• No results found

Helse-, sosial- og barnevernsmelding 2012

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Helse-, sosial- og barnevernsmelding 2012"

Copied!
43
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Helse-, sosial- og

barnevernsmelding 2012

(2)
(3)

Forord

Samhandlingsreforma vart sett i verk frå 2012. Dette er like mykje ei retningsreform for samfunnet som ei helsetenestereform, og ho skal difor femne om førebyggande og kurativ helse, omsorg, sosiale ten- ester og utdanning. Folkehelsesatsing skal danne grunnlaget for reforma. I denne meldinga presenter- er vi perspektiv for denne nye satsinga.

Siste året har kommunane vist at dei er i stand til å ta i mot utskrivingsklare pasientar frå sjukehus. Om tre år, i 2016, er fristen for å opprette tilbod om lok- ale rehabiliteringsplassar og akuttplassar i lokal- medisinske sentra. Dei fleste kommunane er godt i gang med å planleggje akuttplassar, og to kom- munar har alt etablert eit tilbod. Kommunane står fritt til å etablere løysingar som dei finn tenlege.

Fylkesmannen tilrår av faglege grunnar at denne etableringa skjer i samarbeid med andre kommunar der det ligg til rette for det.

Dei sosiale tenestene går inn i folkehelsesatsinga mot sosial ulikskap. Meldinga presenterer korleis vi gir råd og følgjer opp NAV-kontor basert på nytt rundskriv om sosiale tenester i Nav.

Rekruttering av helsepersonell og anna utdanna nøkkelpersonell er ei utfordring i mange distrikts- kommunar og samstundes ei føresetnad for at reforma skal fungere. Dette er tema for to av artiklane i meldinga.

Fylkesmannen arbeider for å styrke læringa både i kommunane og i eigen organisasjon. Vi introduserte ei ny arbeidsform, læringstilsynet, i 2012 og vi vil halde fram å utprøve og evaluere denne metoden i 2013. Røynsler frå det første året vert lagt fram i denne meldinga.

Fylkesmannen har introdusert Sjumilssteget, eit samarbeidsprosjekt med kommunane om betre ten- ester for barn og unge. Startfasen i prosjektet vert presentert i meldinga.

Helse- og sosialberedskap har høg prioritet, og helseseksjonen hjå Fylkesmannen har starta eit lær- ingsnettverk for kommunalt helseberedskapsarbeid saman med beredskapsseksjonen.

Desse og andre emne som har vore sentrale i arbeid- et vårt siste året er tilgjengelege i sidene som følgjer.

Leikanger, februar 2013

Anne Karin Hamre fylkesmann

Per Stensland fylkeslege

(4)

Innhald

Forord 3

Læringsnettverk for beredskapsplanlegging og beredskapsarbeid

Av assisterande fylkeslege Linda Svori

5

Verjemålsreforma – ny organisering skal auke rettstryggleiken

Av rådgjevar Ove Midtbø

7

Rekruttering og kompetanse i helse og omsorgstenestene - skal roboten Pelle ta over for helsefagarbeidaren Anne?

Av fylkessjukepleiar Anne Eli Wangen

11

Alvorlege pasientskadar – Helse Førde sin erfaring med ny meldeordning

Av rådgjevar Irene Barmen Hoel, Helse Førde

15

Helsehjelp gitt med tvang - erfaringar frå tilsyn i sju kommunar

Av rådgjevar Beate Tollefsen

18

Sjumilssteget – Fylkesmannen sitt embetsprosjekt i perioden 2012-2014

Av rådgjevar Line Helen Pedersen Døsen

21

Læringsnettverk - Kvalitet i helse-, omsorgs-, barneverns-, og velferdstenestene 2011- 2012

Av seniorrådgjevar Bjørg Eikum Tang

23

Tilsyn med rusfeltet 2011 – 2012

Av rådgjevar Astrid Tveit

26

Folkehelsearbeid i kommunane

Av seniorrådgjevar Bjørg Eikum Tang

28

Sosiale tenester i NAV-kontoret – kamp mot fattigdom med eit særleg auge på barna

Av seksjonsleiar for sosial Hanne Sæbø

30

Prosjekt tilsyn og læring

Av rådgjevar Beate Tollefsen

32

Rettleiarnettverket i Sogn og Fjordane

Av rådgjevar Kari Vold Olsen

35

Hendingsbaserte tilsynssaker og rettigheitssaker 2012

Av fylkeslege Per Stensland

38

Rekruttering og stabilisering av legar utanfor sjukehus 2000-2013

Av fylkeslege Per Stensland og assisterande fylkeslege Jacob Andersen

40

(5)

Sentrale styresmakter vil heve kompetansen i bered- skapsplanlegging og beredskapsarbeid til alle nøde- tatar, helseføretak og kommunar. Fylkesmannen har fleire oppgåver innanfor dette området. Vi skal gje råd og rettleiing, samstundes som vi har ein til- synsfunksjon. I 2012 etablerte vi eit læringsnettverk i beredskapsplanlegging.

Det har skjedd fleire alvorlige hendingar siste åra som har sett nødetatane, helseføretaka og kom- munane på prøve. Ein gjennomgang av terrorhandl- inga som ramma landet vårt 22. juli 2011 viser at beredskapsarbeidet og beredskapsplanlegginga på alle nivå treng utbetringar. Sogn og Fjordane har liten risiko for å bli utsett for ei terrorhandling, men stormen Dagmar som herja i fylket vårt i romjula 2011, viser at vi treng planverk og kompetanse for å handtere beredskapsarbeid ved alvorlige hendingar.

Stoda til kommunane i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen har nytta ulike verkemiddel i forsøk

på å heve kvaliteten på beredskapsplanverket i kom- munane i fleire år. Likevel er det få av dei 26 kom- munane i fylket som har tilfredstillande planar for helsemessig og sosial beredskap. Kommunane sjølv peiker spesielt på at dei treng revisjon av risiko og sårbarheits analysane (ROS), men dei er usikre på om dei har god nok kompetanse til å gå i gang med arbeidet.

Kvifor læringsnettverk på dette område?

Basert på tidlegare erfaringar i embetet søkte vi Helsedirektoratet om midlar for å etablere eit lær- ingsnettverk i beredskapsplanlegging og beredskaps- arbeid. Vi meiner at eit læringsnettverk vil gjere det mogleg å styrke støtta til kommunalt beredskapsar- beid frå Fylkesmannen ut over det nivået som har vore vanleg.

Helsedirektoratet var positive til prosjektet og gav oss midlar i det vidare arbeidet. Vi sendte ut invita- sjonar til 10 kommunar i fylket om å delta i pro- sjektet. Fleire kommunar vart valt ut etter ei ROS- vurdering, medan andre vart peika ut på grunn av plassering i fylket. Alle kommunane var positive til å delta i prosjektet. Vi ønskte også å betre samhandl- inga mellom kommunane, helseføretaket og dei fri- villige organisasjonane i fylket. Helse Førde og Røde Kors vart difor invitert med i læringsnettverket. I nokre av samlingane vil vi også invitere Politiet.

Læringsnettverk for beredskapsplanlegging og beredskapsarbeid

Av assisterande fylkeslege Linda Svori

Foto: Oskar Andersen.

ROS-analyse står for risiko- og sårbarheitsanalyse:

• Ei kartlegging av sannsynet og konsekvensar av uønskte hendingar, som for eksempel straumbrot, eller personellmangel.

• ROS-analysen kan brukast til å prioritere risi- koområder og planlegge tiltak for å forhindre dei, eller redusere konsekvensen av dei, der- som de skulle oppstå.

(6)

Føremålet med læringsnettverket:

Det overordna målet med læringsnettverket er å heva kompetansen til kommunane på beredskaps- planlegging og beredskapsarbeid. For å oppnå dette målet er det fleire område som må styrkast:

• Mange kommunar må få betre metodisk forståing av ROS-analyse og oppdatere sine analysar i kom- munane sine planverk.

• Mange planverk innanfor beredskap er utdatert og treng ny gjennomgang. Tiltakskorta må ajour- førast og varslingslistene må oppdaterast.

• Fleire kommunar må få betre rutinar for krisein- formasjonsarbeid.

• Kommunane må få betre samordning mellom helse og sosialberedskapsplan og overordna krise- plan for kommunane, samt samordning mellom kriseplanlegginga i kommunane og helseføretaket.

• Kommunane må bli betre på krisestøtteverktøyet CIM både når det gjeld loggføring og legge inn utførte ROS-analysar, tiltakskort og varslingslister.

• Kommunane bør implementere rettleiaren om psykososiale kriseteam i sitt planverk og heva kompetansen til kriseteama i kommunane.

• Samhandlinga mellom kommunane, helseføretak- et og andre nødetatar må bli betre. Ein samar- beidsavtale mellom kommunane og helseføretaket bør etablerast før nettverket vert avslutta.

Læringsnettverket:

Det er planlagt 5 samlingar. Vi vil avslutte nettverket hausten 2013 med ei øving og evaluering.

Vi gjennomførte første samling 29. november 2012.

Alle partar var positive etter denne samlinga, noko som lovar godt for vidare arbeid. Den 2. samlinga hadde vi i januar 2013 saman med fylket sitt bered- skapsråd. Dette tenkjer vi vil styrke det framtidige samarbeidet mellom ulike instansar og gje kom- munane betre kjennskap til medlemmane i fylket sitt beredskapsråd. Mange medlemmar i beredskaps- rådet har spesiell kompetanse innanfor eit fagfelt som er verdifull for kommunane å innhente ved alvorlige hendingar.

Sogn og Fjordane er eit pilotfylke i dette arbeidet. I ein sluttrapport til Helsedirektoratet skal det skrivast ei evaluering av nettverket og kva metode som er blitt brukt. Dersom prosjektet vert vellykka, kan andre fylke og kommunar få midlar frå

Helsedirektoratet til liknande arbeid.

