• No results found

5. Ny status

5.2 Etterspelet

5.2.2 Bestillingsverkets symbolske funksjon

Bestillingsverka har i tillegg til å vera viktige for karrieren til informantane, ein symbolsk funksjon med mange valørar. Og sjølv om grensene mellom den direkte

verdien for karrieren og den symbolske kategorien er flytande, har eg likevel valt å skilje dette ut i eit eige kapittel. Informant 7 legg vekt på at det betyr mykje at folkemusikarar blir spurt.

Veldig viktig for dei som får det oppdraget. Det er klart at det er kjempeutviklande og det er mykje gåverike og flinke folk ute og går. Det er ein stor forskjell at ein i mykje

større grad spør folkemusikarar om å lage bestillingsverk, i staden for at ein hyrar inn eksterne folk på folkemusikkfestivalar. Der synest eg Bø kanskje har vore spesielt langt framme då; at ein har tort å spørje folkemusikarar om å lage bestillingsverk. Og så at folkemusikarar sjølve har vore flinkare til å stole på tradisjonen, at me behøver liksom ikkje å lage klassisk "light".

Frå denne posisjonen, dels med ein viss kjennskap til ein klassisk tradisjon, dels med god kunnskap om folkemusikktradisjon, utfordrar ho etablerte "sanningar". Slik hamnar ho over i ein sterk forsvarsposisjon for folkemusikken der ho brukar sin sterke

symbolske kapital som utgangspunkt for å forfekte ein alternativ tankegang.

Informant 2 kjem med ei litt uventa erfaring: Ho har etablert ein folkemusikktrio av internasjonal karakter og har i seinare tid opplevd å bli invitert til engelske klassiske festivalar, noko som kan vera ein indikasjon på at ein også frå den motsette posisjonen, frå kunstmusikkfeltet, ynskjer ein breiare profil, at ein ynskjer å opne opp. At hierarkia med det skulle vera i oppløysing, som mange postmoderne teoretikarar hevdar, er på den andre sida høgst diskutabelt. Featherstone peikar på at sjølv om tradisjonelle symbolske hierarki innafor kunstfeltet bryt saman, blir desse erstatta med stadig nye hierarki, noko Mangset kallar "reklassifisering" (Featherstone 1991:10, Mangset 2004:88).

Bestillingskonsert kontra bestillingsverk

Både jazzen og folkemusikken har blitt møtt med reaksjonar i retning av

"bestillingskonsertar" snarare enn "bestillingsverk". Informant 5 opplevde at hans verk blei kalla "bestillingskonsert". Han var dels einig i dette der og då, men så har

ettertanken og motførestellingane meldt seg, kanskje med bakgrunn i hans nye posisjon? Dette kan òg hektast på det som tidlegare har kome fram om korleis bestillingsverk i folkemusikk etterkvart har blitt oppfatta og forstått.

Samtidig er den sjangeren som vi er i, det er ein litt anna sjanger enn den sjangeren det ordet (dvs bestillingsverk) har opphav i, at ein må finne ein måte å tilpasse sjangeren. Så eigentleg synest eg ikkje det er noko i vegen for å kalle der her eit bestillingsverk, så lenge det er nykomponert. Og sånn som det er gjort, og i den sjangeren her, så synest eg det er heilt fint.

Informant 5 har ein brodd mot at det tidlegare var jazzmusikarar som stod for den kreative musikken, medan folkemusikarane gjorde det dei alltid har gjort.

Eg har tenkt veldig mykje på det at kvifor kan ikkje me sjølve, me folkemusikarane, ta tak i musikken og omarbeide og skape meir musikk ut av det tradisjonelle òg? Me kan ikkje berre vera avhengig av dei her jazzidiotane som skal bruke oss. No har me tatt meir grep sjølve. Og me arrangerer og me brukar folkemusikken, me gjev ikkje anna folk råmaterialet og let dei bruke det, men me formar det sjølve og arrangerer og gjev det ei ny drakt.

Men korleis oppfattar han si eiga rolle? Kallar han seg "komponist"?

