• No results found

TILSYNSRAPPORT Barnehagelova §§ 8, 16 og 18

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "TILSYNSRAPPORT Barnehagelova §§ 8, 16 og 18"

Copied!
15
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

TILSYNSRAPPORT

Barnehagelova §§ 8, 16 og 18

 Kommunen som barnehagemyndigheit, jf. barnehagelova § 8

 Kommunen som tilsynsmyndigheit, jf. barnehagelova § 16

 Dispensasjon frå utdanningskravet, jf. barnehagelova § 18

Stryn kommune

Sak 2016/2570-611

Dato 06.12.2016

(2)

Innhald

Innhald...2

Samandrag...2

1. Innleiing...4

2. Om tilsynet med Stryn kommune...4

2.1 Fylkesmannen fører tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit...4

2.2 Tema for tilsyn...4

2.2.1 Rettleiing ...5

2.2.2 Tilsyn...5

2.2.3 Barnehagens øvrige personale ...5

2.3 Om gjennomføringa av tilsynet ...5

3. Kommunen sitt ansvar...7

3.1 Rettsleg krav § 8 kommunen som barnehagemyndigheit...7

3.2 Fylkesmannen si undersøking...8

3.3 Fylkesmannen si vurdering...8

3.4 Fylkesmannen sin konklusjon...15

4. Avslutting av tilsynet ...15

(3)

Samandrag

Tilsynsrapporten gir ikkje ei heilskapsvurdering av barnehagemyndigheita. Rapporten omhandlar berre resultat knytt til tema som er valt og på det tidspunktet tilsynet er gjennomført. Når det gjeld metode for tilsyn etter barnehagelova har

Utdanningsdirektoratet utarbeidd eiga handbok som Fylkesmannen skal nytte. Handboka1 ligg på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Tema

Det er gjennomført tilsyn med tema:

 Kommunen som barnehagemyndigheit, jf. barnehagelova § 8

 Kommunen som tilsynsmyndigheit, jf. barnehagelova § 16

 Dispensasjon frå utdanningskravet, jf. barnehagelova § 18

Formål med tilsynet

Det overordna målet med tilsynet er å styrke kommunen si rolle som barnehagemyndigheit.

Gjennom tilsynet ønskjer Fylkesmannen å setje søkelys på barnehagemyndigheita sitt ansvar for å sikre etterleving av krava i barnehagelova, både for kommunen som

barnehagemyndigheit, og for den enkelte barnehage. Gjennom kontroll av kommunen skal eventuell lovstridig praksis avdekkjast og rettast opp.

Fylkesmannen legg barnekonvensjonen til grunn ved tilsyn med kommunen som

barnehagemyndigheit. Barnekonvensjonen er overordna og skal sikre at barnehagetilbodet er til beste for barnet og skal ha grunnleggande prioritet. Artikkel 3 i konvensjonen er tydeleg på at til beste for barn skal kome først, og skal vere grunnleggande i alle tiltak og vedtak som gjeld barn.

Kommunen sine myndigheitsoppgåver er regulerte i barnehagelova kap. IV

”Barnehagemyndigheita sine generelle oppgåver”. Dette inneber mellom anna at kommunen skal rettleie og kontrollere at barnehagane blir drivne etter gjeldande regelverk jf.

barnehagelova § 8.

Gjennomføring

Tilsynet med Stryn kommune vart opna i varslebrev 04.07.2016. Tilsynet tek utgangspunkt i situasjonen på barnehageområdet til Stryn kommune på tilsynstidspunktet.

Stryn kommune har til saman ti barnehagar. åtte kommunale og to private der den eine er familiebarnehage. Fem av barnehagane er organiserte i oppvekstsenter med rektor som

1Metodehåndbok for tilsyn - en håndbok for tilsyn i metode for tilsyn etter barnehageloven og opplæringsloven.

(4)

styrar for barnehageavdelinga. Stryn kommune er ein tre- nivå kommune. I tillegg til skule- og kultursjef har kommunen barnehagefagleg kompetanse i oppvekstavdelinga. Kommunen har system for to-pedagog ordning. Tilsynet er utført ved gjennomgang av innhenta

dokumentasjon og intervju. Det er gjennomført intervju med skule- og kultursjef,

avdelingsleiar barnehage, styrar, pedagogisk leiar, fagarbeidar og assistent i to kommunale og ein privat barnehage.

Status på rapporten og vegen vidare

Fylkesmannen avdekka ingen brot på regelverket og rapporten er endeleg. Tilsynet blir med rapporten sett på som avslutta.

1. Innleiing

Fylkesmannen har i perioden frå 04.07.2016 til dags dato gjennomført tilsyn med Stryn kommune som barnehagemyndigheit.

