• No results found

5. METODE

5.3 I NTERVJUA

Før intervjua vart gjennomførte, hadde eg på grunnlag av tidlegare granskingar og metodiske og teoretiske synsmåtar, sett opp prinsippa som skulle leggjast til grunn. Milroy og Gordon                                                                                                                

peikar på det er viktig å ha tenkt gjennom korleis ein skal utføra intervjua for å kunna henta inn relevante data:

[i]n order to uncover sociolinguistic patterning admidst the variation, the investigator must acquire sufficient types and quantities of language data, and must also take into account the social context in which the data are gathered. Thus, the investigation needs to be broad enough to include the different types of language (used by the same speaker) as well as different types of speakers (Milroy og Gordon 2006: 23).

Sidan mi hensikt var å henta inn språkleg materiale frå ein formell og ein uformell

intervjusituasjon, var det viktig at desse to situasjonane var godt planlagde for å stå fram som ulike for informantane.

Eitt av prinsippa var å utføra dei formelle intervjua fyrst. Dermed ville situasjonen med å bli intervjua med mikrofonar vera ny og truleg meir framand i det fyrste intervjuet. Utstyret som vart brukt, var ein opptakar og to mikrofonar som vart sette i stativ på bordet. I det formelle intervjuet var det altså éin mikrofon retta mot informanten og éin mot intervjuaren. Sidan dei uformelle intervjua hadde tre deltakarar inkludert intervjuaren, blei det då retta éin mikrofon mot kvar av informantane. Mikrofonane har så stor sektor at det likevel er heilt uproblematisk å få inn intervjuaren gjennom desse mikrofonane. Dei to ulike intervjusituasjonane har

naturlegvis ulike prinsipp og ulik gjennomføring og vert difor presenterte kvar for seg i dei påfølgjande delkapitla.

5.3.1 Dei uformelle intervjua

Dei uformelle intervjua skulle som nemnt gjennomførast med to og to personar som kjende kvarandre og vart for dei midaldra informantane haldne heime i stova til éin av dei. Alle hadde sett fram forfriskingar av ulikt slag, og eg følte i dei fleste tilfella at intervjua bar meir preg av hyggelege samtalar enn av spørsmål og svar. Likevel var det litt varierande kor mykje folk snakka utanom spørsmåla dei vart stilte, noko som er naturleg fordi det generelt er varierande kor mykje eit menneske snakkar. Eg følte likevel at alle intervjua gav brukande samtaler.

Dei unge informantane blei berre intervjua på skulen i eit grupperom eller eit klasserom der elevane var vane med å vera. Eg hadde i tillegg teke med litt snop og noko å drikka for å skapa ei litt meir avslappa stemning. Det er likevel ikkje til å koma frå at stemninga var ulik i vaksenintervjua og ungdomsintervjua. Nokre av ungdommane var litt vanskelege å få til å snakka. Forklaringane på dette kan sjølvsagt vera mange, men eg trur gjerne noko av grunnen

er at dei vaksne er meir trygge på seg sjølv og på situasjonen, i tillegg til at dei er på heimebane i stova si.

Sidan eg er jærbu gjennomførte eg dei uformelle intervjua sjølv. Eg rekna med at

informantane ikkje ville tilpassa språket sitt i større eller mindre grad til meg, sidan eg var tilnærma ein sambygding. Det førte au til at me hadde felles referanserammer når det gjaldt det lokale, noko som kan vera medverkande til ein meir naturleg samtale og kan hjelpa til å redusera ”the observers paradox” (Milroy og Gordon 2006: 68f). Prinsippet om at

intervjuaren skal ha same dialekta som informantane, er òg gjeldande for prosjektet Dialektendringsprosessar (Anderson 2013). Det er likevel ei kjennsgjerning at eg tilpassa meg etter kven eg snakka med. Som vi har sett i teorikapittelet, er dette heilt naturleg, og det ville vore merkeleg om ikkje dei språklege mekanismane skulle ”styra” meg på same måte som dei styrer informantane. Eit anna viktig prinsipp var at eg prøvde å opptre så avslappa som råd var og kunne med det vera med å verka til at intervjua kjendest meir uformelle.

Samtalane blei gjennomførte ved hjelp av ein samtalegaid41. Som intervjuar er ein ansvarleg for å halda samtalen gåande, då er det heilt nødvendig å ha førebudd kva tema ein skal ta opp (Milroy og Gordon 2006: 57). Eg brukte likevel ikkje gaiden slavisk. Om informantane sjølv trekte fram andre tema enn dei eg hadde førebudd, prøvde eg å følga opp desse så godt som råd var. I tillegg freista eg å halda gaiden mest mogleg diskret, slik at han ikkje skulle bli så tydeleg for informantane. Emna som var sette opp i gaiden, var meinte å vera nære og dreidde seg såleis om deira liv, som til dømes oppvekstvilkår, kven dei bruker tid saman med, korleis kvardagen er for dei, korleis dei ser på heimstaden, og mot slutten av intervjuet snakka vi noko om språk og dialekt på heimstaden. Sidan eg hadde med to ulike aldersgrupper å gjera, hadde eg førebudd to ulike intervjugaidar som var meinte å vera tilpassa deira ulike

interessefelt. Intervjua varte ca. éin time, slik at eg skulle oppnå i gjennomsnitt 30 minutt tale per informant.

