• No results found

1/1-1944

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "1/1-1944"

Copied!
33
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Helge Sandøy

O L A I S K U L E R U D - V I T S K A P S M A N N E N Professor 1/1-1944 -1/7-1951 1. Skulerud

Eit par gonger etter at Olai Skulerud hadde avslutta utdanninga si, var han i tvil om kva veg han skulle velje for si livsgjerning. Alternativa var misjon og språkvitskap. Han valte språkvitskapen; men det kristne engasjementet og interessa for misjonsarbeidet var svært sterk heile livet. Han brukte mye tid på å skrive og reise for misjonen. Men reisene hans var ofte kombinerte turar, på rutene med oppbyggelige møte heldt han dg foredrag om språklige emne eller dreiv dialektinnsamling.

"Ferda var god, både for det oppbyggjelege og for målføregranskinga,"

fortel han tilbake til ein informant i eit brev datert 23/1-31.

Han kom frå ein kristen familie, faren hadde ei tid vore emissær, og namnet sitt hadde Olai fått etter ein lærar og predikant, som var ein nær venn av faren: Olai Skullerud. Skulerud (med éin 1) har skrive ein biografi om namnen sin. I Studentene fra 1899 (frå 1924) bruker Skule- rud over halve plassen (1 1/2 s.) til å omtale det kristne engasjementet sitt; der framhevar han bibeltrua og påstanden om at kristendommen er einaste religionen "med ret til verdensherredømme".

Han var fødd 12/8-1881 i Porsgrunn, men begge foreldra var frå Holla. Faren var skoleinspektør og klokkar. Eksamen artium tok Skule- rud i Skien i 1899.

Olai Skulerud var ein særmerkt personligdom; det fortel dei som har møtt han, og det vitnar også arkiva våre ved Nordisk institutt om. Eg vil ikkje her prøve på å lage noe heilskaplig bilde av denne personen;

framstillinga nedafor er heilt ut avgrensa til vitskapsmannen.

2. Studium og arbeid

Olai Skulerud blei cand. philol, i 1906 og hadde faga engelsk, fransk og norsk. Viktigaste lærarane hans var Johan Storm, Marius Hægstad og

(2)

Amund B. Larsen. Desse tre vier han seinare doktoravhandlinga si til.

Larsen hadde kanskje mest å seie for han; fleire gonger i arbeida sine viser Skulerud med beundring til arbeida åt Larsen.

11908 tok Skulerud pedagogisk eksamen. I vårsemesteret 1907 hadde han eit studieopphald i Uppsala og Dalarna med stipend frå Sophus Bugges legat og Svenska landsmålsforeningen. Sommaren 1908 følgde han eit kurs i Cambridge, og ved årsskiftet 1911-12 var han tilbake i Storbritannia på studiereise, nå både i England, Irland og Skottland.

Han utvida systematisk språkkunnskapane sine; under ein sommarferie i Finland i 1913 oppsøkte han ein professor i Helsingfors for å få inn- føring i mongolsk. (Det var rett nok med tanke på ev. misjonsarbeid.) Sommaren 1920 hadde han eit opphald i Bretagne, og i 1927 reiste han tilbake til Frankrike, til "1'Ecole Internationale de Lifra" i Champagne og følgde eit kurs fonetikaren og IPA-skaparen Paul Passy heldt. Der tok Skulerud eksamen i fonetikk. Og endelig gjorde han ei studieferd til Island i 1947

Frå 1907 var han lærar ved ymse skolar i Kristiania, og i 1911 blei han universitetsstipendiat. 11918 disputerte han på Telemaalet i umriss.

Frå 1918 fikk han statsstipend i austlandsk dialektforsking. Dette stipendet hadde han til 1933.1 stipendtida forelas han og ved Universi- tetet, og han underviste i norsk ved Oslo Tekniske Mellomskole. I ja- nuar 1927 blei han lektor ved Skiens off. høgre allmennskole. Frå 1935 fikk han permisjon frå skolen for å arbeide med dialektologien, og i 1939 fikk han stilling som førstearkivar ved Norsk Målførearkiv. Der var han til han 1. januar 1944 begynte som professor i vestnorsk målføre- gransking ved Folkeminnesamlingi ved Bergens Museum. Han fall for aldersgrensa i 1951 og flytta da til Oslo.

Han døydde 10/9-1963 etter ei fallulykke.

3.1 junggrammatisk lære

Hovudoppgåva åt Olai Skulerud ber tittelen Om Vin-navnenes Behan- dling i Fogderierne Nedre Telemarken og Bamble af Bratsberg Amt.

(Nr. 1 i bibliografien.) Avhandlinga blei presentert for Christiania Vi- denskabs-Selskab 1. desember i 1905 av Amund B. Larsen, og ho blei trykt i forhandlingsserien derifrå året etter. Det er fåe tilfelle av at ei hovudoppgåve har fått slik heider.

I dette arbeidet går Skulerud igjennom dei om lag 40 i>fn-namna i dei to futedømma og stiller namna opp i to kategoriar: 1) dei som i dag

(3)

endar på -a, og 2) dei som i dag endar på -e, -i eller -y. Dei første hadde lang førstestaving i norrønt, dei siste kort. Dette mønsteret forklarer Skulerud med ulike tidspunkt for nasaleringa av in -stavinga alt etter om stavinga var lang eller kort: Etter lang blei vokalen så tidlig nasalert at han blei opna til -a. Etter kort vokal skjedde nasaleringa så seint at det ikkje blei noen vokalopning før nasaliteten forsvann. I kortstava namn har det derimot skjedd vokaljamning.

Skulerud er opptatt av å jamføre dette mønsteret med ein brytings- teori etter Axel Kock (1901 og 1903), som forklarer brytinga som eit re- sultat av at endingsvokalen var nasal - som igjen var eit resultat av lang staving framom (jf. *geldan > gjalda, men *etan > eta). For Skulerud er denne parallellismen viktig, for han viser "hvor sandt Pro- fessor Kock har seet, og giver et nyt Indblik i hans Teoriers Række- vidde" (s. 17). Han ser altså her ei "universell" utviklingslinje, og vin- namna gir "et godt Indblik i Sprogets Værksted" (s. 19). På den måten treng ikkje Skulerud drøfte at brytinga var gjennomført før synkopen og lenge før den aktuelle utviklinga av um-namna.

Den foreslåtte utviklingsgangen er svært spekulativ, og ein saknar eksterne argument for momenta i utviklinga. I denne drøftinga (s. 12- 15) drar f.eks. ikkje Skulerud inn i det heile noen jamføring med utviklinga av feminine substantiv i b.f. eintal. Derimot drar han inn dei særmerkte aksentueringsforholda i Aust-Telemark der "Endelsen i korte Tostavelsesord faar en Bitone, der leilighedsvis kan gaa over til Hovedaksent" (s. 15). Kvar han vil med denne jamføringa, er uklårt.

Vokalutjamningane i dei kortstava namna er greie å forklare, og Skulerud fører i denne forklaringa opp parallellar or målet i Aust- Telemark.

I dei ti ozM-namna i Bamble verkar kvantiteten ikkje inn, det er i alle fall klårt i Gjerpen herad. Derimot verkar vokalharmonien her, som i Hyni, Søli (s. 37), men eit namn som Sanni blir likevel eit unntak. Lyd- reglane får i Gjerpen "arte sig temmelig kapriciøst," kommenterer Skulerud (s. 37 f.)

Denne artikkelen inneheld mange fornuftige drøftingar, og i kapittel IV og V tar Skulerud opp 22 tvilsame W»-namn. Materialet og pro- blema er i heile avhandlinga lagt redeleg fram. Det ein kunne kritisere, er systematikken og disposisjonen. Men arbeidet var eit tidlig vitskaplig prøvestykke, og det fortel om ein student som prøver å teste dei strenge lydlovene i ånda åt junggrammatikken.

(4)

Det er interessant å sjå korleis Skulerud i denne avhandlinga knyter seg til ein samtidig teoretisk debatt, og han tar utgangspunkt i teorien åt ein av dei store lingvistane i Norden. Hovudfagsstudenten er også dristig, og han har fantasi til å eksperimentere med dataa.

IANF for 1912 fikk Skulerud trykt ein artikkel om pronomenet kvar og "lydovergangen æ > a i vestnordisk" (nr. 3). (Artikkelen er tileigna Storm.) Her studerer Skulerud variasjonen i dette pronomenet i mo- derne vestnordisk og utviklinga i gammalt brevspråk. Utviklingslinja er klår: overgang frå former med e/æ til former med a eller o. Dette skjer tydeligast på 1200-, 1300- og 1400-talet, og først på Austlandet. Der er slike former einerådande i dag. Når ein kjem vest til Telemark, møter ein i dag framleis begge formene. Det same finn ein og på Vestlandet.

Det viktige poenget åt Skulerud er at påstanden som Noreen har sett fram i Altislåndische und altnorwegische Grammatik om at hvar er ei gammal ikkje-i-omlydt form i austnordisk, ikkje stemmer. Skulerud vil sjå på formene med a og o som nyutviklingar av hverr - ei utvikling som først og fremst har skjedd i trykklett posisjon.

På sidene 13-34 går Skulerud systematisk gjennom eksempel på e/æ

> a i norsk i omgivnadene 1) w/v føre og r etter, 2) kons. + w/v føre, 3) føre r elles, og 4) føre r; + kons. Eksempla er svært mange og frå store delar av landet, og dei viser at overgangen nærmar seg ei "almen lydlov" i Trøndelag, på Austlandet og i Agder. I austlandsk gikk a tidlig vidare til o: horr, osv.

Pronomenet kvar er ikkje austlandsk lån der det fins utafor Aust- landet, men derimot eit resultat av ein generell lydovergang. Slik taler Skulerud imot Hægstad, som heldt på at kvar var lån.

Dette arbeidet er svært junggrammatisk. Skulerud forklarer over- gangen fonetisk, og artikkelen er ryddig disponert etter lydomgivnader.

Forfattaren argumenterer stringent og prinsipielt, f.eks. om lån: "man [skal] allikevel ikke ty til nogen laaneteori før alle andre forklaringer slipper op" (s. 38). Skulerud har her laga eit svært godt arbeid.

