• No results found

Ulike forskingsretningar innan radikalisering og ekstremisme

Gjennom åra har det utvikla seg ei større interesse for det høgreorienterte miljøet, samt radikaliseringsprosessar i samfunnet då det argumenterast for fleire hendingar av terrorangrep etter 2000-tallet. For å nemne nokre angrep dei siste 20 åra, gjekk det eksempelvis av ei bombe både i undergrunnen i London 2005, samt ei på togstasjonen i Madrid i 2004. I Noreg kan ein dra fram regjeringskvartalet, og Utøya i 2011. Terrorangrepet i Frankrike i 2015 er også eit eksempel på eit angrep skjedd dei siste 20 åra. Fellesnemnaren for aksjonane er at enkeltpersonar og sivile mål blei ramma, då dette blei utført av eigne borgarar som også har hatt sin oppvekst i same by som dei utførte terroraksjonen i. Terror er eit resultat av valdeleg ekstremisme, då dette også kan bli ein konsekvens om ein er i ferd med å bli radikalisert.

Slike hendingar har gjort politikarane meir merksam på det høgreradikale, samt det ekstreme fenomenet. Ein kan ikkje kun ser det utanfrå, då dette også skjer i eigne land og borgarar (Bjørgo & Gjelsvik, 2015).

Kva merksemd har forskinga hatt gjennom ei årrekkje?

Eg ser det som relevant å synleggjere aktualiteten rundt fenomenet høgreekstremisme samt radikal, då trusselvurderinga og statusen på terror utført av PST også er med synleggjer tematikken (Politiets sikkerhetstjeneste, 2021). Frå 2014-2018 var det i stor grad ISIL (den islamske stat) som prega vesten i størst grad. Året 2017 blei det gjennomført flest terrorangrep i Europa, medan ISIL i 2018 mista kalifatet sitt i Syria. Dette bidrog til at ISIL ikkje hadde den same appellen i vesten som tidlegare. Med andre ord viser eit slikt bilde at frå 2018 – 2019 er det balanse på skalaen mellom ekstrem islamisme og høgreekstemisme, og vi såg dobbelt så mange angrep frå høgreekstremistar i 2019 samanlikna med 2018 (Politiets sikkerhetstjeneste, 2020).

5

Ein raud tråd gjennom forskingsfeltet til høgreekstrem vald og terror, er at den jihadistiske terroren er blitt sett på som meir farleg enn førstnemnde. I seinare tid kan ein sjå at dette ikkje nødvendigvis gir ei riktig framstilling. Ei rekke hendingar som blir presentert ovanfor viser eit langt større antall menneskeliv kan gå tapt frå det høgreekstreme (Enstad, 2017). Under forskingsprosjektet til Ravndal (2015), blir det vist til eit antall tapte menneskeliv i Europa sidan 1990 som er opp i mot like mange som islamistisk jihad har forårsaka i same periode.

Til tross for dette, kvifor er det då så lite forsking på dette feltet? Ser ein på forskingsstatusen i Noreg i etterkrigstida, eksisterte det svært lite. Etter ein utgiving av ei bok frå ein journalist ved namn Per Bangsund, kom det første bidraget frå ein akademisk forskar, Bjørgo (1988).

Studien omhandla identifikasjonen rundt høgreekstremisme, samt rasistisk og

framandfiendtleg vald. I seinare tid leverte Bjørgo ei rekke studie, samt ei doktoravhandling.

Avhandlinga bidrog derimot med ein større forståing av fenomenet, då dette var svært samansett (Bjørgo & Gjelsvik, 2015). Nazistiske miljø blei også gjort ei studie på, dette av Fangen (1999). I seinare tid blei Fangens doktoravhandling omgjort til bok for å enklare synleggjere fenomenet i samfunnet. Etter ei rekke hendingar i dei pågåande åra, som

eksempelvis Benjamin-drapet og ungdomsgrupperingane i Kristiansand i 2001 tok av, blei det utført fleire forskingsprosjekt og rapportar. Her var målsetjinga å bidra til å løyse problema i dei rasistiske ungdomsmiljøa (Bjørgo & Gjelsvik, 2015).

Etter 22.juli 2011 blei det ei forsterking av engasjementet rundt norske forskarar. Spørsmål som korleis dette kunne skje, og kva som skulle til for å førebygge liknande i framtida, var svært framtredande. Journalistar og forfattarar var i første omgang dei som kom med det første bidraget. Det kom ei rekke faglitterære bøker der ulike perspektiv, ideologikritikk og tankegods til terroristen blir beskrive. Søken etter forklaringar på valdshandlinga og kva som best forklarer dette blir satt søkelys på. Godt å vel eit år etter aksjonen, kasta fleire forskarar seg på ballen, og kom med sitt bidrag. Nokre av desse var blant anna Sørensen (2012), Bjørgo (2012) og Fangen (2012). Desse tre var ekspertvitne under heile rettsaken, då slike material kan gi lesaren ei unik innsikt i korleis den ideologiske forståring til terroristen førte til eit valdeleg resultat.

Vidare beskriv Bjørgo og Gjelsvik (2015) korleis forskingsfeltet knytt til radikalisering, ekstremisme og terrorisme fungerar ulikt. Det blir her tatt utgangspunkt i to ytterpunkt, då den eine retninga dreier seg om å utvikle kunnskap og for å kjempe mot fenomenet. Det andre

6

ytterpunkt vel her å undersøke det ein kallar «critical terrorism studies», som dreier seg om eit kritisk søkelyset på den ekstreme retninga.