5.3.2 Dei formelle intervjua

I dei formelle intervjua var informantane éin til éin med intervjuaren for å unngå

kontrolleffekten, som vi nettopp la inn i dei uformelle intervjua, men som no ville verka mot si hensikt. Gabrielsen (1984: 62) skriv at han sjølv var med som ”teknisk assistent” under dei formelle intervjua, men eg var redd at informantane, som visste at eg var ein sambygding, då                                                                                                                

ville la meg ha kontrollørrolla. Milroy og Gordon (2006: 204) viser til Bell som meiner at samtalepartnaren42 er den mest avgjerande faktoren for korleis språkbrukaren vil snakka, reint stilistisk. Dei legg au til at ”[n]or do speakers design language only for adressees, but react also to auditors and overhearers, which are other categories of audience” (ibid.). På grunnlag av dette valde eg å ikkje vera til stades.

Alle dei vaksne informantane blei intervjua på biblioteket på Nærbø, der me hadde fått lånt eit grupperom. Ungdomsinformantane blei intervjua på eit anna grupperom på skulen, som var eit rom dei ikkje var særleg vane med å vera på. Vonleg ville det skapa den same fysisk formelle settinga som dei vaksne informantane opplevde ved å møta opp på eit grupperom på biblioteket. For å forsterka den formelle situasjonen hadde intervjuaren kledd seg med skjorte og blazer. I tillegg starta han alle intervjua med å skriva ned namn på informantane og

tidspunkt for intervjuet, og han gjorde det tydeleg at spørsmåla hans kom frå ei liste dei skulle gå gjennom. Eg vil dermed seia at han klarte å skapa ein god motpol til dei heimekoselege intervjua der eg prøvde å ta så liten plass som råd var.

Dei formelle intervjua blei såleis gjennomførte av ein tilsett i prosjektet

Dialektendringsprosessar ved Universitetet i Bergen, som me hadde alliert oss med. Han er søraustlending og har tidlegare levert eiga masteroppgåve i sosiolingvistikk. Dermed kjenner han til fagtradisjonen, og er ein god kandidat til å gjennomføra intervjua på ein fruktbar måte.

At intervjuaren skulle vera frå Sør-Austlandet var eit heilt medvite val. Labov peikar på at

”[w]henever a subordinate dialect is in contact with a superordinate dialect, answers given in any formal test situation will shift from the subordinate towards the superordinate in an irregular and unsystematic manner” (Labov 1991: 213). Superordinate dialect viser til eit prestisjetalemål43, og haldningsgranskingar i Noreg har vist at det er nettopp den

sentralaustlandske dialekta som får denne merkelappen frå fleirtalet av dei spurde (Sandøy 2011: 123f).

Temaa for desse intervjua var av meir lokalpolitisk karakter, og dei var dermed etter alt å dømma meir formelle, sjølv om det framleis var deira oppfatning av ting ein var ute etter.

                                                                                                               

42 Deira opprinnelege omgrep for samtalepartnar er audience. Å oversetja dette direkte til publikum eller tilskodar, meiner eg vil gje eit feil inntrykk. Eg har difor valt å oversetja det med samtalepartnar, fordi det er mest hensiktsmessig i mi gransking der det berre er snakk om samtalar mellom menneske og ingen situasjonar der språkbrukaren snakkar til større forsamlingar.

43 Med prestisjetalemål meiner eg ikkje det same som standardtalemål. Denne debatten vart handsama under 4.2.3.

Sjølvsagt var samtalegaiden au i denne situasjonen tilpassa livsfasegruppene, slik at dei midaldra ikkje fekk nøyaktig dei same spørsmåla som dei unge. Eg fekk likevel

tilbakemelding frå nokre av elevane om at dei formelle intervjua hadde spørsmål som var noko vanskelegare å svara på. Kanskje er dette eit teikn på at me klarte å finna samtaleemne som var noko meir ukjende for elevane, og dermed meir formelle fordi dei ikkje berre kunne svara det første som fall dei inn. Målet var at intervjua skulle vera på ca. 30 min, men nokre av dei er ned mot 20 min.

Samanfatta var det altså fire faktorar som skilde dei to intervjusituasjonane: 1) den fysiske settinga, altså kva rom dei vart gjorde i, 2) om informanten var åleine med intervjuaren eller saman med ein kjent, 3) dialekta til intervjuaren og 4) samtaleemna. I tillegg vil eg seia at me som intervjua, sjølve var med på å setja anten eit uformelt eller formelt preg på situasjonen med korleis me tedde oss, og korleis me var kledde.

5.4 Behandling av data