• No results found

Om Even Ruud som fagstrateg og fagperson

Brynjulf Stige Universitetet i Bergen

Fagstrateg

I samband med at Even Ruud var seksti år i 2007, har «Musikkterapi» invitert meg til å skrive ein liten tekst om Evens faglege innsats for musikkterapien. Det er ikkje nett noko lite tema. Den lange lista over viktige artiklar og bøker som denne mannen har skrive vitnar om det, og eg kan umogeleg ta på meg å kommentere anna enn ein flik av dette. Dessutan vitnar ikkje tekstane åleine: Den faglege innsatsen hans handlar om så mykje meir enn det han har gjort som fagforfattar, som jo i seg sjølv er svært mykje. Det er t.d. slik at alle norske musikkterapeutar kjenner han som førelesar og at svært mange kjenner han som rettleiar. Desse sidene skal eg stort sett la liggje her, men eg vil starte med å dele eit minne som eg trur kan fortelje noko om Even si rolle i det norske musikkterapimiljøet.

Første gongen eg møtte Even var han berre halvparten så gamal som det han vart i fjor. Året var altså 1977. Eg hadde nett meldt meg inn i Norsk forening for musikk­

terapi og var invitert til ein kursserie på Berg gård. Studiet i Oslo var enno ikkje etablert, men noko låg i lufta. Første kvelden eg møtte på kurs var det Dagny Nesheim Jacobsen som var ansvarleg for opplegget. Vi vart straks inviterte inn i ein ringdans eller songleik eller kva det no var for noko. Eg hugsar eg la merke til ein mann med mørkt skjegg på hi sida av ringen. Det må vere Even Ruud, tenkte eg, og det viste seg jo å vere rett. Det verka ikkje som han kjende seg heilt heime der han trådde dansen, han var snarare litt sky og keitete (dette må ha vore før han byrja danse med Cheryl Dileo). Men han var med, saman med alle vi andre som gjorde så godt vi kunne. Dette var Dagnys kveld, ikkje Evens. Dagny dansa og Dagny instruerte og Dagny demon-strerte. Og det fekk vere slik. Even gjekk aldri inn i sentrum av ringen, sjølv om vi alle visste kor sentral han var og ville verte (skjønte vi nok) for norsk musikkterapi.

Han var ikkje i fokus, men likevel – eller kanskje nettopp derfor – var det viktig at han var der. Minnet om denne kvelden fortel meg noko om at Even har vore stor nok til å gje rom til andre, både til dei som gjekk føre som pionerar og til dei som kom etter som studentar. Dette er ein av grunnane til at han er ein god lærar og rettleiar;

han har sådd og inspirert og han har støtta og hatt interesse for andre sin vekst.

Men det hadde vore lite jordsmonn å vekse i om ikkje musikkterapistudiet i Oslo hadde vorte etablert den gongen i 1978. Det var langt i frå sjølvsagt at det skulle skje. Etter det eg kan forstå, var det eit bitte lite vindauge som var ope ei bitte lita stund og som Even rakk å smette inn gjennom. Hadde ikkje det lukkast, er det godt mogeleg at musikkterapien måtte ha venta i svært mange år – kanskje tiår – før neste sjanse baud seg. Vi veit t.d. at norsk danseterapi, bildeterapi og dramaterapi har hatt mykje større problem med å få fotfeste i det norske universitets- og høg-skulesystemet og at etablering av ulike utdanningstilbod i desse faga kom mykje seinare enn det gjorde i musikkterapien. Eg vil difor skrive litt om Even som fag-strateg, og då er jo etableringa av studiet i Oslo eit heilt sentralt utgangspunkt.

Slik har eg fått det fortalt: Mot slutten av 1970-talet vart det strødd ut nokre olje-kroner til dei regionale konservatoria, også til Østlandets Musikkonservatorium der Even arbeidde som lektor på denne tida. Så ein dag sto rektor Per Selberg der, med 150 000 kroner til styrking av dette konservatoriet. «Hva skal vi bruke disse pengene til?», spurte Per. «Jo, det skal jeg si deg, vi kan starte en musikkterapi-utdanning», svarte Even. Så gjekk han heim for å skrive studieplan.