I same årgangen av ANF (1912) kjem og ein liten artikkel av Skulerud om serr (nr. 4). Dette er ein freistnad på å forklare ein særmerkt (og eineståande) skrivemåte i eit brev frå Heddal i 1317. Serr står for klas- sisk sær (pres. av sd 'så'). Parallellar som kan "forklare" e-en, er henta frå urnordisk (der / R / gjør vokalen framom trong), færøysk (som har sekundærforma sier di for slo, jf. pres. slær), og ein etymologi for forma skjerr 'skjor/skjære' i Nedre Telemark. Den lange r-en i 'slår' har

33

(5)

parallell i eitt eksempel frå Skien bymål, nemlig slårr i "pregnant bruk", og i forma slerr i Lunde herad.

Artikkelen er eit eksempel på ein ad hoc-tankegang, der det ikkje er noen freistnad på å sjå verken fenomenet sjølv eller parallellane i systemsamanheng. Artikkelen blir på den måten eit eksempel på korleis svært mye kan dragas inn i spekulasjonane, og han viser viktigaste mangelen ved den elles så fruktbare junggrammatiske teorien.

22 år seinare, i 1934, kjem og eit arbeid som er konsentrert om lydhistorie, nemlig om "tviljoding" på Søre Sunnmøre (nr. 22). Dialek- ten der er kjent for å ha eit svært arkaisk vokalsystem ved at så mange opposisjonar frå norrønt er haldne oppe. Det har skjedd ved at kvantitetsopposisjonar er gått over til kvalitetsopposisjonar.

Lydutviklingane som har "konservert" den gamle strukturen, er mange og heller innfløkte. Gamle lange e-ar og d-ar er diftongert.

Diftongen av é er / a i / i Sande og Vanylven, dei bygdene som Skulerud særlig drøftar. Dermed er denne diftongen skilt frå gammal ei.

Skulerud .opplyser at resultatet av norr. å var uttalt som diftong i slut- ten av 1800-talet. Når så sambandet jo har utvikla seg til diftongen /©i/, blir diftongane heller mange i dette dialektsystemet.

Heilskapsbildet av utviklinga er komplisert ved at ein del korte vokalar tidlig er blitt forlengt føre visse konsonantar. Dermed er det distribusjonene mønsteret sterkt endra frå norrønt. For eksempel er norr. e og o forlengt framom nd og Id, e-en slik at han har følgt den gamle lange é-en, mens o-en har falle saman med / a u / . Framom g og å er i og a gått til lang é, og dermed seinare til / a i / , og gammal a har framom velar nasal slått følgje med gammal å.

For å kunne sjå samanhengen i utviklingane må Skulerud og ta opp ein del av lågningsutviklingane, f.eks. korleis o deler seg i / o / o g / o / . Men han prøver ikkje å sjå etter samanhengar innafor heile vokalsys- temet, om det der kunne vere drivkrefter Hl utviklinga. Det hadde han heller ikkje lært i sin språkhistoriske skole. Slik kan vi lese dette arbeidet frå 1934 som eit vitnemål om at Skulerud ikkje hadde følgt med i utviklinga i språkvitskapen. Eg har ikkje ein einaste stad i heile produk- sjonen hans funne omgrepet 'fonem' eller eksempel på system- eller strukturdiskusjon.

Men dømt på sine eigne premissar er artikkelen svært interessant, han er godt strukturert, og han viser sans for historisk samsvar og at endringar har fonotaktiske restriksjonar.

84

(6)

Interessa for sunnmørsk var stor hos Skulerud gjennom lang tid. Alt i 1931 fortel han i eit brev at han har skrive ein manus på 30 sider om sunnmørsmålet: "Noen bemerkninger om bygdemålene på Sunnmøre, særlig i den søre delen". Denne artikkelen nemner Skulerud fleire gonger i korrespondansen han har med viktigaste informanten sin på Sunnmøre, Matias Eide frå Vanylven. Alt i 1931 lydde det at artikkelen snart skulle vere prenteklar, men på vanlig måte har nok Skulerud ar- beidd stadig vidare med manuset. I eit brev frå 20/1-53 fortel han fortvilt at manuset gikk tapt da han mista ryggsekken sin på ein busstur frå Hemsedal til Lærdal sommaren 1945!

4.1 Storms ånd - dialektgeografi

Hovudoppgåva åt Skulerud var ikkje først og fremst dialektologisk.

Men neste vitskaplige produktet - frå 1908 - gjeld Ore-dialekten i Dalarna og er eit dialektgeografisk arbeid - det første innafor hovud- sporet i den vitskaplige produksjonen åt Skulerud.

Han knyter den vesle artikkelen "Nogle bemerkninger om Oredia- lekten i Dalarne" (nr. 2) til arbeidet åt Noreen om dalmålet (Noreen 1881-3). Skulerud hadde fått stipend frå Sophus Bugges legat til studiar i Uppsala. I minneskriftet til Bugge har Skulerud valt å vise at dialekten i Ore i Dalarna må reknas til dei øvre Østerdal-måla, dvs. "Dalmålet i allra egentligaste och inskrånktaste mening," som Noreen kallar dei.

(Bugge hadde sjølv dg vore opptatt av dette arbeidet åt Noreen, han hadde gitt ein del etymologiske forslag til ordlista.)

Noreen ville rekne Ore-dialekten til dei nedre Østerdal-måla.

Skulerud går igjennom fleire dialektmerke og viser at denne dialekten stemmer med 'det eigentlige dalmålet1 i 17 av dei 20 kriteria Noreen stiller opp. Den viktige dialektgrensa går eigentlig mellom Ore og Boda - for Boda hører språklig mest til Råttvik.

Av dalmålske særdrag i Ore-dialekten er f.eks. skiljet mellom nomi- nativ, akkusativ og dativ, / i : / som personlig pronomen i første person eintal, /a:/ som monoftong av gammal au, og at gammal I tidlig har falle bort framom velar og labial og ført Hl vokalforlenging, dvs. /lo:v/

for 'kalv1, osv. Skulerud går og litt inn på kvantitetsforhold, jamvekt og ymse resultat av til jamning.

Skulerud besøkte sjølv Ore, og han gir att ei målprøve på dialekten - i Norvegia-lydskrift.

(7)

På kontinentet hadde problemstillingane åt junggrammatikken alt kring 1880 gitt opphav til disiplinen dialektgeografi. Kunnskapane som denne disiplinen skaffa fram, gav grunnlag for store framsteg i den språkhistoriske innsikta. 11884 kom Johan Storm med ein sterk kritikk av språkvitskapen i Norge, som han meinte var kommen fullstendig i bakleksa:

"Det gjælder ikke blot at udfinde, hvor meget der i hver Dialekt er bevaret af det gamle, men ogsaa at udforske, hvorledes det nve har udviklet sie"

(1884a:8.) 6"

Det er storverket åt Aasen som har fått dominere slik at språkvitskapen er blitt lamma og ikkje kan ta nye initiativ. Det har gitt ei forestilling om at det grøvste innsamlingsarbeidet er alt gjort.

"Hans [dvs. Aasens] Synspunkt er det samme som den reisendes, naar han

fra en høi Klippetinde betragter Landets Udseende; de største Bjergtoppe og Søer, de store Skove, vide Sletter og brede Elve træde frem for hans Syn, kortsagt: Landets store Træk. Det mindre, Enkelthederne, svinde eller flyde sammen for hans Blik [...] Det, som altsaa for Sprogforskningen nu staar paa Dagsordenen, er den s y s t e m a t i s k e D i a l e k t f o r s k n i n e (Dialektologi)." (1884a:7.)

Storm ønskte seg monografiar over enkeltdialektar for å kartlegge utbreiinga av særdrag. Når kartlegginga var fullført, kunne ein nå det store målet: å sette opp heilskaplige system og ei uttømmande inn- deling. Til det store kartleggingsprosjektet sette Storm opp ei Kortere Ordliste (Storm 1884b), som skulle vere eit mønster for kva ein skulle spørje etter når ein samla inn materiale. Norvegia-lydskrifta som han utvikla, skulle og vere ein reiskap i innsamlingsarbeidet.

Storm samla inn mye materiale sjølv, og han søkte om stipend til eit større innsamlingsprosjekt, men fikk ikkje det. Amund B. Larsen var elev av Storm, og dei to samarbeidde om prosjektet. Larsen presenterer prosjektprogrammet igjen i 1910 (i Maal og Minne) og viser til korleis den norske språkvitskapen står til atters for vitskapen i grannelanda.

Larsen skisserer ei storstilt innsamling til ei synopsisoppstilling etter leisten i Kortere Ordliste. Ein slik synopsis skulle innehalde "aldeles objektive vidnesbyrd", og prosjektet verkar svært reindyrka indukti- vistisk. Når det blei ferdig, kunne ein bruke det til å skaffe seg både språkinnsikt og kulturhistorisk innsikt. Dessutan kunne synopsisen tene som rådgivar i samband med skriftmålsnormeringa.

86

(8)

Larsen arbeidde sjølv mye etter dette programmet, men noe institu- sjonalisert prosjekt kan ein ikkje seie det blei før Sigurd Kolsrud fikk oppretta Norsk Målførearkiv i 1936. Likevel var altså det vitskaplige forskingsprogrammet formulert og presentert alt før hundreårsskiftet.

Som elev av både Storm og Larsen blei Skulerud sjølvsagt kjent med forskingsideala som låg i dette programmet. Stordelen av livsverket hans kan vi seie følgjer dette forskingsprogrammet, og kan hende det er rett å hevde at han er den mest utrerte detaljsamlaren innafor norsk dialektgeografi. Frå dei tidlige arbeida som prøvande junggram- matikar der eit materiale skal brukas til å teste hypotesar, gikk han over til ei materialinnsamling som oftast vantar klåre hypotesar. Å samle og presentere "objektive" data til seinare bruk var målet.

4.1. Sør-austlandsk

Skulerud samarbeidde direkte med Storm dei siste åra før nestoren døydde. Han stod som utgivar for Johan Storm: Ordliste over lyd- og formlæren i norske bygdemaal (1920) på 97 s. (nr. 11). Til grunn for denne utgåva er først og fremst ein synopsis Storm hadde begynt å stille opp for norske dialektar på grunnlag av notat han hadde gjort frå 1880- åra av. Men noe av stoffet har Skulerud og tatt direkte frå notisbøkene Arbeidet med utgivinga gikk for seg mens Storm levde, slik at Storm hadde tilsyn med utgåva. Han var med på korrekturen til det siste. Men boka kom ut først etter han var død. Boka inneheld oppskrive materiale frå Tinn, Øvre Rendalen, Tynset, Nordre Gudbrandsdalen og Setes- dalen. (Frå Tinn har Skulerud skote inn tilfang frå eigne innsamlingar Materialet er presentert etter oppstillinga og paragrafinndelinga i Kortere Ordliste. Som Skulerud seier i føreordet, blir presentasjonen dermed "særdeles oversigtlig". Dette arbeidet er ikkje meir enn det gir seg ut for, det er ei rein materialsamling. Med alle sine fine fonetiske teikn har det sjølvsagt kosta utgivaren eit uhorvelig arbeid.

