• No results found

5. Ny status

5.3 Høg og låg kultur - endringa

5.3.1 Folkemusikken og populærkulturen

For fem av informantane mine har populærkulturen blitt ein naturleg del av den

kulturelle identiteten saman med folkemusikken. Informant 1 møtte populærmusikken i ung alder:

På jenterommet mitt så var det Europe, det var Toto, Joe Satrani, det var Billy Idol, Madonna og diverse klassisk musikk. Eg opp alle 10 i skuddet programma på kassett og lot det surre og gå.

For nokon kunne impulsane arte seg meir som sjokkopplevingar. Informant 6 hadde vakse opp med eldre sysken som kjøpte popplater, sjølv fortel han om ei heilt spesiell oppleving som fekk konsekvensar, dette var då han fann sin eigen musikalske identitet:

Men så plutseleg ein dag så høyrde me noko heilt vanvittig som berre gjekk rett inn, og fekk litt å sei for meg, trur eg. Det var Waterboys og den plata som heitte "Fishermans blues". Det var rock, eller det var trommer og bass og på ein måte eit rock-uttrykk, men det var irsk folkrock, fele og trekkspel. Då liksom - der gjekk det sammen. [...]Det med folkrocken, det blei veldig meg.

Han bestemte seg tidleg for å bli rockemusikar, men drog dette med seg også inn i ei folkemusikkgruppe:

Me hadde lyst til å få lov til å rocke, vera rockarar og tøffe, men spela den musikken (folkemusikken). Det var grunnideen eigentleg. Det var liksom å få det til - duh! duh!

[...] Han spelar slik, det han har lyst til - då blir det gitarfylgjet til den slåtten, då blir det her ein masse...

For nokon har populærmusikk og jazz vore to sider av same sak. Informant 4 spela i rockeband, men opplevde i ung alder å møte litt anna musikk òg:

Joda, på den tida, festane på samfunnshuset, det var band der. Eg hugsar bl.a. store musikalske augneblink då Karasjok samfunnshus fekk besøk av Kjell Karlsens orkester, det var utruleg morosamt å høyre på. [...] Det var veldig bra, det var nesten eit

storband, han hadde med seg blåsarar og eg var måpande av beundring i ein krok på Karasjok samfunnshus. [...] Eg høyrde litt på jazz og så høyrde eg på slike rocke-ting som var populære, som ein fekk kjøpt. Og så var eg fascinert av slike elektroniske ting - Jean Michelle Jarré - dei fyrste platene - [...] Ein har vel kanskje ein musikalsk identitet, men den identiteten er samansett , eller - ein identitet er summen av det ein er rett og slett..

Dette kjenneteiknar fleira av informantane. Å vekse opp i ei tid med mange impulsar frå nært og fjernt set naturleg nok sine spor, det er ikkje tilfeldig at desse informantane har fått ei brei musikalsk plattform. Infomant 5 fortel at han er opptatt av å oppdage nye ting, han er musikalsk nysgjerrig. På ungdomsskulen synest han det var tøft å spela i band, det fortsette han med på vidaregåande, samtidig med at han spela klassisk. Så blei han òg interessert i jazz. Då han blei med i eit folkemusikkband, var kanskje ikkje

repertoaret så overraskande:

Vi kalle det vel litt slik "Nordgrass", - altså det er vel mykje inspirasjon frå USA, tenkjer eg, amerikansk folkemusikk. Og i tillegg så er det mye skandinavisk , både norsk og svensk og finsk. Ein del rock inni der, både litt metall og litt pop.

Informant 3 voks opp med tradisjonsmusikk i heimlandet, men hadde tydleg lett for å bli med i musikk med rytmisk karakter då han kom til Noreg. Og han utvikla seg til å bli ein allsidig musikar.

Eg kan spela perkusjon med kven som helst -, eg nemnde Robert Burås, det var i eit rockeband. [...] Eg elska det med slik perkusjon, eg bruka to congas, spela på heile plata, fleire låtar, laga masse lyd og perkusjon. Likte det godt. [...] Eg høyrer på alt mogleg, eigentleg. Mykje forskjellig, men det som eg likar best er tradisjonell musikk, det likar eg best. [...] Det kan vera kva som helst.- det kan vera moderne, med ein litt tradisjonell groove, for det likar eg.

Slik viser informantane at dei er påverka av populærmusikken i samtida, samtidig er det ein grunn til at dei har hamna under folkemusikkparaplyen. Den kulturelle ståstaden ligg fast, trass i mange påverknader:

Men eg kallar meg folkemusikar, då, og det er då folkemusikk, men det er litt utvida enn kva dei mest hardbarka hardingfelespelemennene vil kalle det. Det forstår eg jo. [...] Det handlar og litt om korleis ein framfører ting sjølvsagt, tonespråket. Men folkemusikken har forandra seg bestandig, så det litt synd viss ein skal sette ein sluttstrek, i historia.