Dagen etter var studieplanen klar og arbeidet med å byggje opp studiet i gang.

Vi veit alle korleis det gjekk; studiet vart etablert og har sidan utvikla seg mykje. Vi veit mindre om korleis det gjekk til. Sjølvsagt ville ikkje ein ettermiddag og kveld vore nok til å skrive ein studieplan om ikkje eit miljø over tid alt hadde arbeidd med idear for ei utdanning. Og sjølvsagt ville ikkje planen ha latt seg realisere om ikkje kollegaer som Tom Næss, Unni Johns og Hans Borchgrevink hadde vore villige og i stand til å vere med på å fylle han med innhald i ein undervisningskvardag. Dette endrar likevel ikkje vurderinga mi av Evens evne til å oppdage (og bruke) små, opne vindauge. Dette svaret på hundreogfemtitusenkronersspørsmålet gjev oss ein glimt av ein fenomenal fagstrateg. Eg er overtydd om at Evens evne til å gripe ein augne-blink, snu seg rundt og handle (ofte i form av skrivehandlingar) har vore heilt vesent-leg for den positive utviklinga i norsk musikkterapi frå 1970-talet og fram til i dag.

Truleg er det lik nande lynraske responsar som gjorde det mogeleg å etablere eit

hovudfagstilbod for musikkterapeutar ved Universitetet i Oslo i 1994. Og det er neppe noko overdriving å hevde at nett det hovudfagstilbodet var avgjerande for den utviklinga som i dag gjer det mogeleg å tilby master- og doktorgradstilbod både ved Norges musikkhøgskole og ved Universitetet i Bergen.

Det er nemleg ikkje slik at musikkterapi er eit fag som norske styresmakter har ønskt seg eller bedt om å få. Faget er kjempa fram. Departementet var meir enn skeptiske i 1978, men kunne ikkje stogge etableringa. Dei hadde enno ikkje full styring over konservatoria, som fram til 1981 hadde status som private utdan-ningsinstitusjonar. Dette veit eg, av di eg i samband med etableringa av studiet på Sandane i 1988 fekk høyre det frå ein byråkrat i departementet. Han var rasande for at musikkterapi for andre gong hadde etablert seg med ei utdanning utan å følgje departementet sine prioriteringar (eller spelereglar). Musikkterapistudiet på Sandane hadde heller aldri vore skrive inn i departementet sine planar; det kom i gang ved hjelp av ei øyremerkt ekstraløyving frå Stortinget på 350 000 kroner. I ei anna verd kunne ein kanskje tenkje seg eit departement som gleda seg over at eit nytt fag kunne etablere seg med to utdanningar på såpass små summar. Det var ikkje heilt slik dei såg på det. Med ein logikk som ikkje var så lett å utfordre, var argumentet at musikkterapi ikkje skulle etablerast av di det ikkje var etablert…

Fagperson

At faget musikkterapi ikkje var etablert i 1978, sjølv om musikkterapistudiet var det, trur eg Even skjønte betre enn dei fleste. Så gjekk han også straks i gang med å skrive bøker som kunne brukast som pensum på studiet. Desse bøkene – og dei som kom seinare – har vore med på å gjere han til ein kjend og kjær fagperson i vide krinsar. Og kanskje er det nett dette som best fangar inn kvaliteten i den faglege innsatsen hans. Han har vore i stand til å fylle så mange ulike roller på ein god måte, alt etter kor behova har vore; snart møter vi han som forfattar, førelesar og rettleiar, snart som leiar, strateg og støttespelar.

Som forfattar var Even utruleg produktiv på slutten av 70-talet. Med korte mellom-rom kom den eine boka etter den andre, både om musikkterapi og om musikk-pedagogikk. Eg skal ikkje ta føre meg alle desse bøkene, men stogge opp ved ei av dei, nemleg Hva er musikkterapi?, publisert i 1980. Dette er ei lita lettlest bok på litt over hundre sider. Men det er ei bok med perspektiv.