Dette blei det første arbeidet i ein serie om søraustlandsk. Av føre- ordet i Utsyn over målet i Norderhov (Ringerike) går det fram at Skulerud i 20-åra arbeidde målmedvete med ein presentasjon av desse dialektane.

I Festskrift til Amund B. Larsen i 1924 kjem artikkelen "Sør-aust- landske målføre. Etter samlingar av Johan Storm" (nr. 15). Første

87

(9)

kapittelet i denne artikkelen er eit oversyn eller ein katalog på 30 sider over samlingane etter Storm om norske dialektar. (Samlingane blei i 1921 gitt til handskriftsamlinga åt Universitetsbiblioteket i Oslo, og dette kapittelet vil vere svært nyttig for "kjeldeleitarar".)

Kapittel 2 er ei vidareføring av ordlista Skulerud gav ut i 1920. I dette arbeidet frå 1924 kjem Vestfold, Nedre Buskerud Akershus og Oslo med. Materialet bygger her og på Kortere Ordliste. Arbeidet er ei opp- ramsing av belegg med geografisk heimfesting. Ein del merknader frå Skulerud sjølv står i hakeparentesar eller i fotnotar. Ofte er dei henta or Skuleruds eigne oppskrifter, eller dei er jamføringar med ordformer frå andre landsdelar. Desse merknadene inneheld stundom reson- nement og konklusjonar. Men elles er dette og ei materialoppstilling.

I eit "Etterskrift" på nesten 3 sider i små skrift skriv derimot Skulerud ei interessant framstilling av dialektane i Sande, Skoger, Hurum, Lier og Eiker, der han plasserer desse dialektane dialektgeografisk og kjem inn på ymse endringar frå eldre til yngre oppskrifter.

Neste arbeidet - frå 1926 (nr. 16) - i presentasjonen av dei søraust- landske dialektane er Utsyn over målet i Norderhov (Ringerike). Det er igjen bygd opp over leisten i Storms Kortere Ordliste, men med ymse tillegg. Materialet til dette arbeidet har Skulerud samla inn sjølv, og i hovudsak er det frå Ask.

I dette heftet kjem først eit "utsyn over ljodane" i dialekten. Sjølv om Skulerud reknar med fleire lydar1 enn det ein på strukturalistisk vis kan rekne som fonem, er karakteristikkane og omtalen av distribusjon så klår at det ikkje er problem å sette opp vokalfonema og dei kombinato- riske variantane ein må rekne med. Under konsonantane blir det meir uklårt, f.eks. nemner han to rekker med "halvtjukke" (dvs. tilnærma alveolare) lydar skilt med ein liten forskjell i tungeplasseringa, ei fremre rekke og ei rekke "med litt attdregen tungetipp" (s. 11). Han gir eksem- pel på begge rekkene; men om dette er ein fri variasjon eller ein fast skilnad, er ikkje kommentert. Eksempla kan neppe tolkas slik at det gjeld kombinatoriske variantar, og dermed skulle ein nærme seg vilkåra for fonemstatus. Men vi må likevel ha grunn til å tvile på ein ev. fonem- status, for det ville vere ein "sensasjon" i norsk dialektologi om eit slikt fonemisk skilje fans mellom to alveolare rekker i tillegg til ei retrofleks.

Og dessutan skriv Skulerud s. 12 at alveolarar og "kakuminalar" fins side om side. Framstillinga må nok tolkas slik at her er stor artikula-

(10)

torisk slingringsmonn innafor rekka av det ein for austlandsk til vanlig reknar som retroflekse lydar.

Skulerud markerer ikkje all fonetisk variasjon. Reire stader gjør han oppmerksam på variasjon han ikkje markerer i lydskrifta, som f.eks.

aspirasjon. Men han har ikkje noe klårt teoretisk kriterium for kvar grensa går mellom det som skal markeras, og det som ikkje skal marke- ras. Slik blir f.eks. subfonemisk variasjon som ustemt I og m notert.

Etter denne framstillinga av lydverket begynner oppsettet etter Kortere Ordliste, og både lyd- og formverket følgjer disposisjonen åt Storm. Men Skulerud føyer til ein del eksempel sjølv utover Kortere Ordliste. Dessutan kjem her jamføringar til uttaleformer i andre tilfeldige dialektar på Austlandet, men utan noen merknad med ekspli- sitt formulering om kva eksempla skal vise. Han skyt og inn ein del opplysningar om skrivemåtar i mellomalderdokument og kjem med ein del merknader om ordtydingar, men han gir ikkje noen oppsummering eller konklusjon etter materialframstillinga. Materialet er her og altså ubrukt.

Utover disposisjonen i Kortere Ordliste har Skulerud med eit kapittel

"Om trykk-aksenten", ei ordliste, noen målprøver, og to enkeltsvar frå 1882 på ei spørjeliste Storm hadde sett opp same året. Til slutt kjem eit tillegg på 111/2 side med merknader som skal skytas inn på visse sider lenger framme i avhandlinga. Dette tillegget må vere etterrakst som Skulerud ikkje har vilja plage trykkeriet med å sette inn i ein ferdig sats, og derfor blir det hengt på på denne måten.

"Utsyn over målføret i Ådal (Ringerike)" kom året etter, i 1927 (nr.

17). Her er ingen referanse til prosjektet Skulerud hadde om søraust- landsk, men det føyer seg tydelig inn i sporet. Hovuddelen er igjen eit materiale presentert etter mønsteret i Kortere Ordliste, men her er ikkje like mye tilføydd som i arbeidet om Norderhov. Merknadene gjeld heimfestingar og ordtydingar. Oppstillinga og transskripsjonen er så systematisk og god at materialet verkar pålitande, og derfor ligg det godt til rette for bruk. Her kan ofte vere mangt som ser interessant ut, det ligg ofte snublande nær å dra ut ein påstand eller ein hypotese. - Men Skulerud kjem ikkje med slikt, han bruker ikkje materialet.

I innleiinga til denne artikkelen gir han ingen gjennomgang av lydane, som i arbeidet om Norderhov-målet. Derimot kjem på 4 1/2 side ein presentasjon av Ådalen og ei samanlikning av målet i Øvre og Ytre Ådalen. Det går klåre grenser mellom dialekten i øvre dalen, som slut-

(11)

tar seg mest til Valdres-målet, og dialekten i ytre dalen, som ligg nærast ringeriksmålet. Til slutt kjem ei målprøve og to enkeltoppskrifter etter Storms spørjeliste frå 1882, den eine frå 1882 og hi frå 1925.

Desse arbeida åt Skuleråd om søraustlandsk er ein eigen sjanger, som ikkje er mye nytta til dialektavhandlingar. Arbeida dyrkar data.

Generaliseringar er ikkje viktige, og vitskapen blir ikkje brukt til å finne mønster og system. Når det viktige ser ut til å vere å presentere materiale, står språket fram bare som ei samling av enkeltformer.

Dataa er forskingsobjektet, ikkje normene og systemet dei er eit uttrykk for - som vi heller vil sjå det i dag. I følgje programmet åt Storm skulle ein samanlikne og konkludere, men først etter at synopsisen var opp- stilt. Skulerud gjør knapt nok det, og dermed kan han nok neppe kallas induktivist heller.

Storms Kortere Ordliste er disponert historisk-fonotaktisk. Ho er godt strukturert og gir eksempel som lett kan brukas til å teste språkhistoriske hypotesar. Men dermed følgjer redigeringa ikkje ein synkron analyse. I ei framstilling av den moderne dialekten blir dette mangstad "plagsamt" og forvirrande, ikkje minst under formverket, ettersom det altså ikkje blir tatt utgangspunkt i dei synkrone bøyings- mønstra.

Eit anna verk ein kunne nemne innafor denne sjangeren, er Sognemålene av Amund B. Larsen, frå 1926. Det er ei synoptisk oppstilling - med utgangspunkt i programmet frå 1910 - men her står eksempla i parallelle spalter, som dermed gjør det lett å samanlikne dialekten frå bygd til bygd. Disposisjonen følgjer heller ikkje Kortere Ordliste. Ein annen interessant forskjell ser ein i føreord og innleiing ("Første avdeling") der Larsen på ein heilt annen måte problematiserer og diskuterer metode. Interessant er f.eks. formuleringa:

[...] skriftet [har] fåt den særegenhet ved fremlæggelsen av sit materiale både for lydlæren og formlæren, at det for den aller væsentligste del er overlatt til eksemplene selv alene at uttrykke de regler deres form beror på; [...]" (s. XVII).

4.2. Telemål og tinnsmål

Livsverket åt Skulerud blei arbeidet med tinnsmålet. Sjølv rekna han det og som hovudverket sitt. Alt i hovudoppgåva frå 1906 såg vi at han

90

(12)

var tydelig interessert i kvantitetsforholda i austtelemålet, og 12 år seinare la han fram første delen av opuset om tinnsmålet.

Telemaalet i umriss frå 1918 (nr. 7) er doktoravhandlinga åt Skulerud. Han presenterer boka som ei innleiing til det større arbeidet om tinnsmålet men innleiinga er forma som ei bok for seg. Arbeidet er tredelt, først eit oversyn over målet i heile Telemark, deretter over målet i Tinn, og til slutt eit målgeografisk utsyn over nordausttelemålet.

Men dei geografiske avgrensingane som er sett for dei to delane, hind- rar ikkje forfattaren frå å lage ekskursar til mange andre dialektar.

Oftast er det til målet i fylka ikring Telemark, men ikkje sjeldan går spranga lenger. Her kan ein såleis finne dialektopplysningar frå fleire landsdelar. Full nytte av eit slikt verk har ein derfor ikkje utan eit register, og det vantar.

