• No results found

P ÅVERKNAD FRÅ S TAVANGER ?

7. DRØFTING AV RESULTATA

7.8 P ÅVERKNAD FRÅ S TAVANGER ?

Under 5.5.11 blei interessa for å sjå om informantane sitt stilskifte går i retning av

stavangermålet trekt fram. Som skrive er variabel 4, 5, 6 og 9 nesten gjennomførte der, medan variabel 1, 2, 3, 7, 8, 10 og 11 i større grad viser variasjon i materialet frå Stavanger. Vi har sett at alle variablane viser endring i venta retning i større eller mindre grad, og ein kan dermed argumentera for at det er ei påverknad frå Stavanger. Det er likevel ikkje eit fullgodt svar. Dei alternative variantane i alle variablane er au samanfallande med bokmålsforma og søraustnorsk talemål som var talemålet til intervjuaren i dei formelle intervjua. Andre talemål på Sør-Vestlandet viser au liknande endringar som ein finn i dei alternative variantane i denne granskinga. Som representant for Vest-Agder har eg valt å sjå til Skjekkeland (2009) si

gransking i Kvinesdal, medan Silje Villanger (2010) si gransking frå Øygarden og Gunnstein Akselberg si frå Voss (2001b) vil representera Hordaland. Dermed er dei tre fylka innanfor det sørvestlandske talemålsområdet dekka.

Av variablane som er med i denne granskinga frå Hå, har Skjekkeland au undersøkt nr 1-6 og 9. Sett bort frå V1, der den alternative varianten heller ikkje gjer seg gjeldande i Kvinesdal, viser han at alle dei andre alternative variantane er på veg inn, anten fullt ut eller delvis (Skjekkeland 2009: 175 – 208). Han meiner at det er vanskeleg å stadfesta kor den språklege påverknaden i Kvinesdal kjem frå, men at det er mange ”’novasjonar’ som frå før har funnest i Flekkefjord bymål og i nærområda til byen” (ibid. s 217). Han meiner likevel ikkje at dette svaret er eintydig, og at ein au kan sjå på endringa som skjer som ei systemforenkling eller eventuelt påverknad frå bokmålet og eit standardtalemål (ibid. 218f).

Silje Villanger (2010) handsamar tre av dei same variablane som denne granskinga har tatt føre seg: V9 segmentering, V7 endingsmorfemet i bestemt form eintal og V1

infinitivsmorfemet. For V9 finn au ho at rn er på veg inn (s. 64), det same gjeld den

alternative varianten i V7 (ibid. s. 68). På same måte som a-endinga i infinitiv held stand på Jæren, gjer ho det au i Øygarden (ibid. s 76). Vi ser såleis at fleire av dei alternative

variantane frå Jæren er på veg inn i talemålet i Øygarden. Villanger argumenterer for at den språklege påverknaden kjem frå gatespråket i Bergen (ibid. s. 102).

På Voss undersøkte Akselberg tilsvarande mine V1, V5, V8 og V9 i 2001. Den tradisjonelle varianten i både V1 og V5 ser ut til å halda seg godt der (Akselberg 2001b: 213), medan han i V8 og V9 er på retur (ibid. s. 215). Målet til Akselberg er å finna ut om ein kan seia at

vossamålet er påverka av Bergen bymål i ein regionaliseringsprosess. Han meiner svaret på dette spørsmålet er avhengig av korleis ein ser på regionalisering. Om ein meiner det betyr at karakteristiske trekk frå det regionale senteret skal spreia seg, er ikkje vossamålet underlagt ei regionalisering. Ser ein det derimot som at senteret

forsterkar ein meir eller mindre allmenn språkpåverknad som kan koma frå svært mange kanalar og kjelder, og som ikkje er spesielt knytt til karakteristiske trekk ved talemålet i forsterkarsenteret, kan det finna stad ei urban regionalisering på Voss med sentrum i Bergen (Akselberg 2001b: 218).

Nettopp kor den språklege påverknaden kjem frå, er altså ikkje så lett å gje eit eintydig svar på.

Stian Hårstad peikar på at innovasjonar au kan oppstå autoktont, altså at dei kan ”ha et lokalt, uavhengig opphav” (2009: 134). Vi såg at Skjekkeland sette fram ”systemforenkling” som ei mogleg årsak til talemålsendringa i Kvinesdal. Fleire har argumentert for at dette kan vera ein beskrivande faktor. Forenkling vert av Kerswill og Trudgill (2005: 198) definert som:

a decrease in irregularity in morphology and an increase in invariable word forms, as well as the loss of categories such as gender, the loss of case marking, simplified morphophonemics (paradigmatic levelling), and a decrease in the number of phonemes”

Ei forenkling kan såleis vera tilfelle for dei fleste av variablane i denne granskinga77.

Som nemnt er au dei alternative formene samanfallande med det søraustnorske talemålet, og sidan nettopp det er talemålet til intervjuaren, kunne det vore naturleg å sjå til dette talemålet for påverknad. Som vi har sett, vert derimot alle dei alternative variantane nytta au i den uformelle situasjonen (bortsett frå i V4), og vi kan dermed ikkje argumentera for at                                                                                                                

informantane nærast ”hentar” språkdrag frå intervjuaren. Det kan likevel tenkast at talemålet hans har ei forsterkande effekt, men ein kan altså ikkje vera sikker på at tilpassinga hadde vore annleis om intervjuaren i fs var til dømes frå Bergen. Dermed har vi altså med fleire språklege påverknadsfaktorar å gjera, og Stian Hårstad har peika på at

[d]et vi kan kalle ’det isomorfiske crux’ gjør det vanskelig, og i mange tilfeller umulig, å avgjøre på grunnlag av strukturelle funn alene om en lingvistisk innovasjon stammer fra en nærliggende dialekt, fra regional standard eller fra en supraregional norm (2009: 133). Det enkle faktum at vi ikke har tilgang til de språklige størrelsenes ’genom’, altså arvemessige informasjon, utelukker en utvetydig sporing tilbake til hvert enkelt morfems herkomst, og det blir umulig for dialektgranskeren å slå fast hvilken påvirkningskilde som har størst gjennomslagskraft (ibid. s. 138).

Å koma med eit fullgodt svar på kor påverknaden kjem frå, kan dermed vera vanskeleg. Men vi har sett at dei alternative variantane kan representera ei forenkling, dei er samanfallande med formene i det søraustnorske talemålsområdet, og vi kan sjå at fleire av dei alternative formene som er handsama her, er fullt eller delvis på veg inn i Stavanger, Kvinesdal,

Øygarden og på Voss. Det er likevel interessant å merka seg at a-endinga i infinitiv ser ut til å halda seg godt på alle dei tre rurale tettstadene like eins som i Hå, trass i at det er stor grad av veksling mellom a- og e-ending i Stavanger.