Dei ti kommunane som deltek i læringsnettverket:

• Luster

• Selje

• Askvoll

• Vågsøy

• Bremanger

• Gloppen

• Førde

• Balestrand

• Leikanger

• Lærdal

CIM:

• Eit støtteverktøy for beredskapsplanlegging og krisehandtering.

• Organiserer og strukturera informasjonen på ein slik måte at ein får god oversikt.

• Gjev grunnlag for å fatte gode

(7)

Verjemålsreforma – ny organisering skal auke rettstryggleiken

Av rådgjevar Ove Midtbø

Ny verjemålslov tek til å gjelde frå 1.juli 2013. Det sentrale føremålet bak verjemålslovgjevinga er å ivareta interessene til dei som ikkje kan handle på eiga hand. Og at dette blir gjort med respekt for den enkelte sin verdigheit og integritet.

Dei rettslege og organisatoriske endringane som skal gjennomførast i samband med iverksetjing av den nye verjemålslova, vert omtala som verjemålsre- forma. Reforma kan samanfattast som ei regelverks-, organisasjons-, kvalitets- og haldningsreform.

Å verte sett under verjemål betyr at mindreårige og vaksne som ikkje kan ivareta eigne interesser av øko- nomisk og personleg karakter, får oppnemnt ein verje. Det følgjer direkte av verjemålslova at den eller dei som har foreldreansvaret etter barnelova, er verjer for mindreårige, det vil seie for personar under 18 år.

Verjemålslova inneheld mellom anna føresegner om kven som vil kunne ha behov for verje, korleis opp- nemning av verje skal skje og på kva måte verjemåls-

Foto: Bente Alvestad.

(8)

oppdraget skal utførast. Tilhøve som kan gjere at personar vert ute av stand til å ivareta eigne inter- esser og som kan utløyse behov for å få oppnemnt verje, kan til dømes vere demens, psykisk utviklings- hemming, rusmiddelmisbruk, alvorleg speleavheng- igheit med meir.

Det skjer ikkje ei automatisk endring i gjeldande verjemål som følgje av verjemålsreforma, og det betyr at dagens hjelpeverjer og verjer held fram som verjer sjølv om oppgåvene vert flytta til

Fylkesmannen. Men omgrepet hjelpeverje fell bort, og i den nye lova vert alle omtala som verjer.

Ny organisering

Eit sentralt føremål med verjemålsreforma er å byg- gje opp ein ny, moderne og effektiv verjemålsforvalt- ning. Fylkesmannen vert ny lokal verjemålsmyndig- heit og førsteinstans på verjemålsområdet.

Fylkesmannen overtek ansvaret og oppgåvene som etter dagens lovverk ligg hos dei kommunale over- formynderia. Dei kommunale overformynderia har i dag ansvar for forvaltning av kring 50 000 løpande verjemål og finansielle midlar på om lag 13 milli- ardar kroner.

Tidlegare har Fylkesmannen hatt ein klage- og til- synsfunksjon ovanfor dei kommunale overformynd- eria. Sentral verjemålsmyndigheit vert etter den nye verjemålslova lagt til Statens sivilrettsforvaltning.

Sentral verjemålsmyndigheit skal mellom anna vere klageinstans for våre vedtak og skal føre tilsyn med oss i saker etter verjemålslova (lovlegheitstilsyn og finansielt tilsyn).

Modernisering av lovverket

Ny lov er ein viktig del av verjemålsreforma, saman med nye forskrifter. Når lova tek til å gjelde, vil den erstatte umyndiggjeringslova av 1898 og verjemåls- lova av 1927. Ny verjemålslov inneber ei moderniser- ing av lovverket på verjemålsområdet, som er meir i tråd med samfunnsutviklinga og meir tilpassa den enkelte sitt behov.

Som ein del av verjemålsreforma vert det også gjort

endringar i utlendingslova og etablert ei eiga repre- sentantordning for einsleg mindreårige asylsøkjarar.

Den nye representantordninga skal også forvaltast av Fylkesmannen.

Vidare er ei modernisering av regelverket naudsynt for at Noreg skal kunne tiltre FN-konvensjonen om rettigheitene til menneske med nedsett funksjons- evne. Den nye verjemålslova legg dermed større vekt på å ivareta den enkelte sin integritet og sjølvråde- rett ved at verjemålet skal tilpassast den enkelte sitt behov og ønskjer i større grad enn det dagens lov- verk legg opp til.

I samband med verjemålsreforma og iverksetjing av ny lov, vert det også utvikla ei ny og felles elektron- isk dataløysing for verjemålsforvaltninga. Dette er i tråd med sentrale politiske føringar om å leggje til rette for «digitalt førstevalg», det vil seie å gjere elektronisk kommunikasjon til den primære kanalen for dialog mellom innbyggjarar og offentlege

verksemder.

Ny lov opnar for større sjølvråderett og meir profe- sjonelle verjer

Føremålet med revisjonen av verjemålslovgjevinga er å sørgje for auka rettstryggleik, auka rettsleg lik- skap og auka effektivitet og kvalitet i verjemålsfor- valtninga. Ein viktig føresetnad for å oppnå dette, er å samle den lokale verjemålsmyndigheita hos fylkes- mannsembeta. Den nye verjemålslova legg derfor grunnlaget for ein omfattande organisatorisk reform. Fylkesmannen overtek ansvar og oppgåver frå dagens kommunale overformynderi. Vi vert ny lokal verjemålsmyndigheit og førsteinstans i saker på verjemålsområdet frå 1. juli 2013.

Ny lov gjev moglegheit til å opprette ei framtidsfull- makt og få denne godkjent av Fylkesmannen. Ei framtidsfullmakt vil kunne vere eit alternativ til verje- mål, for personar som sjølve ønskjer å bestemme kven dei skal verte representert av i framtida dersom han/ho sjølv vert ute av stand til å treffe eigne avgjerder. Integritet og auka sjølvråderett er sentrale verdiar bak føresegnene i den nye verjemålslova.

(9)

Figur 1.

Kommune Tal aktive Tal hjelpeverje Tal mindreårige Tal mindreårige Tal

saker med midlar til asylbarn umyndiggjorte

forvaltning

Aurland 17 13 4 0 0

Askvoll 39 34 5 0 0

Balestrand 32 32 0 0 0

Bremanger 25 25 0 0 0

Eid 63 50 9 4 0

Fjaler 40 36 4 0 0

Flora 135 88 24 0 0

Førde 179 108 70 0 1

Gaular 17 17 0 0 0

Gloppen 63 40 20 3 0

Gulen 21 13 7 0 1

Hornindal 12 10 2 0 0

Hyllestad 20 12 8 0 0

Høyanger 43 33 10 0 0

Jølster 41 28 10 3 0

Leikanger 16 9 7 0 0

Luster 29 21 7 0 1

Lærdal 14 12 2 0 0

Naustdal 25 25 0 0 0

Selje 12 10 2 0 0

Sogndal 56 37 19 0 0

Solund 9 9 0 0 0

Stryn 80 69 10 0 1

Vik 33 18 15 0 0

Vågsøy 66 41 25 0 0

Årdal 58 43 15 0 0

Sum 1130 833 260 10 4

(10)

I den nye lova vert den som treng verje sett i sentrum. Fylkesmannen skal gå i samråd og dialog med den som vert vurdert sett under verjemål. Det som kjem fram gjennom denne dialogen står sentralt i grunnlaget for Fylkesmannen sine vurder- ingar av om ein person skal setjast under verjemål. I

§ 21 i den nye verjemålslova, kjem vilkåret om indiv- idtilpassa verjemål klart til uttrykk.

For at verjemålsforvaltninga skal verte betre og meir effektiv, vert det lagt til rette for meir profesjonelle verjer. Den nye verjemålslova opnar for at

Fylkesmannen kan engasjere faste verjer.

Rekruttering av faste verjer vil derfor vere ei sentral og viktig oppgåve for Fylkesmannen, både i perioden før ny lov tek til å gjelde, men også som ei løpande oppgåve etter 1. juli 2013.

Arbeidet med verjemålsreforma i Sogn og Fjordane Sidan sommaren 2012 har to personar hjå

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane arbeida med verjemålsreforma. Fylkesmannen har i løpet av hausten 2012 gjennomført dialogmøte med alle kommunane/overformynderia i fylket. Føremålet med møta har vore å gje informasjon om reforma og få til eit godt samarbeid med kommunane/overfor- mynderia i gjennomføringa av reforma. Møta har også vore viktige for å få oversikt over omfanget av verjemålssaker i kvar kommune, og for å finne ut om det finst særlege utfordringar på verjemålsom- rådet i Sogn og Fjordane. På grunnlag av desse møta har vi utarbeidd ei førebels oversikt over tal saker på verjemålsområdet i Sogn og Fjordane, sjå figur 1 nedanfor. I samband med desse møta, har

Fylkesmannen også fått mange nyttige innspel frå dagens overformynderi om kva vi bør tenkje på når vi overtek som lokal verjemålsmyndigheit.

I Datafangstportalen overfører kommunane dei akt- ive verjemålssakene til oss. Dette er ein web-applika- sjon som er utvikla for at kommunane skal kunne registrere og overføre den mest sentrale informa- sjonen i desse sakene til Fylkesmannen. Vi treng denne informasjonen når vi skal ta over oppgåvene på verjemålsområdet frå 1. juli 2013.

I haust gav vi kommunane og overformynderia opp- læring i bruk av Datafangstportalen. Overføringa av dei aktive verjemålssakene skal vere sluttført innan 1. mars 2013. Fylkesmannen vil følgje opp og samar- beide tett med kommunane slik at dei kjem i mål med dette arbeidet.

I løpet av våren 2013 vil Fylkesmannen halde informasjons-/opplæringssamlingar om ny verje- målslov for dagens hjelpeverjer og verjer. Det er ei viktig oppgåve å sørgje for at hjelpeverjene og verjene får kjennskap til innhaldet i ny verjemålslov, ny organisering og kva betydning dette vil få for dei.