I presentasjonen av både fylket og av Tinn herad kjem først ei breiare historisk-topografisk framstilling. Ei minning frå samtida er det lengre referatet (s. 58 ff.) or ei avhandling av dr. C. O. E. Arbo om antropolo- giske forhold i Telemark, der prosentfordelinga av langskallar, stuttskallar, folk med smale ansikt, folk med breie ansikt, osv. blir brukt til støtte for påstanden om at busetnaden i Vestfjorddalen i Tinn kjem frå Mjøsvatn. Ein slik busetnad er og merkande språklig. Resten av heradet er sterkt påverka frå Numedal.

I første delen er Skulerud svært opptatt av språkhistoriske forhold, og han har gått igjennom både 15 yngre runeinnskrifter (s. 35 ff.) og mye diplommateriale for å kunne beskrive telemålet i gammalnorsk og mel- lomnorsk tid. Han har der undersøkt dei velkjente merka etter jamvekt, vokalharmoni, eldre og yngre u-omlyd. Resultata jamfører han med telemålet i dag. Jamføringa går i stor grad på enkeltord; kva gramma- tisk status fenomena hadde i eldre mål eller har i yngre mål, er ikkje Skulerud opptatt av. ,

Skulerud finn sjølvsagt samsvar mellom særdrag i dei eldre skriftlige kjeldene og særdrag i telemålet i dag, men ofte manglar og dette samsvaret, slik at han på s. 39 konkluderer:

"Men det vil lysa fram av det som ovfr er sagt at skrifti ikkje søkjer sin norm fyrst og fremst i talemaalet, men i aalmenne skriftmynster som var uppe i dei skiftande tider; naar ho samhøver med talemaalet, er det meir paa slump, - takk vere gamalt hopelag i maal med dei landsendar der skriftmynstret kom upp, - og deils meir ufriviljugt, paa trass av dei aal- menne mynster som dei prøvde fylgja."

(13)

Denne konklusjonen vil nok mange i dag og støtte. Men diplom- materialet kan gi grunnlag for mange interessante drøftingar, ikkje minst for nye ordformer som kjem inn i språket. Skulerud sluttar seg f.eks. til at ordforma håg blei bytt ut med høg i Aust-Telemark og dei søraustre bygdene av Vest-Telemark kring midten av 1400-talet. Elles i Vest-Telemark fins nemlig framleis forma håg. Vel dristig må det vere å legge så presise geografiske tolkingar inn i tilfeldige belegg.

Den historiske orienteringa gjennomsyrar verket. Her er f.eks. tatt med ein del om arkeologiske funn, og mye om stadnamn. Alt - saman med dei antropologiske undersøkingane - skal fortelje noe om buset- nadshistoria. Og konklusjonen er at Hovin og bygdene Austbygdi og Åtrå i Tinn viser stor skyldskap med Numedal.

Målet i dei tidligare kommunane Hovin og Tinn kallar Skulerud for nordaust-telemål. (Det meste av Hovin blei i 1964 slått saman med Tinn.) I tredjedelen går Skulerud igjennom særdrag for nordaust- telemålet med å samanlikne det med målet i områda ikring. For eksem- pel finn ein fleire interessante detaljar om slektskap vestover, m.a. den såkalla vestlandsinfinitiven (s. 88 f.), for i nordausttelemålet kan det heite /'be: 'hans te korro 'in/ %e Hans komme inn'.

Det er ikkje lett å sjå disposisjonen i dette arbeidet utover den nem- nte tredelinga. Spranga går i mange retningar når det gjeld både språklig tema og geografisk perspektiv. Og først på s. 74 dukkar det brått opp noe om kjeldene han har brukt, og ei takk til informantane!

Hovudframstillinga om tinnsmålet ber tittelen Tinnsmaalet. Fyrste bolken. Ljodlære og held fram pagineringa frå doktoravhandlinga.

Fyrste [halvjbandet kom i 1922, andre måtte vente til i 1938 - pga. at lærargjerninga tok så mye tid. "Resten av verket, formlæra, mål- prøvone og ordlista vil vonleg fylgja um ikkje så lenge," skreiv Skulerud i føreordet til Andre [halvjbandet (s. [457]). Resten kom aldri ut.

Manuset ligg framleis uprenta, men av innhaldslista s. [III] går det fram at stoffet var disponert alt i 1922, og fleire gonger i det utkomne verket er det vist til formlæra. Alt i 1918, i føreordet til doktoravhandlinga, refererer Skulerud til arbeidet om tinnsmålet som eit "hovudsakleg ferdigt manuskript".

Den trykte delen av dette ufullendte opuset - som Skulerud i 1938 gir samletittelen "Telemaal og tinnsmaal" - spenner over 786 tette sider, og omfanget er eineståande i norsk dialektlitteratur. Saman med dei utrykte delane (formlære, målprøver og ordliste) har manuset måtta

(14)

vore tungt å arbeide med. Men omfanget fortel og ikkje så lite om både arbeidsmåte og vitskapssyn hos Skulerud: Materialet er det viktigaste;

ingen kan klage på manglande dokumentasjon i dette verket. Fram- stillinga må ein absolutt kalle "brei". Spranga i sjølve teksten er mange, og i lengre fotnotar kan ein finne soger, risper og hermer. Lesaren får ei kjensle av å bli overmetta med eksempel, og det kan vere slitsamt å halde klårt kva eksempla skal vere eksempel på. Her er mye interessant stoff, og med den konsekvensen ein finn i transskripsjonen, verkar materialet svært pålitande. Men det er ekstremt underutnytta til drøfting.

I noen tilfelle samanfattar rett nok Skulerud med ei konsis generali- sering. Da bruker han nemninga lover, og viser altså noe av den jung- grammatiske ånda, f.eks. slik: "Etter utsyni ovfr. [...] skal eg no freista aa leggja fram i det smaa loverne for betoningi av samansette ord i Tinn." (S. 144.) Eit glimt av konsis generalisering ser vi dg i § 260, s. 653 f., i "Vokalskipnaden i jamvektsord". Her gir Skulerud 'reglane1 for jamningstypane.

Sjølv i dette arbeidet om tinnsmålet kjem Skulerud med lange jamføringar med dialektar vidt om i landet. Til f.eks. presentasjonen av komparativar av omlydsadjektiv, som har tonem 2 i Tinn, skriv han eit langt tillegg på neste 4 sider med opplysningar om andre norske dia- lektar. På s. 464-471 refererer forfattaren utviklinga av ø-lydane ymse stader i landet. Men det har lita interesse for drøftinga av tinnsmålet.

Etter omtalen av tonemgrupper - som nesten ikkje fins i tinnsmålet - kjem ei større geografisk utsyn om dette fenomenet over 13 sider i hovudteksten; eigentlig er det ein særartikkel om det Skulerud kallar

"aksentbundlar". På sidene 388-392 står eit "Utsyn yver vokal- og kon- sonantvokstren i ord med 1 + lippeljod, einkvar tannljoden (n, s) og bak- gomeljod i vestnordisk", som igjen er eit eige lite vitskaplig arbeid.

Ein kunne seie at det i denne avhandlinga er fletta inn mange mindre særarbeid, som kunne ha vore trykt som eigne artiklar. Spesielt gjeld det fleire av dei 16 lange ekskursane til slutt i andre halvbandet. (Dei er på i alt 90 sider!) Dei fleste er geografiske utsyn over drag i vokalutviklinga, men ekskurs 14 gir eit fint oversyn over preteritums- former av sterke verb. I eit brev frå 1937 fortel Skulerud om arbeidet sitt med å teikne dialektkart, og der nemner han at

93

(15)

"I Tinnsmaalet', serleg den bolken som no stend fyrst for tur til prenting (Vokalverket), er målgeografien stendig tilgodesedd, og dermed eit mun- leg fyrearbeid gjort til eit norsk dialektatlas."

Slik kan altså Skuleråd rettferdiggjøre alle ekskursane og jam- føringane.

Arbeidsmåten har tydelig vore å skyte inn meir og meir stoff i det manuset han arbeidde med. Det kan vi sjå i skilnaden på dei to halvbanda når det gjeld referansane til andre dialektar. På dei 16 åra imellom første og andre halvbandet har Skulerud lese mange nye dialektmonografiar og sjølv arbeidd med fleire dialektar, slik at det i band II kjem referansar til fleire dialektar og referat frå enda fleire avhandlingar. Med ein slik arbeidsmåte måtte sjølvsagt manusa åt Skulerud svelle opp. Ofte må ein tvile på kva relevans dei kan ha mange av jamføringane og referata. Dei har neppe noe å gjøre i eit arbeid om tinnsmålet.

Ljodlæra er først ein gjennomgang av 'aksent', dvs. trykk, tonem og intonasjon, deretter av kvantitet. Nesten 200 sider bruker han på denne prosodien, som andre avhandlingar ofte fer over bare med ein hare- labb. Kapittelet om kvalitet i vokalar og konsonantar tar ca. 370 sider.

Kapittelet om aksenten i tinnsmålet er kanskje det mest forvitnelige i heile verket. Dette målet er eit særsyn i nordisk dialektologi pga. eit system der trykkplasseringa i visse ord er avhengig av setningsrytmen, i andre ord er trykkplasseringa fast. Dette siste gjeld dei gamle tostava orda med lang førstestaving. Skiftande trykkplassering finn vi i dei gamle tostava orda med kort førstestaving (="jamvektsorda"). Ten- densen til jambisk rytme, især i setningsslutten, gir trykkplasseringar som /'got D vy"to:/ 'godt å vete', mens vete' i andre posisjonar kan lyde

r v y t o / med ei slags jamvekt. Ein slik "rørleg aksent" fins dessutan også i ein del samansetningar, mens andre samansetningar derimot har fast trykkplassering, med enten førsteledds- eller etterleddstrykk.

Dette systemet med skiftande trykkplassering (forfattaren taler og ofte om 'oksytonering') er etter Skuleruds meining heller nytt. Ein inte- ressant relativ kronologi skimtar vi i det at gamle /'a-stammar i vokal- jamninga er blitt behandla som kortstava, mens dei i trykksystemet (som altså levde tidlig i dette hundreåret) blir behandla som langstava (s. 132f.).

Spørsmålet om jamvekt har mange interessante sider, både fonetiske og fonologiske (først og fremst knytt til omgrepa 'trykk' og 'kvantitet').

