• No results found

Det er ikkje rart at eit fenomen som er så utbreidd og mangfaldig som kor, har ein like utbreidd og vid forskingslitteratur. Innfallsvinkelen til korforsking er tilnærma uendeleg, og fagdisiplinane som har bidrege er mange. Eg skal ta føre meg eit utval av desse forskingsbidraga som fokuserer meir på koret som fenomen.

Det hadde ikkje vore mogeleg å skrive denne oppgåva utan å nemne Ruth Finnegan (1989). Ho forska på amatørmusikken i den engelske byen Milton Keynes allereie i 1989.

Finnegan har hatt stor påverknad i musikkforskingsfeltet og var ein av dei fyrste til å gjere ei seriøs studie av amatørmusikk. Ho legg til grunn at igjennom musikalske aktivitetar i byen ligg det eit gøymd system og at dette systemet, igjennom individ sine musikalske aktivitetar, endrar og tek vare på engelsk musikkliv. Gjennom å bruke Sherwood Choir som case til studien, visar Finnigan kor omfattande det er å halde eit kor gåande, og kva arbeid som ligg til grunn for eit lokalt musikkliv. Ikkje minst hevdar Finnigan at amatørmusikarfeltet har vorte neglisjert tidlegare (s. 5). Dermed bana ho veg for kor som eit eige forskingsfelt.

15 LF står for linjeforeining, medan Sjungom refererer til ein kjent studentsong frå Sverige

«Sjungom studentens lyckliga dag». Det er og ei forkorting for «Studentkora sin jambure under Nidaros glade opplyste måne.»

16 Vanleg stemmefordeling i kor er sopran, alt, tenor og bass.

Simon Grønås: Kor er kor i Trondheim?

10

Det kanskje viktigaste bidraget til akademisk korlitteratur det siste tiåret er korbibliografien til Geisler (2010). Der har ho samla inn relevant forsking frå ulike databasar og delt det inn i 5 kategoriar: (i) kor allment, (ii) korhistorie og korsosiologi, (iii) korpedagogikk, (vi) kormusikk, og (v) kor og drama, litteratur og film. Desse kategoriane er igjen delt opp i mindre kategoriar. I lys av dette er det fyrst og fremst kategori 2, korhistorie og korsosiologi, som var relevant for meg å søke opp i. Sidan mykje forsking er publisert under andre disiplinar, måtte eg òg leite andre stadar etter tidlegare forsking og inspirasjon. Heldigvis vart eg tipsa om ei rykande fersk doktoravhandling frå fyrste kvartal 2019 frå Noreg musikkhøgskule. Eiksund (2019) si avhandling gav meg mange døropnarar som eg ikkje hadde klart å finne utan. Dette har gitt prosjektet mitt gode aksler å stå på.

Det har etter kvart vore ei auka interesse for forsking på kor som fenomen, og det begynner å etablere seg eit fagfelt på området. I tillegg til bibliografien etablerte Geisler i samarbeid med Karin Johansson eit nettverk for å fremje korforsking, choir in focus, i 2007. Dette nettverket skulle styrke korforskingsdisiplinen og skape ein arena for meiningsutveksling. Det har resultert i 3 antologiar (Geisler & Johansson, 2014; Johansson

& Geisler, 2010, 2011). Formålet har vore å bygge eit nettverk for europeiske forskarar, der dei kan sette nordiske og europeiske perspektiv inn i ein internasjonal kontekst.

Ahlquist (2006) og Quadros (2019) er med å lyfte fram mangfaldet i kor, og utfordre synet vårt på kva eit kor er.

Ei kvalitativ tilnærming har vorte brukt i mykje av litteraturen, der ein har observert, deltatt og interjuva koristar (Ahlquist, 2006; Balsnes, 2009; Eiksund, 2019; Jacob, Guptill

& Sumsion, 2009; Quadros, 2019), og det er ikkje utan grunn at ein har valt denne tilnærminga, då mykje av formålet er å forstå kva kor er for den enkelte, eller å setje kor inn ein global og lokal kontekst. Det finst likevel nokre kvantitative artiklar, mellom anna Einarsdottir og Gudmundsdottir (2015), og Weinstein, Launay, Pearce, Dunbar og Stewart (2016), som er verdifulle bidrag til feltet. I tillegg har Eiksund (2019) poengtert at begge typar metode er viktige «i den større forskingsmessige dialogen innanfor korforskingsfeltet» (s. 24). Både kvalitative og kvantitative bidrag er viktige. Kvantitative metodar kan teste kvalitative konsept i eit større format, og opne opp for nye innfallsvinklar som kan testast i djupna av kvalitativ forsking.

