• No results found

Med termen domenetap referer ein gjerne til at eit språk tapar terreng i forhold til eit anna. Resultatet av domenetapet vert då som oftast at det truga språket går ut av bruk innan eit eller fleire samfunnsområde:

(…) domenetap blir nytta om prosessen der eit språk gradvis trengjer eit anna til sides innan eit domene, og resultatet der eit språk er gått ut av bruk på eit domene. (…) Domenetap er ein svakare variant av språkdød, at eit språk døyr ut (St.meld. nr. 35: 78).

2.1 Om domenetap

Dette omgrepet har vore gjenstand for mykje debatt i norske språkdiskusjonar og vert ofte nytta som det verst tenkjelege utfallet om ein let framandspråk, som til dømes engelsk, herja fritt. Laurén, Myking og Picht (Laurén mfl., som sitert i Ljosand 2008: 36) definerer domene som ”fagområde eller kunnskapsområde som eit språk er brukande for”. Vidare syner dei til at omgrepet for fyrste gong vart nytta i 1989 av den danske språkvitaren Jørn Lund som uttrykkjer følgjene av domenetap som ”[d]e situasjoner, hvor det er passende at bruge sproget, kan blive færre og færre” (Lund, som sitert i Ljosand 2008: 30). Domenetap vert vidare definert som ei ”[s]tatusendring som fører med seg tap av uttrykksmiddel innafor eit kunnskapsområde for eit språk, på grunna av manglande utvikling av dei fagspråklege uttrykksmidla” (Laurén mfl., som sitert i Ljosand 2008: 36).

Den største utfordringa ein står over i dag er stort innslag av engelsk innan viktige fagfelt og samfunnsområde. Men i følgje Simonsen (2004) tek domenetaps-debatten fokuset bort frå det som eigentleg burde ha hatt fokus, nemleg språkbrukaren. Det er jo fyrst og fremst den jamne språkbrukar som får problem når norske termar ikkje lenger vert vidareutvikla.

2.1.1 Engelsk – notidas Tyrannosaurus Rex?

Somme meiner at problemet med bruken av denne termen ligg i at språket vert sett på som ein levande organisme, som har eigen vilje og sjølvstendig vilje til handling. Ein ser då på engelsk som “a powerful carnivore gobbling up the other denizens of the academic linguistic grazing grounds”

(Swales 1997: 374). Her tek forfattaren opp problematikken med at det engelske språket utbreier seg

på ein slik måte at minoritetsspråka på eit biletleg nivå kan seiast å verta ete opp av engelsken, forkledd som Tyrannosaurus Rex.

Det ein likevel kan einast om er at ein ukritisk import og bruk av engelske ord og termar i verste fall kan føra til at utviklinga av norsk terminologi og fagspråk stagnerer, og at ein ikkje lenger har eit dekkjande norsk språk å kommunisera på. Om dette skjer kan ein spørja seg om norsk fortsatt er eit fullverdig språk. Når ein ikkje lenger kan kommunisera viktig informasjon på morsmålet vil ein etter mi meining stå ovanfor eit demokratisk problem, der deler av samfunnet vert ekskludert frå å delta i utviklinga av samfunnet. Dette vil eg gå nærare inn på i kapittel 7, Diskusjon. Det som er sikkert er at bruken av engelsk eller norsk i eit i utgangspunktet norsk fagspråk vert sett på som meir eller mindre viktig alt etter kven ein søkjer å spørja. Det er mange ulike haldningar til engelsk si rolle som lingua franca i norsk forsking og akademia i dag. Desse haldningane ynskjer eg å kartleggja eg i denne oppgåva.

2.1.2 Lingvistisk imperialisme

Nymark og Theil (2011) syner at til at engelsk meir eller mindre har fått status som eit språk for den akademiske eliten. Dei syner vidare til at ”skilnaden på velforma og ikkje-velforma språk er som skilnaden mellom hoffet og folket” (ibid.: 18). Ein kan altså spørja seg om engelsk har fått rolla språk for ”hoffet” og om det er eit språk for den akademiske eliten og som skil ekspert frå noviser. Nymark og Endresen seier at ”[i] eit internasjonalt perspektiv av diglossi (…) har engelsk funksjon som nær sagt einerådande høgstatusspråk” (ibid.: 26). Det vert synt til at engelsk vert sett på som ei inngangsdør til høgstatusarbeid og god løn mykje grunna den rolla som internasjonaliseringa har fått i dagens samfunn.

Også norske universitet og høgskular trykkjer engelsk til sitt bryst, og syner til Bologna-avtalen som legg til rette for ei aukande internasjonalisering av den høgare utdanninga. Bologna-traktaten frå 2005 hadde blant anna som mål å harmonisere høgare utdanning i Europa, og internasjonalisering av akademia stod difor sentralt. Traktaten fører til at ein meir enn før set fokuset på å auka studentane sine framandspråklege kunnskapar (St.meld. 14 2008-2009). Det er berre ei hake ved dette; at denne avtalen ikkje nemner at det er engelsken som har fått æra av å sameina den høgare utdanninga mellom landa (Ljosand 2005). Sjølv om traktaten ikkje nemner at engelsk skal nyttast som det internasjonale lingua franca, ser ein at den aukande internasjonalisering av utdanningane gjer at engelsk vert sett på som ein naturleg fyrsteval. Dette er ikkje berre problematisk for studentane, som lyt forholda seg til ei

aukane grad av engelskspråkleg pensum og engelsk fagspråk i eit elles norsk pensum, men det er minst like problematisk for formidlinga av viktig forsking dersom ein ikkje klarer å formidla denne på eit språk som speglar mottakargruppa.

At engelsk er det viktigaste språket synest likevel sjølvsagt for dei fleste, som til dømes hjå journalistane til Aftenposten som publiserte ei magasinutgåve med det treffande spørsmålet på framsida: ”Hvilket språk er viktigst å lære seg? (etter engelsk)” (Aftenposten 2012). Språk kan for mange sjåast som eit viktig verkty å meistra og å vera språkmektig kan føra med seg gode. Bourdieu (som referert til i Nymark og Theil 2011) lanserte termen kulturell kapital, som blant anna omfattar lingvistisk kapital. Han meiner at språk ikkje berre er eit verkty for kommunikasjon og kunnskap, men at det også er eit uttrykk for makt. Statusen til eit språk som engelsk, som har status som lingua franca, kan verte nytta som ein type kapital og som blant anna kan vera viktig med tanke på utdanning og løn (ibid.: 27). Dette er igjen nært knytt til omgrepet lingvistisk imperialisme. Dette førekjem ved dei høve der eit dominant språk, som til dømes engelsk, vert ført over i andre språk. Engelsk har i denne samanhengen stått sterkt heilt attende til kolonitida og seinare i tid som lingua franca i forskinga. Og ein kan jo spørja seg om dette er eit syn spesialistane har innteke; at det hadde vore flott med eit fullgodt norsk fagspråk, men at stoda i dag rett og slett ikkje er mogeleg å reversera. Engelsk tek over og slik er det.

Mæhlum (2006) meiner at engelsk i dag har oppnådd eit hegemoni sett i forhold til andre språkgrupper. Ho syner også til at ”når det gjelder å forklare og forstå det engelske språkets posisjon[…] [er det blant ”folk flest” og nokre lingvistar ein tendens til å oppfatta] at vi her står overfor krefter som vi de facto ikke kan gjøre noe med; vi kan mislike det hvor mye vi vil, men dette er prosesser som er prisgitt og som derfor ikke kan stoppes” (Mæhlum 2006: 37).