(16)

Vi kan ikkje seie at denne avhandlinga gir svar som vi kan vere fornøgde med i dag. Ei fonologisk drøfting låg nok utafor Skuleråds interesse. Men heller ikkje den fonetiske framstillinga er slik at vi kan tolke ho i akustiske termar. Vi må bare lite på Skulerud når han karak- teriserer ei staving som kort, utan å vete korleis han ville ha definert kvantitet. Jamvekt er "stutt vokal + stutt konsonant i stomnen av tvo- og fleirstavingsord" (s. 264). I lydskrifta viser han oftast denne uttalen med Norvegia-transskripsjonar som /vi"kar/. Skulerud seier andre- stavinga er halvlang med bitrykk; men det gir ein spesiell jamvekts- beskrivelse: vx'x:. I ein slik struktur er ikkje kvantiteten jamn. Men Skulerud drøftar ikkje struktur og opposisjonstypar, og derfor treng ein framleis betre avklaring av kva dette verkelig er.

Mange drag som er drøfta i ein slik monografi, er sjølvsagt interes- sante og gyldige for meir enn bare tinnsmålet. Eitt slikt drag er over- gangen / > / g / , som i norr. stofu > /"stogu/. Når vi får framstilt dette saman med framvekst av postvokalisk og utlydande g i einstavingsord, som det er ein del av i telemålet, fell det ein lett inn at dette eigentlig må vere eit felles og meir generelt utviklingsdrag. Ein kan tenke seg dette som ei standardisering/forenkling av det fonotaktiske mønsteret av bakre vokal + (frikativ konsonant +) vokal, der ein får fast intervokalisk (frikativ) g. At det nettopp er g som blir standardkonsonant, kjem av at bakre vokalar har ein likskap med velare konsonantar (det er altså tale om ein assimilasjon). Når einstavingsorda blir bøygd, får dei og to stavingar, slik at forma /mo:g/ 'mo' er eit resultat av at norr. moinn (bestemt form), som etter standardiseringsmønsteret måtte bli til /'mo:gen/ 'moen'.

Andre einstavingsord er /cgo:g, to:g, mjo:g/ 'tjo n., høg, mjå1. To- stavingsord utan intervokalisk konsonant i norrønt er /vhu:ge/ < norr.

hoa, med intervokalisk f/v er /"stogu/ < stofa, /"argon/ <Qfund, og

"fruge", med intervokalisk der /"ourgon/ < Audunn. Ingenstad er denne overgangen heilt ut gjennomført, eksempelet "fruge" gjeld såleis ikkje for Tinn; men overgangen er ein tydelig tendens i midlandsk og særlig telemål. (Prinsippet i ei slik fonotaktisk standardisering er konsekvent gjennomført i færøysk, men detaljane ikkje heilt like.)

I gjennomgangen av lydane prøver ikkje Skulerud å gi lydane noen abstrakt status, dei er tatt som gitt, og får ein kort fonetisk karakteri- stikk. Det blir altså ikkje diskutert noen fonemstatus, og det er opplagt

(17)

at ikkje alle 'lydane' er fonem. (Fonemomgrepet var trulig ukjent for Skulerud - i alle fall den første tida han arbeidde med dette verket.) Men samtidig har ikkje Skulerud gått heilt til det ekstremt fonetiske med alle finurlige allofonar. Han viser såleis og ein stad til at han ikkje er så grannvar som Storm har vore i sine oppskrifter.

[s] og [J] blir behandla som to ulike lydar - med kvar sin paragraf - men i merknadene går det fram at [J] bare er ein kombinatorisk allofon av / s / framom palatal - som vi ville uttrykke det i fagspråket i dag.

Allofonstatusen åt [6] blir heller ikkje drøfta, men Skulerud presiserer fleire gonger at denne lyden fins bare etter /]/. Elles rår [ø]. Likeins blir diftongane [æi] og [ei] og behandla som to sjølvstendige lydar, men det blir fortalt at [æi] fins bare framom nasalar, der [ei] ikkje fins. Når dette er presisert, treng ikkje steget vere langt til modell og terminologi tilpassa våre dagar.

Enda eit eksempel på at Skulerud ikkje var opptatt av fonologisk struktur, ser vi i behandlinga av alveolarar og retrofleksar. Mens han elles gir ein paragraf til kvar lyd, blir alveolarane behandla samla i éin og retrofleksane i éin. Alternativa ved ei strukturell behandling ville vere å gi alle alveolare og retroflekse lydar' kvar sin paragraf (dvs. å sjå på dei som fonem), eller å ikkje nemne dei i lista over lydar i det heile (dvs. å sjå på dei som eit automatisk uttale-fenomen).

At behandlinga ikkje er systemfokusert, er mest plagsamt i vokalgjennomgangen. Her gir Skulerud eksempel på variasjon i uttalen av enkeltord. Ofte er det tale om variasjon mellom bygdene. Men det er så overlest at lesaren i dag vil få eit svært stort arbeid med å skilje ut om det er tale om system- eller distribusjonsforskjellar mellom bygdene.

Framstillinga er ofte dominert av ei historisk utgreiing om enkeltord, f.eks. med belegg or mellomnorske diplom.

I gjennomgangen av lydane følgjer Skulerud eit noenlunde fast mønster der han viser lyden i visse fonotaktiske posisjonar, og der han viser det systematiske samsvaret med norrønt. Denne fonotaktiske fokuseringa er eit framhald av det Skulerud har lært av junggram- matikken. Men ettersom han utnyttar materialet så lite, kan ein 6g vere freista til å karakterisere dette som rein taksonomisk registrering. Her ligg sjeldan noen hypotese bak oppstillinga, slik at "uproblematiske"

lydar som f.eks. vokalen hl blir like grundig og systematisk eksempli- fisert som den interessante og problematiske vokalen lo/. Men sjølve

(18)

denne konsekvente systematikken fortener ros, for han kan i alle fall gjøre tilgangen til verket lettare for lesarane.

I vokalutviklinga viser dialekten i Tinn eit sterkt samband med dia- lekten i Vest-Telemark. Tinnsmålet er av dei fåe dialektane som skil mellom eldre norrøn kort e og e (s. 460). Men utviklinga av norr. e, é, &

é (= {æ}) er komplisert og avhengig av nabolydane. Derimot har norr. i og i ei enkel utviklingslinje ved at dei fell saman i / i / , og framom nasal.

Historiske jamføringar kjem inn heile tida, men disposisjonen er gjennomført synkron, f.eks. i den lange oppstillinga av typar av stavingskvantitet, og i den enda lengre gjennomgangen av vokalar og konsonantar etter kvalitet. Den historiske parallellføringa i kvar para- graf er svært systematisk, men i motsetning til fleire av sine samtidige har Skulerud greidd å unngå at den diakrone interessa skiplar hovud- linja i arbeidet. På hi sida drar denne synkrone disposisjonen med seg ei ulempe ved at det som er eitt og same fenomen diakront, blir tangert under mange synkrone lydar, og dei historiske overgangane blir ikkje tema for drøfting i eigne avsnitt.

Ei hjelp er det da at han stiller opp "tavler" etter konsonant- og vokalgjennomgangen som viser "voksteren" frå gammalnorsk og til dialekten nå - med paragraftilvisingar.

Tinn er ei grensebygd i vest for retroflekteringa i Norge, og sameleis for assimilasjonen nå > / n / , dvs. at ein her kan sjå ymse overgangs- fenomen, som f.eks. at ein overgang ikkje er heilt gjennomført. I vest- bygdene i Tinn fins f.eks. noe bruk av alveolarar for samband av r + dental, i motsetning til retrofleksane, som kjem av samband av r; + dental (s. 420 ff.). Desse opplysningane kan tyde på at det også så langt sør har funnes ein systematisk opposisjon mellom alveolarar og retrofleksar, som det framleis gjør nordom Dovre.

Kapittelet om vokalar i endingane verkar svært avkorta i forhold til dei lange utgreiingane elles i verket. Endingsvokalismen har Skulerud tydelig ikkje vigd så mye interesse. Her kunne nemlig somt vore grundigare framstilt; for eksempel gjør Skulerud forskjell på endinga -e (§ 268) og endinga -a (§ 269). Schwa er elles ikkje framstilt eller drøfta blant vokalane i trykktung posisjon. Skulerud nemner bare kort korleis desse vokalane fordeler seg på dei ulike bøyingskategoriane, og det kan sjå ut til å vere eit system i det. Men Skulerud drøftar ikkje dette, og denne gongen gir han heller inga historisk framstilling. Til jamføring med endingssystemet i hine midlandsmåla er her eit interessant tilfang,

(19)

for mange av desse dialektane viser nemlig to reduksjonsprodukt av norr. -i. På s. 664-665 har han interessante opplysningar om restar av vokalharmoni i fordelinga av endingsvokalane e/i i jamvektsord.

Denne avhandlinga avspeglar det gamle tinnsmålet slik det var kring hundreårsskiftet, og det er svært verdifullt å ha ei slik grundig framstilling av dette målet, som i dag trulig er svært mye endra pga.

den store og raske sosiale utviklinga som måtte komme da Rjukan voks frå éin gard til ein industristad med ca. 8000 menneske på svært fåe år.

Skulerud såg sjølv på arbeidet sitt som ei slags redning av det gamle 4.3. Innsamlaren

Bak den skriftlige produksjonen åt Skulerud ligg det sjølvsagt eit innsamlingsarbeid som vi har vanskelig for å fatte omfanget av.

Reisene hans var mange, og Skulerud må støtt ha sete med notisboka.

Typisk er ei notisbok med oppskrift etter Kortere Ordliste ifrå Austr- heim, datert 1/8-1945. På side 25 har han laga ein fotnote til det noterte (i Norvegia-lydskrift) /nifti/: "høyrde net" ti eller nef t'n (19) på eit møte på Årås bedehus,..." (Notisbok III1945.)

Mest har han nok samla inn i Aust-Telemark og på Sør-Austlandet, men han for og vide kring i landet elles. I Vestfold har han skrive opp dialekttekstar, som han trykte i Gamalt frå Vestfold I. Bygdemåls- prøvor (nr. 19). (I same boka kontrollerte han og transskripsjonen i ein del andre tekstar.)

Materialet ved Målføresamlinga i Bergen viser at han var ute på ferd kvart år i professortida si. Dei aller fleste turane gikk til Horda- land. Han bygde seg opp eit kontaktnett, som han brukte når han sendte ut spørjelister. Kontaktpersonane sendte og inn materiale - ofte eigne oppskrifter etter Kortere Ordliste - og da gikk Skulerud nøye igjennom og kontrollerte og retta og skreiv tilbake for å spørje om nærare opplysningar. Dermed fikk han ein stor korrespondanse, og han sparte seg ikkje når det gjaldt å skaffe fram "sikre" data.