Eg lagar .... liksom låtar. Veit ikkje om eg skal kalle meg komponist akkurat. Eg

hugsar då eg gjekk første året på Musikkhøgskolen så var det ein lærar i musikkhistorie som snakka litt om dette, skulle liksom provosere, det med dei i dag som lagar slike melodiar, poplåtar. Dei var slett ikkje komponistar. Komponist handla om dei verkeleg store verka der ein sat og arbeidde, laga kontrapunkt og - store verk, det var

komposisjon. Mens alt det andre var berre - eg hugsar ikkje heilt kva han sa. Så det kjem an på kva ein definerer som komposisjon. Men eg meinar at når du har laga ein melodi, så har du komponert, så er det ulike grader av komposisjon sjølvsagt.

Då snakkar me ikkje lenger berre om eit individuelt standpunkt, for kvifor nøler

informanten med å kalle seg komponist? Er det av di han høyrer til i eit felt som har ein uklar posisjon i høve til kunstfeltet, at bestillingsverket hans på dette tidspunktet ikkje var å betrakte på line med t.d. ein samtidskomponist sitt bestillingsverk? Denne

erkjenninga har kanskje ført informanten inn i dei tankebanar som Bourdieu har om at føresetnadane for endring, er at me må bli klar over at våre mest umiddelbare

åtferdsmønster er "strukturasjoner av en tilgrunnliggende samfunnsstruktur".

(Østerberg 1995:23). I dette tilfellet handlar dette kanskje om portvakter til kunstmusikkfeltet (Mangset 2004:58) som ikkje har tradisjonar for å sleppe

folkemusikk-"komponistar" inn gjennom porten, kanskje fordi desse ikkje har noko form for akademisk komponistutdanning, men er meir eller mindre "sjølvlærte", og at

oppfatninga dei har av "verk" er forskjellig frå det etablerte?

Autodidakten har i lang tid hatt høg status innafor folkemusikkfeltet. Og skepsisen mot ei for einsidig akademisering av sjangeren, ofte knytt til manglande kontroll med kva det blir undervist i innafor institusjonane, har vore sterk (jf Handlingsplanen 1995). At der kom reaksjonar frå kunstmusikkhald på at informant 1 sitt bestillingsverk ikkje var eit

"ordentleg" bestillingsverk, at heilskapen mangla, (jf. Habbestad 2007: www.ballade.no) tok denne informanten truleg med stor fatning vel vitande om at ho som sjølvlært har oppnådd høg status. Forholdet hennar til kunstmusikkfeltet kommuniserer ho òg tydleg:

På spørsmål om at spelemennene tidlegare hadde fiolinistar som idol, men at dette kanskje er i endring, svarar ho: "Eg føler at det ikkje er noko klassisk eg, no." Slik er ho

kanskje òg ein representant for ei ny type kunstnarrolle som plasserer seg mellom folkemusikken og ei moderne kvinnerolle og populærkulturen.

For informant 6, som mest høyrer til populærkulturen, var det viktig å få legitimitet frå folkemusikkfeltet og ein posisjon "innafor", eit døme på den symbolske kategorien:

Eg tenkte at eg hadde litt lyst til å etablere meg som kvedar då, eg var med på utvalde strategiske.., eg hadde lyst til å vise. Det er veldig bra med Landskappleiken at du - der kan du liksom vera med og viss du kjem i A-klassa der, det var mitt mål. Så er du - så kan du liksom definere deg som ein kvedar. [...] Ja, det var bevisst. Eg hadde litt lyst til å vera..

[...] vera liksom innafor då. Så då gjorde eg det. Og gjekk litt inn for det eigentleg.

Han gjekk bort og song seg opp i eliteklassa på Landskappleiken berre ein dryg månad før han framførte bestillingsverket. Det kan vera tilfeldig. Like fullt gav dette han ekstra symbolsk kapital då han, som også hadde gjeve ut popplater, skulle debutere med eit bestillingsverk på ein folkemusikkfestival. Slik fekk han eit solid bein i folkemusikkfeltet, noko som ikkje minst gav han eit særpreg som skilde han tydleg frå andre aktørar

innafor populærmusikkfeltet.