Tilsynet avdekka ingen brot på regelverket. Rapporten er endeleg og tilsynet blir med dette sett på som avslutta.

Konklusjonen bygger på kjeldemateriale i innsendt dokumentasjon, og tek berre utgangspunkt i status på det tidspunktet som tilsynet er gjennomført.

2. Om tilsynet med Stryn kommune

2.1 Fylkesmannen fører tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit

Fylkesmannen fører tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit, jf. barnehagelova § 9 andre ledd. Fylkesmannen sitt tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit er tilsyn med dei lovpålagde oppgåvene til kommunen, jf. kommunelova § 60 b.

Fylkesmannen sitt tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit er utøving av

myndigheit og skjer i samsvar med reglane i forvaltningsretten. Tilsynet skal vere prega av openheit, likebehandling, skal kunne etterprøvast og skal gjennomførast på ein effektiv måte.

I dei tilfella der Fylkesmannen konkluderer med at eit rettsleg krav ikkje er oppfylt, blir dette sett på som brot på regelverket, uavhengig av om det er barnehagelova eller forskrift til barnehagelova som er broten.

2.2 Tema for tilsyn

Tilsynet skal undersøke om kommunen utfører dei oppgåvene den er pålagt som barnehagemyndigheit, jf. barnehagelova §§ 8, 16 og 18

 Kommunen skal sjå til at barnehagane driv i samsvar med lovkrav,

(5)

jf. barnehagelova § 8

 Kommunen som tilsynsmyndigheit, jf. barnehagelova § 16

 Kommunen si handtering av søknadar om dispensasjon frå utdanningskrav, jf. barnehagelova § 18 og i forvaltningslova § 2.

Kommunen som barnehagemyndigheit har fått som oppgåve å sjå til at alle barnehagane i kommunen, både kommunale og private, vert drivne i samsvar med gjeldande regelverk, jf.

barnehagelova § 8. Kommunen skal sjå til at barnehagetilbodet og drifta er i samsvar med barnehagelova, ved hjelp av verkemidla godkjenning, rettleiing og tilsyn.

2.2.1 Rettleiing

Kommunen som barnehagemyndigheit skal gjennom bruk av rettleiing gi ei oversikt over kva barnehagelova med forskrifter krev og kva som må gjerast for å få drifta i samsvar med denne. Barnehagemyndigheita sitt ansvar for å rettleie etter § 8, gjeld i forhold til

barnehagelova med forskrifter, dvs. dei samfunnskrava og forventningane til verdigrunnlag, rammevilkår, arbeidsmåtar og innhald som ligg i regleverket.

Målet med rettleiing er at barnehageeigar endrar på tilhøve som kan føre til pålegg om retting av uforsvarleg eller ulovlege forhold.

2.2.2 Tilsyn

Kommunen sitt ansvar for å føre tilsyn er nærare regulert i Barnehagelova § 16.

Barnehagelova gir ingen reglar for korleis og kor ofte tilsyn skal gjennomførast. Tilsyn er likevel ein viktig del av kommunen sitt ansvar for å sjå til at barnehagane vert drivne i

samsvar med gjeldande regelverk. Kommunen skal sjølv vurdere behov for tilsyn ut frå lokale tilhøve og risikovurderingar. Dersom kommunen nyttar tilsyn skal det skrivast ein rapport, og tilsynsobjektet skal orienterast om innhaldet i rapporten.

2.2.3 Barnehagens øvrige personale

Pedagogiske leiarar skal ha utdanning som barnehagelærarar og kommunen kan gi dispensasjon frå utdanningskravet. Klage på vedtaket skal sendast til fylkesmannen.

Kommunen sitt ansvar er å sjå til at bemanninga er tilstrekkeleg at til at personalet kan drive ei tilfredsstillande pedagogisk verksemd.

2.3 Om gjennomføringa av tilsynet

Tilsyn med Stryn kommune vart opna gjennom brev 04.07.2016. Kommunen er pålagd å leggje fram dokumentasjon for Fylkesmannen med heimel i kommunelova § 60 c.

Fylkesmannen sine vurderingar og konklusjonar er basert på gransking av skriftleg dokumentasjon frå kommunen.