Det vil også vere ei viktig oppgåve å gje informasjon og spreie kunnskap om den nye verjemålslova til andre sentrale aktørar og samarbeidspartar som mellom anna helse- og omsorgsinstitusjonar, NAV, barnevern, politi m.m.

Vil du vite meir om korleis det går med verjemåls- reforma i Sogn og Fjordane finn du det ut her:

http://www.fylkesmannen.no/

Sogn-og-Fjordane/Helse-og-omsorg/Verjemal/

(11)

Rekruttering og kompetanse i helse og omsorgstenestene

- skal roboten Pelle ta over for helsefagarbeidaren Anne?

Av fylkessjukepleiar Anne Eli Wangen

Talet på årsverk i dei kommunale omsorgstenestene i Sogn og Fjordane har auka dei seinare åra.

Sviktande rekruttering av viktige yrkesgrupper kan likevel gjere det vanskeleg å gjennomføre samhandl- ingsreforma. Kommunalt samarbeid om kompet- anseplanlegging, rekruttering og fagutvikling kan verte løysinga.

Artikkelen handlar om personellsituasjonen i helse og omsorgstenestene. Korleis er stoda når det gjeld personell og kompetanse i kommunane våre? Har dei tilsette nødvendig kompetanse for å utføre arbeidet på ein forsvarleg måte? Er det mange nok hender og hovud, og rekrutterer kommunane det

personellet dei har behov for? Kva er utfordringane, og korleis skal vi sikre oss for framtida?

Framtidsutsiktene er kjende for dei fleste; store demografiske endringar vil føre til fleire eldre og færre yngre. Helsetilstanden og sjukdomsbildet er i endring. Fleire vil få demenssjukdom og kroniske lidingar. Psykiske lidingar og rusproblematikk vil også råke fleire enn tidlegare. Vi ser alt mange ung- dommar som slit.

Samhandlingsreforma skal sikre berekraftige kom- munale helse og omsorgstenester og spesialisthelse- tenester for framtida. Målet med reforma er mellom

Foto: Oskar Andersen.

(12)

anna meir førebygging og helsefremmande tiltak.

Færre skal verte sjuke. Av dei som vert sjuke skal fleire behandlast i kommunane, og få meir og betre rehabilitering der. Kommunane skal overta oppgåver som tidlegare har vore sjukehusa sitt ansvar. Vil dei små kommunane i Sogn og Fjordane vere i stand til å møte utfordringane med endra sjukdomsbilde, nye brukarkrav og større forventningar til tenestene?

All behandling og omsorg skal vere kunnskapsbas- ert. Det skal vere god kvalitet på tenestene. Helse og omsorgspersonellet skal til ei kvar tid vere fagleg oppdaterte. Dette fordrar at personellet har meir og anna kompetanse enn i dag. Innovative løysingar og moderne velferdsteknologi vil verte viktige bidrag, men ikkje nok for å møte utfordringane vi har fram- for oss. Nok personell med rett kompetanse vil verte ein nøkkel for å lukkast i åra som kjem.

Kompetansesituasjonen

Talet på årsverk i omsorgstenestene(1) i fylket har auka dei seinare åra. Personellstatistikken syner likevel at nesten 30 % av årsverka i brukarretta ten- este er dekka av personell utan helse og sosialfagleg utdanning. Delen er 2 % høgre i Sogn og Fjordane samanlikna med heile landet. Slik har det vore dei seinare åra. Sjølv om talet på årsverk i brukarretta teneste aukar, kan tala tyde på at det ikkje har skjedd vesentlege endringar når det gjeld kompetansenivået i tenestene. Delen årsverk med høgskuleutdanna er på rett veg. Den ligg i følgje Kostra-tala(2) for 2011 på landsgjennomsnittet. Utfordringa er delen årsverk personell med helsefagarbeidarutdanning. Der har det vore ein nedgang dei siste åra.

Ein relativt stor del personell utan helse og sosi- alfagleg utdanning vil få konsekvensar for kvaliteten på tenestene. Det er vanskeleg å arbeide kunnskaps- basert og drive fagutvikling når mange tilsette ikkje har nødvendig grunnkompetanse. Kommunar der mest ein tredjedel av årsverka i brukarretta teneste er dekka av personell utan helse og sosialfagleg utdanning vil få vanskar med å utføre nye kommun- ale oppgåver og sikre forsvarlege tenester.

ABC-opplæringa(3) i mellom anna demensomsorg har dobla seg i fylket vårt det siste året. I 2012 var 20 av våre 26 kommunar i gang med eller hadde gjennomført ABC-opplæring. Meir enn 660 tilsette deltek eller har delteke i opplæringa.

Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane administrerer aktivitetane i fylk- et. Dette er eit godt tiltak for å heve kompetansen hjå tilsette i omsorgstenestene, også hjå personell utan helse og sosialfagleg utdanning. Tiltaket sti- mulerer til vidare fagutvikling i tenestene, og kan vere første steget på ei formell utdanning for mange som arbeider i omsorgstenestene i fylket.

Undersøkingar(4) tyder på at dei ufaglærde ønskjer å ta utdanning dersom arbeidsgjevar stiller krav om det. Lokale og praksisnære tilbod er ønskjelege.

Tilsette utan helse og sosialfagleg utdanning kan difor verte ein viktig personellressurs for kommunane i tida framover. Ansvarlege leiarar må ta godt vare på denne gruppa, og legge til rette for at dei får nødvend- ig og individuelt tilpassa opplæringstilbod. Mange av kommunane i fylket har arbeidd lite systematisk med kartlegging av kompetanse og analyse av framtidige kompetansebehov i tenestene. Utarbeiding av kompet- anse- og rekrutteringsplanar vil vere eit viktig og nød- vendig tiltak for å sette det heile i system og sikre berekraftige tenester i tida framover.

Kommunane sine rapporterte tal til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner at mange høgskuleutdanna gjennomfører eller har gjennomført formelle vidare- utdanningar dei siste åra. Aldring og eldreomsorg, demensomsorg og psykisk helsearbeid er tema der mange har delteke. Samstundes ser vi at tenestene til psykisk funksjonshemma framleis har størst del tilsette utan helse og sosialfagleg utdanning. Vi meiner at deltidsutdanninga i vernepleie er eit viktig tiltak som kan føre til betring i kompetansesitua- sjonen i desse tenestene i tida som kjem.

Rekruttering av personell

Fleire av kommunane i Sogn og Fjordane har over tid hatt vanskar med å rekruttere helse- og omsorgs-

(13)

personell. Kommunane har vanskar med å rekrutt- ere jordmødrer, fysioterapeutar og ergoterapeutar. I følgje Kostra-tala(5) for 2011 er ti av kommunane våre utan årsverk for ergoterapeut. Fysioterapeutar og ergoterapeutar er viktige bidragsytarar i det kom- munale rehabiliteringstilbodet. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er usikker på om rehabiliterings- tilbodet i kommunane er tilstrekkeleg og har god nok kvalitet. Kommunane må prioritere og forbetre tilbodet i åra som kjem.

12 av kommunane våre er utan årsverk for jordmor knytt til helsestasjon. Mangel på jordmødrer fører til eit dårlegare tilbod for gravide og fødande.

Samstundes med omorganisering av Helse Førde sine fødetilbod kan mangel på jordmødrer i kom- munane føre til meir utryggleik for dei fødande.

Helseføretaket har ansvaret for følgjeteneste. I sam- arbeid med kommunane arbeider Helse Førde med å sikre forsvarlege følgjetenester til dei fødande og trygge barseltilbod.

Ein del kommunar, spesielt kystkommunane, rap- porterer om vanskar med å rekruttere sjukepleiarar og vernepleiarar. Rekruttering ved hjelp av vikarbyrå har vorte løysinga. Nokre kommunar må også bruke vikarbyrå for å få tak i helsefagarbeidarar og

omsorgsarbeidarar. Mykje bruk av vikarar kan vere ein risiko for pasienttryggleiken. Det bidreg heller ikkje til systematisk fag- og kvalitetsutvikling.

Det er lite tilsynslegar på sjukeheimane i fylket vårt.

Sogn og Fjordane er eit av fylka i landet med lågast normering når det gjeld legetimar per pasient per veke. Fleire kommunar i fylket har i fleire år hatt vanskar med å rekruttere fastlegar. Mange av legane som har vore lenge i fylket, er over femtifem år og kan be om fritak frå legevaktarbeid. Samarbeid om legevakt og interkommunale ordningar kan bidra til å løyse utfordringane på legesida.

Turnusordninga for legar har vore viktig for rekrutteringa av legar til fylket. Frå 2013 er ordn- inga lagt om. Legar som skal i turnus må no søke på stillingar på same måte som andre legar.

Omlegginga kan føre til at det vert vanskelegare å rekruttere turnuslegar til fylket. Det står att å sjå om kommunane i Sogn og Fjordane vil rekruttere godt til desse stillingane. Vil kommunane våre vere attraktive nok i konkuransen om dei beste legane?

Den største utfordringa framover vert rekrutteringa av ungdom til helsearbeiderfaget. Omsorgsfaga slit med omdømet. Helsearbeiderfaget er ikkje førsteval- et hjå ungdommen på dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane i dag. Dei som arbeider med rekruttering og kompetanseheving må ta denne utfordringa inn over seg. Alle som arbeider i omsorgsyrka må også vere medvitne om kva signal ein sender i det daglege om eige yrke og yrkesval.

Kan det vere slik at vi alle er for lite flinke til «fram- snakking» av omsorgsyrka?

Vi kan trygt seie at det er manglande samsvar mell- om ungdommen sine utdanningsval og samfunnet sine behov. Elevtalet går ned i åra som kjem. Talet på vidaregåande skular i Sogn og Fjordane skal

reduserast. I denne situasjonen er det viktig at omsorgsfaga ikkje vert prioriterte ned. Vi kan risi- kere at lokale utdanningstilbod vil bli borte for mange. Det står att å sjå kva utfordringar dette vil føre til for dei kommunale omsorgstenestene i fylket vårt på sikt.

