• No results found

Vestland Omverdsanalyse for

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Vestland Omverdsanalyse for"

Copied!
29
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Omverdsanalyse for Vestland

2020

Daniel Varne Øvernes og Erik Andersen // NAV Vestland

(2)

//NAV

• Omverdsanalysen gir ein oversikt over situasjon og utvikling i regionen på område som har påverknad på korleis NAV kan løyse sine oppgåver.

• Analysen kan nyttast som grunnlag for planlegging og forståing av utfordringar i den einskilde NAV-region.

• Analysen er og egna til å være eit utgangspunkt i dialogen med våre

samarbeidspartnarar, slik at vi får ei felles forståing av utfordringar i regionen og kan koordinera innsatsen.

Regional omverdsanalyse i NAV Vestland

(3)

//NAV

Overordna utviklingstrekk i Vestland

• Lågare fødselstal og lågare innvandring gjer at befolkninga aukar mindre enn tidlegare.

• Vi er i stor grad avhengig av innvandring, både flyktningar og

arbeidsinnvandrarar, for å halde oppe folketalet. Dette gjeld særleg distriktskommunar.

• Aukande sentralisering - Flyttemønster og pendlingsmønster går i stor grad frå distriktskommunar til regionsenter og byar.

• Positiv utvikling i næringslivet, men mangel på arbeidskraft er eit aukande problem.

• Helsesektoren, industri og bygg og anlegg er eksempel på næringar som er avhengige av utanlandsk arbeidskraft.

(4)

Demografi

(5)

//NAV

Oppsummering av hovudtrekk i demografisk utvikling

• Det blir befolkningsvekst i Vestland i neste tiårs-periode også, men mindre enn i det førre tiåret. Nedgangen i innvandringa gjer at den i større grad vil være eit resultat av fødselsoverskotet.

• Vestland får ein aldrande befolkning i neste tiårs-periode.

Arbeidsstyrken vil auke i reine tal, og sysselsettingsdelen kan bli redusert.

• Prosentdelen av arbeidsstyrken som har høgare utdanning er aukande.

(6)

//NAV

Nettoflytting og fødselsoverskot siste 20 år i Vestland

(7)

//NAV

Befolkningsframskrivingar frå SSB 2020-2030

Ni alternativ for Vestland

(8)

//NAV

Befolkningsendring siste tiår etter aldersgrupper

Perioden 2010-2020 (venstre) samanlikna med framskrivinga 2020-2030 (høgre)

(9)

//NAV

Utdanningsnivå

(10)

Levekår og fattigdom

(11)

//NAV

Oppsummering av hovudtrekk:

Levekår og fattigdom

• Vestland har ein fattigdomsdel godt under landssnittet, men i likskap med landet, har den auka tydeleg dei siste 10 åra.

• Ulikheita (GINI) har auka marginalt frå 2008 til 2018. Også den er lågare enn landsgjennomsnittet.

• Kommunane rundt Bergen, samt enkelte industrikommunar, kjem dårlegast ut på levekårsrankinga.

• Dei som kjem best ut på levekårsrankinga er kommunane i indre og nordlege strøk av fylket, samt Bergen.

(12)

//NAV

Fattigdom og ulikskap

Vestland samanlikna med landet

Utvikling i prosentdel med låginntekt* 2008-2018 Utvikling i GINI-indeks 2008-2018

*Låginntekt er definert som mindre enn 50% av medianinntekta etter OECD-definisjonen

(13)

//NAV

Levekårsindeksen for Vestland 2019

(14)

Behov for kompetanse og

arbeidskraft

(15)

//NAV

Oppsummering av hovudtrekk:

Behov for kompetanse og arbeidskraft

• Samanlikna med landet, har Vestland høgare prosentdelar sysselsette innan helse og industri og lågare innan varehandel og tenesteytande næringar.

• I bedriftsundersøkinga er optimismen lågare enn i fjor og litt lågare enn landet når det gjeld sysselsetjing. Dette er vel å merke slik næringslivet såg det før koronakrisa.

• Arbeidsmarknaden i Vestland har blitt mindre stram det siste året, men det er til dels store regionale variasjonar.

• Dei største pendlingsstraumane i Vestland er til Bergen frå

omlandskommunane. Elles er det mykje pendling inn til kommunar med

mange arbeidsplassar innan administrasjon, helse, industri og fiske/oppdrett.