Følgjande dokument inngår i dokumentasjonsgrunnlaget for tilsynet:

 Organisasjonskart for Stryn kommune og skule- kulturetaten

 Delegasjonsreglement – informasjon og reglement

(6)

 Årsrapportar, informasjon og rapportar frå kommunenivå, Rand barnehage og Tonning barnehage

 Kommunedelplan for oppvekst 2014 – 2024. Handlingsplan 2017 – 2018

 Døme på innhald i kommunen sitt system Oppad og Kvalitetslosen

 Årshjul/ekspedisjonsplan for skule og barnehage

 Årshjul, dokumenttilsyn

 Sjekkliste dokumentkontroll/ risikovurdering, skule- og kulturetaten

 Sjekkliste dokumentkontroll/ risikovurdering, barnehage

 Plan for adm.møta hausten 2016

 Referat frå fire adm.møte 2016

 «Beste praksis» for barnehagane i Stryn kommune

 Kompetanseplan 2015 – 2020

 Årsplan 2016 - 2017 Rand barnehage

 Årsplan 2016 – 2017 Tonning barnehage

 Årsplan 2016 – 2017 Stryn Bedriftsbarnehage

 Vedtekter for kommunale barnehagar

 Vedtekter for drift Stryn Bedriftsbarnehage AS

 Prosedyre for kommunen sitt tilsyn med barnehagane

 Plan for tilsyn av barnehagane i Stryn kommune

 Varsel om tilsyn

 Tilsynsskjema/rapport

 Tilsynsrapport/lukking av avvik

 Døme på tilsyn i 2014

 Mal tilsynsrapport barnehagar – avvik ikkje funne

 Mal tilsynsrapport barnehagar – avvik funne

 Prosedyre for behandling av søknad om midlertidig dispensasjon frå utdanningskravet for styrar og pedagogisk leiar i barnehage

 Vedtak om dispensasjon frå utdanningskravet pedagogisk leiar Rand barnehage

 Eigenvurderingsskjema

Det vart gjennomført tilsyn på staden 19. – 20.10.2016.

Følgjande personar vart intervjua:

 styrar i Stryn Bedriftsbarnehage AS, Evy Rossetvik

 pedagogisk leiar i Stryn Bedriftsbarnehage AS, Ragnhild Egge

 fagarbeidar/assistent i gruppe i Stryn Bedriftsbarnehage AS, Kristin Reed Hopland og Kristi Muldsvor

 styrar i Tonning barnehage, Eva Sefland

 pedagogisk leiar i gruppe Tonning barnehage, Jorunn Skarstein og Oddrun Kristin Haugen

 fagarbeidar i gruppe Tonning barnehage, Hildegunn Rand og Elisabeth Blaalid

 rektor/styrar i Rand barnehage, Wenche Blaalid

 pedagogisk leiar i Rand barnehage, Monica Olsbø

(7)

 assistent i Rand barnehage, Wenche HAmmer

 avdelingsleiar barnehagar, Malin Carlson

 skule- og kultursjef, Hilde Lødøen 3. Kommunen sitt ansvar

3.1 Rettsleg krav § 8 kommunen som barnehagemyndigheit

§ 8 Kommunen sitt ansvar, første ledd:

«Kommunen er lokal barnehagemyndighet. Kommunen skal gi veiledning og påse at barnehagene drives i samsvar med gjeldende regelverk.»

Kommunen er lokal barnehagemyndigheit. Kommunen skal sikre eit heilskapleg

barnehagetilbod med god kvalitet tilpassa lokale forhold og behov. Kommunen skal gje rettleiing og sjå til at barnehagane vert drivne i samsvar med gjeldande regelverk.

Barnehagemyndigheita har eit overordna ansvar for å sikre at barna får eit godt og forsvarleg barnehagetilbod, jf. barnehagelova § 8 første ledd. Barnehagetilbodet må samsvare med lokale forhold og prioriteringar, samtidig som nasjonale føringar skal takast omsyn til, jf.

barnehagelova § 8 andre ledd.

§ 16 Tilsyn:

«Kommunen fører tilsyn med virksomheter etter denne lov. Kommunen kan gi pålegg om retting av uforsvarlige eller ulovlige forhold ved godkjente eller godkjenningspliktige

virksomheter. Hvis fristen for å etterkomme pålegget ikke overholdes, eller hvis forholdet ikke lar seg rette, kan kommunen vedta tidsbegrenset eller varig stenging av virksomheten».

Kommunen som barnehagemyndigheit fører tilsyn med kommunal og privat barnehage for å sikre at dei vert drivne etter gjeldande regelverk og har ei forsvarleg drift. Tilsyn etter

barnehagelova omfattar alle krav stilte i lov og forskrifter. Tilsyn er ei sentral oppgåve som kommunen utfører kontinuerleg. Tilsynet omhandlar revisjonskontroll og rettleiing av barnehagesektoren. Kommunen som barnehagemyndigheit vurderer om barnehagen vert driven etter barnehagelova og om barnehagetilbodet er forsvarleg. Kommunen kan gje pålegg om retting av uforsvarlege eller ulovlege forhold ved godkjende eller

godkjenningspliktige verksemder, jf. barnehagelova § 16, generelle merknader.