Framtidsretta løysingar – saman er ein sterkare Nye oppgåver som krev ny og anna kompetanse skal overførast til kommunane. Tenestene skal vere kunnskapsbaserte. Det vil vere behov for meir gener- alistkompetanse samstundes med auka spesialist- kompetanse på nokre felt. Kvalitetsarbeid og fagut- vikling er no lovpålagde oppgåver. Nytt er også lov- kravet om at kommunane skal medverke til og legge til rette for forsking. Det er i kommunane utfordr- ingane skal løysast. Det er kommunane sjølve som har mest kunnskap om eigne utfordringar og kva som manglar. I desse endringstider har kommunane eit unikt høve til å ta styringa, til å «ta saka i eigne hender»!

(14)

Kommunane er i gang med ulike samhandlingspro- sjekt. Tema rekruttering og kompetanse bør vere ein naturleg del av prosjektarbeidet. Døme på tiltak kan vere samarbeid om utarbeiding av kompetanseplanar og rekruttering av nye medarbeidarar. Samarbeid om systematisk kompetanseheving av personell som alt er tilsette, gjerne i interkommunale klasserom.

Felles satsing på fagutvikling og forsking. Saman kan kommunane bli sterkare i «bestillarrollen» til utdanningsinstitusjonane.

Spesialisthelsetenesta har ei lovpålagd rettleiings- plikt til kommunane. Retningslinjer for kunnskaps- overføring, kompetansebygging og fagleg samarbeid skal vere del av samarbeidsavtalane mellom kom- munane og helseføretaket. Godt samarbeid på dette området er nødvendig for å nå måla i samhandlings- reforma.

Kommunar som er gode på systematisk kompetanse- heving og fagutvikling vil vere trygge og spennande arbeidsplassar. Dei vil også rekruttere lettare.

Samarbeid om tiltak vil gjere godt for omdømme- bygginga. Trua på at nye velferdsteknologiske løys- ingar vil føre til mindre behov for hjelp frå omsorgs- personell kan vere reell nok. Det er likevel langt fram før roboten Pelle vil erstatte helsefagarbeidaren Anne. Samarbeid om rekruttering og kompetanse må verte ein naturleg og viktig del av helse og omsorgstenestene framover, også i kommunane i Sogn og Fjordane.

Referansar

(1) Statistisk sentralbyrå. KOSTRA – Kommune- Stat-Rapportering, faktaark, Reviderte nøkkeltall og grunnlagsdata 15.06.2012.http://www.ssb.no/kostra/

(2) Kostra-tal for pleie og omsorg:

http://j.mp/VYFICE

(3) Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse.

ABC-studiemodellene.http://www.aldringoghelse.no/

(4) Arntsen, Bjørnulf og Bakken, Runar 2012.

Holdninger til formell utdanning blant ufaglærte innen kommunal pleie og omsorgssektor Et klasseperspektiv. Senter for omsorgsforsking Sør, rapportserie nr. 8 – 2012.

http://brage.bibsys.no/hig/bitstream/URN:NBN:no- bibsys_brage_32147/1/Rapport8_12.pdf

(5) Kostra-tall for kommunehelse:

http://j.mp/15hsNCU

(15)

Fram til 1. juli 2012 hadde sjukehusa plikt til å melde alvorlege skadar på pasientar som skjer under opphald i sjukehus til Helsetilsynet i fylket.

Etter 1. juli vart meldeplikta flytta til Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten(1).

Kunnskapssenteret skal hjelpe sjukehusa med å lære av hendingar der pasientar har blitt skada, for å unngå at det same skjer igjen. Senteret skal også lage nasjonale statistikkar over kva hendingar som skjer, og dei har høve til å reagere dersom dei ser at eit sjukehus har mange alvorlege pasientskadar. I tillegg har sjukehusa varselplikt til Statens helsetil- syn(2) dersom det skjer dødsfall eller særleg alvor- lege pasientskadar.

Kva pasientskade er meldepliktig til Kunnskapssenteret?

Hendingar som har ført til eller kunne ha ført til:

•død

•at livreddande tiltak var naudsynt

•mein som varer over to veker

•forlenga eller uventa opphald i intensiv- eller akuttavdeling

•forlenga sjukehusopphald

•behov for ekstra behandling, rehabilitering eller liknande

•fysisk eller psykisk skade vurdert som betydeleg av pasient eller pårørande

Sjukehusa har eit eige dataprogram for melding av uønskte hendingar. Det er no blitt tilrettelagt for den nye meldeordninga, slik at når ein tilsett skal melde ein skade på ein pasient, vert han spurd om dette er ei meldepliktig sak. Dersom han svarar «ja», går det ei elektronisk melding over Norsk helsenett direkte til Kunnskapssenteret. Her er alle personlege kjenneteikn fjerna, både på pasienten og den som melder.

Diagrammet viser at det er blitt meldt mange fleire saker etter at den nye meldeordninga tok til. Årsaka er at det tidlegare var eit internt utval i Helse Førde som sorterte ut kva saker som skulle meldast til Helsetilsynet i fylket. No er det den enkelte tilsette som gjer vurderingane, og det resulterer i at fleire saker blir melde.

Alvorlege pasientskadar – Helse Førde sin erfaring med ny meldeordning

Av rådgjevar Irene Barmen Hoel, Helse Førde

Foto: Microsoft Office-foto.

Melde saker frå

Helse Førde

(16)

Vi har hatt den nye meldeordninga i over eit halvt år.

Erfaringa så langt er at både sjukehusa og

Kunnskapssenteret treng tid på å tilpasse seg ei slik ny og stor omlegging. Kunnskapssenteret har til dømes fått mange fleire saker enn rekna med, noko som har ført til kapasitetsproblem hjå dei. Det er òg nødvendig med ein dialog over tid med

Kunnskapssenteret, for å finne ein mal på tilbake- meldingane som er mest mogleg nyttig for sjuke- husa.

Her er ei oversikt over kva mål styresmaktene hadde med endringa – og status på dei:

For sjukehusa inneber den nye meldeordninga ein stor overgang i arbeidet med pasient-skadesakene.

Tidlegare følgde Helsetilsynet i fylket tett opp sak- ene, med krav om at sjukehusa skulle få på plass betre rutinar for å hindre at liknande skjedde igjen.

Helsetilsynet i fylket avslutta ikkje sakene før dei var trygge på at gode rutinar var på plass. Det er ikkje lagt opp til at Kunnskapssenteret skal ha ei slik opp- følging. Dei skal gje oss råd, men det er opp til sjukehusa om vi vil høyre på råda. Dei har heller ikkje høve til ein slik dialog som Helsetilsynet i fylk- et hadde med sjukehusa. Det fører til eit mykje større ansvar på sjukehusa for å setje i verk tiltak for

Mål Status Ansvar

Hendingane skal meldast til Det går melding direkte til Helse Vest har lagt Kunnskapssenteret innan 24 timar. Kunnskapssenteret når saka blir til rette for dette.

meldt i sjukehuset sitt avvikssystem.

Helsepersonell skal vere trygge Namn på den tilsette vert ikkje sendt Helse Vest har lagt på å unngå reprimandar for å ha til Kunnskapssenteret, bare kva til rette for dette.

meldt om pasientskade. yrkesgruppe den tilsette høyrer til.

Kunnskapssenteret skal utarbeide Det tek tid å utarbeide gode Kunnskapssenteret nasjonale tal for pasientskadar, statistikkar, og ein treng eit visst

og finne trendar og mønster i datagrunnlag. Blir arbeidd

pasientskadane. vidare med dette framover.

Sjukehusa skal lære meir av Dette blir det arbeidd med, Helse Førde, med hjelp hendingane, slik at det ikkje målet enno ikkje nådd heilt. frå Kunnskapssenteret.

skjer igjen.

Meldeordninga tek sikte på å avdekke Dette blir det arbeidd med, Helse Førde, med hjelp systemfeil. Skal ikkje sjå på kven som målet enno ikkje nådd heilt. frå Kunnskapssenteret gjorde feil, men kvifor det var muleg å

gjere feil.

Fokus på å avklare årsaker til Dette blir det arbeidd med, Helse Førde, med hjelp hendingane, for å hindre at målet enno ikkje nådd heilt. frå Kunnskapssenteret det skjer igjen.

Kunnskapssenteret skal gje råd og Dette blir det arbeidd med, Kunnskapssenteret rettleiing for å støtte arbeidet med målet enno ikkje nådd heilt.

kvalitet og pasienttryggleik.

(17)

å hindre at hendingane skjer igjen. Elles er det ikkje noko tilsynsorgan utanfor sjukehuset som følgjer med på kva som vert gjort og som stiller krav til betre rutinar i høve skadar på pasientar.

Helse Førde har både eit kvalitetsutval og eit pasi- enttryggingsutval. Kvalitetsutvalet har ein over- ordna funksjon, som tek opp saker der det er mis- tanke om meir alvorleg systemsvikt.

Pasienttryggingsutvalet har i noko grad overtatt funksjonen til Helsetilsynet i fylket med å følgje opp enkeltsakene og sjå til at rutinane er trygge og sikre.

Det vil ta tid før utvalet føler at det har oppnådd full- god erfaring her.

Vi arbeider heile vegen for å gjere det tryggare å vere pasient i Helse Førde og for å redusere talet på pasi- entskadar. Læring av uønskte hendingar har blitt ein fast og sentral del av arbeidet vårt med pasienttrygg- leik. Vi har gode internkontrollsystem i avdelingane, som sikrar god oppfølging av hendingane. Og vi er ein aktiv deltakar i den nasjonale pasienttryggleiks- kampanjen I trygge hender(3).