Boka inneheld den kjende definisjonen av musikkterapi som «hjelp til nye handle-muligheter» (Ruud, 1980, s. 41–43) og introduserer med det sosiologiske perspek-tiv på sjukdom, helse og terapi. Når han opnar første kapittel i denne boka med ein diskusjon av kva musikkterapi er, legg han vekt på at musikkterapien gjev den enkelte klienten høve til å utvikle ressursane sine (Ruud, 1980, s. 13). Dette illu-strerer han på ulike måtar, før han eksemplifiserer med glimt frå eigen praksis, der han fortel om guten Jens sitt møte med musikkterapien. Jens sine emosjonelle og sosiale vanskar viste seg m.a. ved at han ikkje makta å setje ord på og kommunisere opplevingane sine. Det språket han hadde strakk ikkje til når han ville uttrykke det som var vanskeleg. Når orda ikkje strakk til, reagerte han med å slå, sparke, knuse eller rive ned, skriv Even i introduksjonen til dette eksemplet. Han fortel også at Jens i staden for å slå eller sparke av og til kunne gå bort til pianoet og hamre laus på det med begge hender:

Jens kom til meg på et tidspunkt hvor hans situasjon på mange måter var kritisk. Hans vansker med å styre sine egne impulser hadde ført ham ut i kriser hvor han ikke bare hadde kommet på kant med skolen og med miljøet i nabo­

laget. Han hadde også stått i fare for å gjøre skade på seg selv.

Jens hadde gode evner. Han utnyttet imidlertid ikke alltid disse, og oppførte seg på mange måter langt mer barnslig enn hans alder på 8 år skulle tilsi.

Det var viktig å finne et tilbud til Jens som kunne virke både frigjørende og strukturerende på hans atferd, samtidig som det gav ham noe positivt å vise omverdenen. Heldigvis hadde man oppdaget at han var rikt musikalsk utrus­

tet. Hans noen ganger hardhendte omgang med pianoet hjemme hadde også tidvis gitt seg utslag i forsøk på spill.

Som musikkterapeut hadde jeg en måte å nærme meg Jens på som var foren­

lig med hans behov for å komme spontant til uttrykk. Ved å gi han instrumen­

ter som var lette å spille på, f eks. tromme og metallofon, kunne vi allerede første timen få i stand et samspill.

Gjennom mange måneder improviserte vi sammen på forskjellige instrumen­

ter. Vi bygget opp et felles musikalsk «språk» som hadde elementer både fra Jens’ og min egen musikalske virkelighet. Gjennom alle disse timene lærte Jens etter hvert at musikk kunne brukes som et uttrykksmiddel, at musikk kunne brukes til å illustrere en handling eller historie (Ruud, 1980, s. 19–20).

Den kort fortalde historia om Jens sin musikkterapi inneheld mykje meir enn dette.

I ein vanskeleg fase i gutens liv vert ei improvisert historie om ein fugl og ein bjørn sentral, som ei iscenesetjing av gutens opplevingar av å vere i konflikt med andre.

Eg kan ikkje gå inn i detaljar i historia her, men har valt å trekkje fram eit lengre sitat, av di måten historia vert fortald på vitnar om vilje og evne til å tenkje nytt.

Kommentarane Even gjev i teksten, peikar fram mot musikkterapeutiske perspek-tiv som nok står langt sterkare i dag enn det dei gjorde i 1980: Her ser vi element av interaksjonsbaserte, ressursorienterte, narrative, kultursentrerte og samfunnsin-tegrerte perspektiv, alt saman tankemåtar som har vorte viktige i norsk og inter-nasjonal musikkterapi. Eg seier ikkje at Even «står bak» alt dette, men at han har vore med på å opne musikkterapien for ny teori. Då denne boka kom ut var musikk-terapien dominert av ein dragkamp mellom behavioristiske og psykoanalytiske synspunkt, med nokre spede humanistiske stemmer innimellom. Teoretiske per-spektiv med solid forankring i humaniora og samfunnsvitskap var temmeleg sjeldne.