For å sjå til regelverketterleving med tilsyn som verkemiddel, må barnehagemyndigheita vurdere forholda i barnehagen opp mot aktuelle lovkrav og konkludere på om tilhøva i barnehagen er i tråd med barnehagelova. Det skal skrivast rapport etter tilsyn som inneheld vurdering og konklusjon av funna.

Dersom det vert gitt pålegg om retting av ulovlege eller uforsvarlege tilhøve, må kommunen følgje opp. Vedtak om lukking av brot på regelverket må innehalde tidsfrist. Dersom fristen for å rette pålegg ikkje vert halden, kan tilsynsmyndigheita vedta avgrensa stenging med ny frist for retting. Viser det seg at pålegget ikkje kan rettast kan tilsynsmyndigheita vedta varig stenging av verksemda.

(8)

Kommunen som tilsynsverksemd er utøving av offentleg mynde. Utøving må skje i samsvar med forvaltningsrettslege prinsipp om likebehandling og forsvarleg drift.

Eit pålegg om retting og stenging er enkelt vedtak etter forvaltningslova § 2 b, med klagerett til Fylkesmannen.

§ 18 Barnehagens øvrige personale:

«Pedagogiske ledere må ha utdanning som førskolelærer. Likeverdig med

førskolelærerutdanning er annen treårig pedagogisk utdanning på høgskolenivå med videreutdanning i barnehagepedagogikk. Kommunen kan gi dispensasjon fra

utdanningskravet i første ledd. Kommunens vedtak kan påklages til fylkesmannen.

Bemanningen må være tilstrekkelig til at personalet kan drive en tilfredsstillende pedagogisk virksomhet.»

Kravet til utdanning er sett for at tilsette skal ha nødvendig kompetanse for å sikre barna eit likeverdig pedagogisk tilbod av god kvalitet.

Kommunen som barnehagemyndigheit kan etter søknad frå barnehageeigar gi mellombels dispensasjon frå utdanningskravet for styrar og pedagogisk leiar. Mellombels dispensasjon kan bli gitt på inntil eitt år av gangen når har vore utlyst, og det har ikkje meldt seg

kvalifiserte søkarar.

Kommunen som barnehagemyndigheit skal gjere ei samla vurdering av den reelle kompetansen hjå den det vert søkt dispensasjon for. Kommunen kan, etter ei samla vurdering, stille relevante vilkår ved vedtak om mellombels dispensasjon. Dispensasjon er personleg knytt til ei konkret stilling i ein konkret barnehage.

3.2 Fylkesmannen si undersøking

Fylkesmannen har undersøkt om kommunen som barnehagemyndigheit, gjennom aktiv rettleiing og/eller tilsyn, ser til at barnehagane vert drivne i samsvar med gjeldande regelverk jf. barnehagelova § 8.

Fylkesmannen har motteke eigenvurderingsskjema og dokumentasjon frå Stryn kommune som saman med intervju er grunnlag for Fylkesmannen sine vurderingar. Vi har undersøkt innlevert dokumentasjon og kontrollert den opp mot krav fastsett i barnehagelova.

Vurderingar og konklusjonar i rapporten bygger på kontrollspørsmåla som er utarbeidd av Utdanningsdirektoratet.

3.3 Fylkesmannen si vurdering

Fylkesmannen har vurdert om barnehagemyndigheita gjennom bruk av verkemidla rettleiing og tilsyn, ser til at barnehagane vert drivne i samsvar med gjeldande regelverk.

1. Har kommunen oversikt over barnehagar dei skal gi rettleiing og føre tilsyn med?

(9)

For å oppfylle ansvaret som barnehagemyndigheit har om å sjå til regelverketterleving i barnehagane, er eit av minstekrava at barnehagemyndigheita har kjennskap til kva

barnehagar som er i kommunen. Utan kjennskap til barnehagane, kan ikkje kommunen som barnehagemyndigheit oppfylle si plikt etter føresegna.

 Stryn kommune er organisert som tre –nivå kommune. I tillegg til skule- og kultursjef har kommunen avdelingsleiar barnehage med barnehagefagleg utdanning.

 Kommunen har gjennom administrative system som Oppad og Kvalitetslosen god oversikt over bemanning, barnegrupper og barnetal i den enkelte kommunale barnehage.

 Barnehagane rapporterer årleg i Basil. Kommunen har ikkje andre rapporteringssystem for privat barnehage og familiebarnehage.

 I intervju med tilsette i kommunale og den private barnehagen kjem det fram at dei har god kontakt med barnehagemyndigheita.

 Den private barnehagen er på lik line med dei kommunale barnehagane deltakarar i administrasjonsmøte for styrargruppa.

