• No results found

TILSYNSRAPPORT Barnehagelova §§ 8, 16 og 18

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "TILSYNSRAPPORT Barnehagelova §§ 8, 16 og 18"

Copied!
13
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

TILSYNSRAPPORT

Barnehagelova §§ 8, 16 og 18

 Kommunen som barnehagemyndigheit, jf. barnehagelova § 8

 Kommunen som tilsynsmyndigheit, jf. barnehagelova § 16

 Dispensasjon frå utdanningskravet, jf. barnehagelova § 18

Selje kommune

Sak 2016/2624 Dato 20.12.2016

(2)

Innhald

Innhald...2

Samandrag...2

1. Innleiing...4

2. Om tilsynet med Selje kommune ...4

2.1 Fylkesmannen fører tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit...4

2.2 Tema for tilsyn...4

2.2.1 Rettleiing ...4

2.2.2 Tilsyn...5

2.2.3 Barnehagens øvrige personale ...5

2.3 Om gjennomføringa av tilsynet ...5

3. Kommunen sitt ansvar...6

3.1 Rettsleg krav § 8 kommunen som barnehagemyndigheit...6

3.2 Fylkesmannen si undersøking...7

3.2.1 Kontrollspørsmål ...8

3.3 Fylkesmannen sin vurdering og konklusjon...13

4. Avslutting av tilsynet ...13

(3)

Samandrag

Tilsynsrapporten gir ikkje ei heilskapsvurdering av barnehagemyndigheita. Rapporten omhandlar berre resultat knytt til tema som er valt, og på det tidspunktet tilsynet er gjennomført. Når det gjeld metode for tilsyn etter barnehagelova har

Utdanningsdirektoratet utarbeidd eiga handbok som Fylkesmannen skal nytte. Handboka1 ligg på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Tema

Det er gjennomført tilsyn med tema:

 Kommunen som barnehagemyndigheit, jf. barnehagelova § 8

 Kommunen som tilsynsmyndigheit, jf. barnehagelova § 16

 Dispensasjon frå utdanningskravet, jf. barnehagelova § 18

Formål med tilsynet

Det overordna målet med tilsynet er å styrke kommunen si rolle som barnehagemyndigheit.

Gjennom tilsynet ønskjer Fylkesmannen å setje søkelys på barnehagemyndigheita sitt ansvar for å sikre etterleving av krava i barnehagelova, både for kommunen som

barnehagemyndigheit, og for den enkelte barnehage. Gjennom kontroll av kommunen skal eventuell lovstridig praksis avdekkjast og rettast opp.

Fylkesmannen legg barnekonvensjonen til grunn ved tilsyn med kommunen som

barnehagemyndigheit. Barnekonvensjonen er overordna og skal sikre at barnehagetilbodet er til beste for barnet og skal ha grunnleggande prioritet. Artikkel 3 i konvensjonen er tydeleg på at til beste for barn skal kome først, og skal vere grunnleggande i alle tiltak og vedtak som gjeld barn.

Kommunen sine myndigheitsoppgåver er regulerte i barnehagelova kap. IV

”Barnehagemyndigheita sine generelle oppgåver”. Dette inneber mellom anna at kommunen skal rettleie og kontrollere at barnehagane vert drivne etter gjeldande regelverk jf.

barnehagelova § 8.

Gjennomføring

Tilsynet med Selje kommune vart opna i varselbrev 19.08.2016. Tilsynet tek utgangspunkt i situasjonen på barnehageområdet til Selje kommune på tilsynstidspunktet.

Selje kommune har til saman tre kommunale barnehagar. Selje kommune er ein to- nivå kommune med barnehagemyndigheitsrolla lagt til driftsleiar oppvekst og kultur. Tilsynet er utført som dokumenttilsyn.

1Metodehåndbok for tilsyn - en håndbok for tilsyn i metode for tilsyn etter barnehageloven og opplæringsloven.