Nasjonale målingar viser at Helse Førde kjem godt ut når det pasientkvalitet og -tryggleik. Samtidig har vi også eit betringspotensial. Difor er det så viktig å ha gode ordningar og rutinar for å melde frå om og følgje opp dei uønskte hendingane når dei først dessverre skjer – og lære av dei. Då blir pasienttrygg- leiken endå større, også i Helse Førde.

(1) Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten:

http://www.kunnskapssenteret.no/

(2) Statens helsetilsyn: http://www.helsetilsynet.no/

(3) I trygge hender: http://www.pasientsikkerhets- kampanjen.no/

(18)

Helsehjelp gitt med tvang - erfaringar frå tilsyn i sju kommunar

Av rådgjevar Beate Tollefsen

I 2011 gjennomførte Fylkesmannen tilsyn med helsehjelp gitt med tvang i tre kommunar. Det blei avdekka svikt i to av kommunane. Tilsvarande til- syn i fire kommunar i 2012 viste ingen svikt.

Bakgrunn

Enkelte pasientar set seg imot å få helsehjelp utan at dei forstår at det kan føre til alvorleg helseskade der- som dei ikkje tek imot hjelpa. Lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A (tidlegare lov om pasient- rettar) har frå januar 2009 gitt helsepersonell mogelegheit for å yte somatisk (fysisk) helsehjelp med tvang til desse pasientane. Reglane omfattar personar som manglar samtykkekompetanse, og som har fysiske eller psykiske forstyrringar, er demente eller psykisk utviklingshemma. Formålet

med reglane er å sikre at pasientar som treng helse- hjelp og som ikkje kansamtykke til det, får nødvend- ig helsehjelp. Reglane skal og forhindre at pasientar somkansamtykke til helsehjelp, ikkje får utført helsehjelp som dei ikkje ønskjer.

Det er fleire vilkår i lova som må vere oppfylte for at helsepersonell kan yte helsehjelp til ein pasient som ikkje ønskjer det. Før helsehjelpa blir gitt, skal helsepersonell prøve å legge til rette for at helse- hjelpa kan bli gitt utan bruk av tvang. Dette inneber at tillitsskapande tiltak skal vere prøvd, med mindre det er openbart formålslaust. Dersom pasienten framleis yter motstand må helsepersonell vurdere om det kan føre til vesentleg helseskade om pasient- en ikkje får hjelp, og om hjelpa er nødvendig.

Foto: Colorbox.

(19)

Helsepersonell må også vurdere om tvangstiltaket står i forhold til behovet for helsehjelpa. Dersom desse vilkåra er oppfylte skal helsepersonell gjere ei heilskapleg vurdering av om helsehjelpa som skal utførast er til det beste for pasienten.

Dersom helsepersonell har komme til at det er nød- vendig å yte helsehjelp med tvang for å hindre at pasienten får vesentleg helseskade, skal det gjerast eit vedtak om dette. Fylkesmannen skal ha kopi av dette vedtaket. I 2012 fekk vi kopi av om lag 50 slike vedtak.

Tema for tilsyna

I 2011 blei det gjennomført landsomfattande tilsyn der Fylkesmennene skulle undersøke om kom- munane legg til rette for at nødvendig helsehjelp til pasientar i sjukeheim som set seg imot helsehjelp, kan bli gitt utan tvang. Vidare skulle vi undersøke om kommunane sikra at helsehjelpa til den aktuelle pasientgruppa vart vurdert i tråd med lov om pasi- ent- og brukarrettar kapittel 4A. Det skulle leggast vekt på om kommunen sikra følgjande: om motstand mot helsehjelp blei identifisert og samtykkekompet- ansen vurdert, om tillitsskapande tiltak var forsøkt før bruk av tvang, og om det var gjort helsefaglege vurderingar av om helsehjelpa kunne gjennomførast med tvang. Formålet var å vurdere om kommunen gjennom sin internkontroll dreiv på ein slik måte at drifta var i tråd med dei ulike krava i lovgivinga.

Metode

Tilsynet blei gjennomført som ein systemrevisjon.

Dette inneber gransking av dokument, intervju av personale og andre undersøkingar.

Funn

I 2011 blei tilsynet i Sogn og Fjordane gjennomført i tre kommunar. Av alle tilsyna som blei gjennomført i heile landet med dette temaet var det berre tre kom- munar der det ikkje blei avdekka avvik. Ein av desse kommunane var i vårt fylke. I to av kommunane fann vi at kommunen ikkje sikra at krava som var gitt i lova var oppfylte. Det blei avdekka eitt avvik i kvar av dei to kommunane.

Under tilsyna fann vi blant anna at ikkje alle tilsette hadde ei felles forståing av kva som kan reknast som motstand hos pasientar og kvifor det er nødvendig å identifisere motstanden. Det var til dels utarbeidd skriftlege retningsliner og prosedyrar, men ikkje alle tilsette var kjent med desse. Det var uklar forståing av kven som hadde mynde til å gjere vedtak etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A, og kven som hadde ansvar for å vurdere samtykkekompet- ansen til pasienten. Dokumentasjonen i pasientjour- nalar som gjaldt observasjonar, vurderingar, tiltak og effekt av tiltaka, var mangelfull. Det var til dels gitt opplæring i regelverket, men leiinga hadde ikkje oversikt over om dei tilsette var kjende med regel- verket eller rutinar som var utarbeidde.

Gjennom intervjua kom det fram at helsepersonell var opptatt av å prøve ut tillitsskapande tiltak for å unngå bruk av tvang overfor pasienten, og dei brukte ulike møteplassar for å diskutere dette.

Sjukeheimslegen vart som regel tatt med på råd og gjorde helsefaglege vurderingar når det vart vurdert å gjere vedtak om bruk av tvang.

Oppfølging etter tilsyn

Etter at tilsyna var gjennomførte laga kommunane ein plan for å rette opp manglane som var avdekka.

Fylkesmannen har fått tilbakemelding frå begge kommunane om kva som er gjort etter tilsyna. Dei har gjort greie for korleis leiinga har evaluert tiltaka som var sett i verk og korleis dei har kontrollert at tiltaka har fungert etter planen.

Etter å ha lese alle tilsynsrapportane frå tilsyna kon- kluderte Statens helsetilsyn med at det på landsbasis var avdekka betydelege manglar i kommunane. Det blei derfor bestemt at tilsyna skulle vidareførast i 2012. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennom- førte derfor tilsyn i ytterlegare fire kommunar i fylk- et. Det blei ikkje funne avvik i nokon av desse kom- munane.

Ingen avvik – kvifor?

Vi har stilt spørsmål ved kva som kan vere årsaka til

(20)

at kommunane vi hadde tilsyn med i 2012 utførte tenestene i tråd med lover og forskrifter. Vårt inn- trykk er at kommunane har hatt auka merksemd mot temaet helsehjelp gitt med tvang.

Problemstillingar har vore drøfta i personalmøte og i andre fora. Vi har og merka ei auke i tal telefonar frå helsepersonell som ønskjer rettleiing i samband med at dei vurderer å fatte vedtak om helsehjelp gitt med tvang. Mange kommunar har gjort eit betydeleg arbeid med å lage prosedyrar og skriftelege rutinar for å legge til rette for at helsepersonell kan følgje regelverket, og det har vore gjennomført internopp- læring av personalet.

I starten av 2012 gjennomførte Fylkesmannen ei omfattande opplæring i lov om pasient- og

brukarrettar kapittel 4A i heile fylket. Vi hadde fem samlingar i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Over 200 deltakarar frå helsetenestene i kommunane, inklud- ert tannhelsetenesta, deltok. Kommunane som i 2011 hadde fått gjennomført tilsyn presenterte sine erfaringar, funn under tilsynet, korleis dei hadde jobba for å rette feila, og kva dei hadde lært. I etter- kant av opplæringa gjorde fleire kommunar vedtak om tvang. Samstundes opphøyrte fleire vedtak fordi helsepersonell klarte å gjennomføre helsehjelpa utan tvang fordi dei var blitt meir bevisste på og flinkare til å bruke tillitsskapande tiltak.

Vi har utifrå dette komme til at det kan vere fleire forklaringar på at vi ikkje avdekka avvik under til- syna i 2012. Opplæringa og oppfølginga

Fylkesmannen har hatt kan ha vore eit element i til- legg til kommunane sitt eige arbeid med temaet.

Fleire kommunar har lese tilsynsrapportar frå tilsyn både i eige og andre fylke, og har brukt funna i rap- portane i kvalitetsarbeidet i eigen kommune.

Fylkesmannen har hausten 2012 gjennomført pro- sjektet Tilsyn og læring. Ei av målsettingane med dette prosjektet var at kommunane skulle lære av kvarandre. I tilknyting til prosjektet blei det etablert samarbeid mellom enkelte kommunar blant anna ved utarbeiding av prosedyrar og opplæring av helse- personell.

(21)

29. mai 2012 gjekk startskotet for Fylkesmannen sitt embetsprosjekt «Sjumilssteget», som skal bidra til at kommunane i fylket vert meir medvitne på barn og unge sine oppvekstvilkår.

Sjumilssteget – til beste for barn og unge - handlar om å sikre at kommunane betre etterlever FNs barnekonvensjon. Sjumilssteget er ein arbeidsmod- ell som hjelper kommunane med å konkretisere artiklane i barnekonvensjonen, slik at desse kan brukast til å planlegge og kvalitetssikre tenestene til barn og unge.

Modellen tek utgangspunkt i dei rettleiingsoppgåv- ene som ligg til fylkesmannsembeta, og vi inviterte kommunane til å gjennomføre ein analyse av dei tenestene som kommunen yter til barn og unge.

Fylkesmannen oppmoda om at analysen burde utførast av ei tverrfagleg og tverretatleg gruppe og slik verte ein systematisk gjennomgang av kommun- en sine tenester sett i lys av barnekonvensjonen.

