev blir retta. I Aftenpostener det blitt drive så langt at etterkomma- rane etter døde ikkje får skrive a-endingar i dødsannonsane. Det skal vere einskap og konsekvens, har det lydd i forsvarstalen. Dei mange mindre avisene i landet som ikkje har resursar til slik språkleg strigling, beviser at det ikkje er noka ulempe om det i éin artikkel står bokaog i neste boken, eller fyrstpå ei side og førstpå neste – for å bruke eit nynorsk-eksempel.

Dessutan bør alle nynorskfolk vere klar over at det er dette same einskapsar- gumentet som blir brukt når mange hovudstadsaviser (Aftenposten, Dagbladetog VG) har yrkesforbod mot nynorskjournalistar. Dei hevdar at to målformer gir for lite einskapleg preg over avisa. For oss som les Bergens Tidende, er den type argu- mentasjon nokså absurd, for me les ofte skiftevis bokmål og nynorsk i same spalta, og dei færraste legg merke til det. Argumentet er altså temmeleg tomt når ein prø- ver det ut heilt konkret; men det har politisk funksjon.

Grad 3:Dessutan er me ikkje ukjent med den endå strengare forma for einskaps- ønske, for det er jo akkurat same type argument som har vore ført mot det å ha to målformer i landet. Akkurat no er det ikkje heilt politisk korrekt å seie at nynorsken

(17)

er noko me skal kvitte oss med, men for ein generasjon sia var det legitimt å hevde at to målformer skapte forvirring, og det var «unaturleg» for ein og same nasjon å ha to skriftmål. Dette er logisk nok viss ein legg vekt på autoritetesideologien.

Kvar står den språklege autoriteten i dag?

Det er paradoksalt at Språkrådet kjem med denne autoritetsideologien no når det går ei ny bølgje i mange av dei store europeiske «kulturnasjonane». Bølgja blir i sosiolingvistikken kalla destandardisering. Standardmåla mistar eineretten på mange domene, og dialekttalande kjem til i radio og fjernsyn i fleire land enn Norge. Parallelt opplever ein at sjølve standardspråka blir folkeleggjort (i faglitte- raturen gjerne kalla demotisert), dvs. at det i den skriftlege praksisen kjem inn fleire talemålsdrag. (Mattheier 1997, Kristiansen & Coupland 2011.) Den omlegginga me har vore vitne til i NRK-bokmålet siste fem åra, er uttrykk for det same. A- endingar, diftongar og det som verre er, kjem i fleng i dagsrevysendingane − det som før var det høgheilage området for moderat bokmål. Denne folkelege bok- målsforma er òg på veg inn i skriftlege nyheiter på nettet. Dei kjem nok sist i pa- pirutgåvene, men det er berre neste steget.

Det er ikkje urimeleg å tolke dette som del av seinmoderniteten, dvs. at det er ein del av den kulturutviklinga me har sett siste generasjonen der autoritetar av ymse slag står for fall. Danningskulturen må vike for mange populære kulturformer og for massekulturar. Konsumentsamfunnet og massemedia har endra dei kultur- elle vilkåra fullstendig, og tvilen og skepsisen får utvikle seg lenger enn til å finnast berre i subkulturar. (Fairclough 2006, Kristiansen & Coupland 2011.)

Det som andre land no opplever når det gjeld standardtalemålet, er gammalt nytt hos oss. No går utviklinga hos oss vidare i skrift. Å skrive tekstmeldingar og å blogge på dialekt er blitt svært utbreidd. Det er i seg sjølv eit eventyr, for før blei det påstått at det var umuleg eller så vanskeleg å skrive på dialekt. Men det greier folk tydelegvis utan opplæring når dei er motivert for det. Og dette nye språket er levande og uttrykksfullt. Variasjonen fungerer. Ja, også i etablerte aviser finn ein tekstar som verken kan kallast bokmål eller nynorsk, berre norsk. Brukarane tek sjølve over «språkautoriteten».

At nynorsken skal stramme inn i slike tider, er i strid med det som er den all- menne kulturtendensen i vår del av verda, der større språkleg demokrati og tole- ranse vinn fram. Skulle ikkje nynorsken heller spele på lag med denne kulturtendensen som nettopp svarar til den tradisjonelle sosiale nynorskideologien?

Skal me ikkje kunne seie til dei frilyndte skribentane lenger: Sjå, det du skriv her, er jo eigentleg mest nynorsk. No vil altså somme gå vegen over i eit stramt nynorsk riksmål. Det blir ei sjølv-marginalisering.

(18)

Referansar

Bull, Tove. Lesing og barns talemål. Oslo. 1985.

Deumert, Ana & Wim Vandenbussche (red.). Germanic Standardizations. Past to Present. Amsterdam. 2003.

Eiksund, Hjalmar. Med nynorsk på leselista. Ein komparativ studie av lesevanar blant ungdommar på Sunnmmøre og i Trøndelag. (Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet.