(4)

Status på rapporten og vegen vidare

Fylkesmannen avdekka ingen brot på regelverket og rapporten er endeleg. Tilsynet vert med rapporten sett på som avslutta.

1. Innleiing

Fylkesmannen har i perioden frå 19.08.2016 til dags dato gjennomført tilsyn med Selje kommune som barnehagemyndigheit. Tilsynet avdekka ingen brot på regelverket. Rapporten er endeleg og tilsynet vert med dette sett på som avslutta.

Konklusjonen bygger på kjeldemateriale i innsendt dokumentasjon, og tek berre utgangspunkt i status på det tidspunktet som tilsynet er gjennomført.

2. Om tilsynet med Selje kommune

2.1 Fylkesmannen fører tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit

Fylkesmannen fører tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit, jf. barnehagelova § 9 andre ledd. Fylkesmannen sitt tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit er tilsyn med dei lovpålagde oppgåvene til kommunen, jf. kommunelova § 60 b.

Fylkesmannen sitt tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit er utøving av

myndigheit og skjer i samsvar med reglane i forvaltningsretten. Tilsynet skal vere prega av openheit, likebehandling, skal kunne etterprøvast og skal gjennomførast på ein effektiv måte.

I dei tilfella der Fylkesmannen konkluderer med at eit rettsleg krav ikkje er oppfylt, vert dette sett på som brot på regelverket, uavhengig av om det er barnehagelova eller forskrift til barnehagelova som er broten.

2.2 Tema for tilsyn

Tilsynet skal undersøke om kommunen utfører dei oppgåvene den er pålagt som barnehagemyndigheit, jf. barnehagelova §§ 8, 16 og 18

 Kommunen skal sjå til at barnehagane driv i samsvar med lovkrav, jf. barnehagelova § 8

 Kommunen som tilsynsmyndigheit, jf. barnehagelova § 16

 Kommunen si handtering av søknadar om dispensasjon frå utdanningskrav, jf. barnehagelova § 18 og i forvaltningslova § 2.

Kommunen som barnehagemyndigheit har fått som oppgåve å sjå til at alle barnehagane i kommunen, både kommunale og private, vert drivne i samsvar med gjeldande regelverk, jf.

barnehagelova § 8. Kommunen skal sjå til at barnehagetilbodet og drifta er i samsvar med barnehagelova, ved hjelp av verkemidla godkjenning, rettleiing og tilsyn.

(5)

2.2.1 Rettleiing

Kommunen som barnehagemyndigheit skal gjennom bruk av rettleiing gi ei oversikt over kva barnehagelova med forskrifter krev og kva som må gjerast for å få drifta i samsvar med denne. Barnehagemyndigheita sitt ansvar for å rettleie etter § 8, gjeld i forhold til

barnehagelova med forskrifter, dvs. dei samfunnskrava og forventningane til verdigrunnlag, rammevilkår, arbeidsmåtar og innhald som ligg i regleverket.

Målet med rettleiing er at barnehageeigar skal få høve til å rette opp i tilhøve som kan føre til uforsvarleg eller ulovlege forhold.

2.2.2 Tilsyn

Kommunen sitt ansvar for å føre tilsyn er nærare regulert i Barnehagelova § 16.

Barnehagelova gir ingen reglar for korleis og kor ofte tilsyn skal gjennomførast. Tilsyn er likevel ein viktig del av kommunen sitt ansvar for å sjå til at barnehagane vert drivne i

samsvar med gjeldande regelverk. Kommunen skal sjølv vurdere behov for tilsyn ut frå lokale tilhøve og risikovurderingar. Dersom kommunen nyttar tilsyn skal det skrivast ein rapport, og tilsynsobjektet skal orienterast om innhaldet i rapporten.

2.2.3 Barnehagens øvrige personale

Pedagogiske leiarar skal ha utdanning som barnehagelærarar og kommunen kan gi dispensasjon frå utdanningskravet. Klage på vedtaket skal sendast til fylkesmannen.

