• No results found

Tekstlengde

In document Akademisk lesing i ei digital tid (sider 48-51)

40 Eit poeng som har kome fram i tidlegare forsking er ein tendens til at jo kortare tekstane er, jo større sjanse er det for at studentane føretrekker å lese dei på skjerm. Dette ser vi til dømes antydingar til i ARFIS-studien der deltakarane vart spurt om kva format dei føretrekker når dei skal lese ein tekst som er kortare enn sju sider, og kva dei føretrekker når dei skal lese ein tekst som er på sju sider eller meir (Mizrachi et al., 2018, s. 13–14). Resultatet var at ein større del av studentane sa at dei føretrekte å lese på papir når dei skulle lese lengre tekstar, medan det var større variasjon i svara når dei vart spurt om lesing av kortare tekstar (Mizrachi et al., 2018, s. 20–22). Det var framleis eit stort fleirtal som sa at dei føretrekker å lese på papir når det kom til spørsmålet om lesing av korte tekstar, men resultatet her svinga meir enn på dei andre spørsmåla, og heile 30,7 % svara at dei var verken einige eller ueinige i

påstanden om at dei føretrekker å lese ein tekst digitalt dersom han er kortare enn sju sider («If an assigned reading is less than 7 pages, I prefer to read it electronically») (Mizrachi et al., 2018, s. 14).

I spørjeundersøkinga i mitt prosjekt vart deltakarane spurt om dei føretrekte å lese på papir eller skjerm både når det gjeld korte og lange tekstar. Korte tekstar var her definert som mindre enn tre sider, og lange tekstar var definert som meir enn tre sider. Eg valde å bruke desse tekstlengdene fordi eg ønska å samanlikne resultatet med resultatet frå ARFIS-studien og undersøke om eg fekk eit endå tydelegare utslag i preferansen hos studentane når det handla om å lese tekstar som var kortare enn tre sider samanlikna med sju sider. Resultatet viser dei same tendensane som tidlegare forsking. Det var fleire som sa at dei føretrekker å lese på papir når det gjeld lange tekstar enn dei som sa at dei føretrekker det når tekstane er korte. 81% føretrekker å lese lange tekstar på papir (meir enn tre sider), medan berre 50%

seier det same om korte tekstar (mindre enn tre sider), som vist i tabell 6 og 7:

41

Tabell 6: Preferanse når det gjeld lange tekstar (meir enn 3 sider)

Tabell 7: Preferanse når det gjeld korte tekstar (mindre enn 3 sider)

Dette resultatet tyder på at tekstlenga er ein avgjerande faktor når studentane skal velje leseplattform, og at dei er meir komfortable med å lese korte tekstar på skjerm. Dette kan henge saman med tidsbruk. Vi har allereie sett at studentane peikar på komfort som ein viktig årsak til at dei føretrekker å lese på papir ved at dei seier at dei til dømes får vondt i hovudet av å lese på skjerm. Det å lese ein kort tekst tar kortare tid, og dermed blir ikkje ubehaget like langvarig som ved lesing på skjerm over lengre tid.

Deltakarane i intervjua vart spurt om det er forskjell på korleis dei les korte og lange tekstar, og svara deira stemmer overeins med resultatet frå spørjeundersøkinga. Mathilde skildrar det slik: Ja, kortere tekster går helt fint å lese på PC-en. Det er når det begynner å nærme seg 10 og 20 og 30 sider da synes jeg det er vanskelig å holde seg, og ho held fram med å forklare at ho får problem med å konsentrere seg og med å navigere i teksten på skjermen når dei blir for lange. Dette sitatet og resultatet frå spørjeundersøkinga viser at tekstlengde er ein faktor for val av leseplattform. Svaret frå ein anna intervjudeltakar viser eit anna viktig poeng, nemleg at formatet kan vere heilt avgjerande for om teksten blir lese eller ikkje. Tiril fortel om ein lang tekst dei skulle lese i samband med studiet sitt som berre var tilgjengeleg digitalt: Det var en tekst vi fikk som var 80 sider lang på nettet og jeg bare sånn «Å, nei!» og det husker jeg, den leste jeg ikke. Eg spurte ho om ho trur at ho hadde lest denne teksten dersom ho hadde fått den på papir, og dette bekrefta ho:

42

Ja. Jeg hadde kanskje lest noe av det, i alle fall. Hvis jeg hadde kunnet (...) eh, for det er sånn en tekst som sånn (...) hvis de er så lange (...) jeg bare greier ikke å ta notater til de, så da må jeg markere. Så det som skjer da er at hvis det hadde vært for hånd så hadde jeg greid å lese den, noe av det, i alle fall halvparten, og hvis den hadde vært på (...) siden den var på PC så leste jeg den ikke.

Dette sitatet er trekt fram fordi det skildrar kor mykje formatet og tekstlengda har å seie når ein student skal lese ein akademisk tekst. Denne studenten meinte at teksten var så lang at ho ikkje ville lese han på skjerm, noko som førte til at ho ikkje las teksten i det heile. Tiril fortel om liknande prioriteringar når eg spør om ho bruker å skrive ut tekstar som ho får elektronisk:

Jeg pleier ikke å skrive de ut. Jeg tenker det blir veldig mye papir plutselig, og så er jeg ikke alltid sikker på om jeg kommer til å lese dem, for det er så mye på en gang, og de som jeg tenker jeg fokuserer mest på det er gjerne noe jeg har for hånd. Det er urovekkande dersom mange studentar gjer som Tiril og vel kva tekstar dei les basert på kva format tekster er i og kor lang han her, i staden for å legge vekt på innhald og relevans. Dette indikerer at

skjermtekstar blir nedprioritert og i verste fall ignorert. I tillegg har studentane problem med å lese tekstane på skjerm. Trude seier til dømes at ho ikkje bruker å skrive ut korte tekstar.

Desse les ho heller på skjerm, men ho held fram med å forklare at: Når det er på skjerm så er det lett å miste hvor du er hen, veldig ofte. Og så spore av fordi du har internett [latter]. Vil se Netflix og sånn på PC-en. Her ser vi at andre literacy-hendingar er freistande og lett tilgjengelege via PC-en. Det at digitale teknologiar er distraherande er med på å forklare kvifor mange av studentane føretrekker å lese på papir.

In document Akademisk lesing i ei digital tid (sider 48-51)