• No results found

Kva er literacy?

In document Akademisk lesing i ei digital tid (sider 16-19)

1.3 Leseforsking, teoretisk rammeverk og sentrale omgrep

1.3.1 Kva er literacy?

Denne avhandlinga er skriven i studieprogrammet Nordisk og lesevitskap, og ein viktig del av dette faget er forsking som set lesaren i fokus. Ein er oppteken av kva tekstar som blir lese, kvifor ein les desse tekstane og korleis lesinga blir gjort. Lesaren si rolle i møtet med ein tekst står sentralt, og det er her omgrepet Literacy kjem inn. Literacy er eit omfattande omgrep, og det har vist seg å vere vanskeleg å omsetje ordet til norsk utan å miste noko av

meiningsinnhaldet på vegen. Derfor blir det engelske originalomgrepet brukt i denne avhandlinga. Literacy handlar om det å ha lese- og skriveferdigheiter, men i ei breiare forstand enn berre det å kunne avkode bokstavar og skriftteikn. Her har eg valt å bruke

8 omgrepet slik professor og leseforskar Marte Blikstad-Balas forklarer det i boka si Literacy i skolen (2016). Ho skriv at literacy handlar om evna til å skape meining ved hjelp av teikn i tekstar, og vidare at meining kan bli skapt på mange ulike måtar (Blikstad-Balas, 2016, s. 15).

I tillegg er det avgjerande at ein tekst alltid er ein del av ein sosial kontekst (Blikstad-Balas, 2016, s. 15). Dette inneber at literacy gjer det mogeleg for menneske å delta i samfunnet rundt seg og å få tilgang til ulike kulturelle praksisar.

Literacy er eit omdiskutert omgrep fordi det finst ulike tilnærmingsmåtar til literacy som tar utgangspunkt i grunnleggjande ulike syn på kva lesing og skriving er. Kor mykje vekt ein legg på dei sosio-kulturelle kontekstane som lesinga og skrivinga skjer i avgjer korleis ein bruker literacy-omgrepet og korleis ein vel å forske på literacy. Det har blitt vanleg å omtale to tilnærmingsmåtar til literacy som to ytterpunkt på ein skala, der ein finn ei autonom tilnærming til literacy i den eine enden og ei ideologisk tilnærming i den andre (Street, 2003, s. 77). Når eg skal undersøke studentar si lesing av akademiske tekstar og deira bruk av skjermteknologi, er det likevel formålstenleg å gjere nytte av element frå begge ståstadane.

I den eine enden av skalaen finn vi dei som har ei autonom tilnærming til literacy. Her blir lesing og skriving sett på som objektive ferdigheiter som er heva over dei sosiale praksisane som omgir dei lesande og skrivande individa. Det er denne tilnærminga som har vore

dominerande innan pedagogikk i lang tid, og det er ikkje så rart sidan denne ståstaden gjer det mogeleg å drive undervisning og forsking på lesing på tvers av kulturelle og sosiale rammer.

Sentrale leseforskarar som Wolf og Baron har gjort ei rekkje undersøkingar av lesing på skjerm og studentar si lesing med utgangspunkt i ei slik tilnærming til literacy, og deira forsking er eit viktig bakteppe for mi analyse av studentar si lesing av akademiske tekstar.

Wolf har til dømes ei tydeleg autonom tilnærming til literacy når ho definerer literacy som tileigninga av heile spekteret av lese- og skrivekunne hos eit individ eller eit samfunn (Wolf, 2016, s. 2). Fordelane med ei autonom tilnærming til literacy er at ho gjer det mogeleg å avgrense lesing og skriving til noko som er meir målbart og analyserbart enn kva som er mogeleg med eit ideologisk utgangspunkt. Ein legg til dømes vekt på kognitive prosessar som læring og konsentrasjon. På dette måten får ein eit meir solid grunnlag for forsking på ulike bestanddelar av leseprosessen, og det er mindre komplisert å samle inn data.

Samstundes blir definisjonen av literacy som noko autonomt kritisert fordi han kan seiast å byggje på eit spesifikt syn på verda og ekskluderer alternative synspunkt. Eit viktig poeng,

9 som dannar grunnlaget for eit relativt ungt forskingsfelt som heiter New Literacy Studies2, er at den autonome tilnærminga til literacy vil vere for snever i den forstand at ho ikkje

inkluderer den kulturelle og sosiale ramma som alltid følgjer med dei som skriv og les (Street, 2003, s. 77). På motsett ende av skalaen finn vi då dei som vel å undersøke literacy i lys av dei sosiale og kulturelle kontekstane som omgir dei lesande og skrivande individa. Dette er ei ideologisk tilnærming til literacy som opnar for andre vinklingar og synspunkt enn den tradisjonelle, autonome vinklinga, og NLS er ein sentral forskingstradisjon som har stått i spissen for eit slikt syn på literacy. Når eg ønskjer å finne ut korleis studentane si akademiske lesing blir påverka av digitale teknologiar, heng det saman med at teknologien i dag gjer studentane i stand til å vere til stades i ei rekkje ulike tekstpraksisar på same tid. Såleis er dei kulturelle og sosiale rammene sjølvsagt avgjerande faktorar i denne samanhengen.