Kommunen sitt ansvar er å sjå til at bemanninga er tilstrekkeleg til at personalet kan drive ei tilfredsstillande pedagogisk verksemd.

2.3 Om gjennomføringa av tilsynet

Tilsyn med Selje kommune vart opna gjennom brev 19.08.2016. Kommunen er pålagd å leggje fram dokumentasjon for Fylkesmannen med heimel i kommunelova § 60 c.

Fylkesmannen sine vurderingar og konklusjonar er basert på gransking av skriftleg dokumentasjon frå kommunen.

Følgjande dokument inngår i dokumentasjonsgrunnlaget for tilsynet:

 Organisasjonskart for Selje kommune

 Delegasjonsreglement

 Årsrapportar oppvekst

 Årsplan Flatraket og Selje barnehage

 Årshjul

 Referat frå oppvekstmøte

 Referat frå styrarmøte

 Referat frå pedagogisk leiarmøte

 Plan for tilsyn

 Tilsynsskjema/rapport

 Vedtak om dispensasjon frå utdanningskravet pedagogisk leiar i Flatraket og Selje barnehage

(6)

 Eigenvurderingsskjema i RefLex

3. Kommunen sitt ansvar

3.1 Rettsleg krav § 8 kommunen som barnehagemyndigheit

§ 8 Kommunen sitt ansvar, første ledd:

«Kommunen er lokal barnehagemyndighet. Kommunen skal gi veiledning og påse at barnehagene drives i samsvar med gjeldende regelverk.»

Kommunen er lokal barnehagemyndigheit. Kommunen skal sikre eit heilskapleg

barnehagetilbod med god kvalitet tilpassa lokale forhold og behov. Kommunen skal gje rettleiing og sjå til at barnehagane vert drivne i samsvar med gjeldande regelverk.

Barnehagemyndigheita har eit overordna ansvar for å sikre at barna får eit godt og forsvarleg barnehagetilbod, jf. barnehagelova § 8 første ledd. Barnehagetilbodet må samsvare med lokale forhold og prioriteringar, samtidig som nasjonale føringar skal takast omsyn til, jf.

barnehagelova § 8 andre ledd.

§ 16 Tilsyn:

«Kommunen fører tilsyn med virksomheter etter denne lov. Kommunen kan gi pålegg om retting av uforsvarlige eller ulovlige forhold ved godkjente eller godkjenningspliktige

virksomheter. Hvis fristen for å etterkomme pålegget ikke overholdes, eller hvis forholdet ikke lar seg rette, kan kommunen vedta tidsbegrenset eller varig stenging av virksomheten».

Kommunen som barnehagemyndigheit fører tilsyn med kommunal og privat barnehage for å sikre at dei vert drivne etter gjeldande regelverk og har ei forsvarleg drift. Tilsyn etter

barnehagelova omfattar alle krav stilte i lov og forskrifter. Tilsyn er ei sentral oppgåve som kommunen utfører kontinuerleg. Tilsynet omhandlar revisjonskontroll og rettleiing av barnehagesektoren. Kommunen som barnehagemyndigheit vurderer om barnehagen vert driven etter barnehagelova og om barnehagetilbodet er forsvarleg. Kommunen kan gje pålegg om retting av uforsvarlege eller ulovlege forhold ved godkjende eller

godkjenningspliktige verksemder, jf. barnehagelova § 16, generelle merknader.

For å sjå til regelverketterleving med tilsyn som verkemiddel, må barnehagemyndigheita vurdere forholda i barnehagen opp mot aktuelle lovkrav og konkludere på om tilhøva i barnehagen er i tråd med barnehagelova. Det skal skrivast rapport etter tilsyn som inneheld vurdering og konklusjon av funna.

Dersom det vert gitt pålegg om retting av ulovlege eller uforsvarlege tilhøve, må kommunen følgje opp. Vedtak om lukking av brot på regelverket må innehalde tidsfrist. Dersom fristen for å rette pålegg ikkje vert halden, kan tilsynsmyndigheita vedta avgrensa stenging med ny frist for retting. Viser det seg at pålegget ikkje kan rettast kan tilsynsmyndigheita vedta varig stenging av verksemda.

