• No results found

Kartbasert undersøking om nedbygging av jordbruksareal

4. Arealforvaltning

4.4. Kartbasert undersøking om nedbygging av jordbruksareal

SSB har i samarbeid med NIBIO gjennomført prosjektet «Nedbygging av jord-bruksareal» for å gi tal over jordbruksareal som faktisk blei nedbygd i perioden 2004-2015. Prosjektet var basert på ei analyse av digitale kart og anna stadfesta registerdata som til dømes Matrikkelen. Resultat frå dette prosjektet er presentert i rapporten «Nedbygging av jordbruksareal» (SSB Rapporter 2017/14) som blei utgitt i 2017.

Resultata frå prosjektet viste at det totalt blei bygd ned 97 600 dekar jordbruksareal i perioden 2004-2015. Årleg utgjer dette 8 130 dekar jordbruksareal, noko som svarer til eit årleg tap som er meir enn dobbelt så mykje som jordvernmålet frå 2016. Nedbygd jordbruksareal i perioden utgjorde 0,9 prosent av jordbruksarealet som var registrert i kartgrunnlaget. Rogaland hadde mest nedbygd jord med totalt 17 000 dekar i perioden, før Hedmark med 8 800 dekar og Sør-Trøndelag med 8 400 dekar.

Figur 4.13 Nedbygd jordbruksareal etter arealkategori. 2004-2015

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Nedbygging av jordbruksareal der formålet er knytt til jordbruksproduksjon (jordlovens § 9) krev ikkje søknad om omdisponering av areala. Eksempel på dette er driftsbygningar, våningshus og driftsvegar i jordbruket. Derfor er dette areal som ikkje blir rapportert i KOSTRA over tillate omdisponering av dyrka og dyrkbar jord til andre føremål enn jordbruk, sjå kapittel 4.1.

I etterkant av hovudprosjektet har SSB gjort ein analyse av nedbygd jordbruksareal på landbrukseigedomar, med spesielt fokus på nedbygging som kan knytast til jordbruksproduksjon og som kan definerast som landbruket si eiga nedbygging.

Resultat frå denne analysen er presentert i rapporten «Landbrukets egen

nedbygging av jordbruksareal» (SSB Rapporter 2019/15) som blei utgitt i 2019. Av totalt 97 600 dekar jordbruksareal som blei nedbygd i perioden 2004-2015, var 21 000 dekar, eller 22 prosent, relatert til areal klassifisert som «Bebygd område for landbruk». I hovudsak er det dette arealet som kan knytast til landbruket si eiga nedbygging. Mest nedbygging av

jordbruksareal i Rogaland Nær 98 000 dekar jordbruksareal nedbygd i perioden 2004-2015

For første gong får ein tal over landbruket si eiga nedbygging

Figur 4.14 Nedbygd jordbruksareal. 2004-2015

Kilde: Statistisk sentralbyrå.

Det blei nedbygd 47 800 dekar jordbruksareal på landbrukseigedomar med minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktivt skogareal i perioden 2004-2015. Det vil seie at av totalt nedbygd jordbruksareal på 97 600 dekar, var 49 prosent på landbrukseigedomar per 2015. Resten var på eigedomar som er fråskilt frå landbrukseigedom, eller eigedomar med mindre enn 5 dekar jordbruksareal og mindre enn 25 dekar produktiv skog. Det nedbygde jordbruksarealet er fordelt på ulike føremål. Av totalt 47 800 dekar nedbygd jordbruksareal på

landbrukseigedomar, gjekk størst del til «Bebygd område for landbruk» med 39 prosent, etterfølgt av «Veg og bane» med 21 prosent (sjå figur 4.15).

Figur 4.15 Nedbygd jordbruksareal på landbrukseigedomar1, etter føremål. 2004-2015. Prosent

1 Gjeld landbrukseigedomar med minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktivt skogareal.

Kilde: Statistisk sentralbyrå.