Resultata av analysen skal kommunane bruke til å

setje i verk tiltak som skal sikra at kommunale tiltak for å sikre barns oppvekstforhold vert betre koordin- ert. På denne måten er barnekonvensjonen eit instrument som kan nyttast i kommunal planlegg- ing for barn generelt, men også for barn som har særskilte behov.

Dei sju stega er:

1. Medverknad (Artikkel 12) 2. God omsorg (Artikkel 18)

3. Særskilt vern og støtte (Artikkel 20) 4. Vern mot overgrep (Artikkel 34 og 36) 5. Fullverdig liv (Artikkel 23)

6. God helse (Artikkel 24)

7. God utdanning (Artikkel 28 og 29)

Til kvart steg har Fylkesmannen utarbeidd kontroll- spørsmål i form av ei sjekkliste som kan nyttast til å analysere tenestetilbodet. Denne kan kommunen bruke til å vurdere kvaliteten på dei ulike tenestene, og til å vurdere i kva grad dei ulike tenestene samar- beider om å gi tilbod til barna og familiane.

Sjumilssteget – Fylkesmannen sitt embetsprosjekt i perioden 2012-2014

Av rådgjevar Line Helen Pedersen Døsen

Foto: Fylkesmannen i Troms.

(22)

Då fristen for analysen i kommunane var ute hadde nær alle kommunar levert. Kommunane sine stat- usvurderingar for 2012 blir samla av Fylkesmannen og vil danne grunnlag for seinare oppfølging og sam- arbeid frå Fylkesmannen si side.

Les meir om sjumilssteget i Sogn og Fjordane:

http://www.tilbesteforbarnogunge.no

God helse Fullverdig liv

God omsorg God utdanning

Medverknad Særskilt vern og støtte Vern mot overgrep

(23)

Målsettinga med læringsnettverket var å stimulere kommunane til kvalitetsarbeid og tverrfagleg sam- handling. Læringsnettverket la opp til at kom- munane skulle planlegge og kartlegge no-situasjon- en, presentere sine prosjekt og målsettingane for eige arbeid. I tillegg til eige arbeid og erfaringsut- veksling på samlingane gav eksterne førelesarar teoretiske og praktiske innspel til arbeidet.

Eit mål for læringsnettverket var å utvikle robuste samhandlingsformer som gir læring og betre kvali- tet på tvers av faggrupper i barnevern, helse-, omsorgs- og velferdssektoren. Læringsnettverket er eit ledd i å oppfylle oppdraget Fylkesmannen får i embetsoppdraget frå departementet. Fylkesmannen skal bidra til at kommunar og spesialisthelsetenesta driv kvalitetsutvikling, betring av styringssystem og utvikling av tverrfagleg samarbeid.

Invitasjonsbrev var sendt ut til alle kommunane i fylket, Helse Førde HF og tannhelsetenesta på haust- en i 2011. Tretten kommunar, tannhelsetenesta og Helse Førde HF melde si interesse. Grupper frå alle desse instansane møtte på første samlinga, til saman 43 deltakarar. Gruppene hadde ulik ståstad om kva dei skulle jobbe med. Mange hadde etablering av koordinerande eining som prosjektmål. Alle grupp- ene var tverrfagleg samansett, og alle hadde forankra prosjekta på høgt administrativt leiarnivå i kom- munen.

Metode

Første samlinga var retta inn mot presisering og utforming av prosjekta i kommunane, metodeval og korleis ein kan jobbe med betringsarbeid. Gruppene skulle lage prosjektskildring, lage framdriftsplan og målsetting for prosjekta. Vidare skulle dei avklare ansvarslinjer og oppgåvedeling mellom deltakarane.

Dei fekk råd om å kartlegge og gjere målingar av

«no-situasjonen», bestemme metode for gjennom-

føringa, og eventuelt lage flytskjema over prosess- ane. Fylkesmannen inviterte kommunane til innspel om problemstillingar og spørsmål om arbeidesmåtar i mellomperiodane for samlingane.

Sentrale problemstillingar som kom fram på første samling:

Korleis kan ein jobbe med endring av praksis?

Korleis implementerer vi nye rutinar og involverer fleire samarbeidspartar?

Korleis kan ein finne fram til nye suksesskriterier?

Læringsnettverk - Kvalitet i helse-, omsorgs-, barneverns-, og velferdstenestene 2011- 2012

Av seniorrådgjevar Bjørg Eikum Tang

Foto: Oskar Andersen.

(24)

Gjennomføring

Tverfagleg samarbeid og læring på tvers var eit vikt- ig tema. På samlingane gjekk vi gjennom prosjekta til kommunane og hadde erfaringsutveksling mell- om deltakarane, og mellom deltakarane og

Fylkesmannen og eksterne førelesarar. Samlingane hadde mykje gruppearbeid, både kommunevis og i grupper på tvers av kommunane.

På alle samlingane var det teoretiske innleiingar frå fleire eksterne innleiarar og frå Fylkesmannen. Tema som vart presentert var mellom anna, nytt lovverk om koordinerande eining, retten til å få oppnemnt koordinator og individuell plan og erfaringar med systemarbeid for å få til endring og samarbeid på tvers.

På tredje samlinga presenterte kommunane sine prosjekt, og hadde høve til å spele inn spesielle pro- blemstillingar både under og i forkant av samlinga.

Øyvind Glosvik knytte si førelesning «Korleis kan den individuelle leiaren jobbe i ein lærande organ-

isasjon» opp mot det som kom fram frå gruppene sine presentasjonar.

Einar Hovlid heldt førelesning om «Kvifor er endr- ingsarbeid så vanskeleg. Kva kan gjerast for å få til endring?»

Siste samling var i oktober 2012. Dessverre melde fleire av kommunane forfall til denne samlinga. Sju kommunar og Helse Førde HF var til stades på saml- inga. Dei presenterte kor langt dei var komne i pro- sessane, og kva som var framdriftsplanar etter pro- sjektperioden var over. Tre av kommunane som ikkje var til stades rapporterte om god gjennomføring av målsettinga i prosjektet sitt. Det var to kommunar som trekte seg under vegs, og som ikkje fullførde prosjektet. Ein av kommunane som trekte seg, vart tvinga til å trekke seg frå prosjektet grunna stor

«turn-over» av stillingsinnehavarar.

Kommunane hadde i ulik grad kome i mål med pro- sjekta sine. Men dei fleste såg at det stod att ein del for å få etablert gode rutinar og betre forankring av det tverrfaglege arbeidet.

Eksempel frå ein kommune

Prosjektmål for deltaking i nettverket var å målrette arbeidet med etablering av koordinerande eining.

Korleis sikre eit heliskapleg tilbod til pasientar og brukarar med behov for sosiale, psykososiale eller medisinsk habilitering og rehabilitering ved hjelp av koordinerande eining?

Målsetting: Å få koordinerande eining (KE) «opp å gå».

Organisering innan KE:

- avklare søknadsprosess

- tilgjenge for brukar, koordinator, samarbeidspartar

- kriteria for å få Individuell plan (IP), og for val av koordinator Lage plan for opplæring og for oppfølging av IP-arbeid

Arbeid mellom samlingane: Organisering av koordinerande eining, tildeling av mynde og mandat.

Resultat:

- Revidert tidlegar prosedyrar.

- Lage nye prosedyrar.

- Legge alle prosedyrar og dokument/ skjema inn i Kvalitetslosen (kommunen sitt styringssystem) - Informasjon om KE på heimesida til kommunen

- Gi melding internt i kommunen og til spesialisthelsetenesta og andre samarbeidspartar

(25)

Ein kommune presenterte sine erfaringar frå eit tidlegare læringsnettverk. Dei fortalde om korleis dei gjennom fleire år har jobba med å utvikle koor- dinerande eining for å få til samhandling på tvers. I presentasjonen vart det lagt vekt på at ting tek tid.

Avslutning

I samarbeid med Kompetansesenteret for habiliter- ing og rehabilitering i Helse Vest vart læringsnett- verket avslutta med eit dags-seminar for alle kom- munane i fylket.

Alf Reiar Berge seniorforskar/dagleg leiar Rehab-Nor og leiar for Koordinerende funksjon, Tvedestrand kommune, stod for det faglege innhaldet den dagen.

Han summerte opp nytten av tverrfagleg samarbeid under fleire punkt.

Ein føresetnad er at alle involverte har felles kunn- skap om måla det skal arbeidast mot. Det er naud- synt med tverrfagleg drøfting av mulege realistiske delmål, mulege tiltak, tidsplan og korleis ein kan samhandle og kommunisere undervegs.

Berge la vekt på koordinator si rolle i det tverrfag- lege arbeidet. Ei viktig rolle er mellom anna å setje nye livskvalitetsmål i samråd med brukaren. Dersom koordinator eller brukar opplever svikt i kontinuitet eller oppfølging i høve til avtale eller individuell plan, er justering og tilpassingar svært viktig.

Evalueringar undervegs syner ofte behov for ny vurdering av delmål og tiltak. Oftast kan mestepart- en av det tverrfaglege samarbeidet gå føre seg ved at koordinator, i samråd med brukar, drøftar enkelte tema med ein / eit par fagpersonar. Innhaldet i sam- handlingsprosessen og kven som bør involverast av fagpersonar varierer ofte mykje over tid.

Evaluering

Evalueringsskjema vart sendt til deltakarane på nett- verket før siste samling. Dessverre var svarprosenten litt for dårleg, og heller ikkje representativ. Det kom inn svar frå 20 deltakarar, om lag halvparten av dei som hadde vore med. Vi tolka likevel evalueringa som positiv. Munnlege tilbakemeldingar var med veldig få unntak svært positive. Tilbakemeldinga om at læringsnettverket hadde vore nyttig, og hadde sett

i gang positive tiltak i kommunane var veldig tyde- lege. Dei fleste kommunane har delteke på fleire slike nettverk arrangert av Fylkesmannen tidlegare år. Dei sa at dei hadde gode og nyttige erfaringar med slik aktivitet.