 Den private familiebarnehagen får rettleiing av kommunal barnehage.

Konklusjon: Barnehagemyndigheita har god oversikt over barnehagane dei skal gi rettleiing og føre tilsyn med.

2. Har kommunen oversikt over kva lovkrav kommunen fører tilsyn med?

For å oppfylle ansvaret som barnehagemyndigheit, om å sjå til regeletterleving i

barnehagane, må kommunen ha oversikt over kva lovkrav den rettleier om og fører tilsyn med. Dersom det er deler av lovverket barnehagemyndigheita ikkje kjenner til, vil kommunen ikkje kunne oppfylle si plikt til å sjå til regelverketterleving av aktuelle føresegner på

barnehagenivå.

 Barnehagemyndigheita har utarbeidd plan for tilsyn med barnehagane og mal for rapport.

 Barnehagemyndigheita har utarbeida sjekkliste som blir brukt i gjennomføringa av tilsynet. Sjekklista viser til fleire av paragrafane i barnehagelova.

Konklusjon: Fylkesmannen finn det godtgjort at barnehagemyndigheita har oversikt over lovkrav dei fører tilsyn med.

3. Har kommunen tilstrekkeleg kunnskap om barnehagane til å vurdere behovet for rettleiing og tilsyn?

Plikta å sjå til regeletterleving på barnehagenivå, inneber både aktivitet til å vurdere risiko for brot på regelverket, og plikt til å bruke verkemidla sine slik at barnehagemyndigheita ser til regeletterleving. Kontrollspørsmålet omhandlar plikta til å vurdere risiko for brot på

(10)

regelverket. For å gjere dette, må barnehagemyndigheita ha ein viss kjennskap til regeletterleving på barnehagenivå. Utan informasjon, kan ikkje kommunen som barnehagemyndigheit verken vurdere risiko for brot på regelverket, eller kva behov barnehagane har for rettleiing eller tilsyn.

Stryn kommune har utarbeida kommunedelplan for oppvekst 2014-2020. Planen har eit eige kapittel om barnehage. Alle barnehagane har vore delaktige i prosessen med utforming av planen.

Kommunedelplan for oppvekst skal vere overordna og gi styring for pedagogisk innhald i barnehagane. Skule- og kultursjef stadfester at implementering av planen er ikkje godt nok følgt opp.

 I intervju med styrarane kjem det fram at barnehagemyndigheita, gjennom kommunedelplan for oppvekst, ikkje legg føringar for innhaldet i årsplanarbeidet.

 Alle barnehagane leverer årsplanar til barnehagemyndigheita.

 Kommunale barnehagar skal gjennom månadlege og årlege rapporteringar kommentere på økonomi, sjukefråvær og avvik.

 Årshjul/ekspedisjonsplan for skule og barnehage viser ei oversikt over faste oppgåver fordelt på kvar månad.

 Barnehagemyndigheita har årshjul som syner at lovkrava i barnehagelova vert gjennomgått årleg.

 Det blir gjennomført administrasjonsmøte med styrar og rektor ein gong i månaden.

Ein del av møtet er felles for begge gruppene medan særmøte for barnehage og skule er kvar for seg.

 Privat barnehage styrar deltek på administrasjonsmøte.

 Skule- og kultursjef er ansvarleg for møteinnkalling og sakliste. Avdelingsleiar barnehage leier møtet. Ein av styrarane skriv referat etter særmøte barnehage.

 Stryn kommune har i tilsynet lagt fram sakliste og referat etter administrasjonsmøte.

 Dokumentasjonen viser at tema for administrasjonsmøta omhandlar administrative oppgåver.

 Særmøte for barnehage har tema som er knytt til satsinga Pedagogisk leiing, beste praksis og ulike barnehagesaker inklusiv nokre tema frå barnehagelova (§ 22, bruk av ulike verktøy, ståstadanalyse, foreldrekartlegging, tilsetjing, opptak mm).

 Stryn kommune har felles kompetanseplan og den dannar grunnlag for felles pedagogisk utvikling i alle barnehagane.

 Det kom fram i intervju med barnehagemyndigheita at alle barnehagane i kommunen deltek på felles satsingsområde Pedagogisk leiing, beste praksis.

Barnehagemyndigheita leier prosjektet og deltek aktivt med rettleiing og oppfølging etter fastsett prosjektplan.

 Fokusområde i Pedagogisk leiing, beste praksis blir bestemt ilag med styrarar og pedagogiske leiarar.

(11)

 Barnehagemyndigheita gjennomførte tilsyn med barnehagane i 2013 og 2014.

Kommunen har skrive tilsynsrapportar etter tilsyna.