(7)

Kommunen som tilsynsverksemd er utøving av offentleg mynde. Utøving må skje i samsvar med forvaltningsrettslege prinsipp om likebehandling og forsvarleg drift.

Eit pålegg om retting og stenging er enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 b, med klagerett til Fylkesmannen.

§ 18 Barnehagens øvrige personale:

«Pedagogiske ledere må ha utdanning som førskolelærer. Likeverdig med

førskolelærerutdanning er annen treårig pedagogisk utdanning på høgskolenivå med videreutdanning i barnehagepedagogikk. Kommunen kan gi dispensasjon fra

utdanningskravet i første ledd. Kommunens vedtak kan påklages til fylkesmannen.

Bemanningen må være tilstrekkelig til at personalet kan drive en tilfredsstillende pedagogisk virksomhet.»

Kravet til utdanning er sett for at tilsette skal ha nødvendig kompetanse for å sikre barna eit likeverdig pedagogisk tilbod av god kvalitet.

Kommunen som barnehagemyndigheit kan etter søknad frå barnehageeigar gi mellombels dispensasjon frå utdanningskravet for styrar og pedagogisk leiar. Mellombels dispensasjon kan bli gitt på inntil eitt år av gangen når stillinga har vore utlyst, og det har ikkje meldt seg kvalifiserte søkarar.

Kommunen som barnehagemyndigheit skal gjere ei samla vurdering av den reelle kompetansen hjå den det vert søkt dispensasjon for. Kommunen kan, etter ei samla vurdering, stille relevante vilkår ved vedtak om mellombels dispensasjon. Dispensasjon er personleg knytt til ei konkret stilling i ein konkret barnehage.

3.2 Fylkesmannen si undersøking

Fylkesmannen har undersøkt om kommunen som barnehagemyndigheit, gjennom aktiv rettleiing og/eller tilsyn, ser til at barnehagane vert drivne i samsvar med gjeldande

regelverk jf. barnehagelova § 8. I tillegg har vi sett på kommunen sin praksis for tilsetjing av pedagogisk leiar på dispensasjon jf. barnehagelova § 18.

Fylkesmannen har motteke eigenvurderingsskjema frå RefLex2 og dokumentasjon frå Selje kommune som er grunnlag for Fylkesmannen sine vurderingar. Vi har undersøkt innlevert dokumentasjon og kontrollert den opp mot krav fastsett i barnehagelova.

Vurderingar og konklusjonar i rapporten bygger på kontrollspørsmåla i RefLex som er utarbeidd av Utdanningsdirektoratet. 2

2 https://reflex.udir.no/Sikkerhet/UkjentBruker?ReturnUrl=%2f

(8)

Fylkesmannen har vurdert om barnehagemyndigheita gjennom bruk av verkemidla rettleiing og tilsyn, ser til at barnehagane vert drivne i samsvar med gjeldande regelverk.

3.2.1 Kontrollspørsmål Risikovurdering

1. Har kommunen oversikt over barnehageeigar sine plikter etter barnehagelova?

Barnehagemyndigheit betyr dei i kommunen som utfører myndigheitsoppgåvene etter barnehagelova med forskrifter. Oversikt over inneber ein overordna kjennskap til eigarpliktene som finst i barnehagelova med forskrifter. Det er ikkje nødvendig med detaljkunnskap om alle pliktene til barnehageeigaren, eller at det ligg føre ei oversikt i eit bestemt format.

 Selje kommune ved driftsrådgjevar oppvekst og kultur svarar i RefLex at ho er godt informert og oppdatert på kommunen sine plikter i høve barnehagelova.

 Selje kommune har utarbeidd vedtekter for barnehagane som er i tråd med barnehagelova.

 Referat frå oppvekstmøte viser overordna administrative tema og tema relaterte til krav i barnehagelova.

