• No results found

Fuglar i kulturlandskapet

6. Biologisk mangfald

6.2. Fuglar i kulturlandskapet

Fuglar og karplanter er mykje brukte arter for å gi informasjon om tilstand og endring i biologisk mangfald. I EU er det utvikla ein indikator som byggjer på observasjonar av 23 utvalde fuglearter, deriblant vipe, songlerke, svale, star, skjor, kråke og kaie. Ein tilsvarande indikator er òg aktuell for Noreg. I fleire europeiske studiar har ein sett endringar i fuglebestanden på grunn av eit meir intensivt jordbruk, medan til dømes Sverige òg har registrert tap av leveområde på grunn av nedlegging av jordbruk.

Overvaking av fuglar har to hovudmål. Eit mål er å gi presis informasjon om bestandsendringar for fuglearter som anten i sterk grad er avhengige av kultur-landskapet i jordbruket, eller som hekkar i tilknyting til dette kultur-landskapet. Eit anna mål er informasjon om endringar i utbreiingsområdet for arter tilknytt kulturland-skapet i jordbruket. Fuglearter som har meir enn halvparten av hekkebestanden knytt til jordbrukslandskapet, blir definerte som kulturlandskapsarter.

I 3Q-programmet blir det registrert fuglar på om lag 130 av 3Q-flatene. Her er eit oversyn over dei 12 mest vanlege kulturlandskapsartene som er registrerte:

Fugleart Prosent av flater med arten

Kråke 97,2

Buskskvett 66,9

Songlerke 54,2

Gråsporv 51,4

Vipe 43,7

Storspove 42,3

Tårnseglar 42,3

I vurdering av 3Q-materialet har NIBIO nytta to klassifiseringar av fuglearter som hekkar i jordbrukslandskapet. Den eine gjeld arter der ein stor del av den norske hekkebestanden finst i kulturlandskap i jordbruket, den andre omfattar utvalde arter frå ei europeisk liste over arter som er prioriterte ved forvaltning av

kultur-landskapet. Ei samanlikning av 12 vanlege kulturlandskapsarter i Europa og i

3Q-«Fremmedartslista 2018»

inneheld vurderingar av framande arter med omsyn til økologisk risiko

Kulturlandskapsartene blant fuglar er registrerte i

3Q-programmet

flatene viser same negative bestandsutvikling. Spesielt buskskvett, gulsporv, songlerke, storspove, vipe og tårnseglar har hatt ein betydeleg nedgang, og mykje tyder på at dei har ein stabil tilbakegang og veldig låg hekkebestand på 3Q-flatene.

Tala for star, kråke og låvesvale viser derimot ein relativ stabil bestand.

Figur 6.1 Buskskvett har ei relativ vid utbreiing i låglandsmiljø

Foto: Christian Pedersen/NIBIO.

Bildet viser ein buskskvett, ei art som har ei relativ vid utbreiing i låglandsmiljø.

Den hekkar ofte på fuktig tue- og beitemark, og er ein trekkfugl som kan observerast i kulturlandskapet frå mai til august. Likevel er bestanden nesten halvert på 3Q-flatene i perioden 2000–2017.

I perioden 2000–2017 blei det gjort registrering av i alt 160 fuglearter på 3Q-flatene. Dei vanlegaste artene var lauvsongar, bokfink og gråtrost. Desse blei registrerte på nesten alle flatene, men er ikkje rekna som kulturlandskapsarter. Dei hekkar på 3Q-flatene fordi det norske jordbrukslandskapet er variert og omfattar mange naturtypar som gjer det mogleg for andre arter enn dei typiske kultur-landskapsartene å hekke der. Dei ulike fugleartene har ulike krav til leveområde og til variasjon i leveområde gjennom året. Dette, i kombinasjon med moderne jordbruksproduksjon, gjer det krevjande å finne gode løysingar som tar vare på både fuglar og matproduksjon. Gjennom analysar av materialet har ein funne samanheng mellom talet på kulturlandskapsarter og storleiken på jordbruksareal.

Talet på arter aukar med aukande jordbruksareal på 3Q-flatene. Men talet på arter aukar òg med variasjonen i landskapet. Dess meir variert arealbruk det er i eit landskap, dess fleire arter kan leve der. I slike landskap får ein fleire arter og fleire individ av kvar art. Det gjeld òg for arter som ikkje er avhengige av

kultur-landskapet, så lenge det er innslag av naturleg vegetasjon.

Frå 2000 til 2017 er det gjennomført seks registreringar av fuglar per flate. Om lag 50 av artene er registrerte på nok flater til at 3Q-programmet kan fange opp reelle endringar over tid. Seks av desse artene, dvs. star, songlerke, storspove, fiskemåke, vipe og tårnseglar, er oppførte på raudlista. Fleire av desse artene går tilbake, både i talet på hekkande par og i talet på flater dei er registrerte på. Blant dei artene som er sterkast knytt til kulturlandskapet er det nedgang i hekkebestandane og i

utbreiinga på flatene. Dette gjeld buskskvett, gulsporv, songlerke, storspove og vipe. Unnataket er star og låvesvale som har ein relativt stabil bestand sjølv om det er svingingar mellom åra.

Seks av raudlisteartene er registrerte på nok flater til at 3Q-programmet kan fange opp reelle endringar

Figur 6.2 Flater i 3Q-programmet med registrering av dei vanlegaste raudlista fugleartene

Kjelde: 3Q-programmet, Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Figur 6.3 Hekkande par hos dei vanlegaste raudlista fugleartene som er registrerte i 3Q- programmet

Kjelde: 3Q-programmet, Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

I regi av Miljødirektoratet er det etablert eit landsdekkjande nettverk med 515 område for årleg teljing av hekkande fugl. Teljingane skal mellom anna gi grunnlag for utrekning av indeksar for bestandsutvikling av hekkande fugl i fjell, skog og kulturlandskap.

Overvakinga skal gi datagrunnlag for indikatoren «hekkande fugl på land» i Natur-indeks for Noreg og for fuglebestandar i indikatorar for biologisk mangfald i Det Europeiske Miljøbyrået. Førebelse resultat tyder på at ein vil kunne lage gode bestandsindeksar for om lag 70 fuglearter.

Det er ikkje slik at fugleartene hekkar stabilt på kvar flate år etter år. For vipa blei det til dømes registrert hekking på 61 av dei 130 overvakingsflatene. Av desse var det berre på fem flater det blei registrert hekking ved alle seks teljingane. Det var òg fem flater der det blei registrert hekking ved fem av dei seks teljingane og tre

0

Miljødirektoratet har etablert eit landsdekkjande

nettverk for årleg teljing av hekkande fugl

flater med registrert hekking fire gongar. Det inneber at det er registrert

regelmessig hekking på berre åtte prosent av flatene. På dei andre flatene er det ikkje gode nok tilhøve til halde oppe kontinuerlege hekkingar og ein stabil bestand.

Figur 6.4 Talet på hekkande viper på 61 3Q-flater etter seks gjennomførte teljingar per flate

Kjelde: 3Q-programmet, Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).