(16)

//NAV

Næringsprofil i Vestland samanlikna med næringsprofilen i landet

Tal frå SSB for 2019

(17)

//NAV

Bedriftsundersøkinga: Samleindeks

Prosentdifferanse mellom bedriftene som melder positive og negative utsikter

(18)

//NAV

Behov for erstatning av arbeidskraft – prosent og tal

Basert på tal frå SSB for 2018

(19)

//NAV

Stramheita i Vestland etter grovyrke, samt dei 20 strammaste enkeltyrka

Stramheita etter grovyrke i Vestland 2020 mot 2019 Dei 20 strammaste yrka i Vestland i 2020

(20)

//NAV

Nettopendling for kommunane i Vestland

Blå er netto innpendling Raudfarge er netto utpendling

(21)

Brukarar av NAV - utvikling

(22)

//NAV

Oppsummering av hovudtrekk:

Brukarar av NAV - utvikling

• Utbetaling per innbyggjar i Vestland når det gjeld arbeidsrelaterte ytingar, er i snitt noko lågare enn landet. Dette gjeld særleg på ytingane for sjukdom og uføre.

• Frå 2018 til 2019 har utbetalingane gått ned når det gjeld dagpengar og AAP og auka når det gjeld uføretrygd og sosialhjelp.

• For perioden 2015-2020 er det slik at uføretala og nedsett arbeidsevne

tenderer til å følge kvarandre med motsett forteikn, sjukefråværet er uendra, medan arbeidssøkarar følgjer trendane i arbeidsmarknaden.

• Både talet på brukarar med nedsett arbeidsevne og mottakarar av

arbeidsavklaringspengar har gått ned. Men det har vært ein stor auke i delen av brukarar med nedsett arbeidsevne som ikkje tek imot

arbeidsavklaringspengar.

(23)

//NAV

Utvikling i ytingar frå NAV

Innafor «Arbeidsliv og sjukdom» samt sosialhjelp

Utbetaling i mill. kr i 2018 og 2019. Utbetalingar i 2019 per innbyggjar

(24)

//NAV

Utviklinga i brukargrupper. Del av arbeidsstyrke 2015-2020*

* Tal for 2020 er snitt for månadene januar til september

(25)

//NAV

Utvikling i brukarar med nedsett arbeidsevne

og nedsett arbeidsevne med rett på AAP

(26)

Korleis teknologisk utvikling

treff NAV

(27)

//NAV

Kanalbruk i dialogen med NAV 2016-2018

Nasjonal undersøking

(28)

//NAV

Digitale ferdigheiter etter aldersgrupper

Nasjonal undersøking 2016

(29)

//NAV

Konsekvenser for NAV Vestland av den teknologiske utviklinga

Med høvesvis fleire eldre med svakare digitale ferdigheiter og lang avstand til NAV-kontoret blir det viktig å vektlegge rettleiing i bruk av digitale

tenester i noko større grad enn gjennomsnittleg.

Vi må tileigne oss nye digitale løysingar raskt og få brukarane våre til å ta dei i bruk for å rydde rom til brukargrupper som treng tidleg og tett oppfølging.

Særleg eldre og våre nye landsmenn, er avhengige av «klart språk» i vår dialog med brukarane gjennom alle dei nye digitale kanalane. Også unge brukarar har vanskar med å forstå samanhengen og innhaldet i breva vi skriv.

Mobilitetsløysinga gir oss fleksibilitet og handlingsrom i møte med brukarar og bedrifter som vi ikkje utnyttar godt nok i dag.

Behovet for kontor, både i tal og storleik, vil endre seg raskt dei komande åra, ettersom tenestene våre i stadig større grad vert tilgjengeleg på nett og hjelp gis via kontaktsenter og chat.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Forskrift om tømmertransport på fylkes- og kommunale vegar i Vestland fylke (Vegliste tømmertransport i Vestland).. Fastsett av

September 2021: I dette brevet får kommunane i Vestland nyttig informasjon om Leve heile livet-arbeidet frå Statsforvaltaren i Vestland, KS, USHT, Vestland fylkeskommune

Ingen yrkesbakgrunn eller uoppgitt 161 2021 20.

• Vestland har høgare utbetalingar per innbyggjar enn landet når det gjeld dagpengar og lågare utbetaling når det gjeld dei andre..

Fylkesmannen i Vestland og KoRus Vest Bergen har den glede å invitere kommunene i Vestland sør til nettverkssamling i Bergen om ansvarlig alkoholhåndtering.. Målgruppe er

Fylkesmannen i Vestland og KoRus Vest Bergen inviterer kommunane i Vestland nord til nettverkssamling i Skei om ansvarleg alkoholhandtering.. Målgruppa er primært ansatte i

Februar 2022: I dette brevet får kommunane i Vestland nyttig informasjon om Leve heile livet- arbeidet frå Statsforvaltaren, KS, USHT, Vestland fylkeskommune og fylkeseldrerådet..

o Kommunebrevet 2022 til alle landets kommunar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet o Samarbeidsavtalen av 30.04.2020 mellom Nav Vestland og Statsforvaltaren i Vestland o