1.3.1 Norske forskingsbidrag

Eiksund (2019) deler norsk korlitteratur inn i 3 kategoriar, (i) historisk korlitteratur, som er jubileumsskriv og anna historiske kjelder eit kor produserer, (ii) pedagogisk korlitteratur, om korpraksis, metodiske og didaktiske tilnærmingar, og (iii) vitskapleg korlitteratur som er produsert frå eit akademisk ståstad. (s. 19-20). Eg skal i hovudsak konsentrere meg om det han kallar vitskapeleg korlitteratur frå doktoravhandlingsnivå eller høgare. Det er likevel verdt å nemne at studentkor ikkje er unntak frå å vere bidragsytarar til historisk korlitteratur. Det er skrive ei rekkje jubileumsskriv om ei rekkje kor rundt om i landet. Studentkora her i byen er ikkje noko unntak. I samband med TSS sitt 100års jubileum vart det gitt ut ei bok om historia til koret, og kora etterlet seg avtrykk etter aktiviteten i organisasjonen igjennom til dømes nettstadar og liknande. Dette er utan tvil viktige historiske kjelder, og ikkje utan kredibilitet. Eiksund presiserer at desse tekstane ofte har som funksjon å hylle eit kor, og ikkje å undersøke det kritisk (s. 20). Eg vil derimot argumentere for at desse kjeldene er viktige bidrag til korlitteraturen. Ein skal sjølvsagt vere kritisk til desse kjeldene, men sjølv om intensjonen er «å hylle» koret, og er skreve utanfor ein akademisk kontekst, kan innhaldet vere gode kjelder, ikkje berre til historiske fakta, men òg kjelder til koristane si kjensle av å høyre til i koret.

Innleiing

11 I Noreg er det skrive fire doktoravhandlingar om kor frå eit vitskapeleg perspektiv. Anne Jorunn Kydland Lysdahl (1995) skreiv den fyrste doktoravhandlinga om kor, med eit historisk fokus på mannleg studentsong i Noreg på 1800-talet. Anne Hagland Balsnes (2009) skreiv om kor som læringsarena. Dag Jansson (2013) på si side skriv om kordirigenten som meiningsskapar. Det siste bidraget til feltet er Øyvind Johan Eiksund (2019) som skriv om kor som spenningsfelt. Balsnes har publisert og bidrege til ei rekkje artiklar sidan ho publiserte doktoravhandlinga i 2009, mellom anna om dirigentopplæring, og musikk og helse (Bonde & Theorell, 2018; Jansson & Balsnes, 2020; Jansson, Bygdéus

& Haugland Balsnes, 2018) Dette er derimot frå eit meir musikkpedagogisk perspektiv, og ikkje noko eg har nytta meg av i samband med oppgåva.

Eiksund (2019) freista seg å kalle dei mange historie-arbeida gjort om norsk korforsking for ein slags skule, med Kydland Lysdahl (1995) i spissen. «Der ser ein korfeltet i samanheng med den tida og samfunnet det eksisterte i» (Eiksund, s. 22). Med dette meiner han at ein ser på dei historiske og kulturelle linjene igjennom koret, og at ein ikkje stiller spørsmålet om korleis koret fungerer «innover» (ibid). Dette er ei vurdering eg er delvis samd i. Det er sant at det er produsert ei rekkje skriv om til dømes dirigentar, enkelte kor, eller kor generelt som er satt inn i ein historisk kontekst, og Kydland (1995) sin studie er kanskje doktoravhandlinga som står tydelegast inni den akademiske historiedisiplinen. Slik eg ser det er det likevel vanskeleg, om ikkje umogeleg, å skrive om eit kor utan å røre ved kva som skjer «innover» i koret. Ein kan utan tvil få kjennskap til, og kunnskap om korleis koret fungerer innover i oppgåva til Kydland (1995), til tross for at ho har valt ei tydeleg historisk tilnærming.

Poenget til Eiksund (2019) står likevel. I tillegg til Eiksund, har både Dag Jansson (2013), og Balsnes (2009) vendt auga inn mot koret, og ser i større grad på koret i seg sjølv. Det inneber å sjå på både enkeltindivid, grupper og fellesskap frå ei rekkje ulike perspektiv.

Likevel er det heilt ulike oppgåver. Eiksund peiker på at vektlegginga av det menneskelege aspektet og det korpraktiske er ulike, og at tilnærminga genererer ulik kunnskap om kor.

Difor hevdar han at det finst fleire ulike skular samtidig med hovudfokus på forskjellige element av korverksemda som samfunn, musikalske praksisar og menneskelege prosessar (s. 23).

Det er oppgåva til Eiksund (2019) som er mest nærliggjande for meg å støtte meg til, då prosjektet mitt har mange likskapstrekk med hans. Han undersøker kor sør på Sunnmøre og ser på kor som eit spenningsfelt mellom ei rekkje faktorar som motivasjon, eigarskap, identitet og det sosiale fellesskapet, og har vore ei kjelde til inspirasjon i utforming av prosjektet mitt. Balsnes (2009) har òg vore ei viktig kjelde til inspirasjon. Begge desse har fokus på dei menneskelege prosessane, men ho ser på koret sitt som ein case, og kjente til koret frå før. Dette var ein situasjon som var lik min, medan Eiksund på si side har gått inn og blitt kjent med mange kor for å prøve å svare på kva koret betyr for deltakarane.

Til tross for at eg ikkje har observert, har eg hatt nytte av både hans og hennar erfaringar i utviklinga av mitt eige prosjekt.

Korforskinga består av interdisiplinære framgangsmåtar og ulike perspektiv på korpraksis.

Dette vert illustrert av at feltet er prega av kvalitative tilnærmingar, men at det òg er rom for kvantitativt arbeid seier Eiksund (s. 24). Eg har difor ikkje vore redd for å hente inspirasjon frå ulike sjangrar og tradisjonar, sjølv om det er sosiologi og etnografi som er utgangspunktet mitt.

Simon Grønås: Kor er kor i Trondheim?

12