NLS er basert på at dei dominerande stereotypane kring lesing og skriving er feilaktige og kjem til kort, og synet på lesing og skriving som nøytrale ferdigheiter er eit døme på ein slik stereotypi, ifølge NLS-tradisjonen (Street, 2003, s. 80). I staden vel ein å sjå på literacy som ein sosial praksis (Street, 2003, s. 77). I NLS blir lesing og skriving betrakta som noko som er kultursensitivt og kontekstavhengig. Lingvist og literacy-forskar David Barton skildrar denne tilnærmingsmåten ved å forklare at det å forstå literacy inkluderer både å studere tekstar og å studere praksisane som omgir tekstane (Barton, 2007, s. 76). Ein av grunntankane innan NLS er at ein må kunne lese og skrive for å vere ein del av samfunnet, og det å situere lesing og skriving i sin sosiale kontekst er eit sentralt poeng (Barton, 2007, s. 25). Nettopp derfor ønskjer eg å undersøke akademisk lesing i praksis.

I dag er literacy ofte svært tett knytt opp mot skulen og ei pedagogisk setting der dette er ferdigheiter som skal lærast til elevane, men for NLS-feltet er det viktig å legge vekt på at det å lese og skrive er mykje meir enn det ein gjer og lærer i skulen. Brian Street har kome fram til eit vokabular for korleis ein kan snakke om literacy når ein ser det i eit perspektiv som inkluderer sosiale og kulturelle kontekstar, og eg vil trekkje fram omgrepa literacy-hendingar (literacy events) og literacy-praksisar (literacy practices). Literacy-hendingar er hendingar kor tekst er ein del av deltakarane i hendinga sin interaksjon, medan literacy-praksisar er underliggande, kulturelle utformingar av spesifikke måtar å tenke rundt, og utføre, lesing og skriving i kulturelle kontekstar (Street, 2003, s. 79). Desse omgrepa er nyttige når ein skal

2 Forkorta NLS

10 undersøke bruken av tekstar i høgare utdanning, fordi akademia er eit døme på ein literacy-praksis, og i akademia finn vi mange ulike literacy-hendingar som overlappar kvarandre. Det er dessutan viktig å merke seg at når studentane les i akademisk samanheng, er ikkje denne settinga uavhengig frå resten av livet deira. Studentane blir påverka av det dei har med seg frå andre literacy-praksisar. For å forstå leseprosessane til studentane må ein òg forstå dei

prinsippa som fører til variasjon blant studentane – kva dei har med seg heimanfrå og frå samfunnet rundt dei.

For å forske på literacy-praksisar meiner Barton at det er naudsynt å ta omsyn til den breiare sosiale konteksten som lesinga skjer i, og då må ein skildre den sosiale konteksten som literacy-praksisane er ein del av (Barton, 2007, s. 40). Det er med andre ord viktig å

undersøke literacy der det skjer. Barton argumenterer for å bruke metodar som observasjon, intervju og spørjeundersøkingar for å gjere dette (Barton, 2007, s. 53–54), og i denne avhandlinga blir nettopp desse metodane brukt. Denne tilnærminga til literacy har likevel ei svakheit. Barton peikar på at sosiale tilnærmingsmåtar vanlegvis handterer viktige

psykologiske konsept som tenking, læring og hukommelse som konsept det ikkje går an å stille spørsmål ved eller analysere (Barton, 2007, s. 29). Desse psykologiske konsepta er svært sentrale når det gjeld lesing, særleg når ein ser på lesing på ulike plattformer. Ei meir autonom tilnærming til literacy gjer det mogeleg å inkludere desse konsepta når vi skal analysere studentar si lesing av akademiske tekstar. Dermed gjer både den autonome og den ideologiske tilnærminga til literacy seg gjeldande i denne avhandlinga, då begge tilnærmingane er sentrale for å kunne danne eit utfyllande bilete av bruken av tekst i høgare utdanning i dag. Eg hentar tilnærmingar til metode og omgrepsvokabular frå begge ståstadane for å få eit mest mogeleg dekkande resultat.

In document Akademisk lesing i ei digital tid (sider 16-19)