Synd at det er ein del som tenkjer slik. At det einaste rette er slik som dei spelte for 100 år sidan.

Det er informant 5 som seier dette. Og av di han nettopp har ein uvanleg sterk posisjon i folkemusikkfeltet, er det kanskje heller ikkje forbunde med risiko for han å ha eit

pragmatisk syn på t.d. crossoveromgrepet: "Vi musikarar vi berre spelar vi! Og er ikkje så nøye på det. Skal ein byrje å tenkje for mykje så trur eg det går i stå. Så får heller ettertida bestemme." Her føyer informanten kanskje seg inn i meir vanleg musikalske praksisar. Arnestad stadfester dette: "Men generelt er musikarane svært opne overfor andre musikksjangrar. Ein er heller ikkje så opptekne av kva ein skal kalle det. Kanskje har det i det heile lite føre seg å drøfte dette. Musikarar har alltid gjort som dei har vilja"

(Arnestad 2001:122). Informant 1 har òg sagt tydleg frå om at ho har gått sin eigen veg.

Men ho har ei litt anna erfaring, kan hende kan dette forklarast med posisjonen ho var i då ho opplevde dette, ho var svært tidleg ute med å prøve ut nye måtar å arrangere folkemusikk på.

Eg opplevde musikk som utruleg positiv og frigjerande - livsnødvendig energi. Ofte då eg kom inn i folkemusikkmiljøet så blei ting negativt, noko blei vanskeleg, mykje blei trongt, alt var liksom ein veldig seig materie: ”Å nei, vi må tenkje litt på det, det er ikkje sikkert det går”. Ein negativ energiflyt.

Anar me her ei flik av folkemusikkdiskursen som har bølgja fram og tilbake, der nettopp flørting med populærkulturelle fenomen har vore problematiske? Og kan dette knytast til den sterke framveksten av kvinnelege utøvarar, at den popkulturelle utviklinga er sterkt knytt til "unge, medvitne og oppkledde kvinner?" (Berge 2008:101)? Berge stiller spørsmål ved om dette handlar om eit tap av hegemoni "...i og med at både

spelemannsidealet som maskulint ideal, og som uttrykk for ei musikalsk rolle knytt til bunad (eller gamaldagse klede) og høgtid, misser essensiell kraft?" (ibid.102). Eg skal ikkje her gå djupare inn i denne diskursen, berre la dette vera ein faktor som ikkje heilt

kan stengjast ute når folkemusikk og populærmusikk skal undersøkjast i høve til

kunstnarroller. Også her handlar det om kontrollmekanismar innafor folkemusikkfeltet.

For å kunne analysere og drøfte dei fem informantane sine oppfatningar og opplevingar i høve til ei endring av kunstnarroller, er det nødvendig å plassere populærmusikken i høve til "kunstomgrepet". Me har vore innom jazzen, som på eit tidspunkt definerte seg vekk frå populærmusikken og massekulturen for å heve statusen og med det nærme seg kunstfeltet. Dikotomien kunst-populærmusikk har i så måte blitt polariseringa som har prega jazzen sin veg oppover i hierarkiet.

Lagnadsfellesskap med populærkulturen?

Ein grunn til at informantane så sterkt har identifisert seg med populærkulturen kan vera at dei har opplevd eit slags lagnadsfellesskap, opplevinga av å bli sett på som ei form for lågstatus-kultur, i alle fall historisk. Gripsrud stadfester posisjonen

populærmusikken har hatt: "Den har vært betraktet som kunstnerisk undermåls, uten hjemstavnsrett i den spesifikt nasjonale kulturtradisjonen og dessuten økonomisk fullt ut i stand til å klare seg selv." (Gripsrud 2002:8). Petter Larsen hevdar at det har skjedd store endringar frå den tida konservative kulturkritikarar meinte at denne musikken var

"underlødig" musikk, musikk som kunne skiljast frå den " 'riktige' og 'lødige' musik ved en summarisk vurdering af musikalsk kvalitet." (Larsen 2002:107). Sett frå sentrale kulturinstitusjonar har det vore snakk om to slags musikk, den høge og den låge. Mot slutten av 1900-talet og framover spelar i fylgje Larsen ikkje denne motsetjinga lenger same avgjerande rolle som tidlegare. Feltet har blitt oppdelt på kryss og tvers med eit uttal av grenser - det er ikkje berre snakk om to slags typar musikk, men mange

forskjellige slags typar musikk. Likevel viser Larsen til at ulike sosiale grupper sin smak visar seg i undersøkingar: Dei mindre utdanna er mest opptatt av dansemusikk, medan kulturelitens musikk meir er kompleks "tankemusik" som krev konsentrert lytting og kulturelle forkunnskapar. Me må til den sosial mellomgruppa for å finne folkemusikken og til dels jazzen. (ibid:123). Og med dette som bakteppe vil eg analysere i kor stor grad informantane mine kan tolkast inn i ein slik problematikk.