 Referat frå styrarmøte inneheld tema relaterte til krav i barnehagelova.

 Selje kommune har plan for tilsyn som seier noko om kven som har delegert

myndigheit for å gjennomføre tilsyn med barnehagane. Planen inneheld årshjul som viser ulike møte, arbeid med resultatleiing og tilsyn med kvar av barnehagane.

Konklusjon: Barnehagemyndigheita har god oversikt over lovgrunnlaget i barnehagelova.

2. Har barnehagemyndigheita tilstrekkeleg kunnskap om korleis alle barnehageeigarane tilfredsstiller sine plikter etter barnehagelova?

Tilstrekkelig kunnskap vil seie å ha nok og eigna informasjon om barnehagane til å gjere risikovurderingar. Dersom barnehagemyndigheita ikkje har tilstrekkeleg informasjon, må ho innhente det. Utan informasjon om regleverketterleving kan ikkje barnehagemyndigheita vurdere risikoen for brot på regelverket og behovet for rettleiing og tilsyn. Kommunen må ha dokumentasjon som viser at regelverket er kjent, forstått og praktisert av barnehageeigar.

 Selje kommune har tre barnehagar og alle er kommunale.

 Selje kommune har vedtekter som er forankra i barnehagelova.

 Barnehagemyndigheita gjennomfører jamlege oppvekst- og styrarmøte der barnehagelova er tema.

 Barnehagemyndigheita deltek på pedagogisk leiar- og foreldremøte i barnehagane.

 Selje kommune jobbar etter programmet Resultatleiing – program for leiing,

kvalitetsutvikling og kompetanseheving i barnehagane. Barnehagane skal planlegge,

(9)

gjennomføre og vurdere etter modell med mål om å auke kompetansen og heve kvaliteten på det pedagogiske arbeidet.

 Dokumentasjonen viser årsplanane til Selje og Flatraket barnehage som begge skildrar arbeidet med resultatleiing.

 Det kjem fram av eigevurderinga at barnehagemyndigheita har jamleg kontakt med styrarane på telefon og e-post.

Konklusjon: Barnehagemyndigheita har tilstrekkeleg kunnskap om korleis barnehageeigar tilfredsstiller sine plikter etter barnehagelova.

3. Brukar barnehagemyndigheita denne kunnskapen til å gjere risikovurdering for å vurdere behovet for rettleiing og tilsyn?

Risikovurdering er kontinuerleg vurdering av sannsynleg konsekvens av brot på pliktene til barnehageeigar i barnehagelova med forskrifter. Dette inneber både aktivitet til å vurdere risiko for brot på regelverket, og plikt til å bruke verkemidla rettleiing og tilsyn slik at barnehagemyndigheita ser til regeletterleving.

Dette inneber at barnehagemyndigheten må kartlegge risiko for brot på regelverket ved bruk av kjelder som seier noko om regelverksetterleving. Barnehagemyndigheita må vidare

vurdera kva som er eigna til å påse regelverketterleving. Barnehagemyndigheita må bruke kunnskapen om barnehagen når dei skal vurdere val av verkemiddel rettleiing og/eller tilsyn.

 I eigenvurderinga skriv barnehagemyndigheita at risikovurdering vert gjort på bakgrunn av informasjon gjennom jamleg kontakt med styrarane og barnehagane.

 Barnehagemyndigheita brukar oppvekst og styrarmøta til drøfting, rettleiing og gjensidig læring.

 Gjennom årsrapporteringa Basil har barnehagemyndigheita oversikt over barnehagane.

 Alle barnehagane skal skrive årsrapport som skal innehalde rekneskapsmessige resultat og kvalitative forhold på tenestilbodet.

 Årshjulet i tilsynsplanen viser årleg stadleg tilsyn med barnehagane.

 Barnehagemyndigheita skriv i eigenvurderinga at hendingsbaserte tilsyn vil kome i tillegg til planlagde.

