• No results found

5.2 Musikk på kortreff

5.2.2 Sverming

Sverming, også kalla vrimling, kurtisering eller intimkonsert, er ein vesentleg bestanddel av kortreffa her i byen, og eit viktig musikalsk fenomen på kortreffet. Sverming går ut på at to kor treff kvarandre i løpet av festen på kortreffet og syng for kvarande. Som regel vert det danna ein sirkel, og det er god skikk å prøve å blande dei to kora så godt det let seg gjere. Kvart kor syng som regel 1-3 songar for kvarandre, og avsluttar gjerne med ein fellessong om dei kan. Det er vanleg at ein korist presenterer songen med ein «konf»33,

33 Konf. Av konferansiering. Den som presenterer kva koret skal syngje.

Simon Grønås: Kor er kor i Trondheim?

60

gjerne på ein litt morosam måte. Sjølv om ein kan einast om kva ei sverming er, er det likevel variasjonar i korleis sverminga er lagt opp. Nora meinte at det fanst eit par faste reglar knytt til presentasjonen av songane under sverming.

Slik eg har opplevd det fram til no verker det som om det er eit par faste reglar. Ein skal syngje maks 2-3 songar kvar. Alle songane skal presenterast på ein litt korny og cheesy måte.

[Kva meinar du med det?]

Det skal gjerne vere ordspel, det skal vere ein fin «segway» til neste song, det skal vere litt humor, det skal ikkje bli tatt veldig på alvor. Det er ikkje ein konfing ein gjer på konsert, men her skal ein gjere ein cheesy overgong for å få litt humorpoeng, så skal ein syngje.

Sverminga har ein viktig funksjon på kortreffet, og vert ein arena der ein kan verte kjente med andre koristar og knyte sosiale band på ein anna måte enn på fellesøvinga. Sverminga skil seg frå ein vanleg konsert med at ein er gjensidige. Ein vekslar på å syngje for kvarandre, og det kan verke som det er ein konsensus om at ein er på same lag. Nora merka og ein stoltheit i koret mens dei sverma:

Det er jo dette konseptet med å vrimle, det er viktig. Då kan ein syngje for kvarandre, og ein kan bli litt kjent med kvarandre, og det er noko veldig.. Det er dårlig ord å bruke då, men det er veldig intimt å syngje for kvarandre då […] Det er ikkje ein god måte å bli kjent med folk på, men […] det er ein fin ting å gjere. Man merkar på ein måte og induviduell stolthet over eige kor i ein sånn setting.

Sjølv om Nora ikkje såg på sverming som ein aktivitet der ein vart kjent med folk på, peikar ho likevel på at det var ein fin ting å gjere. Eg forstår det som at denne felles erfaringa ein deler kan gjere at ein kjenner på ei fellesskapskjensle i augeblikket. For Emma var det eit viktig poeng for at ho nettopp vart kjent med folk. Ho opplevde at det var lettare å verte kjent med folk under sverming, for då var ein delt inn i mindre grupper, og folk var opne for å verte kjente.

Folk er opne for å bli kjent og opne.. særleg når ein skal sverma for kvarandre og sånn, så blir ein på ein måte tvungent til å snakke saman, og det er litt mindre, ikkje så mange å forholde seg til liksom så kan ein lettare bli kjent med akkurat dei.

[kva trur du gjer at sverming er ein så bra aktivitet å bli kjent med andre koristar?]

Eg veit ikkje, eg trur kanskje at det er fordi du får litt færre mennesker å forholde deg til. Når det er veldig mange så er det vanskeleg i alle fall for meg synest på ein måte å gå å prate med nokon og finne ut kven du skal prate med og kva du skal seie og sånn, men når det berre er to kor er det færre å forholde seg til og du har nokon spesifikke ting. Det er lettare, og du kan prate med dei du kan seie «de var flinke å syngje» eller. Det er liksom lettare å komme inn på eit tema og begynne å prate saman. Og så syng ein saman, og så blir ein gjerne ståande litt saman å prate etterpå For Emma vert sverming dermed eit påskot som stimulerer til samtale. Sverminga fungerer som ein isbrytar for ho, der det vart lettare å verte kjent med andre koristar som ho hadde delt erfaringa med. Emil på si side tykte at ved å sverme kunne han verte betre kjent med kor, men ikkje med andre koristar når han sverma:

Det er ein veldig fint måte å bli kjent med andre kor men du blir ikkje særleg kjent med dei andre koristane.

Sverming vert dermed ein arena der ein kan knyte sosiale band både på eit individnivå, men også frå kor til kor. Eit kor kan verte kjent med eit anna kor, som igjen gjer at koristane lettare kan verte kjente med kvarande. At to kor plar samarbeide, eller at dei har samarbeida eller hatt kontakt tidlegare kan fungere som enda eit påskot til sosialisering.