Eit kuriosum for oss i dag er det å sjå at Skulerud var tidlig ute med å gjøre lydopptak. I 1948 fikk han gjort opptak av 10 målprøver frå Mas- fjorden på 6 lakk-grammofonplater! Det blei planlagt eit større innspelingsprosjekt, som vekte interesse ma. i avisene. Skulerud hadde utalandske førebilde for tiltaket. Men den tekniske utviklinga gikk vidare, og i årsmeldinga for 1951-52 fortel han at

98

(20)

"Magnetofonen er for fyrste gong teke i bruk i målføreinnsamlinga. Det er førebels gjort ymse opptak av målprøver frå Fana og Evanger og av is- landsk mål, og dei røynsler vi har gjort, syner at magnetofonen kan ver ta ei effektiv og sers nyttig hjelperåd i målføregranskinga. Sume av prøvene er seinare ført over frå lydband til grammofonplater."

Som styrar av Folkeminnesamlingi ved Bergens Museum orga- niserte han ein god del arbeid med det innsamla materialet; det blei skrive av og ordna. Det var tydelig eit synopsisprogram bak. Av avis- omtalar i 1945 går det fram at Skulerud "arbeider med eit stort verk utn målføri i Hordland" (Bergens Tidende 21/9-45). Han lærte opp studen- tar i lydskrift og fikk samla systematisk inn etter spørjelister. "Målet er å skapa eit tilsvarande verk over målføri i Hordaland som det dr.

Larsen gav ut um sognemåli i 1926." (.Bergens Tidende 21/9-45.) Men det er ikkje råd å sjå at han sjølv noen gong utnytta i skriftlige arbeid noe av materialet som blei samla inn i Bergens-tida.

5. Andre vitskaplige arbeid 5.1. Ordstudiar

På dei mange innsamlingsreisene sine kom Skulerud naturlig nok over mange ord som før ikkje var komne med i dei to store ordbøkene over norsk mål. Dessutan fikk han tilsendt materiale frå informantar han hadde god kontakt med. Desse innsamla orda presenterte han i fleire artiklar, som "tillegg" til dei to norske ordbøkene.

I 1913 kom "Ein bundel nye norske ord og ordformer. Tillegg til

"Norsk Ordbok" av Ivar Aasen og Hans Ross" (nr. 5). Her legg Skulerud fram 112 nye ord eller ordtydingar som han har notert frå Vestfold, Østfold og - aller mest - Telemark. Siste fylket er mest representert med materiale frå Tinn. Skulerud jamfører elles med belegg frå andre dia- lektar, og han drøftar ofte etymologi og lydhistorie.

To år seinare får han trykt ein merknad til denne artikkelen: "Dansk- norsk uryggelig m.m. En liten ordstudie" (nr. 6). Skulerud viser den semantiske kontakten mellom etymologisk ulike ord som norr.

øruggr/uruggr, nynorsk uruggeleg og dansk uryggelig.

"Nye oplysningar om norsk ordforråd. Nytt Tillegg til 'Norsk Ord- bok' av Ivar Aasen og Hans Ross" er frå 1929 (nr. 8). Materialet er på 70 ord, det meste frå Telemark, Voss og Jæren. Skulerud heimfestar ymse uttaleformer, gir tydingar og brukseksempel, og drøftar ofte inngåande

(21)

etymologien åt orda. I samband med dette drar han inn mye materiale til jamføring.

I 1933 kom "Av ordtilfanget på Sunnmøre. Etter upplysningar av lærar Matias Eide (Fiskåbygd i Vanylven)" (nr. 21). Det verkar som dette er ord Eide har notert ned og overlatt til Skulerud, som så trans- skriberer orda, kommenterer dei, gir etymologiar, samsvar i nynorsk og i andre dialektar. Det ligg mye arbeid og stort oversyn bak desse jam- føringane. Stundom skriv og drøftar han svært langt om etymologiane;

ordet mjølma aleine får nesten tre sider. Denne ordsamlinga, på 77 ord, er nok og meint som tillegg til Aasen og Ross, for enten er orda ikkje er oppskrivne før, eller så er ei ordtyding unemnt i desse to ordbøkene.

(Nes 1978 har korrigert noe av etymologiseringa i denne artikkelen.) (Haakon M. Fiskaa har i forkorta form gitt att ordlista frå Vanylven i Bygdebok for Vanylven [2] frå 1965 (nr. 34).

I Rikard Berges tidsskrift Norsk folkekultur for 1935 hadde Skulerud ei lita etymologisk drøfting: "Gaanaatraav. Ei spraakleg utgreiding"

(nr. 23). I Tinn er hesten Førnesbrunen or segna frå Svartedauden kalla Gånåtråv, og Skulerud pønskar her på etymologien. Han drøftar og testar på solid vis mange mulige samanhengar. Det norske verbet gane (Tinn: /vgono/) 'sjå høgt opp' viser dårlig semantisk samsvar. Derimot kan rota gan-, som er kjent frå norrønt og islandsk i tydinga 'fare brått i veg' gi betre forklaring, og vere lydhistorisk fullt mulig. Til slutt hektar Skulerud på ein spekulasjon - som han sjølv tydelig trur på - om at ty- dinga gand' og kan ha gått opp i gan-.

Til ordstudiane kan vi og rekne "Om skikken at 'kampe'" frå 1919 (nr.

9). Dette vesle innlegget gjeld ein barneleik Skulerud kjenner frå Pors- grunn, og er eit apropos til ei forteljing i ei reiseskildring frå Orienten av språkgranskaren Arthur Christensen.

5.2. Stadnamngransking

Sjølv om hovudoppgåva om om-namna gjaldt stadnamn, blei ikkje denne disiplinen hovudområdet hans seinare. Men han må ha halde seg godt orientert innafor disiplinen, og han skreiv ymse avisartiklar og eit par mindre vitskaplige arbeid.

I artikkelen "Bemerkning til navnet Telemark" - i årsskriftet åt Historielaget for Telemark og Grenland i 1919 (nr. 10) - gir Skulerud ein merknad til ein artikkel konsul H. H. Holta hadde tidligare i skriftet.

(22)

Holta prøvde der å argumentere mot B. Hesselman og Bugge og for at Z-en i førsteleddet av namnet var opphavlig lang, og at namnet dermed kunne ha med 'tolle' (= furu) å gjøre. Skulerad svarer med å vise den geografiske utbreiinga for kort og lang vokal i dette namnet i dialektane i dag og viser at det norr. ordet spila har fått heilt parallell utvikling. På den måten tilbakeviser han Holtas freistnad på tolking og styrker tolkinga åt Hesselman og Bugge, som bygger på den norrøne forma

*PelamQrk. Skulerud briljerer her med stringent historisk lingvistikk.

I Zeitschrift fur Ortsnamenforschung meldte han i 1931 Gustav Indrebøs Stadnamn fraa Oslofjorden (nr. 20). Her er lite å finne av samla vurdering av boka, største plassen bruker han til å føye til de- taljmerknader om belegg og former.

Tre år etter han kom til Bergens Museum, gav han ut "Utsyn over vestnorsk stadnamngransking" (nr. 28). I utgangspunktet var det prøveforelesinga over oppgitt emne frå da han konkurrerte om prefes- soratet i Bergen i 1943 saman med Sørlie og Thorson. Med å utvide stoffet gjorde Skulerud dette til eit større hefte. Arbeidet ber ein litt misvisande tittel, for utanom innleiinga og avslutninga er her lite om granskinga av vestnorske stadnamn, derimot dreiar artikkelen seg om vestnorske stadnamn og tolkingsframlegg til desse namna.

Først tar Skulerud opp landskapsnamn, deretter bygdenamn, gards- namn og naturnamn. Namna er henta frå ymse stader på heile Vest- landet. Kvart namn blir kommentert og drøfta etymologisk. Skulerud hentar inn tydingsframlegg frå mange kantar og or mye faglitteratur, særlig om dei eldste og vanskeligaste namna. Dermed blir dette eit svært omfattande materiale å arbeide med, for jamføringane til andre namn og ord er mange, og spekulasjonane kan vere fantasifulle. I drøftingane kjem han ofte inn på kva som er lydhistorisk mulig og umulig. Slik viser dette arbeidet igjen at Skulerud meistrar "gamle kun- ster", nemlig lydhistorie.

Artikkelen gir ei nyttig oversikt, men han ville ha tent på eit namne- register ettersom framstillinga verkar temmelig springande, og det ser litt tilfeldig ut kva namn som blir dratt fram. Og i eit tillegg på 5 sider skyt han her og inn ei mengd nye opplysningar.

"Om namnet Fjon" kom i 1949 (nr. 30). Artikkelen gjeld eigentlig førsteleddet i namnet Fensfjorden. Gammalnorske skrivemåtar kan tolkas slik at det eldre usamansette namnet har vore *Fjorn. Skulerud drøftar kva opphavet kan ha vore, han drar inn lydhistorie, bøyings-

101

(23)

mønster, topografi, andre gamle namn i same området og samanliknar med liknande namn elles i Skandinavia. Artikkelen viser god evne til å tenke ut mulige løysingar.

Denne artikkelen stod først i opningsheftet til det lokalhistoriske tidsskriftet Frå Fjon til Fusa for 1949. Ein litt utvida versjon er trykt i Namn och Bygd for 1951 (nr. 32).

5.3. Runer og norrønt

I samband med studieopphaldet sitt i Storbritannia i 1912 utarbeidde Skulerud ein Catalogue of Norse Manuscripts in Edinburgh, Dublin and Manchester. Katalogen for Edinburgh er laga av Th. G. Repp i 1833 (28 s.). Resten (34 s.) har Skulerud sett opp frå grunnen av. I kvart opp- slag står merknader, referansar til andre handskrift, og sitat av opning og avslutning i handskrifta. Katalogen dekker lovhandskrift, manu- skript med poesi, eddakvede, sagaer og ymse anna av historisk inter- esse. Det meste gjeld islandske manuskript. Bak står eit register.

Arbeidet er eit nøyaktigheitsarbeid, og katalogen er laga fordi for- fattaren vonar ei slik liste over manuskripta "will be welcomed by scholars". Støtte og hjelp til arbeidet fikk han frå C. J. S. Marstrander og Kr. Kålund. Sjølv brukte ikkje Skulerud manuskripta til nærare vit- skaplig arbeid.