 Stryn kommune gjennomfører dialogmøte med alle barnehagane. Deltakarar er barnehagemyndigheita og politisk utval.

Konklusjon: Gjennom årsrapport i Basil, månadlege årsrapportar på økonomi, sjukefråvær og avvik, administrasjonsmøte, system for risikovurdering, formell og uformell kontakt innhentar barnehagemyndigheita informasjon frå barnehagane om korleis dei etterlever reglane i barnehagelova med forskrifter. Vi vurderer difor at kommunen har tilstrekkeleg kunnskap om barnehagane til å vurdere behovet for rettleiing og tilsyn.

4. Brukar kommunen denne kunnskapen til å vurdere behovet for rettleiing og tilsyn?

På bakgrunn av informasjon om regeletterleving på barnehagenivå, skal

barnehagemyndigheita vurdere behovet for rettleiing og tilsyn. Dette inneber å kartlegge risiko for regelverksbrot ved bruk av kjelder som seier noko om regeletterlevinga (jf. spørsmål 3). Vidare må det også vurderast kva verkemiddel som er eigna for å sjå til regeletterleving.

Dersom barnehagemyndigheita ikkje brukar informasjon om regeletterleving på

barnehagenivå, vil heller ikkje tema som blir valde for tilsyn og retteleiing, vere i tråd med dei faktiske behova. Dette vil igjen føre til at kommunen ikkje sikrar regelverketterleving ved gjennomføring av tilsyn og rettleiing, jf. § 8.

 Barnehagemyndigheita les barnehagane sine årsrapportar.

 Kommunen har gjennom administrativt system Oppad god oversikt over bemanning, barn og barnegrupper i kommunale barnehagar.

 Det kom fram i intervju at kommunen ikkje inn hentar rapport frå den private barnehagane utover årleg rapportering i Basil.

 Kommunen har dokument for risikovurdering knytt til lovkrav som gjeld både for barnehagemyndigheita og den enkelte barnehage.

 Stryn kommune gjennomfører dialogmøte med alle barnehagane. Deltakarar er barnehagemyndigheita og politisk utval.

 Barnehagemyndigheita utformer kompetanseplan. Satsingsområde vert bestemt ut frå kva barnehagemyndigheita ser er behov og innmeldt behov frå alle barnehagane.

 Stryn kommune har utarbeidd plan for tilsyn med mål om gjennomføring kvart fjerde år.

 Rapportering i Basil viser at det er gjennomført tilsyn med alle barnehagane.

 Intervju med styrarane stadfestar at det blir gjennomført tilsyn etter fastsett plan.

 Det er utarbeida sjekkliste med spørsmål knytt til barnehagelova for bruk i tilsyn.

(12)

Konklusjon: Stryn kommune har god oversikt over barnehagetilbodet. Det er god dialog med alle barnehagane. Barnehagemyndigheita har system for kartlegging og risikovurdering som dannar grunnlag for val av rettleiing og/eller tilsyn som metode. På denne måten skaffar barnehagemyndigheita seg kunnskap til å vurdere behovet for rettleiing og/eller tilsyn.

5. Gjennomfører kommunen rettleiing og/eller tilsyn som svarer til behovet?

Behovet for rettleiing og tilsyn er omtala i kontrollspørsmål 3 og 4. Desse spørsmåla handlar om at kommunen som barnehagemyndigheit skaffar seg tilstrekkeleg kunnskap om

barnehagane og på bakgrunn av dette vurderer verkemiddel. Dersom desse to trinna blir gjennomført, vil kommunen ha eit bilete av kvar regelverketterlevinga eventuelt er mangelfull (risikovurdering). På bakgrunn av denne informasjonen, må

barnehagemyndigheita bruke verkemidla sine (rettleiing og tilsyn). Dersom ikkje verkemidla blir brukt i tråd med det behovet som er kartlagt, oppfyller ikkje kommunen som

barnehagemyndigheit plikta si til å sjå til regelverketterleving, jf. § 8.

 I intervju med barnehagemyndigheita blir det vist til at dei har god kontakt med alle styrarane noko som blir stadfesta i intervju med styrarane.

 Kontakten barnehagemyndigheita har med barnehagane er dialog, e-post og i dei månadlege administrasjonsmøta.

 Barnehagemyndigheita har årshjul som syner at lovkrava i barnehagelova vert gjennomgått årleg.

 Kommunen har dokument for risikovurdering knytt til lovkrav som gjeld både for barnehagemyndigheita og den enkelte barnehage.

 Barnehagemyndigheita gjennomfører tilsyn med alle barnehagane kvart fjerde år etter oppsett tilsynsplan. I tilsynsplanen står det at kommunen kan gjennomføre tilsyn etter behov, og ulike tema kan i periodar få auka fokus, for eksempel satsingsområde.

