• No results found

GRUNNGIVING FOR KARAKTER VED KLAGE PÅ STANDPUNKTKARAKTER I FAG GRUNNSKOLEN RETTLEIING

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "GRUNNGIVING FOR KARAKTER VED KLAGE PÅ STANDPUNKTKARAKTER I FAG GRUNNSKOLEN RETTLEIING"

Copied!
5
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

RETTLEIING

GRUNNGIVING FOR KARAKTER VED KLAGE PÅ STANDPUNKTKARAKTER I FAG

GRUNNSKOLEN

April 2020

(2)

Denne rettleiinga er meint som ei innføring i krava som blir stilte til saksbehandlinga til skolen ved klage på ein standpunktkarakter. Målgruppa for rettleiinga er faglærarar som skal skrive grunngiving for standpunktkarakterar, og rektorar som skal sikre at saksbehandlinga til skolen er i tråd med regelverket. Rettleiinga kan òg vere nyttig for elevar og føresette som ønskjer å setje seg inn i korleis ein klage på ein standpunktkarakter blir behandla.

Fullstendige tekstar i lover og forskrifter finst på Lovdata.no og i oppdaterte handbøker. Vi minner om at skolen har plikt til å opplyse om retten til å klage på karakterar.

SAKSBEHANDLINGSREGLAR VED KLAGE PÅ STANDPUNKTKARAKTERAR Forskrift til opplæringslova kapittel 5

Ein standpunktkarakter er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2. Det inneber mellom anna at det finst klagerett.

I forskrift til opplæringslova kapittel 5 er det gitt reglar om saksbehandling ved klage på ein karakter. Det er gitt generelle reglar om klage på standpunktkarakter i §§ 5-1 til 5-8. Her er det mellom anna informasjon om kven som har klagerett, om saksgangen ved klagar, om retten til grunngiving og om klagefrist. Reglane om klage på standpunktkarakterar finst i § 5-12.

Nokre sentrale saksbehandlingsreglar:

o Den som klagar, skal ha kopi av dokumentasjonen som skolen sender til klageinstansen.

o Klageinstansen tek ikkje stilling til om karakteren er i samsvar med det faglege nivået til eleven. Klageinstansen skal berre ta stilling til om dei gjeldande reglane for sluttvurdering er følgde.

o For at klagen skal takast til følgje, er det nok at det kan reisast tvil om at dei gjeldande reglane for sluttvurdering er overhaldne.

o Når klagen ikkje blir teken til følgje – ikkje medhald

- Dersom klageinstansen kjem til at dei gjeldande reglane er overhaldne og klagen ikkje blir teken til følgje, blir karakteren ståande.

- Avgjerda frå klageinstansen er endeleg og kan ikkje klagast på.

o Når klagen blir teken til følgje – oppheving

- Dersom klageinstansen kjem til at dei gjeldande reglane ikkje er overhaldne, eller det er tvil om dei er overhaldne, blir skolevedtaket om karakter oppheva.

Klageinstansen set ikkje ny karakter.

- Saka blir send tilbake til skolen til ny vurdering. Rektor og faglæraren gjer ei ny vurdering. Rektor set endeleg karakter. Karakteren kan bli ståande eller bli endra.

- Den nye avgjerda skal grunngivast. Når skolen skal gi ei ny grunngiving, må det leggjast særleg vekt på dei forholda klageinstansen har opplyst som grunn til at klagen blei teken til følgje. Klageinstansen skal få tilsendt ein kopi av den nye grunngivinga frå skolen og den nye karakteren.

- Den nye avgjerda er endeleg og kan ikkje klagast på.

(3)

REGLAR FOR FASTSETJING AV STANDPUNKTKARAKTER Forskrift til opplæringslova kapittel 3

Dei gjeldande reglane for vurdering og karaktersetjing står i kapittel 3 i forskrift til

opplæringslova. Kapitlet handlar om individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. I denne rettleiinga viser vi til dei reglane som er sentrale når det gjeld krav til grunngivinga for standpunktkarakterar.

Grunnlaget for vurdering i fag, sjå § 3-3

Grunnlaget for vurdering i fag er kompetansemåla i læreplanane for faga slik dei er fastsette i læreplanverket. I vurderinga skal det ikkje takast omsyn til:

o føresetnadene til den enkelte o forhold knytte til orden og åtferd

Ved vurdering av faget kroppsøving i grunnskolen skal det leggjast vekt på både den oppnådde kompetansen og innsatsen til eleven.

Sluttvurdering i fag, sjå § 3-17

Sluttvurderingane skal gi informasjon om kompetansen til eleven ved avslutninga av opplæringa i fag i læreplanverket. I grunnskolen er sluttvurderingane standpunktkarakterar og

eksamenskarakterar.