Hva er musikkerapi? er difor ei bok som har vist seg å peike framover. Ein måte å sjå framover på er å bruke fortida som speil, og det er ein viktig metode i denne boka.

Tre av dei sju kapitla har fokus på det historiske; eitt kapittel om musikkterapi i magisk og religiøs samanheng, eitt om musikk og medisin i antikken og eitt om musikkterapien frå europeisk middelalder og fram til våre dagar. I framstillinga av dette kunne Even m.a. støtte seg til Kümmels (1977) Musik und Medizin, som fram til Hordens (2000) Music as Medicine har vore eit nokså einerådande verk om musikk-terapien si historie. Even si framstilling av musikkmusikk-terapien si historie byggjer altså i hovudsak på sekundærkjelder, og det er mogeleg å argumentere for at ei slik fram-stilling nødvendigvis då må verte mindre presis i detaljane. Men der er ein annan type presisjon i Hva er musikkerapi? Framstillinga unngår begge dei grøftene som mykje av musikkterapilitteraturen elles ofte har hamna i når faget si historie har vore tema, der det i ein idealistisk tradisjon lett vert for mykje kontinuitet og i ein positivistisk tradisjon lett vert for klåre brot.

I Hva er musikkerapi? er der ingen overdriven kontinuitet. David og Saul vert ikkje gjort til terapeut og klient etter moderne målestokk. Framstillinga har respekt for den materielle, sosiale og kulturelle distansen mellom dei historiske eksempla og moderne praksis. På den andre sida er det få overdrivne brot. Musikkterapihistoria vert ikkje framstilt som ei rekkje med spekulative tradisjonar som no er historie og berre det og erstatta med vitskapleg basert praksis. Snarare er det slik at den moderne musikkterapien, med eksempel som Helen Bonny, Mary Priestley, Nordoff

& Robbins og Christoph Schwabe, vert framstilt som ein praksis som på same måte

som dei historiske eksempla står i ein tett relasjon til materielle, sosiokulturelle og akademiske føresetnader og føringar i samtida si. Sjølv om sosiologiske og antro-pologiske perspektiv ikkje har ein dominerande plass i denne boka, er det difor eit klårt samfunnsorientert perspektiv til stades heile vegen. Her kjem også eit musikk- og utdanningspolitisk engasjement til syne:

Musikkterapien bryter med mange av de tradisjoner som videreføres i vårt musikkliv. Musikkterapeutens ferdigheter på instrumentet siktes ikke mot personlige tolkninger av musikkstykker. Våre musikalske kunnskaper og ferdigheter skal brukes til å få andre mennesker med i spontane musikalske uttrykk. Musikkterapeuten skal være improvisasjonsmusiker snarere enn solistisk utøvende.

Vi har råd til i vårt musikkliv også å gi plass for denne form for musikkformid­

ling. Musikkterapi er ikke bare musikk brukt i behandling og spesialundervis­

ning. Musikkterapeuten er også med på å formidle musikk til grupper i vårt samfunn som aldri tar del i våre tradisjonelle musikkulturer. Dette gir musikk­

terapien en selvfølgelig plass innen all musikkutdanning (Ruud, 1980: 10).

Igjen er det snakk om tankar som er langt meir vanlege i dag enn kva dei var i 1980.

Slik vil eg argumentere for at Hva er musikkterapi? var med på å gjere spørsmålet

«kva er musikkterapi?» til eit nytt spørsmål. Boka kan til dels lesast som ei pro-gramerklæring, ho skisserer ei lang rekkje faglege utfordringar som det har tatt norsk musikkterapi to-tre tiår å arbeide med. Ei meir komprimert og punktvis pro-gramerklæring formulerte han to år seinare, som foredrag til symposiet «Music in the Life of Man» (sjå Ruud, 1982/2006; Stige, 2006), og det er ei så perspektivrik programerklæring at eg held det som eit kvalitetsteikn at mykje av den seinare forfattarskapen hans kan lesast som forsøk på å fylle ho med fagleg innhald.