Konklusjon: Selje kommune har god oversikt og kjennskap til barnehagane til å gjere ei risikovurdering for å vurdere behovet for rettleiing og tilsyn.

(10)

4. Er barnehagemyndigheita si risikovurdering basert på rett forståing av barnehagelova?

Rett forståing betyr å bruke lov og forskrifter i tråd med gjeldande regelverk. For å

gjennomføre effektiv kontroll, må barnehagemyndigheta vita kva rettslege krav regelverket stiller til barnehageeigar. Dette inneber å bruke gyldige rettskjelder og leggje til grunn gjeldande tolking frå nasjonale myndigheiter.

For å oppfylle ansvaret som barnehagemyndigheit, om å sjå til regeletterleving i

barnehagane, må kommunen ha oversikt over kva lovkrav den rettleier om og fører tilsyn med. Dersom det er deler av lovverket barnehagemyndigheita ikkje kjenner til, vil kommunen ikkje kunne oppfylle si plikt til å sjå til regelverketterleving av aktuelle føresegner på

barnehagenivå.

 Barnehagemyndigheita har jamlege møte med styrarane med tema årsrapportar, årsmelding, brukarundersøking og sjukefråvær og ein drøftar årsak og tiltak.

 Selje kommune har plan for tilsyn med årshjul som viser oversikt over ulike møte, stadlege tilsyn og arbeidet med resultatleiing.

 Selje kommune jobbar etter modellen Resultatleiing (nemnt over).

Konklusjon: Fylkesmannen finn det godtgjort at barnehagemyndigheita si risikovurdering er basert på rett forståing av barnehagelova.

5. Gjennomfører barnehagemyndigheita rettleiing og tilsyn i tråd med risikovurderingane sine?

Rettleiing vil seie aktiv rettleiing til barnehageeigarane om eigarpliktene i barnehagelova med forskrifter. Rettleiinga skal vere frivillig for barnehageeigaren.

Tilsyn er kontroll av om barnehageeigaren oppfyller eigarpliktene i barnehagelova med forskrifter. Tilsyn er utøving av offentleg myndigheit, og inneber å undersøkje praksis og påleggje endring av lovstridig praksis. I motsetning til rettleiing kan tilsyn gjennomførast mot barnehageeigaren sin vilje.

 Selje kommune sitt årshjul viser at det skal gjennomførast tilsyn med barnehagane i 2016 og 2017, dette vert stadfesta i eigenvurderinga i RefLex.

 Barnehagemyndigheita har jamlege møte med styrarane med tema årsrapportar, årsmelding, brukarundersøking og sjukefråvær og ein drøftar årsak og tiltak.

 Barnehagemyndigheita skriv i eigenvurderinga at Selje barnehage er valt ut som første tilsynsobjekt ut frå at det er den største barnehagen og den barnehagen som har nytilsett styrar.

Konklusjon: Fylkesmannen finn det godtgjort at Selje kommune gjennomfører rettleiing og tilsyn i tråd med risikovurderingane sine.

(11)

Rettleiing

6. Brukar barnehagemyndigheita rettleiing som verkemiddel der dette er nødvendig for å passe på regelverksetterleving etter barnehagelova hjå barnehageeigaren?

Rettleiing vil seie aktiv rettleiing til barnehageeigarane om eigarpliktene i barnehagelova med forskrifter.

 Selje kommune driv aktiv rettleiing av barnehagane med jamne møter, dialog og tett oppfølging.

6.1. Er rettleiinga frå barnehagemyndigheita basert på rett forståing av barnehagelova?

For at kommunen som barnehagemyndigheit skal oppfylle si plikt i å sjå til

regelverketterleving, må kommunen syte for å ha rett forståing av regelverket. Det gjeld også når det vert gitt pålegg om retting av ulovlege forhold, jf. §16.

