• No results found

Med unnatak for switchgrass som spira svært dårleg, etablerte pil, strandrøyr og miscanthus seg bra første

året. Årsaker til dårleg spiring av switchgrass kan vera at frøet vart sådd for djupt eller at ugraskampen var for dårleg.

Registreringar våren 2004 synte at i M. sinensis over-levde 100 %, medan 83 % av plantane av M. giganteus overlevde første vinteren. M. gigantus døyde etter kvart heilt ut og er ikkje med i resultatsamandraget.

M. sinensis etablert seg derimot godt og stod fint heile forsøksperioden. Dette syner at under våre for-hold med kalde vintrar er det berre M. sinensis som er aktuell. Dette er godt i samsvar med resultata til Clifton-Brown & Lewandowski (2000). switchgrass var svært tynt etter første vinteren og alle rutene vart sprøyta med Glyfosat. Det vart sådd på nytt hausten 2004, men resultatet vart like dårleg. Det var liten forskjell på dei tre sortane og switchgrass vart take ut av forsøket. sjølv om for djup såing eller for dårleg ugraskamp kan ha påverka etableringsproblema sy-nest denne arten å vera lite aktuell for våre forhold.

Pil hadde 100 % overleving etter første vinteren, og greidde seg godt heile forsøksperioden. Det same galdt strandrøyr. oljelin var seinare enn dei andre artane og var vanskeleg å hauste. oljelin var difor berre med første året, og resultatet er ikkje take med her. Halmavlingar av oljevekstane og kornartane vart berre registrert i 2003 og 2004 (tabell 2).

Tabell 2. Tørrstoffavlingar (15 % vatn) og tørrstoffinnhald ved hausting for energivekstar på Apelsvoll i vekstsesongane 2003-2008. Avlingsregistreringane for pil og gras er gjorde i månadsskifte april - mai etterfølgjande år

art

2004 2005 2006 2007 2008 Middel alle år

tS % Kg/daa tS % Kg/daa tS % Kg/daa tS % Kg/daa tS % Kg/daa tS % Kg/daa

Pil (Tora) - - - 55,8 4900 - 980

Pil (Grudrun) - - - 61,5 4829 - 965

strandrøyr

(Bamse) 85,2 693 84,8 453 88,9 791 72,0 885 85,5 702 83,2 704

strandrøyr (Lara) 88,4 569 85,4 608 85,2 674 70,6 545 84,2 353 82,7 550

strandrøyr

(’Industri’) 88,1 749 85,5 318 84,3 665 67,8 720 85,4 705 82,2 631

M. sinensis 87,1 29 89,5 250 91,3 865 82,7 885 86,1 864 87,3 578

Middel 87,2 510 86,3 497 87,4 848 73,2 758 85,2 656 83,8 615

Med unnatak for våren 2008 (vekstsesongen 2007) då det var berre 73 % tørrstoff i graset, var tørrstoff-innhaldet i graset ved hausting om våren over 85 %.

Ein reknar at gras og halm er lagringstørr ved 15-20 % vatn. Det betyr at graset var tørt nok for pressing i alle åra utanom 2008. særleg hausten 2003 var det svært lågt tørrstoffinnhald i halmen og korkje korn- eller oljeveksthalmen var tørr nok for pressing ved

tresking (tabell 3). Dette skuldast delvis at feltet låg på eit skifte som tørka seint opp om våren og vekse-tida vart for stutt for dei vårsådde vekstane.

Avlingane av strandrøyrsortane Bamse og ’Industri’

var gode alle åra med unnatak for 2005, og middel-avlingane for dei to sortane var etter tur 704 og 631 kg/daa. sorten Lara synte ei fallande avlingskurve

olje- og proteinvekster særleg dei to siste åra, og i middel for heile perioden

kom ’Lara’ dårlegast ut med 550 kg/daa. Desse avlin-gane er fullt på høgde med det ein oppnår i Finland der strandrøyr er ein mykje dyrka vekst til varme-produksjon (Nesheim & Jørgensen 2010).

M. sinensis etablerer seg seint og trong tre år for å koma opp på stabilt avlingsnivå, men dei tre siste åra var avlingane av M. sinesnis fullt på høgde med Bamse strandrøyr. sjølv om M. sinensis i middel for alle åra låg noko lægre i avling enn Bamse er det grunn til å tru at om forsøket hadde gått lenger ville M. sinen-sis vunne tevlinga om høgast avling. Avlingane av M.

sinensis i dette forsøket var likevel berre halvparten av det ein har oppnådd i danske forsøk (Nesheim &

Jørgensen 2010). Arbeidsam og kostbar etablering er klart ei ulempe for M. sinensis som kulturplante under våre forhold, og det er vanskeleg å sjå at ho kan tevle med det meir klimatisk tilpassa og robuste strandrøyret.