(26)

Fylkesmannen har i løpet av 2011 og 2012 gjenn- omført tilsyn med rusfeltet i fem kommunar og ved to psykiatriske poliklinikkar med ansvar for tverr- fagleg spesialisert (rus)behandling i Helse Førde.

Rusarbeid i kommunane må ha tverrfagleg tilnærm- ing og stiller krav til samhandling og koordinering internt i kommunane. I tillegg er tverrfagleg spesi- alisert behandling (TSB) i spesialisthelsetenesta samarbeidspart i mange saker. Tilsynet hadde som tema informasjon, råd og rettleiing til rusavhengige og deira pårørande. Vidare såg vi på tilgjengelege tenester, behandlingstilbod og koordinering av ten-

ester, blant anna bruk av individuell plan for brukarar med behov for langvarige og koordinerte tenester. Les meir på helsedirektoratet.no(1).

Før NAV-reforma låg hovudansvaret for rusavheng- ige hjå sosialkontoret i kommunane. Kva tenester kommunane har valt å ta med inn i NAV- kontoret er noko ulikt, men i Sogn og Fjordane har dei fleste kommunane lagt ansvaret for informasjon, råd, rettleiing, oppfølging og koordinering av tenestetil- bodet til rusavhengige til NAV-kontoret. Nokre få kommunar har valt å flytte hovudansvaret for rusav- hengige ut frå NAV og samordne tenesta med psykisk helseteneste, organisatorisk innan pleie- og

omsorgstenesta i kommunen.

Tema for tilsyn i kommunane

Vi undersøkte om kommunane gjennom internkon- trollen sikrar at innbyggarar med rusproblem og deira pårørande vert gitt informasjon, råd og rettlei- ing. Vidare undersøkte vi om praktisk bistand og oppfølging er tilgjengelege tenester for innbyggarar med rusproblem. Helse- og omsorgstenestelova § 3- 1 gir kommunen ansvar for å legge til rette for sam- handling mellom ulike deltenester i kommunen, noko som ofte er naudsynt i saker som handlar om rusproblem. Vi undersøkte difor om kommunane sikrar samordning og samhandling mellom delten- ester i kommunen. Til sist undersøkte vi om det vert lagt til rette for koordinering og samhandling av tenestetilbod i saker der rusavhengige vert tilvist og får eit behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta.

Tema for tilsyn med spesialisthelsetenesta Helse Førde har tre Distriktspsykiatriske sentra (DPS), og dei har valt å legge ansvaret for vurdering av tverrfagleg spesialisert behandling (TSB) til dei fire psykiatriske poliklinikkane ved DPS`ane. Slik sett har vi fire vurderingseiningar innan TSB i Sogn og Fjordane. Lege eller NAV -kontor kan sende til- vising til vurderingseiningane. Dei psykiatriske

Tilsyn med rusfeltet 2011 – 2012

Av rådgjevar Astrid Tveit

Foto: Sosial og helsedirektoratet.

(27)

poliklinikkane gjer vurdering innan fristen på 30 verkedagar (10 verkedagar for dei under 23 år) og avgjer om vedkommande har rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta. Dersom vedkom- mande har rett til slik hjelp, vert det sett ein frist for behandlingsstart etter individuell vurdering.

Tilsynet undersøkte om vurderingseiningane følgjer regelverket og sikrar at dei har rutinar som følgjer opp tilvisingar både i mottak, vurdering, oppfølging, i behandling og ved avslutning.

Kva forventa vi å finne?

Vi var usikre på om omorganisering av tenesta til rusavhengige frå sosialkontor til Nav- kontor hadde ført til uklåre ansvarsforhold i kommunane. Fordi rusarbeid treng tverrfagleg tilnærming og koor- dinering av deltenester, er det utfordrande for kom- munane å ha gode rutinar som sikrar klår ansvars- fordeling og samhandling både intert i kommunen og i samarbeidet med spesialisthelsetenesta. Vidare var vi usikre på om rutinar som sikrar samhandling og samarbeid mellom kommune og spesialisthelset- eneste om behandlingstilbod for den einskilde var på plass og i tråd med regelverk som følgjer av pasient- og brukarrettslova og prioriteringsforskrifta.

Funn

Av dei fem kommunane som fekk besøk av tilsynet, fann vi avvik i to kommunar. I den eine av kom- munane fann vi to avvik, og i den andre fann vi eitt.

Det første avviket vart påvist i 2011. Tilsynet avdekka at det var uklårt og utydeleg kven i kommunen som hadde hovudansvar for å gi informasjon, råd og rettleiing til rusavhengige og pårørande.

Kommunen sikra ikkje at informasjon, råd og rettleiing om tenestetilbod vart gjort kjent og til- gjengeleg for innbyggarane.

Under tilsynet avdekka vi vidare at praktisk bistand som heimehjelp ikkje reelt var tilgjengelege tenester for rusavhengige.

Mangel på rutinar som sikrar samhandling og sam- arbeid mellom deltenester i kommunen, var medver- kande til at vi fann avvik i den andre kommunen i

2012. Det var uklårt for tilsette kven ein skulle sam- arbeide med og korleis. Koordinerande eining var etablert i kommunen, men korleis samarbeid og koordinering av tenestetilbod i einskildsaker skulle takast opp var uklårt.

I spesialisthelsetenesta der vi gjennomførte tilsyn ved to psykiatriske poliklinikkar som er vurder- ingseiningar innan TSB, fann vi ingen avvik.

Poliklinikkane hadde gode rutinar som sikra at til- visningar vart vurderte og handsama i tråd med reg- elverket.

Samla sett meiner vi tenestene til rusavhengige og deira pårørande ser ut til å vere ivaretatt i kom- munane. Opptrappingsplanen for rusfeltet 2008- 2012 der alle kommunane i Sogn og Fjordane etter kvart fekk øyremerka tilskot, har truleg vore med- verkande til auka merksemd, meir kompetanse og betre tenestetilbod innan kommunalt rusarbeid.

Det kom elles fram under tilsynet at samarbeidet og samhandlinga mellom kommunar og spesialisthelse- teneste innan rusfeltet fungerer godt i Sogn og Fjordane.

(1) Helsedirektoratet sine sider om rusmiddelarbeid i kommunen: http://www.helsedirektoratet.no/

psykisk-helse-og-rus/rusmiddelarbeid-i- kommunen/Sider/default.aspx

(28)

Helse er viktig for alle menneskje, men føresetnad- ene for god helse er ikkje likt fordelt. Skilnadene er i stor grad knytt til oppvekst, utdanning, jobb og sos- ial status.

Frisklivssentralar er ei nasjonal satsing. Tilbodet er retta mot endring av livsstil og auka meistring.

Planlegging er vektlagt som eit sentralt verkemiddel i folkehelsearbeidet. Helseomsyn i planarbeidet tek utgangspunkt i at kommunen skaffar seg oversikt over helsetilstanden og faktorar som påverkar denne i lokalsamfunnet.

Syttifem prosent av tapte leveår i vår del av verda skuldast ikkje– smittsame sjukdommar, men ofte korleis vi lever. I tillegg til gener, er fysisk inaktiv- itet, usunt kosthald, lite søvn, mykje stress, for mykje alkohol og tobakk viktige faktorar som påver- kar folk si helse. Å sikre barn og unge gode opp- vekstvilkår med høve til utdanning, inkludering, del- taking og meistring er ein viktig grunnpilar for god helse i framtida.

Tiltak for å redusere funksjonstap, utstøyting og einsemd må vere grunnmuren i alt førebyggande og helsefremmande arbeid. Helse vert skapt der folk bur og oppheld seg til dagleg. Gode tilbod innan barne- hage, skule, samferdsle og kultur legg grunnlag for helse, trivsel og meistring.

Frisklivssentralar er ei nasjonal satsing. I Sogn og Fjordane har Sogndal, Flora og Gloppen etablert Frisklivssentralar. Intensjonen med ein frisklivs- sentral er at den skal vere ein del av kommunen sitt førebyggande helsetilbod.

Frisklivssentralen gir strukturert oppfølging gjenn- om samtale (helsesamtale), tilbod om fysisk aktiv-

itet, kosthaldsendring og snus- og røykeslutt. Vidare kan frisklivssentralen tilby kurs i meistring av depre- sjon, endring av alkoholvanar og andre tilbod. I endringsarbeidet er bruk av metodar med doku- mentert effekt ein føresetnad. Frisklivssentralen skal ha oversikt over andre helsefremjande og førebygg- jande tilbod i kommunen, og samarbeide med andre aktørar der det er naturleg.

Frisklivssentralane sine oppgåver er også å rettleie deltakarar vidare til lokale tilbod.

Frå 2013 er Vågsøy, Stryn, Hornindal, Jølster, Gaular, Naustdal, Luster, Leikanger, Fjaler,

Folkehelsearbeid i kommunane

Av seniorrådgjevar Bjørg Eikum Tang

Foto: UWC Røde Kors Nordisk.

(29)

Hyllestad, Bremanger og Årdal i etableringsfasen for å setje i verk frisklivssentralar. Fleire sentralar vil truleg vere i drift i første halvår. I tillegg har vi signal om at fleire kommunar er i gang med plan- legging, enten åleine eller saman med andre kom- munar.

Eit nettverk for kommunar som har eller er i ferd med å etablere frisklivssentralar er frå 2012 leia av Fylkesmannen i samarbeid med fylkeskommunen.

Til saman er det delt ut 615.000 kroner til etablering og drift av Frisklivssentralar for 2012.

Sjå lenke på Helsedirektoratet sine heimesider til frisklivsarbeid under artikkelen.

I 2012 har det skjedd mykje på folkehelseområdet. Vi har fått ny lov om folkehelse, samhandlingsreforma vart sett i verk, og vi fekk ny lov om helse- og omsorgstenester. Plan og bygningslova pålegg kom- munane å utarbeide ein planstrategi for kommune- planarbeidet, der folkehelse er eit viktig tema.