Rettleiing vil seie aktiv rettleiing til barnehageeigarane om eigarpliktene i barnehagelova med forskrifter. Rettleiinga skal vere frivillig for barnehageeigaren. Rett forståing vil seie å bruke lova i tråd med gjeldande rett. Dette inneber å bruke gyldige rettskjelder, og leggje til grunn gjeldande tolking frå nasjonale myndigheiter.

 Barnehagemyndigheita gjennomfører jamlege oppvekst- og styrarmøte der

barnehagelova er tema. Møtereferat viser tema som: politiattest, teieplikt, retten til spesialpedagogisk hjelp, opptak og bemanning.

 I eigenvurderinga kjem det fram at oppvekst- og styrarmøta vert brukt til drøfting, rettleiing og gjensidig læring.

 Det kjem fram av eigevurderinga at barnehagemyndigheita har jamleg kontakt med styrarane på telefon og e-post.

Konklusjon: Fylkesmannen finn det godtgjort at Selje kommune brukar rettleiing som verkemiddel for å sjå til regelverksetterleving hjå barnehageeigar. Barnehagemyndigheita driv rettleiing basert på rett forståing av barnehagelova.

Tilsyn

7. Gjennomfører barnehagemyndigheita tilsyn?

Tilsyn er kontroll av om barnehageeigaren oppfyller eigarpliktene i barnehagelova med forskrifter. Tilsyn er utøving av offentleg myndigheit, og inneber å undersøkje praksis og påleggje endring av lovstridig praksis. I motsetning til rettleiing kan tilsyn gjennomførast mot barnehageeigaren sin vilje.

(12)

Dersom barnehagemyndigheita i si «påse» rolle vel å bruke rettleiing kan dei velje om dei også vil bruke tilsyn som verkemiddel for å passe på regelverksetterleving etter

barnehagelova hjå barnehageeigaren dei siste åra.

 Selje kommunen har eit årshjul som viser plan for gjennomføring av tilsyn med alle barnehagane i perioden desember 2016 - desember 2017, dette vert stadfesta i eigenvurderinga i RefLex.

 Selje kommune har mal for sjekkliste for tilsyn med barnehagane. Sjekklista stiller spørsmål om rammene, innhaldet i barnehagetilbodet og miljøretta helsevern.

Sjekklista vert også brukt som rapport for tilsyna.

Konklusjon: Tilsyn som verkemiddel er på tilsynspunktet ikkje nytta av Selje kommune.

Årshjulet for 2017 viser at barnehagemyndigheita skal gjennomføre stadleg tilsyn med alle tre barnehagane. Fylkesmannen finn det godtgjort at Selje kommune har system for praktisering av tilsyn som verkemiddel for å passe på regelverksetterleving etter barnehagelova hjå barnehageeigar.

Pedagogisk bemanning

8. Har kommunen oversikt over pedagogiske tilsette i kommunale og private barnehagar?

Det skal vere minimum ein pedagogisk leiar per 14 – 18 barn når barna er over tre år og ein pedagogisk leiar per 7 – 9 barn når barna er under tre år, og barna si daglege opphaldstid er over seks timar. Hensikta med hovudregelen om pedagognorm er å sikre at det er

tilstrekkeleg personale med pedagogisk kompetanse som kan sikre eit likeverdig barnehagetilbod med god kvalitet.

 Dokumentasjonen viser at bemanningsnorm er tema på styrarmøte i samband med opptak og tilsetjing.

 Selje kommune har oversikt over alle barnehagane i Basil.

Konklusjon: Selje kommune har tre barnehagar og alle er kommunale.

Barnehagemyndigheita har oversikt over pedagogisk bemanning gjennom faste møtepunkt, og årleg rapportering i Basil. Fylkesmannen konkluderer med at Selje kommune har oversikt over pedagogiske bemanning i barnehagane.

9. Har kommunen rett lovforståing av kravet til pedagogisk bemanning, og kravet til vedtak om dispensasjon utan slik utdanning?