Også runologien var Skulerud litt innom. Som nemnt drøfta han noen innskrifter i Telemaalet i umriss, og han skreiv eit par avisstykke om runer. 11921 trykte han ein artikkel om "Eggja-steinen" (nr. 12). Her gir Skulerud eit referat av det Magnus Olsen har skrive i Norges Ind- skrifter med de ældre Runer, for det lokalhistoriske tidsskriftet for Sogndal. (Marius Hægstad har skrive om Stedje-steinen under same bolken om "Runor".) Omsettinga er og etter Magnus Olsen, med ei en- dring i eitt ord, som Skulerud les øruggr 'grådig'. Nett det ordet har han drøfta i ein annen artikkel, jf. ovafor om nr. 6 - med belegg frå

Vestfold. 6 &

"Nokre merknader om det yngre u-ljodbrigdet i norrønt mål" (nr. 31) gjeld ikkje bare norrønt synkront, og kunne like godt ha vore nemnt saman med hine lydhistoriske drøftingane. Han vil her underbygge påstandane åt A. B. Larsen og B. Hesselman om at den yngre w-omly- den og rådde i austnorsk; omlyden var ikkje noe skilje mellom Vest- og Austlandet, slik det ei tid før hadde vore hevda. Dette synet bygde bare på belegg i skriftmålet og oversåg at ei skriftnorm ikkje svarer direkte

(24)

til talemålet, men har sine eigne normkrav. (Dette siste argumentet kjenner vi dg att frå doktoravhandlinga.) Det er materiale i moderne dialektar som gir Skulerud grunnlag for å hevde at u-omlyden har rådd vidare enn det dei skriftlige kjeldene kan tyde på. Trondheim og uttrøn- dersk ser ut til å ha mangla den yngre w-omlyden, men elles har han vore eit målmerke mellom vestnordisk (norrønt) og austnordisk. Endatil frå Hårjedalen og delar av Båhuslen og Varmland er det belegg på yn- gre M-omlyd, kan han referere etter Hesselman (s. 25f.).

Skulerud viser korleis den yngre «-omlyden både har vore og er lite konsekvent gjennomført i færøysk; analogiverknader har generalisert enten omlydt eller ikkje-omlydt vokal. Han går deretter inn på dei mest konservative norske dialektane innafor vestlandsk og midlandsk og viser at dei har hatt same utviklinga. Ved stammevokalen a har det lenge funnes ein levande yngre u-omlyd. Hovudkonklusjonen åt Skulerud er

"at det er ingen k vali te t-skilnad i norsk i spørsmålet om bruket av det yngre U-ljodbrigde, men ein g r a d-skilnad, som ovrar seg i ei to-tre ulike steg" (s. 34).

Dette er eitt av dei betre og meir interessante arbeida åt Skulerud.

Innleiing til studiet av gamalnorsk. (Stensil. Nr. 29.). Denne stensilen er trulig delt ut til studentane, og gir eit språkhistorisk oversyn over germansk lydutvikling, særlig fram til norrønt. Men Skulerud viser og til vesterhavsmåla, og her kjem ein del om nyare dialektar og dialekt- inndeling. Mest forvitnelig er kanskje dei første sidene der han fram- hevar dei "stormstega" som språkvitskapen i Europa og Amerika har gjort frå midten av 1800-talet med at ein har funne "lovene for målvoksteren". Han demonstrerer tankegangen i denne vitskapen med å vise dei ymse utviklingane av norr.Jb Han framhevar elles at

"Den målhistoriske metoden går ut frå det levande målet. Dei nolevande ffl/emålsformene viser attende til ei eldre einskapleg form." (S. 3.)

5.4. Nynorsk

"Um dativ av namnord i nynorsk" er frå 1939 (nr. 26). Dette er eit syste- matisk oversyn over dativbruken i moderne norsk. Skulerud har gått igjennom ei rad med kjelder og funne den geografiske utbreiinga, og

(25)

han viser med eksempel korleis systemet er på vikande front i utkantane av dativområdet.

Hovuddelen av arbeidet går med til ei oversikt over dativendingane i norske dialektar. Desse endingane er blitt meir einslaga enn dei i nem- neform. Her disponerer Skulerud materialet etter bøyingsklassane og gir heimfesta belegg. Han ser og nøgnare på palatalisering av velarar i dativformene. Dermed blir dette ei nyttig systematisk data- samanstilling.

I siste delen av arbeidet går Skulerud igjennom dativbruken i nynorsk skriftmål frå Aasen og framover. Aasen opna for bruk av dativ i fleirtal b.f., og særlig i første skriftmålsfasen blei denne forma nytta ein del. Som Skulerud viser, er det først og fremst når substantivet (som styring) skal framhevas og kjem til slutt i perioden, at dativforma blir brukt. Men bruken er lite konsekvent, og feil bruk kan ein og finne ettersom ikkje alle landsmålsskribentane hadde talemålsgrunnlag for dativ. Men i sakprosa gikk dativbruken snart ut, særlig hos dei som ikkje hadde talegrunnlag for han. Han fikk ei tid meir poetisk funksjon, og i særlig høgtidsstil blei han lenger brukt. I omsettinga av Nytesta- mentet frå 1889 bruker Blix og Skard mye dativ.

Skulerud går igjennom forfattar for forfattar og viser kven som bruker dativ, og kven ikkje. Eksempla er som vanlig mange, og i eit til- legg på 7 sider kjem enda fleire.

Skulerud gir ei kort historisk innføring om kva tid ein kan rekne med at dativbortfallet begynte i norsk talemål, og med støtte i Seips språkhistorie held han på tida kring 1300. Men han knyter ikkje materi- alet til noen historisk problemstilling. Somstad nemner han at det må ha skjedd analogiar, men utan å jamføre dativendingane med endings- systemet elles.

Skulerud skreiv lite om nynorsk. Han var tydelig ingen stridsmann i denne saka. Derfor er det interessant i neste arbeidet å prøve å lese ut noe om målsynet han hadde; det har han ikkje presentert klårt noen stad elles. Voksterlina åt nynorsken i siste hundreåret (nr. 27) blei trykt i 1944 og var den sjølvvalte prøveforelesinga åt Skulerud frå 4/10-1943, dvs. da han konkurrerte om professoratet i vestnorsk målføregransking ved Bergens Museum. Her er tydelig all sympati lagt til målreisings- tanken og vitskapsarbeidet åt Aasen, men forelesaren er kritisk til det sterkt konservative draget i norma som den nasjonalromantisk- påverka Aasen sette opp etter 1853, som gjorde nynorsken "stiv og

(26)

gamalvoren og utsøkt" (s. 9). Framveksten seinare til eit ledigare mål med sterkare austnorske innslag blir omtalt i positive ordelag, og Olav Duun blir sett høgt. 'Allmennorsk' er eit plussord. Den nye mannen i professorembetet etter Indrebø avsluttar forelesinga med ei von om at

"vegane åt dei to riksmål! [vil] føra inn mot einannan til endeleg samansmelting, so me kan sleppa stødt å vera eit målkløyvt folk" (s. 18).

I siste delen av forelesinga går han igjennom ein del av endringane som i 1941 blei gjort av 1938-rettskrivinga. 41-rettskrivinga var offisiell rettskriving da forelesinga blei halden. Skulerud misliker tydelig en- dringane, som han kallar "atterhaldsame".

"Korleis nynorsken vart skriftmål i landet vårt" (nr. 33) går inn som eit kapittel i ei lesebok. Desse åtte sidene gir eit historisk utsyn først frå norrønt og fram til Aasen, deretter ein presentasjon av normerings- historia åt nynorsken. Mye av stoffet i denne siste delen er henta or prøveforelesinga frå 1943, det gjeld og sjølve konklusjonen.

Prøveforelesinga si frå 1918, "Utsyn yver aandslivet i Telemark"

trykte Skulerud i Norsk Aarbok for 1923 (nr. 14), men det er og einaste dømet på at Skulerud "samarbeidde" med dei konservative og nasjonale i målrørsla. Den nynorske språkføringa i verka hans tyder på at han prøvde å følgje hovudstraumen, for han legg vekt på å

"modernisere" rettskrivinga si etter kvart som rettskrivingane og nynorsktradisjonen endrar seg. Det bruker han som grunngiving for endringane frå første til andre halvbandet av Tinnsmaalet. I Norsk Aarbok og i heidersskriftet til Indrebø bruker han rett nok ei konservativ rettskriving, men i skrifta om søraustlandsk er han tydelig opptatt av å gi språkforma eit austlandsk preg, f.eks. med refleksive infinitivar på

5.5. Kulturliv

Prøveforelesinga over sjølvvalt emne til doktorgraden hadde tittelen

"Utsyn over åndslivet i Telemark" og blei altså trykt i 1923; men ho må vere kraftig utvida! Dette er ei brei historisk skildring av kulturhistoria åt telene, frå dei eldste minningane frå vikingtida og opp til samtida åt Skulerud. Det blir lagt vekt på særdraga og særgivnadene åt telene, viljen til sjølvstende, og at dei er stae og stride både mot øvrigheit og seg imellom. Her er fortalt både om dei blodige sidene ved den gamle bygdetradisjonen og om dei åndelige prestasjonane i dei mange kunst-

105

(27)

formene der Telemark står for fremste tilskottet til nasjonalarven vår, fordi folket der har vist slik truskap mot minna frå fortida.

Dei einaste språkvitskaplige innslaga i artikkelen er eit avsnitt om stadnamn og eit par om dialektdrag - alle viser fellesskap til Agder og Ryfylke (og Vesterhavsøyane). Skulerud bruker fakta frå både språkvit- skap, historie, etnologi, folkloristikk, religionsforsking og antropologi frå mellomkrigstida til å understreke at Telemark må vere busett frå sør og vest.

Ideologisk fortel nok denne artikkelen om ei nasjonalromantisk dyrking av ein folkelig elite. Skildringa tar fram både godt og vondt, men er likevel tydelig skriven i beundring. Det høver sjølvsagt godt inn i Norsk Aarbok, og Skulerud verkar sjølv og overtydd om åndelige sær- drag hos desse fjellbøndene. (Teler1 er her brukt om folket i Øvre Tele- mark - det eigentlige Telemark.) Dessutan hadde Skulerud sjølv sitt kjæraste forskingsobjekt i Telemark, nemlig tinnsmålet. Å få fram at telene har band vestover, heng trulig saman med at den norrøne (eller vestnordiske) kulturen representerer ein "gullalder" i Norden.