Folkehelsearbeidet i kommunane er løfta ut av helsesektoren og inn på rådmannen og kommune- styret sitt bord.

Folkehelseinstituttet har på nasjonalt nivå system- atisert og gjort kjent oversiktsdata gjennom folke- helseprofilar for alle kommunar og fylke i landet.

Det er nyttig for kommunane sitt planarbeid, og spesielt for å kunne prioritere tiltak som er i tråd med dei lokale utfordringane.

Lov om folkehelse og tannhelselova syner fylkes- kommunen sitt ansvar på folkehelseområdet.

Fylkeskommunen sitt ansvar er å fremje folkehelse innan dei oppgåver og med dei verkemiddel som fylkeskommunen rår over. Det inneber mellom anna å understøtte folkehelsearbeidet i kommunane, vere pådrivar for og samordne folkehelsearbeidet i fylket.

Dessutan skal fylkeskommunen ha naudsynt over- sikt over helsetilstanden, og sørgje for at folkehelse vert fremja innafor fylkeskommunale oppgåver. (Sjå lenke under artikkelen).

Planlegging er vektlagt som eit sentralt verkemiddel i folkehelsearbeidet, og folkehelselova er tett kopla til plan- og bygningslova. Plan og bygningslova har som føremål å fremje berekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige genera- sjonar. Planar skal i samsvar med Plan og bygnings- lova § 3-1 «fremme befolkningens helse og motvirke sosiale helseforskjeller, samt bidra til å forebygge kriminalitet». Helseomsyn i planarbeidet tek utgangspunkt i at kommunen skaffar seg oversikt over helsetilstanden og faktorar som påverkar denne i lokalsamfunnet. Planstrategien omfattar samfunns- utviklinga og planbehova, og skal avspegle priori- terte område for det vidare planarbeidet både i sam- funnsdelen og arealdelen i kommuneplanen.

Regjeringa legg våren 2013 fram ei stortingsmelding om tverrsektorielt folkehelsearbeid. Målsettinga er å styrkje koordineringa mellom sektorane og få merksemd retta mot samanhengar mellom ulike område. I tillegg til helse- og omsorgssektoren er samferdsle-, skule- og kultursektoren viktige aktørar for å legge til rette for god folkehelse. Det er ei kjennsgjerning at grunnlaget for god helse vert først og fremst skapt utanfor helsesektoren, (90/10 regel- en Wildawsky).

Lenke til meir informasjon om frisklivsarbeid:

http://helsedirektoratet.no/folkehelse/frisklivs- sentraler/Sider/default.aspx

http://helsedirektoratet.no/samhandlingsreformen/sa marbeidsavtaler/Sider/kommunale-lerings--og- mestringstilbud-og-frisklivssentraler.aspx Lenke til Sogn og Fjordane fylkeskommune:

Rapport Folkehelsearbeidet i Sogn og Fjordane 2011 – 2011:http://j.mp/14WhBdC

(30)

Arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV) vart etablert for å få heilskapleg og effektiv forvaltning som skal få fleire i arbeid og færre på stønad. Innretninga på tenestene skal gjere det enklare for brukarane og vere tilpassa deira behov. Meir fleksibel og betre samordna bruk av statlege og kommunale verke- middel skal gje betre tenester til brukarar med samansette behov. Alle kommunane i Noreg har felles lokale kontor for arbeids- og velferdsforvalt- ninga (NAV-kontor). NAV-kontora har felles resultat- ansvar og skal stå fram som ei samla eining, trass i at ansvaret for ulike oppgåver og tenester framleis er delte mellom stat og kommune.

«Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsfor- valtningen» tok til å gjelde frå 1. januar 2010, og samtidig den tidlegare sosialtenestelova av 1991.

Lova regulerer fem individuelle tenester; opplysning, råd og rettleiing, økonomisk stønad, mellombels bustadtilbod, individuell plan og kvalifiseringspro- grammet. Desse tenestene er ein del av kommunen sitt velferdsansvar overfor innbyggjarane, og kom- munen pliktar å leggje denne delen av tenestetilbod- et sitt i NAV-kontoret.

NAV-kontoret skal ivareta brukarane si heilskaplege trong for hjelp, og skal tilby ei individuelt tilpassa oppfølging med dei tenestene, tiltaka og verkemidla som kontoret rår over. Dei sosiale tenestene er såleis ein del av den «virkemiddelpakka» som NAV-kontor- et har til rådvelde ved oppfølging av kvar einskild brukar.

Føremålet med lova er å betre levekåra for van- skelegstilte, medverke til sosial og økonomisk trygg- leik, fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.

Rundskriv til lova

Arbeids- og velferdsdirektoratet har utarbeidd eit rundskriv til lova. Rundskrivet kom 22. juni 2012, og er eit grunnleggjande dokument for alle som utfører oppgåver etter lova. Det skal gje støtte og rettleiing i det daglege arbeidet, føringar for ansvaret og oppgåvene kommunen har etter lova, og for lov- tolkinga som fylkesmennene skal leggje til grunn som klageorgan og tilsynsmyndigheit. Det er òg ei informasjonskjelde for samarbeidspartar og andre instansar som arbeider opp mot dette velferdsområd- et, og ikkje minst for dei som mottek tenester etter lova.

Særleg fokus på barn

Den nye lova har eit sterkare fokus på tilhøva for

Sosiale tenester i NAV-kontoret – kamp mot fattigdom med eit særleg auge på barna

Av seksjonsleiar for sosial Hanne Sæbø

Foto: Sosial og helsedirektoratet.

(31)

utsette barn og unge enn den gamle lova. Som ein del av føremålsparagrafen, heiter det no at lova skal medverke til at utsette barn og unge og familiane deira får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.

Barn og unge er særleg sårbare i vanskelege situa- sjonar, og NAV-kontoret må difor syte for at deira behov blir ivaretekne i familien sitt møte med NAV- kontoret.

Forsking syner at fattigdom har ein tendens til å gå i arv. Det fokuset lova no har på barn og unge sin situasjon, saman med Regjeringa sine andre sats- ingar i kampen mot fattigdom, er meint som virke- middel for å bryte ei slik arverekkje.

Tilsyn

I 2012 gjennomførte Fylkesmennene eit landsom- fattande tilsyn med kommunane si handsaming av søknader om økonomisk stønad frå personar med forsytingsansvar for barn. Det blei avdekt avvik (lov- brot) i dei fleste kommunane der det vart gjennom- ført tilsyn, slik var det òg i dei fire kommunane som fylkesmannen førte tilsyn med i Sogn og Fjordane.

Det er ikkje nødvendigvis slik at kommunane ikkje gir tilstrekkeleg støtte til desse familiane, men det blei ikkje gjennomført god nok kartlegging av barna sine behov. Dei individuelle vurderingane av kva som skal til for at barna sine behov blir dekte, var heller ikkje gode nok. Når desse vurderingane manglar, blir det uråd å etterprøve om desse barna har ein leve- standard og livsvilkår som er tilstrekkeleg for å sikre den fysiske, psykiske, åndelege og sosiale utviklinga deira, slik lova skal medverke til.

Opplæring

Hausten 2012 heldt fylkesmannen første del av opp- læring i sosialtenestelova, forskriftene og rundskriv- et, som ein del av eit landsomfattande opplæringstil- tak. Målgruppa for denne opplæringa var alle tilsette i NAV-kontora som har oppgåver etter lova, NAV- leiarane og andre kommunale leiarar, i tillegg til NAV-kontora sine ulike samarbeidspartnarar. På denne opplæringa deltok vel 100 rådgjevarar, 14 av NAV-leiarane og nokre av NAV-kontora sine samar- beidspartar. Vi kunne ønska oss større deltaking av

andre kommunale leiarar og samarbeidspartar frå ulike etatar og tenester. Vi må vurdere om det skal gjevast nye tilbod til desse.

I opplæringa fokuserte vi særleg på føremålspara- grafen, med tanke på at rådgjevarane skal ha eit bevisst forhold til denne når dei arbeider etter lova.

Opplæringa blei godt motteken, og var etterlengta frå NAV-kontora si side. Fylkesmannen vurderer at trongen for opplæring på dette området er stor, og vi ser fram til å gå djupare inn i lov, forskrifter og rundskriv når vi i 2013 skal gjennomføre vidare opp- læring.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

barna var utan tilsyn / stå, vere under tilsyn av nokon / ha, føre tilsyn med noko(n) / Statens bibliotektilsyn.. – Det Norske Akademis Ordbok: kontroll

Fylkesmannen har ført tilsyn med Valle kommune som barnehagemyndigheit. Tema for tilsyn har vore korleis barnehagemyndigheita utøv si oppgåve med å «påse» / sjå til at

Det følger videre av § 9 i lov om sosiale tjenester i Nav at Fylkesmannen skal føre tilsyn med at kommunen oppfyller sine plikter etter kap.. september og med oppsummerende

Fylkesmannen ber kommunen peika ut ein kontaktperson til førebuinga av tilsynet og at navnet blir meldt til revisjonsleiar så snart som mogleg per e-post. Tilsynet vil bli

Fylkesmannen er gitt hjemmel til å føre tilsyn med at kommunen utfører de oppgavene den er pålagt som lokal barnehagemyndighet. 94 Fylkes- mannens tilsyn med at kommunen

• hvilke temaer dere skal veilede eller føre tilsyn med.. • hvilke barnehager dere skal veilede eller føre

• I 4Services «Rutine for temperaturkontroll» er det oppgitt at forpleiningssjef, kokker og kantineservicemedarbeidere har ansvar for å måle/dokumentere

Kartverket legg opp til at det vert halde minst eitt matrikkeltilsyn i Rogaland i 2021, og Lund kommune er først ut med tilsyn i vår.. Kommunane for i haust er ikkje