Av totalt 49 800 dekar nedbygd jordbruksareal på andre eigedomar enn

landbrukseigedomar (eigedomar som er fråskilt landbrukseigedom eller eigedomar med mindre enn 5 dekar jordbruksareal og mindre enn 25 dekar produktiv skog eller), gjekk 43 prosent til «Bustadbygg», etterfølgt av «Anna bygg og anlegg»

47 800 dekar

Jordbruksareal nedbygd i alt Jordbruksareal nedbygd innanfor "Bebygd område for landbruk"

Dekar

På eigedomar fråskilt frå

landbrukseigedom, eller eigedomar med mindre enn 5 dekar jord og mindre enn 25 dekar produktivt skogareal

På landbrukseigedomar med minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktivt skogareal

jordbruksareal nedbygd på landbrukseigedomar i perioden 2004-2015

39 prosent av det nedbygde jordbruksarealet på landbrukseigedomane er klassifisert som landbrukets

eiga nedbygging

med 14 prosent og «Næring, offentleg og privat tenesteyting» og «Veg og bane»

med 12 prosent kvar.

Nedbygd jordbruksareal på landbrukseigedomar innanfor klassifiseringa «Bebygd område for landbruk», utgjorde 18 600 dekar i perioden 2004-2015. Av dette var 11 300 dekar bygd ned av bygningar, inkludert kringliggjande område rundt bygningen som ikkje lenger kan bli drivne som jordbruksareal. Nedbygd område utan bygningar utgjorde 7 200 dekar og omfattar gardstun som blir utvida til plen, parkeringsplassar, lagringsplass for maskinar etc.

Figur 4.16 Nedbygd jordbruksareal frå bygningar og kringliggjande areal innanfor «Bebygd område for landbruk», etter utvalde bygningstypar1. 2004-2015

1 Gjeld landbrukseigedomar med minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktivt skogareal.

Kilde: Statistisk sentralbyrå.

«Bebygd område for landbruk» kan splittast opp i underklassene «Tunområde» og

«Utmarksbygg». Det blei nedbygd 18 100 dekar innanfor «Tunområde» og 500 dekar innanfor «Utmarksbygg». «Tunområde» er hovudsakeleg knytt til driftsbygningar og våningshus/bustadhus, samt utviding av tun til plen,

lagringsplass o.l. «Utmarksbygg» er knytt til bygningstypane «Seterhus, sel, rorbu o.l.» og «Skogs- og utmarkskoie, gamme».

I perioden 2004-2015 blei 15 725 bygningar på landbrukseigedomar oppførte på jordbruksareal innanfor føremålet «Bebygd område for landbruk». Det var

driftsbygningar som dominerte med 6 478 hus for dyr/landbruk/lager/silo og 4 246 bygningar med bygningskode «annan landbruksbygning». Vidare utgjorde

våningshus og andre bustadhus 1 876 bygningar og garasjar 1 694. Desse bygningane er knytt til «Tunområde». Resterande 981 bygningar, slik som seterhus, sel, skogs- og utmarkskoier, er knytt til «Utmarksbygg».

0 1 000 2 000 3 000 4 000 5 000 6 000 7 000 Andre bygningar

Fritidshus Lagerbygning Seterhus og koie Garasje til bustadhus

Våningshus Annan landbruksbygning Hus for dyr/ landbruk, lager/silo

Dekar

Nær 16 000 bygningar oppførte på jordbruksareal innanfor «Bebygd område for landbruk»

Figur 4.17 Tal bygningar oppførte helt, eller delvis, på jordbruksareal innanfor «Bebygd område for landbruk», etter fylke og bygningstypar1. 2004-2015

1Gjeld landbrukseigedomar med minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktivt skogareal.

Kilde: Statistisk sentralbyrå.

0 500 1 000 1 500 2 000 2 500

Finnmark Finnmárku Troms Romsa Nordland Nord-Trøndelag Sør-Trøndelag Møre og Romsdal Sogn og Fjordane Hordaland Rogaland Vest-Agder Aust-Agder Telemark Vestfold Buskerud Oppland Hedmark Akershus/Oslo Østfold

Hus for dyr/landbruk Annan landbruksbygning Våningshus/andre bustadhus Garasje til bustadhus Seterhus/koie Andre bygningar