 Ved tilsyn skal den enkelte barnehage fylle ut eit tilsynsskjema som er ein del av dokumentasjonen. Skjema dannar grunnlag for gjennomføring av tilsynet.

 Det vert i intervju med styrarane og barnehagemyndigheita sagt at det er

gjennomført tilsyn med barnehagane i 2013/2014. Det er skrive rapport etter tilsyna.

Konklusjon: Fylkesmannen finn det godtgjort at kommunen gjennom sine system gjennomfører rettleiing og tilsyn som svarer til behovet.

6. Er kommunen si rettleiing og tilsyn basert på rett lovforståing av lovgrunnlaget?

(13)

For at kommunen som barnehagemyndigheit skal oppfylle si plikt i å sjå til

regelverketterleving, må kommunen syte for å ha rett forståing av regelverket. Det gjeld også når det blir gitt pålegg om retting av ulovlege forhold, jf. §16.

 Barnehagemyndigheita har årshjul som syner at lovkrava i barnehagelova vert gjennomgått årleg.

 Kontrollskjema nytta i tilsyn er forankra i aktuelle lovkrav i barnehagelova.

Konklusjon: Fylkesmannen finn det godtgjort at rettleiing og/eller tilsyn er basert på rett lovforståing av lovgrunnlaget.

7. Vurderer og konkluderer kommunen på lovleg/ ikkje lovleg i tilsynet og blir vurderingar og konklusjonar i tilsynet formidla skriftleg til tilsynsobjektet?

For å sjå til regelverketterleving med tilsyn som verkemiddel, må barnehagemyndigheita vurdere forholda i barnehagen opp mot aktuelle lovkrav og konkludere på om tilhøva i barnehagen er i tråd med barnehagelova. Barnehagen har gjennom forvaltningsrettens ulovfesta prinsipp om god forvaltningsskikk krav på å få vite kva vurderingar som er gjort i tilsynet, og kva konklusjon barnehagemyndigheita har fatta. Dette må gjerast skriftleg.

Vidare har kommunen som barnehagemyndigheit plikt om å sjå til regleverketterleving.

Der kommunen fattar vedtak om pålegg må vurderingar og konklusjonar om brot på regelverket bli formidla skriftleg til barnehagane. Dette for å sikre at brot på regelverket blir retta. For at tilsyn som verkemiddel skal ha det resultat at kommunen ser til

regelverketterleving, må barnehagane rette opp aktuelle brot på regelverket.

Barnehagelova legg opp til at barnehagemyndigheita har ein valfridom knytt til bruk av pålegg ved ulovlege tilhøve i barnehagar, jf. § 16 anna ledd. Då må

barnehagemyndigheita bruke rettleiing som verkemiddel. Dersom brot på regelverket ikkje blir retta, stå ukorrigert, ser ikkje barnehagemyndigheita til at barnehagen har regeletterleving jf. § 8.

 Stryn kommune gjennomførte tilsyn med alle barnehagane i 2013/14.

 Det er framlagt dokumentasjon på tilsynsrapport og barnehagemyndigheita stadfester at det vart skrive rapport etter tilsyn og sendt alle barnehagane.

 Dokumentasjonen viser mal på tilsynsrapport som inneheld vurdering og konklusjon etter tilsyn. I rapporten er det informert om retten til å klage ved avdekka brot på regelverket.

Konklusjon: Stryn kommune vurderer og konkluderer på lovleg / ikkje lovleg i tilsynet.

(14)

8. Har kommunen oversikt over pedagogiske tilsette i kommunale og private barnehagar?

Det skal vere minimum ein pedagogisk leiar per 14 – 18 barn når barna er over tre år og ein pedagogisk leiar per 7 – 9 barn når barna er under tre år, og barna si daglege opphaldstid er over seks timar. Hensikta med hovudregelen om pedagognorm er å sikre at det er tilstrekkeleg personale med pedagogisk kompetanse som kan sikre eit likeverdig barnehagetilbod med god kvalitet.

 Kommunen har gjennom administrative system oversikt over bemanning, barnegrupper og barnetal i kommunale barnehagar.

 Barnehagemyndigheita gjennomfører samla barnehageopptak i eige elektronisk opptakssystem. Den private barnehagen er inkludert i dette systemet.

 Stryn kommune har oversikt over alle barnehagane Basil.

 Barnehagemyndigheita stadfester at dei har jamleg kontakt og god dialog med den private barnehagen og familiebarnehagen i tillegg til informasjon som dei innhentar i Basil.