Kortreff

61 I interjuva mine var eg interessert i å undersøke kva koristane meinte om sverming, sidan mi forforståing av fenomenet var at det nesten utelukkande var knyt positive konnotasjonar til det. Mange av informantane meinte at sverming kunne ta litt av, og ta fokuset vekk i frå festen. Det kunne rett og slett verte litt for mykje av det gode. Dette uttrykte Filip som å «springe frå sverming til sverming»

Eg opplever sverming som ein veldig fin måte å bli kjent med andre kor. Men det er kanskje vore ein tendens på nokon korhelger som me har vore med på at det kanskje har vore litt for mykje sverming. At eg føler at ein spring frå sverming til sverming utan så mykje pause i mellom.

Det kan verke som om det rådde ein haldning på kortreff, der alle var samde om at sverming var noko viktig og fint, og at ingen sa i frå om det vart for mykje. Ein vil ikkje øydeleggje dette spesielle intime ritualet for dei nye. For Lukas betydde sverming at ein hadde nærmast ei «liste» ein måtte sverme med før ein kunne sverme med andre kor, fordi det var forventa å pleie relasjonane mellom kora.

Ein hadde ein kurtiseringsansvarleg, og denne personen visste akkurat kva kor det var viktig å få kurtisert med, og etter det sto ein meir fritt på ein måte. Men det er vel ein 5-6 kor ein må tikke av på ein måte. Det er obligatorisk å kurtisere med.

Sjølv om det kunne opplevast som litt stressande til tider, var mange av informantane mine tydelege på at det var eit ritual som var fint alt i alt. Lea forklarte at det vart opplevd som trygt.

ja.. ein veit kva det går til då. at ein ikkje vert «outa» på ein måte. At dei som tar initativ til å stille seg på midten og seie kva me skal syngje og dei som ikkje har problem med det og dei som er komfortable i ein sånn setting. Og så trur eg at om ein er ny og ikkje har vore med på å det før så skjønner ein fort kva det går ut på..

Og eg trur ikkje ein tar det så høgtideleg då.

Kva sverming er, vil dei fleste koristar kunne einast om. Sverming har tydelege gjenkjennande trekk ved seg, som til dømes at kora står blanda i ring, og syng for kvarandre. Kva sverming betyr for den enkelte og dei enkelte kora vil derimot variere sterkt. Sjølv om dei fleste eg har vore i snakk med meiner at det er ein positiv musikalsk aktivitet, seier samtidig mange at det kan verte for mykje sverming, som vert tidkrevjande.

Det kan verke som det er ei konsensus om at sverming skal vere bra, og at det er ei haldning koristar er opptatt av å presentere utad. Mange seier at det fungerer som ein lågterskelarena å skape musikk, som ein ikkje tek så høgtideleg, der det er trygt å framføre, og at det vert ein arena for å bli kjent med andre kor. Sverming har altså slik eg forstår ein musikalsk og sosial funksjon, med uskrivne reglar og haldningar knytt til seg, ikkje ulikt ei norm.

Desse normene kan gjere det vanskeleg å få fram meir negative aspekt med kormiljøet som miljøet sjølv ikkje likar å identifisere seg med, men som kom til syne igjennom intervju. Maja fortalde at trass alle dei positive sidene med sverming miljøet lyftar fram, opplevde ho tidvis sverming som ein arena å vise seg fram på.

Eg synest det er artig å bli betre kjent med andre kor på den måten. Det er artig og skøy. Og så kan det bli veldig mykje av det. Også der opplever eg kanskje at det blir meir prestisje då. at «me skal sverme med dei» det er kanskje litt meir sånn.. kjenne på konkurranse mellom kora. At det er nokon kor som tilsynelatande står høgare i verdi enn andre.

[at det vert eit hierarki?]

Ja. At det er liksom nokon kor som er kjempepopulære å sverme med. Mens andre kor slit med å finne nokon.

Simon Grønås: Kor er kor i Trondheim?

62

Det Maja fortel her, kan tyde på at det finst skjulte maktstrukturar i kormiljøet som kjem til syne igjennom sverming. Ho peika på at det var dei kora som tilsynelatande meistra kortreff på ein «korrekt» måte som var høgare oppe på hierarkiet. Dette er ikkje berre kora som i miljøet er anerkjent som «gode» kor, som TSS og TKS, men også dei linjeforeiningskora som på ein vellukka måte har implementert eigneskrive tekstar og show inn i framføringane sine, som til dømes Pikestrøm, Høystemt, Foetus ex Ore og Bilyd. Dette tar oss vidare til ein anna viktig musikalsk del av kortreffet, matinéen.