Det er barnehagemyndigheita sitt ansvar er å sjå til at bemanninga er tilstrekkeleg at til at personalet kan drive ei tilfredsstillande pedagogisk verksemd. Pedagogiske leiarar skal ha utdanning som barnehagelærarar og kommunen kan gi dispensasjon frå utdanningskravet.

(13)

Barnehageeigar skal søke barnehagemyndigheita om dispensasjon. I søknaden må det kome fram at stillinga har vore utlyst og ingen kvalifiserte søkarar har meldt seg.

Barnehagemyndigheita skal lage vedtak om dispensasjon som skal innehalde vurdering, kven som skal følgje opp den tilsette og gi rettleiing. Vedtaket er personleg og skal innehalde tidsavgrensing i høve dispensasjonstida. Klage på vedtaket skal sendast til fylkesmannen.

 Dokumentasjonen viser søknad og vedtaksskjema for dispensasjon for utdanningskravet som er forankra i barnehagelova § 18.

 Kommunen har laga vedtak på dispensasjon for pedagogisk leiarar for barnehageåret 2016/17.

Konklusjon: Fylkesmannen finn det godtgjort at Selje kommune har rett lovforståing av kravet til pedagogisk bemanning og kravet til vedtak om dispensasjon.

3.3 Fylkesmannen sin vurdering og konklusjon

Selje kommune har god oversikt over barnehagetilbodet. Det er god dialog med alle barnehagane. Barnehagemyndigheita brukar aktiv rettleiing som verkemiddel for å sjå til regeletterleving.

Barnehagemyndigheita har utarbeidd system for tilsyn. Barnehagemyndigheita har i tilsynsplanen sette opp tilsyn med alle barnehagane i 2017.

Selje kommune har gjennom faste møte med barnehagane og årleg rapportering i Basil god oversikt over pedagogisk bemanning. Kommunen lagar vedtak om dispensasjon frå

utdanningskravet ut frå rett lovforståing jf. barnehagelova § 18.

Fylkesmannen konkluderer ut frå dokumentasjon at Selje kommune som

barnehagemyndigheit har oppfylt den plikta dei har til å «gi veiledning og påse at barnehagene drives i samsvar med gjeldende regelverk», jf. barnehagelova § 8.

4. Avslutting av tilsynet

Fylkesmannen avdekka ingen brot på regelverket. Rapporten er endeleg og tilsynet vert med dette sett på som avslutta.

Leikanger 20.12.2016 Bodhild Therese Cirotzki Rådgjevar

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Fylkesmannen har undersøkt om kommunen som barnehagemyndigheit, gjennom aktiv rettleiing og/eller tilsyn, ser til at barnehagane vert drivne i samsvar med gjeldande regelverk

Selje kommune sikrar ikkje gjennom sin internkontroll at pasientar i sjukeheimen får nødvendig helsehjelp i samsvar med reglane i pasient- og brukarrettslova kapittel 4A... Omtale

Herøy kommune fører tilsyn med at barnehagane i kommunen har tilstrekkeleg bemanning i tråd med forskrift om pedagogisk bemanning § 1. § 19: K OMMUNEN SITT TILSYN MED AT

Det er dei gjeldande styrande dokument som er lagt til grunn i tilsynet og nokre av desse er ikkje fullt ut i samsvar med krav i lov og forskrift.. Samstundes er Fylkesmannen kjent

Fylkesmannen konkluderer med at rektor sikrer at alle som jobber på skolen, varsler rektor dersom de får mistanke om eller kjennskap til at en elev ikke har et trygt og

Hå kommune skal gjennom sitt tilsyn sjå til at barnehagane i kommunen driv etter krava i barnehagelova jf.. legge til grunn rett lovforståing i

Rindal kommune fører tilsyn med at barnehagane i kommunen etterlever opplysingsplikta til barnevernet slik denne går fram av barnehagelova

Fylkesmannen har ført tilsyn med Åmli kommune som barnehagemyndigheit. Tema for tilsyn har vore korleis barnehagemyndigheita utøv si oppgåve med å «påse» / sjå til at