Ei viktig utvikling som er verdt å nemne her, er at terrorforskinga tidlegare la innsatsen på sikkerheit og beredskap, men at dette har blitt utvida til å tenke meir mot det psykologiske, og det sosiale arbeidet mot førebygging (C-REX - Senter for ekstremismeforskning, 2019).

Endring i forskinga

Eit resultat av endringa er at også forskinga har endra retning. I nyare tid har ulike forskarar markert sin konsentrasjon på førebygging og viktigheita av iverksetting i tidleg stadie. Det er også gjort eit godt stykke arbeid frå Regjeringa si side, der ulike handlingsplanar og rapportar saman med politihøgskulen er blitt ferdigstilt. Det er utført forsking rundt førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme (Bjørgo & Gjelsvik, 2015), då noko av forskinga eksempelvis tok føre seg retningar som valdsorientert høgreekstremisme og

førebyggingstiltak, venstreekstremisme, militant islamisme og førebygging av framandkrigarar.

Internett har også utvikla seg til noko større, då dette også har hatt same verknad i dei

høgreorienterte miljøa. Rekruttering viser seg å skje på internett, på lik linje som rekruttering skjer ute i miljøa. Som eit resultat av dette, kom det fleire rapportar som omhandla blant anna dette. Ein rapport som er svært aktuell, er frå Sunde (2013) med namn «Forebygging av radikalisering og voldelig ekstremisme på internett». Denne tek for seg ulike perspektiv på førebygging, samt ulik forsking om radikalisering og valdeleg ekstremisme på internett.

Nokre av hovudspørsmåla rundt forskinga om nettekstremisme, er om terrorismen førekjem i ei meir farligare form om det fortset å utvikle seg på nettet. Ein kan her dra inn Thomas (2003), der han i sin artikkel argumenterer mot ekstremistar og høgst radikale som i større grad brukar nettet som ein planleggar mot gjennomføring av terroraksjonar. Dette gjeld hovudsakleg som eit reiskap for informasjonshenting og kommunikasjon, ikkje som våpen.

Under forskingslitteraturen knytt til fenomenet høgreekstremisme og radikalisering, har det vert søkelys på avhopparar, tidlegare ekstremistar, samt kven er dei som vel å ytre seg aktivt inn mot det høgreradikale. Eit område ein har konsentrert seg om, knytt til

forskingslitteraturen rundt høgreekstremisme, er framhevinga av kunnskapsgrunnlaget då dette blir sett på som svakt og utfordrande. Her blir det framstilt ulike teoretiske modellar som

7

beskriv radikalisering, der Githens-Mazer og Lambert (2010) er blant nokre av dei som beskriv feltet fullt av fordommar, framfor at ein går systematisk fram for å finne svar.

Forutintatte faktorar kan ofte dominere forskingsfeltet, framfor at det baserast på empirisk kunnskap.

Forsking knytt til sosialarbeidarens rolle

Det er også gjort forsking knytt til sosialarbeidaren si rolle opp mot det førebyggande plan, samt korleis ein handterer slike møte med det ekstreme/radikale. Dette er blant anna gjort av Haugstvedt (2020). «Trusting the Mistrusted: Norwegian Social Workers ‘Strategies in Preventing Radicalization and Violent Extremism» av Haugstvedt (2019) omhandlar i større grad korleis støtteapparatet vernar om sosialarbeidarane og inntrykka dei blir utsette for. Dette er viktige forskingsartiklar som kan vise til det komplekse sosialarbeidaren står ovanfor i kvardagen, og korleis bygge tillit og relasjon til nokon som i høgste grad står i andre enden sett ut frå ideologien og tankegodset til dei høgreradikale og ekstreme.

Vidare har ulike forskarar sett eit større søkelys på framveksten av høgrepopulistiske parti, samt då høgreradikaliserte og ekstreme grupper. Rydgren og Ruth (2013) skriv i ein artikkel frå 2013 om sosioøkonomisk marginalisering, og påpeiker at dette er ein av dei mest brukte til å forklare framveksten i slike grupperingar. Ein av årsakene som blir trekt fram i artikkelen er når ein er innbyggar i eit slikt sosioøkonomisk marginalisert område, vil ein lettare kjenne på følelsen av å bli oversett og nedprioritert av dei anerkjende politiske partia. Dette

argumenterast opp og fram som ein faktor der dette vil bidra til ei mobilisering av politiske alternativ.

Trekk ein trådar til politikken og den høgreorienterte ideologien, vil ein kunne sjå ein langt større klimaskepsis hos dei konservative. I artikkelen Cool Dudes: The Denial of climate change among conservative white males in the United States, som er skriven av McCright og Dunlap (2011), blir dette nærmare forklart. Her blir det blant anna løfta fram ein langt større klimaskepsis hos menn enn hos vinner. Det eksisterer også ein studie som tek for seg EU-land og ideologi med klimahaldningar (McCright et al., 2016). Her blir det drøfta ulike ideologiske aspekt frå både venstre og høgre. Det blir også argumentert for ein samanheng ved stor

klimaskepsis, då dette kan vere årsaksskepsis, vilje til personleg kostnad og oppfatning av seriøsitet, saman med ein tilhøyrsle til ytre høgre.

8