Omverdsanalyse for Nordhordland
2020
Daniel Varne Øvernes og Erik Andersen // NAV Vestland
//NAV
• Omverdsanalysen gir ein oversikt over situasjon og utvikling i regionen på område som har påverknad på korleis NAV kan løyse sine oppgåver.
• Analysen kan nyttast som grunnlag for planlegging og forståing av utfordringar i den einskilde NAV-region.
• Analysen er og egna til å være eit utgangspunkt i dialogen med våre
samarbeidspartnarar, slik at vi får ei felles forståing av utfordringar i regionen og kan koordinera innsatsen.
Regional omverdsanalyse i NAV Vestland
//NAV
Overordna utviklingstrekk i Vestland
• Lågare fødselstal og lågare innvandring gjer at befolkninga aukar mindre enn tidlegare.
• Vi er i stor grad avhengig av innvandring, både flyktningar og
arbeidsinnvandrarar, for å halde oppe folketalet. Dette gjeld særleg distriktskommunar.
• Aukande sentralisering - Flyttemønster og pendlingsmønster går i stor grad frå distriktskommunar til regionsenter og byar.
• Mangel på arbeidskraft vil være eit aukande problem i framtida, særleg i regionane utanom Bergen.
Demografi
//NAV
Oppsummering av hovudtrekk i demografisk utvikling Nordhordland
• Det blir befolkningsvekst i denne regionen i neste tiårs-periode òg, men veksten vil bli lågare enn i førre tiår.
• Nedgangen i innvandringa gjer at veksten i større grad vil være eit resultat av fødselsoverskotet.
• Nordhordland får ein aldrande befolkning i neste tiårs-periode.
Arbeidsstyrken vil gå ned i reine tal, og sysselsettingsdelen kan bli redusert.
• Ein aukande del av arbeidsstyrken har høgare utdanning, men nivået er lågare enn fylkessnittet.
//NAV
Nettoflytting og fødselsoverskot siste 20 år i Nordhordland
//NAV
Befolkningsframskrivingar frå SSB 2020-2030
Ni alternativ for Nordhordland
//NAV
Befolkningsendring siste tiår etter aldersgrupper
Perioden 2010-2020 (venstre) samanlikna med framskrivinga 2020-2030 (høgre)
//NAV
Utdanningsnivå, utvikling 2009-2019
Levekår og fattigdom
//NAV
Oppsummering av hovudtrekk: Levekår og fattigdom Nordhordland
• Nordhordland har ein fattigdomsdel under fylkessnittet, men den har auka tydeleg dei siste 10 åra.
• Ulikheita (GINI) har auka marginalt frå 2013 til 2018.
• Nordhordland er mellom dei lågast rangerte regionane på
levekårsindeksen. Særleg lågt utdanningsnivå og høgt sjukefråvær trekkjer ned.
//NAV
Fattigdom og ulikskap
Nordhordland samanlikna med landet og fylket
//NAV
Levekårsindeksen for Vestland 2019
//NAV
Levekårsindeksen for Nordhordland 2019
//NAV
Levekårsindeksen, detaljert, for Nordhordland 2019
Behov for kompetanse og
arbeidskraft
//NAV
Oppsummering av hovudtrekk: Behov for kompetanse og arbeidskraft Nordhordland
• Nordhordland har ein profil som er tung på industri, transport og helse- og sosialtenester. Det er då relativt sett færre i denne regionen som jobbar innan tenesteytande næringar.
• Regionen er mellom dei meir optimistiske i bedriftsundersøkinga.
• Nordhordland vil ha stort behov for å erstatte arbeidstakar som går av med pensjon dei næraste åra. Behovet er størst innan helsevesenet og industrien.
• Arbeidsmarknaden i Nordhordland har blitt mindre stram det siste året. Det er strammast innafor helse, pleie og omsorg, undervisning og akademiske yrke.
• Pendlingsstraumane i Nordhordland er prega av nærleiken til Bergen, men det er også ein del pendling til store industriverksemder i Nordhordland.
//NAV
Næringsprofil i Nordhordland samanlikna med næringsprofilen i landet
Tal frå SSB for 2019
//NAV
Bedriftsundersøkinga: Samleindeks
Prosentdifferanse mellom bedriftene som melder positive og negative utsikter
//NAV
Behov for erstatning av arbeidskraft – prosent og tal
Basert på tal frå SSB for 2018
//NAV
Stramheita i Nordhordland etter grovyrke, samt dei 20 strammaste enkeltyrka
Stramheita etter grovyrke i Nordhordland 2020 mot 2019 Dei 20 strammaste yrka i Nordhordland i 2020
//NAV
Nettopendling for kommunane i Vestland
Blå er netto innpendling Raudfarge er netto utpendling
//NAV
Pendlestrømmene inn og ut av regionen
Brukarar av NAV - utvikling
//NAV
Oppsummering av hovudtrekk: Brukarar av NAV – utvikling Nordhordland
• Nordhordland har høgare utbetalingar per innbyggjar enn Vestland når det
gjeld uføretrygd, sjukepengar og arbeidsavklaringspengar. Regionen har lågare utbetaling når det gjeld dagpengar og sosialhjelp.
• Frå 2018 til 2019 har utbetalinga i alt når det gjeld uføretrygd og sjukepengar auka, mens dei andre ytingane har gått ned.
• I Nordhordland har prosentdel langtidssjuke vore forholdsvis stabil dei siste 5 åra. Det same har nedsett arbeidsevne. Uføre har auka.
• Dei siste åra har prosentdelen av dei med nedsett arbeidsevne som er AAP- mottakarar gått ned, men frå i fjor er det ein auke.
//NAV
Utvikling i ytingar frå NAV
Innafor «Arbeidsliv og sjukdom» samt sosialhjelp
//NAV
Utviklinga i brukargrupper. Del av arbeidsstyrke 2015-2020*
* Tal for 2020 er snitt for månadene januar til september
//NAV
Utvikling i brukarar med nedsett arbeidsevne
og nedsett arbeidsevne med rett på AAP
Korleis teknologisk utvikling
treff NAV
//NAV
Kanalbruk i dialogen med NAV 2016-2018
Nasjonal undersøking
//NAV
Digitale ferdigheiter etter aldersgrupper
Nasjonal undersøking 2016
//NAV
Konsekvenser for NAV Vestland av den teknologiske utviklinga
• Med høvesvis fleire eldre med svakare digitale ferdigheiter og lang avstand til NAV-kontoret blir det viktig å vektlegge rettleiing i bruk av digitale
tenester i noko større grad enn gjennomsnittleg.
• Vi må tileigne oss nye digitale løysingar raskt og få brukarane våre til å ta dei i bruk for å rydde rom til brukargrupper som treng tidleg og tett oppfølging.
• Særleg eldre og våre nye landsmenn, er avhengige av «klart språk» i vår dialog med brukarane gjennom alle dei nye digitale kanalane. Også unge brukarar har vanskar med å forstå samanhengen og innhaldet i breva vi skriv.
• Mobilitetsløysinga gir oss fleksibilitet og handlingsrom i møte med brukarar og bedrifter som vi ikkje utnyttar godt nok i dag.
• Behovet for kontor, både i tal og storleik, vil endre seg raskt dei komande åra, ettersom tenestene våre i stadig større grad vert tilgjengeleg på nett og hjelp gis via kontaktsenter og chat.