Standpunktkarakterar i fag, sjå § 3-18

o Standpunktkarakteren må baserast på eit breitt vurderingsgrunnlag som samla viser kompetansen eleven har i faget.

o Eleven skal gjerast kjend med kva det er lagt vekt på i fastsetjinga av standpunktkarakteren.

SAKSBEHANDLINGA TIL SKOLEN

Når klagen blir send til klageinstansen, skal skolen sende med ei grunngiving for karakteren frå faglæraren og ei fråsegn frå rektor om saksbehandlinga til skolen.

Når læraren fastset ein standpunktkarakter, gjer han eller ho eit fagleg skjønn. Dette faglege skjønnet må læraren gjere og grunngi i samsvar med og innanfor rammene som følgjer av forskrift til opplæringslova og Læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK06).

Ved klage på ein standpunktkarakter skal faglæraren gi ei grunngiving for karakteren som viser at dei gjeldande føresegnene for karaktersetjing er følgde. Grunngivinga må vere utforma slik at klageinstansen får tilstrekkeleg informasjon til å ta stilling til om reglane for fastsetjing av karakter er følgde.

(4)

Grunngivinga frå faglæraren for standpunktkarakter

Alle standpunktkarakterar skal grunngivast. Det betyr at eleven skal bli gjord kjend med kva det er lagt vekt på i fastsetjinga av standpunktkarakteren. Denne grunngivinga skal anten givast før standpunktkarakteren blir sett, eller samtidig med at standpunktkarakteren blir fastsett.

Grunngivinga kan givast munnleg eller skriftleg.

Dersom det blir klaga på ein standpunktkarakter, må faglæraren grunngi karakteren skriftleg og gjere greie for måloppnåinga til eleven. Ei slik grunngiving må utformast slik at både klagaren og klageinstansen kan sjå om dei gjeldande reglane for sluttvurdering er følgde. Det skal òg gå fram av grunngivinga til faglæraren at eleven er gjord kjend med kva det er lagt vekt på i fastsetjinga av standpunktkarakteren.

Forholdet mellom undervegs- og sluttvurdering

Faglæraren si grunngiving for standpunktkarakteren skal gi informasjon om kompetansen til eleven ved avslutninga av opplæringa. Klageretten gjeld sluttvurderinga, det er ikkje klagerett på undervegsvurderinga.

Undervegs- og sluttvurderinga har ulike formål: Undervegsvurderinga er ei vurdering for læring, mens sluttvurderinga er ei vurdering av læring. Undervegsvurderinga skal brukast som ein reiskap i læreprosessen og som grunnlag for tilpassa opplæring. Ho skal bidra til at eleven aukar kompetansen sin i eit fag. Eleven skal ha høve til å forbetre kompetansen sin gjennom

opplæringstida i faget.

Gjennom opplæringa skal eleven få vist kompetansen sin på ulike måtar og i ulike samanhengar.

På den måten får læraren kunnskap om den faglege progresjonen til eleven og kompetansenivået eleven har oppnådd ved avslutninga av opplæringa.

Sluttvurderinga skal beskrive kompetansen til eleven ved avslutta opplæring. Faglæraren si grunngiving for standpunktkarakteren skal vise at det er gjort ei samla vurdering av

kompetansen til eleven ut frå den kompetansen eleven har vist på ulike måtar og i ulike

samanhengar. Standpunktkarakteren skal ikkje vere eit matematisk gjennomsnitt av karakterane som er gitt i opplæringsperioden. Faglæraren skal bruke det faglege skjønnet sitt for å samla vurdere kompetansen til eleven ut frå kompetansemåla i faget.

Breidda på vurderingsgrunnlaget

Det må gå fram at elevane er vurderte i forhold til kompetansemåla i Læreplanverket for

Kunnskapsløftet. Standpunktkarakteren må baserast på eit breitt vurderingsgrunnlag som samla viser kompetansen eleven har i faget. Det er ikkje høve til å vurdere sluttkompetansen på

bakgrunn av eit utval kompetansemål.

Grunngivinga må vise at kompetansen til eleven er vurdert på eit så breitt grunnlag som mogleg.

Det er eit krav at eleven er vurdert i kompetansemål frå alle hovudområda.

Periodisering av undervisning

o Dersom opplæringa er organisert slik at undervisninga i eitt av hovudområda til læreplanen er lagd til eit avgrensa tidsrom, ein termin eller eit tidlegare skoleår, er det like fullt eit krav at ein har vore innom alle hovudområda i den aktuelle læreplanen.

Grunngivinga frå faglæraren må vise at standpunktkarakteren uttrykkjer meistringa til eleven ut frå eit tilstrekkeleg breitt vurderingsgrunnlag.