Nr. 27.) Volda. 2011.

Fairclough, Norman. Language and Globalization. London & New York. 2006.

Fretland, Jan Olav. Aldri har så mange skrive så mykje for så lite ...? Om ti års ar- beid med nynorsknormalen. I: Gunnstein Akselberg og Johan Myking (red.), Å sjå samfunnet gjennom språket. Heidersskrift til Helge Sandøy på 60-årsdagen 14.06.2007, s. 63–72. Oslo. 2007.

Good English – The Language of Success. Stockport. 1989.

Hoel, Trude. «Vide og tronge skriftspråksnormer – eit skandinavisk oversyn», i Helge Omdal (red.), Språknormering og språkbrukar. Artiklar frå eit seminar ved Universitetet i Bergen, s. 47–60.Kristiansand. 1996.

Kristiansen, Tore & Nikolas Coupland (red.). Standard Languages and Language Standards in a Changing Europe. Oslo. 2011.

Kristiansen, Tore. «Danish», i Deumert & Vandenbussche (red.): Germanic Stan- dardizations. Past to Present, s. 69–92. Amsterdam. 2003.

Lomheim, Sylfest. «Svar på KKDs brev av 29. mai 2006 om det fremtidige normeringsarbeidet. » Brev til Kulturdepartementet datert 21.8.2006. (Ref. i departementet: 200600797KU/KU3 IE:kdp, ref. i Språkrådet: 200600267-2 SYL.)

Mattheier, Klaus J. & Edgar Radtke (red.). Standardisierung und Destandardisierung europäischer Nationalsprachen.Frankfurt a.M. 1997.

Milroy, James & Lesley Milroy. Authority in Language. Investigating Language Pre- scription and Standardisation. London & New York. 1985.

Mugglestone, Lynda. ‘Talking proper’. The Rise of Accent as Social Symbol. Oxford.

1995.

Nynorskrettskrivinga. = Nynorskrettskrivinga. Utgreiing om og framlegg til revisjon av rettskrivinga i nynorsk.Oslo. 2002.

Omdal, Helge & Lars S. Vikør. Språknormer i Norge. Normeringsproblematikk i bokmål og nynorsk.Oslo. 1996.

Rettskrivingsnemnda for nynorsk. Ny rettskriving for 2000-talet. Innstilling, april 2011. Oslo. 2011.

Sandøy, Helge. «Nation und Sprache: das Norwegische.» I: Andreas Gardt (red.), Nation und Sprache. Die Diskussion ihres Verhältnisses in Geschichte und Gegen- wart, s. 865-905. Berlin. 2000.

(19)

Skog, Berit, Anne Haukenes og Ronny Jørgenvåg. Fellesspråklige lærebøker i sam- funnslære. Rapport nr. 6: Elev- og lærerundersøkelsen: Hovedresultater. Trondheim.

1997

Østerud, Øyvind & Fredrik Engelsstad & Per Selle. Makten og demokratiet. En sluttbok fra Makt- og demokratiutredningen. Oslo. 2003.

Aanes, Anders. Forvirring eller frigjering? Didaktikk og valfridom ei gransking av kjennskap og haldningar til valfridom ved fire vidaregåande skular i Møre og Roms- dal.(Masteroppg.) Volda. 2010.

(20)

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

modererande «vesle», på ein måte som signaliserer ein heilt eigen inngang til det vitalistiske, nemleg ei form for vita- lisme som knyter den som fører ordet saman med det kos-

Viss ein vil bruke holdningar, intensjonar og motiv i forklaringa, kan ei motivforklaring på kvifor språkbrukarar i eit område går over frå å seie /et nøt bun- /

Etter tiltaket vart gjennomført ser ein at stien ofte ikkje er farbar. Årsaka er at det i hellingar blir liggande ei snøfonn langt utover somrane. Denne snøfonna er svært bratt

Småkraft as har vist ei svært negativ framferd i saka, og eg kunne bruke same ord som bruk nr 3 brukte om Norsk Kraft as, og eg seier no heilt klart frå om at Småkraft as ikkje

• 48 prosent av norske bønder har ei landbruksutdanning, viser ei undersøking frå Bygdeforskning blant dagens aktive bønder.. • 39 prosent har frå vidaregåande nivå medan

Det vart gjort fleire svært sjeldsynte og interessante funn med omsyn til sopp på gammal kulturmark som tyder på at onarådet har vore nytta frå svært lang tid tilbake.. Av karplantar

Vi viser til brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) datert 28.09.2017 med oppdrag om å utgreie grensejustering mellom kommunane Sandøy (nye Ålesund) og Aukra

Akkurat den problemstillinga som står i fokus her, altså kva det ei- gentleg vil seie å drøfte i form av å sjå ei sak frå fleire sider og kor stor plass «pro