Pil treng også tid på å etablere seg, men i middel for all åra var det større tørrstoffavling for pilsortane Tora og Gudrun enn for grasartane. Våren 2009 haus-tet ein 4 900 kg tørrstoff/daa av sorten ’Tora’ og 4 829 kg/daa av ’Gudrun’ med tørrstoffprosent på etter tur 55,9 og 61,5 for dei to sortane. Dette ga mid-delavling på 980 og 965 kg tørrstoff/daa/år for ’Tora’

og ’Gudrun’, og dette er godt i samsvar med svenske forsøksresultat (Neshem & Jørgensen 2010). som synt i bilete 1, er ’Tora’ lenger men har færre skot per plante enn ’Gudrun’ (1-2 skot per plante for ’Tora’ og 2-3 skot per plante for ’Gudrun’).

Halmavlingane av korn og oljevekstar varierte mykje mellom åra (tabell 3). Dette er i samsvar med regi-streringar av halmavlingar i landsomfattande forsøk i prosjektet ”Halm til biobrensel – tilgjengelege meng-der og produksjonsutfordringar i områmeng-der med kort og fuktig innhaustingsperiode” i åra 2008 – 2010 (Åssveen pers. med.) som syner store svingingar mellom år. I dette forsøket var halmavlingane størst for havre med 332 kg/daa følgt av bygg og kveite med etter tur 279 og 262 kg/daa. Høvet mellom artane er ikkje i sam-svar med Åssveen sine resultat som syner at vårkveite gir størst halmavling følgt av havre og bygg. I middel for dei to åra var halmavlingane av raps og rybs omlag dei same som i middel for kornartane (290 kg tørr-stoff/daa). Resultata både frå desse registreringane og frå halmprosjektet (Åssveen pers. med.) syner at halm gir under halvparten så store avlingar som gras til energiføremål.

Tabell 3. Tørrstoffavlingar (15 % vatn) og tørrstoffinnhald i halm av korn og oljevekstar hausta i forsøket med energi-vestar på Apelsvoll i vekstsesongane 2003 og 2004

art Sort

2003 2004 tS % Kg/daa tS % Kg/daa

Rybs Tuli 28,5 332 68,0 224

Raps Wildcat 28,5 393 71,1 202

Bygg Ven 27,0 365 20,7 193

kveite Bjarne 36,1 241 36,7 283

Havre Biri 15,7 314 56,0 351

Middel 329 250

Samandrag

Resultat frå demonstrasjonsforsøket på Apelsvoll sy-ner at pil tevlar godt med strandrøyr og M. sinensis som energivekst. M. sinensis har gitt etter måten stor middelavling, men er kostbar å etablere, og vi er på dyrkingsgrensa for arten her i landet. swichgrass er også tilpassa varmare klima enn det vi har og kan ikkje tilrådast. strandrøyr er derimot ein nordisk art som gir gode og stabile avlingar under våre forhold.

Både pil og strandrøyr gir over dobbelt så stor tørr-stoffavling som halm frå korn og oljevekstar.

Fordi det er politisk semje om at dyrka mark her i landet skal brukast til matproduksjon, er det ikkje aktuelt å dyrke energivekstar på innmark i Noreg, men dersom ein skulle velje ein art som er fleksibel i høve til seinare bruk av jorda, og som kan brukast i kombinasjon som både energivekst og fangvekst for næringsstoff, peikar strandrøyr seg ut som den mest aktuelle.

litteratur

Clifton-Brown, J.C. & Lewandowski, I. 2000. overwintering problems of newly established Miscanthus plantations can be overcome by identifying genotypes with improved rhizome cold tolerance. New Physiologist 148: 287-294.

Jetne, M. 1973. Grasboka. Landbruksforlaget. 230 s.

Nesheim, L. & Jørgensen, u. 2010. significance and types of energy crops in the Nordic countries. In: Grzybek, A. (ed.).

Modelling of biomass utilisation for energy purpose. Bioforsk Fokus 5 (6): 6-13.

Åssveen, M. 2010. Pers. med. med bakgrunn i prosjektet

”Halm til biobrensel – tilgjengelege mengder og produksjons- utfordringer i områder med kort og fuktig innhøstings-periode”.

150 Jord- og Plantekultur 2011 / Bioforsk FOKUS 6 (1)

Foto: Lars T. Havstad

Frøavl

152 aamlid, t. S. & havstad, l. t. / Bioforsk FOKUS 6 (1)

Oversikt over norsk frøavl og frøavlsforsking