(5)

Engelsk og norsk

o I faga engelsk og norsk blir det gitt høvesvis to og tre karakterar innanfor eitt fag. Dersom grunngivinga for karakteren som det er klaga på, ikkje dekkjer alle hovudområda i faget, må ein opplyse om vurderingsgrunnlaget som er lagt til grunn for dei andre karakterane i faget. Det er nødvendig for at klageinstansen skal kunne ta stilling til om

vurderingsgrunnlaget er tilstrekkeleg breitt.

Beskriving av kompetansen til eleven

Grunngivinga skal byggje på fakta. Kompetansen til eleven må derfor vere individuelt og konkret beskriven. Beskrivingane av kompetansen til eleven må vere relaterte til kompetansemåla for faget.

Når kompetansen til eleven skal beskrivast, må konkretiseringsnivået vere slik at det speglar karakterskalaen. Beskrivingar av kompetanse på ein tredelt skala med for eksempel «låg»,

«middels» eller «høg», må supplerast med individuelle og konkrete kompetansebeskrivingar.

Faglæraren kan velje å nytte kjenneteikn på måloppnåing/vurderingskriterium i beskrivinga av kompetansen til eleven. Slike kjenneteikn/kriterium kan vere lokalt eller nasjonalt utarbeidde.

Utdanningsdirektoratet har utarbeidd nasjonale kjenneteikn på måloppnåing. Desse er utforma på tvers av hovudområda i faga for å uttrykkje kompetanse i faget som heilskap. Dei skal derfor sjåast i samanheng med læreplanen i faget. Ved klage på ein karakter må grunngivingar for standpunktkarakterar vere utforma slik at kjenneteikn/kriterium er knytte saman med og forankra i hovudområda og kompetansemåla i læreplanen for faget.

Dersom kompetansen til eleven blir beskriven gjennom ei enkel avkryssing av kjenneteikn på måloppnåing/vurderingskriterium, må dette supplerast med konkrete og individuelle

kompetansebeskrivingar.

Det skal ikkje vere teke utanforliggjande omsyn. Døme på utanforliggjande omsyn kan vere føresetnadene til den enkelte, fråvær, manglande innleveringar eller deltaking. Ved vurdering av faget kroppsøving i grunnskolen skal det leggjast vekt på både den oppnådde kompetansen og innsatsen til eleven.

Fråsegna frå rektor

Ved oversending av ein klage på standpunktkarakter må rektor gjere greie for saksbehandlinga til skolen. Rektor må sørgje for å

o kvalitetssikre fråsegna frå faglæraren og synleggjere at denne er i samsvar med reglane om fastsetjing av standpunktkarakterar i forskrift til opplæringsforskrifta §§ 3-17 og 3-18 o gjere greie for om skolen har oppfylt retten eleven har til individuell vurdering

o beskrive prosedyrane skolen har for fastsetjing av standpunktkarakterar og gjere greie for om saksgangen har vore i samsvar med forskrifta

o sikre at det klagaren har opplyst, blir kommentert der det er nødvendig o sikre at eleven har blitt høyrd i dei tilfella der det er føresette som har klaga, jf.

barnekonvensjonen artikkel 12

Pb. 325 1502 Moss Telefon 69 24 70 00 fmovpost@statsforvalteren.no www.statsforvalteren/ov

Organisasjonsnummer: NO 974 761 319

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Etter pålegg frå NVE og på oppdrag frå Vaksvik Kraft SUS ved Karl Vaksvik har Bioreg AS gjort ei fiskeundersøking og ei vurdering av verknadar for anadrom fisk i samband

På mange måtar fungerte bladet også som ei lokalavis; folk sende inn korte artiklar frå samlingar dei hadde vore med på, samt minne- eller takkeord etter markante og nære

Læreplanane skal fastsetjast av Kunnskapsdepartementet hausten 2019 og takast i bruk i skolen frå skolestart i 2020.. Her kan du lese om forslag til nye læreplanar i

Mindre tiltak som ikkje krev konsesjon etter vannressurslova, kan likevel trenge løyve etter laks- og innlandsfiskelova si forskrift om fysiske tiltak i vassdrag.. Frå 2010

• 48 prosent av norske bønder har ei landbruksutdanning, viser ei undersøking frå Bygdeforskning blant dagens aktive bønder.. • 39 prosent har frå vidaregåande nivå medan

Men jeg vil samtidig påpeke at hvis jeg ikke erindrer feil, ble det jo nettopp poengtert under behandlingen av saken den gang at den avgjørelse man da sto overfor, ikke innebar

Dersom heile eller vesentlege delar av løyvet ikkje er teke i bruk innan fire år frå løyvet har tredd i kraft, skal verksemda sende ei utgreiing om omfanget av verksemda, slik

4 Elevene vil ikke få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i et fag dersom det udokumenterte fraværet overstiger fraværsgrensen, eller dersom læreren ikke