6. Vurdering

Skulerud kan ikkje seias å ha vore noen teoretisk språkvitskapsmann.

Rett nok viser han gode teikn i dei par første arbeida sine, men deretter tar detaljane og geografien over - med fåe unntak. Komiteen som vur- derte han til professoratet i Bergen i 1943, kommenterte og at "Han er ingen helt moderne forsker"; litotes-figuren skulle vere tydelig nok i den formuleringa.

Det er materialpresentasjonen som dominerer produksjonen hans.

Og den type produksjon er ikkje minst arbeidskrevjande. Han må ha vore ein arbeidsmaur, og det han gav ut, er utan merke av slurv. Inge- borg Hoff kommenterer Tinnsmaalet m.a. med at det i dette digre ver- ket nesten ikkje fins trykkfeil (Hoff 1947), noe som er eit særsyn i av- handlingar med så vanskelig sats. Kontrollarbeidet har vore grundig utført. Og som nemnt ovafor verkar all transskripsjon konsekvent og pålitelig. Vurderingskomitéen frå 1943 gav og ros for "hans nøkterne omdømme og absolutte pålitelighet".

Det må dg nemnas at Skulerud ikkje sparte seg når det gjaldt å hjelpe andre. Han las korrektur på mange arbeid som kollegaer gav ut.

Dei visste sikkert kven dei gikk til for å be om hjelp.

(28)

Det nitide i arbeidet hans verkar nesten skremmande. Han må ha hatt så vanskelig for å kjenne seg ferdig med eit verk at arbeidsmåten ville fungere som sjølvpining for andre. Det er alt fleire gonger nemnt at han til slutt i svært mange av dei trykte arbeida sine har lengre lister med tillegg som skal skytas inn i teksten framom. (Ein kan lett tenke seg at dette kom som tillegg pga. at settarane ikkje ville godta meir rett- ingar i korrekturane!) I "Um dativ i namnord i nynorsk" er det ikkje nok med dei lange merknadene til slutt, i særtrykket har han og lagt inn ein stensil med enda fleire merknader. På biblioteket ved Nordisk institutt står dei private eksemplara av arbeida hans, og der ser vi at han stadig har halde fram med å legge til nytt stoff; det er skrive til med blyant og penn i alle margar.

Den enorme arbeidsinnsatsen innom dialektgeografien gav sjølvsagt Skulerud svært godt innsyn i norske dialektar. Komiteen frå 1943 seier:

"Han har framfor alt i mer eller mindre utførlig form - monografier, oversikter og ordlister - behandlet over 100 norske målfører, derav ca. 25 vestnorske. Ingen nålevende språkforsker har samlet og utgitt så mye verdifullt norsk materiale som han. Han er uten tvil en av de beste kjennere av norsk språk siden Aasen og Ross."

7. Litteraturtilvisingar

Fiskaa, H. M. 1965: Bygdebok for Vanylven [2]. Oslo. /Ordlista etter Skulerud på s. 155-156./

Hoff, 1.1947: Tinnsmålet. ANF 62.244-258.

Kock, A. 1901: Till frågan om brytning och nasalvokaler i fornnordiska språk. ANF 17.161-197 og 385.

Kock, A. 1903: Om «-brytningen i fornnordiska språk. ANF 19.234-251.

Larsen, A. B. 1926: Sognemålene. Oslo.

Nes, 0.1978: Opphavet til ein del dialektord. MM 1978.30-41.

Noreen, A. 1881-3: Dalmålet. Nyare bidrag till kånnedom om de sven- ska landsmålen ock svenskt folklif 4.

Seip, D. A. 1962: Skulerud, Olai. Norsk biografisk leksikon. 14. Oslo.

Storm, J. 1884a: Indledning. Norvegia l.[5]-18.

Storm, J. 1884b: Kortere Ordliste med Forklaring af Lydskriften. (Bilag til Norvegia Iste Hefte.) [Kristiania.] 16 s.

(29)

Storm, J. 1920: Ordlister over Lyd- og Formlæren i norske Bygdemaal.

(Videnskaps-Selskabets Skrifter 1919 nr. 3.) Oslo.

8. Bibliografi

(Bare språkvitskaplige arbeid er med. Avisartiklar er utelatne.)

1. Om ozH-Navnenes Behandling i Fogderierne Nedre Telemarken og Gamle af Bratsberg Amt. (Christiania Videnskabs-Selskabs For- handlinger for 1906. No. 2.) Christiania. 38 s.

2. Nogle bemerkninger om Oredialekten i Dalarne. Sproglige og his- toriske afhandlinger viede Sophus Bugges minde 130-138. Kristia-

3. Om pronomenet kvar i norske maalføre, færøisk og islandsk, og i forbindelse dermed om lydovergangen æ > a i vestnordisk. En sproghistorisk og sproggeografisk undersøkelse. ANF 28.219-56.

4. Um serr 3. sg. præs. ind. DN I nr 152, 23-24 (aar 1317, Heddal). ANF 28.257-261.

5. Ein bundel nye norske ord og ordformer. Tillegg til "Norsk Ordbok"

av Ivar Aasen og Hans Ross. Festskrift til professor Alf Torp paa hans 60 aars fødselsdag 27. september 1913 154-180. Kristiania.

6. Dansk-norsk "uryggelig", en liten ordstudie. MM 1915.170-171.

7. Telemaalet i umriss. Ei utsyn yver maalsoga og maalgeografien i Telemark, serleg med umsyn paa Tinn. Kristiania. VII + 108 s. /Jf.

(30)

nr. 13 og nr. 25. Meldt av G. T. Flom i Modem Language Notes 39.111-115 (1924)./

8. Catalogue of Norse Manuscripts in Edingburgh, Dublin and Man- chester. For den norske historiske kjeldeskriftkommisjon. Kristia- nia. 76 s.

9. Om skikken at "kampe" (slåa egg mot egg). MM 1919.77.

10. Bemerkning til navnet Telemark. Historielaget for Telemark og Grenland. Aarsskrift 1919.134.

11. [Utgivar] Johan Storm: Ordlister over Lyd- og Formlæren i norske Bygdemaal. (Videnskapsselskapets Skrifter II 1919 no. 3.) Kristia- nia. VIII + 97 s.

12. Eggja-steinen. Heimbygd! vaar Sogndal. Aarbok I. Emne or soga og samtid med bilæte. (Sogndals sogelag.) 28-32. Bergen.

13. Tinnsmaalet. Ei utgreiding um ljod- og formverket i maalføret i Tinn i Nord-Aust-Telemark. Under jamføring med andre norske og an- dre nordiske maal. Med maalprøvor og ei ordliste. [Fyrste bolken.

Fyrste halvband.] Halle. S. I-XII og 111-458. /Framhald av nr. 7 Jf. nr 25./

14. Utsyn yver aandslivet i Telemark. NAa 4.60-104. Bergen.

15. Sør-austlandske målføre etter samlingar av Johan Storm. I: Fest- skrift til Amund B. Larsen 1-72. Kristiania.

(31)

16. Utsyn over målet i Norderhov (Ringerike). (NVAA 1926 nr. 1) Oslo.

17. Utsyn over målføret i Ådal (Ringerike). Festskrift til Hjalmar Falk 369-429. Oslo.

18. Nye oplysningar om norsk ordforråd. Nytt Tillegg til "Norsk Ord- bog" av Ivar Aasen og Hans Ross. Studier tillågnade Axel Kock.

Tidskriftens huvudredaktor 1888-1928 541-72. (=ANF 44 tilleges- band.) Lund.

19. [Medarbeidar] Gamalt frå Vestfold I. Bygdemålsprøvor. (Utgjeve av Vestfoldlaget.) Sandefjord. /S. 27-31: Skulerud har lydskrive eventyret "Sønnæfår sø å nolæfår nol enne-ve de store gullbærje"

etter informant frå Sandeherad; s. 50-52: Skulerud lydskrive dikt av Lorens Berg på dialekt frå Kodal; s. 53-57 Skulerud gir att ymse tekstar på dialekt frå Andebu; s. 58-60: Skulerud gir att ymse tek- star på dialekt frå Høijord; s. 61-66: Skulerud har lydskrive ymse stykke til dialekt frå Tjøme; s. 73-79: Skulerud har gått igjennom tekstar frå Tønsberg, oppskrivne av Trygve Knudsen og Hans Ross; s. 99-101: Skulerud gir att tekst frå Fon./

20. Gustav Indrebo, Stadnamn fraa Oslofjorden (Skrifter utgitt av det Norske Videnskapsakademi i Oslo II. 1928. No. 5). Zeitschrift fiir Ortsnamenforschung 7.189-192. /Bokmelding./

21. Av ordtilfanget på Sunnmøre. Etter upplysningar av lærar Matias Eide (Fiskåbygd i Vanylven). Helsing til Olav Midttun på 50-års- dagen 8. april 1933 60-79. Oslo. /Trykt opp att i forkorta form i Fiskaa 1965./

110

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Seinare har paradigmet vorte analogisk utjamna etter eintalsstammen /da / ːɽ (dialektane med jamning har òg tjukk l), og vanlege fleirtalsformer no er /da a/, ːɽ..

' Eit samandrag av konsekvensane av utbygginga av ein vindpark på Radøy vil bli ein del av innhaldet i den konsekvensutgreiinga som skal følgje søknaden om konsesjon. 1 1

Kommuneoverlegene – våre nye kjendiser – har virkelig kjempet kampen mot viruset gjennom TISK-arbeidet (testing, isolasjon, smi esporing, karantene) i kommunene, med uvurderlig

Gjen- nomgående har de effekt og sikkerhet på linje med warfarin, men de kan ikke uten videre sies å ha «slått» warfarin i de sammenlikningene som er gjennomført, særlig ikke i

Hvorfor påstår fostermedisiner Kjell Åsmund Salvesen dette: «Vi ønsker å gjøre noe bra for fosteret, ikke å finne flest mulige Downs syndrom.» Er det «bra for fosteret»

Vi skriver år 2000 og undrer oss over at en del lungeleger fortsa foretrekker å nedtone betydningen av røyking (aktiv som passiv) som hovedårsak til kronisk obstruktiv lungesykdom

Location Village / WardType of facilityDispensary Health Centre Hospital Number of births in the year 2000 Number of Caesarean Sections in the year 2000.. Ownership

I denne gram- matikken bruker vi termen adverb også om ord som ikke kan opptre sammen med andre ord i en frase, men som alltid danner en frase aleine, som for eksempel silloin