Konklusjon: Kommunen har oversikt over pedagogisk bemanning i kommunale, privat barnehage og familiebarnehage gjennom administrative system, god kontakt og årleg rapportering i Basil. Fylkesmannen konkluderer med at Stryn kommune har god oversikt over pedagogiske bemanning i barnehagane.

9. Har kommunen rett lovforståing av kravet til pedagogisk bemanning, og kravet til vedtak om dispensasjon utan slik utdanning?

Det er barnehagemyndigheita sitt ansvar er å sjå til at bemanninga er tilstrekkeleg at til at personalet kan drive ei tilfredsstillande pedagogisk verksemd. Pedagogiske leiarar skal ha utdanning som barnehagelærarar og kommunen kan gi dispensasjon frå utdanningskravet.

Barnehageeigar skal søke barnehagemyndigheita om dispensasjon. I søknaden må det kome fram at stillinga har vore utlyst og ingen kvalifiserte søkarar har meldt seg.

Barnehagemyndigheita skal lage vedtak om dispensasjon som skal innehalde vurdering, kven som skal følgje opp den tilsette og gi rettleiing. Vedtaket er personleg og skal innehalde tidsavgrensing i høve dispensasjonstida. Klage på vedtaket skal sendast til fylkesmannen.

 Dokumentasjonen viser mal på søknadsskjema og vedtaksskjema for dispensasjon for utdanningskravet som er forankra i barnehagelova §§ 17 og 18.

 Kommunen har laga vedtak på ein dispensasjon for pedagogisk leiar for barnehageåret 2016/17.

Konklusjon: Fylkesmannen finn det godtgjort at Stryn kommune har rett lovforståing av kravet til pedagogisk bemanning, og kravet til vedtak om dispensasjon utan slik utdanning

(15)

3.4 Fylkesmannen sin konklusjon

Stryn kommune har god oversikt over barnehagetilbodet. Det er god dialog med alle

barnehagane. Barnehagemyndigheita har årshjul som syner at lovkrava i barnehagelova vert gjennomgått årleg.

Stryn kommune har utarbeida system for tilsyn. Tilsyn blir gjennomfører etter oppsett tilsynsplan. Kontrollskjema i tilsyn er forankra i lovkrava i barnehagelova. Det er utarbeida mal for tilsynsrapport som viser at barnehagemyndigheita skal vurdere og konkludere på tilsyna, jf. barnehagelova § 16.

Stryn kommune har gjennom administrative system, god kontakt og årleg rapportering i Basil god oversikt over pedagogisk bemanning i barnehagane. Kommunen lagar vedtak om

dispensasjon for pedagogisk leiar ut frå rett lovforståing jf. barnehagelova § 18.

Fylkesmannen konkluderer ut frå dokumentasjon og intervju at Stryn kommune som barnehagemyndigheit har oppfylt den plikta dei har til å «gi veiledning og påse at barnehagene drives i samsvar med gjeldende regelverk», jf. barnehagelova § 8.

4. Avslutting av tilsynet

Fylkesmannen avdekka ingen brot på regelverket. Rapporten er endeleg og tilsynet blir med dette sett på som avslutta.

Leikanger 06.12.2016.

Bodhild Therese Cirotzki Rådgjevar

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Hå kommune skal gjennom sitt tilsyn sjå til at barnehagane i kommunen driv etter krava i barnehagelova jf.. legge til grunn rett lovforståing i

1. Berlevåg kommune skal gjennom tilsyn påse at barnehagen i kommunen etterlever kravene i barnehageloven jf barnehageloven §§ 8 og 16. Berlevåg kommune skal gjennomføre tilsyn

Rindal kommune fører tilsyn med at barnehagane i kommunen etterlever opplysingsplikta til barnevernet slik denne går fram av barnehagelova

Fylkesmannen har ført tilsyn med Åmli kommune som barnehagemyndigheit. Tema for tilsyn har vore korleis barnehagemyndigheita utøv si oppgåve med å «påse» / sjå til at

På grunnlag av den nye malen «Tilsynsrapport for barnehagane i Ørskog» - som er send Fylkesmannen etter at førebels tilsynsrapport låg føre – finn Fylkesmannen ikkje

Fylkesmannen vurderer det også som at kommunen korkje i intervjua eller gjennom dokumenta har godtgjort at kommunen bruker kunnskapen han har om barnehagane til å vurdere

Fylkesmannen finn både ut frå dokumentasjonen og intervju at kommunen har kjennskap til barnehagane dei skal føre tilsyn med.. 3.3.2 Oversikt over lovkrava

dokumentasjon og intervju under tilsynet kjem det ikkje fram om det frå kommunen si side har vore oppfølging etter barnehagane si tilbakemelding.. Kommunesjefen har eitt